Opphavleg fanst villrein i heile Fjell-Noreg, men på grunn av menneskelege inngrep er den norske villreinen i dag delt opp i 24 skilde område i Sør-Noreg.

Kart over dei 24 villreinområda i Noreg, med avgrensing av dei 10 nasjonale villreinområda, 14 andre villreinområde, 2 europeiske villreinregionar og område med tamreindrift.
Kart over dei 24 villreinområda i Noreg, med avgrensing av dei 10 nasjonale villreinområda, 14 andre villreinområde, 2 europeiske villreinregionar og område med tamreindrift. Les meir om villreinen og dei ulike villreinområda på Villrein.no Foto: Norsk villreinsenter

I 2016 vart det oppdaga skrantesjuke (CWD) hos norsk villrein. Sjukdommen har hatt stor negativ påverking. Heile villreinstammen i Nordfjella sone 1 vart skotne ut i eit forsøk på å få bukt med sjukdommen. Regjeringa har vinteren 2025 bestemt at det skal reetablerast villrein i Nordfjella sone 1 med dyr frå sone 2.

Seinare, i 2020, vart det oppdaga eit nytt tilfelle på Hardangervidda, Noregs største villreinområde.  Siste kjende tilfellet av skrantesjuke hos rein i Noreg vart funne hos ei vaksen simle på Hardangervidda i september 2022.

Kvalitetsnorma

Kvalitetsnorma for villrein vart vedteken i 2020. Norma har eit mål om å oppnå minst middels kvalitet for kvart enkelt villreinområde. På lengre sikt er det også eit mål at dei nasjonale villreinområda skal ha god kvalitet.

FAKTA

Villrein i Noreg

  • Villreinen vandra inn i Noreg for rundt 10 000 år sidan og var viktig for dei første busetjingane.
  • Arten har framleis ein unik posisjon i norsk natur- og kulturarv og som berar av tradisjonar og identitet.
  • Nesten 90 % av den ville, europeiske fjellreinen finst i Noreg, noko som gjer den til ein norsk ansvarsart.
  • Den totale vinterbestanden er om lag 25 000 dyr.
  • I 2021 vart villrein for første gong klassifisert som nær trua på Norsk raudliste for artar.
  • Det er gjennomført ei rekkje tiltak for å bevare villreinen, som verna område, etablering av Norsk villreinsenter og regionale planar etter plan- og bygningslova. Likevel har ikkje dette vore nok til å snu utviklinga.
  • I 2020 vart det etablert ei kvalitetsnorm for villrein, som gir retningslinjer for vurdering av bestand og leveområde i dei 24 villreinområda.
  • I 2024 la regjeringa fram ei stortingsmelding om villrein: Meld St. 18 (2023-2024) Ein forbetra tilstand for villrein

Stortingsmelding om villrein

5. april 2024 la regjeringa fram Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein for stortinget. Stortinget behandla saka 13. juni 2024. Eit breitt fleirtal på Stortinget har slutta seg til tiltaka i villreinmeldinga, og har på enkelte punkt også forsterka meldinga.


Vil betre leveområda

Opphavleg kunne villreinen bevege seg relativt fritt gjennom det norske fjellandskapet. På grunn av ulike former for menneskeleg påverking har leveområda vorte fragmenterte og reduserte i løpet av det siste hundreåret. Villrein lever i dag i fjellområde i Sør-Noreg, og forvaltninga er organisert i 24 villreinområde. Halvparten av desse har dårleg kvalitet, 11 har middels kvalitet og eitt område har god kvalitet.

Det følgjer av stortingsmeldinga om villrein at regjeringa har som mål å snu den negative utviklinga i alle dei 24 områda innan 2030. Innan 2050 skal alle villreinområde ha minst middels kvalitet, og innan 2100 er målet god kvalitet i alle nasjonale villreinområde. Stortinget har slutta seg til desse måla.
 

Regjeringa arbeider på fem strategiske område:

  1. Heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet: Det skal vere høg terskel for nye inngrep. Alle avgjerder og aktivitetar i villreinområda skal sjåast i samanheng, og omsynet til villrein skal vektleggjast sterkare.
  2. Auka tilrettelegging for villreinvennleg ferdsel: Ferdsel skal kanaliserast bort frå viktige villreinområde og mot område der ferdsel ikkje forstyrrar dyra, som randsoner eller andre fjellområde.
  3. Betre villreinhelse: Regjeringa vil sikre gode førebyggjande tiltak mot sjukdom, og dessutan føre vidare effektiv handtering og kamp mot alvorlege sjukdomsutbrot.
  4. Meir berekraftig bestandsforvaltning: Det trengst ny kunnskap tilpassa lokale forhold. Regjeringa vil leggje til rette for frivillige samarbeid om fredingssoner der det er behov.
  5. Målretta restaurering av leveområde: Det skal leggjast til rette for auka utveksling mellom villreinbestandar og for at villrein i større grad kan bevege seg fritt innanfor etablerte område.

