Ot.prp. nr. 32 (2008-2009)

Om lov om endringar i valgloven og kommuneloven (tidlegrøyster, valobservasjon mv.)

Til innhaldsliste

3 Evalueringa av valet i 2007

3.1 Innleiing

I etterkant av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 har departementet evaluert måten valet vart gjennomført på i kommunane. Evalueringa etter det førre valet var noko meir omfattande enn ved tidlegare val. Fleire tema har vore undersøkte nærmare i denne evalueringa. Departementet har i tillegg halde eit eige valseminar der ulike tilhøve rundt valet vart tekne opp.

Valseminaret som vart arrangert av departementet 26. februar 2008, samla over 100 deltakarar. På seminaret deltok kommunar, forskarar, organisasjonar og politikarar. Tema på seminaret var om det var nødvendig å endre lov eller eventuelt rutinar ved valgjennomføringa for å sikre nasjonale og internasjonale lovkrav til at veljarane skal få røyste hemmeleg og utan å bli utilbørleg påverka. Det vart mellom anna teke utgangspunkt i påstandar om valfusk ved valet hausten 2007.

Krava i vallova om å leggje til rette for hemmelege val og å sikre at veljarane ikkje blir utsette for utilbørleg påverknad når dei skal røyste, er overordna demokratiske prinsipp i vallovgivinga vår. Ei sentral problemstilling er derfor om lovgivinga inneheld tilstrekkelege og gode nok rutinar og mekanismar for å sikre desse krava. Det er frå tid til anna nødvendig å ta desse spørsmåla opp til ny vurdering. Ved valet hausten 2007 vart det somme stader sett fram påstandar om valfusk ved at nokre prøvde å kjøpe og selje røyster. Det vart påstått at valfunksjonærar freista å påverke veljarar inne i vallokalet, og det vart sett spørsmålsteikn ved ulike former for retteaksjonar. Det var ingen som vart funnen skuldig verken i å selje eller å kjøpe røyster. Det er elles ikkje noko som tyder på at valgjennomføringa ikkje har gått rett føre seg. Men slike påstandar eller mistankar kan utfordre tilliten til valsystemet vårt. I Noreg har vi eit valsystem som nyt stor tillit. Vi er heilt avhengige av å ha denne tilliten også i framtida.

Evalueringa i kommunane har vore gjennomført ved ei spørjeundersøking. I tillegg har departementet fått tilbakemeldingar frå mange kommunar på særskilde tema og problemstillingar. Det er til saman 260 kommunar som har svart på spørjeskjemaet. Dette gir ein svarprosent på vel 60 prosent, noko departementet er godt nøgd med. Rundt halvparten av svarkommunane har todagarsval.

I denne omgangen har det vore sett fokus på gjennomføringa av valet i kommunane. Særskilt spørjeskjema vart derfor ikkje sendt ut til fylkeskommunane. Vi har likevel motteke synspunkt frå enkelte fylkeskommunar, og dei er tekne med i vurderingane.

3.2 Prinsipielle synspunkt på endringar i vallova

Departementet meiner at det er viktig ikkje å innføre endringar i systemet utan at det er klare behov og gode grunnar for dette. Eit viktig utgangspunkt for den nye vallova da ho kom i 2002, var å få eit robust og smidig regelverk utan store behov for stadige endringar. Kommunane sørgjer etter vår vurdering for ei effektiv og rasjonell gjennomføring av val. Det er likevel eit problem for valgjennomføringa at hyppige endringar blir gjorde i regelverket. Gjennomføring av val krev at det blir etablert eit omfattande apparat i kvar enkelt kommune med mange detaljerte rutinar som alle valfunksjonærar må setje seg inn i. Valet blir gjennomført berre annakvart år og er dermed ikkje ei rutineoppgåve. All røynsle tilseier at alle endringar fører til ein del feil ved avvikling av val. Desse kan føre til at veljarar ikkje får røysta, eller at røystene blir forkasta. Ferske endringar bør få verke ei tid før ein eventuelt gjer større endringar. Det er ikkje minst klokt å vere varsam med endringar som gjeld sjølve røystinga. Både radikale og hyppige endringar av valreglane bør vere sjeldne og bør ikkje setjast ut i livet med mindre openberre og gode grunnar for endring gjer seg gjeldande.

