Ot.prp. nr. 30 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innhaldsliste

4 Vurdering og forslag frå departementet i høyringsnotatet

I samband med stortingsvalet og sametingsvalet i 1997 vart førehandsrøystinga innanriks, bortsett frå på Svalbard og Jan Mayen, for første gong gjennomført som postrøysting. Formålet med reforma var å gjere det enklare for veljarane å førehandsrøyste ved at det vart høve til å røyste på fleire stader med til dels utvida opningstid. Samtidig håpa ein at innføring av postrøysting ville ha ein positiv effekt på valdeltakinga. Det var om lag dobbelt så mange som førehandsrøysta ved stortingsvalet i 1997 som ved stortingsvalet i 1993. Det same var tilfellet ved kommunstyre- og fylkestingsvalet i 1999 samanlikna med valet i 1995.

Ved stortingsvalet og sametingsvalet i 1997 var det mogleg å førehandsrøyste ved om lag 1700 postkontor, og ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1999 var talet om lag 900. Ved valet i 1999 var det fem kommunar som ikkje hadde ordinært postkontor som følgje av omstruktureringa av ekspedisjonsnettet i Posten. Når den pågåande omstruktureringsprosessen er ferdig, vil det etter det Posten opplyser vere 226 kommunar som ikkje vil ha eit ordinært postkontor i kommunen.

I høyringsnotatet vart det oppgitt at Posten ville redusere talet på ordinære postkontor til 300-450 i 2001. Dette talet var henta frå St.meld. nr. 37 (1999-2000). I ettertid har det vorte klart at Posten tek sikte på å minske talet på ordinære postkontor til 330 innan utløpet av første halvdel 2002. Gjennomføringa startar 1. mars 2001. Dei nedlagde postkontora vil bli erstatta med postfilialar/kontraktspostkontor drivne av samarbeidspartnarar (Post i Butikk og/eller offentlege servicekontor). Til så lenge vil landposttenesta bli halden oppe på same nivå som før.

Det er for tidleg å seie noko sikkert om kor mange postkontor som framleis vil eksistere ved gjennomføringa av førehandsrøystinga i 2001, og kor mange kommunar som då ikkje kjem til å ha ordinært postkontor. Omfanget av Post i Butikk vil likevel auke alt innan stortingsvalet og sametingsvalet i 2001, samtidig som talet på postkontor blir redusert tilsvarande. Den totale mengda av poststader vil dessutan auke med minst 200 når omstruktureringa av ekspedisjonsnettet er gjennomført.

Det er oppnemnt eit utval som skal vurdere vallova og valordninga. Dette utvalet skal leggje fram innstilling til ny vallov i januar 2001. Utvalet skal mellom anna drøfte erfaringane med postrøystinga. Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget bad dessutan i Innst. O. nr. 61 (1998-99) departementet ta initiativ til at utvalet greier ut spørsmålet om førehandsrøysting ved postfilialar.

I høyringsnotatet understreka departementet at det er viktig å sikre gode høve til å førehandsrøyste i alle kommunane i landet. Lettare tilkomst var den viktigaste grunngivinga for å innføre postrøystinga. Førehandsrøysting til landpostbod er eit godt tilbod der det finst landpostruter, og det vart i høyringsnotatet ikkje lagt opp til endringar i gjennomføringa av førehandsrøysting til landpostbod. Dei fleste veljarane røystar likevel på postkontor og ikkje til landpostbod, på institusjonar osv. Det synest derfor å vere eit stort behov for å kunne førehandsrøyste også på ein fast stad i kommunane. Dersom det ikkje blir høve til å røyste andre stader i kommunar der postkontoret blir lagt ned, vil det kunne føre til at ein del veljarar som ønskjer å førehandsrøyste, lèt vere å førehandsrøyste fordi tilkomsten blir for dårleg. Departementet meinte derfor at ei lovendring ikkje burde vente til det ligg føre ny vallov.

Etter gjeldande rett er det Posten som har ansvaret for å gjennomføre førehandsrøystinga, og det er tilsette i Posten som fungerer som røystmottakarar. Departementet gav uttrykk for at ei vurdering av kven som bør ha ansvaret for gjennomføringa av førehandsrøystinga, er av ei så prinsipiell art at det ikkje er naturleg at det blir foreslått endringar i dette ansvaret så lenge Vallovutvalet evaluerer postrøystinga. Departementet la derfor i høyringsnotatet til grunn at det framleis er Posten som skal ha ansvaret for gjennomføringa av førehandsrøystinga. Eventuelle endringar bør vurderast av Vallovutvalet og drøftast i samanheng med framlegging av forslag til ny vallov.

Posten har tilbode å gjere poststadene Post i Butikk tilgjengelege for førehandsrøysting, slik at vanleg førehandsrøysting skal kunne gjennomførast på minst éin fast stad i kvar kommune. Ved inngåing av avtalar med butikkjeder og andre samarbeidspartnarar vil Posten sikre seg plass for røysting på dei aktuelle stadene. Av konsesjonsvilkåra til Posten følgjer det at det skal vere minst eitt postkontor eller kontraktspostkontor (Post i Butikk/offentleg servicekontor) i kvar kommune, og dermed vil ei lovendring som opnar for røystmottak også ved kontraktspostkontor, innebere at det blir mogleg å halde allmenn førehandsrøysting i alle kommunar i landet.

