Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

2 Nærare omtale av løyvingsforslaga

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.

Utgifter under programkategori 15.00 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1100

Landbruks- og matdepartementet

192 385

168 517

180 259

7,0

Sum kategori 15.00

192 385

168 517

180 259

7,0

Inntekter under programkategori 15.00 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

4100

Landbruks- og matdepartementet

2 599

1 046

1 071

2,4

Sum kategori 15.00

2 599

1 046

1 071

2,4

Mål og strategiar

Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv, tilby enkle og brukarvennlege løysingar og vere kjenneteikna av god kvalitet, jf. òg omtale av målstruktur for landbrukspolitikken i del I Innleiande del og målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del III Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla.

Prioriteringar

Regjeringa innførte frå og med 2015 ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Kravet om mindre byråkrati og ein meir kostnadseffektiv bruk av statlege midlar vil gjelde det meste av statleg forvaltning, også landbruks- og matforvaltninga. Ei meir effektiv statleg drift skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet, noko som kjem samfunnet til gode. Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver, som har som mål å gi effektive ringverknadar og reduserte samla kostnader for samfunnet, vil difor ha høg prioritet òg i 2019. I tillegg vil viktige prioriteringar for departementet på det administrative området vere å føre vidare arbeidet med å utvikle god styring av underliggjande verksemder og å føre vidare arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen og Fornye, forenkle og forbetre i del IV Særskilde tema.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

161 507

162 954

161 414

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

16 197

2 552

15 836

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

14 392

2 720

2 720

50

Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

289

291

289

Sum kap. 1100

192 385

168 517

180 259

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken på områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Posten skal dekkje løns- og driftsutgifter i departementet. Dei tilsette utgjer den viktigaste ressursen for departementet.

Rapportering 2017

I 2017 blei det nytta 161,5 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet over posten. Av dette var 73,5 pst. utgifter som var relaterte til løn og godtgjersler. Resten av løyvinga blei nytta til andre driftsutgifter, som til dømes husleige, inventar, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kurs og konferanseutgifter og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde 135 årsverk per 1. januar 2018. Departementet har vore oppteke av følgje opp satsinga på lærlingar i staten, og har i perioden 2017–2019 ein lærling i kontorfag. I perioden har departementet óg samarbeidd med Fontenehuset og gir arbeidserfaring til personar med psykiske utfordringar og/eller «hòl i CV'en». Departementet har fokusert på reduksjon av administrative stillingar og på å effektivisere drifta av departementet i tråd med strategien frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for betre og meir effektive administrative tenester i departementa. Hausten 2017 blei departementet omorganisert, og talet på avdelingar er redusert frå fem til fire.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 161,4 mill. kroner til drift av departementet. Lønskompensasjon er innarbeidd i løyvinga. Posten er redusert på grunn av krav til avbyråkratisering og effektivisering (ABE-reforma). I tillegg er posten redusert med til saman 4,5 mill. kroner som følgje av at midlar blir overførte til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett. Dette er grunngitt med overgangen frå brukarfinansiering til finansiering over løyving til IKT-tenester og etablering av nye fellestenester i Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). I samband med overføring av ansvar for forvaltninga av haustbare viltressursar frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet er posten tilført 0,25 mill. kroner frå budsjettet deira.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane på posten blir nytta til godtgjering til utgreiingsutval og andre særskilde prosjektrelaterte kostnader.

Rapportering 2017

Det blei i 2017 nytta 16,2 mill. kroner, i hovudsak til planlegging og gjennomføring av tiltak knytte til skrantesjuke (CWD). Posten blei i revidert nasjonalbudsjett 2017 styrkt, og 12,5 mill. kroner blei stilte til disposisjon for Mattilsynet. Dei største utgiftene gjaldt smitteførebyggjande tiltak ved saltsteinplassane i fjellet, prøveuttak, frakt og analyse av prøver. I tillegg blei midlar på posten mellom anna nytta til lovutvalet for statsallmenningane og verdivurdering av Statskog SF.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,8 mill. kroner for 2019. Midlane på posten skal nyttast til særskilde prosjekt og utgreiingar. For 2019 vil dette mellom anna vere knytt til tiltak mot skrantesyke (CWD), oppfølging av klimaarbeid og til gylne måltidsøyeblikk.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til finansiering av store innkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, og ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar. Institutta som ligg under Landbruks- og matdepartementet, leiger fleire eigedommar av departementet. Ved avhending av heile eller delar av desse eigedommane kan utgifter til arbeid med dette òg førast over posten.

Rapportering 2017

I 2017 blei det nytta 14,4 mill. kroner. Av beløpet var 8 mill. kroner kapitalinnskott i Staur gård AS, jf. oppmodingsvedtak nr. 290, 16. desember 2016 frå Stortinget i samband med handsaminga av Prop. 19 S (2016–2017), der Stortinget bad departementet om å skyte inn eigenkapital til selskapet. Utover dette blei det nytta midlar til departementet sin eigedom i Sikkilsdalen i Nord-Fron kommune, til utgreiing av samlokalisering av Norsk institutt for bioøkonomi og ekstraordinært vedlikehald av eigedommar som instituttet leiger av departementet.

Budsjettframlegg 2019

Departementet vil gjennomføre nødvendig vedlikehald og reparasjonar av eigedommar som departementet har ansvar for. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,7 mill. kroner. Posten blir sett i samanheng med, og kan nyttast under post 50. Det kan òg i 2019 bli aktuelt med sal av eigedom, jf. forslag til vedtak II om meirinntekter og vedtak V om sal av eigedom. Eventuelle inntekter frå sal av eigedommar kan òg nyttast til å dekkje større utgifter som følgje av omorganiseringar, flytting, og behov for infrastruktur i samband med dette, i verksemder som ligg under departementet.

Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av store innkjøp og ekstraordinært vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet.

Rapportering 2017

I 2017 blei det nytta 0,3 mill. kroner over posten. Beløpet blei stilt til disposisjon for Norsk institutt for bioøkonomi, som brukte midlane til oppdatering av driftsutstyr og transportmiddel.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,3 mill. kroner over posten i 2019.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Refusjonar m.m.

17

120

123

30

Husleige

910

926

948

40

Sal av eigedom

1 672

Sum kap. 4100

2 599

1 046

1 071

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

95 661

97 061

97 976

0,9

1115

Mattilsynet

1 376 659

1 340 904

1 367 446

2,0

Sum kategori 15.10

1 472 320

1 437 965

1 465 422

1,9

Inntekter under programkategori 15.10 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

4115

Mattilsynet

189 611

201 575

204 578

1,5

Sum kategori 15.10

189 611

201 575

204 578

1,5

Mål og strategiar

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå òg Prop. 1 S (2018–2019) frå Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale av Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Regjeringa sin matpolitikk dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.

Hovudmåla på det matpolitiske området er:

  • å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

  • å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Andre viktige omsyn er:

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.

Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skaper konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonale standardar. Det er viktig for å sikre at varene vi importerer er trygge og møter krava frå forbrukarane. Det er òg viktig for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande innan overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er nødvendig, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk, og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission, FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under Verdas handelsorganisasjon (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.

Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på ein open og aktiv Europa-politikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i regelverksutviklinga der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. For større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet, blir det arbeidd inn mot desse organa for å fremje norske synspunkt.

Mattilsynet er ein sentral offentleg aktør i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2018–2019) frå Helse- og omsorgsdepartementet kap. 745.

Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Folkehelseinstituttet, og Veterinærinstituttet er viktig for at forvaltninga skal vere godt fagleg og vitskapleg fundert.

Prioriteringar

Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Situasjonen i Noreg er god samanlikna med andre land når det gjeld førekomst av matboren sjukdom. Det kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt låg. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del 3. Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, er det nødvendig å arbeide kontinuerleg for å halde han ved like. Arbeidet for trygg mat må òg ta omsyn til at nye ressursar kan nyttast til mat og fôr.

Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, anten dei er framstilte i Noreg eller er importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.

Det er behov for at verksemdene arbeider kontinuerleg for å oppretthalde og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og omset innsatsvarer og mat, varierer mykje i storleik og karakter.

Effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett bederveleg mat, eller som handterer mat som ikkje er innpakka, er særleg viktig.

Kvaliteten på drikkevatnet i Noreg er generelt god, men mange vassforsyningssystem er sårbare på grunn av gamle leidningsnett som er utsette for lekkasjar. Enkelte stader er det dessutan ikkje gode nok reservevassløysingar dersom hovudvassforsyninga sviktar. I mange tilfelle er det behov for auka innsats frå vassverka for å sikre trygg vassforsyning i framtida, ikkje minst ved å auke utskiftingstakten for gamle vassrøyr.

Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjende infeksjonar som har auka hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å ta vare på den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand hos menneske og dyr.

Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk bruker av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere eksisterande inntaksdata. I dette samarbeidet blir Matvaretabellen med opplysningar om innhald av næringsstoff i matvarer utvida og forbetra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om det er miljøforureining i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet av framandstoff i fisk, dyr og planter.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2018–2019) frå Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har òg ei viktig rolle i dette arbeidet, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking. Den nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat, Nøkkelhòlet, gir forbrukarane eit rikare tilbod av, og betre informasjon om, matvarer som kan bidra til eit sunnare kosthald.

Merking av mat er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kvar dei kjem frå og kor mykje næring dei gir.

Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta. Departementa vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at reglane i matinformasjonsforordninga om merking av ingrediensar og næringsinnhald òg skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer. Mattilsynet følgjer òg utviklinga i EU tett på området for opphavsmerking på tilarbeidde kjøttprodukt og meieriprodukt.

Hausten 2016 underteikna delar av matbransjen ein intensjonsavtale med helsestyresmaktene der det er sett konkrete mål om reduksjon av salt, metta feitt og sukker i matvarer og mål om å auke inntaket av grønsaker, frukt, bær, grove kornvarer og fisk. Avtalen blei i 2018 opna for serveringsbransjen. Om lag 100 aktørar er til no knytte til denne intensjonsavtalen og oppfølginga av han.

Interessa veks for lokal mat og matprodukt med særpreg. Regjeringa legg vekt på å leggje til rette for slik produksjon, jf. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Noreg har generelt god plantehelse, men den aukande importen av planter og plantemateriale kan auke risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar.

Regjeringa vil leggje vekt på å hindre at hjorteviltsjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) får fotfeste i Noreg. Den omfattande kartlegginga vil bli ført vidare for å få best mogleg oversikt over situasjonen. Ei slik kartlegging er, saman med smitteførebyggjande tiltak, òg nødvendig for å sikre at villreinen som skal brukast til å byggje opp igjen villreinstammen i Nordfjella sone 1, er frisk.

Feil bruk av antibiotika til folk og dyr har ført til ein vesentleg auke av motstandsdyktige bakteriar som utgjer eit alvorleg globalt helsetrugsmål. Regjeringa har stor merksemd på området og har mellom anna utarbeidd ein tverrsektoriell nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Strategien er særleg retta mot redusert bruk av antibiotika, rett bruk av antibiotika og utvikling av kunnskap. Aktiv deltaking i internasjonale forum er viktig for å bidra til betre tilgang til og ansvarleg bruk av antibiotika, og for utviklinga av nye antibiotika, vaksinar og betre diagnostiske hjelpemiddel.

Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2016 ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor sitt sektoransvar. Handlingsplanen skal mellom anna bidra til å nå relevante mål i den tverrsektorielle nasjonale strategien mot antibiotikaresistens for 2015–2020.

Evna til å løyse utfordringane med sjukdommar i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom er òg viktig for å minke smittepresset i miljøet og for å redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er framleis ei utfordring, spesielt knytta til tap i samband med medikamentfrie behandlingar. Produksjonssvinnet i oppdrettsnæringa er framleis høgt, og det er viktig å arbeide for å redusere dette tapet.

Det er innført eit nytt trafikklyssystem for kapasitetsauke i havbruksnæringa. Systemet byggjer på ein indikator for påverknad av lakselus på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde. Oppfølging og utvikling av dette systemet skal prioriterast.

Regjeringa styrkjer arbeidet for god dyrevelferd. Ei viktig satsing i dette arbeidet har vore etablering av prøveprosjekt med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet (dyrepoliti) som no omfattar fem politidistrikt. Dyrepolitiprosjekta legg til rette for betre samhandling mellom Mattilsynet og politiet, og betre system og klare rutinar for handsaming av alvorlege saker som gjeld mishandling og vanrøkt av dyr. I regjeringsplattforma blir det lagt opp til ei gradvis innføring av dyrepoliti i alle fylka i landet. Erfaringane frå prøveprosjekta vil leggje eit godt grunnlag for dette.

Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er nødvendig med merksemd mot hald av både produksjonsdyr og kjæledyr. Utvikling av kunnskap om verknaden av avlstiltak og ulike driftsformer på dyrevelferda er òg viktig.

For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd er venta å vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad ikkje er varsla. Besetningar der venta risiko for brot på regelverket er størst, blir prioriterte. Auka tilsyn retta mot landdyr i primærproduksjon bidreg òg til å førebyggje dyretragediar ved at Mattilsynet tidlegare kan sjå faresignal for manglande stell og gi målretta rettleiing. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna landbruket si HMS-teneste og slakteria, bidreg òg til at dyrehald i risikosona kan bli oppdaga tidleg.

Andre omsyn

Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at han blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksporterte, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda og å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.

Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld den aukande eksporten av avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.

Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, leggje til rette for gode måltid i barnehagar og i skolar og hos eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring. Regjeringa la våren 2017 fram Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021). Planen har tiltak på ansvarsområda til sju departement. For å få til endringar i kosthaldet er det nødvendig med innsats på tvers av sektorane og samarbeid mellom offentleg, privat og frivillig sektor.

Merksemd om matglede og god matkvalitet er òg viktig for at forbrukarane skal kjenne til kvar maten kjem frå, korleis han blir produsert og samanhengen mellom mat og helse.

I Meld. St. 15 (2017–2018) presenterte regjeringa kvalitetsreforma Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre. Dette er òg ei reform for større matglede for eldre, anten dei bur heime eller er på sjukeheim eller sjukehus. Regjeringa ønskjer å gjere måltidet til ei god oppleving i kvardagen, sørgje for fleire måltid gjennom døgnet og sikre god ernæring med gode kokkar og lokale kjøkken.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.

Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.

Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon

Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FNs berekraftmål om å halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Reduksjonen skal skje i produksjons- og forsyningskjeda, i detaljhandelen og hos forbrukarane. Ein bransjeavtale om redusert matsvinn blei underteikna i juni 2017 av fem departement og representantar for alle ledd i matverdikjeda. Formålet med avtalen er å samarbeide om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Avtalen skal dermed bidra til å redusere dei miljømessige konsekvensane knytte til matproduksjon og forbruk i Noreg. Partane i jordbruksavtalen er samde om at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis jordbrukssektoren samla kan følgje opp oppgåva med å utvikle statistikk over matsvinn i sin sektor. Landbruksdirektoratet vil leie arbeidsgruppa.

Det vil bli arbeidd med å redusere bruk og risiko for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel i tråd med Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler (2016–2020). Integrert plantevern, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel, er viktig i dette arbeidet. Godt samarbeid mellom næringa, rådgivingstenesta, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter er sentralt for å kunne nå måla i handlingsplanen.

Regjeringa vil prioritere ei styrking av økologisk berekraftig ressursforvaltning innan reindrifta, jf. Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift. Lang tradisjon – unike muligheter. Regjeringa vil òg gjennomføre ei gradvis innføring av obligatorisk individmerking av rein.

For ytterlegare omtale av arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon, sjå kat. 15.30.

For omtale av sjømat, sjå Prop. 1 S (2018–2019) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Planlagd avvikling av pelsdyrnæringa

Departementet vil i løpet av 2018 sende på høyring eit forslag til lov som innfører forbod mot pelsdyrhald. Det blir lagt opp til ei avviklingstid fram til årsskiftet 2024/2025, dvs. til pelsingsesongen for produksjonsåret 2024 er avslutta. For å redusere dei økonomiske konsekvensane av eit slikt forbod for produsentane og for å unngå at ei avvikling av næringa krenkjer EMK tilleggsprotokoll 1 artikkel 1, vil regjeringa føreslå å etablere ei ordning med økonomisk kompensasjon. Det blir lagt opp til at den nye lova skal gi heimel til å gi føresegner om kompensasjon for tap av retten til å halde pelsdyr. Høyringsutkastet vil difor òg gi ei overordna omtale av korleis kompensasjonsordninga er tenkt innretta.

Dei forskriftsendringane som blei gjort etter Stortinget si handsaming av Meld. St. 8 (2016–2017) Pelsdyrnæringen, er reverserte. Grunnen til denne endringa er at dei nye krava ville ha auka kostnadene både for produsentar og for Mattilsynet, og at omsynet til kostnader og meirarbeid på den eine sida, og gevinsten for dyrevelferda på den andre, blir annleis når det blir lagt opp til at næringa skal avviklast.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

95 661

97 061

97 976

Sum kap. 1112

95 661

97 061

97 976

Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet

Formål med løyvinga

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr og sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er òg viktig som grunnlag for utvikling av lovverk og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar. Veterinærinstituttet bidreg òg i førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.

Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskild budsjettfullmakt til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet. Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik blir finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, jf. kap. 928, post 50 i deira Prop. 1 S (2018–2019). Forsking er ein sentral del av verksemda til Veterinærinstituttet og er omtalt under kap. 1137. Basisløyvingane til forsking blir tildelte gjennom Noregs forskingsråd. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.

Veterinærinstituttet yter òg tenester og formidlar kunnskap til næringa, til fagpersonell og til dyreeigarar, og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk. Instituttet samarbeider vidare med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.

Veterinærinstituttet skal arbeide mot følgjande mål:

  • Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske

    • Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning

    • Delmål: God beredskap

    • Delmål: Konkurransekraftige bionæringar

Hovudmålet tek utgangspunkt i omgrepet «éi helse». Helse hos dyr, planter, miljø og menneske heng saman. Hovudoppgåva for Veterinærinstituttet innan «éi helse» er å generere kunnskap og halde ved like den gode beredskapen mot sjukdom som trugar helse og velferd hos landdyr og fisk, og mot sjukdom som kan overførast til menneske. Første delmål inneber at Veterinærinstituttet skal utarbeide eit relevant kunnskapsgrunnlag av høg kvalitet for forvaltninga. Andre delmål inneber at instituttet skal ha god beredskap og vere ein langsiktig kunnskaps- og kompetanseleverandør for relevante aktørar, slik at dei har nødvendig kunnskap og kompetanse tilgjengeleg for å stoppe moglege helsetrugsmål. Tredje delmål om konkurransekraftige bionæringar inneber at instituttet skal arbeide for å auke kunnskapen og kompetansen i det biobaserte næringslivet.

Mattilsynet er den viktigaste brukaren av kompetansen til instituttet. Veterinærinstituttet vil difor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet.

Vitskapskomiteen for mat og miljø har òg behov for kompetanse og data som grunnlag for sine risikovurderingar, og Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase for komiteen.

Rapportering 2017

Den største utfordringa på dyrehelseområdet i 2017 har vore dei mange påvisingane av Chronic Wasting Disease (CWD), eller skrantesjuke, hos villrein i Nordfjella og nokre påvisingar av ein annan type CWD på elg og hjort andre stader i landet. CWD blei først påvist i mars 2016 på reinsdyr i Nordfjella villreinområde. Dette var første gongen sjukdommen blei påvist i Europa, og det første tilfellet nokosinne hos reinsdyr.

Det har vore eit godt samarbeid med ansvarlege styresmakter for å etablere ei felles forståing av og kommunikasjon om sjukdommen og dei vedtekne tiltaka for å stanse smitten i samband med saneringa av villreinstammen i Nordfjella.

I 2016 og 2017 blei beredskapsevna til Veterinærinstituttet til å kunne oppskalere det diagnostiske arbeidet sett på prøve. I 2016 og 2017 blei det undersøkt høvesvis 10 100 og 25 700 CWD-prøver.

Antibiotikaresistens er eit aukande problem i verda, og eit område som Veterinærinstituttet rettar stor merksemd mot. Mellom anna har arbeidet med MRSA høg prioritet i arbeidet for å hindre spreiing av antibiotikaresistens. På oppdrag frå Mattilsynet undersøkte Veterinærinstituttet i 2017 prøver frå til saman 826 svinebesetningar for MRSA. Den spesielle svinevarianten CC398 blei ikkje påvist i nokon av prøvene.

Veterinærinstituttet er òg ein av hovudaktørane i One Health European Joint Programme, eit stort prosjekt under EU-programmet Horizon 2020. Dette prosjektet har som mål å bidra til god helse hos menneske og dyr i Europa gjennom forskingssamarbeid innan trygg mat, antibiotikaresistens, biotryggleik og nye helsetrugsmål.

Veterinærinstituttet si evne til å løyse samfunnsoppdraget er avhengig av kontinuerleg kompetanseoppbygging gjennom forsking og diagnostikk. Instituttet søkjer å møte dei skiftande behova for forskingsbasert kompetanse i næringane, men ser det òg som nødvendig med grunnforsking for å vareta samfunnsoppdraget framover. Det blei lagt ned ein stor innsats for å vinne fram i konkurransen om forskingsmidlar frå Forskingsrådet. Instituttet har lagt vekt på internasjonalt forskingssamarbeid. Instituttet peikar på at det er ei utfordring at ein relativt liten del av dei nasjonale forskingsmidla er retta mot dyrehelse og dyrevelferd.

Dei seinare åra har marknaden utvikla seg i retning av at det er fleire aktørar nasjonalt og internasjonalt som tilbyr ulike diagnostiske tenester for sports- og familiedyr, produksjonsdyr og fisk. Med denne utviklinga har Veterinærinstituttet gradvis fått større marknadseksponering av tenester som instituttet tradisjonelt var åleine om å tilby.

På det administrative området er det òg i 2017 gjort eit omfattande arbeid for å sikre at rekneskapen til Veterinærinstituttet er i tråd med gjeldande regelverk. Å styrkje verksemdstyringa og den administrative prosjektstøtta er viktig i dette arbeidet. Prosessen med innkjøp og implementering av nye administrative system for å sikre god systemstøtte for finans- og prosjektrekneskapar er gjennomført. Aktivitetane i 2017 har vore kontrollerte og vurderte grundig med ekstra bruk av både interne og eksterne ressursar.

Veterinærinstituttet har intensivert førebuingane av flyttinga frå Oslo til nye lokale på Ås i 2020. For instituttet er dette eit omfattande og ressurskrevjande arbeid som involverer mange tilsette.

Budsjettframlegg 2019

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 98,0 mill. kroner.

Veterinærinstituttet skal som biomedisinsk forskingsinstitutt vere Noregs leiande kunnskapsleverandør innan beredskap, biosikkerheit og handtering av helsetrugsmål. Det gjeld områda fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik.

Veterinærinstituttet skal medverke i arbeidet med å ta vare på og verne den gode helsesituasjonen og mattryggleiken i Noreg. Sjukdommar som kan smitte mellom menneske og dyr (zoonosar), blir stadig meir sentrale i beredskapsinnsatsen. Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgiving innan antibiotikaresistens vil framleis vere høgt prioritert. På lik line vil beredskapen mot nye trugande sjukdommar, slik som CWD, bli styrkt.

Det er behov for å utvikle meir kunnskap om CWD når det gjeld karakterisering av ulike typar, sjukdomsforhold, metodeutvikling mv. Dette gjeld mellom anna EUs forslag om omfattande tryggingstiltak mot Noreg der det ikkje blir differensiert mellom ulike typar av sjukdommen.

Ei viktig samfunnsoppgåve for Veterinærinstituttet framover vil vere å støtte styresmaktene og næringslivet i å utvikle vidare ei nasjonal bioøkonomisatsing, med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet, jf. regjeringa sin nasjonale strategi for bioøkonomi Kjente ressurser – uante muligheter frå 2016.

Utviklinga av porteføljen av oppgåver for instituttet blir påverka av globalisering og endringar i klimaet. Dette kan innebere både endra og auka risiko knytt til helsetrugsmål for menneske og dyr. Veterinærinstituttet må kontinuerleg vidareutvikle kompetanse og metodar for å liggje i front av denne utviklinga.

På same måte skal Veterinærinstituttet vidareutvikle næringsretta samarbeid og støtte næringane med relevant forskingsbasert kompetanse som kan bidra til ein auke i innovasjon, konkurransekraft og verdiskaping. Til grunn for slikt arbeid med beredskap, overvaking og næringsoppdrag ligg ei kontinuerleg kompetansebygging gjennom forsking.

Veterinærinstituttet sine oppgåver innan beredskap, diagnostikk og forsking vil bli moderniserte gjennom ny teknologi og nye metodar. Spesielt vil informasjonsteknologi og ulike bioteknologiske løysingar bli tekne i bruk for å etablere nye metodar innan forsking og diagnostikk.

Veterinærinstituttet vil føre vidare det internasjonale forskingssamarbeidet, og saman med andre norske aktørar mellom anna ta del i forskingssamarbeid med kinesiske institusjonar.

Instituttet vil leggje vekt på å betre effektiviteten for å kunne kanalisere ressursar der styremaktene og næringane har nye behov for bistand.

Mange av dei større avgjerdene i byggjeprosjektet på Ås er allereie gjennomførte. I den kommande fasen av prosjektet er hovudoppgåvene ferdigstilling av bygg og planlegging av vitskapleg utstyr. Samstundes må Veterinærinstituttet fram til flyttinga ha merksemda retta mot kva for oppgåver, kompetanse og teknologiske løysingar som byggjer opp under det framtidige instituttet.

For å kunne oppretthalde god nasjonal beredskap er det viktig for Veterinærinstituttet å ha eit visst volum på diagnostikk og analysar, mellom anna for å ta vare på og utvikle vidare kompetansen på sentrale beredskapsområde.

Kap. 1115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

1 369 344

1 323 239

1 349 848

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

1 014

13 465

13 398

71

Tilskott til erstatningar, overslagsløyving

6 301

4 200

4 200

Sum kap. 1115

1 376 659

1 340 904

1 367 446

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd og helse, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda. Mattilsynet har òg oppgåver knytte til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.

Mattilsynet fører òg tilsyn med at regelverk blir etterlevde på område som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Det gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, kosmetikk og kroppspleieprodukt, dyrehelsepersonell og omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.

Den enkelte verksemda har ansvar for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal bruke dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når det er nødvendig for å sikre etterleving av regelverket.

Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:

  • sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

  • fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

  • fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

  • fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • vareta miljøvennleg produksjon

Innanfor rammene av dei måla som er sette i lovgivinga, skal Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir teke vare på. Det omfattar òg marknadstilgang i utlandet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å

  • utvikle og påverke regelverk

  • rettleie om regelverk

  • handheve regelverk

  • overvake status og utvikling på området

  • ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser

Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Folkehelseinstituttet, og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har ein fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mat og miljø når det er nødvendig i regelverksarbeidet og den utøvande forvaltninga.

Resultatrapport 2017

Rapportering etter effektmål

Målet om helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Generelt har vi trygg mat og trygt drikkevatn i Noreg. Lite smittestoff i norske husdyr og norskproduserte matvarer gjer at få blir sjuke av maten. Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god.

