Ot.prp. nr. 32 (2008-2009)

Om lov om endringar i valgloven og kommuneloven (tidlegrøyster, valobservasjon mv.)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Somme av høyringsinstansane meiner at ordninga med tidlegrøysting vil føre til auka kostnader, og at ho vil vere ressurskrevjande, både økonomisk og når det gjeld personell. Departementet legg til grunn at det skal etablerast ei enkel ordning for «tidlegrøyster». Ordninga kan handterast av dei kommunetilsette sjølve, og ein må gå ut frå at få veljarar røystar på denne måten. Etter ei samla vurdering meiner departementet derfor at det ikkje vil føre til særlege kostnader for kommunane å leggje til rette for ordninga.

Utvida opningstid valdagen og todagars val vil medføre noko auka kostnader. Kommunane bestemmer likevel sjølve kva opningstid som er hensiktsmessig i kommunen og om dei vil ha val også søndag før den offisielle valdagen. Kostnader må dekkast innafor gjeldande budsjett.

Departementet meiner forslaga i denne proposisjonen ikkje vil medføre administrative og økonomiske konsekvensar av vesentleg verknad. Departementet legg til grunn at eventuell auking i utgiftene må dekkjast innafor gjeldande budsjett.

Til forsida