Slik departementet ser det, fordrar dette at ein er tilbakehalden når det gjeld endringar. Det bør vere eit mål at regelverket ikkje skal endrast med mindre dette er heilt nødvendig. Vi viser til at det i Sverige blir lagt til grunn eit slikt prinsipp, og at endringar i regelverket førekjem meir sjeldan nettopp av omsyn til korrekt gjennomføring. Det er gode grunnar for at det same prinsippet bør gjelde hos oss òg.

3.3 Statistikk

Valdeltaking

Valdeltakinga ved både kommunestyre- og fylkestingsvalet auka i 2007. Den offisielle statistikken frå Statistisk sentralbyrå viser at valdeltakinga ved kommunestyrevalet i 2007 var på 61,2 prosent, det vil seie ein auke på 2,2 prosentpoeng frå valet i 2003. Ved fylkestingsvalet gjekk deltakinga opp frå 55,6 prosent i 2003 til 57,5 prosent i 2007.

Gjennomsnittleg valdeltaking i 2007 blant norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn var 40 prosent og blant utanlandske statsborgarar med innvandrarbakgrunn 36 prosent. Det er likevel store skilnader i deltakinga mellom personar med ulik landbakgrunn og norsk og utanlandsk statsborgarskap. Valdeltakinga blant personar med vestleg innvandrarbakgrunn og norsk statsborgarskap ligg over gjennomsnittleg deltaking. I gruppa utanlandske statsborgarar auka den generelle deltakinga med 2 prosent i forhold til 2003.

Tabell 3.1 Valdeltaking i prosent

  KommunestyrevalFylkestingsval
  19951999200320071995199920032007
Heile landet62,860,459,061,259,756,855,657,5

Kjelde: SSB

Tabell 3.2 Valdeltaking blant innvandrarar

Kommunestyre- og fylkestingsvalet
Valdeltaking i utvalet av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn (prosent)

20032007
I alt4140
Norden6866
Vest-Europa bortsett frå Tyrkia6064
Aust-Europa3631
Nord-Amerika og Oseania6165
Asia med Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika3638
Valdeltaking i utvalet av utanlandske statsborgarar med røysterett (prosent)
20032007
I alt3436
Norden3741
Vest-Europa bortsett frå Tyrkia4344
Aust-Europa2122
Nord-Amerika og Oseania4546
Asia med Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika2630

Kjelde: SSB

Valdeltakinga blant unge er generelt lågare enn blant eldre. Ettersom talet på unge er større blant røysteføre med innvandrarbakgrunn enn i befolkninga elles, gir dette ei relativt sett lågare valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn. Skilnaden i alderssamansetninga forklarer ein stor del av skilnaden i valdeltaking mellom personar med vestleg og ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn. Det er ei særleg utfordring å auke valdeltakinga blant unge, både generelt i samfunnet og blant personar med innvandrarbakgrunn. Butid er ein viktig faktor som forklarer valdeltaking blant innvandrarar. I ei undersøking SSB gjennomførte ved stortingsvalet i 2005, fann ein at i gruppa norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn og 30 år eller meir i butid, røysta heile 74 prosent. Tilsvarande røysta berre 44 prosent av norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn og butid under 10 år. Ved stortingsvalet i 2005 hadde 122 100 norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn røysterett. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 hadde totalt 277 000 personar med innvandrarbakgrunn røysterett.

Mottekne førehandsrøyster

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 var det om lag 374 000 personar som røysta på førehand. Dette utgjorde 16,7 prosent av dei som røysta. Dette er ein klar auke i høve til talet på førehandsrøyster ved det førre lokalvalet i 2003.

Når det galdt deltaking, vart røystinga på Posten ein suksess da ordninga vart innført i 1997. På det tidspunktet hadde Posten eit omfattande ekspedisjonsnett. Men på bakgrunn av reduksjon i talet på postkontor vart førehandsrøystinga på Posten avvikla da den nye vallova vart vedteken før valet i 2003. I 1999 som var det siste lokalvalet der Posten hadde ansvar for førehandsrøystinga, var talet på førehandsrøyster 332 000. Ved lokalvalet i 2007 hadde talet altså auka til 374 000. Den store auken frå 2003 til 2007 tyder på at kommunane generelt har greidd å leggje til rette for førehandsrøysting på ein god måte. (Ved stortingsval ligg tala normalt litt høgare, noko som kan ha samanheng med at det her er litt høgare deltaking samla sett.)

Nedanfor er det eit oversyn over talet på førehandsrøyster som er mottekne både innanriks og utanriks ved dei siste vala.

