Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 4
Særlege tema

4 Ein sektorovergripande klima- og miljøpolitikk

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorane har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å bidra til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. For ein omtale av regjeringas samla klima- og miljørelevante saker, sjå fagproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Mangfaldige skogar

I skogbruket står mellom anna arbeidet med skogbruksplanlegging, prosjektet Miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og Landsskogtakseringa, i tillegg til FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald, sentralt. Død ved er viktig for det biologiske mangfaldet, og årleg aukar mengda død ved med om lag 3 mill. kubikkmeter i dei norske skogane, mellom anna som følgje av at hogsten berre er rundt halvparten av tilveksten. Areala med gammal skog i Noreg har vore aukande i lang tid.

Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er to viktige tilnærmingar for å ta vare på naturmangfaldet i skogen.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2017 støtte til vidare arbeid med MiS-prosjektet, som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,6 mill. kroner til dette arbeidet for 2017. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane.

Det er til no sett til side livsmiljø med eit samla areal på omkring 900 000 dekar. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er typesystemet Natur i Noreg (NiN) hos Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å beskrive variasjon i naturen og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 arbeidet med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for MiS. I 2017 lanserte Landbruksdirektoratet ei ny rettleiing for MiS-kartlegging med bruk av NiN, og alle prosjekt som startar opp etter juni 2017, skal bruke den reviderte MiS-metodikken. Kartlegging i område som tidlegare ikkje er kartlagde og som er starta opp etter denne datoen, er no under planlegging, og feltarbeidet kjem for fullt i 2019.

Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Attgroing, deling og nedbygging av kulturlandskapet er eit trugsmål mot naturmangfaldet, særleg i artsrike naturtypar som slåttemyr, slåttemark og beitelandskap. Kulturlandskap og verdifulle naturverdiar i landbruksområde skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det skal leggjast til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakker. I 2017 blei det gjennomført tiltak hos 20 179 føretak for 435,7 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre attgroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Om lag 55 pst. av dei lokale midlane til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 41 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureininga av vatn.

Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet om ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket held fram. Den 1.1.2017 tok ei ny forskrift om tilskott til Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap til å gjelde. I jordbruksavtalen 2018 auka midlane til verdsarvområda Vegaøyan og Vest-norsk fjordlandskap med 2 mill. kroner og midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 3 mill. kroner, slik at det i alt blei sett av 18,5 mill. kroner for 2019.

I 2016 bad Stortinget om at ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket skulle utvidast fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet gav våren 2017 tilslutning til å peike ut ti nye område basert på forslag frå Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Riksantikvaren. Direktorata har òg fått i oppdrag å gjere framlegg om ytterlegare nye område som kan inngå i ordninga i perioden 2018–2020 og i 2018 blei ni område peika ut. Med midlane over Jordbruksavtalen og over budsjettet til Klima- og miljødepartementet er det sett av nær 30 mill. kr til Utvalde kulturlandskap i jordbruket for 2018, der ein tek vare på store miljøverdiar som biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø.

Beiting i utmark er viktig for å ta vare på kulturlandskapet og for mange plante-, sopp- og dyreartar. Ein større del av tilskotta er dei seinaste åra blitt retta inn mot beiting. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau beitar. Det var registrert om lag 2,4 mill. beitedyr i utmark i 2016. Talet på sau på utmarksbeite har variert mellom 1,9 og 2,1 mill. i perioden 2000–2016. Talet på storfe på utmarksbeite har auka frå 230 000 i 2000 til 250 000 i 2016. Ser ein på perioden frå 2000 til 2016, auka talet på beitedyr med 4 pst. Samanlikna med 2014 auka talet med 7,3 pst. Prinsippet om differensiert forvaltning i rovdyrforliket frå 2011 vil påverke utmarksbeite for sau i prioriterte rovdyrområde.

Kulturlandskapet i jordbruket inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, frå gravhaugar og rydningsrøyser til bygningar, vegfar og steingjerde. Landbruket er ein viktig kulturberar gjennom vidareføring av kunnskap om tradisjonell byggjeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkskompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta, som til dømes pløying, grøfting og nydyrking, kan utgjere eit trugsmål mot kulturminne. Det gjeld spesielt automatisk freda kulturminne, både over og under bakkenivå.

Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Varetaking av kulturminne er ei prioritering for SMIL- og RMP-midlane, og i tillegg bidreg midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket til bevaring og bruk av kulturminne.

Genetiske ressursar

Genetiske ressursar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheita i verda. Landbruks- og matdepartementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av dei genetiske ressursane i landbruket gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet. For å sikre tilgang av funksjonelle husdyr til klimasoner og produksjonsformer som ein har i dag, og som ein kan få i framtida, er det viktig å ta vare på ein stor variasjon innanfor og mellom husdyrrasar. Norsk genressurssenter har vurdert dei gamle husdyrrasane i Noreg. Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg, er 20 i kategorien «kritisk truga» i 2017. Fire av storferasane og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare ni rasar blir rekna som «truga». Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Den samla summen av bevaringsverdige kyr aukar jamt for kvart år. Sjølv om det samla talet aukar, hadde Telemarksfe ein nedgang på 34 avlskyr i 2017.

