Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 150 LS (2012–2013)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

5 Petroleumsskatten

5.1 Innleiing og samandrag

Fellesskapet eig ressursane på norsk sokkel, og inntektene frå petroleumsverksemda er viktige for langsiktig finansiering av velferdssamfunnet. Petroleumsskattesystemet skal sikre at den ekstraordinære avkastinga, grunnrenta, kjem det norske folk som eigar av ressursane til gode. Effektiv skattlegging i næringar med ekstraordinær avkasting gjer det dessutan mogleg å redusere vridande skatter i andre sektorar. Dermed kan ein redusere det samfunnsøkonomiske tapet knytt til skattlegging. Ein nøytral grunnrenteskatt vil ikkje påverke tilpassinga til verksemdene. Då vil ressursar som er lønsame for samfunnet òg vere lønsame for selskapa etter skatt, samtidig som ulønsame investeringar vil vere bedriftsøkonomisk ulønsame.

Regjeringa foreslår å redusere satsen i friinntekta i særskatten frå 7,5 pst. til 5,5 pst. av kostpris for driftsmiddel som blir avskrivne under petroleumsskattelova § 3 b (produksjonsinnretningar og røyrleidningar). Departementet foreslår at reduksjonen i friinntektssatsen skal tre i kraft med verknad for kostnader til erverv av driftsmiddel pådratt frå og med 5. mai 2013, då forslaget blei kunngjort. Kostnader pådratt før denne datoen, skal framleis nytte gjeldande friinntektssats for resten av friinntektsperioden.

Ved realisasjon og uttak av driftsmiddel bør det vere symmetri i skattehandsaminga hos kjøpar og seljar. Det blir derfor gjort framlegg om ei tilsvarande endring av satsen til 5,5 pst. ved tilbakeføring av friinntekt ved realisasjon mv. av driftsmiddel.

Departementet foreslår ei overgangsføresegn som inneber at endringa ikkje skal gjelde kostnader pådratt til driftsmiddel omfatta av plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) mottatt av Olje- og energidepartementet før 5. mai 2013. Vidare skal endringa ikkje gjelde for kostnader pådratt til driftsmiddel omfatta av søknad om fritak for eller skriftleg underretning (søknad) om vesentleg avvik eller endring av føresetnadene for tidlegare PUD eller PAD mv., mottatt av Olje- og energidepartementet før 5. mai 2013. Overgangsføresegna gjeld berre kostnader pådratt seinast året for faktisk produksjonsstart for førekomsten, eller driftsstart for innretninga.

Reduksjonen av friinntektssatsen til 5,5 pst. vil anslagsvis auke skatteinntektene frå petroleumsverksemda med om lag 70 mrd. kroner målt som noverdi over perioden 2013-2050. Den delen av investeringa som selskapa dekkjer etter skatt, aukar. Lønsame investeringar vil framleis vere lønsame for selskapa etter skatt. Endringa i friinntektssatsen har avgrensa administrative effektar. Overgangsføresegna kan derimot innebere meirarbeid for selskapa og likningsstyringsmaktene nokre år framover.

Departementet viser til forslag til endring i petroleumsskattelova § 5 fjerde og femte ledd og forslag til ikraftsetjing- og overgangsføresegn.

5.2 Gjeldande rett

Selskapa som driv utvinning og røyrleidningstransport av petroleum på norsk kontinentalsokkel, blir skattlagd etter særreglane i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v. (heretter petroleumsskattelova).

Kostnader til erverv av røyrleidning og produksjonsinnretning med dei installasjonar som er ein del av eller tilknytt slik innretning, kan avskrivast lineært med inntil 16 2/3 pst. per år, dvs. over 6 år, jf. petroleumsskattelova § 3 b. Avskrivingane kan ta til frå og med det året kostnadene er pådratt. Frådraget blir gitt både i alminneleg inntekt og i grunnlaget for særskatt.

Rentekostnader og valutapostar på renteberande gjeld kjem til frådrag i inntekt frå utvinningsverksemda, men er avgrensa etter nærare regler. Etter petroleumsskattelova § 3 d kan selskapet krevje frådrag for slike kostnader svarande til 50 pst. av forholdet mellom skatteverdiar tilordna sokkelen og renteberande gjeld. Andre finanspostar kjem til frådrag i landdistriktet, men kjem likevel til frådrag i alminneleg inntekt på sokkelen der det ikkje er landinntekt å føre frådraget mot.

