Prop. 150 LS (2012–2013)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

2 Trygdeavgift for fiskeri m.m.

Av inntekt frå verksemd skal ein som utgangspunkt svare trygdeavgift med høg sats - 11 pst. Med heimel i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 23-5 første ledd kan Stortinget avgjere at ei produktavgift heilt eller delvis skal erstatte mellom anna trygdeavgift. I samsvar med dette er det i stortingsvedtak 27. november 2012 nr. 1215 fastsatt at trygdeavgift over 7,8 pst. av pensjonsgivande inntekt frå fiskeri-, kval- og selfangstnæringa skal bli dekt av produktavgifta. Produktavgifta skal dessutan også dekke arbeidsgivaravgift på hyre, kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidsledige i næringa. Satsen for 2013 er sett til 2,6 pst.

Folketrygdlova § 23-3 andre ledd omhandlar kva for ein trygdeavgiftssats som gjeld for ulike former for inntekt. Av folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 3 følgjer at ein skal svare høg sats av personinntekt fastsett etter skattelova § 12-2, og som ikkje går inn under folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 1 eller 2. Folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 2 c gjeld inntekter frå fiske. Føresegna gjeld etter ordlyden personinntekt fastsett etter skattelova § 12-10, dvs. berekna personinntekt frå enkeltpersonføretak.

Etter lov 21. juni 1985 nr. 83 om ansvarlige selskap og kommandittselskap § 2-26 kan deltakar i deltakarlikna selskap som tek del i forvaltninga av selskapet eller på annan måte yter arbeidsinnsats i selskapet, ha krav på å få utbetalt ei særskilt godtgjersle for dette. Godtgjersla blir handsama som ein driftskostnad med rett til frådrag hos selskapet, og normalt som skattepliktig inntekt frå verksemd hos deltakaren. Etter lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt § 12-2 første ledd bokstav f, blir slik godtgjersle rekna som personinntekt. Godtgjersle frå deltakarlikna selskap er ikkje nemnt i folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 1 eller nr. 2, og trygdeavgift skal derfor i utgangspunktet bli rekna med høg sats, jf. folketrygdlova § 23–3 andre ledd nr. 3.

Praksis ved likning er at også arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap innan fiskerinæringa har trygdeavgift med mellomsats. Denne praksisen sikrar lik handsaming av inntekt frå fiskeriverksemd ved fastsetjing av trygdeavgift. Det blir lagt til grunn at ein slik praksis er i samsvar med Stortingets vedtak om fastsetjing av avgifter mv. til folketrygda, der det går fram at avgift på fiske skal vere 7,8 pst. (mellomsats), jf. Stortingsvedtaket av 27. november 2012 nr. 1215 om produktavgifta for 2013.

Departementet foreslår at ordlyden i folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 2 blir presisert slik at det går uttrykkeleg fram at også arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap i fiskerinæringa skal ha trygdeavgift med mellomsats. Det blir vist til forslag til endring i folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 2 ny bokstav f. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2013.

Til forsida