Svalbard globale frøhvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikkerheitskopiar av frøa i verdas genbankar. I 2017 la 14 institusjonar inn 64 403 nye sikkerheitskopiar av frø. Ved utgangen av 2017 romma frølageret om lag 900 000 sikkerheitskopiar av frø frå 73 institusjonar verda over. I 2015 blei det for første gongen henta ut frø frå frøkvelvet. The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA) i Aleppo i Syria bad om å få tilbake 128 boksar med frø som dei har lagra på Svalbard. I februar 2017 hadde dei dyrka fram nye frø og var i stand til å sende nye friske frø tilbake til Svalbard og i september henta dei tilbake fleire frøkasser. Meir enn ein tredel av alt mangfaldet av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er sikra i Svalbard globale frøhvelv.

Jordvern

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa den 8.12.2015, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140, 8. desember 2015, som blei vedteke i samband med handsaminga, fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponeringa av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2017 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 4 025 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark auka frå 21 612 dekar i 2016 til 22 702 dekar i 2017. I alt blei 958 søknader handsama i 2017. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 17 000 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. I perioden 1999–2016 er det estimert ein reduksjon på vel 5 pst. ifølgje berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket. Denne nedgangen kjem i stor grad av at eit nytt kartgrunnlag gir eit meir oppdatert og nøyaktig areal enn tidlegare, men òg av at areal har gått ut av drift i den aktuelle perioden. Godkjent nydyrka areal har sidan 2010 vore meir enn dobbelt så stort som den varige omdisponeringa av dyrka jord, noko som bidreg til å redusere denne nedgangen i totalarealet.

Sjå òg omtale i del 3.

Aktivt friluftsliv

Landbruksareala utgjer ein stor del av arealet i landet vårt og har store verdiar knytte til natur og kulturarv. Skogen, utmarksareala, vegane og stiane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Regjeringa la i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak. Dette er eit bidrag frå landbruket til oppfølginga av reiselivsstrategien til regjeringa, Destinasjon Noreg. Statskog SF har ei viktig rolle i å leggje til rette for friluftsliv på statsgrunn.

Plantevernmiddel

Kjemiske plantevernmiddel kan ha uønskte verknader på helse og miljø. Handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmiddel gjeld i perioden 2016–2020. Planen fastset mål og tiltak for å redusere risiko for helse og miljø ved bruk av plantevernmiddel og for å redusere bruken av slike middel. Handlingsplanen legg mellom anna vekt på auka kunnskap om rett bruk av plantevernmiddel og alternativ til kjemiske plantevernmiddel.

Forureining

Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til å auke utfordringa med avrenning.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men verknaden på vassdraga er ikkje så stor som venta. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har ført til meir avrenning, som skjuler verknaden av tiltaka.

I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp sektoransvaret, mellom anna ved å setje i verk nødvendige tiltak i landbruket. Forvaltningsplanar for alle vassområda blei godkjende av Klima- og miljødepartementet i 2016 med ny gjennomføringsperiode 2018–2021. Det er behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i utsette vassdrag med mykje jordbruk. Dette blir følgt opp med forsterka innsats med miljøverkemidla over jordbruksavtalen.

Noreg har eigne utslepp av luftforureining, og mottek også utslepp frå andre land. Gjennom samarbeid innanfor Gøteborgprotokollen og direktivet om nasjonale utsleppstak (NEC-direktivet) arbeider Noreg for å avgrense slike utslepp. Vi har framleis store utslepp av nitrogenoksid, og mykje svovelsambindingar frå andre land. Desse kjeldene har likevel minka i løpet av dei siste tiåra. Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining går no ut på å redusere utsleppa av ammoniakk (NH3) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen og NEC-direktivet. I 2016 var desse utsleppa 23 pst. over nivået på 23 000 tonn som Noreg har forplikta seg til ikkje å overskride. Førebelse tal publisert av Statistisk sentralbyrå 1.8.2018 viser at utsleppa var på same nivå i 2017. Dei høge utsleppstala har ikkje vore kjende lenge, men har komme til syne etter metodeendringar der utsleppstala har blitt oppjusterte.

Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer ved lagring og bruk av gjødsel i landbruket. Det er sett i gang ein gjennomgang av gjødselregelverket. Eit av formåla med gjennomgangen er å redusere utslepp til luft.

Over jordbruksoppgjeret finst støtteordningar for å ta betre vare på gjødsla under lagring og spreiing. I jordbruksoppgjeret 2018 blei tilskott til miljøvennleg spreiing over regionale miljøprogram styrkte. Gjennom investeringsordninga SMIL er det opna for støtte til å installere dekke på opne gjødselkummar.

Økologisk mat

Forbrukarane etterspør i aukande grad økologiske produkt. Økologisk jordbruk har påverka praksisen i den konvensjonelle jordbruksdrifta på ulike område. Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje økologisk produksjon.

Regjeringa la våren 2018 fram ein strategi for økologisk jordbruk, som blei handsama av Stortinget, jf. Prop. 94 S (2017–2018) og Innst. 404 S (2017–2018). Det blir lagt til grunn at økologisk produksjon og forbruk må skje med utgangspunkt i marknaden og etterspørselen etter økologiske produkt. Målet er å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurd i marknaden.

I 2017 utgjorde arealet i økologisk drift om lag 4,4 pst. av det samla jordbruksarealet i Noreg, 4,8 pst. medrekna karensarealet. Omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel auka med om lag 8 pst. frå 2016 til 2017. I alt blei det omsett for om lag 2,6 mrd. kroner i 2017 tilsvarande 1,9 pst. av totalmarknaden.

Klimautfordringa

Regjeringa vil nå klimamåla for landbrukssektoren, både jordbruks- og skogsektoren, gjennom iverksetjing av tiltak som følgjer av regjeringsplattforma og klimaforliket. Det er sett ned eit teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket. Jordbruksorganisasjonane og regjeringa er i dialog om ei avtale om reduserte klimagassutslepp frå sektoren.

