Skognæringa – ei viktig næring for landet
Artikkel | Sist oppdatert: 17.09.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Skognæringa har stor tyding for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet. Eit aktivt og lønsamt skogbruk, saman med ein konkurransedyktig skogindustri, gjev grunnlag for arbeidsplassar og eksportinntekter. Potensialet for auka verdiskaping er stort.
Skog dekkjer om lag 38 prosent av Noregs fastlandsareal, tilsvarande rundt 122 000 km². Av dette er om lag 86 000 km² klassifisert som produktivt skogareal, det vil seie skog som har vekstforhold som gjer han relevant for skogbruk.
Ein driv med skogbruk i nesten heile landet. Dei viktigaste treslaga, målte i volum og økonomisk verdi, er gran, furu og bjørk. Innlandet er det største skogfylket i landet.
Tilvekst og berekraft
Norske skogeigarar har lange tradisjonar for berekraftig forvaltning. Ved hogst er skogeigar pålagt å sørgje for fornying av skogen, anten ved planting eller ved å leggje til rette for naturleg forynging.
Noreg var først i verda med å kartleggje forholdet mellom hogst og tilvekst – alt i 1919. Etter ein periode med utarming har tømmervolumet i norske skogar tredobla seg dei siste 100 åra – frå 300 millionar kubikkmeter til om lag 1 milliard kubikkmeter i dag. Skogen er blitt tettare, trea høgare, og arealet større.
Den positive utviklinga held fram. Årleg legg norske skogar på seg om lag 25 millionar kubikkmeter trevyrke, og gran står for over halvparten av denne tilveksten. Kvart år blir det avverka om lag 10-12 millionar kubikkmeter tømmer til industrielle formål, i tillegg kjem vedproduksjon.
Skog for både bruk og vern
Det er ikkje berre industrien som får meir råstoff. Også nasjonalparkar og skogreservat utgjer ein stadig større del av skogarealet. Det biologiske mangfaldet blir best vareteke gjennom ein kombinasjon av berekraftig bruk og vern.
Skogbasert verdikjede og innovasjon
Om lag 20 000 personar arbeider i den skogbaserte verdikjeda i Noreg. Næringa omfattar alt frå skogbruk og transport, til foredling av trevyrke, bioenergi, og produksjon av avanserte råstoff som lignin og cellulose.
Noreg er blant dei fremste i verda når det gjeld innovasjon og nytenking innan bruk av skogbasert råstoff – frå byggematerial til biobaserte produkt som kan erstatte petroleumsbaserte alternativ.
Skogindustrien kan tidoble verdien av tømmerstokken gjennom foredling. Tre er eit fornybart råstoff, og spelar ei viktig rolle i det grøne skiftet.
Mål for skogpolitikken
Norsk skogpolitikk skal leggje grunnlaget for ei berekraftig forvaltning som tek omsyn til miljøverdiar, artsrikdom og klimautfordringar. Målet er å fremje auka verdiskaping, gjennom tilrettelegging for produksjon av trevyrke, bioenergi, og andre produkt og tenester knytt til skog.