Dei fleste mataktørane følgjer reglane og produserer mat under gode hygieniske forhold. Overvakingsprogramma viser få funn av framandstoff i maten.

Drikkevatn

Meir enn 90 pst. av befolkninga er knytt til vassforsyningssystem som leverer trygt drikkevatn. Dei resterande 10 pst. er knytte til mindre vassverk eller private brønnar, der kunnskapen om status er dårlegare, då dei ikkje må rapportere til Mattilsynet.

Utbetringar av dei kommunale drikkevassleidningane går for sakte. Sjølv om det er eit nasjonalt mål å gjere eit løft i utskifting av leidningsnettet, blir mindre enn éin prosent fornya årleg. Det betyr at nettet gradvis forfell. Mattilsynet er oppteke av leidningsnettet ved tilsyn med vassverka, og har gitt fleire vassverkseigarar pålegg om utbetringar.

Kjemiske stoff

Maten inneheld mange ulike kjemiske stoff. Nokre av dei er naturleg til stades. Andre er tilsette for å gi ein ønskt effekt. Det gjeld mellom anna mineral, aminosyrer og tilsetjingsstoff som har ein teknologisk effekt i maten. I tillegg kjem stoff frå miljøet, produksjonen eller emballasjen. Det er mengda som avgjer kva verknad stoffet har på kroppen.

På importerte produkt utgjorde prøver med overskridingar av restar av plantevernmiddel to prosent, slik det òg har vore tidlegare år, med unntak av i 2016, då talet var høgare. Det blei ikkje gjort funn over grenseverdien i norske produkt.

Mattilsynet har ikkje gjort funn av ulovleg bruk av veterinære legemiddel i landdyr eller oppdrettsfisk.

I oppdrettsfisk er det funne svært lite legemiddelrestar. Ingen av funna var over grenseverdien. Det er heller ikkje funne miljøgifter eller andre uønskte stoff over grenseverdien i oppdrettsfisk. Overvakinga viser vidare at nivåa av miljøgifter i villfanga sjømat ligg under grenseverdiane for mattryggleik, med unntak av mellom anna atlantisk kveite på over 100 kilo i eit spesielt område som blei stengt for fiske. I importert sjømat frå land utanfor EU/EØS var det nokre få tilfelle av restar av ulovelege fargestoff i tunfisk. Dette er følgt opp.

Etterspørselen etter kosttilskott er stor. Som ein del av e-handelsprosjektet til EU fann Mattilsynet kosttilskott som inneheldt ulovlege stoff. Nettbutikkane blei følgde opp og tilfella varsla i dei internasjonale meldesystema. I tillegg sende Mattilsynet internasjonale varsel for 17 kosttilskott frå Noreg.

Verksemder må søkje Mattilsynet om å få tilsetje aminosyrer, vitamin og mineral i mat- og drikkevarer og aminosyrer i kosttilskott. Mattilsynet handsama 115 søknader, som omfatta 321 produkt. 310 fekk løyve, 196 fleire enn i 2016. Produkt som tidlegare ikkje var søknadspliktige, utgjorde meir enn 25 pst. av søknadene.

Hygiene

For å hindre at folk blir sjuke av maten, fører Mattilsynet årleg over 25 000 tilsyn med at produsentar og serveringsstader oppfyller krava til hygiene, tillaging og oppbevaring.

Men sjølv om tilstanden er god, blir smittestoff spreidde gjennom maten. Kvart år blir det registrert 5 000–7 000 tilfelle av infeksjonar som kjem av inntak av mat eller drikkevatn.

Campylobacter er den vanlegaste bakterien i mat som nordmenn blir sjuke av. I fjor var det fleire som blei sjuke som følgje av denne bakterien enn åra før. Omlag halvparten av nordmenn som blir smitta og blir sjuke, har fått smitten på reise i utlandet.

Salmonella er årsak til nest flest sjukdomstilfelle. 990 fekk påvist infeksjon med denne bakterien, av dei var 251 smitta i Noreg. Dette er ein auke frå 2016.

Mattilsynet formaliserte praksisen med frysefritak for oppdrettsfisk som skal etast rå, og utvida han til òg å gjelde regnbogeaure etter at undersøkingar utførte av Havforskingsinstituttet viste at det er trygt. Frysefritaket gjeld til 2021 og er gitt ut frå visse føresetnader i hygieneregelverket.

Tilsynet med produsentar av eteklar mat viste at mange av dei no har betre kontroll med prøvetakingsplanar, fareanalyse og styring med kritiske kontrollpunkt. Likevel er det framleis behov for å auke merksemda hos produsentane om kva som kan utgjere ein helsefare, og korleis ein kan førebyggje det.

Smilefjestilsyn

Smilefjes for å vise resultatet av tilsyn på kafear og restaurantar blei innført i 2016. Mattilsynet har evaluert ordninga, og konklusjonen er at ho verkar i samsvar med målsetjinga. Fleire serveringsstader følgjer reglane betre og får smilefjes ved første tilsyn. Aktørane stadfestar i ei spørjeundersøking at dei har blitt meir bevisste på å følgje reglane etter innføringa.

Forbrukarane meiner at smilefjes gir dei betre informasjon om serveringsstaden og kor trygg maten er der. Folk kjenner ordninga, legg merke til smilefjesplakaten og forstår i stor grad kva symbola betyr. 70 pst. av dei spurde opplever det som tryggare å ete på serveringsstader etter at smilefjesordninga blei innført.

Kravet om skriftleg informasjon til forbrukarar om allergen, har vore ein del av smilefjestilsynet. Mattilsynet har gjort 1698 vedtak på grunn av mangelfulle opplysningar om allergen.

Kosmetikk

Nordmenn ligg på Europatoppen når det gjeld kjøp av kosmetikk. Ei undersøking viser at mange forbrukarar får biverknader av kosmetikk i form av ulike allergiske reaksjonar. Biverknader og villeiande informasjon er dei største utfordringane på området.

Mattilsynet prioriterte tilsyn med verksemdene sin dokumentasjon som skal vise at produkta er trygge, og at dei etterlever forbodet mot kosmetikk testa på dyr. Dei fleste norske produsentar og importørar hadde tilfredsstillande dokumentasjon.

Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

Plante- og dyrehelsa i Noreg er stadig blant dei beste i verda. Talet på dyre- og plantesjukdommar er stabilt lågt, men import og handel over landegrensene trugar den gode statusen. Akvakulturnæringa har god kontroll med bakteriesjukdommar, men slit framleis med nokre virussjukdommar.

Plantehelse

Plantehelsa i Noreg er god samanlikna med andre europeiske land, men aukande handel aukar risikoen for å få inn nye alvorlege planteskadegjerarar. Dette er eit trugsmål mot norsk plantehelse.

To alvorlege plantevirus, Strawberry crinkle virus og Strawberry mild yellow edge virus, blei for første gong påvist i Noreg. Funna blei gjorde i jordbærproduksjon. Kartleggingsprogrammet for nye skadegjerarar i jordbær blir ført vidare i nye område av landet.

Søramerikansk tomatmøll (Tuta absoluta) er ein alvorleg skadegjerar i tomatproduksjonen i mange delar av verda og blei for første gong funne her i landet i 2017. Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) gjorde ei risikovurdering der det går fram at tomatmøllen kan påføre norsk tomatnæring stor skade. Det er difor viktig at næringa tek forholdsreglar og gjennomfører tiltak for å hindre spreiing.

Landdyrhelse

Trass i opne grenser er dyrehelsa framleis betre i Noreg enn i andre land. Det betyr at det førebyggjande arbeidet og tiltaka som vernar mot smitte, verkar. Mattilsynet kartlegg og overvakar ei rekkje smittsame sjukdommar hos dyr. Nokre av sjukdommana kan òg smitte til menneske (zoonosar).

Regelverket for innførsel av hundar og kattar frå land med dårleg dyrehelsestatus blir handtert strengt ut frå det handlingsrommet som regelverket gir. Saman med Tolletaten gjennomførte Mattilsynet fleire fellesaksjonar ved grensepasseringar på veg og ved ferjeanløp over heile landet.

Innsatsen mot den antibiotikaresistente MRSA-bakterien held fram. Målet er framleis at norske svinebesetningar skal vere fri for dei resistente luftvegsbakteriane som har bite seg fast i produksjonsmiljøet i mange andre land. Rundt 800 besetningar hos smågrisprodusentar blei undersøkte for MRSA. Det blei ikkje påvist tilfelle av den spesielle svinevarianten CC398.

I arbeidet med å handtere skrantesjuke blei det teke ut til saman 25 600 prøver i 2017. Sidan den første påvisinga var det ved utløpet av 2017 funne 11 smitta dyr i Nordfjella. Sjukdommen er ikkje påvist i andre område. Saneringstiltaka mot skrantesjuke hos villrein i Nordfjella blei gjennomførte etter planen. Samarbeidet mellom Mattilsynet, Miljødirektoratet, Statens naturoppsyn, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for naturforsking er godt. Av Nordfjellastammen på vel 2 000 dyr blei om lag 600 dyr skotne under ordinær jakt og resten ved statleg felling vinteren 2017/2018.

Fiskehelse

I 2017 reduserte næringa nivået av lakselus i anlegga, men framleis er kampen mot lakselus ei av dei største utfordringane for norsk fiskeoppdrett.

Det var 14 utbrot av infeksiøs lakseanemi (ILA), to fleire enn året før. Utbrota i 2017 var i anlegg frå Rogaland til Finnmark. To av utbrota oppstod i landbaserte anlegg. Dette viser at flytting av sjøsett fisk på land ikkje gir nokon garanti for å unngå ILA-utbrot, sjølv om fisken blir testa og vatnet desinfisert.

Pankreassjukdom (PD) er framleis ein av dei alvorlegaste sjukdommane i oppdrettsnæringa. Det var 178 utbrot i 2017, noko som er ein auke frå året før. PD blei påvist på fleire anlegg nord i Trøndelag og sør i Nordland. Det blei fastsett ei ny PD-forskrift med formål å redusere konsekvensen av sjukdommen i PD-sona og hindre etablering av PD utanfor denne sona. Det blei òg fastsett ei forskrift om kontrollområde nord i Trøndelag og i Bindal kommune for å hindre at PD etablerer seg i området.

Noreg har komme eit steg nærare målet om å utrydde Gyrodactylus salaris hos villaks etter friskmeldinga av Lærdalselva og Vefsnregionen.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Landdyrvelferd

Mattilsynet rapporterer at velferda for landdyr i Noreg samla sett er god, men at det òg er enkelte utfordringar.

Mattilsynet og dei tilknytte dyrevernnemndene gjennomførte i 2017 om lag 9 800 tilsyn i dyrehald. 88,5 pst. av tilsyna gjaldt dyrevelferd.

Mattilsynet prioriterte tilsyn i dyrehald der det er størst risiko for at dyra ikkje har det bra. Alvorleg vanskjøtsel blei påvist i berre 0,4 pst. av dyrehalda, mens 40 pst. av dyrehalda fekk påvist større eller mindre brot på regelverket.

Talet på dyrehald med alvorlege lovbrot er lågt sett ut frå talet på tilsyn, og det er små variasjonar i tala frå år til år. Det blei gjort vedtak om avvikling av 83 dyrehald, 36 av desse gjaldt kjæledyr.

Tapet av dyr på utmarksbeite er framleis ei utfordring. I fleire område av landet er rovvilt eit stort trugsmål for tamrein og sau på beite, og beitedyra kan bli utsette for store lidingar. Mattilsynet nytta verkemidla sine innanfor rammene for rovviltforliket i Stortinget og la vekt på samhandling med dyreeigarane og miljøstyresmaktene for å finne best moglege løysingar i det enkelte tilfellet.

Eit tilsynsprosjekt for slaktegris i Rogaland blei påbyrja i 2017 og har avdekt mange uakseptable forhold. Prosjektet skal avsluttast i 2018 og Mattilsynet vil følgje opp resultata frå kampanjen.

Påkøyrsle av tamrein og elg langs Nordlandsbanen har vore eit stort dyrevelferdsproblem i mange år, og 514 tamrein blei drepne av toget i 2017. Bane NOR legg opp til å byggje om lag 44 kilometer nye reingjerde langs Nordlandsbanen i perioden 2018–2021.

I 2017 fekk Mattilsynet 10 426 meldingar frå publikum om dårleg dyrevelferd, mot 9 381 i 2016. Dei fleste meldingane gjaldt kjæledyr, men det kom òg mange meldingar om hestar og produksjonsdyr. Meldingane frå publikum er ei viktig kjelde til kunnskap om dyrehald som treng tilsyn.

Samarbeidet mellom Mattilsynet og politiet om eit treårig prøveprosjekt med dyrepoliti blei utvida med Østfold i 2017 i tillegg til Sør-Trøndelag frå 2015 og Rogaland frå 2016.

Fiskevelferd

Som for landdyr, er det utfordringar knytte til hald av fisk. Framleis døyr for mange fisk under produksjonen i sjø. Det kjem dels av dårleg smoltkvalitet, dels av forhold ved den enkelte lokaliteten og dels av sjukdom. Bruk av ikkje-medikamentelle metodar for avlusing har medverka til det store svinnet. Mattilsynet fekk i 2017 inn 963 meldingar om velferdsmessige hendingar. 625 av dei var knytte til mekanisk behandling mot lakselus.

Mattilsynet har understreka ansvaret næringa har når det gjeld bruk av mekaniske metodar, og at dei må involvere fiskehelsepersonell før fisken blir behandla. Regelverket krev dokumentasjon for at nye metodar er forsvarlege for fiskevelferda, før dei kan takast i bruk. Mattilsynet har følgt opp dokumentasjonskravet, men framleis er det utfordringar med mekaniske metodar knytte til avlusing.

Mange oppdrettarar har gode rutinar og oppnår gode resultat. Det viser at det er mogleg å få til store forbetringar gjennom god internkontroll. Mattilsynet har utarbeidd ein rettleiar til internkontrollforskrifta for å betre internkontrollrutinane hos oppdrettarane.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Tilsyn med dei generelle merkekrava viste avvik frå krava om merking på norsk, om korrekt oppføring av allergen og om mengda av ingrediensar. Tilsyn har òg vist at mange e-handelsverksemder ikkje oppfyller krava til informasjon til forbrukarane.

Merkesjekken omfatta mjølk og mjølkeprodukt. Mattilsynet fann avvik i merkinga for halvparten av produkta. Sjølv om mange av avvika var små, viser dette at det er stort rom for forbetringar.

Tilsyn med bruken av ernærings- og helsepåstandar avdekte at forskrifta ikkje blir tilstrekkeleg etterlevd. Særleg når det gjeld kosttilskott kjem fleire verksemder med ulovlege medisinske påstandar.

Mattilsynet deltok i pilotprosjektet til EU om e-handel med kosttilskott. Meir enn 50 norskspråklege nettsider blei kontrollerte. Mattilsynet fann mellom anna 11 sider som marknadsførte kosttilskott med medisinske påstandar som at tilskottet kunne førebyggje, behandle og kurere sjukdommar. Dette er ikkje lov, og funna blei følgde opp.

Målet om å vareta miljøvennleg produksjon

Overvakinga av lus på vill laksefisk viser at det er eit visst smittepress på utvandrande laksesmolt langs store delar av Vestlandet og Midt-Noreg, men mindre press i Nord- og Sør-Noreg. Nivået av lakselus utover sommaren gav framleis negativ påverknad på sjøaure og sjørøye.

Mattilsynet gjennomførte i 2015–2017 ein tilsynskampanje med legemiddelbruk mot lus i oppdrettsnæringa der formålet var å bidra til forsvarleg legemiddelbruk. Det blei ført tilsyn med utskriving og bruk av legemidla, rutinar for mattryggleik hos oppdrettarar og legemiddelkontroll ved slakteria. Kampanjen avslørte tilfelle av dårleg dokumentasjon knytt til «off-label»-bruk, der mellom anna fiskevelferd og miljøomsyn ikkje var tekne vare på. Kampanjen har hatt svært god effekt på legemiddelbruken, spesielt i samband med kombinasjonsbehandlingar og behandling med legemiddel med redusert effekt.

Debio fører tilsyn med alle verksemdene som er med i kontrollordninga for økologiske produkt. Resultata viser at dei fleste verksemdene har gode kvalitetssystem og rutinar for dokumentasjon.

Det har vore ein liten nedgang i mengda omsett plantevernmiddel, oppgitt i aktivt stoff, mens tilstand for helse- og miljørisiko er uendra frå 2016 til 2017. I tilsynet med bruk av plantevernmiddel i primærproduksjonen fann Mattilsynet at kravet om journalføring ikkje blir godt nok følgt.

Resultat av meir generell karakter

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

I 2017 blei 60 pst. av EØS-regelverket fastsett innan fristen. Dette er ein nedgang frå åra før, men bruk av nye indikatorar gjer at tala ikkje er heilt samanliknbare. Til saman har Mattilsynet gjennomført 291 EU-rettsakter.

Noreg har representert Europa i Codex eksekutivkomité sidan 2015. Viktige saker som blei vedtekne i 2017, var standard for fiskeolje, som Noreg har vore oppteke av, standard for mysepermeat, standard for korleis vi kan redusere meldrøyetoksin i korn, og nytt arbeid om antibiotikaresistens.

Mattilsynet har leidd ei arbeidsgruppe saman med Japan under legemiddelkomiteen i Codex. Arbeidsgruppa laga eit diskusjonsgrunnlag for om ein skal ta i bruk grenseverdiar for grupper av fiskeartar. Arbeidet er viktig for å sikre ei god vurdering av legemiddel til fisk.

Mattilsynet har etablert eit samarbeid med NORAD der ein arbeider for at hovudsamarbeidslanda til Noreg innan akvakultur nyttar standarden til OIE for offentlege veterinærtenester. For tida gjeld dette Colombia, Ghana og Myanmar.

Mattilsynet arrangerte i 2017 eit nordisk seminar om risikobasering av tilsyn.

Marknadstilgang

Mattilsynet skriv ut mange attestar til land utanfor EØS-området. I 2017 blei det skrive ut 64 611 attestar. 58 831 attestar gjaldt sjømat, og 5 780 attestar gjaldt landbaserte produkt. Kina og Brasil har for tida høgast prioritet. Dette er viktige marknader for eksport av både sjømat og landbruksprodukt.

Innsatsen til Mattilsynet var viktig då den kinesiske marknaden igjen blei opna for norsk oppdrettslaks og norske avlsprodukt frå storfe. Det er lagt ned ein stor innsats i arbeidet overfor Kina etter at forholdet mellom landa blei normalisert, og det er signert ein protokoll for eksport av norsk laks.

Brasil er ein viktig marknad for klippfisk. Næringa har hatt utfordringar med eksporten. Mattilsynet hadde gjennom året tett dialog med brasilianske styresmakter. Arbeidet held fram i 2018.

Japanske styresmakter besøkte Mattilsynet for å bli kjende med det norske HACCP-systemet. Mattilsynet hadde òg møte med kinesiske styresmakter om elektronisk sertifisering.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Mattilsynet gjennomførte nærare 71 000 tilsyn i 2017. Dette er ein nedgang på om lag 3 pst. frå 2016. Fleire arbeidskrevjande tilsyns- og klagesaker innan akvakultur og dyrevelferd har medverka til nedgangen.

Mattilsynet fann større eller mindre brot på regelverket i 50 pst. av verksemdene det blei ført tilsyn med. Det er ein liten auke frå året før. Tilsynet er i hovudsak risikobasert.

Mattilsynet melde i alt 69 saker til politiet. 32 saker gjaldt brot på matlova, 29 gjaldt brot på dyrevelferdslova og 8 saker handla om trugsmål mot tilsynspersonell. Av dei melde sakene frå 2017 er 54 saker framleis under etterforsking.

Mattilsynet samarbeider med andre etatar, mellom anna politiet, tolletaten, Nav og Arbeidstilsynet, og kommunar i tilsynsarbeidet.

Mattilsynet har teke del i arbeidet i EU om beste praksis for tiltak mot matsvindel, og har teke i bruk eit nytt meldesystem i EU for samarbeid om etterforsking av matsvindelsaker.

Kommunikasjon

Media er viktige når det gjeld å informere om tilstanden på dei ulike områda og å delta i samfunnsdebatten. Nettsidene er den viktigaste kanalen overfor brukarane. I 2017 var det 1,5 milionar besøk på mattilsynet.no, ein liten nedgang frå året før.

Matportalen.no medverkar til at viktig forbrukarinformasjon er lett tilgjengeleg. Det var 1,13 millionar besøk på matportalen.no i 2017, ein liten nedgang frå året før. Mattilsynet bruker no òg Facebook for å formidle stoff frå Matportalen.

Matvaretabellen blei oppdatert med 68 nye matvarer, og 121 matvarer fekk oppdaterte data. Søkemotoren blei forbetra.

Organisatoriske forhold

Mattilsynet evaluerer jamleg verksemda. Det blei gjennomført interne evalueringar av organisasjonsendringa som blei gjort i 2015, som grunnlag for justeringar og vidare utvikling.

Mattilsynet gjorde ei verdivurdering, og ein overordna ROS-analyse basert på ISO-27001 og ulike IKT-relaterte analysar for å vurdere tilstanden på tryggleiksområdet.

Internrevisjonen i Mattilsynet gjennomførte to revisjonar, éin innan tilsyn på sjømatområdet, den andre innan tilsyn med detaljist, servering, transport og lager.

Landa i Norden samarbeider om å gjennomføre uavhengige granskingar av internrevisjonen i dei ulike matforvaltningane. Revisorar frå Finland og Sverige har vurdert internrevisjonen til Mattilsynet. Resultata var i hovudsak tilfredsstillande. Mattilsynet fekk råd om å betre måten dei systematiserer og dokumenterer det risikobaserte planarbeidet og om evaluering av revisjonssystemet.

Budsjettframlegg 2019

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 349,8 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet. Dette omfattar òg løns- og prisveksten og regjeringa si avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.

Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartemetet legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i alle internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med ein tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt på utvalde område. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet.

Mattilsynet skal òg bidra til at oppfølginga av dei internasjonale pliktene skjer til rett tid, og at gjennomføringa i norsk rett blir gjort på ein mest mogleg formålstenleg og brukarvennleg måte.

Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Mattilsynet vil leggje vekt på å fremje desse omsyna når dei deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU og i dei aktuelle internasjonale organisasjonane på matområdet. Mattilsynet vil òg leggje vekt på å informere betre om regelverket og gjere det lettare tilgjengeleg mellom anna for produsentar av og serveringsstader med lokalmat.

For å leggje til rette for marknadstilgang for norske varer i land utanfor EØS-området vil Mattilsynet føre vidare samarbeidet med matstyresmakter i aktuelle land.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneverksemda til Mattilsynet. Mattilsynet forvaltar eit omfattande regelverk, og det kan vere krevjande for verksemdene å ha oversikt over alle krava som gjeld. God kjennskap til regelverket er viktig for at det skal kunne etterlevast. Mattilsynet vil difor leggje større vekt på god rettleiing til næringsutøvarane. Dermed vil det òg bli tydelegare kva reaksjonar verksemdene kan vente frå Mattilsynet dersom dei bryt reglane.

Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og aktuell risiko skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene, samstundes som omsynet til lik handsaming blir teke vare på. Det er verksemdene sjølve som har ansvar for å kjenne til og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at slik etterleving skjer. Når det er nødvendig for å sikre at måla blir nådde, vil Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.

Som eit ledd i arbeidet for å bli meir effektivt og synleg, legg Mattilsynet vekt på å ha målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt, såkalla punkttilsyn. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsyn i serveringsverksemder er eit døme på dette.

Regelverket om kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Ifølgje regelverket skal tilsynet skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. På mange område betyr dette at tilsyn bør skje tidleg i matproduksjonskjeda.

Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensane av regelbrot både generelt og i den enkelte verksemda. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.

Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytte til risiko for helsa til folk, planter og dyr. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektive tilsyn.

Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytte til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar vil ha prioritet.

Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU.

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet skal vere trygt med tanke på folkehelsa.

Arbeidet med å halde ved like gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev kontinuerleg merksemd frå verksemdene og aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.

Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på at verksemdene sjølve har ansvar for å etterleve krava og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvarer og primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.

Tilsyn med at vassforsyningsverksemdene følgjer opp den nye drikkevassforskrifta er viktig for å sikre trygg vassforsyning til innbyggjarane. Dette er i samsvar med gjennomføringsplanen for nasjonale mål for vatn og helse som blei fastsett av regjeringa i 2014, og FNs berekraftmål 6.

Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å utvikle nytt regelverk og nye tilsynsmetodar som kan bidra til å skape tryggare forhold ved import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.

Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Det er viktig å ha gode tiltak og rutinar i næringane som kan førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.

Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk framleis skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk er viktig. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdommar, som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar).

Det er viktig å overvake og setje i verk tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald på eit lågt nivå. Overvaking, sanering og smitteførebyggjande tiltak mot LA-MRSA (dyre-assosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus-bakteriar) i svinebesetningar vil førast vidare.

Mattilsynet vil prioritere arbeidet mot skrantesjuke (Chronic Wasting Disease). Viktige oppgåver er å nedkjempe sjukdommen, kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny reinsdyrflokk i Nordfjella.

Tiltaka er også av stor betydning for å hindre spreiing av smitte til ville hjortedyr og tamrein, slik at ein kan bevare næringsgrunnlaget til dei som utøver reindrift. God dokumentasjon av tilstanden i Noreg er òg viktig for at eventuelle vernetiltak frå EU si side ikkje blir meir inngripande og kostnadskrevjande enn det er fagleg grunnlag for.

Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og nedkjemping av sjukdommane PD og ILA. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved større produksjon i havbruksnæringa. Mattilsynet vil òg bidra til oppfølging av Meld. St. 16 (2014–2015) Forutsigbar og miljømessig bærekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd. Mattilsynet vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.

Mattilsynet vil samarbeide med politiet om å gjennomføre prosjekta med dyrepoliti i politidistrikta Trøndelag, Sør-Vest og Aust og i tilsvarande prosjekt i politidistrikta Vest og Innlandet. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg omsorgssvikt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til ei eventuell straffesak og domfelling.

Med bakgrunn i resultata frå tilsynskampanjen med slaktegris i Rogaland i 2017/2018 vil Mattilsynet ha auka merksemd på risikobasert tilsyn med dyrevelferd hos gris i heile landet.

Mattilsynet vil føre vidare den gode samhandlinga med miljøstyresmaktene ved tap på grunn av rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur.

Mattilsynet vil prioritere arbeidet med fiskevelferd, spesielt i samband med tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil òg ha merksemd på å oppdretthalde god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye produksjonsformer. Dersom nye metodar viser seg å føre til for store velferdsproblem, kan det vere aktuelt å forby bruken av dei.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon mellom anna om eigenskapane til maten.

Mattilsynet har òg viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar, frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelhòlet) og arbeid med Matvaretabellen. Regjeringa la fram Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) våren 2017. Planen har tiltak på ansvarsområde til sju departement. Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med oppfølginga av planen. Mattilsynet har ansvar for å følgje opp enkelte tiltak i handlingsplanen, mellom anna i tilknytning til merking av matvarer og oversikt over næringsinnhaldet i matvarer.

Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest å vere størst i fôrvarer.

