Ot.prp. nr. 30 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innhaldsliste

6 Vurdering og forslag frå departementet

Departementet vil foreslå at vallova § 33 andre ledd første punktum blir endra, slik at det blir mogleg for Posten å arrangere førehandsrøysting i høvelege kommunale lokale. Departementet har komme til at ein ikkje bør opne for førehandsrøysting på Post i Butikk.

Få høyringsinstansar har merknader til kvar det bør vere mogleg å førehandsrøyste, til dømes på Post i Butikk eller i kommunale lokale. Vallovutvalet ønskjer ikkje førehandsrøysting på Post i Butikk. Utvalet meiner at ein bør finne ordningar saman med kommunane.

Departementet vil understreke at dei same krava til tryggleik m.m. vil gjelde ved førehandsrøysting andre stader enn på postkontor som på postkontor. Dette skal ein sikre mellom anna ved opplæring av røystmottakarane, gjennom retningslinjer for røystinga, som m.a. krev at det blir sett opp røysteavlukke på den enkelte røystestaden, ved at ein nyttar valurner, og ved rutiner for oppbevaring og framsending av dei gitte røystene. Departementet vil leggje stor vekt på desse forholda i sitt samarbeid med Posten om korleis førehandsrøystinga skal skje.

Det vil vere lettare å skape ei høgtidleg og verdig ramme rundt førhandsrøystinga dersom ho går føre seg i kommunale lokale enn om ho går føre seg i butikkar eller på bensinstasjonar. Departementet har derfor komme til at ein ikkje bør opne for førehandsrøysting på Post i Butikk, men berre i kommunale lokale. I kommunar utan ordinært postkontor må Posten ta kontakt med kommunen for å komme til ei avtale om at kommunen stiller eit høveleg lokale til disposisjon for Posten ved førehandsrøystinga. Departementet vil følgje opp dette i sitt samverke på Posten, mellom anna i avtala om førehandsrøystinga.

Det følgjer av vallova § 32 bokstav a at Posten skal utnemne røystmottakarar blant dei tilsette i Posten. Det er ikkje foreslått endring i dette.

Dersom geografiske omsyn gjer at det er eit spesielt stort behov for å kunne røyste meir enn éin stad i nokre kommunar, vil departementet vurdere dette saman med Posten. Departementet finn det ikkje riktig å lovfeste at det er kommunane som skal avgjere kvar ein skal kunne førehandsrøyste. Dette vil gripe inn i Posten sitt ansvar for førehandsrøystinga.

Når det gjeld spørsmålet om avgrensa opningstid for andre røystelokale enn ordinære postkontor, har det ikkje komme fram særlege innvendingar mot dette i høyringa. Departementet vil derfor leggje opp til nokre innskrenkingar i høvet til å førehandsrøyste i starten av perioden, for så å utvide høvet til å røyste etter kvart som valdagen nærmar seg. I dei tre siste vekene før valdagen skal det vere mogleg å røyste kvar dag.

I høyringsnotatet blei det opplyst at røystmottakarane på Post i Butikk ikkje ville få tilgang til manntalet. Dette kunne føre til at kvaliteten på nokre duplikatvalkort blei dårlegare enn ved valet i 1999. Dersom det ikkje er mogleg å identifisere veljaren, kan ein ikkje godkjenne røystinga. Det bør derfor, som KS er inne på, undersøkjast om det ikkje er mogleg å gi røystmottakarar på andre stader enn ordinære postkontor tilgang til ein papirversjon av manntalet, i alle fall for eigen kommune. Ein slik tilgang vil kunne krevje løyve frå Sentralkontoret for folkeregistrering og eventuelt Datatilsynet. Departementet vil arbeide for å skaffe røystmottakarane på andre steder enn ordinære postkontorer eit slikt papirmanntal. For dei tilfella der ein ikkje har manntalet, vil ein dessutan kunne identifisere veljaren ved å påføre fødselsnummeret til veljaren på duplikatvalkortet.

Etter departementet sitt syn vil kvaliteten på duplikatvalkort laga på på andre steder enn ordinære postkontorer bli like bra som duplikatvalkort laga på ordinære postkontor dersom røystmottakarane får tilgang til eit papirmanntal og/eller skriv fødselsnummeret til veljaren på kortet.