Skogen og andre areal står for eit høgt netto opptak av CO2 tilsvarande 24,3 mill. tonn i 2016. Det er ein auke på 16,6 mill. tonn frå 1990. Klimagassutsleppa frå jordbruket er først og fremst metan og lystgass frå husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Utsleppa frå norsk jordbruk utgjorde om lag 8,4 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2016 (4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar av i alt 53,3 mill. tonn). Sidan 1990 er utsleppa frå jordbruket reduserte med om lag 5,4 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til reduserte klimagassutslepp, redusert behov for mineralgjødsel og betre vassmiljø. Endra jordarbeiding er eit sentralt tiltak innanfor RMP som både reduserer klimagassutsleppa og betrar vassmiljøet. Oppslutninga om miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel som er spesielt innretta mot å redusere utslepp til luft, har auka vesentleg dei seinaste åra.

I dag er det nokre få gardsbaserte biogassanlegg i drift i Noreg. Desse svarer til bruk av om lag 1 pst. av gjødsla. Gjennom Klima- og miljøprogrammet, programma BIONÆR og ENERGIX til Forskingsrådet, Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket og pilotordninga for biogass, som blir forvalta av Innovasjon Noreg, blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen og dermed redusere klimagassutsleppa frå norsk jordbruk.

Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne vere til skade for avlingar og føre til auka erosjon. Med eit varmare og våtare klima vil dessutan nye sjukdommar og skadegjerarar kunne etablere seg i Noreg og gjere stor skade i plantedyrkinga og påverke skog, kulturlandskap og naturmangfald. Eit aukande problem med sjukdom og skadegjerarar kan føre til auka bruk av plantevernmiddel som har negative verknader på helse og miljø. Generelt ligg Noreg likevel i den delen av Europa der klimaendringane også vil kunne gi nokre gevinstar for landbruket. Tilpassing av landbruket til klimaendringane er avgjerande for å førebyggje og avgrense skadane frå både ekstremvêr og gradvise endringar, og samstundes oppnå ein mogleg auke i produksjonen som følgje av høgare temperatur og lengre vekstsesong. Ein føresetnad for dette er at det blir teke i bruk planter og sortar som kan utnytte ei lengre veksttid. Høgare temperatur og lengre veksttid kan òg gi grunnlag for nye og meir varmekrevjande produksjonar, som til dømes meir haustsådd korn og matkornproduksjon i område der kort veksttid hindrar dette i dag. Lengda på dagen vil likevel vere ein avgrensande faktor, sjølv om ein temperaturauke opnar for lengre vekstsesong. Dette vil slå sterkast ut i Nord-Noreg. I område der redusert sommarnedbør ikkje gir underskott på markvatn, vil ein lengre vekstsesong i kombinasjon med auka CO2-innhald i lufta gi grunnlag for auka tilvekst av skog.

Skog og klima

Netto CO2-opptak i norske skogar har lege på mellom 26 og 36 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg dei siste åra. Det høge talet har samanheng med at avverkinga i norske skogar har lege nokså stabilt rundt 10 mill. kubikkmeter, sjølv om tilveksten stadig har auka. Dei siste åra har avverkinga vore på under halvparten av tilveksten. Ut frå ressursgrunnlaget er det mogleg å auke det årlege hogstkvantumet til om lag 15 mill. kubikkmeter tømmer utan at omsynet til det biologiske mangfaldet blir skadelidande. Skogen er den viktigaste råstoffkjelda til bioenergi som kan erstatte fossile utslepp. Auka avverking av fornybart skogråstoff vil mellom anna krevje meir hogst av lauv- og furutre i område med lågare økonomisk avkastningsevne. Mykje av skogen som kan avverkast dei næraste 40–50 åra ligg i område med manglande vegdekning og vanskelege driftsforhold. Eit lønsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Regjeringa gjer framlegg om å halde fram med tilskott til dei tre tiltaka for auka karbonopptak i skog, respektive tettare planting, gjødsling og planteforedling i 2019. Klimatiltak i skog vil først ha ein verknad på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO2, med unntak av gjødsling, der ein vil sjå resultat allereie etter ti år. Det er difor vanleg å sjå på den potensielle verknaden i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført, vil verknaden komme gradvis utover i omløpet. Kor stor effekten vil vere i form av auka CO2-opptak, vil vere avhengig av kor lenge tiltaka varer og graden av opptrapping. Dei tre tiltaka er estimerte til potensielt å kunne medverke til eit årleg auka opptak på 3–3,3 mill. tonn CO2 i eit langsiktig perspektiv.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

Landbruks- og matdepartementet har i samsvar med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar, innført eit miljøleiingssystem i departementet. Departementet blei EMAS-registrert i mars 2016. EMAS (Eco Management and Audit Scheme) er EUs frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Ordninga starta i 1993 og er eit tilbod til føretak og til statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar som ønskjer å programfeste mål for å ta vare på miljøet i produksjon og tenesteyting. Gjennom EØS-avtalen kan òg norske verksemder delta.

I denne samanhengen er departementet særleg oppteke av miljøaspekta knytte til anskaffingar av varer og tenester, transport og forbruk av energi og papir. Til hjelp i dette arbeidet er det utarbeidd ei miljøhandbok og ein mål- og handlingsplan. Tiltaka i handlingsplanen er implementerte. Det blei gjennomført ekstern revisjon av systemet hausten 2017 utan særlege merknadar.