Mattilsynet vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.

Målet om å vareta miljøvennleg produksjon

Mattilsynet vil bidra til at formålet i matlova om å vareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for ein miljøvennleg produksjon og verkar òg inn på kvaliteten på maten.

Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel, vil bli ført vidare med utgangspunkt i Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler (2016–2020). Mattilsynet vil følgje opp aktuelle tiltak.

Marknadstilgang

Mattilsynet har ei viktig rolle i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt, og kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.

Mattilsynet har etablert eit eksportprosjekt som mellom anna skal medverke til auka effektivitet og forenkling av arbeidet med eksportattestar. Det blir òg arbeidd med forslag til ei ny mateksportforskrift.

Andre område

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell og vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv ei forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr er eit viktig verkemiddel i overvakinga av bruken av antibiotika til dyr og praksisen hos veterinærane når det gjeld føreskriving av medisinen.

Kosmetikk

Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13,4 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.

Post 71 Tilskott til erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har gitt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det òg bli ført kostnader for tiltak som er sette i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå ein eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Gebyr m.m.

178 539

195 787

198 704

02

Driftsinntekter og refusjonar m.m.

11 072

5 788

5 874

Sum kap. 4115

189 611

201 575

204 578

Post 01 Gebyr m.m.

På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Ved budsjetteringa er det lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.

På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek, og oppgåver knytte til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

227 979

235 465

227 909

-3,2

1137

Forsking og innovasjon

631 767

604 222

592 147

-2,0

Sum kategori 15.20

859 746

839 687

820 056

-2,3

Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

20 286

20 643

18 081

-12,4

Sum kategori 15.20

20 286

20 643

18 081

-12,4

Mål og strategiar

Nasjonale og internasjonale utviklingstrekk, som folkeauke, klimaendringar og behovet for omstilling, påverkar landbruks- og matforskinga og prioriteringane innan forskinga i sektoren. Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar – blir nådde.

For å nå måla, legg departementet vekt på målretta og effektiv bruk av midlar til forsking og innovasjon. Vidare er det viktig at kunnskap og kompetanse blir gjord lett tilgjengeleg for næring og forvaltning. I tillegg er ein effektiv og sterk instituttsektor viktig for å sikre god, forskingsbasert forvaltning. Det krev eit godt samspel mellom instituttsektoren, andre relevante kunnskapsmiljø, ulike næringsaktørar og forvaltninga.

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Midlar til forsking og innovasjon skal målrettast, slik at ny kunnskap bidreg til at ein når dei landbruks- og matpolitiske måla, som går fram av relevante meldingar og strategiar.

Av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Stortingets handsaming av denne meldinga, går det fram at regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, samstundes som klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast. Meldinga stadfestar at eit høgt ambisjonsnivå for forskings- og innovasjonsaktiviteten framleis vil vere viktig for å auke matproduksjonen, for dyrevelferda og for å styrkje konkurransekrafta i jordbruket og næringsmiddelindustrien på ein miljøvennleg og berekraftig måte. Dette krev kunnskap og teknologi som bidreg til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap om korleis matproduksjonen blir påverka av, og best kan tilpassast til, eit endra klima. Ny kunnskap, mellom anna innan avls- og foredlingsarbeid, er òg avgjerande for å oppretthalde den gode plante- og dyrehelsa og den gode dyrevelferda i Noreg. Det trengst meir kunnskap om sjukdommar som prionsjukdommen skrantesjuke (CWD). Regjeringa legg òg vekt på å halde oppe innsatsen mot antibiotikaresistens, eit behov som mellom anna er stadfesta i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens (2015–2020) og Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar.

Kunnskap er òg berebjelken i bioøkonomien, der dei mange biologiske ressursane frå landbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri blir produserte og utnytta meir berekraftig og effektivt. I tråd med regjeringa sin bioøkonomistrategi, Kjente ressurser – uante muligheter, skal forskingsinnsatsen innan bioøkonomi bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar.

I Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, og i Stortingets handsaming av denne meldinga, blir det òg peika på behovet for forsking og teknologiutvikling. Her går det fram at høg forskings- og innovasjonsaktivitet vil vere viktig for å styrkje konkurranseevna i skog- og trenæringa og for å utnytte rolla skogen har i klimasamanheng. Løyvingane departementet gir til forsking og innovasjon, skal bidra til å ta ut potensialet skogen har i bioøkonomien, gjennom utvikling av nye og innovative teknologiar og produkt frå norske skogressursar. Skogen speler ei viktig rolle i klimasamanheng, både for opptak av CO2, som karbonlager og til produkt som erstattar produkt baserte på fossile ressursar. Det er kunnskapsbehov knytte til ei framtidig utnytting av norske skogressursar og forvaltning av skogareala, både for å oppnå størst mogleg klimagevinst og auka grøn verdiskaping. Begge områda vil bidra til å nå nasjonale klimamål. Departementet vil styrkje forskingsinnsatsen retta mot bidrag frå skogen i klimasamanheng. I løpet av 2018 vil regjeringa leggje fram ein strategi for ei heilskapleg og styrkt satsing på forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa, jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 448 i del 1.

Landbruket rår over eit stort ressursgrunnlag. Det gir potensial for vekst og verdiskaping i heile verdikjeda, frå primærledd til forbrukar. Samstundes med framlegget til statsbudsjett for 2019 legg regjeringa fram Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028. Planen er ein revisjon av Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. For nærare omtale, sjå del III, kap. 5, i Prop. 1 S frå Kunnskapsdepartementet. I meldinga er det stadfesta at regjeringa legg vekt på forsking som kan bidra til grøn omstilling, konkurransekraft og innovasjonsevne og på kunnskap for å møte dei store samfunnsutfordringane. Også landbruks- og matforskinga skal bidra til reduserte klimagassutslepp, auka verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar. Det er eit mål å utvikle vidare ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor gjennom å stimulere næringane i sektoren til auka forskingsaktivitet. Tett samarbeid mellom næring og forskingsmiljø, både nasjonalt og internasjonalt, er viktig for å oppnå dette.

Regjeringa har utarbeidd ein nasjonal strategi for å sikre eit mangfald av villbier og andre pollinerande insekt òg i framtida. Nasjonal pollinatorstrategi viser mellom anna til at sjølv om det finst nok kunnskap til å setje i verk målretta tiltak, er det òg nødvendig med meir kunnskap, ikkje minst om utviklinga av pollinatorbestandar og leveområde, og kva for tiltak som er mest effektive. Strategien er nærare omtalt under oppmodingsvedtak nr. 510 i del 1. Også Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018–2030 dannar grunnlag for prioriteringane innan landbruks- og matforskinga, jf. omtale i del 4 Ein sektorovergripande klima- og miljøpolitikk.

Dei utfordringane og kunnskapsbehova sektoren står overfor, er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er difor nødvendig for å løyse sams utfordringar, heve kvaliteten på forskinga, fornye norsk forsking og kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Ei slik målsetjing krev ei omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar, mellom anna EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Regjeringa sin Panorama-strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) legg òg eit viktig grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet. Det er etablert eit forskingssamarbeid med Kina på landbruks- og matområdet, mellom anna med utgangspunkt i ein underteikna avtale mellom Landbruks- og matdepartementet og det kinesiske landbruksdepartementet.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Sektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø når det gjeld kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Det gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at forskinga er relevant, og at ny kunnskap kjem til nytte. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Det vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Ikkje minst vil ei vidareutvikling av bioøkonomien, der eit av fortrinna til Noreg ligg i eit tett samarbeid mellom blå og grøn sektor, krevje samarbeid på tvers av fagområde og ulike næringar.

Ei målretta politikkutforming for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Forskingsbasert kunnskap bør i størst mogleg grad liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om rolla til landbruket, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking vil òg gi meir kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.

For at kunnskapen skal nå ut til næringsaktørar, rådgivarar og andre som kan ha nytte av han, må ein sikre ei rask og effektiv formidling av resultata frå landbruks- og matforskinga. Noregs forskingsråd stiller krav om at formidlingsaktivitet er ein integrert del av forskingsprosjekta.

Primærleddet i landbruket og industrien som foredlar mat og fiber, er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Dette stiller høge krav til kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. God rekruttering både til yrkesutdanning og til høgare landbruks- og matfagleg utdanning er viktig for å utdanne kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Det er eit mål å ha ein effektiv instituttsektor i landbruket som driv forsking av høg kvalitet og relevans, og som har godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for auka kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for kommersialisering knytt til berekraftig bruk av ressursane, slik at Noreg kan få ei breiare næringsverksemd i framtida. Saman med Veterinærinstituttet (VI), dekkjer NIBIO viktig bioøkonomisk og biomedisinsk kompetanse.

Departementet vil føre vidare arbeidet med å leggje til rette for faglege og administrative synergiar mellom landbruks- og matforskingsinstitutta. Det blir lagt vekt på tverrfagleg arbeid og godt samarbeid mellom dei ulike landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa.

Etablering av kunnskapsklyngjer er eit viktig verkemiddel for kompetanse- og kunnskapsutvikling. Den felles lokaliseringa av NIBIOs hovudsete, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og – frå 2020 – Veterinærinstituttet på Campus Ås vil skape grunnlag for eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon. Det gjeld både innanfor dei eksisterande bionæringane og i utviklinga av ny næringsverksemd innanfor bioøkonomien.

Den felles lokaliseringa av NIBIO, NMBU og VI på Ås legg òg eit godt grunnlag for vidare samarbeid mellom desse miljøa og Nofima AS. Nofima AS har kompetanse som er sentral for å utvikle vidare og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima AS sentral for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet.

Landbruks- og matdepartementet vil føre vidare arbeidet med å utvikle fagleg og økonomisk robuste forskingsinstitutt og bidra til eit godt samarbeid mellom miljøa innanfor landbruks- og matforskinga og andre relevante samarbeidspartnarar. God rekruttering og moderne infrastruktur for forskinga vil òg vere viktig for å oppnå auka kvalitet.

Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

227 979

235 465

227 909

Sum kap. 1136

227 979

235 465

227 909

Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er Noregs største tverrfaglege forskingsinstitutt innanfor landbruk og miljø. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping i verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar. Verksemda har hovudkontor på Ås og er representert på 17 lokalitetar i alle landsdelar. NIBIO skal vere nasjonalt leiande i arbeidet med å utvikle kunnskap om bioøkonomi.

Formål med løyvinga

Midlane over posten skal nyttast til kunnskapsutvikling, fagleg beredskap, utvikling av kompetanse, analyse og dokumentasjon og formidling av kunnskap på desse områda:

  • mat og planteproduksjon

  • beredskap, plantehelse og mattryggleik

  • skog og utmark

  • areal- og genressursar

  • kart og geodata

  • føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi

Rapportering 2017

NIBIO har prioritert utvikling av rutinar og system for å sikre kontroll og god styring av økonomien i instituttet. Arbeidet har mellom anna resultert i at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen for 2017.

På det faglege feltet er mat og planteproduksjon området med størst aktivitet. Instituttet har gjennomført omfattande forsøk i felt med sikte på at norske bønder får tilgang til dei beste plantesortane og kunnskap om korleis desse sortane kan dyrkast. Siktemålet er auka produksjon og høg kvalitet innan korn, poteter, grovfôr, frukt, bær, urter og grønsaker, både på friland og i veksthus. Ei rekkje nye plantesortar er testa ut for Noreg. Vidare har det vore stor fagleg aktivitet for å fremje grøntnæringa under nordlege forhold, i tillegg til kunnskapsutvikling for fjellandbruket. NIBIO har i 2017 hatt omfattande aktivitet knytt til berekraft, klima og miljø relatert til matproduksjon. Dette inneber mellom anna å utvikle gjødslingsstrategiar som tek vare på miljøet og klimaet, samstundes som produksjonen skal haldast oppe. Kunnskap om økologisk landbruk er ein integrert del av innsatsen til NIBIO på matområdet.

Instituttet har lagt ned ein vesentleg innsats for å sikre nasjonal beredskap innan matryggleik og plantehelse. NIBIO har gitt Mattilsynet brei beredskapsstøtte, og plantehelsefagleg bistand til både Mattilsynet og næringslivet. I 2017 blei det oppdaga fleire planteskadegjerarar som er nye her i landet. Instituttet har arbeidd med å vidareutvikle metodar for å kunne oppdage både etablerte og nye skadegjerarar. Instituttet har òg bidrege til Mattilsynet sitt arbeid med overvaking av restar av plantevernmiddel i næringsmiddel.

På skogområdet har det vore arbeidd med å byggje kompetanse om effektive verkemiddel for å kunne nå klimapolitiske mål og å formidle informasjon om den viktige rolla skogen speler i klimasamanheng. Tilpassing av skogskjøtsel til eit klima i endring har stått sentralt. Skogbruk og miljø har vore eit viktig tema, og i 2017 har NIBIO arbeidd vidare med å betre og vidareutvikle opplegget for miljøregistreringar i skog slik at dei blir meir presise og kostnadseffektive. Det har òg vore ein omfattande innsats innan bioenergi, særleg gjeld det kunnskapsformidling til næringa. Vidare har NIBIO utvikla og formidla kunnskap som er viktig for planteskolar og for produsentar av juletre. Verksemda har eit aktivt engasjement i internasjonalt skogsamarbeid, og deltek i ei rekkje internasjonale forum.

NIBIO har vidareutvikla arealressurskartet AR5, eit grunnleggjande verktøy som er særs viktig for verkemiddelforvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiingar og næringsutvikling. I 2017 blei kartet oppdatert for 54 kommunar. Landbruket skal ta vare på kulturlandskap, kulturminne og miljøverdiar, og NIBIO har i den samanhengen overvaka både tilstand og endring. Dette gir nasjonal oversikt over utviklinga i kulturlandskapet og status for dei tilhøyrande kultur- og miljøverdiane.

NIBIO har hatt hovudansvaret for bidraget frå landbruket til den nasjonale geografiske infrastrukturen «Norge digitalt». I tillegg har NIBIO koordinert interesser og behov i Geovekst-samarbeidet. Instituttet har mellom anna bidrege i arbeidet med ein nasjonal digital høgde- og terrengmodell.

Instituttet har gjennomført forvaltningsoppgåver knytte til genressursar i tråd med rullerande handlingsplanar og strategi for Norsk genressurssenter ved instituttet. Ei effektiv genressursforvaltning er viktig for berekraftig avl og foredling, matsikkerheit og klimatilpassing. I 2017 har det vore arbeidd med å bevare det genetiske mangfaldet innan kulturplanter, husdyr og skogstre i Noreg.

Verksemda har oppdatert kunnskapen om den økonomiske utviklinga i landbruket og på gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk. Instituttet har bidrege med omfattande materiale til jordbruksoppgjeret. Nærare omtale av aktiviteten i NIBIO i 2017 er gitt i årsrapporten til instituttet.

Budsjettframlegg 2019

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 227,9 mill. kroner til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO. I samanheng med fusjon av tre forskingsinstitutt i 2015, som førte til etablering av NIBIO, blir det venta både faglege og økonomiske gevinstar. For 2019 blir difor løyvinga noko redusert.

Følgjande område har særleg prioritet:

Mat og planteproduksjon

Løyvinga skal bidra til auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold i Noreg. I dette ligg òg utvikling av kunnskap for å fremje økologisk produksjon. Det skal dokumenterast korleis endringar i klima og dyrkingsmetodar verkar på erosjon, forureining, biologisk mangfald og genetiske ressursar. Vidare skal innsatsen for å vidareutvikle eit berekraftig jordbruk ha høg prioritet. Mellom anna skal det utviklast kunnskap som kan gi redusert bruk av kjemiske plantevernmiddel og meir bruk av alternative middel. Løyvinga skal òg bidra til å få fram effektive verkemiddel frå forvaltninga si side, slik at klimapolitiske mål for norsk jord- og skogbruk blir nådde. Løyvinga skal bidra til å auke kompetansen om omfang og konsekvensar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for opptak av CO2 og lagring av karbon i jord og skog.

Beredskap, plantehelse og mattryggleik

Kunnskap om planteskadegjerarar har høg prioritet, og det skal oppretthaldast beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar den gode plantehelsa i Noreg. Beredskapen skal bidra til ein høg nasjonal mat- og fôrproduksjon og hindre at nye skadegjerarar etablerer seg i Noreg. Vidare skal løyvinga bidra til beredskap og kompetanse om verkemåtar og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter med potensielt uheldig verknad. I det ligg mellom anna at NIBIO skal ha kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium for restar av plantevernmiddel og for planteskadegjerarar.

Skog og utmark

Instituttet skal halde fram med å vidareutvikle kunnskap om klimaendringar og klimatilpassingar innanfor skogbruk, jordbruk og arealbruk. Kunnskapen skal gi grunnlag for utforming av effektive tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, under dette økonomiske konsekvensar av tiltaka.

Landsskogtakseringa skal framleis ha høg prioritet i 2019. Arbeidet med å vidareutvikle ei kart- og innsynsløysing med data om skog og arealressursar vil bli vidareført. Det same gjeld FoU-arbeid knytt til Miljøregistreringer i skog og utvikling av skogbruksplanlegginga.

Høg beredskap for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase er viktig, både for å førebyggje at nye skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg, og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie har etablert seg. Stortinget har oppmoda regjeringa om å arbeide for tilstrekkelege beredskapsplanar i skogbruket, og NIBIO har fått oppgåver innanfor område som stormskadar i skog med tilhøyrande risiko for utbrot av granbarkbilla og branndynamikk i skog.

Arbeidet med den nettbaserte kartløysinga Skogportalen, med miljøinformasjon for skogforvaltninga, skal vidareførast i 2019. Her blir det informert om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar. NIBIO vil òg få i oppgåve å halde fram med å publisere rapporten Bærekraftig skogbruk i Norge. Langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag skal framleis prioriterast. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, og bidreg til eit berekraftig skogbruk og kunnskap om kva rolle skogen har i klimapolitikken. NIBIO skal delta i internasjonalt samarbeid om skog, og framleis ha ansvaret for internasjonal rapportering på området.

Areal- og genressursar

Vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet AR5, Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark blir prioriterte oppgåver for 2019. I dette arbeidet inngår mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet og kulturminne, kartlegging av jordsmonn og eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar. Vidare inngår vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. NIBIO vil òg få i oppgåve å føre vidare arbeidet med statistikk om utmarkseigedommar.

For norsk landbruk er det viktig å sikre at produsentane i framtida har eit tilstrekkeleg genetisk mangfald å hauste av når mat og andre landbruksprodukt skal produserast. I den samanhengen vil Norsk genressurssenter, som er ein del av NIBIO, medverke til ei effektiv forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar når det gjeld husdyr, nytteplanter og skogtre. Senteret vil overvake statusen til nasjonale genressursar og bidra med faglege råd til Landbruksdirektoratet og Landbruks- og matdepartementet i saker som omhandlar forvaltninga av genressursar både nasjonalt, nordisk og internasjonalt.

Kart og geodata

NIBIO har over fleire år hatt eit stort ansvar for å utvikle nettbaserte kart- og geodatatenester ut frå behova til ei rekkje aktørar i samfunnet, både i og utanfor sektoren. Dette arbeidet vil bli gitt høg prioritet òg i 2019. Ny statistikk og nye temakart vil bli utvikla i tråd med behovet. Mellom anna skal NIBIO støtte Mattilsynet med å utvikle kartløysingar for registrering av skadegjerarar og Landbruksdirektoratet med å gjere kartdata frå reindrifta tilgjengeleg.

For løyvinga vil landbruket sitt bidrag til Geovekst bli prioritert. Sektoren vil framleis få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst samarbeidet. Vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. Kommunane vil få kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.

Statens kartverk leier arbeidet med å etablere ein digital høgde- og terrengmodell for Noreg. NIBIO skal bidra i dette arbeidet.

Det internasjonale samarbeidet på kartområdet, som NIBIO deltek i, blir ført vidare. Det inneber mellom anna å støtte arbeidet til Statistisk sentralbyrå med nasjonal arealstatistikk og European Environmental Agency sitt arbeid med europeisk arealovervaking. Det vil òg bli gitt bistand til internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata innanfor tema som instituttet har ansvar for.

Data som er samla inn frå satellittar, har eit potensial for å bli nytta i overvaking av skog- og arealressursar. Arbeidet med å delta i Copernicus, som er EUs program for jordobservasjon, blir ført vidare i 2019. NIBIO og Statens kartverk vil bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.

Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi

NIBIO skal levere eit godt kunnskapsgrunnlag for økonomiske og politiske avgjerder i sektoren. Det gjeld særleg på område som produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, landbruksbaserte næringar og landbruket si rolle i samfunnet. NIBIO skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.

Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er òg viktige tema for kunnskapsutvikling i 2019. Departementet legg vidare vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing.

I 2017 starta NIBIO arbeidet med å oppgradere og fornye IKT-systema knytte til Budsjettnemnda for jordbruket. Systema er avgjerande for verksemda og må forbetrast med tanke på tryggleik, nedetid og informasjonstap. Arbeidet med oppgradering og fornying vil halde fram i 2019.

Kap. 4136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

30

Husleige, Norsk institutt for bioøkonomi

20 286

20 643

18 081

Sum kap. 4136

20 286

20 643

18 081

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

260 555

242 306

248 878

51

Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

184 727

187 452

178 036

53

Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

3 534

3 557

54

Næringsretta matforsking mv.

173 130

159 700

158 901

70

Innovasjonsaktivitet mv., kan overførast

9 821

8 375

3 500

71

Bioøkonomiordninga, kan overførast

2 832

2 832

Sum kap. 1137

631 767

604 222

592 147

Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til at hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla, blir nådde. Løyvinga omfattar først og fremst forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd.

Rapportering 2017

Regjeringa har fastsett fem mål for Noregs forskingsråd. Rapportering på desse måla og det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2017 er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2019.

Rapporteringa nedanfor gir ei oversikt over aktivitet og bruk av Landbruks- og matdepartementet sine forskingsmidlar i Noregs forskingsråd i 2017, fordelt på dei tre delmåla under departementet sitt tverrgåande mål for forsking, innovasjon og kompetanse. Ei meir utfyllande rapportering på resultat og effektar av departementet sine forskingsløyvingar finst i del 3.

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementets budsjett har i hovudsak blitt disponerte gjennom Forskingsrådet sitt program Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR. Landbruks- og matdepartementet løyvde 215 mill. kroner til BIONÆR i 2017. Samla blei det gitt tilsegn til tolv nye forskar- og innovasjonsprosjekt med ei total ramme på om lag 195 mill. kroner i prosjektperioden. Programmet har som hovudmål å fremje bioøkonomien gjennom å utløyse forsking som bidreg til auka, meir lønsam og berekraftig produksjon innanfor jordbruk, skogbruk og andre naturbaserte verdikjeder på land, inkludert næringsmiddelindustrien. I tillegg følgjer programmet opp innsatsen på dei prioriterte temaa matsikkerheit, mattryggleik, dyrehelse og dyrevelferd inkludert antibiotikaresistens, berekraftig sunn matproduksjon og redusert matsvinn.

Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt bidreg programmet til å byggje kompetanse av stor samfunnsverdi på tverrfaglege område. BIONÆR finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking. Departementet har òg bidrege med forskingsløyvingar til mellom anna programma Stort program energi (ENERGIX) og Miljøforsking for ei grøn samfunnsomstilling (MILJØFORSK), som følgjer opp ulike prioriterte område innan fornybar energi og miljø. Samla utgjer løyvingane til desse tre programma ei heilskapleg oppfølging av departementet sitt sektoransvar.

I prosjektporteføljen til BIONÆR, på departementet sine prioriterte faglege område, er prosjekt knytte til området mat i fleirtal med om lag 25 pst. av løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet. Forsking og utvikling på jordbruk og planteproduksjon er ein viktig del av løyvinga frå departementet, og utgjorde i 2017 om lag 21 pst. av porteføljen til BIONÆR. Fleire innovasjonsprosjekt blei løyvde på dette området. Innsatsen her blir sett i nær samanheng med løyvingane frå Forskingsmidlane for landbruk og matindustri. Ei felles utlysing mellom BIONÆR og Forskingsmidlane for landbruk og matindustri førte til at det til saman blei gitt løyving til 15 prosjekt, seks av dei i BIONÆR.

Prosjekt på innovative biobaserte produkt utgjorde i 2017 om lag fire pst. av prosjekta i BIONÆR. Det blei i 2017 løyvd midlar til tre prosjekt, der eitt er finansiert av BIONÆR, etter ei fellesutlysing mellom fem program i Forskingsrådet innan bioøkonomi: innovativ vidareforedling av biologisk restråstoff og utvikling av nye produkt og prosessar.

Ein gjennomgang av resultat av forskinga i BIONÆR og forløparane dei siste ti åra, utført av Oxford Research for Forskingsrådet, viser at BIONÆR er eit samfunnsøkonomisk lønsamt program. BIONÆR har gitt eit solid bidrag til å auke kompetansen i næringslivet og forskingsmiljøa, og har styrkt profilen til forskingsmiljøa nasjonalt og internasjonalt. Støtta frå BIONÆR har ført til oppbygging av nye innovasjons- og kompetansemiljø og til ei styrking av eksisterande miljø. Forskingsinnsatsen frå næringslivet på områda til departementet er nærare omtalt i del 3.

Mange av prosjekta i BIONÆR har element av klima- og miljøforsking i seg. I tillegg blei det i 2017 løyvd midlar til tre forskarprosjekt med næringsinvolvering, med tematikken jordbruk og klima, innan LAVUTSLIPP2030, ei felles satsing mellom Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Løyvingar over budsjettet til Landbruks- og matdepartementets blei òg i 2017 nytta til forsking for å styrkje bidraget frå skogen til verdiskaping i heile landet og for å nå energi-, klima- og miljømål. Viktige innsatsområde er auka bruk av trevirke, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. Skog- og treforsking utgjorde til saman 13 pst. av løyvinga til BIONÆR i 2017. Det er i hovudsak BIONÆR som har hatt forskingsprosjekt på desse områda, men prosjekt i MILJØFORSK har òg gitt viktige bidrag.

Løyvinga over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet er òg retta mot forsking for å redusere uønskte utslepp til luft og vatn og auke opptaket av CO2 i skog og jord. Løyvingane til området bioenergi blir forvalta av ENERGIX, som er det store programmet til Forskingsrådet innan miljøvennleg energi. Løyvingane frå departementet gjennom ENERGIX er retta mot særskilde tema innanfor bioenergi: biovarme, biogass og biodrivstoff. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer porteføljen.

MILJØFORSK er Forskingsrådets hovudsatsing på miljøforsking, og dekkjer landbasert miljø, ferskvatn og luft. Programmet skal bidra med auka kunnskap om sentrale miljøutfordringar, og gi forvaltning, næringsliv og samfunnet elles eit betre grunnlag for å treffe avgjerder. Blant dei nye prosjekta i 2017 blei det gitt løyving til eit prosjekt som skal gi ny kunnskap om pollinering og matproduksjon, med vekt på gjensidig avhengigheit mellom plantar og pollinatorar, og korleis arealbruksendringar påverkar naturmangfaldet.