Boks 5.1 Dagens petroleumsskattesystem

Skattesatsar

Av inntekt frå sokkelverksemda skal det betalast alminnelig selskapsskatt, som sidan 1992 har vore 28 pst. Utrekninga av alminneleg inntekt tek utgangspunkt i skattelovas vanlege reglar i den utstrekning ikkje anna følgjar av særreglane i petroleumsskattelova. I tillegg skal det svarast særskatt av verksemda. Denne er grunna i de spesielt gode moglegheitene til forteneste ved sokkelverksemd (grunnrenta). Satsen settast i Stortingets årlige skattevedtak og har vore 50 pst. sidan 1992. Sokkelselskapas marginalskatt er med det 78 pst. I grunnlaget for utrekning av særskatten blir det gitt eit særskilt frådrag som blir kalla friinntekt, jf. nedanfor.

I grove trekk bereknast skatten på følgjande måte:

Salsinntekter (normpriser for råolje og propan)
- Driftskostnader (inklusiv leitekostnader)
- Avskrivingar (særskilte regler)
- Rentekostnader
- Ev. underskot frå tidlegare år
= Ordinært skattegrunnlag (28 pst.)
- Friinntekt
- Ev. unytta friinntekt frå tidlegare år
= Særskattegrunnlag (50 pst.)

Normprisar

Selskapa sel ofte utvunne petroleum til nærståande selskap. For likningsstyresmaktene ville det vore svært vanskelig å vurdere om avtalt pris for det enkelte sal var til marknadspris. For å unngå dette problemet gir loven heimel for at prisane kan setjast administrativt (normprisar), og at desse prisane skal erstatte den faktiske inntekta frå salet ved likninga. Normprisar vert fastsett av Petroleumsprisrådet, og skal svare til den pris petroleum kunne vore omsett til mellom uavhengige partar. Hittil har det vore fastsatt normprisar for råolje og ein del propan. Bruk av normpris fører til at faktisk salsinntekt blir skattefri om den overstig normprisen, medan ei lågare salsinntekt vil føre til at selskapet blir skattlagt for ei inntekt det ikkje har hatt.

Avskrivingar

Dei viktigaste driftsmidla i verksemda på sokkel, hovudsakleg røyrleidningar og produksjonsinnretningar, kan avskrivast lineært over 6 år, med andre ord med inntil 16 2/3 pst. årlig. Avskrivingane kan ta til frå og med det året utgiftene blir pådratte. Ved tilverking av til dømes ei plattform kan det dermed gjerast avskrivingar i byggjeperioden.

Friinntekt

Friinntekta er eit særskilt inntektsfrådrag i grunnlaget for utrekning av særskatten. Friinntekta blir rekna på same grunnlag som avskrivingane og utgjer derfor eit ekstra avskrivingsfrådrag i grunnlaget for særskatt. Friinntekten utreknes til 7,5 pst. i 4 år, dvs. til saman 30 pst. nominelt over friinntektsperioden.

Gjeldsrenter

Med verknad frå inntektsåret 2007 blei det gjort endringar i reglar som set grense for retten til skattemessig frådrag for finanspostar i særskattepliktig inntekt. Etter desse reglane blir det gitt frådrag for renteutgifter og valutapostar som tilhøyrer rentebærande gjeld, men berre opp til ei gjeld som svarer til 50 pst. av attståande skattemessige verdiar av driftsmidla i sokkelverksemda.

Underskot, leiterefusjon og utbetalingsordning

Underskot i sokkelverksemda blir framført med tillegg av rente som blir lagt til det akkumulerte underskotet ved utgongen av kvart inntektsår. Ved realisasjon av verksemda, eller ved samanslutning av eit selskap med eit anna, kan underskotet overførast til det overtakande selskapet. I den grad eit sokkelunderskot skuldast utgifter til leiting, kan selskapet alternativt årleg krevje utbetalt skatteverdien av direkte og indirekte leiteutgifter frå staten. Ved opphøyr av sokkelverksemd kan selskapet krevje utbetaling av skatteverdien av udekt underskot. Reglane tek sikte på å senke inngangsbarrierane for nye selskap på sokkelen og gi selskapa tryggleik for verdien av skattefrådraga.

Ved fastsetjinga av grunnlaget for særskatten blir det innrømt eit særskilt frådrag, friinntekt, jf. petroleumsskattelova § 5. Føremålet med friinntekta er å skjerme den alternative avkastinga på investert kapital frå særskatt. Friinntekta utgjer 7,5 pst. av kostprisen for driftsmiddel som blir avskrivne etter petroleumsskattelova § 3 b (produksjonsinnretningar og røyrleidningar), og kjem til frådrag ved utrekning av særskatt i 4 år frå og med det året avskrivinga av kostprisen starta. Friinntekta utgjer til saman 30 pst. av kostprisen til driftsmiddelet rekna nominelt over friinntektsperioden.

Petroleumsskattelova § 3 f og § 5 femte ledd inneheld særreglar om realisasjon eller uttak av driftsmiddel som nemnd i petroleumsskattelova § 3 b. Reglane skal sikre symmetrisk behandling av avskrivingar og friinntekt hos kjøpar, og realisasjonsskattlegging hos seljar.

Dersom eit selskap i det enkelte inntektsår ikkje har tilstrekkelege inntekter å føre kostnader (underskot) og friinntekt til frådrag mot, kan unytta underskot og friinntekt førast til frådrag i seinare år, jf. petroleumsskattelova § 3 c og § 5. Framføringa skjer med rente. Føremålet med rentepåslaget er å sikre skattytar frådrag for realverdien av skattefrådraga. Samtidig sikrer rentepåslaget lik skattemessig handsaming for selskap som er i skatteposisjon (dvs. som det enkelte inntektsår har inntekter som kostnader effektivt kan trekkjast frå mot) og selskap som er utanfor skatteposisjon (dvs. som først får effektivt skattefrådrag for kostnadene i eventuelle framtidige inntekter).

Eit selskap som ved opphøyr av petroleumsverksemd på norsk kontinentalsokkel framleis har unytta underskot eller friinntekt til framføring, kan krevje skatteverdien av udekka underskot og friinntekt utbetalt frå staten. Alternativt kan selskapet overføre unytta underskot og friinntekt til eit anna selskap ved samla overføring av utvinningsverksemda, eller ved selskapssamanslutning. Samla inneber reglane om framføring med rente og refusjon ved opphøyr av verksemd at selskapa har full tryggleik for realverdien av skattefrådraga.

5.3 Nøytral grunnrenteskatt

Grunnrente er eit godt skattegrunnlag. Ein nøytral skatt på grunnrente vil ikkje endre tilpassinga til selskapa og vil dermed ikkje føre til effektivitetstap i økonomien, slik til dømes skatt på arbeidsinntekt og ordinær bedriftsskatt gjer.

Ein nøytral særskatt kan formast både som ein kontantstraumsskatt med løpande frådrag for investeringar, eller ein periodisert skatt med avskrivingar og friinntekt. Petroleumsskatten er i dag utforma med ein periodisert særskatt. Ein periodisert særskatt er nøytral så lenge noverdien av investeringsfrådraga er lik kostnaden på investeringstidspunktet. For investeringar som blir avskrivne, må selskapa derfor få frådrag for alternativavkasting (”friinntekt”) slik at noverdien av avskriving og friinntekt er lik investeringskostnaden. I ein slik nøytral grunnrenteskatt skal det ikkje i tillegg vere frådrag for gjeldsrenter. Ei korrekt friinntekt skal fastsetjast ut frå skattemessig attståande investeringsverdi (saldo) ved inngang til året multiplisert med ei rente. Storleiken på friinntektsrenta avheng av korleis petroleumsskatten elles er utforma. Dersom selskapa har tryggleik for full verdi av framtidige skattefrådrag, skal friinntektsrenta vere ei risikofri statsrente.

Både grunnrenteskatten for vasskraftverk og aksjonærmodellen er i dag utforma i tråd med modellen for ein nøytral, periodisert grunnrenteskatt. Friinntektsrenta og skjermingsrenta er her sett lik ei risikofri statsrente.

I NOU 2000: 18 Skattlegging av petroleumsvirksomhet blei det peikt på at dei investeringsbaserte frådraga i petroleumsskatten var for sjenerøse samanlikna med ein nøytral grunnrenteskatt. Utvalet viste til at dei høge frådraga for avskriving, friinntekt og rentekostnader kunne føre til at ulønsame investeringar i sokkelverksemda blei lønsame for selskapa etter skatt. Ifølgje utvalet skuldast dette for raske avskrivingar i ordinær skatt og at ein skjermar meir enn alternativavkastinga i særskatt gjennom for høg friinntekt og frådrag for gjeldsrenter. Sjenerøse frådrag for investeringar gjer skattegrunnlaget smalare enn grunnrenta frå verksemda.

I eit heilt nøytralt skattesystem skal inntekter og kostnader ha like skattevilkår. I dagens petroleumsskatt kan inntekter og driftskostnader førast mot 78 pst. skattesats, medan selskapa får frådrag for ein større del av investeringskostnadene når ein verdsett sikre skattefradråg med risikofri rente, jf. boks 5.2.

Boks 5.2 Verdi av investeringsbaserte skattefrådrag

Frå 2002 har petroleumsselskapa hatt full tryggleik for skatteverdien av investeringsfrådrag. Skattemessig underskot eitt år kan framførast med rente. Dersom selskapa ikkje får tilstrekkeleg skattemessig overskot og opphøyrer med verksemd på norsk sokkel, vil staten utbetale skatteverdien av underskotet. Desse særreglane gir tryggleik for full skattedekning av frådraga. Det er standard metode i økonomisk analyse at sikre skattefrådrag skal verdsetjast med ei risikofri rente, jf. blant anna Fane (1987)1, Myers (1974)2, Summers (1987)3 og Bond & Devereux (1995)4. IMF (2012)5 refererer desse resultata i si rådgjeving om naturressursskatt. Grunnrenteskatten for vasskraftverk og aksjonærmodellen byggjer på desse prinsippa.

Utrekningane av statens finansieringsandel for investeringar er vist i tabell 5.1.

Ei investering vil i dagens system gi frådrag over 6 år. Investeringsfrådraga er avskrivingar, rentefrådrag og friinntekt. Skatteverdien av frådraga blir bestemt av skattesatsen dei blir førde mot. Avskrivingane kan førast til frådrag både i ordinær skatt og i særskatt. Skatteverdien blir da 78 pst. av avskrivingane. Rentefrådraget blir berre rekna mot særskatten på 50 pst. sidan det er frådrag mot særskatt som gir ein finansieringsfordel, medan frådraget for renter i ordinær skatt har ein motpost i skattlegging hos mottakar av renter. Friinntekta gir berre frådrag mot særskatt på 50 pst. Samla gir dette ein årlig reduksjon i påløpte skattar som angitt i den midtre linja i tabellen. Ved vurdering av noverdien nyttar departementet ei risikofri rente på 2,5 pst. nominelt, slik at avkastingskravet etter ordinær skatt er 1,8 pst. Det blir nytta eit avkastingskrav etter skatt fordi selskapas alternative avkasting blir redusert i det ordinære skattesystemet.

Ved å summere noverdien av investeringsfrådraga gir dette ein samla frådragsverdi på om lag 91 pst. Selskapa dekkjer dermed i dag om lag 9 pst. av investeringa etter skatt. I tråd med faglege anbefalingar frå internasjonale skatteekspertar nyttar Finansdepartementet ei risikofri rente for å verdsette dei sikre skattefrådraga. Frådagsverdien er lite følsam for endring i risikofri rente, fordi frådraget for lånerenter òg vil endre seg. Til dømes vil ei risikofri rente på 6 pst. nominelt før skatt, føre til samla frådragsverdi på om lag 89 pst. av investeringa.

Figur 5.1 Rekneeksempel for investeringsfrådrag

Figur 5.1 Rekneeksempel for investeringsfrådrag

Ei tilsvarande berekning kan gjerast for eit nøytralt petroleumsskattesystem. Eit nøytralt skattesystem bør ta utgangspunkt i same ordinære skattesystem som for landverksemd. I eit nøytralt skattesystem skal avskrivingar reflektere det økonomiske verdifallet i investeringane, slik prinsippet er for investeringar på land. Dersom ein føreset at lineære avskrivingar over 12 år frå oppstart av produksjon gir uttrykk for det faktiske fallet i verdi på investeringa, vil verdien av avskriving i ordinær skatt vere om lag 25 pst. av investeringskostnaden. Samla blir skattedekkinga for investeringar i dagens system 75 pst., litt lågare enn summen av satsane for særskatt og ordinær skatt. I nokre samanhengar blir den lågare skattedekkinga for investeringar forklara med at det skal vere ordinær skatt på ”normalavkastinga” av investeringa.

Ein nøytral særskatt kan utformast som ein kontantstraumskatt eller ein periodisert særskatt. I ein kontantstraumskatt vil selskapa få frådrag for investeringa med ein gong, samtidig som rentefrådrag og friinntekt i særskatten fell bort, slik at frådragsverdien av investeringa i særskatten blir 50 pst. Ein nøytral, periodisert særskatt vil ha avskriving og i tillegg frådrag for den finansielle alternativkostnaden knytt til at selskapa må vente på skattefrådrag gjennom avskriving. Då blir frådragsverdien på noverdibasis den same som i ein kontantstraumskatt. Samla frådragsverdi i ein nøytral petroleumsskatt vil dermed vere om lag 75 pst. av investeringskostnaden, og selskapa vil dekkje om lag 25 pst. av investeringa.

Med dei føresetnadene som departementet her har lagt til grunn, vil redusert friinntektssats frå 7,5 pst. til 5,5 pst. auke den delen av investeringa som selskapa dekkjer etter skatt frå 9 pst. før endringa til 12 pst. frå 2014. Departementet har då lagt til grunn at skattesatsen for alminneleg inntekt blir sett til 27,0 pst. og at særskatten aukes til 51 pst. frå 2014, som varsla av Regjeringa, jf. Meld. St. nr. 2 (2012-2013).

1 Fane, George (1987), ”Neutral taxation under uncertainty”, Journal of Public Economics 33, s. 95-105.

2 Myers, Stewart C. (1974), ”Interactions of corporate financing decisions and investment decisions – implications for capital budgeting”, Journal of Finance 24, s. 1-25.

3 Summers, Lawrence H. (1987), ”Investment incentives and the discounting of depreciation allowances,” i M. Feldstein (red.), The effects of Taxation on Capital Accumulation, University of Chicago Press, Chicago, s. 295-304.

4 Bond, Stephen R. & Devereux, Michael P. (1995), ”On the design of a neutral business tax under uncertainty”, Journal of Economics 58, s. 57-71.

5 International Monetary Fund (2012), ”Fiscal Regimes for Extractive Industries: Design and Implementation”.

5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Det er ikkje gjort større endringar i investeringsfrådraga sidan petroleumsskatteutvalet si utgreiing. Dei investeringsbaserte skattefrådraga for investeringar (avskriving, friinntekt og rentefrådrag) er framleis høge. Insentiva selskapa har for å halde kontroll på investeringskostnaden er dermed svekka. Når selskapa berre dekkjer ein liten del av investeringskostnadene, fører det òg til vridingar i valet mellom investering på sokkelen eller på land, der verksemda blir skattlagt ordinært.

Regjeringa foreslår ei viss innstramming i skattlegging av petroleumsverksemda ved at friinntektssatsen blir sett ned frå 7,5 pst. til 5,5 pst. Dette kan gi selskapa rettare investeringssignal og dempe vekst i kostnadene i petroleumsverksemda. Når oljeselskapa må bere ein større del av investeringane sjølv, kan det gi auka kostnadsbevisstheit og meir av risikoen for overskridingar blir overført til selskapa. Endringa vil føre til at skattegrunnlaget i petroleumsskatten betre samsvarer med faktisk overskot frå verksemda. Det vil framleis vere eit investeringsvennleg skatteregime på sokkelen, og skattesystemet vil ikkje hindre lønsame prosjekt, jf. boks 5.2.

Berre dersom selskapa ikkje tek omsyn til at frådraga har sikker skattedekking kan investeringar som dei ser på som lønsame før skatt, bli ulønsame etter skatt. Dersom ein brukar eit høgt risikojustert krav for desse frådraga, blir dei ikkje fullstendig verdsett, og den økonomiske prosjektanalysa blir misvisande.

5.5 Nærmare om departementet sitt forslag

Departementet foreslår at friinntektssatsen i petroleumsskattelova § 5 fjerde ledd blir redusert frå 7,5 pst. til 5,5 pst. Ein foreslår ikkje å endre friinntektsperioden på 4 år. Samla friinntekt etter forslaget utgjer dermed 22 pst. av kostprisen for driftsmiddelet, rekna nominelt over frinntektsperioden. Ein foreslår inga endring i grunnlaget for friinntekt, dvs. kva driftsmiddel som kvalifiserer til friinntekt.

I § 5 femte ledd i petroleumsskattelova er det gitt ein regel om utrekning av friinntekt ved realisasjon og uttak av driftsmiddel som blir avskrivne etter § 3 b. Ved realisasjon mv. av slike driftsmiddel skal seljar rekne ut friinntekt som skal inntektsførast eller frådragsførast ved utrekninga av særskatt. Regelen inneber symmetrisk handsaming av friinntekt både på kjøparen si hand ved kjøp av driftsmiddelet og seljar si hand i skattlegging ved realisasjon. Føremålet med symmetriske reglar er at skattereglane skal verke nøytralt ved realisasjon av driftsmiddel, og i minst mogleg grad gi skattemessige insentiv eller disinsentiv til overdragingar. Dei fleste driftsmiddel som blir avskrivne etter petroleumsskattelova § 3 b blir realisert saman med tilhøyrande utvinningsløyve. Dermed blir det krevd samtykke frå Finansdepartementet til dei skattemessige verknadene av transaksjonen etter petroleumsskattelova § 10. Normalt blir det stilt vilkår om skattekontinuitet i departementet sitt § 10-samtykke, slik at det ikkje er aktuelt å bruke reglane om realisasjon i § 5 femte ledd. For at reglane ved realisasjon mv. framleis skal vere symmetriske, foreslår departementet likevel at også satsen ved utrekning av friinntekt ved realisasjon i § 5 femte ledd blir endra frå 7,5 pst. til 5,5 pst.

Departementet viser til forslag til endring i petroleumsskattelova § 5 fjerde og femte ledd.

5.6 Økonomiske og administrative følgjer

Redusert friinntektssats frå 7,5 pst. til 5,5 pst. vil auke den delen av investeringa som selskapa dekkjer etter skatt. Innstramminga vil anslagsvis auke skatteprovenyet med om lag 70 mrd. kroner målt som noverdi over perioden 2013-2050. Jamt fordelt svarer det til eit årleg beløp på i underkant av 3 mrd. 2013-kroner. Provenyauken vil vere låg dei første åra, for så å auke til om lag 4 mrd. 2013-kroner etter kvart som den lågare friinntektssatsen får full effekt. Deretter vil provenyet bli gradvis redusert som følgje av at nivået på investeringane på norsk sokkel er forventa å falle. I overslaga har departementet lagt til grunn at skattesatsen for alminneleg inntekt blir sett til 27,0 pst. og at særskatten aukes til 51 pst. frå 2014, som varsla av Regjeringa, jf. Meld. St. nr. 2 (2012-2013).

Departementet anslår at overføringane til Statens pensjonsfond utland vil auke med om lag 120 mill. kroner påløpt og om lag 60 mill. kroner bokført i 2013. Overslaget for auka skatteproveny er rekna utan å ta omsyn til at forslaget vil gjere investeringsinsentiva noko meir nøytrale.

Sjølve endringa i friinntektssatsen har avgrensa administrative effektar. Overgangsføresegna kan derimot innebere meirarbeid for selskapa og likningsstyringsmaktene i nokre år framover.

5.7 Iverksetjing

Departementet foreslår at reduksjonen i friinntektssatsen i petroleumsskatteloven § 5 fjerde ledd til 5,5 pst. skal tre i kraft med verknad for kostnader til erverv av driftsmiddel (produksjonsinnretning og røyrleidning, jf. § 3b) pådratt frå og med 5. mai 2013. Det blir likevel vist til overgangsføresegn i punkt 5.8 nedanfor for visse investeringar pådratt etter dette tidspunktet.

Med pådratt meiner ein her at det ligg føre ei ubetinga plikt til å dekkje kostnaden etter skattelova § 14-2.

For kostnader til erverv av driftsmiddel pådratt før 5. mai 2013, skal det reknast friinntekt etter gjeldande sats på 7,5 pst. for den resterande del av friinntektsperioden.

Departementet foreslår vidare at reduksjonen i friinntektssatsen i petroleumsskattelova § 5 femte ledd skal tre i kraft med verknad for realisasjon og uttak av driftsmiddel frå og med 5. mai 2013.

