Prop. 150 LS (2012–2013)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

10 Endring i tollova – nedsetting av toll

Departementet foreslår endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel § 9-5. Forslaget inneber grunnlag for tollstyresmaktene til å treffe enkeltvedtak om å setje ned toll på landbruksvarer.

Etter tollova § 9-5 kan tollstyresmaktene ved enkeltvedtak setje ned toll på industrivarer. Fullmakta er avgrensa til særskilte høve som ikkje var tenkt på då Stortinget vedtok tollsatsen, og der gjennomføring av regelverket vil gi ein utilsikta og klart urimeleg verknad. For å leggje til rette for innførsel av landbruksvarer som eit supplement til norsk produksjon mv. kan landbruksstyresmaktene elles setje ned toll på landbruksvarer, jf. tollova §§ 9-1 til 9-3.

Grunnlag for også å setje ned toll på landbruksvarer, tilsvarande som i dag etter tollova § 9-5 for industrivarer, følgde tidlegare av tollvedtaket slik det lydde fram til 2009. Departementet kan ikkje sjå at det var tilsikta at grunnlaget skulle falle bort ved gjeldande tollov, jf. Ot.prp. nr. 58 (2006-2007) s. 77. Toll- og avgiftsdirektoratet har vidare peikt på at det er behov for ein slik regel også for toll på landbruksvarer. Dette gjeld blant anna saker om feilinformasjon og der gjennomføring av regelverket kan gi ein utilsikta og klart urimeleg verknad.

Departementet foreslår også å forenkle lovteksten. Desse endringane skal vere utan følgjer for realiteten. Forslaget inneber ingen administrative eller økonomiske følgjer. Forslaget har ikkje vore på høyring.

Departementet viser til forslag til endring i tollova § 9-5.

Til forsida