Ot.prp. nr. 32 (2008-2009)

Om lov om endringar i valgloven og kommuneloven (tidlegrøyster, valobservasjon mv.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei ulike føresegnene

8.1 Endringar i vallova

Til § 7 – 1:

For å klargjere at kommunane ikkje er forplikta til å ha klar røystesetlar alt til tidlegrøystinga tek til 1. juli, vert det i lova presisert at plikten til å ha klar røystesetlane er knytt datoen for når ordinær førehandsrøsting tek til.

Til § 8 – 1 (3):

Dette er ein lovteknisk endring som følgje av at tidspunktet for når vallokala seinast kan stengje er endra til kl. 21 på valdagen måndag.

Til § 8 – 1 nytt fjerde ledd:

Føresegna er ny. Veljarar som ønskjer å røyste i aktuelt tidsrom må vende seg til kommunen, skriftleg eller munnleg. Det er ikkje eit krav at veljar dokumenterer at vedkomande ikkje kan røyste på førehand eller på valtinget, for å få røyste i denne perioden. Veljar kan tidlegrøyste i alle kommunar i landet.

Til § 9 – 2 (2):

Endringa i denne føresegna inneber eit unntak frå alminneleg prinsipp om fleirtalsvedtak i kommunelova § 35. Vedtak om todagars val kan fattast med tilslutning frå ein tredel av kommunestyrerepresentantane. Ein tredel skal reknast ut frå det totale talet på kommunestyrerepresentantar. Slikt vedtak må seinast vere fatta samstundes med at kommunestyret vedtek budsjettet for valåret. For valet i 2009 er fristen 1. juni. Føresegna vil ha forrang i høve til regelen om at eit fleirtal kan utsetje behandlinga av ei sak, jf. prinsippet om lex specialis. Fleirtalet kan såleis ikkje vedta å utsetje behandlinga av saka til etter fristutløpet.

Til § 9 – 3 (2):

Endringa i denne føresegna inneber eit unntak frå alminneleg prinsipp om fleirtalsvedtak i kommunelova § 35. Valstyret bestemmer tid og stad for kor røysegjevinga skal gå føre seg. Endringa inneber at kommunestyret sjølv kan vedta å halde vallokala opne lenger enn det valstyret har vedteke, dersom minst ein tredel av kommunestyrerepresentantane krev det. Ein tredel skal reknast ut frå det totale talet på kommunestyrerepresentantar. Tidspunktet for når alle vallokala på valdagen måndag seinast må stengje vert endra til kl. 21.

Til § 9 – 9:

Dette er ein lovteknisk endring som følgje av at tidspunktet for når vallokala seinast kan stengje er endra til kl. 21 på valdagen måndag.

Til § 10 – 1 (1) bokstav g:

Dette er ein lovteknisk endring som følgje av at tidspunktet for når vallokala seinast kan stengje er endra til kl. 21 på valdagen måndag.

Til § 15 – 10:

Føresegna er ny. For å klargjere det ansvaret Noreg har når det gjeld valobservasjon, og for å leggje forholda til rette for besøk av valobservatørar føreslår ein ei eiga føresegn om dette i vallova. Departementet får heimel til å akkreditere nasjonale og internasjonale valobservatørar frå institusjonar eller organisasjonar som skal observere gjennomføringa av val i Noreg ved stortingsval og lokalval. Kommunane på si side pliktar å ta imot akkrediterte valobservatørar og leggje forholda til rette for slik observasjon.

Til § 15 – 11:

Føresegna er ny.

(1) Vilkåret for brot på regelen er at handlingsnorma i § 9 – 9 er broten. Det inneber at det må liggje føre valdagsmålingar, meiningsmålingareller reelle valresultatfor det aktuelle valet. Desse må vere gjorde den eller dei dagane valet gjekk føre seg. Det er vidare eit vilkår at målinga er offentleggjord før lokala er stengde. Med offentleggjering meiner ein at dei er gjorde tilgjengelege for allmenta.

Det er berre føretak ein kan sanksjonere mot etter denne føresegna. Fysiske personar fell utanfor.

Medietilsynet har ikkje plikt til å gi lovbrotsgebyr sjølv om vilkåra er oppfylte. Utgangspunktet er likevel at ein kan sanksjonere dersom lova er broten.

I samsvar med forvaltningslova § 16 skal Medie­tilsynet sende varsel om at ein vurderer å gi lovbrotsgebyr og gje føretaket høve til å uttale seg innan ein fastsett frist.

(2) Storleiken på gebyret skal fastsetjast etter ei skjønnsmessig vurdering. Kriteria tek utgangspunkt i reglane om føretaksstraff i straffelova, jf. straffelova §§ 48a og 48b. Teori og praksis om desse føresegnene kan derfor gi rettleiing ved tolkinga.

(4) (6) Føresegnene slår fast at Medietilsynet og klagenemnda har ei uavhengig rolle. Både instruksjonsmyndigheit og omgjeringskompetanse er avskorne. Tilsynet kan ikkje instruerast frå politisk hald av departementet eller Kongen i statsråd verken på generelt grunnlag eller når det gjeld enkeltsaker. Departementet kan ikkje instruere tilsynet til å ta opp enkeltsaker.

(5) Ein kan klage på vedtak om gebyr til ei uavhengig klagenemnd. Denne nemnda blir peikt ut av Kongen med ei funksjonstid for tre val. Minst ein av medlemmene i nemnda bør ha dommarkompetanse.

8.2 Endringar i kommunelova

Til § 35 første ledd:

Dette er ein lovteknisk endring. I vallova vert det føreslått heimel for å fråvike fleirtalsprinsippet ved kommunestyrets vedtak om utvida opningstid valdagen og ved vedtak om todagars val, jf. vallova § 9 – 2 (2) og § 9 – 3 (2). Endringa i kommunelova presiserer at fleirtalsprinsippet kan fråvikast i desse tilfella.

Til § 39 b første ledd:

Føresegna er ny. Paragrafen er ei prinsippføresegn som har som formål å stadfeste den ulovfeste retten kommunane har i dag til å gjennomføre lokale rådgivande folkerøystingar. Føresegna i andre ledd inneber at departementet kan påleggje kommunane å gi informasjon om gjennomførte lokale folkerøystingar. Dette kan til dømes gjelde informasjon om kjelda til forslaget, emne for røystinga, deltaking og endeleg vedtak i saka.

Til overgangsføresegna

Budsjetta for valåret er på det tidspunktet lovendringane i vallova vert sett i kraft alt vedtekne. Det er derfor nødvendig med ein overgangsføresegn for stortingsvalet i 2009.

Til forsida