Ein stor del av løyvinga til Forskingsrådet over budsjettet til Landbruks- og matdepartementets går til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innan næringane i landbrukssektoren. Tematisk innretta program som BIONÆR og ENERGIX har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser òg ut vesentlege private midlar til forsking.

Løyvinga er vidare nytta til programmet Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION), som har som mål at fleire bedrifter skal bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt, og at fleire fagmiljø i FoU-institusjonane blir relevante samarbeidspartnarar for næringslivet. 2017 var første året for programmet, og det er starta opp fleire aktivitetar for å fremje utvikling av bioøkonomien, både generelt og innan jordbruk og skogbruk. I region Innlandet er viktige satsingsområde mellom anna vidareforedling av biomasse, auka bruk av tre i bygg, småskala produksjon av mat, og natur og reiseliv.

Løyvingar over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett gjorde det mogleg for norske FoU-miljø å delta i konkurransen om internasjonale forskingsmidlar innanfor mange nettverk i European Research Area Net (ERA-NET), som er eit samarbeid mellom ulike forskingsprogram i Europa. Norske miljø deltek her på så ulike område som husdyrproduksjon, husdyrhelse, mat, økologisk landbruk, skog- og trebruk og vassforvaltning. Ved utgangen av 2017 hadde BIONÆR 28 prosjekt gjennom 7 ulike ERA-NET-prosjekt som var relevante for landbruks- og matpolitiske prioriteringar. På landbruks- og matområdet har fellesprogrammet (JPI) Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) resultert i ei rekkje prosjekt med norsk deltaking innan bioøkonomi og klimaeffektar. Aktiviteten har auka kraftig dei siste åra. Norske aktørar har mellom anna stor suksess i prosjekt knytte til reduserte klimagassutslepp.

Samarbeid mellom Noreg og India har resultert i ei utlysing på områda jordbruk, anvendt bioteknologi, akvakultur og bioenergi/biodrivstoff.

Noreg er ein aktiv partnar i Nordisk komité for jordbruks- og matforsking, NKJ, som arbeider for auka nordisk forskingssamarbeid og ein kunnskapsbasert jordbruks- og matsektor. Forskingsrådet og Landbruks- og matdepartementet deltek i arbeidet i The European Agricultural Research (EURAGRI) og i Standing Committee on Agricultural Research (SCAR).

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Forskingsrådet sine handlings- og næringsretta program er retta mot kunnskapsbehov i sektoren og i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, MILJØFORSK og ENERGIX er viktige verkemiddel for kunnskapsutvikling i forvaltninga og for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. I tillegg til porteføljen av samfunnsfaglege prosjekt om rammevilkår og næringspolitikk, har Forskingsrådet lagt vekt på at samfunnsfaglege problemstillingar må integrerast i prosjekt der det er relevant.

Forskingsrådet gjer ein aktiv innsats for å auke kvalitet og relevans i forskinga. Dei siste åra har det vore ein auke i kvaliteten på søknadene til BIONÆR. Prosentdelen av forskarprosjektsøknadar med høg kvalitet har auka frå 50 pst. i 2013 til 80 pst. i 2017. Til innovasjonsprosjekt har prosentdelen søknader høgt oppe på karakterskalaen auka frå 40 pst. i 2013 til 60 pst. i 2017.

For å sørgje for ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane innan landbrukssektoren samarbeider Forskingsrådet med styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), jf. omtale under kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50. Gjennom FFL/JA blir det i hovudsak finansiert open forsking til nytte for aktørane i bransjen.

God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk både av primærprodusentane og dei andre ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda.

Norsk Landbruksrådgivning er eit bindeledd mellom forskinga og landbruket og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn, og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Gjennom forskingsprogramma blir det arbeidd målretta med nyheiter om forskingsresultat gjennom heile året. Programma gir òg viktige bidrag til formidling av ny kunnskap mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte, og forskarsamlingar.

Budsjettframlegg 2019

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 248,9 mill. kroner over kap. 1137, post 50 i 2019. Løyvinga skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar – og dei tre delmåla for forsking, som er omtalte i kat. 15.20.

Skogen speler ei betydeleg rolle i klimasamanheng, både som karbonlager og som erstatning for produkt baserte på fossilt karbon. Det er kunnskapsbehov knytte til framtidig utnytting av norske skogressursar og forvaltning av skogareala, for å oppnå størst mogleg klimagevinst. Knytt til oppfølging av revidert Langtidsplan for forskning og høyere utdanning, vil det i 2019 bli prioritert 25 mill. kroner retta mot bidrag frå skogen i klimasamanheng. Satsinga skal bidra til auka kunnskap om innovativ utnytting av skogsråstoff for grøn omstilling, samstundes som vi opprettheld eller aukar karbonlageret i skogen.

Den viktigaste oppgåva til landbruks- og matsektoren er å sikre innbyggjarane trygge matvarer av god kvalitet og bidra til ei optimal utnytting av dei jordbaserte naturressursane. Forsking som bidreg til nok og trygg mat, og under dette god plante- og dyrehelse og dyrevelferd, skal prioriterast. Noreg har god mattryggleik, som følgje av mellom anna god dyrehelse, og Europas lågaste forbruk av antibiotika i husdyrproduksjonen. Landbruks- og matdepartementet vil òg i 2019 leggje vekt på forsking innan dyrehelse og mattryggleik, medrekna antibiotikaresistens.

Departementet vil òg ha innsats på områda betre agronomi, auka lønsemd og auka matproduksjon. Samstundes skal det takast nødvendige omsyn til natur og miljø. Klimaendringane med høgare temperaturar og meir ekstremvêr skaper utfordringar for matproduksjonen, både globalt og nasjonalt. Auken i førekomsten av planteskadegjerarar, problem med innhausting som følgje av nedbør og dårlege avlingar som følgje av tørke, er døme på dette. Samstundes kan klimaendringar skape nye moglegheiter for norsk landbruk ved at høgare temperaturar kan opne for å ta i bruk nye areal til matproduksjon eller nye plantesortar. Forskinga skal bidra med kunnskap om klimatilpassa produksjon og synleggjere moglegheiter for auka lønsemd i norsk landbruk innanfor eit endra klima.

Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurransekraft innanfor dei mange næringane i landbruket. I dette arbeidet står den brukarstyrte forskinga og arbeidet innan bioøkonomi og mogleggjerande teknologiar sentralt.

Det er eit mål å auke kommersialiseringa av forskingsresultata, og det er difor viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, Selskapet for industrivekst (Siva) og Forskingsrådet samarbeider om å auke innovasjonsgraden i sektoren.

Departementet vil arbeide for auka internasjonalisering av landbruks- og matforskinga. Noregs forskingsråd skal sikre at dei nasjonale forskingsprogramma utviklar vidare det strategiske, tematiske og finansielle samspelet med EU-forskinga, inkludert Horisont 2020. Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal vidareførast.

Landbruks- og matdepartementet sin del av løyvinga til EUs forskingsprogram på strålevern (Euratom) for perioden 2019–2022 blir auka til 2 mill. kroner årleg.

Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsbehova innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. I denne samanhengen er det behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltninga. Også samarbeidet mellom Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Fondet for forskingsmidlar over jordbruksavtalen (jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50) er viktig i denne samanheng.

Forsking er viktig for å støtte opp under behovet for kunnskap i forvaltninga. Det gjeld innanfor alle ansvarsområda til departementet.

Departementet vil òg i 2019 vurdere å bidra til forsking som ser på samanhengar mellom helse hos både dyr og menneske (éi helse), gjennom innsamling av biologisk materiale frå dyr til etablering av ein biobank i samarbeid med Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag.

Frå 2018 er alle løyvingane til drift av Forskingsrådet samla på éin post på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, sjå nærare omtale av Verksemdskostnader, kap. 285, post 55.

Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar Norsk institutt for bioøkonomi, Nofima AS, Veterinærinstituttet, SINTEF Ocean (Fiskeri og havbruk fram til 1.1.2017) og Ruralis (Institutt for rural- og regionalforskning).

Forskingsrådet har ansvar for forvaltninga av basisløyvingane til forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde: Norsk institutt for bioøkonomi, Ruralis og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima AS tildelt midlar til fleirårige strategiske program frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. kap. 1137, post 54.

Dei underliggjande forvaltningsorgana Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet blir omtalte nærare i kap. 1136, post 50 og kap. 1112, post 50. Ruralis er ei frittståande nasjonal forskingsstifting og eitt av dei leiande fagmiljøa i Europa innan tverrfaglege ruralstudiar, med eit omfattande internasjonalt og nasjonalt samarbeid. Nofima AS er eitt av Europas største næringsretta institutt med forskingskompetanse innanfor heile verdikjeda for utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor. Sjå kap. 928, post 72 i Prop. 1 S (2018–2019) frå Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale.

Formål med løyvinga

Formålet med basisløyvingar er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvingane på posten skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging innan landbruks- og matområda og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid. Løyvingane skal nyttast i tråd med retningslinene for statlege basisløyvingar til forskingsinstitutt.

Rapportering 2017

Primærnæringsarenaen omfatta i 2017 Norsk institutt for bioøkonomi, Veterinærinstituttet, Nofima AS, SINTEF Ocean (Fiskeri og havbruk fram til 1.1.2017) og Ruralis. For omtale av Landbruks- og matdepartementets delmål 3 Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre, sjå del 3.

Samla blei det tildelt 282,8 mill. kroner i basisløyvingar til primærnæringsinstitutta i 2017, i tillegg til den strategiske matsatsinga til Nofima. 174,9 mill. kroner blei gitt over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet og 107,9 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Strategiske midlar til Norsk institutt for bioøkonomi frå Klima- og miljødepartementet kjem i tillegg.

Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2017

Driftsinntekter

Driftsresultat

Basisløyving i 2017

Basis disponert til strategiske instituttsatsingar

Basisløyving per forskarårsverk

Basisløyving i pst. av drifts-inntektene

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Mill. kr.

Pst.

NIBIO1

717,6

-2,6

133,3

32,7

0,467

19

Veterinærinstituttet

371,1

1,2

26,8

10,7

0,178

7

Ruralis

45,8

0,6

8,4

2,6

0,352

19

Sum

1 134,5

-0,8

168,5

46,0

1 Samanslåing av Bioforsk, NILF og Norsk institutt for skog og landskap 1.7.2015.

Kjelde: Tal frå Forskingsrådet. Årsrapport 2017 Primærnæringsinstitutta

Basisløyvinga utgjer frå 7 til 19 pst. av inntektene til institutta. Institutta disponerer samla sett den største delen av basisløyvinga til strategiske instituttsatsingar og nettverksbygging. Noko av midlane blir òg nytta til forprosjekt/idéutvikling, publisering og eigendelar i forskingsprosjekt.

Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2017

Samla årsverk

Forskarårsverk som del av samla årsverk

Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk

Publikasjonspoeng per forskarårsverk1

Pst.

Forh. tal

Forh. tal

NIBIO

633

52

0,78

0,86

Veterinærinstituttet

310

45

0,84

0,61

Ruralis

29

83

0,63

0,86

Sum

972

1 Ny modell for å rekne ut publikasjonspoeng gjeld frå 2015. Poenga er difor ikkje samanliknbare med tidlegare år.

Dei tre landbruks- og matforskingsinstitutta har til saman 20 fleire årsverk i 2017 enn i 2016, mens det frå 2015 til 2016 var ein auke på 7 årsverk. Talet på forskarårsverk har auka frå 476 i 2016 til 491 i 2017. Talet på tilsette med doktorgrad er redusert frå 396 i 2016 til 388 i 2017.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) blei etablert i 2015 gjennom ei samanslåing av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap.

Arbeidet med å gjennomføre fusjonen mellom dei tre instittuta har kravd merksemd og innsats òg i 2017. NIBIO hadde eit driftsunderskott på 2,6 mill. kroner i 2017. Dette er knytt til oppdragsverksemda til instituttet.

Instituttet har, inkludert overførte midlar frå tidlegare år, nytta 152,3 mill. kroner i basisløyving frå Noregs forskingsråd, noko som utgjer 21 pst. av driftsinntektene. NIBIO disponerte 35 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.

Talet på årsverk i 2017 var 633, mot 626 i 2016. Forskarar utgjorde 326 årsverk, mot 312 i 2016. Instituttet produserte 351 artiklar i vitskaplege tidsskrift og antologiar i 2017.

Veterinærinstituttet

I 2017 hadde Veterinærinstituttet eit driftsoverskott på 1,2 mill. kroner. I 2016 var overskottet på 2,1 mill. kroner.

Instituttet nytta ei basisfinansiering på 25,2 mill. kroner frå Forskingsrådet. Veterinærinstituttet disponerte 10,7 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 7 pst. av driftsinntektene til instituttet, det lågaste talet på arenaen.

Instituttet hadde 310 årsverk i 2017, mot 299 året før. Talet i 2017 er ikkje samanliknbart med tidlegare år fordi Veterinærinstituttet i 2017 nytta ei anna berekning av årsverk. Forskarar utgjorde 141 årsverk, mot 142 i 2016. Veterinærinstituttet produserte 96 artiklar i vitskaplege tidsskrift og antologiar i 2017.

Ruralis

Ruralis hadde eit driftsoverskott på 0,6 mill. kroner i 2017. I 2016 var driftsoverskottet på 1,7 mill. kroner. Instituttet har nytta 8,4 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet, noko som utgjer 18 pst. av driftsinntektene. Ruralis disponerte 2,6 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.

I 2017 var det 29 årsverk i Ruralis, mot 27 året før. Forskarar utgjorde 24 av årsverka, mot 22 i 2016. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 19 artiklar i tidsskrift og antologiar.

Budsjettframlegg 2019

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 178,0 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt.

Basisløyvinga blir fordelt på primærnæringsarenaen i tråd med formålet slik det går fram av retningslinene og Prop. 1 S (2014–2015) frå Kunnskapsdepartementet. Alle dei tre institutta under departementet, NIBIO, Veterinærinstituttet og Ruralis, er med i konkurransen om den resultatbaserte omfordelinga av løyvinga. Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta er sett saman av ei grunnløyving og strategiske løyvingar. Ordninga med strategiske instituttsatsingar blir vidareført med eit tak på 30 pst.

Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til omstilling i instituttsektoren i landbruket i retning av meir faglege og økonomisk solide institutt. I første rekkje skal løyvinga bidra til å realisere regjeringa sitt formål med oppretting av Norsk institutt for bioøkonomi, og til å dekkje delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås.

Rapportering 2017

I 2017 blei løyvinga mellom anna nytta til å førebu flyttinga av Veterinærinstituttet til Ås. Vidare blei det tildelt midlar til NIBIO som ledd i å greie ut felles lokalisering av tilsette på Ås, til vidareutvikling av regionalt nærvær og til nødvendige investeringar knytte til omstilling av verksemda.

Budsjettframlegg 2019

Det blir føreslått å avvikle posten frå 2019. Omstilling innanfor instituttsektoren i landbruket skal dekkjast innanfor eksisterande rammer, jf. kap. 1136, post 50 og kap. 1112, post 50.

Post 54 Næringsretta matforsking mv.

Formål med løyvinga

Ordninga har bakgrunn i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, som blei oppretta i medhald av lov av 26.6.1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Løyvinga skal mellom anna gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt med forskingskompetanse innanfor heile verdikjeda for utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor. I tillegg skal løyvinga gå til næringsrelevante forskingsprosjekt etter ope utlysing og konkurranse.

Midlane blir kravde inn gjennom ei avgift på importerte og norskproduserte landbruksprodukt. Løyvinga skal forvaltast av eit styre som er oppnemnt av departementet.

Løyvinga blir motsvart av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt.

Rapportering 2017

Midlane i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt blir forvalta av eit styre som er sett saman av seks representantar frå matområdet, i tillegg til ein styreleiar som er oppnemnt av departementet. Landbruksdirektoratet har sekretariatet for ordninga. Midlane skal støtte opp under formålet til lov om forskingsavgift. I tillegg har fondet eit særleg ansvar for grunnløyving til forskingsinstituttet Nofima AS. Midlar som ikkje går til grunnløyving til dette instituttet, går i hovudsak til finansiering av forskingsprosjekt etter open utlysing. Som hovudregel skal resultata frå prosjekt som er støtta av fondet, vere opne for alle.

Utlysing av midlar frå fondet i 2017 var innretta mot auka berekraftig matproduksjon, auka og alternativ råstoffutnytting av biomasse, reduserte klimagassutslepp og klimatilpassa produksjon, teknologisk utvikling og innovasjon og mattryggleik, helse og samfunn. Styret for fondet løyvde midlar til 17 forskarprosjekt med ei total ramme på 61,3 mill. kroner og 9 næringsretta innovasjonsprosjekt med ei total ramme på 43,0 mill. kroner.

Matforskingsinstituttet Nofima AS er tildelt midlar til fleirårige strategiske program der inneverande periode er 2017–2020. For 2017 fekk instituttet 72,2 mill. kr til desse programma. Vidare har styret for fondet bidrege med 2 mill. kroner til miljøforskingsprogrammet i Noregs forskingsråd.

Budsjettframlegg 2019

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 158,9 mill. kroner på posten. Det vil vere uvisse knytt til inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt og til forbruk det enkelte året. Departementet legg difor opp til ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. framlegg til vedtak II.

Post 70 Innovasjonsaktivitet mv.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til vekst og konkurransekraft hos nyetablerte verksemder gjennom inkubatortenester til vekstbedrifter i ein tidleg fase. Inkubatorane tilbyr fagleg rådgiving, forretningsutvikling og tilgang til nødvendig kompetanse, nettverk og lokale. Tilboda må tilpassast dei behova verksemdene har for individuell oppfølging, og skje i eit miljø med høg kompetanse på innovasjon og næringsutvikling. Siva gjennomfører satsinga på vegner av departementet. Løyvinga skal fremje kommersialisering av kunnskap frå forsking i landbruks- og matsektoren og bidra til auka knoppskyting frå eksisterande næringsliv.

Løyvinga over posten er òg retta mot marknadsdriven bioinnovasjon i regi av BioSmia til Hedmark Kunnskapspark. Denne satsinga skal leggje til rette for å etablere nye arbeidsplassar og vekst innan bioøkonomien.

Løyvingane til Siva og Hedmark Kunnskapspark skal mellom anna bidra til at fleire norske bedrifter kan ta marknadsposisjonar innan avansert foredling av fornybare biologiske ressursar.

Av løyvinga blir det òg gitt midlar til satsinga på fornybar energi ved Mære landbruksskole.

Rapportering 2017

Siva – Selskapet for industrivekst SF

Løyvinga har gått til å støtte opp under gründerar på landbruks- og matområdet gjennom fire inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst SF (Siva). Ein inkubator gir støtte til verksemder som har etablert ny kommersiell aktivitet. Resultatforventningane til departementet har vore auka overleving og vekst blant deltakande verksemder samanlikna med dei som ikkje nyttar seg av tilbodet. Deltakinga styrkjer koplinga og samhandlinga mellom landbruksverksemder og verksemder i andre næringar og sektorar. Til saman har det vore 88 verksemder i dei fire inkubatorane i 2017.

Validé AS i Stavanger har motteke 1 mill. kroner og hatt 23 verksemder. Nedslagsfeltet for inkubatoren er det meste av Rogaland. Inkubatoren leverer gode resultat, med mange spennande verksemder på landbruks- og matområdet.

Hedmark Kunnskapspark på Hamar har motteke 1 mill. kroner og hatt 14 verksemder. Miljøet har lang erfaring med inkubasjon i mellom anna jordbruk og skogbruk. Med inkubatoren, innovasjonssenteret BioSmia og arenaprosjektet Heidner er det samla sett etablert eit godt system for innovasjon og nyskaping i fylket.

Proneo AS er lokalisert i Verdal og Stjørdal, og har eit veksande nedslagsfelt i heile Trøndelag. Selskapet har motteke 1 mill. kroner og hatt ni verksemder i 2017.

Inkubator Ås har motteke 2 mill. kroner og hatt 42 verksemder. Inkubatoren arbeider tett med Kjeller Innovasjon. Det blir arbeidd med kommersialisering av idear innan bioøkonomi i samarbeid med FoU-miljøa på Ås.

BioSmia – Senter for marknadsdriven bioinnovasjon

Løyvinga til BioSmia skal mellom anna nyttast til innsamling av ny kunnskap og utviklingsarbeid, i tillegg til å leggje til rette for samarbeid og nettverksarbeid. I 2017 har BioSmia oppretta direkte kontakt med bedrifter, entreprenørar og potensielle samarbeidspartnarar. Det har blitt oppretta nodar for BioSmia i dei ulike regionane i Hedmark. Nærleiken til det lokale næringslivet har gitt eit stort tilfang av prosjekt. I nokre tilfelle har BioSmia òg teke initiativ til prosjekt innan spesifikke fagområde, slik som etablering av eit bedriftsnettverk for bioraffinering av insekt.

Ved utgangen av 2017 hadde BioSmia ein portefølje på 47 aktive prosjekt, av dei var 30 nye. Prosjektporteføljen er hovudsakleg regionale prosjekt i Hedmark, men det er òg nokre prosjekt som omfattar eit større geografisk område, eller involverer nasjonale aktørar.

Av dei 28 prosjekta som blei avslutta i 2017, er om lag halvparten vidareført til hovudprosjekt eller kommersialisering.

Mære landbruksskole – Landbrukets klima- og energisenter

Løyvinga til Landbrukets klima- og energisenter ved Mære landbruksskole er i 2017 blitt nytta til utgreiingsarbeid, bygging av nettverk og etablering av FoU-samarbeid knytt til demonstrasjonsanlegga. Senteret har lagt vekt på samarbeid med FoU-miljø og har arrangert fleire fagdagar med deltakarar frå primærnæringar (gardbrukarar), rådgivarar og elevar. Hausten 2017 blei det inngått ein avtale med Felleskjøpet Agri, der Mære landbruksskole skal vere testarena for presisjonslandbruk.

Budsjettframlegg 2019

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 3,5 mill. kroner for å fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk.

Løyvinga blir fordelt slik:

  • tilskott til samarbeidet i den blå-grøne bioteknologiske næringsklynga på Hamar gjennom innovasjonssenteret BioSmia – Senter for marknadsdriven bioinnovasjon, 2,5 mill. kroner

  • tilskott til landbrukets klima- og energisenter ved Mære Landbruksskole, 1 mill. kroner

Det er ikkje føreslått å løyve midlar til inkubatorar i regi av Siva for 2019. Kunnskapsmiljøa må i større grad ta ansvar for å finansiere innovasjonsaktiviteten innanfor eigne budsjettrammer.

Post 71 Bioøkonomiordninga

Formål med løyvinga

Løyvinga skal fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Midlane skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane. Sjå òg omtale av ordninga under kap. 2421, post 50, i Prop. 1 S (2017–2018) frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Regjeringa ser eit stort potensial i å stimulere til vidareutvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane. Løyvinga skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar.

Rapportering 2017

Bioøkonomiordninga i Innovasjon Noreg blei oppretta i 2017 for å styrkje og samle innsatsen retta mot bioøkonomi. Bioøkonomiordninga fungerer som ein «paraply» over åtte ulike verkemiddel fordelte på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Alle dei tre departementa har tidlegare hatt oppdrag retta mot Bioraffineringsprogrammet, som frå 2017 blei ein del av Bioøkonomiordninga. Landbruks- og matdepartementet har tidlegare hatt oppdrag retta mot Trebasert Innovasjonsprogram, som frå 2017 er integrert i Bioøkonomiordninga med oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Aktiviteten i den nyoppretta ordninga har i 2017 vore orientert mot mobilisering med sikte på å auke talet på gode søknader.

Målgruppa for ordninga er bedrifter (uavhengig av storleik) som utviklar og tek i bruk løysingar for produksjon, foredling og distribusjon av bioressursar. Ordninga dekkjer utviklingsstøtte både i og på tvers av eksisterande verdikjeder og er landsdekkande.

Prosjekt som blir prioritert, skal

  • utvikle eller bidra til utvikling av løysingar i produksjon, foredling og/eller full utnytting i bruk av bioressursar, til dømes produktutvikling, prosessutvikling eller organisatorisk utvikling

  • bidra til utvikling av marknadsretta strategi, nye marknader og/eller byggje opp merkevarer

  • sannsynleggjere eit positivt klimabidrag

  • bidra til auka og berekraftig matproduksjon

Løyvinga frå Landbruks- og matdepartementet har på området bioraffinering vore nytta til fleire prosjekt innan landbruksområdet, og området har fått eit stort løft gjennom mobiliseringsområdet Biosmart – effektivisering gjennom automatisering og digitalisering, som i 2017 særleg har fokusert på jordbruket. Her er det fleire gode prosessar på gang og tett dialog med aktørane innan landbrukssamvirket.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving til Bioøkonomiordninga i Innovasjon Noreg, med ei samla ramme på 2,8 mill. kroner for 2019. Det er òg midlar overførte på posten som det er gitt tilsegn til, og det vil ikkje alltid vere slik at løyvingane kjem til utbetaling same året som dei blir løyvde. Departementet legg difor òg opp til ei tilsegnsfullmakt på posten på 5,2 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

37 019

40 836

40 873

0,1

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

20 037

26 096

29 059

11,4

1140

Haustbare viltressursar

95 791

1142

Landbruksdirektoratet

470 502

440 084

471 105

7,0

1148

Naturskade – erstatningar

91 104

156 000

182 600

17,1

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

146 540

219 722

134 705

-38,7

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

14 852 285

15 107 993

15 920 523

5,4

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

116 785

118 600

123 100

3,8

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

24 299

24 457

24 335

-0,5

Sum kategori 15.30

15 758 571

16 133 788

17 022 091

5,5

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

4140

Haustbare viltressursar

4 500

4142

Landbruksdirektoratet

50 737

42 196

43 203

2,4

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

1 278

50

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

75 000

25 000

-100,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

317 479

159 700

253 901

59,0

Sum kategori 15.30

444 494

226 896

301 654

32,9

Mål og strategiar

Budsjettframlegget under kategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskaping og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, og støtte til organisasjonar. Sjå òg Prop. 94 S (2017–2018) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2018 m.m.) og Prop. 92 S (2017–2018) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2018/2019 m.m.) og Stortinget si handsaming av desse, for nærare informasjon om næringsavtalane.

I samband med endringane i ansvarsdelinga mellom departementa ved utviding av regjeringa i 2018, overtok Landbruks- og matdepartementet ansvaret for forvaltning av haustbare viltressursar frå Klima- og miljødepartementet, jf. Prop. 48 S (2017–2018). Kategorien omtaler etter dette òg prioriteringar knytte til forvaltning og næringsutvikling på dette området. Framlegget under kategorien rettar seg særleg mot hovudmåla Landbruk over heile landet, Auka verdiskaping og Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis ei differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

Regjeringa vil i 2019 arbeide vidare med å følgje opp meldingane om jordbrukspolitikken, skog- og trenæringa, reindrifta og vekst og gründerskap. Bidrag frå landbruket til å løyse klimautfordringane, vil også ha høg prioritet. Viktige nasjonale strategiar innanfor bioøkonomi, reiseliv, økologisk jordbruk og jordvern er med på å gi retning for arbeidet. Eit strategidokument som har til formål å mobilisere skog- og trenæringa til meir forsking, utvikling og innovasjonsaktivitet og bidra til større etterspørsel etter grøne, trebaserte produkt, blir etter planen lagt fram i 2018.