Tabell 3.3 Talet på førehandsrøyster

ValTalet på røyster/røystestad
1995 Lokalvalom lag 179 000 (kommunen)
1997 Riksvalom lag 489 000 (Posten)
1999 Lokalvalom lag 332 000 (Posten)
2001 Riksvalom lag 509 000 (Posten)
2003 Lokalvalom lag 249 000 (kommunen)
2005 Riksvalom lag 473 000 (kommunen)
2007 Lokalvalom lag 374 000 (kommunen)

Forkasting av røyster

Heile regelverket for godkjenning og forkasting av røystegivingar og røystesetlar vart endra før valet i 2003. Utgangspunktet for endringane var at færrast moglege forhold skulle føre til forkastingar. Derfor vart svært mange av dei tidlegare forkastingsreglane i lova oppheva. Regelverket vart mykje forenkla og lettare å praktisere. Lova inneheld saman med valforskrifta mange prosedyrereglar som skal følgjast ved røystinga. Tidlegare var brot på prosedyrar i dei fleste tilfella grunn for forkasting, noko som ofte førte til urimelege resultat. I den nye vallova er mange slike grunnlag for forkastingar tekne bort.

Som departementet har rapportert om tidlegare, tyder tilbakemeldingar frå kommunar og fylkeskommunar på at målsetjinga om færre forkasta røyster er nådd. Tal frå valet i 2007 stadfester dette inntrykket.

I tabellen nedanfor har vi samla eit oversyn over godkjende og forkasta røystesetlar ved kommunestyrevalet i 2007. Ei samanlikning med 2003-valet viser at talet på forkasta røystesetlar har gått ned i 2007 – frå 4213 til 2818.

Tabell 3.4 Oversikt over godkjende og forkasta røystesetlar på landsbasis ved kommunestyrevalet i 2007.

  FørehandValtingTotalt
Godkjende røystesetlar364 0941 845 6432 209 737
Forkasta røystesetlar1 3691 4492 818
Blanke røystesetlar2 17012 15614 326

Kjelde: SSB

Vi ser samstundes at talet på forkasta setlar på grunn av manglande stempel på valtinget har gått ned frå 2790 i 2003 til 1292 i 2007. Dette er svært bra slik departementet ser det, og kan tyde på at problema ein hadde i førstninga, med at veljarane brukte blanke setlar som omslag, er betydeleg reduserte. Av statistikken ser vi òg at det etter måten blir forkasta fleire røystesetlar ved førehandsrøystinga enn ved valtingsrøystinga. Talet på blanke setlar har auka noko, frå 12 869 til 14 326.

Ved fylkestingsvalet vart det ut frå tal frå SSB forkasta 3285 røystesetlar. I tillegg var det 16 805 blanke røyster.

3.4 Opplæring av valfunksjonærar

Det er val berre annakvart år. Valet vil for dei fleste vere ei oppgåve ved sida av svært mange andre oppgåver i kommunen. Stadige endringar i regelverket er òg ei utfordring når det gjeld opplæring og det å hindre at det skjer feil. Det er eit hovudmål å sikre ei rasjonell og effektiv valavvikling i alle kommunane i landet utan for mange feil.

Departementet vil føre valet i 2009 setje i gang særskilde tiltak for å sikre god opplæring av valfunksjonærar. Dette skjer gjennom samarbeid med Valgforum. Valgforum har ein del år eksistert som ein uformell organisasjon med dei 20 største kommunane i landet. I juni 2008 vart det vedteke at Valgforum skulle etablerast som ein medlemskapsorganisasjon for valmedarbeidarane i landet. Alle kommunar kan melde seg inn i Valgforum. Forumet har som formål å medverke til utvikling av val i Noreg, mellom anna ved utveksling av røynsler om gjennomføring av val, ha dialog med sentrale myndigheiter og vere rådgivingsteneste i valspørsmål. Ein sentral del av formålet for forumet er kompetanseoppbygging ved at det blir halde kurs og ved utvikling av kursmateriell.

Departementet har etablert eit formelt samarbeid med forumet og støttar forumet når det arrangerer dei regionale opplæringskonferansane for alle kommunane i landet. I tillegg blir det utarbeid opplæringsmateriell til valgjennomføringa. Det er viktig at det på valområdet blir etablert kompetanseforum for dei som arbeider med val. Gjennomføringa stiller store krav til kvar enkelt medarbeidar, og departementet har tru på at dette tiltaket skal vere med på å sikre ei effektiv og rasjonell valgjennomføring. Elles vil kvar kommune framleis ha ansvar for å lære opp sine eigne medarbeidarar til gjennomføringa i kommunen.

3.5 Tilgjengelege lokale

3.5.1 Innleiing

Vallova og valforskrifta krev at røystinga skal leggjast til eigna lokale. Dette skal mellom anna gjere det mogleg for funksjonshemma å delta i val på lik linje med andre veljarar. Forskrifta § 26 (1) fastset for det første at røystinga som hovudregel skal gå føre seg i lokale som skal vere lett tilgjengelege, og der alle veljarar kan ta seg inn utan at dei må be om hjelp. For det andre inneheld valforskrifta § 26 (2) krav til utforminga inne i sjølve vallokala. Her skal ein leggje vekt på at alle veljarar skal kunne finne lett fram. Blinde og svaksynte veljarar skal kunne røyste utan at dei må be om hjelp.

3.5.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet greie for resultata frå ei spørjeundersøking om kjennskapen rundt om i kommunane til rettleiaren «Tilgjengelighet til valg», som Høgskulen i Lillehammer og Østlandsforskning har gjennomført på oppdrag frå Deltasenteret og Kommunal- og regionaldepartementet. Sjølv om det er mykje positivt å finne i denne undersøkinga, meiner departementet at kommunane kan bli betre til å leggje til rette for at funksjonshemma skal kunne røyste på eiga hand.

I høyringsnotatet vart det òg gått inn på kva kommunane kan gjere for å leggje til rette i vallokala. Dersom det ikkje finst lokale i kommunen som er eigna også for funksjonshemma, må valstyret prøve å setje i verk tiltak som gjer lokala tilgjengelege for veljarane, til dømes setje opp ein rullestolrampe. Kommunane er elles pliktige til å leggje til rette for at veljarar som ikkje kjem seg inn i lokala, skal kunne røyste utanfor vallokalet.

Inne i vallokala er det mellom anna krav til gode lystilhøve og at det er ordna og ryddige tilhøve der. For å sikre omsynet til veljarar som nyttar rullestol, kan til dømes røystesetlane leggjast på eit eller fleire avskjerma bord i lokalet. Eit anna alternativ kan vere at røystestyret deler ut sett med alle røystesetlane til veljarar som av ulike årsaker vil ha problem med å nytte røystesetlar som er lagde ut i røysteavlukka. Norges Blindeforbund har rådd til at kommunane nyttar røysteavlukke med røystesetelkassettar som blir merkte med lappar med punktskrift for blinde og stor skrift for svaksynte.

I høyringsnotatet oppfordra departementet kommunane til å nytte rettleiaren til Deltasenteret, «Tilgjengelighet til valg», når ein planlegg gjennomføringa av valet. Departementet oppmoda òg til samarbeid med representantar for dei ulike brukargruppene og dei kommunale råda for funksjonshemma når ein planlegg gjennomføringa av valet.

I høyringsnotatet vart det òg vist til at det hausten 2008, i regi av Norsk Form, vart gjennomført ein designkonkurranse der ein inviterte designarar til å komme med forslag til grafisk profil, utforming og utstyr i vallokala. Statens designkonkurranse 2008 hadde som målsetjing å utvikle heilskaplege, funksjonelle og tiltalande fysiske rammer rundt røystinga. Alle veljarar, same kva funksjonsnivå dei er på, skal oppleve at vallokala er tilgjengelege, attkjennande og attraktive. Konkurransen skulle resultere i enkle og funksjonelle løysingar for kommunane for informasjon, logistikk, produksjon, montering og vedlikehald av mellom anna avlukke og valurner. Vinnarløysinga skal prøvast ut i nokre pilotkommunar ved valet i 2009. Dersom løysinga viser seg å fungere godt, er det aktuelt å gi alle kommunane tilbod om å bruke heile eller delar av løysinga ved framtidige val. Ei slik løysing vil kunne hjelpe kommunane til å skaffe nytt og funksjonelt utstyr til vallokala når det er behov for det. Samstundes er det eit mål at felles løysingar kan bidra til reduserte kostnader.

3.5.3 Høyringsinstansane

Det har komme inn få fråsegner frå høyringsinstansane.

Vefsn kommune uttaler:

«Vefsn kommune har 12 stemmekretser. Vi har lite skoler spredt rundt om i kommunen, og bruker derfor forsamlingshus. Disse leier vi, og alternativet til å leie lokaler rundt om i kommunen vil være å kutte ned på antall stemmekretser…»

Faglig forum for formannskapssekretærer (FFF) er samd med Vefsn kommune og legg til: «Kravene må stå i forhold til antall stemmeberettigede i kretsen.»

Ålesund kommune meiner at det er eigaren av lokalet som må sørgje for at lokalet er universelt utforma med tanke på den bruken lokalet har. Kommunen er bekymra for at det fokuset departementet set på kor tilgjengeleg valet skal vere, kan føre til at kostnadene med universell utforming blir forventa å skulle dekkjast over valbudsjettet og ikkje av huseigaren.

Gol kommune er bekymra for at statens designkonkurranse skal gi ei indirekte føring på kommunane som i neste omgang må bruke ikkje ubetydelege beløp i til dømes utskifting av elles funksjonelt valmateriell og utstyr.

3.5.4 Merknader frå departementet

Det er viktig at kommunane er bevisste på ansvaret for å sikre at vallokala er lett tilgjengelege for alle veljarar og legg til rette så godt det let seg gjere. Departementet er samd i at kostnadane ved universell utforming generelt ikkje skal dekkjast over valløyvinga. Samstundes pliktar kommunane å finne lokale og leggje til rette på ein slik måte at alle kan røyste utan at dei må be om hjelp.

Når det gjeld oppfølging av designkonkurransen, har departementet heile tida lagt vekt på at det skal vere opp til kommunane sjølve å bestemme om dei vil nytte seg av eit eventuelt tilbod eller ikkje. Etter at konkurransen no er gjennomført, skal løysinga utviklast vidare og prøvast ut i nokre pilotkommunar ved valet i 2009. Dersom løysinga viser seg å fungere godt, kan det vere aktuelt å gi alle kommunane tilbod om å bruke heile eller delar av løysinga ved framtidige val.

3.6 Informasjon til veljarar

3.6.1 Innleiing

Vallova seier kva kommunane (ev. fylkeskommunane) er pålagde å kunngjere lokalt om:

  • Overskriftene på godkjende vallister og opplysningar om kvar dei er lagde ut til offentleg ettersyn, jf. vallova § 6-7.

  • Tid og stad for utlegging av manntalet til offentleg ettersyn og opplysningar om tilgjenge til og framgangsmåten for å krevje at feil blir retta, jf. vallova § 2-6 (2).

  • Tid og stad for førehandsrøysting, jf. valforskrifta § 24.

  • Fristen for at sjuke og uføre kan søkje om å få røyste heime (ambulerande røystemottak), jf. vallova § 8-3 (6).

  • Tid og stad for røysting på valdagen, jf. vallova § 9-3 (3).

Kvar kommune er også pålagd av valforskrifta § 22 (2) å sende ut valkort til veljarane i kommunen. Valkortet skal mellom anna innehalde informasjon om kva vallokale veljaren skal røyste i på valdagen, og kor lenge vallokala er opne.

3.6.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det vist til at både departementet og kommunane har eit informasjonsansvar. Departementet administrerer vallova med forskrifter og har det overordna ansvaret for valavviklinga og dermed eit ansvar for den generelle informasjonsverksemda. Kommunane er ansvarlege for å leggje til rette for røystinga ved både lokalval og stortings- og sametingsval. Konkret informasjon om kvar vallokala er, opningstid og informasjon om ambulerande røystemottak, må derfor komme frå kommunane. Dette vil seie at informasjonsansvaret til valmyndigheitene først og fremst inneber å informere om regelverket – altså å gi faktainformasjon om valordninga til alle veljarane. Ein viktig føresetnad for at folk skal delta i val, er at dei veit når, kvar og korleis dei skal røyste. Dersom veljarane ikkje har informasjon om dette, aukar faren for at dei blir heime på valdagen.

Departementet viste til at det å motivere og oppmode veljarane til å røyste primært er eit ansvar partia og politikarane har.

Informasjonsverksemda til departementet

I høyringsnotatet viste departementet til at det ved dei siste vala har vore gjennomført ei rekkje informasjonstiltak retta mot alle veljarane. Nokre av tiltaka har vore retta særskilt mot målgrupper som ungdom, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for særskilt tilrettelagd informasjon. I 2007 gjennomførte departementet mellom anna ein landsomfattande informasjonskampanje med mellom anna tv- og kinospotar, nettannonsering, utsending av sms-ar og e-postar og husstandsbrosjyre.

I tillegg til kampanjen gjennomførte departementet fleire kommunikasjonstiltak gjennom andre kanalar og via samarbeidspartnarar.

Ei undersøking som vart gjennomført i den perioden kampanjen gjekk, viste at kjennskap til kravet om legitimasjon, kunnskap om når og kvar røystinga skjer, var klart høgare ved slutten av kampanjen enn ved oppstarten.

Departementet meinte derfor at målsetjingane for informasjonsverksemda i 2007 vart nådd, og at informasjonen var tilgjengeleg for målgruppene. Informasjonsbehovet før kvart val er likevel stort både hos veljarane og valmedarbeidarane i kommunane og fylkeskommunane. Departementet ser det derfor som nødvendig at ein minst held oppe det noverande nivået på informasjonsinnsatsen før neste val.

Tilskotsordninga

I 2007 delte departementet ut tilskot på til saman 3,2 millionar kroner til ulike organisasjonar og andre aktørar som ville medverke til å auke kunnskapen om valet og/eller auke valdeltakinga. Ungdom, veljarar med innvandrarbakgrunn og veljarar med behov for særskilt tilrettelagd informasjon var prioriterte målgrupper for dei tiltaka det vart tildelt tilskot til.

Departementet føreslo i høyringsnotatet å føre vidare tilskotsordninga ved neste val.

3.6.3 Høyringsinstansane

Det har komme inn få fråsegner frå høyringsinstansane.

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag framhever at det er viktig med informasjon om kommande val både overfor valmedarbeidarar og veljarar. Kunnskap om valet for førstegangsveljarar og «nye» nordmenn vil føre til større valdeltaking.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) støttar synet til departementet på at både informasjonstiltak til veljargrupper og økonomisk støtte til ulike organisasjonar bør førast vidare og utviklast. IMDi føreslår mellom anna at informasjonsbrosjyrane bør setjast om til fleire språk enn i dag.

Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene (KIM) peiker på den låge valdeltakinga hos innvandrarbefolkninga og etterlyser derfor tiltak som kan medverke til å styrkje valdeltakinga.

3.6.4 Merknader frå departementet

Utover den lovpålagde informasjonsplikta kommunane har, er det opp til kommunane sjølve å bestemme graden av informasjonsinnsats i samband med valet. Dei aller fleste av kommunane har lagt til rette informasjon om valet på heimesidene sine på Internett. Fleire kommunar set i verk eigne informasjonskampanjar før valet.

Departementet vil auke informasjonsinnsatsen føre kommande val. Spesielt er førstegangsveljarane ei prioritert målgruppe. Det skal gjennomførast ein landsomfattande informasjonskampanje, og ulike tiltak for å informere og engasjere målgruppene vil bli sette i verk. Departementet samarbeidar med IMDi om å informere veljarar med innvandrarbakgrunn. Målgrupper som blinde, svaksynte og høyrslehemma vil få informasjon særskilt lagd til rette. Departementet har auka ramma for tilskotsordninga slik at det er mogleg å støtte fleire tiltak som kan medverke til å informere om valet og auke valdeltakinga.

Departementet vil gjennom samarbeidet med Valgforum ha auka fokus på opplæring av valmedarbeidarane i kommunane, fylkeskommunane og hos fylkesmennene.

3.7 Manntalet

3.7.1 Bakgrunn

Folkeregistermyndigheita er etter vallova § 2-5 ansvarleg for på ein tenleg måte å stille til disposisjon for valmyndigheitene opplysningar om kven som skal førast inn i manntalet. Dette inneber at folkeregistreringsmyndigheita, så snart som råd etter skjeringsdatoen, det vil seie den datoen som bestemmer i kva for ein kommune ein veljar har røysterett, skal stille til disposisjon for kommunane opplysningar om kven som skal førast inn i manntalet i kommunen. Folkeregistermyndigheita skal vidare frå skjeringsdatoen og fram til valdagen stille til disposisjon for kommunane opplysningar om dei endringane i folkeregisteret som har noko å seie for inn- og utskrivingar i manntalet.

3.7.2 Høyringsnotatet

Om distribusjonen av manntalsopplysningar vart det i høyringsnotatet vist til at folkeregistermyndigheita etter vallova berre har plikt til å stille dei nødvendige folkeregisteropplysningane (rådata) til disposisjon for kommunane, slik at kommunane sjølve kan ferdigstille manntalet til bruk i vallokala. Dette skjer i praksis ved at folkeregistermyndigheita nyttar eit privat selskap, som etter avtale med Skattedirektoratet har einerett til å tilby kommunane folkeregisteropplysningar og opplysningar for bruk i manntalet og til å oppdatere dette.

