Ot.prp. nr. 32 (2008-2009)

Om lov om endringar i valgloven og kommuneloven (tidlegrøyster, valobservasjon mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen fremjar Kommunal- og regionaldepartementet forslag til enkelte endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) og lov 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar.

Ein del av lovforslaga er ei oppfølging av forslaga til regjeringa i St.meld. nr. 33 (2007–2008) Eit sterkt lokaldemokrati, som vart lagd fram 20. juni 2008.

I etterkant av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 gjennomførte departementet ei brei evaluering av måten valet vart gjennomført på i kommunane. Departementet har funne det tenleg at funn frå denne evalueringa blir omtalte og gjorde greie for under dei aktuelle kapitla i proposisjonen.

I kapittel 6 vil departementet omtale personvalordninga ved val til Stortinget. Personvalordninga vart ikkje teken opp i høyringsnotatet. Spørsmål om endring i personvalordninga er ei oppfølging til vedtak i Stortinget.

Til forsida