Landbruksdirektoratet, jf. kap. 1142, står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken og er støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Det blir lagt vekt på brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og gode juridiske verkemiddel, i tillegg til kontroll og dokumentasjon.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er særs viktig i arbeidet med å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev god oversikt over areal- og genressursane, føresetnader for lønsam drift og god kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er såleis ein viktig leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.

Prioriteringar

Internasjonale prosessar

Regjeringa vil innanfor gitte landbrukspolitiske rammer arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar om marknadstilgang for landbruksvarer innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet.

Fram mot ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017 drøfta medlemslanda i WTO ulike tema som kunne bidra til ein friare verdshandel med landbruksvarer. Ministerkonferansen gav ingen nye resultat på landbruksområdet. Regjeringa ser det som viktig å få på plass ein ny multilateral avtale, og vil bidra aktivt framover gjennom ulike initiativ. Når det gjeld forpliktingane i den eksisterande WTO-avtalen og oppfølginga av ministererklæringa frå Nairobi i 2015, tilpassar regjeringa verkemiddelbruken i landbruket slik at Noreg held seg innanfor avgrensingane.

EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. I april 2017 blei Noreg og EU-kommisjonen samde om ein ny Artikkel 19-avtale. Avtalen vil bli sett i verk 1.10.2018, og vil innebere auka kvotar inn til Noreg for mellom anna ost, kjøtt og blømande planter. Vidare gir avtalen auka eksportkvotar inn til EU for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar. EFTA forhandlar i 2018 med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre Kina, India, Malaysia, Indonesia, Vietnam og Mercosur (Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay). EFTA-forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer.

Under FNs klimakonferanse i Fiji/Bonn i november 2017, blei partane samde om vidare arbeid med klima, jordbruk og matsikkerheit. Fram mot klimakonferansen hausten 2020 vil partane sørgje for meir kunnskap og fleire tiltak i jordbruket, innanfor praktiske og overordna tema som jordsmonn, gjødselhandtering, husdyrhald, klimatilpassing og matsikkerheit. I 2019 kjem FNs klimapanel (IPCC), med ein spesialrapport om landareal og matsikkerheit i klimasamanheng. Departementet vil halde fram med å engasjere seg i internasjonalt samarbeid om landbruk og klima. Det er viktig å sikre eit godt samarbeid mellom sekretariatet for FNs klimakonvensjon (UNFCCC), FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland på dette området.

Mandatet til FAO omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert jordbruk, skogbruk, arealforvaltning, vatn og genetiske ressursar. Klimaendringar er eit prioritert område for FAO i 2018–2019 og skal prioriterast innanfor alle fagområda. Noreg vil følgje opp dette. Noreg vil òg følgje og påverke det viktige arbeidet mot antibiotikaresistens innanfor One Health-rammeverket, oppfølging av berekraftsmåla og ei effektiv og resultatbasert styring av organisasjonen. I tillegg er standardsetjing for mattryggleik under Codex Alimentarius, den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar (plantetraktaten), fagkomiteane innan landbruk, skog og fiske i FAO og kommisjonen for genetiske ressursar prioriterte område.

Antibiotikaresistens vil framleis vere eit viktig område for internasjonalt samarbeid om mat og helse. Det er eit av dei største globale helsetrugsmåla i vår tid, og kan berre handterast gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid. Noreg står sentralt i arbeidet og er ein pådrivar både gjennom FAO og Verdas helseorganisasjon (WHO).

2030-agendaen har sett ambisiøse mål – berekraftsmåla – for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030. Regjeringa vil føre vidare ein aktiv innsats for å følgje opp måla.

Departementet vil framleis støtte opp om FAOs arbeid med berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med andre land om kartlegging av og utvikling i forvaltning av skogressursane. Departementet vil òg ta aktivt del i arbeidet under FAOs kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Det inneber òg vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet arbeider spesielt for forbetringar av det multilaterale systemet for tilgang og fordelsdeling knytt til genressursar i plantetraktaten. Dette vil bidra til ei meir effektiv planteforedling og større matproduksjon både i Noreg og i andre land.

Det er behov for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. I Europa samarbeider landa om berekraftig skogforvaltning og utvikling av skog- og trenæringa gjennom FOREST EUROPE og FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE). Noreg deltek aktivt i dette arbeidet. FNs skogforum (UNFF) legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt, og vedtok i 2017 ein strategisk plan for alt arbeid som blir gjort i FN på skogområdet. Noreg er medlem av European Forest Institute (EFI), eit europeisk forskingsinstitutt som er oppretta ved ein internasjonal avtale. Noreg bidreg økonomisk til den delen av EFI som arbeider med å kople forsking og politikkutvikling, noko som gir eit kunnskapsgrunnlag for nasjonal og europeisk skogpolitikk.

Nordisk ministerråd for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransekraftig bruk av naturressursar, mellom anna dei genetiske ressursane. Det er eit mål gjennom sams nordisk innsats å skape meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane deira. Det fireårige samarbeidsprogrammet utgjer, saman med dei årlege formannskapsprogramma og overordna initiativ, handlingsrommet for samarbeidet. Departementet vil også i tida framover vektleggje det nordiske samarbeidet innanfor bioøkonomi og grøn omstilling. Under ministermøtet i Haparanda sommaren 2018 blei det vedteke ein bioøkonomistrategi som skal vere retningsgivande for det nordiske ministersamarbeidet på dette området. I dette samarbeidet er både skogbruk og jordbruk sentrale element for å bidra til utviklinga mot det grøne skiftet. Ministerrådet vedtok også at det nordiske samarbeidet, og landa som inngår i det, må finne gode og langsiktige løysingar for det nordiske genressursarbeidet gjennom NordGen på ein betre måte enn til no.

Hovudtrekk i jordbruksoppgjeret

Det lokale ressursgrunnlaget, marknadsmoglegheiter og kompetansen til bonden bør i stor grad vere avgjerande for produksjonen, ikkje offentlege avgrensingar og komplekse tilskottsordningar. Utøvarar i jordbruket, som sjølvstendig næringsdrivande, skal ha høve til å ha den same inntektsutviklinga som andre i samfunnet. Gode inntektsmoglegheiter er ein føresetnad for auka matproduksjon, for at næringa skal rekruttere kompetent arbeidskraft, og for at unge menneske skal satse på ei framtid i jordbruket. Utforming av verkemidla baserast på ei prioritering mellom måla og at måla skal bli oppnådd effektivt. Målkonfliktar inneber at auka måloppnåing innanfor eitt område kan gi lågare måloppnåing på eit anna område. Auka matproduksjon på norske ressursar har i fleire år vore hovudmålet for jordbrukspolitikken. Saman med målet om landbruk over heile landet krev det ei tydeleg prioritering i bruken av jordbruksareala mellom område som er eigna til grasproduksjon, og område som er eigna til produksjon av plantevekstar til mat.

Jordbruket la fram kravet sitt 26. april, og tilbodet frå staten blei lagt fram 4. mai. Den 7. mai melde jordbruket at dei ville gå i forhandlingar. I kravet sitt prioriterte Jordbrukets forhandlingsutval produksjonar med moglegheiter for produksjonsauke, små og mellomstore mjølkebruk og ei styrking av velferdsordningane. Statens forhandlingsutval la vekt på produksjonar med marknadsmoglegheiter, som korn, poteter, frukt og grønsaker, styrking av grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga, styrking av miljø- og klimaarbeidet, prioritering av område med driftsvanskar og velferdsordningane i jordbruket. Tilbodet tok òg omsyn til dei produsentane som har fått den største auken i kostnader, og som i størst grad hentar ein vesentleg del av inntektene sine frå jordbruket. Den 16. mai inngjekk staten jordbruksavtale med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for perioden 2018–2019.

Ramma i jordbruksoppgjeret i 2018 la til rette for ein inntektsauke i den normaliserte rekneskapen på 3,5 pst. frå 2018, før oppgjeret, til 2019, gitt ein føresetnad om forbetring i marknadsbalansen tilsvarande 250 mill. kroner. Dette utgjer om lag 12 000 kroner per årsverk. Delar av ramma kan få inntektseffekt frå 1.7.2018 dersom prisauken blir realisert fullt ut.

Jordbruksoppgjeret i 2018 la stor vekt på å prioritere inntektsmoglegheiter i produksjonar med marknadsmoglegheiter. I tillegg blei den geografiske produksjonsfordelinga, som i fleire av dei siste oppgjera har blitt styrkt, ytterlegare forsterka gjennom ei vesentleg styrking av økonomien i korn, poteter og grønsaksproduksjon, særleg for areal som er best eigna til slik produksjon. Tilskott til det grasbaserte husdyrhaldet blei ytterlegare differensiert, for å treffe betre dei områda med utfordringar i produksjonsforhold. Dette er i tråd med måla i Jeløya-plattforma.

Innsatsen retta mot miljø- og klima blir styrkt gjennom ein sterk auke i løyvingane til miljø- og klimatiltak, regionale miljøprogram, verdiskapingsprogrammet for energi og teknologiutvikling og dei særskilde miljøordningane i jordbruket (SMIL). I tillegg blir løyvingane til forsking og rådgiving auka for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag.

Velferdsordningane i jordbruket blir styrkt. Avtalen tok òg omsyn til dei små og mellomstore mjølkebruka med eit eige tilskott. Vidare inneheldt avtalen tiltak som skal gi grunnlag for betre marknadsbalanse.

Oppgjeret gir ein auke i målprisar på 198 mill. kroner frå 1.7.2018. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kap. 1150 i 2019 med om lag 770 mill. kroner. I tillegg blir om lag 70 mill. kroner overførte frå 2018. Endra inntektsverdi av jordbruksfrådraget er 62 mill. kroner.

Regjeringa vil halde fram med å styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og stønadsordningar. Ei forenkling av verkemiddelapparatet gjer kvardagen enklare for bonden, og bidreg òg til effektivitet og ei betre forvaltning.

Matsikkerheit, beredskap og landbruk over heile landet

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon i produksjonar med marknadsmoglegheiter, av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og beredskap. Verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

Leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane

På same måte som i fjor blei det i årets jordbruksoppgjer lagt stor vekt på å stimulere til auka bruk av utmarksressursane. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon og bidreg samstundes til å halde ved like eit ope og artsrikt kulturlandskap. Om lag 85 pst. av alle sau og lam går på utmarksbeite, og prosentdelen sau på utmarksbeite aukar med storleiken på buskapen. Delen storfe på utmarksbeite har auka dei siste tre åra, og er no på 29 pst. For storfe går prosentdelen på beite ned med storleiken på buskapen. Tilskotta til utmarksbeite har blitt vesentleg auka i dei to siste jordbruksoppgjera.

Eigedomslovgivinga

Dei om lag 150 000 landbrukseigedommane med bustadhus i Noreg utgjer eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetjing, og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.

For å styrkje den private eigedomsretten og forenkle eigedomslovgivinga har Stortinget etter forslag frå regjeringa vedteke fleire endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova. Desse vedtaka er følgde opp, og endringane i lovverket er sette i verk. Stortinget har òg bedt regjeringa greie ut konsekvensane av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta utover dei endringane som er vedtekne for reine skogeigedommar, jf. oppmodingsvedtak nr. 878 (2016–2017). Departementet vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget med saka.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Ressursgrunnlaget i Noreg er spreidd og vilkåra for jord- og skogbruksdrift varierer. Regjeringa arbeider for eit sterkt og konkurransedyktig landbruk i alle delar av landet. Landbruket bidreg med ei rekkje fellesgode og gir grunnlag for sysselsetjing, verdiskaping, næringsutvikling og vekstkraftige distrikt. I tillegg til aktiviteten i landbruket og tilhøyrande foredlingsindustri gir kjøp av varer og tenester ringverknadar for andre næringar lokalt og regionalt. Omfanget av landbruk varierer mellom ulike delar av landet, og sysselsetjing og verdiskaping frå landbruket er størst i Hedmark, Oppland, Rogaland og Trøndelag. Samstundes speler landbruksnæringa relativt sett ei større rolle for sysselsetjinga i distrikta enn i meir sentrale strøk av landet. Det er difor viktig å ha verkemiddel som stimulerer til utnytting av ressursane til landbruksproduksjon over heile landet, og som legg til rette for busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i distrikta.

Eit mangfaldig landbruk med variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Føresetnadene for jordbruksproduksjon varierer mellom dei ulike delane av Noreg. Naturgitte vilkår og klimatiske forhold påverkar både produksjonsmoglegheitene og nivået på avlingane. Topografien er avgjerande for kor store og samanhengande jordbruksareala kan vere. Små og mellomstore bruk er viktige for å utnytte produksjonspotensialet i alle delar av landet. Auka produktivitet og styrkt konkurransekraft vil vere avgjerande for å realisere målet om auka produksjon og høgare heimemarknadsdelar. Det er difor nødvendig med eit stønadssystem som kompenserer for ein del av dei ulempene mindre bruk har. I jordbruksavtalen blei det innført eit nytt tilskott til små og mellomstore mjølkebruk. Tilskottet følgjer opp signalet Stortinget gav ved handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) om at bruk med 15–30 kyr skulle prioriterast, og er utforma slik at det har ein sats som aukar per ku til, til og med ku nummer 23, og deretter blir redusert slik at bruk med 51 og fleire kyr ikkje får dette tilskottet.

I årets jordbruksoppgjer blei partane samde om å forsterka den geografiske produksjonsfordelinga i landbruket gjennom å auke tilskotta til korn i dei områda som har best føresetnader for å produsere korn. I tillegg prioriterer avtalen tilskott til areal med driftsvanskar og dei områda av landet der utviklinga i arealbruk er dårlegast, gjennom å justere og prioritere ei rekkje ordningar målretta mot desse områda. Dei viktigaste tiltaka i tilskott til område med driftsvanskar er at det i arealtilskott til grovfôr blei innført ei ny sone for områda med størst driftsvanskar. Reglane for avgrensing er justerte slik at meir areal kan få arealtilskott grovfôr, tilskott til bratt areal i dei Regionale miljøprogramma er auka og distriktstilskotta aukar i sonene med dårlegast utvikling. I tillegg blir dei områda som har den svakaste utviklinga prioriterte gjennom ein auke av satsen på ei rekkje ordningar, mellom anna areal- og distriktstilskott frukt og grønt og fleire ordningar over Landbrukets Utviklingsfond (LUF).

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Ei stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen er det viktigaste bidraget frå regjeringa si side for å halde ved like gode rammevilkår og grunnlag for auka lønsemd i landbruket, og for å leggje til rette for rekruttering til landbruket over heile landet. Investeringsverkemidla er eit særleg målretta verkemiddel, både fordi yngre næringsutøvarar investerer i større grad enn eldre, og delvis fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Unge under 35 år er særskild prioriterte i delar av regelverket.

Landbruksnæringa har behov for kunnskap og kompetanse for å utvikle norsk matproduksjon og andre landbruksbaserte næringar. I den samanhengen er det viktig å leggje til rette for gode og fleksible opplærings- og utdanningssystem. Frå skoleåret 2018 blir det difor etablert ein nasjonal modell for vaksenagronomen i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskolane. Det er vidare avgjerande for landbruket å ha eit godt omdømme i det norske samfunnet som kan haldast ved like over tid. Landbruket som heilskap og den enkelte næringsutøvaren er den viktigaste og beste ambassadøren for å rekruttere til næringa.

Ei økologisk berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik både i nasjonal og i internasjonal samanheng. Reindrifta bidreg til eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark, og har eit stort potensial for auka verdiskaping.

Regjeringa har ei politisk målsetjing om å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I det ligg det mellom anna at dei som har reindrift som hovudnæring, skal betraktast og handsamast som næringsutøvarar. Med det som utgangspunkt blei det frå juli 2018 innført avgiftsfritak for kjøp av driftsmiddel i reindrifta.

Økologisk berekraft er ein grunnleggjande føresetnad for å ta vare på reindriftskulturen framover, for utvikling av næringa og for potensialet for auka lønsemd. Regjeringa vil difor framleis ha stor merksemd på økologisk berekraft.

Våren 2017 la regjeringa fram Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter. Meldinga blei lagd fram som ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform. I meldinga blir det vist til at økologisk berekraftig drift og auka produksjon dannar grunnlaget for dei unike moglegheitene reindrifta gir. Meldinga presenterte også strategiar og tiltak for at næringa betre skal kunne utnytte potensialet sitt i ei rasjonell og marknadsorientert retning. Inntektene frå reindrifta skal i størst mogleg grad skapast ved å selje etterspurde produkt og tenester på marknaden. Det vil gi grunnlag for den unike næringa og kulturberaren som reindrifta er.

Stortinget handsama meldinga i juni 2017, og slutta seg i all hovudsak til dei forslaga som blei fremja. Regjeringa arbeider no med ei oppfølging av meldinga. Det gjeld mellom anna arbeid med endringar i reindriftslova og prioritering av tiltak over reindriftsavtalen som støttar opp om måla i meldinga.

Reindrifta er ei viktig og tradisjonsrik matproduserande næring i Noreg. Trygg mat, god dyrevelferd og marknadsorientert produksjon står sentralt i landbruks- og matpolitikken. Det er utgangspunktet for regjeringa sitt mål om å fremje ei rasjonell og marknadsorientert utvikling av næringa. Innanfor desse rammene er det eit mål å auke produksjonen og lønsemda i næringa.

I dag er det meste av beitekapasiteten utnytta. Reindriftsnæringa må auke produksjonen og lønsemda gjennom andre driftstilpassingar enn gjennom å auke talet på dyr. Skal reindrifta framleis ha eit økonomisk grunnlag for heiltidsutøvarar og samstundes vere den familiebaserte reindrifta, er det sentralt å sjå på alternative verksemder i tilknyting til reindrifta til dømes innanfor reiseliv, lærings- og omsorgsbaserte tenester, vidareforedling, lokalmat med meir. Desse verksemdene er særleg prioriterte over reindriftsavtalen 2018/2019.

Vinteren og våren 2017 var krevjande for reindrifta. Særleg for reindrifta i Aust-Finnmark var store delar av beiteområda nediste/låste. Det var mange år sidan ein hadde opplevd ein tilsvarande vanskeleg beitesituasjon. Erfaringane frå den vanskelege beitesituasjonen i 2017 avdekte behovet for ein ny gjennomgang av beredskapsarbeidet på reindriftsområdet. Med bakgrunn i framlegg frå ei partssamansett arbeidsgruppe blir det no gjennomført eit viktig arbeid med å styrkje kriseberedskapen i reindrifta. Dette er òg eit område som blei prioritert over Reindriftsavtalen 2018/2019.

Reintalet er no nede på det fastsette talet, etter ein prosess som har vore krevjande både for næringa og for styresmaktane. Dei tala som no ligg føre viser at ein i all hovudsak har lykkast i dette arbeidet. Sjølv om innrapporterte tal viser at ein no har eit reintal som er tilnærma i samsvar med det fastsette talet i bruksreglane, er det nødvendig å følgje nøye med på utviklinga for å unngå at reintalet på nytt aukar.

Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Regjeringa vil prioritere dei marknadsbaserte produksjonsmoglegheitene. Til dømes har regjeringa gjennom fleire jordbruksoppgjer styrkt verkemidla for å stimulere område med underdekning av norske produkt. Regjeringa har prioritert produksjonen av storfekjøtt, korn og grønsaker der det er potensial for auka norsk produksjon.

Konkurransekraft, kostnadseffektivitet og maktfordeling i verdikjeda for mat

Heile verdikjeda i norsk jordbruk må i større grad tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Det krev eit framtidsretta jordbruk som er mindre politisk styrt og meir forbrukar- og marknadsretta. Det er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet.

Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og har eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt. Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, og har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft. Enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen har stått sentralt i denne omstillinga.

Ei effektiv og lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer regjeringa sine ambisjonar for vekst og gründerskap i dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Meldinga peikar på generelle tiltak knytt til stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø, stimulering til vidare vekst og utvikling innanfor områda lokalmat og -drikke, landbruks- og utmarksbasert reiseliv, Inn på tunet, bioenergi og juletreproduksjon. Meldinga peikar òg på kva rolle verkemiddelapparatet speler for å skape ei positiv utvikling. Ein vesentleg del av løyvingane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) er prioriterte til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, der investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket (IBU-midlane) og Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er dei største ordningane.

Dei regionale bygdeutviklingsprogramma synleggjer prioriteringar og tilpassingar av verkemiddelbruken regionalt knytt til næringsutvikling, skog og klima og miljø. Samspelet mellom forvaltning, forsking og næringa sjølv er avgjerande for å oppnå gode resultat på dette området.

Som ei oppfølging av Meld. St. 31 (2014– 2015), la regjeringa i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta. Strategien er dei siste åra følgd opp med eit tverrdepartementalt samarbeid om å utvikle Noreg som matnasjon. I 2019 vil ein sjå nærare på potensialet for vidare utvikling av opplevingar og aktivitetar knytte til utmark, kulturlandskap og reindrift. Under ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er talet på område dei siste to åra nær dobla til 41 område. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet samarbeider om denne ordninga. I mange av områda blir det arbeidd med næringsutvikling og med betre tilrettelegging for allmenta og turistar. I jordbruksoppgjeret 2018 blei løyvinga auka med 3 mill. kroner på bakgrunn av auken i talet på område og behov for betre informasjon og synleggjering av dei store miljøverdiane. Løyvinga til verdsarvområda Vegaøyan og Vest-norsk fjordlandskap blei auka med 2 mill. kroner.

I samband med endringane i ansvarsdelinga mellom departementa ved utviding av regjeringa i 2018 overtok Landbruks- og matdepartementet ansvaret for forvaltning av haustbare viltressursar frå Klima- og miljødepartementet, jf. Prop. 48 S (2017–2018). Departementet vil framover leggje vekt på auka næringsutvikling med grunnlag i viltressursane. I jordbruksavtalen for 2019, jf. Prop. 94 S (2017– 2018) blei den samla avsetjinga til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping under LUF auka, med sikte på ei satsing på næringsutvikling basert på haustbare viltressursar. Det vil bli laga ein handlingsplan for satsinga. Departementet har òg bedt Innovasjon Noreg om å utarbeide ei oppdatert samanstilling av potensialet for næringsutvikling og auka verdiskaping basert på haustbare viltressursar. Landbruks- og matdepartementet vil i 2019 òg etablere ei ordning for å stimulere barn og unge til forståing og bruk av utmarksressursane, jf. kap. 1140, post 75.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Reiselivsstrategien Opplevingar for ein kvar smak frå januar 2017 skal bidra til at ressursane frå landbruket og reindrifta i større grad kan nyttast i reiselivssamanheng. Å utvikle Noreg som ein internasjonalt anerkjend matnasjon med ein tydeleg lokal og regional identitet, er definert som eitt av to delmål i strategien. Målsetjinga om å nå ein samla omsetnad av lokalmat gjennom alle salskanalar på 10 mrd. kroner innan 2025 står ved lag som ein sams ambisjon for alle aktørane. Utviklinga innanfor daglegvarehandelen har så langt vore svært god, og kan tene som inspirasjon til innsats i andre salskanalar. Det er nødvendig med ein forsterka innsats i reiselivssamanheng, slik at mat og drikke av god kvalitet blir ein integrert del av det samla produktet som turistar i Noreg får tilbod om.

Regjeringa vil at matnasjonen Noreg skal vere ei felles ramme for næringsutvikling og verdiskaping med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat frå land og sjø. Til saman skal det bidra til vekst i matnæringa òg i framtida og til at lokalt og regionalt engasjement får ei nasjonal overbygning. Ramma er utforma etter innspel frå ei samla matnæring, inkludert råvareprodusentar, industri, lokalmataktørar, kokkar og reiseliv. Visjonen for matnasjonen Noreg i 2030 er:

«I 2030 er mat ei kjelde til matglede, stoltheit og fellesskap i heile befolkninga, og er eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spennande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar i verdsklasse.»

Matnasjonen Noreg byggjer på:

  • 1) stor tilgang på gode råvarer

  • 2) berekraftig ressursforvaltning og produksjon av mat

  • 3) trygg og sunn mat

  • 4) god plante-, dyre- og fiskehelse

  • 5) god velferd for landdyr og fisk

  • 6) kvalitet i heile matkjeda som kan dokumenterast

  • 7) heiderleg omsetnad og omsyn til forbrukarane

I det vidare arbeidet vil regjeringa søkje å engasjere og forplikte organisasjonar, verksemder og enkeltaktørar slik at matnasjonen Noreg blir eit breitt offentleg-privat samarbeid innan fleire sektorar. Det skal lagast ein handlingsplakat for oppfølgingsarbeidet, og aktørane vil bli utfordra til å forplikte seg på mellom anna desse områda:

  • kunnskap og kompetanse om norsk mat og drikke

  • tilgang til/produksjon av norsk mat og drikke

  • norsk mat og drikke i kultursektoren

  • norsk mat og drikke i offentleg sektor

  • norsk mat og drikke i kvardagslivet

  • stoltheit over norske råvarer, mat og drikke

  • gastronomi, kultur, mat-og måltidsopplevingar, reiseliv

Leggje til rette for at bonden får inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Som i andre sektorar er det nødvendig å fornye driftsapparatet med jamne mellomrom. Utviklinga, med større jordbruksbedrifter, høgare produktivitet og bruk av ny teknologi, stiller krav til auka investeringar. Nye krav til dyrevelferd, medrekna krav om lausdriftsfjøs, gir eit særskilt investeringsbehov innan mjølke- og storfeproduksjon. Regjeringa har prioritert verkemiddel til både investering og bedriftsutvikling i jordbruksoppgjera dei siste åra. Verkemidla bidreg til å redusere risikoen og betre kapitaltilgangen ved investeringane. For 2019 er det lagt til rette for ei særskild prioritering av frukt- og grøntnæringa, veksthusnæringa og innan kornproduksjon.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Eit aktivt og lønsamt skogbruk og ein konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet. Skogsektoren er ein del av ein open, global marknad. Ein konkurransedyktig skogindustri i Noreg er difor avgjerande for velfungerande verdikjeder og for størst mogleg verdiskaping knytt til norsk tømmer.

Sidan 2006 er fleire foredlingsbedrifter i Noreg lagde ned, særleg innanfor papir- og masseindustrien. Dette har bidrege til ein sterk auke i tømmereksporten. Eksporten har førebels løyst utfordringar med avsetjing av massevirke og flis og samstundes vore viktig for at norske sagbruk har fått nok sagtømmer. Færre foredlingsbedrifter og meir eksport aukar transportkostnadene, særleg for råstoff og biprodukt. Det er ei utfordring for lønsemda til desse bedriftene.

Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring blei handsama av Stortinget i januar 2017. Her går det mellom anna fram at auka vidareforedling av norsk tømmer i lønsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere viktig for auka verdiskaping og for positive nærings-, miljø- og klimabidrag frå sektoren. Departementet vil følgje opp dette og leggje til rette for å auke oppbygginga av skogressursane og styrkje lønsemda i skogbruket.

Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og tilskott til produksjon av bioenergi. Verkemiddelbruken knytt til forbetring av infrastrukturen i skogbruket har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og kaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien. Departementet vil difor leggje til rette for bygging og ombygging av skogsvegar og bygging av tømmerkaier.

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar gir eit godt grunnlag for berekraftig skogbruk. Departementet vil prioritere dette framover og føre vidare kunnskapsprosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet) ved NIBIO.

Under handsaminga av Meld. St. 6 (2016–2017) uttalte Stortinget at kunnskapen om den gamle skogen må styrkjast. Den eldste skogen er viktig for naturmangfaldet og har òg opplevingskvalitetar som det er viktig å ta vare på. Statistikk frå Landsskogtakseringa viser eit aukande omfang av gammal skog og døde tre. Landsskogtakseringa og databasane for skogbruksplanar er viktige kjelder til informasjon om gammal skog.

Departementet vil vurdere korleis ein kan bruke denne kunnskapen for å synleggjere kvar den eldste skogen finst. Bruk av tydelege definisjonar og kriterium blir viktige oppgåver, jf. arbeidet med Natur i Norge (NiN). I tillegg til søk i det omfattande statistikk- og datamaterialet frå Landsskogtakseringa og skogbruksplanlegginga, kan det vere behov for ytterlegare kartlegging.

Stortinget gav òg støtte til planen om å vurdere tiltak for auka varetaking av nøkkelbiotopar. Nøkkelbiotopane blir forvalta av skogeigarane som frivillige miljøomsynsområde og blir etablerte etter miljøregistrering i samband med skogbruksplanlegginga. Frå år 2000 og til i dag er det sett til side eit samla areal på om lag 900 000 dekar. Nøkkelbiotopane blir ikkje hogde, og i fleire tilfelle blir dei i dag òg vurderte til å inngå i verneområde etter opplegget for frivillig skogvern. Vidareføringa av miljøregistreringane i skogbruksplanlegginga vil auke omfanget av nøkkelbiotopar framover.

Departementet har, saman med miljøstyresmaktene og skognæringa, starta arbeidet med å gå igjennom status for nøkkelbiotopane for å sjå på kor mykje som er teke vare på, og kva for utviklingsarbeid som skjer på området. Målet er å vurdere behovet for ei meir langsiktig varetaking av nøkkelbiotopane slik det mellom anna kjem fram i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet.

Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken, og regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av norsk skog.

Noreg er i gang med å forhandle ein avtale med EU om felles oppfylling av klimamåla for 2030. Skog og annan arealbruk er éin av tre pilarar i EUs klimarammeverk. EU har i sitt regelverk eit mål for sektoren om at han skal gå i netto null. Det vil seie at CO2-utsleppa frå sektoren ikkje skal overstige opptaket etter reknereglane EU har fastsett. Utslepp av andre klimagassar enn CO2 frå jordbrukssektoren er omfatta av ikkje-kvotepliktig sektor, den såkalla innsatsfordelingsforordninga. EU vedtok i desember 2017 reglane for korleis skog og annan arealbruk skal inkluderast i klimarammeverket, og kva fleksibilitet skog og annan arealbruk skal ha i forhold til dei andre ikkje-kvotepliktige sektorane under innsatsfordelingsforordninga. Forvalta skog er den viktigaste av fem arealkategoriar i sektoren skog og annan arealbruk. Kommisjonen har utarbeidd ein rettleiar for etablering av ein referansebane for forvalta skog i forpliktingsperioden 2021–2030. Parallelt med forhandlingar med EU om felles oppfylling av klimamåla vil Noreg gjere berekningar for korleis dette regelverket vil slå ut for Noreg. Noreg vil elles ha tett kontakt med andre skogland, særleg Finland og Sverige, om tolking av regelverket. EU-landa skal levere ein referansebane til Kommisjonen innan utgangen av 2018, og Noreg tek sikte på å følgje same tidsplan som EU for utarbeiding av ein referansebane for forvalta skog slik at dette er klart dersom ein kjem til semje om felles oppfylling. For Noreg er det sett eit mål om 40 pst. reduksjon av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor i 2030. Kor mykje dei ulike sektorane, inkludert jordbruket, må redusere sine utslepp med, vil framleis bli fastsett nasjonalt sjølv om Noreg inngår ein avtale med EU.

Regjeringa vil føre vidare tiltak som bidreg til auka opptak av CO2 og lagring av karbon, og leggje til rette for meir bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar. Regjeringa vil føre vidare tilskott til tettare planting ved forynging av skog, gjødsling av skog og skogplanteforedling. Skogplanteforedling er eit viktig område for å sikre auka verdiskaping, klimatilpassing og auka opptak av CO2 i skog. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å foryngje skogen etter hogst. Regjeringa vil òg greie ut konsekvensane og klimaverknaden av å innføre eit forbod mot hogst av ungskog.

Statsallmenningslovutvalet blei oppnemnt ved kgl. res. 4.3.2016 for å gå gjennom lovverket for statsallmenningane med mål om modernisere og forenkle det. Utvalet var sett saman av dei interessene som gjer seg gjeldande i statsallmenningane. Utvalet fekk mellom anna i oppgåve å vurdere om det var mogleg å slå saman dei to lovene som finst i dag til éi lov. Utvalet fremja forslaget sitt i NOU 2018: 11 Ny fjellov i juni 2018. Her la utvalet fram eit forslag til ei ny lov om statsallmenningane som erstattar fjellova og statsallmenningslova. NOU 2018: 11 er sendt på høyring med frist i februar 2019.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Redusere forureining frå landbruket

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har ført til auka avrenning som skjuler verknaden av tiltaka. Effektane nedstraums er òg påverka av andre prosessar, som spreidde avløp frå bustader. Etter vassforskrifta skal alle vassførekomstar ha god økologisk status innan 2021. Forvaltningsplanar for alle vassområda blei godkjende av Klima- og miljødepartementet i 2016. Tiltak skal setjast i verk innan utgangen av 2018.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og lagring av karbon, og gode klimatilpassingar

I utgangspunktet er alt jordbruk basert på opptak av CO2 gjennom fotosyntesen. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2016 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde om lag 8,4 pst. av dei samla norske utsleppa. Det er ikkje mogleg å produsere mat utan utslepp av klimagassar. Utsleppet frå jordbruket er redusert med 5,4 pst. frå 1990 til 2016. Samstundes har det vore ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett i perioden 1990–2016. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe på grunn av auka effektivitet i mjølkeproduksjonen, er hovudårsakene til nedgangen i utsleppa frå jordbruket.

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavennleg retning. I jordbruksoppgjeret 2018 blei miljø- og klimainnsatsen styrkt, ved å prioritere ordningar som skal bidra til å redusere utsleppa per produsert eining og til å tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Utsleppa av ammoniakk til luft er framleis høgare enn det Noreg er forplikta til internasjonalt i Gøteborgprotokollen og EØS-avtalen. Berekningane av utsleppa frå jordbruket har stort forbetringspotensial.

Teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket som skal gi råd om korleis ein kan forbetre metodikken for jordbruket i utsleppsrekneskapen, er no satt i drift. Utvalet vil avslutte arbeidet sitt innan 1.7.2019.

I jordbruksoppgjeret 2017 blei det vedteke å setje ned ei arbeidsgruppe som fram til jordbruksoppgjeret 2018 skulle gå igjennom eksisterande støtteordningar til klimatiltak på gardsnivå, jf. Prop. 141 S (2017–2018). Rapporten gir ei oversikt over eksisterande støtteordningar over jordbruksavtalen, og gir tilrådingar om korleis innsatsen for reduserte klimagassutslepp på gardsnivå kan styrkjast og målrettast ytterlegare.

Hovudkonklusjonane til arbeidsgruppa er at det først og fremst er innan husdyrproduksjonen, gjødselhandtering, energibruk og ved å ta i bruk ny teknologi ein kan redusere utsleppa på gardsnivå. Det er behov for å vidareutvikle eksisterande tiltak og verkemiddel, men forsking, utvikling og rådgiving er òg viktig for å finne fram til nye effektive tiltak. Dette blei følgt opp i jordbruksavtalen, mellom anna gjennom ei satsing på utvikling og utprøving av- og rådgiving om ny miljø- og klimavennleg teknologi.

Regjeringa har invitert jordbruksorganisasjonane til å inngå ein gjensidig avtale om utsleppsreduksjonar. Det overordna målet er å inngå ein forpliktande avtale om kor mykje jordbrukssektoren skal redusere klimagassutsleppa sine fram mot 2030. Jordbruket skal ha fleksibilitet når det gjeld kva tiltak som kan gjennomførast. Organisasjonane har meldt til regjeringa at dei er klare til å drøfte kva jordbruket kan bidra med for å nå dei internasjonale forpliktingane Noreg har inngått på klimaområdet.

Ved ein avtale om sams oppfylling av klimamåla for 2030 med EU, jf. Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid vil EUs reglar for å bokføre opptak og utslepp frå skog og andre areal òg gjelde for Noreg. EU-regelverket for skog og annan arealbruk som gjeld frå 2020, inneber avgrensingar i kva som kan inngå av faktiske opptak og utslepp i vurderinga av om sektoren vil oppfylle målet om at sektoren skal ha netto null opptak/utslepp. Førebelse utrekningar viser at Noreg truleg må bokføre eit netto utslepp frå sektoren på 15 mill. tonn CO2 i sum i perioden 2021–2030, før kategorien «forvalta skog» er rekna inn, jf. Meld. St. 41 (2016–2017) – det trass i at sektoren står for eit netto opptak på rundt 25 mill. tonn CO2, som svarer til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa.

Meld. St. 41 (2016–2017) og klimaforliket legg opp til ei aktiv forvaltning av skogressursane for å sikre eit høgt opptak av CO2 i skog, slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Tilveksten i skogen er no på sitt høgaste, men tilveksten og dermed brutto opptak, vil gå ned framover. Hovudårsakene til det er at mykje av skogen har nådd hogstmoden alder og at det har vore ein periode på 1990- og 2000-talet med låge investeringar i skogen. Vidareføring av arbeidet med skogplanteforedling skal bidra til at plantematerialet aukar veksten og opptaket av karbon, og at trea i størst mogleg grad er tilpassa eit klima i endring. Regjeringa vil arbeide med å vidareutvikle desse verkemidla, og vurdere andre verkemiddel og tiltak som kan bidra til reduserte utslepp og auka opptak i skog- og arealsektoren. Pilotprosjektet for planting av skog på nye areal over budsjettet til Klima- og miljødepartementet skal avsluttast i 2018 og deretter evaluerast. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å forynge skogen etter hogst.

Meir bruk av fornybar bioenergi og meir bruk av tre framfor innsatsfaktorar som er baserte på fossile ressursar, kan gi viktige bidrag til energiforsyninga og minke utsleppa av klimagassar. Regjeringa vil i 2019 føre vidare satsinga på bioenergi gjennom Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. Programmet blir finansert over jordbruksavtalen. Meir bruk av tre i bygg og andre tiltak som aukar lageret av karbon i ulike produkt laga av tre, bidreg òg positivt i klimasamanheng. I Meld. St. 41 (2016–2017) går det fram at regjeringa vil bidra til meir bruk av tre i bygg. Eit viktig verkemiddel i 2019 vil vere Bioøkonomiordninga under Nærings- og fiskeridepartementet, som Innovasjon Noreg forvaltar.

Av bioøkonomistrategien til regjeringa går det mellom anna fram at fornybare biologiske ressursar vil måtte erstatte fossile ressursar i eit lågutsleppssamfunn. Verdiskaping basert på berekraftig hausting av biomasse frå jord-, skog- og havbruk – bioøkonomien – kan difor få ein større plass i næringslivet i framtida. Noreg har god tilgang på bioråstoff. Basert på fornybar energi og relevant kompetanse frå prosessindustri og petroleumsrelatert verksemd, kan norsk biomasse frå jordbruk, skog og hav omdannast til eit breitt spekter av høgverdige produkt. I tillegg må ein vente gjennombrott for nye bruksmåtar for bioteknologi.

Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det venta smittepresset må møtast med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil òg prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.

Noreg skal vere mellom dei leiande landa i arbeidet med å produsere kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innanfor forsking og utvikling (FoU). Departementet vil arbeide med å utvikle det internasjonale samarbeidet om forsking vidare.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot behova samfunnet har. Regjeringa la i 2015 fram ein nasjonal jordvernstrategi for å redusere omdisponeringa av dyrka jord, og omdisponeringa har gått ned dei siste åra. Ein oppdatert jordvernstrategi ligg ved denne proposisjonen.

Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Kulturlandskapet gir ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme og er leveområde for mange artar av planter og dyr.

Det genetiske mangfaldet av planter, husdyr og skogstre, er ein viktig ressurs for landbruket, ikkje minst i møte med nye utfordringar som til dømes endring av klimaet. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp og sikre ei rullering av dei fleirårige handlingsplanane for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar innan planter, husdyr og skogtre.

Departementet har ansvaret for drifta av Svalbard globale frøhvelv som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå verdas viktigaste matvekstar. Frølageret har òg ei viktig rolle i arbeidet med å auke forståinga for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette. Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om å ta vare på genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.

Ta vare på kulturlandskapet og naturmangfaldet

Mangfaldet og kombinasjonen av natur- og kulturverdiar i jordbrukslandskapet utgjer ein karakteristisk og viktig del av landskapet i Noreg. Variasjonen i kulturlandskapet må haldast ved like, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved like. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lager planar som kan liggje til grunn for ei god forvaltning.

Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet med ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket held fram. Den 1.1.2017 tok ei ny forskrift om tilskott til utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan til å gjelde. I jordbruksavtalen 2018 auka midlane til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med 2 mill. kroner og midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 3 mill. kroner, slik at det i alt blei avsett 18,5 mill. kroner for 2019.

I 2016 bad Stortinget om at ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket skulle vidareutviklast fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har, etter tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren, peika ut ti nye utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Direktorata har òg fått i oppdrag å føreslå fleire område som kan inngå i ordninga i perioden 2018–2020 og i 2018 blei ni nye område utpeika. Med midlane over jordbruksavtalen og budsjettet til Klima- og miljødepartementet er det sett av nær 30 mill. kroner til Utvalde kulturlandskap i jordbruket for 2018 der ein tek vare på store miljøverdiar som biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Støtte til organisasjonar

30 509

32 500

32 500

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast

1 510

1 268

1 305

72

Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

5 000

7 068

7 068

Sum kap. 1138

37 019

40 836

40 873

Post 70 Støtte til organisasjonar

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga har vore å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet har gitt støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innanfor landbruks- og matområdet som

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren

  • fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt

  • bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytte til gardsbruk og bygdenæringar

  • fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon

  • fremjar likestilling i arbeidet sitt

Storleiken på tilskotta har mellom anna vore fastsett ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane, den finansielle situasjonen deira og eventuelle andre tilskott organisasjonane har fått.

Innsende årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap har vore grunnlag for oppfølging og kontroll.

Rapportering 2017

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. I 2017 blei det fordelt i overkant av 30,5 mill. kroner i støtte til 30 mottakarar, jf. tabell 2.3.

Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjoner i 2017 (kroner)

Organisasjonar

Støtte 2017

Biologisk Dynamisk Forening

152 000

Bondens marked Norge

505 000

Det norske Skogselskap

1 200 000

Det norske Hageselskap

1 111 000

Dyrebeskyttelsen

404 000

Dyrevern Ung

101 000

Dyrevernalliansen

754 000

Folkeaksjonen Ny Rovdyrpolitikk

1 615 000

Geitmyra matkultursenter for barn

404 000

HANEN

2 171 000

Hest og Helse

232 000

Kvinner i skogbruket

174 000

Matsentralen Oslo

800 000

Matvett

415 000

Nettverk for GMO fri mat og fôr

1 500 000

NOAH – for dyrs rettigheter

750 000

Norges Birøkterlag

250 000

Norges Bygdekvinnelag

404 000

Norges Bygdeungdomslag

140 000

Norges Vel

2 020 000

Norsk Gardsost

280 000

Norsk Seterkultur

180 000

Norsk Kulturarv

355 000

Norske Lakseelver

550 000

Oikos – Økologisk Norge

2 929 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

255 000

Spire

101 000

TreSenteret

303 000

Vitenparken Campus Ås

3 283 000

4H Norge

7 171 000

Sum

30 509 000

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 32,5 mill. kroner for 2019. Landbruks- og matdepartementet har handsama søknader frå 39 organisasjonar.

Landbruks- og matdepartementet vil gå igjennom kap. 1138 post 70 Støtte til frivillige organisasjonar, med tanke på ei omlegging av ordninga frå 2020, i lys av meldinga om frivilligpolitikken, som Kulturdepartementet vil leggje fram for Stortinget hausten 2018.

Løyvinga er fordelt på 29 organisasjonar, jf. tabell 2.4.

Tabell 2.4 Oversikt over støtte til organisasjonar i 2018 og budsjettframlegg for 2019 (kroner)

Organisasjonar

Støtte 2018

Forslag 2019

Biologisk Dynamisk foreining

152 000

152 000

Bondens marked Norge

505 000

505 000

Det Norske Skogselskap

1 200 000

1 200 000

Det Norske Hageselskap

1 111 000

1 111 000

Dyrebeskyttelsen

404 000

404 000

Dyrevernalliansen

754 000

754 000

Dyrevern Ung1

101 000

0

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 615 000

1 615 000

Geitmyra matkultursenter for barn

2 404 000

2 404 000

HANEN

2 171 000

2 171 000

Hest og Helse

232 000

232 000

Kvinner i skogbruket

174 000

174 000

Matsentralen Oslo

800 000

800 000

Matvett

415 000

415 000

Nettverk for GMO fri mat og fôr

1 500 000

1 500 000

NOAH – for dyrs rettigheter

750 000

750 000

Norges Birøkterlag

250 000

250 000

Norges Bygdekvinnelag

404 000

404 000

Norges Bygdeungdomslag

140 000

140 000

Norges Vel

2 020 000

2 020 000

Slipp oss til – ungdom inn i landbruket

255 000

255 000

Norsk Gardsost

280 000

372 000

Norsk Seterkultur

180 000

180 000

Norske Lakseelver

550 000

550 000

Oikos – Økologisk Norge

2 929 000

2 929 000

Spire

101 000

101 000

Norsk Kulturarv

355 000

355 000

TreSenteret

303 000

303 000

Vitenparken Campus Ås

3 283 000

3 283 000

4H Norge

7 171 000

7 171 000

Sum

32 509 000

32 500 000

1 Dyrevern Ung har ikkje søkt om midlar i 2019.

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Formål med løyvinga

Posten omfattar midlar som skal dekkje finansiering av internasjonale skogpolitiske prosessar. Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt.

Løyvinga skal òg nyttast til medverknad frå Noreg i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, som til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) frå kapittel 1136 post 50, som skal dekkje bidrag frå instituttet til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.

Rapportering 2017

Noreg har i 2017 bidrege med 1 mill. kroner til eit fond som finansierer verksemda i Policy Support Facility under EFI. Dette programmet skal bidra til å kople forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsgrunnlag i utviklinga av nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid. I 2017 har fondet finansiert to rapportar om bioøkonomi og éin rapport om Natura 2000 og skog. Think Forest har òg arrangert seminar om dei same temaa der rapportane har vore diskuterte. Det har vore stor merksemd om desse arrangementa.

NIBIO er ein viktig aktør i oppfølginga av det internasjonale skogsamarbeidet, mellom anna i FOREST EUROPE, FAO og UNECE. Ein viktig del av dette er å sikre rapportering til internasjonale organisasjonar og prosessar som dokumenterer berekraftig skogforvaltning globalt og regionalt. Arbeidet blir i hovudsak gjort av FAO og United Nations Economic Commission for Europe (UNECE), mens arbeidet med å vidareutvikle indikatorar for rapporteringa blir gjort i FOREST EUROPE. Noreg tok i 2016 på seg ansvaret for å arrangere eit arbeidsmøte under FOREST EUROPE om bioøkonomi i løpet av 2018. Til dette arbeidet blei det gitt ei tilleggsløyving til NIBIO i 2016. Arbeidsmøtet blei gjennomført i mai 2018. NIBIO hadde ei sentral rolle i planlegginga og utarbeidinga av materiale. Resultatet vil bli brukt vidare i arbeidet til FOREST EUROPE.

Departementet har òg gitt eit tilskott på 200 000 kroner til Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) til eit prosjekt i FOREST EUROPE, der dei utforma eit kommunikasjonsopplegg for utdanning i skogsektoren.

Det er òg gitt eit tilskott på 200 000 kroner til etableringa av eit nettverk under EFI som skal arbeide med kunnskapsdeling og erfaringsutveksling når det gjeld trugsmål mot skog, slik som skogbrann, sjukdommar og skadegjerarar.

Departementet har i 2017 gitt tilskott til deltaking i ein konkurranse for studentar i skogfag i Russland for ungdom frå Noreg. Tilskottet i 2017 dekkjer også deltakinga i den same konkurransen i 2018. Dette er eit viktig bidrag til rekruttering og til utveksling av kunnskap og erfaringar mellom land.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,3 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga skal nyttast til vidare oppfølging av internasjonale skogpolitiske prosessar og til å føre vidare bidraget til arbeidet i FFI.

Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting som arbeider med forsking, rådgiving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi.

Formål med løyvinga

Midlane skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat.

Rapportering 2017

Det blei løyvd 5 mill. kroner til arbeid med utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Stiftinga har drive både munnleg og skriftleg formidling til gardbrukarar, landbruksrådgivarar, studentar, offentleg forvaltning, forbrukarar og storhushald gjennom ulike nettstader, fagtidsskrift, foredrag og ulike arrangement. Innan økologisk forbruk har hovudvekta vore lagd på økologisk mat i sjukehus og til elevar i vidaregåande skole. NORSØK har bistått ulike organisasjonar og styresmakter, mellom anna gjennom svar på spørsmål, vidareformidling av relevant litteratur og tilvising til aktuelle fagpersonar. Dei har lagt vekt på dialog og samarbeid med andre organisasjonar innan økologisk landbruk. Innanfor løyvinga har NORSØK òg arbeidd med å samle og utvikle kunnskap innan temaa jord og jordkvalitet, dyrevelferd og driftsopplegg i økologisk husdyrhald og plantevern.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,1 mill. kroner. Dette er på same nivå som for 2018. Aktuelle tiltak blir avklart i dialog mellom stiftinga og departementet, mellom anna bidrag i oppfølginga av Nasjonal strategi for økologisk jordbruk.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast

20 037

26 096

29 059

Sum kap. 1139

20 037

26 096

29 059

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

Formål med løyvinga

Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet Berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket, som ligg under hovudmålet om berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Løyvingar over posten omfattar tiltak for å styrkje nasjonalt og internasjonalt arbeid med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket. Midlar til prosjektet Miljøregistreringer i skog ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) inngår òg i denne posten.

Rapportering 2017

Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, under NIBIO. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1136, post 50.

Tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få innverknad på mat og landbruk i Noreg, forvaltast av Landbruksdirektoratet. Over post 71 blei det i 2017 innvilga eit tilskott på 6,858 mill. kroner, fordelt til i alt 41 prosjekt. Tilskottet blir gitt til tiltak som bidreg til å nå nasjonale mål og til å oppfylle Noregs internasjonale forpliktingar. Prioriteringar og satsingsområde i gjeldande handlingsplanar for bevaringsverdige husdyrrasar, plante- og skogtregenetiske ressursar er difor lagde til grunn for løyvingane.

Fleire av tiltaka som mottok tilskott i 2017 gjeld aktivitetar for å sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskott til avlslag og bevaringsbesetningar og klonarkiv som tek hand om truga husdyrrasar og plantegenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressursenter. Det er òg gitt støtte til drifta av genbanken for verpehøns på Hvam. Denne genbanken er unik i Europa, ved at dei tidlegare kommersielle verpehønelinene er bevarte i ein levande genbank og i eit ordinært produksjonssystem.

I 2017 blei det òg gitt tilskott til fleire prosjekt som har som mål å leggje til rette for berekraftig bruk og utvikling av ny og lokal næringsverksemd basert på nasjonale genressursar. Døme på dette er prosjektet Kvalitetskorn til mat, som bruker ikkje-kommersialisert norsk sortsmateriale, og foreininga KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Norge), som organiserer deling av historisk plantemateriale mellom private hobbybrukarar. Prosjektet for kartlegging av rasereinheit hos den norske brunbia vil gi betre metodar for framtidig bevaring og berekraftig avl av brune bier i Noreg. På skogtreområdet har midlane bidrege til prosjekt for å fremje bruk av norske treslag framfor utanlandske treslag i hagar og grøntanlegg.

Noreg samarbeider med dei andre nordiske landa om å sikre genressursar som stammar frå og er tilpassa jordbruket i Norden. Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp i Sverige, mens faglege oppgåver knytte til husdyr og skogtre er samlokaliserte med Norsk genressurssenter på Ås.

Tilskottet på 1,85 mill. kroner til NordGen i 2017 har bidrege til synergi og samarbeid mellom Norsk genressurssenter og NordGen innanfor faglege oppgåver i Noreg. NordGen er òg sekretariat for den nordiske offentleg-private partnarskapen for planteforedling, som er oppretta for å få i stand eit slagkraftig samarbeid og utnytte ressursane hos planteforedlingsinstitusjonane i Norden. Partnarskapsmodellen har vekt internasjonal merksemd som eit nordisk døme på regionalt samarbeid mellom offentlege og private interessentar.

Det blei utbetalt 0,802 mill. kroner til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund) over posten. Det svarer til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2017.

Svalbard globale frøhvelv er etablert for å ta vare på mest mogleg av det plantemangfaldet som har vore nytta i landbruket. Særskilde vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga er sikra i kvelvet. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 14 institusjonar la til saman inn 64 403 nye frøprøver i 2017. Ved utgangen av 2017 har 73 institusjonar verda over lagra 960 645 sikkerheitskopiar i kvelvet på Svalbard. Frølageret speler ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Midlane i 2017 gjekk til drift av frølageret, som mellom anna inkluderer husleige, kapitalkostnader, driftsutgifter til NordGen for arbeid med deponering av frø og informasjonsarbeid. I november 2017 la Statsbygg fram resultatet av prosjekteringa, med råd om kostnads- og styringsramme for gjennomføring av nødvendige tiltak for å verne Svalbard globale frøhvelv mot verknaden av framtidige klimaendringar på Svalbard.

I skogpolitikken har regjeringa som mål å leggje til rette for berekraftig forvaltning av skogressursane, og vil halde nær kontakt med næringa om mellom anna miljøarbeidet i skogbruket og andre sentrale oppgåver. Landbruks- og matdepartementet gir støtte til prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2017. Det er skogeigarane som tek stilling til når dei ønskjer nye skogbruksplanar med miljøregistreringar. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane. Registreringane ligg òg til grunn for miljøsertifiseringa i skogbruket og blir i tillegg nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er typesystemet Natur i Norge (NiN) i Artsdatabanken som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å beskrive variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat til bruk i vurderingar av bruk og vern av natur.

Landbruksdirektoratet starta i 2016 med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for MiS. I 2017 lanserte Landbruksdirektoratet ei ny rettleiing for MiS-kartlegging med bruk av NiN, og alle prosjekt med oppstart etter juni 2017 skal bruke den reviderte MiS-metodikken. Kartlegging i område som tidlegare ikkje er kartlagde og som er starta opp etter denne datoen er no under planlegging, og feltarbeid kjem for fullt i 2019.

Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman 4,6 mill. kroner i 2017. Sentera har ansvar for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Talet på fødde føl av dei nasjonale rasane er urovekkjande lågt, og tendensen har vart i ein del år. Dølahest og nordlandshest/lyngshest har vist ein auke, mens fjordhest ligg på same nivå som i 2016. Fagutvalet for avl og bevaring av nasjonale hesterasar leverer årleg ei tilråding til Landbruks- og matdepartementet om oppfølging av handlingsplan for bevaring, til støtte for departementet sine prioriteringar av midlar.

Over posten blei det òg løyvd 0,4 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar som eignar seg for norske forhold, og til formidlingsverksemd.

Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk tildelt 1,2 mill. kroner for å vedlikehalde og utvikle seg vidare som kompetansesenter for hjort – både viltlevande og i oppdrett. Hjortesenteret bidreg til kunnskapsutvikling og auka kompetanse om hjort som ressurs, hos private, rettshavarar og i forvaltninga.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 29,1 mill. kroner på post 71. Departementet legg opp til ei fordeling av løyvinga om lag slik tabell 2.5 viser.

Tabell 2.5 Budsjett for kap. 1139, post 71 i 2018 og budsjettframlegg for 2019 (i 1 000 kroner)

Tiltak

Budsjett 2018

Forslag 2019

Genressurstiltak

7 040

7 040

Svalbard globale frøhvelv

6 140

9 103

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 850

1 850

Prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet)

4 550

4 550

Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter

4 947

4 947

Stiftinga Det norske arboret og Norsk Hjortesenter

1 569

1 569

Sum genressursforvaltning og miljøtiltak

26 096

29 059

Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket.

I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Avskoging, marginalisering av populasjonar, sjukdomsutbrot og klimaendringar trugar dei skogtregenetiske ressursane. Endra klima er ei utfordring, og vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale.

Midlane på posten bidreg til å oppfylle pliktene Noreg har i Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, planter og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar.

Vidare vil arbeidet som blir finansiert over denne posten bidra til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling. Det vil òg i 2019 bli løyvd midlar frå posten til ei rekkje tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp strategiplanen for genressursforvaltning og handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplanter, husdyr og skogtre.

Landbruksdirektoratet forvaltar tilskott til genressurstiltak i tråd med forskrift for ordninga som gjeld frå januar 2018.

Sikker drift og utviding av genbankar og kartlegging av nasjonale genressursar i planter, husdyr og skogtre er sentrale oppgåver for bruken av desse midlane. Dei skal òg bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar og rett skjøtsel av klonarkiv og av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet. Det skal òg leggjast vekt på mellom anna klargjering av rett til, tilgang til og handsaming av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konsekvensutgreiing av nye utfordringar, som til dømes klimaendringar.

Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling, som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter, og departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,85 mill. kroner. Det er òg sett av midlar på posten til Plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarer til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv som inkluderer husleige for investeringa i anlegget, driftsutgifter, koordinering av frømottak og informasjon til depositørar og til omverda. Statsbygg sitt arbeid med gjennomføring av nødvendige tiltak som følgje av klimaendringar på Svalbard er planlagt ferdigstilt i mai 2019. For departementet inneber dette ei auka husleige på til saman 2,963 mill. kroner i 2019, rekna frå mai 2019 og basert på ein kostnad på 30 mill. kroner for forprosjekta og ei styringsramme på 155,8 mill. kroner for sjølve ombyggingsprosjektet. Frølageret på Svalbard har god oppslutning frå verdas genbankar, og det er innleidd langsiktig samarbeid med mange av dei. Det er framleis stor interesse for det globale frølageret i internasjonale medium og hos allmenta. Internasjonale aktørar, det internasjonale panelet for frøkvelvet og partsmøte i Den internasjonale plantetraktaten er viktige støttespelarar i drifta av frøkvelvet. Departementet vil i samarbeid med Nordgen og Crop Trust utarbeide ein kommunikasjonsplan for frøkvelvet.

Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjektet om biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2019, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,6 mill. kroner til dette. Slikt arbeid er avgjerande for ei kunnskapsbasert registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. Det er viktig at skogbruket og utmarksnæringa har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse. Prosjektet tek sikte på å følgje opp resultat og erfaringar i vidare arbeid med å utvikle gode og konkrete råd om miljøomsyn i skogbruket, og registreringane vil framleis bli nytta i arbeidet med å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern.

Stortinget bad, ved handsaminga av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, regjeringa om mellom anna å sørgje for at relevant offentleg miljø- og ressursinformasjon blir gjort tilgjengeleg. Oppdaterte ressurs- og miljødata frå skogbruksplanlegginga blir forvalta av NIBIO på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. I karttenesta Kilden hos NIBIO er relevant miljøinformasjon samla og tilpassa behova til næringa og offentleg forvaltning i Skogportalen, som er utvikla i eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og PEFC-Norge. Artsdatabanken og Miljødirektoratet har vore med på å leggje til rette og levere data.

Landbruksdirektoratet har, i samarbeid med fleire aktørar, sørgd for at skogbruksplanlegging med miljøregistreringar tek i bruk typesystemet til Natur i Noreg (NiN) for å beskrive natur slik Stortinget bad om i 2015, jf. Innst. 144 S (2014–2015). I 2019 blir det arbeidd vidare for å innpasse eit slikt nasjonalt, standardisert rammeverk som ligg i NiN, i skogbruket sitt miljøregistreringsopplegg (MiS). NiN blir halde ved like og vidareutvikla av Artsdatabanken.

Departementet skal saman med skognæringa greie ut tenlege tiltak for betre varetaking av nøkkelbiotopar og kartleggje kvar den eldste skogen er. Departementet følgjer opp dette arbeidet saman med skognæringa, Landbruksdirektoratet og NIBIO og i kontakt med Klima- og miljødepartementet. Data frå Landsskogtakseringa viser at det er meir gammal skog og meir dødt trevirke i skogane våre enn det som nokon gang tidlegare er målt. Dette er dels eit resultat av auka miljøomsyn i skogbruket, og dels eit resultat av at skogbruket hogger langt mindre enn den årlege tilveksten slik at skogen veks langt ut over normal hogstmoden alder. NIBIO vil òg bidra til å sjå på korleis ein kan revidere registreringsopplegget, der det tidlegare er gjort miljøregistreringar, for å gi grunnlag for det vidare arbeidet med nøkkelbiotopar.

Departementet gjer òg framlegg om ei løyving på 4,0 mill. kroner til Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter mellom anna til oppgåver dei utfører i samarbeid med raselaga for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.

Departementet vil føre vidare støtta til stiftingane Det norske arboret og Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter skal, som kompetansesenter, arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt, og i landbruket spesielt.

Kap. 1140 Haustbare viltressursar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

16 000

21

Spesielle driftsutgifter

22 000

23

Jegerprøve m.m., kan overførast

4 500

71

Tilskott til viltformål, kan overførast

46 289

75

Organisasjonar – haustbare viltressursar

7 002

Sum kap. 1140

95 791

Formålet med løyvinga

Kapittelet er nytt, jf. endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1.5.2018.

Kap. 1140 Haustbare viltressursar omfattar utgifter til tiltak innanfor viltforvaltninga. Midlane under kap. 1140 er primært retta mot målet om auka verdiskaping under Landbruks- og matdepartementet, og resultatområda Naturmangfald og friluftsliv under Klima- og miljødepartementet.

Løyvingane over kap. 1140 er finansierte ved avgifter knytte til jakt (Viltfondet, post 01, 21 og 71), og gebyr knytte til jegerprøveeksamen (post 23). Utgifter som blir finansierte over Viltfondet, blir nytta til tiltak som fremjar viltforvaltninga, jf. viltlova § 43. Utgifter til tiltaka under kap. 1140, post 01, 21 og 71, saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01 og kap. 1410, post 50 under Klima- og miljødepartementet svarer til inntektsløyvingane over kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet, post 72 Jeger- og fellingsavgifter. Utgifter til jegerprøva under post 23 svarar til inntektsløyvinga under kap. 4140, post 01 Jegerprøve.

Rapportering 2017

Midlane er rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet i samband med endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1.5.2018. Rapportering for 2017 går fram av budsjettproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ein auke i dei samla løyvingane under kap. 1140 på 4 mill. kroner i forhold til 2018. Årsaka til auken er at det er venta større inntekter til Viltfondet i 2019 som følgje av at avgiftene er auka. I tillegg blir oppsparte midlar i Viltfondet nytta.

For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1140, 1410, 1420, 5576 og inntektene til Viltfondet, sjå omtale under kap. 5576.

Løn og godtgjersler til fast tilsette innanfor det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1140, men over kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet, kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Bruken av midlane i Viltfondet blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet med konkrete tiltak i mange høve krev innsats frå dei frivillige organisasjonane, og at dei sentrale ledda i desse organisasjonane skal kunne ha synspunkt på disponeringa.

Løyvingane er budsjetterte under Landbruks- og matdepartementet, jf. Prop. 48 S (2017–2018) og Innst. 230 S (2017–2018). Løyvingane skal kunne nyttast til oppgåver under Landbruks- og matdepartementet når tiltaka er retta mot dei haustbare viltartane, men òg til oppgåver under Klima- og miljødepartementet når tiltak er retta mot artar som ikkje er rekna som haustbare. Midlane til ikkje haustbare artar skal årleg stillast til disposisjon frå Landbruks- og matdepartementet til Klima- og miljødepartementet. Budsjettet vil bli fordelt mellom haustbare og ikkje-haustbare artar basert på erfaringstal også i den nye forvaltningsmodellen.

Post 01 Driftsutgifter

Formålet med løyvinga

Midlane under posten er i hovudsak retta mot dei haustbare viltressursane.

Posten dekkjer utgifter til løn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga, som det nasjonale jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, og utgifter til utvikling og drift av betalingstenesta for jegeravgifta, informasjonstiltak og møte.

Rapportering 2017

Midlane er rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet i samband med endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1.5.2018. Rapportering for 2017 går fram av budsjettproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Budsjettframlegg 2019

Posten er auka med om lag 1,0 mill. kroner i forhold til 2018 til 22 mill. kroner på grunn av auka driftskostnader.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formålet med løyvinga

Midlane under posten er retta mot større nasjonale tiltak, mellom anna kjøp av tenester.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av Miljødirektoratet eller fylkesmenn. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene dekkjast over post 21. Det gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing. Større tiltak som blir dekte over posten, blir konkurranseutsette.

Rapportering 2017

Midlane er rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet i samband med endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1.5.2018. Rapportering for 2017 går fram av budsjettproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Budsjettframlegg 2019

Posten er redusert med 8 mill. kroner i forhold til 2018, ved at ein større del av midlane blir tildelt som tilskott under post 71.

Post 23 Jegerprøve m.m.

Formålet med løyvinga

Løyvinga skal gå til å drifte den obligatoriske jegerprøva.

Rapportering 2017

Midlane er rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet i samband med endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1.5.2018. Rapportering for 2017 går fram av budsjettproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Budsjettframlegg 2019

Utgiftene til å drifte den obligatoriske jegerprøva er venta å vere på om lag 4,5 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4140, post 01. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4140, post 01.

Post 71 Tilskott til viltformål

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

71.1

Hjortevilttiltak

3 250

3 250

71.2

Villreintiltak

2 850

2 850

71.3

Lokale vilttiltak mv.

24 000

33 678

71.4

Viltovervaking

5 500

6 500

Sum post 71

35 600

46 278

Formål med løyvinga

Midlane under posten er retta mot både auka verdiskaping og oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av viltressursane.

Mål

Målet for tilskottsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av viltet, og at produktiviteten og mangfaldet i naturen blir tekne vare på nasjonalt og regionalt.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskott og slik at produktiviteten og artsmangfaldet i naturen blir tekne vare på. Tiltaka som blir sette i verk, skal medverke til å gi eit betre kunnskapsunderlag om artar og bestandar eller om korleis dei kan haustast på beste måte. Den faktiske effekten av tilskotta kan ikkje vurderast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Det blir gitt tilskott til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jaktmoglegheiter, kartlegging av viltressursane/ leveområda for viltet og viltinteresser i kommunar og regionar, innarbeiding av leveområde for vilt og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, iverksetjing av tiltak der målet er betre bestandsoversikt, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i driftsplanarbeidet til rettshavarar, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid blir prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskott leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Underpost 71.1 Hjortevilttiltak

Underposten skal dekkje tiltak i samband med forvaltning av hjortevilt. Midlane blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskott til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.

Underpost 71.2 Villreintiltak

Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.

Underpost 71.3 Lokale vilttiltak mv.

Midlane skal nyttast til tilskott i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskottsmidlane som fylkeskommunane nyttar samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått forvaltningsansvaret frå Fylkesmannen for enkelte artar. Den enkelte fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artane. Ettersom Fylkesmannen på same tid forvaltar tilskottsmidlar innanfor forvaltningsområdet sitt er det eit krav om god samordning av bruken av midlane.

Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innanfor viltforvaltninga.

Underpost 71.4 Viltovervaking

Midlane blir nytta som tilskott til overvakingsoppgåver som skal sikre ei kontinuerleg oversikt over bestandsstatus og utvikling av artar og grupper av viltartar som ikkje er dekte over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk sentrale, regionale og lokale tiltak for forvaltning og justering av verkemiddel og avdekkje kunnskapsbehov.

Rapportering 2017

Midlane er rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet i samband med endringar i ansvarsdelinga mellom departementa pr. 1.5.2018. Rapportering for 2017 går fram av budsjettproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 46,3 mill. kroner for 2019. Auka avgifter, henting av kapital frå Viltfondet og flytting av midlar frå underpost 21 er grunnlag for auken, og at ein større del av midlane dermed blir tildelte som tilskott under post 71.

Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar

Formål med løyvinga

Løyvinga skal leggje til rette for tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv.

Rapportering 2017

Posten er etablert i samband med endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1.5.2018, og ny i 2019.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,0 mill. kroner for 2019.

Løyvinga skal dekkje grunnstønad til Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) til aktivitetar knytte til jakt på haustbare viltressursar. Tildelinga til NJFF er basert på søknad om midlar under Klima- og miljødepartementet (kap. 1400, post 70 Frivillige organisasjonar og allmennyttige miljøstiftingar) i 2018 (for 2019). Midlane som er knytte til NJFFs aktivitetar innanfor jakt, er rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet frå 2019.

Landbruks- og matdepartementet vil i 2019 òg etablere ei ordning for å stimulere barn og unge til forståing og bruk av utmarksressursane. Departementet tek sikte på at fordelinga på tiltak vil vere om lag som i tabell 2.6.

Tabell 2.6 Budsjettframlegg for kap. 1140, post 75 i 2019 (i 1 000 kroner)

Tiltak

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Grunnstønad til Norges Jeger- og Fiskerforbund

-

4 861

Tiltak for barn og unge – bruk av utmarksressursar

-

2 141

Sum kap. 1140, post 75

-

7 002

Kap. 4140 Haustbare viltressursar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Jegerprøve, gebyr m.m.

4 500

Sum kap. 4140

4 500

Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.

Formålet med løyvinga

Inntektene på posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøva, jf. forskrift 9.4.2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.

Rapportering 2017

Posten er ny, jf. endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1.5.2018.

Budsjettframlegg 2019

Venta inntekter på posten er 4,5 mill. kroner. Kvar jeger som går opp til jegerprøva, må betale eit eksamensgebyr på 300 kroner. Eksamensgebyret er uendra frå 2018. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1140, post 23 til å drive eksamensordninga. Kap. 1140, post 23 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsutgifter

236 764

221 915

243 702

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

5 140

1 312

6 312

50

Arealressurskart

7 594

7 643

7 715

60

Tilskott til veterinærdekning

142 660

146 373

150 471

70

Tilskott til fjellstover

695

819

819

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast

3 935

4 460

4 524

72

Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving

467

452

452

73

Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving

67 573

55 610

55 610

74

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt

177

1 000

1 000

75

Tilskott til klimarådgiving på gardar

5 446

80

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

51

500

500

Sum kap. 1142

470 502

440 084

471 105

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er òg sekretariat for Omsetnadsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Reindriftsstyret, styret for Reindriftas utviklingsfond og Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt.

Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov/forskrift/regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging av avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.

Landbruksdirektoratet skal i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning. Landbruksdirektoratet skal samarbeide med fylkesmennene for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.

Landbruksdirektoratet har desse forvaltningsområda:

  • areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

  • reindrift

  • inntekts- og velferdspolitiske tiltak

  • marknadstiltak, handel og industri

  • administrasjon

Rapportering 2017

Landbruksdirektoratet er lokalisert i Oslo og Alta. Vedtaket til regjeringa om å flytte 30 årsverk frå Oslo til ei ny eining i Steinkjer, og utgreiingsarbeidet på førehand, har kravd stor merksemd i direktoratet i 2017. Behovet for å omprioritere og bruke ressursar til omstillingsarbeidet auka i løpet av året. Eininga i Steinkjer skal vere på plass innan oktober 2020.

Direktoratet la i 2017 vekt på å vidareutvikle verksemda og tenestene direktoratet tilbyr, og oppdraget med å styrkje Avdeling reindrift har stått sentralt. I 2017 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret og forhandlingane om reindriftsavtalen. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i dei mange utvala og arbeidsgruppene direktoratet har vore sekretariat for.

Innrapporterte reintal viser at talet er tilnærma i samsvar med det styresmaktene har fastsett. Vinteren og våren 2017 var utfordrande for store delar av reindrifta i Noreg, særleg i Aust-Finnmark, der ein fekk ei omfattande beitekrise som følgje av sein vår med mykje snø og is. Slakteuttaket i 2017 blei redusert med om lag 26 000 rein samanlikna med 2016. Dette utgjer ein reduksjon på 31 pst. Samstundes har dei vanskelege beitetilhøva resultert i at òg slaktevektene er blitt reduserte. Arbeidet med å få på plass gode bruksreglar for reinbeitedistrikta i Finnmark har vore ei prioritert sak. Dette arbeidet har vore leia av Fylkesmannen i Finnmark, med vesentleg bistand frå direktoratet.

Situasjonen for fagsystema innanfor reindriftsområdet er ikkje tilfredsstillande. I 2017 blei det rapportert fleire hendingar som gjorde det nødvendig å stenge alle digitale tenester til reineigarane til nye system er utvikla. Direktoratet arbeider med å utvikle nye digitale løysingar.

I 2017 blei det sett i gang fleire stor utviklingsprosjekt innanfor IKT. Ny lov om naturskadeerstatning blei gjeldande frå 2017, med eit nytt regelverk og ein endra forvaltningsmodell. Ny IKT-løysing blei ferdigstilt som planlagt, og teke i bruk frå 1. januar. I 2017 handsama Landbruksdirektoratet 634 søknader om naturskadeerstatning. Av søknader etter ny lov blei om lag 90 pst. sendt inn elektronisk. Endringane gir dei som blir ramma av naturskade raskare svar på søknadene.

Eit nytt søknads- og forvaltningssystem for produksjonstilskotta blei òg teke i bruk i 2017. Det er etablert eit enklare system for brukarane, der all kommunikasjon er digital. Direktoratet har utvikla ei ny fellesteneste for å sende vedtak til arkivsystemet til kommunane via KS si løysing SvarUT, som skal brukast for alle systema der kommunen har vedtaksmyndigheit og arkivansvar.

I februar 2017 starta Landbruksdirektoratet forprosjektet til utvikling av det nye systemet Agros, som skal erstatte fagsystemet Saturn. Systemet skal sørgje for korrekt og effektiv forvaltning av fond, prosjekttilskott og direktetilskott i landbruket. Landbruksdirektoratet har fått midlar frå Landbruks- og matdepartementet til eit treårig utviklingsprosjekt i perioden 2017–2019. For dette prosjektet har direktoratet òg fått medfinansiering frå Difi til å forenkle og effektivisere tilskottsordninga for avløysing ved sjukdom og fødsel.

Landbruksdirektoratet har fleire verkemiddel som bidreg til å sikre matforsyning og stabile prisar. Gjennom importvern og tollnedsetjing har Landbruksdirektoratet lagt til rette for avsetnad av norsk produksjon, samstundes som det er lagt til rette for supplerande import og at internasjonale forpliktingar blir tekne vare på.

Landbruksdirektoratet har òg i 2017 hatt eit nært samarbeid med Tolldirektoratet og tollregionane. Det består i konkret samarbeid ved kontrollar, og kontinuerleg dialog om regelverksendringar.

Gjennom rettleiing, samarbeid med andre etatar og handsaming av klagesaker, bidreg direktoratet til at arealressursane i landbruket blir betre tekne vare på. I juni 2017 blei det vedteke fleire endringar i odelslova, jordlova og konsesjonslova. Landbruksdirektoratet prioriterte difor fagleg rådgiving, rettleiing og nødvendige oppdateringar av skjema og nettsider knytte til lovendringane. Landbruksdirektoratet har erfart at det har vore ein auke i behovet for rettleiing av fylkesmannsembete, kommunar og privatpersonar som følgje av lovendringane.

Landbruksdirektoratet har ei rådgivande og rettleiande rolle på jordvernområdet. I 2017 følgde direktoratet opp den nasjonale jordvernstrategien ved å støtte fylkesmennene i arbeidet deira med å rettleie kommunane gjennom nettverk, samlingar og erfaringsutveksling.

Tilskott til klimatiltaka gjødsling og tettare planting av skog blei ført vidare i 2017. Auka løyvingar til infrastrukturtiltak i skogbruket er følgde opp.

Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga i areal- og miljøsaker. I 2017 har Landbruksdirektoratet på fleire område levert utgreiingar saman med Miljødirektoratet. Ei stor oppgåve som er gjennomført i samarbeid med Miljødirektoratet og Mattilsynet, har vore utgreiing av nytt regelverk som gjeld husdyrgjødsel og andre organiske gjødselvarer.

Samarbeidsavtalen mellom Landbruksdirektoratet og Mattilsynet skal sikre informasjons- og kompetanseutvikling, og leggje grunnlaget for betre tenester til brukarane. Også i 2017 har det vore eit omfattande samarbeid om antibiotikaresistente bakteriar (MRSA).

Landbruksdirektoratet følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på landbruksområdet på ein god måte. Fylkesmannen utfører forvaltningskontrollar av kommunane og føretakskontrollar. Også innan reindriftsforvaltninga har fylkesmennene ei sentral rolle, mellom anna med kontroll av Melding om reindrift frå alle reindriftsutøvarane.

Landbruksdirektoratet har vidareutvikla rutinar for styring og kontroll. Risikoanalysar for mange av dei økonomiske verkemidla blei sluttført i løpet av 2017, og det er sett i verk tiltak der det har vore nødvendig. Samstundes har det vore viktig å vidareutvikle rutinane og kvaliteten på sakshandsaminga. Dialogen med brukarane skal vere god og profesjonell.

Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2017 finst i årsrapporten for 2017 på www.landbruksdirektoratet.no.

Budsjettframlegg 2019

Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 243,7 mill. kroner i 2019. Det omfattar òg ei ekstra løyving på 17 mill. kroner for å dekkje kostnader til rekruttering, dobbel bemanning i kritiske roller, drift og leige av lokale i Steinkjer. Dette gjeld særskild for fagområda skogbruk, landbruks- og naturskadeerstatning og administrasjon. Det blir prioritert høgt å sikre ei god gjennomføring av utflyttingsprosjektet, samstundes med at direktoratet utfører dei andre oppgåvene på ein tilfredsstillande måte.

Under følgjer ei nærare omtale av viktige oppgåver på dei enkelte forvaltningsområda i 2019.

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

Landbruksdirektoratet vil i 2019 vidareføre arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og til ein effektiv infrastruktur i skogen. Iverksetjinga av klimatiltak i skog vil bli følgd opp i samarbeid med Miljødirektoratet.

Når det gjeld klima- og miljøomsyn i jordbruket, vil Landbruksdirektoratet vidareutvikle tiltaka med sikte på forenkling og målretting til det beste for klima, miljø og næring. Regional og lokal oppfølging av vassforskrifta og arbeid med kulturlandskap vil òg vere viktige oppgåver for Landbruksdirektoratet i 2019.

Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over praktiseringa av naturmangfaldlova på landbruksområdet, og bidra til at interessene til landbruket blir tekne vare på i saker knytt til verkeområdet til denne lova. Det er nødvendig med merksemd på jordvern både lokalt, regionalt og sentralt for å ta vare på god matjord. Direktoratet samarbeider med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien.

På klima- og miljøområdet vil Landbruksdirektoratet vidareføre samarbeidet med Miljødirektoratet. Direktoratet vil òg følgje opp den nasjonale strategien for økologisk jordbruk som Stortinget har slutta seg til.

Landbruksdirektoratet skal vareta den landbruksfaglege sida i rovviltpolitikken, og leggje til rette informasjon om utviklinga i beitenæringane (husdyr, rein).

Landbruksdirektoratet vil i 2019 halde fram arbeidet med ei god og effektiv forvaltning og med brukarretta informasjon til søkjarar og innbyggjarar om den nye naturskadeerstatningsordninga.

Reindrift

Å oppnå eit tilpassa beitetrykk til beitegrunnlaget er den mest alvorlege og krevjande utfordringa reindrifta står overfor. Den er særleg alvorleg fordi ei forsvarleg ressursutnytting er avgjerande for framtida for den samiske reindrifta i store delar av Finnmark. Å sikre eit stabilt reintal og følgje opp siidaandelane og distrikta som har eit for høgt reintal, har difor framleis høgaste prioritet. Landbruksdirektoratet skal saman med fylkesmannsembeta følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet. I desse siidaene har fylkesmannen moglegheit til å låse reintalet gjennom å fastsetje eit øvre reintal per siidaandel. Det vil òg bli gjennomført offentleg kontrollerte teljingar. Ved større avvik mellom teljing og rapporteringane frå reineigarane, vil det bli sett i verk tiltak.

Det er viktig å vidareføre arbeidet med å stimulere til auka slakting og til eit berekraftig reintal i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg nødvendige grunnlagsdata, mellom anna om beiteforhold og slaktevekter.

Direktoratet skal halde fram med å etablere samarbeid med andre offentlege organ, og gjere dei kjende med behovet reindrifta har for samanhengande areal, og konsekvensane for reindrifta av ulike tiltak innanfor reinbeiteland. Landbruksdirektoratet skal arbeide for ei betre sikring av areala til reindrifta.

Vidareutvikling av sjølvstyret i reindrifta står sentralt i arbeidet for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet skal i nær dialog med departementet og næringa arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje sjølvstyre og internkontroll i reindrifta.

Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

Innspel til forenkling og forbetring av verkemiddel i jordbruksavtalen er viktig òg i 2019. For Landbruksdirektoratet vil 2019 bli eit viktig år i samhandlinga med Mattilsynet for å bidra til god dyrevelferd. Mattilsynet og Landbrukdirektoratet reviderte i 2018 avtale om informasjonsutveksling i saker om dyrevelferd. Mattilsynet har myndigheita på området, men landbruksforvaltninga, primært kommunane, skal vurdere trekk i tilskott ved grove brot på dyrevelferdsregelverket.