5 Nasjonal oppfølging av berekraftmål 2

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere den nasjonale oppfølginga av berekraftsmål 2 om å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk». Landbruk omfattar i denne samanhengen all matproduksjon, inkludert fiskeri og havbruk. Regjeringas mål og bruk av verkemiddel i den nasjonale landbruks- og matpolitikken, helse- og sosialpolitikken og fiskeripolitikken oppfyller i stor grad berekraftsmål 2.

Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og merknadene frå Stortinget til meldinga utgjer dei politiske hovudrammene for landbruks- og matpolitikken. Regjeringa og Stortinget har ambisiøse mål for jordbrukspolitikken, basert på større og meir effektiv matproduksjon. Norsk mat skal framleis vere trygg, og den høge standarden for dyrevelferd og dyrehelse skal haldast ved like. Regjeringa legg til grunn at dette skal bidra til å møte krava til pris, kvalitet og mangfald frå forbrukarane og marknaden. Ernæringsstatusen til innbyggjarane i Noreg er god. Det er likevel utfordringar, primært knytte til ernæringsfattige diettar og mangel på fysisk aktivitet. Til grunn for arbeidet med ernæring ligg kostholdshandlingsplanen frå regjeringa for perioden 2017–2021. I planen er det mellom anna tiltak for skolar, barnehagar og helsetenesta. Det offentlege og industrien samarbeider godt om tiltak for betre helse og ernæring.

Miljø- og klimautfordringar står sentralt i innsatsen for matsikkerheit i eit berekraftsperspektiv. Evna til å tilpasse seg klimaendringane i åra som kjem, vil vere avgjerande viktig for landbrukssektoren for å nå delmål 2.4 om berekraftige matproduksjonssystem. Regjeringa har vedteke at Noreg skal redusere utsleppet av klimagassar med 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990.

Regjeringa sette i november 2017 ned eit teknisk berekningsutval for klimagassutslepp i jordbruket. Utvalet skal ha ei verketid frå 9.11.2017 til 1.7.2019 og skal gi faglege råd om korleis eksisterande berekningar av utslepp og rapporteringsrutinar eventuelt kan forbetrast. Vidare skal utvalet sjå nærare på metodar for korleis den samla utsleppsrekneskapen for jordbruket kan utviklast vidare og synleggjerast betre.

Betre ressursutnytting i heile verdikjeda, også reduksjon av matsvinn, er eit viktig mål for regjeringa. Matsvinn blir følgt opp under berekraftsmål 12. Ein bransjeavtale om redusert matsvinn blei underteikna 23.6.2017 av fem departement og representantar for alle ledd i matverdikjeda. Avtalen er eit viktig nasjonalt tiltak for å redusere matsvinnet og inneber ei felles forplikting om å redusere matsvinnet med 50 pst. innan 2030.

Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, og bidreg òg til å ta vare på ville slektningar av kulturplanter. Noreg er part til konvensjonen om biologisk mangfald og Nagoya-protokollen, som òg er ein del av den internasjonale ramma for arbeidet med genressursar. Noreg har òg ansvar for Svalbard globale frøhvelv som er eit viktig bidrag til global forvaltning av plantegenetisk mangfald. Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar innan vekstar, husdyr og skogstre og samordne arbeidet for å ta vare på ville kulturplanter.

Internasjonal oppfølging

Internasjonalt blir berekraftsmål 2 følgt opp gjennom arbeidet i FAO og WHO med matsikkerheit, mattryggleik, ernæring og helse. Noreg bidreg til utrydding av svolt og utvikling av landbruk, fiskeri og havbruk i u-land. Over bistandsbudsjettet støttar Noreg moglegheitene for fattige i utviklingsland til større inntekter og betre ernæring gjennom verdiskaping i jordbruk, skogbruk og fiskeri og gjennom styrkt forvaltning. Ressursane for matproduksjon må takast vare på. Retten til mat som ein menneskerett, og vektlegging av likestilling er grunnleggjande for norsk bistandspolitikk. Noreg arbeider gjennom WTO for meir rettferdige globale handelssystem for matvarer.

6 Fornye, forenkle og forbetre

Regjeringa byggjer politikken sin på målet om ein mest mogeleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Dei seinare åra er det difor lagt vekt på å utvikle støtteordningar, reguleringar og organisering av forvaltninga som er enklare, meir målretta og som gir betre gjennomføringskraft i politikken for landbruks- og matsektoren. I jordbruksoppgjera er det mellom anna gjennomført 40 forenklingstiltak. Desse forenklingane består av endringar av regelverk og støtteordningar, og fjerning av avgrensingar som har hindra ei effektiv utnytting av kapasiteten i næringa. For å forenkle eigedomslovgivinga i landbruket er priskontrollen for reine skogeigedommar fjerna, og arealgrensa for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odlingsjord er heva. Med denne endringa må færre søkje konsesjon og færre får buplikt. Endringane fører til forenklingar i regelverket og ei styrking av den private eigedomsretten. Dette inneber mindre ressursbruk for forvaltninga og dei næringsdrivande.

I den politiske plattforma for den utvida regjeringa frå januar 2018 går det fram at regjeringa vil jobbe for ytterlegare forenklingar på politikkområdet landbruk og mat. Regjeringa vil mellom anna gjennomføre fleire forenklingar som reduserer byråkratiet og gjere kvardagen enklare for bonden, i tillegg til å gi bonden større næringsfridom. Vidare vil regjeringa liberalisere regelverket for foredling på eigen gard.