Stortingsmeldinga gir overordna føringar for dei viktigaste grepa i forvaltninga av villrein. Samtidig anerkjenner både regjeringa og Stortinget at stortingsmeldinga må følgjast opp med meir konkrete tiltaksplanar, tilpassa kvart enkelt villreinområde. Derfor følgjer det av villreinmeldinga at tiltaksplanar etter kvalitetsnorma for villrein er det viktigaste tiltaket for å snu den negative utviklinga og forbetre tilstanden i villreinområda.

Tiltaksplanar for kvart villreinområde

Det følgjer av kvalitetsnorma at det bør utarbeidast ein plan for korleis godkjend kvalitet kan oppnåast dersom eit villreinområde ikkje oppnår fastsett kvalitetsmål, eller der det er ei negativ utvikling som inneber at det er ein fare for at kvaliteten ringast.

Sidan dei ti nasjonale villreinområda vart klassifiserte i 2022, startar regjeringa med å forme ut tiltaksplanar for desse. Tiltaksplanar for Knutshø, Snøhetta og Rondane vart vedtekne i september 2025. Etter planen skal det også vedtakast tiltaksplanar for dei andre 7 nasjonale villreinområda.

Når det gjeld dei 14 ikkje-nasjonale villreinområda, må det gjerast ei heilskapleg vurdering av kva for nokre av desse områda som treng tiltaksplanar. Før det blir teke stilling til dette, ønskjer regjeringa å få erfaring med utarbeiding av tiltaksplanar for dei nasjonale villreinområda.

Målet med tiltaksplanane er å forbetre tilstanden og leggje til rette for at villreinen kan ha ei framtid i villreinområda, ved å balansere den totale samla aktiviteten i villreinområda opp mot målet om ein robust villreinbestand. Tiltaksplanar vil ikkje vere juridisk bindande, men samla planar for tiltak som skal gjennomførast innanfor dei respektive villreinområda. Ei rekkje enkelttiltak i tiltaksplanframlegga må vedtakast, avtalast eller på andre måtar gjennomførast i samsvar med eit sjølvstendig rettsgrunnlag eller gjennom frivillig tilslutning. Formålet med tiltaksplanane er å samle dei konkrete tiltaka som er, kan eller skal vedtakast eller gjennomførast i ein felles tiltaksplan, som alle ramma aktørar kan bruke som eit referansepunkt for arbeidet med å forbetre tilstanden for villreinen i villreinområda. Ei rekkje av dei konkrete tiltaksforslaga føreset semje om tiltak med kommunar, fylkeskommunar, frivillige organisasjonar og vegeigarar.

Oppfølging og revidering av tiltaksplanane

Samtidig som den ansvarlege for dei ulike tiltaka har eller tek på seg ansvar for å følgje opp tiltaka som ein del av tiltaksplanane, er det behov for ei koordinering av vidare arbeid med gjennomføring av tiltaksplanen for å sikre at måla blir nådde. I den løpande oppfølginga vil det mellom anna inngå å vurdere effekten av tiltak og å vurdere behov for justeringar i tiltaksplanane. Regjeringa vil gi Miljødirektoratet ansvaret for å koordinere arbeidet med å følgje opp tiltaksplanar etter kvalitetsnorma. Miljødirektoratet skal også ha ansvaret for at planane blir revidert minimum kvart åttande år i samarbeid med dei aktuelle aktørane.

FAKTA

Aktørar i villreinforvaltninga

Aktør

Rolle og ansvar

Departement   Klima- og miljødepartementet: Naturmangfald, områdevern, kvalitetsnorm.
Kommunal- og distriktsdepartementet: Plan- og bygningslova, regional areal- og samfunnsplanlegging.
Landbruks- og matdepartementet: Bestandsforvaltning, dyrehelse, villreinnemnder.
Direktorat Miljødirektoratet: Økologisk tilstand, overvaking, jaktvurdering, klageinstans.
Landbruksdirektoratet: Rådgiving og iverksetjing av landbrukspolitikk.
Mattilsynet: Dyrehelse, tilsyn, regelverk.  
Statsforvaltar  Rådgiving, økonomiansvar, motsegnsmynde i plansaker, klageinstans etter plan- og bygningslova.  
Fylkeskommunane Regional planmynde, oppfølging av regionale planar, ansvar for fylkesvegar og regional friluftslivsmynde.  
Kommunane Juridisk bindande arealplanar, vurdering av tiltak i villreinområde, lokal planmynde.  
Villreinnemnder   Godkjenning av bestandsplanar, kvotetildeling, rapportering, innspel til arealplanar, fordeling av midlar.  
Rettshavarar, villreinnemnder og villreinutval   Jaktorganisering, bestandsplanar, overvaking, samarbeid med oppsyn.
Norsk villreinsenter   Kunnskapsformidling, kompetanseheving, naturrettleiing, drift av villrein.no.  
Fjellstyre   Forvaltning av jakt i statsallmenningar, tilsyn via fjelloppsyn, prioritering av lokale jegerar.  
Nasjonalpark- og verneområdestyre Forvaltning av verneområde, besøksstrategiar, søknadsbehandling, oppfølging av verneforskrifter.  

Du kan lese meir om dei ulike aktørane i villreinforvaltninga i kapittel 6 i Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein.