Prop. 150 LS (2012–2013)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Heve vrakpanten og vrakpantavgifta

Oppsamlingssystemet for bilvrak skal sørgje for at køyretøy blir samla inn og tatt hand om på ein forsvarleg måte. Ordninga blei innført i 1978 og gjeld i dag mellom anna personbilar, campingbilar, snøscooterar og minibussar. Ved levering av køyretøy til godkjente oppsamlingsplassar blir det utbetalt vrakpant. Føremålet med ordninga er å motivere til at køyretøya blir levert inn til godkjente oppsamlingsplassar. Vrakpanten er no heva to år på rad. Vrakpanten blei heva med 500 kroner både frå 1. januar 2012 og frå 1. januar 2013. Vrakpanten er no på 2 500 kroner per køyretøy.

Utbetalt vrakpant blir motsvara av vrakpantavgifta, som er ein del av eingongsavgifta. Vrakpantavgifta er no på 2 000 kroner per køyretøy. Vrakpantavgifta er lågare enn vrakpanten fordi talet på nye registreringar er høgare enn talet på køyretøy som blir vraka.

Regjeringa foreslår å heve vrakpanten med 500 kroner frå 1. juli 2013. Vrakpanten vil etter dette vere på 3 000 kroner per køyretøy. Dette vil auke motivasjonen til å levere inn utrangerte køyretøy til godkjente oppsamlingsplassar. Departementet reknar med at auken i vrakpanten vil auke utbetalingane av vrakpant med 32,5 mill. kroner i 2013, sjå Prop. 149 S (2012-2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013. Det er ein auke på 65 mill. kroner for eit heilt år. Auken i utbetalingar blir motsvara av å heve vrakpantavgifta med 400 kroner frå 1. juli 2013, sjå forslag til avgiftsvedtak om eingongsavgift § 2. Forslaget er dermed provenynøytralt.

Til forsida