Ved valet i 2007 tok dette selskapet, på bakgrunn av den avtalen det har gjort med Skattedirektoratet om distribusjon av folkeregisteropplysningar, betalt for å stille opplysningar til manntalet (rådata) til disposisjon for kommunane. Slik departementet ser det, er det tvilsamt om vallova opnar for ei slik praktisering av plikta folkeregistermyndigheita har til å stille til disposisjon for kommunane opplysningar om kven som skal førast inn i manntalet i kommunane. Ei anna sak er at kommunane sjølve, etter at dei har fått tilgang til opplysningane, betaler eit datafirma for å arbeide vidare med opplysningane elektronisk eller for å få eit papirmanntal. Det å arbeide vidare med folkeregisteropplysningane og lage eit manntal kan til dømes vere å knyte side, linje og manntalsnummer til kvar enkelt person i manntalet. Men verken kommunane eller dei selskapa kommunane nyttar til dette arbeidet, har høve til å gjere endringar med omsyn til kva for eit kommunemanntal veljarar skal førast inn i eller ut av. Det er det opp til folkeregistermyndigheita å avgjere. Dette er for å sikre at ein person med røysterett berre blir innført i eit kommunemanntal, eller for å unngå at vedkommande ikkje står i noko manntal.

Ved valet i 2007 var det også stor usikkerheit blant kommunane kva rolle dataleverandøren hadde i samband med utarbeidinga av manntalet (levere rådata), og kva rolle leverandørar av valsystem hadde (vidare arbeid med rådata til ferdig manntal).

I høyringsnotatet peikte departementet på at statlege styresmakter bør ta eit sterkare grep om manntalsproduksjonen, i første omgang ved at folkeregistermyndigheita sjølv engasjerer seg meir aktivt i å stille til disposisjon for valmyndigheitene folkeregisteropplysningar for å få utarbeidd manntalet, og at dette bør skje vederlagsfritt for kommunane.

3.7.3 Status og planane framover

For valet i 2009 har departementet inngått samarbeid med Skattedirektoratet med sikte på å sikre statleg oppdatering av manntalet etter skjeringsdatoen per 30. juni og etablere ei statleg distribusjonsløysing.

Formålet med arbeidet er mellom anna å sikre at departementet får betre kontroll rundt manntalsproduksjonen. Dette vil og vere viktig ved eit eventuelt framtidig statleg valdatasystem og ved elektronisk røysting.

Departementet vil også med tanke på framtidige val arbeide vidare med spørsmål knytt til manntalet for å sikre ei god ordning for etablering, oppdatering og distribusjon.. Departementet vil saman med ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunane sjå på korleis dette bør gjerast. Mellom anna bør ein vurdere om det bør etablerast eit manntal som fullt ut er styrt på statleg nivå.

3.8 Godkjenningsordning for maskinelle teljeløysingar

3.8.1 Bakgrunn

Valstyret i kvar enkelt kommune/fylkeskommune er ansvarleg for oppteljing av røystesetlar ved val og dermed for å sikre korrekt oppteljingsresultat. Valstyret avgjer om oppteljinga skal gå føre seg manuelt og/eller elektronisk. Det er ikkje eit vilkår at elektroniske system som blir nytta ved oppteljinga, skal vere sertifiserte eller på annan måte godkjende av statlege organ. Kommunane og fylkeskommunane har sjølve ansvaret for å sørgje for at systema som blir kjøpte inn, er korrekte.

I perioden 1995–2001 var det i vallova krav til godkjenning av system for oppteljing ved kommunestyreval og valoppgjersystem ved alle val. Dette utgjorde ein liten del av valdatasystema i kommunane. Dette kravet vart fjerna føre valet i 2003. Kommunane vart sjølve ansvarlege for å sørgje for at også desse delane av systema var korrekte.

Dei administrative valdatasystema som kommunane nyttar i dag, har mellom anna funksjonar for å behandle listeforslag, skrive underretningsbrev, lage valprotokollar, samanstille data mellom forvaltningsnivå og til statistikk og formidling av nyheiter og dessutan overføre data til og frå eit elektronisk teljesystem. Dei elektroniske teljesystema inneheld funksjonar for å ta imot og overføre data til og frå det administrative valdatasystemet, data frå lese- og tolkeprogram kopla til skannarar som tel røystesetlar, data frå ein verifiseringsmodul som blir nytta til vising av personrettingar, og funksjonar for å administrere resultatet av oppteljinga.

3.8.2 Høyringsnotatet

Departementet viste til at problema ved valet hausten 2007 har aktualisert spørsmålet om ei eventuell sertifiserings- eller godkjenningsordning av maskinelle systemløysingar for teljing og behandling av teljeresultat.

