Ot.prp. nr. 30 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

Det følgjer av vallova § 33 at postrøysting kan gå føre seg på postkontor, på landpostruter eller på institusjonar der Posten har vedteke å ta imot førehandsrøyster. Alle veljarar har høve til å førehandsrøyste på postkontor. Landpostbod tek først og fremst imot røyster frå dei veljarane som bur langs ruta. Institusjonsrøysting tek sikte på dei av veljarane som har tilknyting til institusjonen, til dømes ved at dei er innlagde eller bur på institusjonen. Røysteføre som ikkje har høve til å gi førehandsrøyst til landpostbod, kan dessutan gi røyst til ein røystmottakar der dei oppheld seg, dersom dei er sjuke eller uføre og av den grunn ikkje vil vere i stand til å møte fram i eit vallokale på valdagen, jf. vallova § 36. Posten skal nemne opp røystmottakarane blant sine tilsette, jf. vallova § 32 bokstav a.

I samband med innføringa av postrøystinga vart det vurdert å opne for førehandsrøysting på såkalla postfilialar, det vil seie butikkar, bensinstasjonar o.l. som utfører enkelte posttenester. Etter ei samla vurdering, der det blant anna vart lagt vekt på 1) at dei ordinære postkontora til så lenge ville kunne tilby eit godt utbygd nett av førehandsrøystestader, 2) at ein ville hauste erfaring med korleis førehandsrøystinga fungerte på postkontor og 3) at røysting på butikkar, bensinstasjonar og liknande vart rekna som mindre høgtidleg enn røysting på postkontor, kom departementet til at det førebels ikkje var aktuelt å opne for røysting på postfilialar. Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget slutta seg i Innst. O. nr. 32 (1996-97) til synet i departementet om ikkje å opne for postrøysting på postfilialar på dette tidspunktet.