Departementet gjekk ut frå at ved å opne for førehandsrøysting ved kontraktspostkontor, vil røystestadene bli lett tilgjengelege. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at det i nokre kommunar kan vere meir formålstenleg å leggje førehandsrøystinga til ein annan stad. Departementet meinte derfor at lova bør opne for mottak av førehandsrøyster også andre stader, som til dømes kommunehuset.

Det er Posten som har ansvaret for å gjennomføre postrøystinga. Det bør derfor vere Posten som avgjer kvar førehandsrøystinga skal gå føre seg. Avtalen mellom departementet og Posten om gjennomføring av postrøystinga vil likevel leggje til grunn at departementet kan instruere Posten om å halde førehandsrøysting på stader der Posten i utgangspunktet ikkje ønskjer å halde røysting. I tillegg vil det vere naturleg at Posten konfererer med dei aktuelle kommunane før det blir avgjort kvar førehandsrøystinga skal gå føre seg.

Forslaget til lovendring er grunngitt i eit ønske om å kunne tilby førehandsrøysting på faste stader også i kommunar som kjem til å bli utan ordinært postkontor. Det vil derfor ikkje bli halde førehandsrøysting ved alle kontraktspostkontor. Dette vil i utgangspunktet berre vere aktuelt i kommunar utan postkontor. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at det i enkelte kommunar, til dømes på grunn av geografiske og kommunikasjonsmessige tilhøve, unntaksvis kan vere behov for å gjennomføre førehandsrøysting til dømes ved Post i Butikk og/eller offentleg servicekontor endå om det ligg eit ordinært postkontor i kommunen.

Stader der det blir vedteke å ta imot førehandsrøyster, vil Posten bemanne med autoriserte røystmottakarar. Erfaringane frå vala i 1997 og 1999 viser at forholdsvis få veljarar røystar i førstninga av førehandsrøysteperioden. Dei fleste vel å førehandsrøyste dei to siste vekene før valdagen. Dette tilseier at det ikkje er behov for å kunne førehandsrøyste kvar dag i førstninga av perioden. På andre stader enn på postkontor der Posten vedtek å ta imot førehandsrøyster, vil dei tilsette i Posten i utgangspunktet berre vere til stades for å ta imot førehandsrøyster. Det vil derfor bli urimeleg dyrt å halde førehandsrøysting på desse stadene dersom det skal vere høve til å førehandsrøyste alle dagane i perioden. Departementet gav dessutan i høyringsnotatet uttrykk for at opningstidene burde kunne variere alt etter på kva tidspunkt ein er på i førehandsrøysteperioden, slik at opningstida blir utvida etter kvart som perioden nærmar seg slutten. Dei tre siste vekene før valdagen bør det vere mogleg å førehandsrøyste kvar dag. Eit slikt opplegg vil ikkje vike særleg av frå det som har vore tilfellet ved tidlegare val, der nokre mindre postkontor berre har hatt ope enkelte dagar i veka og med til dels svært korte opningstider.

For å kunne førehandsrøyste må veljarane ha med seg valkort. Alle veljarar får tilsendt slikt valkort i posten. Ved valet i 1997 kunne veljarane vende seg til kommunane for å få skrive ut nytt valkort (duplikatvalkort) dersom dei hadde mista det originale valkortet sitt. Når det galdt veljarar på institusjon, var det Posten som skreiv ut nye valkort. Ved evalueringa av valet i 1997 gav ein del kommunar uttrykk for at mangelfullt utfylte duplikatvalkort i ein del tilfelle gjorde det vanskeleg å identifisere veljaren. Enkelte røystgivingar måtte ein derfor forkaste. Dessutan var det av og til vanskeleg å identifisere veljaren fordi handskrifta var nærmast uleseleg.

Ved valet i 1999 tok Posten over alt ansvaret for å fylle ut duplikatvalkort. Dessutan fekk Posten elektronisk tilgang til manntalet. På postkontora, der dei fleste førehandsrøystar, vart det derfor mogleg å skrive ut duplikatvalkort maskinelt basert på opplysningane i manntalet. Dette vart gjort på dei maskinane som funksjonærane har i skranken. Duplikatvalkorta inneheldt derfor meir utfyllande opplysningar og var enklare å tyde ved valet i 1999 enn ved valet i 1997.

Ved førehandsrøysting i Post i Butikk vil røystmottakaren - etter det departementet har fått opplyst av Posten - ikkje ha tilgang til manntalet. Dette fører med seg at eventuelle duplikatvalkort i utgangspunktet må fyllast ut for hand, basert på opplysningar frå veljaren. Enkelte veljarar kan komme til å oppgi feil opplysningar, noko som i sin ytste konsekvens kan føre til at røystinga blir forkasta. Kvaliteten på nokre av duplikatvalkorta vil derfor kunne bli noko redusert samanlikna med valet i 1999.