I høyringsnotatet vart det gjort greie for korleis fleire kommunar ved valet i 2007 fekk problem med det maskinelle systemet for behandling av røystesetlar. Dette førte til at departementet gjekk ut og bad 41 kommunar og nokre fylkeskommunar om å sørgje for manuelle kontrollteljingar for delar av røystesetlane. Dersom kontrollteljinga avdekte feil, bad departementet om at alle røystesetlane vart talde på nytt manuelt. Problema ramma kommunar som hadde valt eit maskinelt teljesystem frå eit datafirma.

Departementet bad dataleverandøren om ei utgreiing om dei ulike problema som ein fekk i 2007. Departementet var særleg oppteke av kva som var årsaka til at det vart registrert feil i nokre kommunar, men ikkje i andre. Evalueringa etter valet i fjor viste manglande prosedyrar både frå kommunane og dataleverandøren når det gjeld å sikre at den maskinelle oppteljinga gjekk korrekt føre seg. Særleg var det urovekkjande at det på eit så seint tidspunkt vart gjort endringar i sjølve programvara i det maskinelle teljesystemet.

Det vart i høyringsnotatet vist til at gjennomgangen i dei aktuelle kommunane synte at resultata av partirøystene var korrekte. Problema var knytte til oppteljing av personrøystene. I dei kommunane som var råka av dette, vart det teke manuelle oppgjer.

3.8.3 Høyringsfråsegnene

Ingen av høyringsinstansane som uttaler seg, stiller seg negative til ei eventuell sertifiserings- eller godkjenningsordning av maskinelle systemløysingar for teljing av røystesetlar. Fleire kommunar gir uttrykk for at dei ønskjer ei statleg godkjenningsordning.

Enkelte kommunar peiker på at ei god løysing ville vere at ein innfører eit sentralt valdatasystem.

Bergen kommune skriv om dette:

«Bystyret viser til at siden et stort flertall av kommunene benytter administrative valgdatasystem og maskinell telling, så vil det være langt mer hensiktsmessig og ressursbesparende totalt sett om KRD tar ansvaret for at det utvikles et felles system for kommunene, i stedet for sertifiseringsordninger som hver enkelt kommune vil ha ansvaret for å kontrollere og følge opp. Det vises til at det i Sverige er den sentrale valgmyndigheten som har ansvaret for de valgadminsitrative systemer.»

3.8.4 Status og planane framover

Departementet viser til at bruk av IKT ved val er eit omfattande problemkompleks. Vallovgivinga i dag er i liten grad retta inn mot bruk av IKT. Slik departementet vurderer det, er det nødvendig å setje i gang eit utviklingsarbeid på valområdet nettopp rundt bruk av IKT ved val.

Departementet vurderer no om og på kva måte det eventuelt bør innførast ei godkjenningsordning for maskinelle teljesystem (skannarar) og programvare knytt til slike system. Ei eventuell godkjenningsordning må vurderast uavhengig av spørsmålet om innføring av eit eventuelt statleg valdatasystem.

Departementet vil i løpet av 2009 setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på korleis ein eventuelt kan etablere ei godkjenningsordning. Det er ikkje mogleg å ha på plass ei eventuell godkjenningsordning til stortingsvalet 2009. Departementet har gjennom rettleiing orientert kommunane og fylkeskommunane om på kva måte dei kan sikre kvaliteten på teljesystema føre valet i 2009. Valgforum er og ein aktuell samarbeidspartnar her. Departementet ser for seg at det også på deira opplæringskonferansar blir lagt opp til ein gjennomgang av korleis kommunane gjennom kontraktane med leverandørane sine kan sikre kvaliteten på teljesystema.

Fleire kommunar tek opp spørsmålet om det bør etablerast eit sentralt valdatasystem. Det er mykje som tyder på at det kan vere tenleg å etablere eit sentralt valdatasystem, slik dei mellom anna har i Sverige. Delar av eit valdatasystem vil bli utvikla på sentralt nivå til bruk i enkelte kommunar ved forsøket med elektronisk røysting som skal gjennomførast i 2011. Departementet vil setje i gang eit arbeid med sikte på å vurdere innføringa av eit sentralt valdatasystem som kan nyttast av alle kommunar også ved val der papirrøystesetlar vert nytta. I samband med dette er det òg naturleg å vurdere integrering og samhandling med eit elektronisk røystingssystem.

Til forsida