Landbruks- og matdepartementet jobbar no med oppfølginga av regjeringserklæringa, både gjennom dei årlege jordbruksoppgjera og andre prosessar rundt lover, forskrifter og andre tiltak. Målet er ytterligare forenkling, forbetring og fornying i tråd med det som er vedteken politikk for landbruks- og matsektoren.

Forenklingar og forbetringar i underliggjande verksemder

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet arbeider kontinuerleg med IKT-utvikling for å gjera fagsystema meir brukarvennlege både for næringsutøvarar og forvaltning. Det nye fagsystemet for produksjonstilskotta og avløysartilskottet blei teke i bruk våren 2017, med den første utbetalinga i februar 2018. Systemet forenklar søknadsprosessen vesentleg for brukarane og gir gevinstar i handsaming og kontroll av søknadene fram til utbetaling. Systemet er òg meir driftssikkert og næringa får ein betydeleg del av tilskottsmidla utbetalt tidlegare på året. I 2019 vil direktoratet halde fram arbeidet med å vidareutvikle datasystema, mellom anna innanfor skogbruk, reindrift, kvoteordninga for mjølk, importvern og RÅK, og ordningar under Landbrukets utviklingsfond.

Norsk institutt for bioøkonomi

Frå 1. januar 2019 vil NIBIO skifte ut dei administrative støttesystema sine. Nye løysingar dekkjer viktige område som økonomi, rekneskap, prosjekt, løn, timeregistrering, reiserekningar og personalområdet. Tiltaket skal gi betre internkontroll, meir automatiserte arbeidsprosessar og minka ressursbruk på det administrative området. På det faglege planet er NIBIO i gang med eit arbeid med å utvikle forenkla og meir kostnadseffektive metodar for miljøregistreringar i skog. NIBIO har også utvikla eigne kartløysingar for mellom anna skognæringa, samla i Skogportalen. Skogressurskartet, vil etter at det er oppdatert etter den nasjonale høgdemodellen, bidra til vesentleg rasjonalisering for næring og forvaltning når det gjeld å få gode ressursoversikter på mindre geografiske einingar.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet undersøkjer prøver frå dyr, fôr og mat. Alle prøvene blir registrerte i prøvejournalsystemet (PJS), som inkluderer journalføring, analysar, resultat, rapportering og fakturering. Dei forbetra tenestene blei tilgjengelege i 2017. Elektronisk prøvesvar og innsendingsskjema (EPI) er ei webløysing som gjer det mogleg for eksterne brukarar å registrere og følgje prøver, ta i mot varslingar og lese prøvesvar. Helsedata på web (EOS) er ei webløysing som gir Mattilsynet, eggpakkeri og fjørfeslakteri raske og forenkla prøvesvar frå overvakingsprogramma og enkelte andre prøver. Systemet er under kontinuerleg utvikling, og Veterinærinstituttet har planar om å utvikle vidare datautveksling med eksterne brukarar, noko som vil auke servicegraden for brukarane, og auke kvaliteten på sakshandsaminga av innsende prøver. Nye analysemaskiner skal knytast opp mot PJS, noko som vil spare tid og bidra til betre kvalitetssikring.

Mattilsynet

Mattilsynet har sett i verk fleire viktige utviklingsprosjekt knytte til arbeidsmetodane sine. Digitalisering skal forbetre måten Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget sitt på. Målet for Mattilsynet er å bruke teknologien til dei oppgåvene dei løyser best, og bruke menneskelege ressursar og skjønn til komplekse problem og til rettleiing. Mattilsynet har starta eit prosjekt for betre utnytting av eigne data frå kjøttkontrollen, husdyrnæringane og data frå slakteria. Nye dataterminalar blir prøvde ut ved slaktelinene i sju slakteri. Terminalane gjer kjøttkontrollarbeidet meir effektivt, og dataa blir meir pålitelege. Løysinga gir også betre moglegheit til å prioritere prøveuttak og kjøttkontroll der det gir best effekt. Vidare har Mattilsynet sett i verk fleire tiltak for å effektivisere tilsyna. Døme på det er tilsyn baserte på gjennomgåande risikoklassifisering, metodikk for å avslutte tilsyn på staden og ei meir effektiv og systematisk handtering av prøvedata frå analysar.

7 Likestilling

Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Gode og funksjonelle velferdsordningar i landbruket er viktig for å bidra til rekruttering og å oppretthalde eit landbruk over heile landet. I jordbruksavtalen for 2019 blei partane samde om ein betydeleg auke (80 mill. kroner) i tilskott til avløysing ved ferie og fritid, og ved sjukdom, svangerskap og fødsel mv.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2017 var 38 200 verksemder med personleg brukar (dvs. organisert som enkeltpersonføretak). Av dei var 15,7 pst. kvinner. Talet på jordbruksføretak drivne av kvinner var 15,6 pst. i 2016, 14,4 pst. i 2010 og 12,9 pst. i 1999. Sidan berre èin person kan stå oppført som søkjar per føretak og mange kvinner deltek i drifta på føretak som søker om tilskott som ansvarleg selskap, aksjeselskap mv. gir ikkje denne statistikken eit rett bilete av i kor stor grad kvinner er involverte i drifta av norske jordbruksføretak. Det er difor sannsynleg at det er fleire aktive kvinner i drifta enn det statistikken over enkeltpersonføretak skulle tilseie.

Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar auka noko. I følgje Budsjettnemdas tal frå SSB, var det i 2016 om lag 163 000 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, og det er om lag 2 300 færre enn i 2012. På 69 pst. av eigedommane er det mannleg eigar, mens kvinner eig 25 pst. av eigedommane i 2016. På dei resterande eigedommane er eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar, ein personleg eigar som er død eller at eigaren ikkje er oppgitt. Gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er høgare enn for menn. Derimot er kvinner som driv jordbruksbedrifter gjennomgåande litt yngre enn menn. Gjennomsnittsalderen for kvinnene er i 2017 på 48,4 år, noko som er 3,5 år lågare enn for menn. Kvinnelege brukarar er i gjennomsnitt 12 år yngre enn alle kvinnelege eigarar. Det kan difor over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølv. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperioden. Det er vanlegare med høgare utdanning for nye eigarar blant kvinner enn blant menn, og i aldersgruppa under 39 år har 48,4 pst. av kvinnene og 18,8 pst. av menn utdanning på universitets- og høgskolenivå.

Innanfor det tradisjonelle jordbruket er kvinnedelen høgast blant bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinnedelen er lågast mellom produsentar som driv med storfe, både mjølk og kjøtt og berre mjølk. Kvinner driv generelt jordbruksbedrifter med mindre areal enn menn.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar innanfor lokalmat, reiseliv, velferdstenester med garden som arena til skole, omsorg og arbeid (Inn på tunet) og serviceyting generelt vore god. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte ein annan kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane.

Kvinner har i fleire år blitt prioriterte ved tildeling av midlar over jordbruksavtalen til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar) i landbruket. Kvinneretta tiltak er definert som tiltak som primært har kvinner som målgruppe, gir sysselsettjing hovudsakeleg for kvinner eller har kvinnelege søkjarar. Prosentdelen kvinnelege mottakarar av investerings- og bedriftsutviklingstilskott er framleis høg, særskild innanfor landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Prosentdelen av tilsegna til kvinner innan bygdenæringar auka frå 74 pst. i 2016 til 79 pst. i 2017. Prosentdelen løyvingar til kvinneretta tiltak innan tradisjonelt jord- og hagebruk var i 2017 på 44 pst., ned frå 46 pst. i 2016.

Innovasjon Noreg peikar i rapporten sin for 2017 på at årsaka til ein relativt stor prosentdel kvinneretta tilsegner innanfor landbruksbaserte næringar kan vere ei medviten satsing på kvinnetiltak med handlingsplanar, eit godt fungerande nettverk og informasjons- og mobiliseringsarbeid.

Landbruks- og matdepartementet har bedt Innovasjon Noreg om å arbeide vidare for å auke kvinnerepresentasjonen i styre og i leiinga for verksemder som tek imot støtte, og å synleggjere statistikk knytt over utviklinga innanfor aktuelle program og tenester. Det blir rapportert på resultatmål og resultatindikatorar som vedkjem kvinner og kvinneretta tiltak.

Dei fylkesvise midlane til rekruttering og kompetansebyggjande tiltak er retta inn mot næringsutøvarar med mål om å bidra til auka verdiskaping i landbruket. Midlane skal òg nyttast til likestillingstiltak i næringa. For 2017 rapporterte fleire fylkeskommunar at midlane mellom anna blei nytta til kvinneretta tiltak som til dømes eigne ammekukurs og sauekurs for kvinner, og til ulike kvinneprosjekt som «Jenter i landbruket» og «Kvinner kan».

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar. I 2016 var 73 kvinner innehavar av sin eigen siidaandel, noko som utgjer 14 pst. av i alt 537 siidaandelar. Hovuddelen er mellom 31 og 50 år. I alt blir 149 årsverk utførte av kvinner i reindrifta. Dette er en reduksjon på 9 årsverk samanlikna med det førre driftsåret. Av meldingar om reindrift går det fram at kvinner eig 24 pst. av det samla reintalet i Noreg. Avtalepartane er samde om å nytte dei ulike verkemidla som finst for å fremje likestilling i reindrifta. Arbeidet har som mål å oppnå likestilling i eit langsiktig perspektiv, og det er viktig at ein arbeider kontinuerleg med målretta tiltak. Gjennom reindriftsavtalen har reindriftskvinner høve til å søkje om midlar til kvinneretta tiltak. Likeeins kan Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) søkje om midlar til utviklingsprosjekt. Det er viktig at NRL legg til rette for fleire kvinner i eigen organisasjon. Det gjeld både i NRL sitt styre og i lokallaga. Krav om at prinsippa i likestillingslova om kjønnsrepresentasjon ved oppnemning og val skal gjelde som grunnlag for tildeling av støtte til organisasjonen, er førte vidare i Reindriftsavtalen 2018/2019. I samanheng med forhandlingane om Reindriftsavtalen 2018/2019 vart avtalepartane samde om å bruke ein ekstern utgreiar til å gjere ein gjennomgang av dei ulike utgreiingane som er gjorde om kvinneretta tiltak og likestilling i reindrifta. Det blir teke sikte på at resultata frå gjennomgangen blir presenterte for avtalepartane i samanheng med oppstarten av forhandlingane om Reindriftsavtalen 2019/2020.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Departementet har over lang tid hatt merksemd på kjønnsbalanse innanfor dei to leiarnivåa og i dei ulike stillingskategoriane. Lønsforskjellen mellom kvinner og menn er liten i departementet. I stillingsgruppene rådgivar og førstekonsulent har kvinnene høgare løn enn mennene. Fleksible arbeidstidsordningar og ordningar for arbeid heimanfrå skal leggje til rette for fleksibilitet i ulike livsfasar for tilsette av begge kjønn ved behov.

