Prop. 150 LS (2012–2013)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

8 Eingongsavgift på ladbare hybridbilar

I eingongsavgifta for nye bilar er det gitt ei særlig lemping i avgifta for hybridbilar (bilar som nyttar både elektromotor og forbrenningsmotor) ved at vekta av elektromotor og batteri, samt effekten frå elektromotoren ikkje er med i berekningsgrunnlaget. Praktiske årsaker gjer at frådraget for vekta av elektromotor og batteri er satt til 10 pst. av vekta på hybridbilen.

Dagens frådrag på 10 pst. av vekta på hybridbilar er nok svært gunstig for dei aller fleste vanlege hybridbilar. Departementet sin gjennomgang tyder på at vanlege hybridbilar i gjennomsnitt er omtrent 5 pst. tyngre enn tilsvarande bilar med berre forbrenningsmotor. Regjeringa vil likevel ikkje foreslå endringar i regelverket for vanlege hybridbilar.

Ladbare hybridbilar, det vil seie hybridbilar som kan ladast frå straumnettet, har dei same fordelane i eingongsavgifta som vanlege hybridbilar. Ladbare hybridbilar har ofte større og tyngre batteri enn vanlege hybridbilar, men får det same vektfrådraget på 10 pst. som vanlege hybridbilar. Det er foreløpig få ladbare hybridbilar på den norske marknaden. Det er derfor vanskelig å samanlikne vekta på desse med vekta på bilar med berre forbrenningsmotor. At dei ladbare hybridbilane ofte har tyngre batteri enn vanlege hybridbilar talar likevel isolert sett for eit auka frådrag for dei ladbare hybridbilane.

Regjeringa har sett ambisiøse mål i Klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk). Det er mellom anna sett eit mål om at gjennomsnittleg CO2-utslepp frå nye personbilar ikkje skal overstige 85 g/km i 2020. For å motivere til val av ladbare hybridbilar, som oftast har svært låge utslepp, vil Regjeringa auke vektfrådraget for dei ladbare hybridbilane til 15 pst. frå 1. juli 2013. Endringa blir gjennomført i forskrift.

Forslaget inneber at eingongsavgifta for dei ladbare hybridbilane på marknaden no vil bli mellom 3 000 og 20 000 kroner lågare. Nokre ladbare hybridbilar kjem ned i den lågaste eingongsavgifta på omtrent 3 600 kroner. Departementet reknar med at endringa vil gi eit provenytap på omtrent 10 mill. kroner påløpt og 8 mill. kroner bokført i 2013. Dette utgjer 20 mill. kroner i heilårsverknad. Provenytapet kan bli større over tid dersom slike bilar får ein større del av marknaden.

Til forsida