Departementet viser til forslag til føresegn om ikraftsetjing.

5.8 Overgangsføresegn

Finansdepartementet foreslår ei overgangsføresegn som inneber at endringa ikkje skal gjelde kostnader til erverv av driftsmiddel omfatta av plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) etter petroleumslova § 4-2 og § 4-3 innkome til Olje- og energidepartementet før 5. mai 2013.

Når det er framlagt PUD eller PAD, har selskapa kome langt i prosessen med å ta ei avgjerd om investering. Dessutan kan selskapa sine investeringsplaner etterprøvast. Selskapa kan ha sterke insentiv til å framskynde eller på anna måte endre investeringsplaner for å falle innafor overgangsføresegna. Det er nødvendig å knytte overgangsregelen til kriterie som likningsstyringsmaktene kan etterprøve. Når PUD eller PAD er innkome til Olje- og energidepartementet, er planen lagt på eit detaljert nivå.

Departementet foreslår at overgangsføresegna også skal gjelde for kostnader til erverv av driftsmiddel omfatta av søknad om fritak frå å framlegge PUD eller PAD etter petroleumslova § 4-2 sjette ledd og § 4-3 fjerde ledd, jf. § 4-2 sjette ledd, innkome til Olje- og energidepartementet før 5. mai 2013. Vidare gjeld overgangsføresegna kostnader til erverv av driftsmiddel omfatta av skriftleg underretning (søknad), innkome til Olje- og energidepartementet før 5. mai 2013, om vesentlig avvik eller endring av føresetnadene for framlagt eller godkjent plan etter petroleumslova § 4-2 sjuande ledd og § 4-3 fjerde ledd, jf. § 4-2 sjuande ledd, og der Olje- og energidepartementet godkjenner endringa eller avviket utan å krevje framlagt ny eller endra plan for godkjenning. Også i søknad om fritak for PUD eller PAD, og skriftlig underretning (søknad) som nemnt, må prosjektet ha ei nærmare omtale for å godtgjere at det er grunnlag for fritak eller godkjenning av avviket eller endringa. Ein slik omtale trengs for at likningsstyringsmaktene skal kunne fastsette kva for driftsmiddel og kostnader som fell innanfor overgangsføresegna.

Den høgare friinntektssatsen skal likevel berre gjelde kostnader som er pådratt innafor ei angitt tidsperiode. Tilleggsinvesteringar kan skje i lang tid framover innafor ramma av ein tidlegare godkjent PUD eller PAD. Det er nødvendig å ha ein absolutt sluttstrek for når overgangsføresegna skal virke. Elles ville ei overgangsføresegn gjelde i uoverskodeleg framtid. Departementet foreslår at overgangsføresegna berre skal gjelde kostnader pådratt seinast året for faktisk produksjonsstart for førekomsten, eller driftsstart for innretninga. Dersom plan eller søknad omfattar tilleggsinvestering på petroleumsforekomst som allereie er i produksjon, gjeld overgangsføresegna berre kostnader pådratt seinast i året for driftsstart for tilleggsinvesteringa. Kostnader pådratt i åra etter produksjonsstart eller driftsstart, vil få den nye friinntektssatsen.

Den faktiske gjennomføringa av ei utbygging mv. kan skilje seg noko frå den som er omtala i plan eller søknad innkome til Olje- og energidepartementet. Overgangsføresegna skal omfatte dei kostnadene som faktisk blir pådratt for å verkeliggjere utbyggingsprosjektet, sjølv om det kan vere avvik frå omtala av investeringa i planen mv. Det skal likevel i alle tilfelle gjelde ei absolutt grense framover i tid for kva for kostnader som får behalde den høgare satsen, jf. over.

Kostnader som er omfatta av overgangsføresegna får behalde gjeldande friinntektssats i friinntektsperioden (4 år).

Det kan vere naudsynt å presisere nærmare i forskrift kriteria for når overgangsføresegna skal gjelde, herunder kva som skal reknast som produksjonsstart eller driftsstart for plan eller søknad som omfattar fleire trinn eller petroleumsforekomstar mv. Ein foreslår at departementet får heimel til å fastsette forskrift til utfylling og gjennomføring av overgangsføresegna.

Departementet viser til forslag til overgangsføresegn.

Til toppen
Til forsida av dokumentet