Kvinnene utgjer 58 pst. av arbeidsstokken i departementet per 1.1.2018. Kvinnene utgjer eit fleirtal av dei tilsette både i sakshandsamargruppa og i mellomleiargruppa.

I tråd med regjeringa si målsetjing om å få flest mogleg i arbeid, òg dei med hòl i CV-en og andre som har vanskeleg for å komme inn på den ordinære arbeidsmarknaden, har departementet tilsett ein trainee gjennom traineeprogrammet for personar med funksjonsnedsetjing og høgare utdanning.

Sjukefråværsstatistikken viser tal frå heile året, dei andre tala er per 1.1. For omtale av likestilling i dei underliggjande verksemdene, sjå dei respektive årsrapportane. Det er ikkje avdekt barrierar mot likestilling i verksemdene, anten det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet eller religion.

Tabell 7.1 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn)

Kjønn

Løn

Menn

Prosentdel menn

Kvinner

Prosentdel kvinner

Totalt

Menn (gjennomsnitt)

Kvinner (gjennomsnitt)

Kvinners løn som prosentdel av menns løn

Totalt i verksemda

I år (2017)

58

42 %

81

58 %

139

704 324

641 499

91 %

I fjor (2016)

64

42 %

87

58 %

151

683 303

628 140

92 %

Toppleiing (departementsråd, kommunikasjonssjef og ekspedisjonssjefar)

I år

4

67 %

2

33 %

6

1 210 285

1 172 500

97 %

I fjor

4

57 %

3

43 %

7

1 183 775

1 161 667

98 %

Mellomleiing (avdelingsdirektørar1)

I år

8

44 %

10

56 %

18

824 825

842 105

102 %

I fjor

9

47 %

10

53 %

19

804 922

822 540

102 %

Kategori 1 (spesialrådgivarar, fagdirektørar, underdirektørar og arkivleiar)

I år

10

67 %

5

33 %

15

748 340

720 512

96 %

I fjor

9

69 %

4

31 %

13

730 756

708 350

97 %

Kategori 2 (seniorrådgivarar)

I år

30

38 %

48

62 %

78

628 869

611 440

97 %

I fjor

35

42 %

49

58 %

84

624 766

604 263

97 %

Kategori 3 (rådgivarar)

I år

6

32 %

13

68 %

19

510 260

525 000

103 %

I fjor

6

29 %

15

71 %

21

515 847

504 372

98 %

Kategori 4 (konsulentar)

I år

-

-

3

100 %

3

-

472 900

-

I fjor

1

14 %

6

86 %

7

343 598

459 633

134 %

1 I tillegg har verksemda ein lærling som ikkje er med i statistikken.

Tabell 7.2 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn)

Deltid

Mellombels tilsetjing

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

2017

4,9

14,3

8,2

6

0

2,4

1,3

5,1

2016

3,3

7,2

3,9

2,6

0

1,3

0,7

4,0

8 Lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskog SF

Utgifter i 2017 til:

Kroner

Løn, adm. dir.1

1 558 000

Pensjonsutgifter

119 000

Anna godtgjersle

12 000

1 Finansdirektøren har i perioden 01.01.–01.02.2017 vore konstituert adm dir. Om arbeidgivaren seier opp arbeidsforholdet har administrerande direktør rett til etterløn tilsvarande 6 månaders fastløn.

Staur gård AS

Utgifter i 2017 til:

Kroner

Løn, dagleg leiar

971 489

Pensjonsutgifter

140 515

Anna godtgjersle

35 517

9 Standardiserte nøkkeltall for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Frå og med statsbudsjettet for 2010 har departementet presentert standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for i budsjettproposisjonen. Dette gjeld følgjande verksemder:

  • Norsk institutt for bioøkonomi

  • Veterinærinstituttet

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) blei oppretta 1.7.2015 gjennom ei samanslåing av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap. Rekneskapstala frå NIBIO i 2015 gjeld difor berre for eit halvår.

Formålet med nøkkeltala er i første rekkje å forbetre kontroll og innsyn frå Stortinget og regjeringa ved å presentere same type informasjon som blir gitt for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår og rekneskapstala for dei tre siste åra. Nærare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1137, post 51.

Kort gjennomgang av tabellmaterialet

Tabell 1 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise verksemdas brutto utgifter og inntekter basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell 2 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene.

Tabell 3 under kvart enkelt organ gir ei oversikt over verksemdas kontantbehaldning per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

Tabell 9.1 Utgifter og inntekter fordelt etter art – Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Utgifter/inntekter

(i 1 000 kr)

31.12.20151

31.12.2016

31.12.2017

Budsjett 2018

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønsutgifter

168 180

340 384

341 390

345 000

Varer og tenester

247 541

407 752

414 429

405 000

Sum driftsutgifter

415 722

748 137

755 818

750 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

3 144

19 501

37 188

35 000

Sum investeringsutgifter

3 144

19 501

37 188

35 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

32 519

56 606

56 475

65 000

Sum overføringsutgifter

32 519

56 606

56 475

65 000

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

451 385

824 244

849 481

850 000

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

5 195

9 593

9 658

10 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

26 676

59 055

70 469

55 000

Sum driftsinntekter

31 871

68 648

80 128

65 000

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

171 775

424 885

400 422

387 000

Andre innbetalingar

218 098

395 736

402 360

398 000

Sum overføringsinntekter

389 873

820 620

802 782

785 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

421 744

889 269

882 909

850 000

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

-29 641

65 024

33 428

0

1 Gjeld 2. halvår 2015.

Tabell 9.2  Inntekter etter inntektskjelde – NIBIO

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kroner)

31.12.20152

31.12.2016

31.12.2017

Budsjett 2018

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

126 255

275 673

241 431

241 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

45 520

149 212

158 991

146 000

Sum løyvingar

171 775

424 885

400 422

387 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

15 521

17 461

24 353

20 000

Bidrag frå private

57 571

75 777

63 005

65 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

20 978

7 934

37 576

25 000

Sum bidrag

94 071

101 171

124 934

110 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

11 037

22 379

27 320

12 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

5 698

8 837

8 398

10 000

Oppdrag frå private

37 381

46 345

53 311

49 000

Andre inntekter1

101 782

285 653

268 524

282 000

Sum oppdragsinntekter mv.

