Berekraftsmål nr. 2

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har koordineringsansvaret for å følgje opp FN sitt berekraftsmål nr 2. Utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og bedre ernæring, og fremje berekraftig landbruk.

Landbruks- og matdepartementet si oppfølgjing av FN sine berekraftsmål er omtalt i Prop. 1 S (2016–2017) Kapittel 12 Nasjonal oppfølgjing av berekraftsmål 2: 

Delmål 2.1 Matsikkerheit

Det er lagt til rette for kontinuerleg produksjon av mat på land og i hav, ivaretaking av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem som sikrar stabil tilgang til mat. Mattryggleiken er god i Noreg, det er få tilfelle av sjukdom som følgje av matsmitte. Vi har også god status for dyrevelferd, dyrehelse og plantehelse.

Delmål 2.2 Ernæring

Ernæringssituasjonen i Noreg er jamt over god. Førekomst og utvikling av overvekt, samt ikkje-smittsame sjukdomar er utfordringar, jf. berekraftsmål 3. Vidare er det påvist underernæring hos ein del eldre, og inntaket av enkelte næringsstoff er for lågt i nokon grupper av befolkninga. For store delar av befolkninga er inntaket av metta feitt, salt og sukker for høgt, samstundes som inntaket av frukt, bær, grønnsaker og fisk er for lågt. Kunnskap og informasjon om samanhengen mellom kosthald, ernæring og helse er grunnleggjande. 

Delmål 2.3 Produktivitet

Produktivitetsutviklinga i matproduksjonen har i mange år vore større enn i andre næringar, blant anna som følgje av auka produksjon og yting per eining, teknologiske forbetringar og strukturendringar. Verkemidla er innretta slik at dei bidreg til auka produksjon, med vekt på moglegheiter for auka verdiskaping, og omsynet til klima og miljø.

Delmål 2.4 Berekraftig produksjon 

Matproduksjonen skal bidra til ein berekraftig bruk av produksjonsressursane. Politikken skal ta i vare miljømål på ei rekke område, mellom anna produksjon av miljøgode, naturmangfald, klima og redusert forureining. Måla blir i varierande grad oppnådd. Særleg på vassmiljø og ammoniakkutslepp er det forbetringspotensiale. Klimaendringar er ei utfordring for matproduksjonen globalt og nasjonalt. Jordbruket, fiskeri- og havbruk må tilpasse seg eit klima i endring og samstundes ta sin del av ansvaret for å redusere utsleppa av klimagassar. Klimatiltak er ein viktig del av den nasjonale landbrukspolitikken. Betre ressursutnytting i heile verdikjeda er eit viktig mål, også reduksjon av matsvinn. Matsvinn blir følgt opp under berekraftsmål 12.

Delmål 2.5 Genetiske ressursar

Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 prosent av omsetninga av såvarer i Noreg til «Fondet for fordelsdeling» under «Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk», og bidreg også til å ta vare på ville slektningar av kulturplanter. Noreg er part til konvensjonen om biologisk mangfald og Nagoya-protokollen som også er ein del av den internasjonale ramma for arbeidet med genressursar. Noreg har også ansvar for Det globale frøhvelvet på Svalbard som er eit viktig bidrag til global forvalting av plantegenetisk mangfald. Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar, og samordne arbeidet for å ta vare på ville kulturplanter.

Internasjonalt

Internasjonalt blir berekraftsmål 2 følgt opp gjennom FAO og WHO sitt arbeid med matsikkerheit, mattryggleik, ernæring og helse. Noreg bidreg til utrydding av svolt og utvikling av landbruk, fiskeri og havbruk i u-land. Over bistandsbudsjettet støttar Noreg fattige i utviklingsland sine moglegheiter til auka inntekter og betre ernæring gjennom verdiskaping i jordbruk, skogbruk og fiskeri og gjennom styrka forvaltning. Ressursane for matproduksjon må takast vare på. Retten til mat som ein menneskerett og vektlegging av likestilling er grunnleggjande for norsk bistandspolitikk. Noreg arbeider gjennom WTO for meir rettferdige globale handelssystem for matvarer, irekna avvikling av eksportstøtte.