155 897

363 213

357 553

353 000

Sum inntekter

421 744

889 269

882 909

850 000

1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar.

2 Gjeld 2. halvår 2015.

Tabell 9.3  Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar i perioden 2015–2017 – NIBIO

Rekneskapspost

Endring

31.12.20151

31.12.2016

31.12.2017

2016 til 2017

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

173 175

231 486

261 860

30 375

Behaldning på andre bankkonti

840

7 553

10 605

3 052

Andre kontantbehaldningar

6

8102

Sum kontantar og kontantekvivalentar

174 022

239 046

272 475

33 428

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

39 755

39 343

42 512

3 169

Skattetrekk og offentlege avgifter

40 573

38 164

43 439

5 275

Gjeld til leverandørar

29 313

28 478

39 055

10 577

Gjeld til oppdragsgjevarar

-95 145

-107 309

-70 140

37 168

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

40 636

61 593

52 778

-8 814

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

55 132

60 270

107 644

47 375

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

12 882

24 268

31 313

7 045

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

58 341

106 350

87 584

-18 766

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

71 223

130 618

118 897

-11 721

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

34 017

38 879

39 002

124

Fri verksemdskapital

12 583

9 054

6 864

-2 189

Sum andre avsetjingar

46 600

47 932

45 867

-2 066

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

1 066

226

67

-159

Sum langsiktig gjeld

1 066

226

67

-159

Sum nettogjeld og forpliktingar

174 022

239 046

272 475

33 428

1 Gjeld 2. halvår 2015.

Tabell 9.4  Utgifter og inntekter fordelt etter art – Veterinærinstituttet (VI)

Utgifter/inntekter

(i 1 000 kr)

31.12.2015

31.12.2016

31.12.2017

Budsjett 2018

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønsutgifter

204 025

232 862

237 107

237 364

Varer og tenester

132 209

125 986

114 226

150 129

Sum driftsutgifter

336 234

358 848

351 333

387 493

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

4 615

8 927

8 452

7 500

Sum investeringsutgifter

4 615

8 927

8 452

7 500

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

340 849

367 775

359 785

394 993

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

165 662

161 380

188 292

193 931

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

23 605

35 154

51 704

26 114

Sum driftsinntekter

189 267

196 534

239 996

220 045

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

156 527

166 577

167 417

172 984

Andre innbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsinntekter

156 527

166 577

167 417

172 984

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

477

580

-562

0

Sum finansielle inntekter

477

580

-562

0

Sum inntekter

346 271

363 691

406 851

393 029

Sum nettoendring i kontantbehaldninga

5 422

-4 083

47 066

-1 964

Tabell 9.5  Inntekter etter inntektskjelde – VI

Inntektskjelde

Rekneskap (i 1 000 kroner)

31.12.2015

31.12.2016

31.12.2017

Budsjett 2018

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

86 460

83 063

89 108

90 025

Løyvingar frå andre departement

48 720

55 372

53 135

57 900

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

21 347

22 645

25 168

25 059

Sum løyvingar

156 527

161 080

167 411

172 984

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

46 672

75 279

102 688

91 461

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

7 328

2 317

3 194

5 290

Sum bidrag

54 000

77 596

105 863

96 751

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

104 840

85 905

105 863

96 297

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter1

30 904

39 110

27 694

26 997

Sum oppdragsinntekter mv.

135 744

125 015

133 557

123 294

Sum inntekter

346 271

363 691

406 851

393 029

1 Andre inntekter inkluderer finanspostar og andre tidsavgrensingar.

Tabell 9.6  Forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar i perioden 2015–2017 – VI

Rekneskapspost

Endring

31.12.2015

31.12.2016

31.12.2017

2016 til 2017

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

47 527

43 441

90 428

46 987

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

1

4

83

79

Sum kontantar og kontantekvivalentar

47 528

43 445

90 511

47 066

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

19 744

20 152

20 517

365

Skattetrekk og offentlege avgifter

18 941

20 631

21 245

614

Gjeld til leverandørar

-10 236

-7 893

-3 521

4 372

Gjeld til oppdragsgjevarar

6 241

-6 508

3 635

10 143

Anna netto gjeld/fordring som har forfall i neste budsjettår

4 219

3 479

13 845

10 366

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

38 909

29 861

55 721

25 859

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekt i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

-1 824

-3 493

9 095

12 588

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av grunnløyvinga frå fagdepartement

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

-1 824

-3 493

9 095

12 588

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

5 589

11 491

23 695

12 205

Fri verksemdskapital

-1 554

1 406

2 050

643

Sum andre avsetjingar

4 035

12 897

25 745

12 848

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

6 408

4 180

-50

-4 230

Sum langsiktig gjeld

6 408

4 180

-50

-4 230

Sum nettogjeld og forpliktingar

47 528

43 445

90 511

47 066

Til forsida