Landbruksdirektoratet vil i 2019 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av husdyrkonsesjonsregelverket. Ei tydeleggjering av regelverket for produsentane og ei styrking av grunnlaget for at fylkesmennene skal kunne gjennomføre effektive og gode føretakskontrollar, vil bidra til å redusere sakshandsamingstida for klagesaker.

Landbruksdirektoratet vil i 2019 arbeide vidare med fleire endringar knytt til velferdsordningane. Det viktigaste er å ta i bruk nye system som bidreg til ei effektivisering av ytre forvaltning og større tryggleik for søkjarane. Landbruksdirektoratet vil òg arbeide for å betre forvaltninga av pristilskotta, der meieria, slakteria og andre mottaksanlegg er tilskottsformidlarar.

Landbruksdirektoratet er sekretariat for to forskingsstyre, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen, og vil i 2019 halde fram arbeidet med å bidra til at nærings- og forskingsmiljøa saman fremjar gode søknader på prioriterte tema.

Landbruksdirektoratet vil òg i 2019 ha stor merksemd retta mot kontroll og oppfølging av kontroll. Hovudutfordringa er å leggje til rette for at fylkesmennene kan bidra til å auke kompetanse og kapasitet i kommunane til å gjennomføre ein god risikobasert kontroll og følgje opp avvik.

Marknadstiltak, handel og industri

Landbruksdirektoratet vil i 2019 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Her vil like konkurransevilkår for aktørane stå sentralt.

Direktoratet vil som sekretariat for Omsetnadsrådet følgje opp Meld. St. 11 (2016–2017) når det gjeld gjennomgangen av regelverket for marknadsbalansering.

Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit viktig mål.

Landbruksdirektoratet vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Direktoratet vil òg bidra med analysar i samband med brexit.

Landbruksdirektoratet vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er òg viktige oppgåver.

Administrasjon

Landbruksdirektoratet vil i 2019 halde fram arbeidet med å gjennomføre regjeringsvedtaket om utflytting av 30 årsverk til Steinkjer. Direktoratet vil i 2019 etablere lokale i Steinkjer og rekruttere tilsette til den nye eininga.

Landbruksdirektoratet vil vidareutvikle styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Digitaliseringsplanen til Landbruksdirektoratet skal bidra til gode prioriteringar av tiltak som gir nytte og gevinst for brukarane, samarbeidspartnarane og direktoratet. I 2019 vil arbeidet med å vidareutvikle datasystema halde fram, slik at desse blir meir brukarvennlege og bidreg til effektivisering og god informasjonstryggleik, mellom anna innanfor importvern og RÅK, skogbruk, reindrift, kvoteordninga for mjølk og ordningar under LUF.

Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område òg i 2019. I tillegg vil direktoratet halde fram arbeidet med å integrere den nye personvernforordninga (GDPR) i dei ulike sakshandsamings- og IKT-systema.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje utgiftene til oppfølging av ansvaret Noreg har for gjennomføringa av den nye reingjerdekonvensjonen med Finland, og for konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland.

Posten skal òg dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Rørosregionen, og til vedlikehald av gjerda i Hemsedal og Lærdal.

I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter i samsvar med gjeldande reingjerdekonvensjon og avtalar, og etablering av eit samla informasjonssystem for areal- og ressursovervaking for reindrifta.

Rapportering 2017

Det er gjennomført vedlikehald av konvensjonsgjerda mot Sverige, Finland og Russland, vedlikehald av Hammerfest-gjerdet, og prosjektet med oppdatering og digitalisering av arealbrukskartet for reindrifta er vidareført etter planen.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,3 mill. kroner.

Reingjerdekonvensjonen med Finland inneber mellom anna at det er eit norsk ansvar å føre opp gjerde på strekninga Karigasniemi-Levajok. Kostnaden er berekna til 17,6 mill. kroner over fire år. For 2019 er posten planlagd brukt til å dekkje dei to første delane av gjerdekostnadene i tillegg til dei ordinære oppgåvene.

Post 50 Arealressurskart

Formål med løyvinga

Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av eit arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.

Rapportering 2017

Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos NIBIO. Karta blir viste mellom anna i løysinga Gårdskart på nett, og er viktige i samband med kontroll av tilskottsordningar.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,7 mill. kroner.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formål med løyvinga

Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).

Rapportering 2017

Midlane er fordelte til kommunane. Eit mindre beløp har vore nytta på Svalbard.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om 150,5 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.

Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, om lag 129,8 mill. kroner, er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane blir fordelte til kommunane ut frå ei fastsett vaktinndeling.

Framlegget til løyving omfattar òg om lag 15,1 mill. kroner som kommunane kan bruke til stimuleringstiltak for å sikre ein tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester, og som legg planar for gode lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane vil oppfylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande brukast på Svalbard.

I framlegget er det òg sett av om lag 5,6 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane. Landbruksdirektoratet fordeler midlane til kommunane.

Post 70 Tilskott til fjellstover

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstuer – Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstuene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstuene har plikt til å halde ope heile året.

Rapportering 2017

Det er gitt tilskott til alle fjellstuene.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,8 mill. kroner.

Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Indre Finnmark. Reinteljing og oppfølging av godkjende bruksreglar er sentrale tiltak her. Utover dette dekkjer posten overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, digitalisering av arealbrukskart for reindrifta og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.

Rapportering 2017

Det er i 2017 gjennomført reinteljing og oppfølging av reintal og bruksreglar i Finnmark, reinteljing i Nordland, digitalisering av arealbrukskart for reindrifta og to fagsamlingar for fylkesmennene.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner til omstillingstiltak i reindrifta, i hovudsak i Indre Finnmark

Utfordringa med å følgje opp godkjende bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Det krev ekstra arbeid å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reglane etter reindriftslova, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for betre infrastruktur og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetnad av reinsdyrkjøtt. Kva for tiltak som blir sett i verk og finansierte over posten, vil mellom anna vere avhengig av situasjonen i det enkelte distriktet og den gjeldande marknadssituasjonen. Oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar er prioriterte oppgåver både for direktoratet og for Fylkesmannen i 2019.

Utgifter til teljing av rein, nettverks- og kompetansetiltak, og enkelte utviklings- og utgreiingstiltak, mellom anna innanfor IKT, blir òg dekte over posten.

Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2.9.1999, og beiteleige i samsvar med inngåtte reinbeiteavtalar.

Rapportering 2017

Det blei i 2017 utbetalt fastsette årlege erstatningar til 45 personar.

Over posten er det dekt utgifter til beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet Reinbeiteforening for driftsåret 2016/2017.

Budsjettframlegg 2019

Direktoratet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 0,5 mill. kroner.

Post 73 Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon

Formål med løyvinga

Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven). Tilskottet skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sette i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.

Rapportering 2017

Saltslikkestein m/berlinarblått

Landbruksdirektoratet sørgjer for eit tilstrekkeleg lager av produkt med berlinarblått, som førebyggjande tiltak ved radioaktivitet i beiteområde.

Skadegjerarar i planteproduksjon

I 2017 gjekk største delen av erstatningsutbetalingane til å stanse skadegjerarar i veksthusproduksjon, etter pålegg frå Mattilsynet. Det blei funne to tilfelle av tomatmøll i Rogaland i 2017.

Pålagd slakting

Kostnadene er i hovudsak erstatning etter pålagd sanering for multiresistente stafylokokkar i svineproduksjon (MRSA). Dei største utbetalingane i 2017 var i Nord-Trøndelag. I tillegg blei det utbetalt mindre erstatningsbeløp for å hindre MRSA i fem andre fylke.

MRSA-kompensasjon

Kompensasjon etter pålagd sanering av MRSA i svinebesetningar kjem i tillegg til ordinær erstatning ved pålagd nedslakting. I 2017 blei det ikkje utbetalt MRSA-kompensasjon.

Radioaktivitet

Det blei målt moderate mengder radioaktivitet frå sau på utmarksbeite i 2017. Utbetalingane er først og fremst knytte til kontrollmåling av radioaktivitet og nedfôring etter beiting. Det var flest saker i Oppland og Hedmark

Budsjettframlegg 2019

Bygd på erfaringane frå dei seinaste åra, med store erstatningssaker særleg i samband med MRSA og sjukdomspåvisingar i veksthus, gjer departementet framlegg om ei overslagsløyving på 55,6 mill. kroner.

Forureininga etter atomulykka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruken enkelte stader på Indre Austlandet og i Midt-Noreg. For å motverke dette blir det brukt Giesesalt, som reduserer opptaket av radioaktivt cesium i dyr på beite. For høge verdiar av radioaktive stoff kan føre til at slaktet ikkje kan brukast til mat. Giesesalt blir kjøpt inn av norske styresmakter ved Landbruksdirektoratet.

Utgiftene til innkjøp av Giesesalt er om lag 4 mill. kroner annakvart år.

Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt

Formål med løyvinga

Løyvinga på posten blir brukt til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.

Rapportering 2017

Det blei utbetalt kompensasjon til eitt føretak i 2017.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 mill. kroner.

Post 75 Tilskott til klimarådgiving på gardar

Formål med løyvinga

Posten blei oppretta i 2017 som ein del av budsjettforliket. Tilskottsordninga omfattar både etablering av metodar for datafangst og eit system for klimarådgiving på gardar i regi av Noregs Bondelag. Prosjektet blir drive av Landbrukets Klimaselskap.

Rapportering 2017

Prosjektet er gjennomført i tråd med planane, men enkelte aktivitetar er skuva litt ut i tid. Mange aktørar i landbruket har gått inn som aktive medspelarar i prosjektet, slik det var lagt opp til.

Departementet gjer ikkje framlegg om løyving på posten for 2019. Ved jordbruksoppgjeret 2018 er det sett av midlar over Landbrukets utviklingsfond til prosjektet i 2019.

Post 80 Radioaktivitetstiltak

Formål med løyvinga

Ansvaret staten har for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket regjeringa gjorde om økonomisk skadesløyse 31.7.1986. Regelverket for tiltak mot radioaktivitet i reindrifta blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.

Rapportering 2017

Behovet for tiltak er avhengig av radioaktiviteten i området. I 2017 har aktiviteten vore under terskelverdiane for iverksetjing av tiltak.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,5 mill. kroner.

Kap. 4142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

01

Driftsinntekter, refusjonar m.m.

50 737

42 196

43 203

Sum kap. 4142

50 737

42 196

43 203

Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har i samband med mellom anna sekretariatet for Omsetnadsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

22

Naturskade, administrasjon, kan overførast

1 116

71

Naturskade – erstatningar, overslagsløyving

89 988

156 000

182 600

Sum kap. 1148

91 104

156 000

182 600

Post 22 Naturskade, administrasjon

Formål med løyvinga

Løyvinga er blitt brukt til utvikling av eit nytt elektronisk søknads- og sakshandsamingssystem for erstatningssaker etter Statens naturskadeordning i samband med at naturskadeerstatningslova tok til å gjelde 1.1.2017. Det står att berre mindre tilpassingar av systemet, og departementet gjer ikkje framlegg om vidare løyvingar under posten.

Rapportering 2017

I 2017 blei det brukt om lag 1,1 mill. kroner til tilpassingar i det nye søknads- og sakshandsamingssystemet for ordninga, og til utvikling av informasjonstiltak om den nye lova.

Post 71 Naturskade – erstatningar

Formål med løyvinga

Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Søknader om erstatning for naturskadar etter naturskadeerstatningslova blir handsama etter ein rein forvaltningsmodell. Landbruksdirektoratet avgjer sakene i førsteinstans, mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker som klageinstans. Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når store naturulykker inntreffer.

Rapportering 2017

I 2017 blei 634 saker handsama, noko som utgjer om lag halvparten av sakene eit gjennomsnittsår. Det blei i 2017 gitt tilsegner om erstatning for om lag 88 mill. kroner. Tilsegner om naturskadeerstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år. Det inneber at utbetalingar i 2017 gjeld erstatningssaker for 2017 og tidlegare år.

Ansvaret som utgjer gitte, ikkje innfridde, tilsegner om erstatning var 31.12.2017 på om lag 94,4 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2019

Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover.

Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning over Statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. Omfanget av naturulykker varierer frå år og år og er umogleg å føresjå. Det er difor knytt vesentleg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, noko som verkar inn på den årlege utbetalinga. Ved budsjetteringa blir normalt eit gjennomsnittsår for naturskadar lagt til grunn.

Landbruksdirektoratet skal gi ei rask og forsvarleg handsaming av krav om erstatning som er heimla i naturskadeerstatningslova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.

Løyvinga skal dekkje innfriing av både tilsegner som blir gitt i 2019, og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak, som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker eller aukar verknaden av ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje nødvendige utgifter til ekstrahjelp og til vedlikehald og utvikling av IKT-systemet for ordninga. I tillegg skal utgifter til Klagenemnda dekkjast av posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 182,6 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 107,8 mill. kroner for 2019, jf. tabell 2.7 og framlegg til vedtak IV.

Tabell 2.7 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2019

(i mill. kr)

Ansvar 1.1.2018

94,4

+

Venta tilsegner i 2018

200,0

=

Sum

294,4

-

Venta erstatningsutbetalingar i 2018

130,0

=

Venta ansvar 31.12.2018

164,4

+

Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a.

6,0

+

Venta nye tilsegner i 2019

120,0

=

Sum

290,4

Forslag til løyving i 2019

182,6

Forslag til tilsegnsfullmakt i 2019

107,8

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 500

3 523

3 506

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast

70 520

92 300

92 300

72

Tilskott til trebaserte innovasjonsprogram, kan overførast

17 024

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast

55 496

48 899

38 899

75

Tilskott til investeringsstøtte for landbruket

75 000

Sum kap. 1149

146 540

219 722

134 705

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

Formål med løyvinga

Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 4.12.2014. Fondet har til oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet.

Rapportering 2017

I 2017 blei det løyvd 3,5 mill. kroner til fondet. I alt fekk 10 nye prosjekt tilskott.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,5 mill. kroner for 2019. Midlane frå fondet vil i første rekkje gå til brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Formål med løyvinga

Skogen og eit aktivt skogbruk gir viktige bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet, i tillegg til viktige klimagevinstar. For å styrkje desse bidraga vil regjeringa leggje til rette for at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke aktivt i bruk, mellom anna ved auka hogst, hausting av virke til biobrensel og oppbygging av ny skog. Ein formålstenleg infrastruktur, med samanhengande betre standard frå skog til industri og vidare til marknadene, er eit satsingsområde for regjeringa. Som det går fram av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, er ein god infrastruktur avgjerande for konkurransekrafta til skogsektoren og for det positive bidraget til verdiskaping for distrikta og landet som skogsektoren gir. Løyvinga skal bidra til modernisering og ei vidareutvikling av infrastruktur for transport, i tillegg til andre verdiskapingstiltak i skogbruket.

Rapportering 2017

Det blei løyvd i alt 107 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket over posten i 2017. Av det blei det løyvd 75 mill. kroner til tømmerkaier langs kysten. Det blei gitt løyving til seks kaiprosjekt; i Eydehavn i Aust-Agder, i Egersund og Saudasjøen i Rogaland, i Granvin i Hordaland, i Fjaler i Sogn og Fjordane og i Risøyhavn på Andøya i Nordland. Det blei òg gitt ei ekstraløvying til ei kai i Mandal som fekk tilskott i 2016.

Det blei løyvd 32 mill. kroner til vidareutvikling av skogsvegnettet. Desse midlane må sjåast i samanheng med løyvingane til det same formålet over kapittel 1150, post 50. Det blei bygd litt over 100 km nye skogsbilvegar og ombygd rundt 390 km eldre skogsbilvegar i 2017. Det er ein nedgang på høvesvis 16 pst. og 10 pst. frå 2016.

Budsjettframlegg 2019

Departementet vil føre vidare satsinga på infrastrukturtiltak i skogbruket i 2019. Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak, med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene.

Behovet for investeringar i infrastruktur er stort over heile landet, men kyst- og innlandsfylka har ulike utfordringar. I mange av kystfylka står mykje av den skogen som i dag er hogstmoden, eller som snart blir det, langt frå vegen eller i bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng, noko som gjer det kostnadskrevjande å utnytte ressursane. I innlandsfylka er ein stor del av skogsvegnettet gammalt og treng opprusting for å oppfylle transportbehova, og dei krava som moderne transportutstyr stiller.

Tilskott til investeringar i nybygging og ombygging av skogsvegnettet er målretta og prioriterte tiltak for auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport. Gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør, vil desse investeringane òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket.

Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av trevirke og produktflyt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Tømmerkaier er blitt stadig viktigare som følgje av endringar i avsetnaden av virke og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra, òg i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet.

Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk av tømmer. Gode planprosessar og overføring av kunnskap og erfaring frå prosjekt til prosjekt er viktig i dette arbeidet. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å utvikle skogsvegnettet vidare.

Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med tilskott til kaiprosjekt for departementet.

Infrastrukturtiltaka har positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar og styrkjer konkurransekrafta i skognæringa. Som for 2018 vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak der investeringane skjer over fleire år. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 92,3 mill. kroner for 2019. Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som det blir gitt tilsegn, gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2019 på 118,7 mill. kroner for å kunne dekkje ansvar frå tidlegare år, jf. framlegg til vedtak IV. Beløpet er basert på ein prognose frå Landbruksdirektoratet.

Tabell 2.8 Tilsegnsfullmakt til infrastrukturtiltak i 2019.

(i 1 000 kr)

Ansvar per 1.1.2018

114,9

+

Forventa tilsegner i 2018

86,1

=

Sum

201

-

Forventa utbetalingar 2018 (inkl. overførte midlar frå 2017)

76

=

Ansvar per 31.12.2018

125,0

+

Forventa nye tilsegner i 2019

86,0

=

Sum

211,0

Forslag til løyving i 2019

92,3

Tilsegnsfullmakt i 2019

118,7

Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

Formål med løyvinga

Skogen speler ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil leggje til rette for tiltak som kan ta vare på eller styrkje karbonlageret i skogen, og samstundes leggje til rette for meir bruk av fornybart skogråstoff som kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.

Posten omfattar også bidrag til stiftinga Det norske Skogfrøverk, som har som oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Bidraget frå departementet er basert på ein avtale med Skogfrøverket om forvaltningsoppgåver frå 1995.

Rapportering 2017

Det blei løyvd 48,2 mill. kroner til tilskott til skog-, klima- og energitiltak i 2017. Av dette blei det avsett 33,4 mill. kroner til klimatiltaka tettare planting etter hogst og gjødsling av skog. I 2017 blei det gitt 16,8 mill. kroner i tilskott til tettare planting på 124 700 dekar. Det blei gitt tilskott på 12,5 mill. kroner til gjødsling av om lag 90 100 dekar.

Det blei òg løyvd 8,747 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Det blei òg gitt ei ekstra løyving på 8,764 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga som eit klimatiltak i skogbruket. 2,764 mill. kroner av beløpet var ei overføring frå 2016.

Det blei òg løyvd 650 000 kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) for det norske bidraget til det nordiske prosjektet Future Forest. Prosjektet har som formål å definere bruksområde for granproveniensar i Norden. Det norske bidraget er ei oppfølging av utgreiinga om moglegheitene for meir nordisk samarbeid i skogfrø- og skogplanteforsyninga, og det er venta at resultata vil gi grunnlag for bruk av plantemateriale som er betre tilpassa klimaet i Norden.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 38,9 mill. kroner i 2019 til klimatiltak i skog som oppfølging av klimaforliket og Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid. Dette er ein reduksjon i løyvinga på 10 mill. kroner samanlikna med 2018.

Landbruksdirektoratet forvaltar ordningane med tilskott til tettare planting og gjødsling.

Skogplanteforedling er ein viktig del av forvaltningsoppgåvene til Skogfrøverket. Skogplanteforedlinga krev no ei fornying av frøplantasjar med det beste materialet frå plantasjar som blei etablerte på 1960- og 1970-talet. Fornying av skogfrøplantasjar er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak, og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er òg ønskjeleg at større delar av landet får tilgang til foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar. Departementet gjer framlegg om ei løyving til Skogfrøverket for 2019, til arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og utvikling på eit noko lågare nivå enn i 2018 ettersom delar av handlingsplanen no er gjennomførte.

Departementet vil òg vidareføre løyvinga til prosjektet Future Forest ved NIBIO med om lag 650 000 kroner. Prosjektet er eit samarbeid mellom landa i Norden, og det er mellom anna planar om å utvide prosjektet til òg å omfatte furuproveniensar i 2019. Klimatiltaka i skog vil styrkje ressursgrunnlaget – og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

8 615

17 500

24 033

50

Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)

1 297 601

1 123 553

1 133 553

70

Marknadsregulering, kan overførast

308 638

317 809

302 062

71

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

32 738

43 000

43 000

73

Pristilskott, overslagsløyving

3 521 820

3 483 204

3 611 045

74

Direkte tilskott, kan overførast

7 957 788

8 361 247

9 024 159

77

Utviklingstiltak, kan overførast

245 892

256 880

264 280

78

Velferdsordningar, kan overførast

1 479 191

1 504 800

1 518 391

Sum kap. 1150

14 852 283

15 107 993

15 920 523

Formål med løyvinga

Kap. 1150 og kap. 4150 om jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetnad innanfor jordbruket. Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken.

Mange av postane har underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Difor ser departementet det som formålstenleg at eit større behov for midlar på ein underpost kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på den same posten.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. skal bidra til at måla for landbruks- og matpolitikken blir nådde. For meir informasjon om måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode, sjå omtalen i innleiinga til denne proposisjonen.

Fleire faktorar bidreg til at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå, som til dømes klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og det norske pris- og kostnadsnivået generelt. Difor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å bidra til lønsam produksjon over heile landet, og for å stimulere til god agronomi og berekraftig produksjon. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla på same tid. Det gjeld mellom anna tilskott som skal gi det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og for samfunnet. Ei vurdering av hovudmåla post for post på budsjettkapitlet gir ikkje fullgod informasjon. Difor er det heller ikkje tenleg å ha ei eiga resultatrapportering på kvar enkelt ordning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar, og for bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekt over fleire ordningar under kap. 1150, postane 70 og 73, og i nokon grad under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.

Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd skil seg òg frå normalprosedyra ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Nødvendig kontroll blir sikra gjennom kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.

Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, postane 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane er i hovudsak sette saman av refusjon av utgifter til avløysing for sjukdom og ferie/fritid. Ein står her overfor den same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld òg ordninga med tilskott til veterinære reiser der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår til kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet og direkte til ein sams mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak, som blir løyvde med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter, basert på ein søknad som er send kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og tilskottsbrevet frå kommunen inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal brukast til eller kva rapporteringskrav som gjeld.

Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta. Årlege kunngjeringar gir informasjon om kva tiltak som gir rett til tilskott og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Dersom løyvingsramma er avgrensa kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott, kan dekkjast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifiseringa av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak.

Forvaltning

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, til fylkesmennene over Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 525 og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ei særskild løyving på kap. 1150, post 21 skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT-/fagsystem i Landbruksdirektoratet. Ut frå erfaring er det uvisse om kva år desse kostnadene kjem til betaling. For å kunne ha den fleksibiliteten som trengst, kan det framleis vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på enkelte av tilskottsordningane.

På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane er førstelinestyresmakt for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som omtalt, ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd, skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane er det departementet si vurdering at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.

Departementet og forvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så godt kontrollsystem som mogleg. Det er sett i gang prosessar for å styrkje kontrollfunksjonen Fylkesmennene har på landbruksområdet, og det blir mellom anna stilt krav til fylkesmannsembeta om at det kvart år skal utarbeidast ein risikobasert kontrollplan og gjennomførast føretakskontroll og forvaltningskontroll av kommunar. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har fylkesmannen og Landbruksdirektoratet ei kontinuerleg oppfølging gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, særskilde kommunesamlingar og kompetansetiltak retta mot dei landbruksansvarlege i kommunane.

Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt gode resultat. Det er likevel framleis utfordringar med kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Det gjeld særleg å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at fylkesmannen og kommunane får ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.

Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på svakheiter ved systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og rolla kommunane har i tilskottsforvaltninga. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette området vidare framover.

Rapportering 2017

Ved sida av å produsere varer og tenester for ein marknad, er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekkje fellesgode, dvs. gode som ikkje kan omsetjast i ein marknad. Verkemidla bidreg til at hovudmåla for politikken blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad i kombinasjon med produksjon av fellesgode.

For å oppnå hovudmåla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, for å optimalisere den geografiske produksjonsdelinga og i nokon grad påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling, som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott, ikkje gir fullgod informasjon.

Når det gjeld måla for landbrukspolitikken, som er omtalt mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og via andre kapittel i budsjettet. Det omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing, verkemidla for matsikkerheit m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad òg for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelte tiltak, men på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. For denne resultatrapporteringa, sjå del III.

Jordbruksoppgjeret 2018

Jordbruksoppgjeret 2018 blei avslutta med ein avtale mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag 16. mai 2018. I sluttprotokollen viser partane til stortingetshandsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017), jf. Innst. 251 S (2016–2017), og regjeringa si Jeløya-plattform. Den inngåtte jordbruksavtalen er basert på dette grunnlaget. Partane viser også til formålsparagrafen i Hovudavtalen, som seier at formålet med forhandlingane er å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagde mål for jordbruket. Jordbrukspolitikken er basert på mange ulike mål, der kryssande omsyn må vegast mot kvarandre.

Jordbruksavtalen omfattar målprisane for perioden 1.7.2018 til 30.6.2019 og tilskott som blir utbetalte i 2019. Det kan òg gjerast justeringar av løyvingane i 2018 innanfor ei uendra økonomisk ramme. Den inngåtte jordbruksavtalen med forslag til endringar i budsjettvedtak for 2018 blei lagd fram for Stortinget i Prop. 94 S (2017–2018). Som vedlegg til proposisjonen la departementet også fram ein ny «Nasjonal strategi for økologisk jordbruk».

Proposisjonen blei handsama i Stortinget den 14. juni 2018 på grunnlag av Innst. 404 S (2017–2018) frå næringskomiteen.

Budsjettframlegg 2019

I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 770,0 mill. kroner. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet. Over ordningane på post 73 er det lagt til grunn ei volumendring som aukar løyvinga på kap. 1150 med ytterlegare 42,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2018. Hovudårsakene er auka normalavlingar på korn og ein aukande kjøttproduksjon. Samla løyving i 2019 blir etter dette 15 920,5 mill. kroner, mot 15 107,9 mill. kroner i saldert budsjett for 2018.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å kunne ha finansiering av kostnader til utvikling av IKT-/fagsystem i forvaltninga av tilskott til jordbruket, evalueringar av ordningane og arbeidsgrupper som er sette ned av avtalepartane eller vedtekne av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte over ordninga.

Rapportering 2017

Landbruksdirektoratet arbeider for tida med ei omfattande fornying av IKT-plattforma for tilskottsforvaltninga. Det blei utbetalt 8,6 mill. kroner over ordninga i 2017. Arbeidet med det nye systemet i eStil har gått etter planen og blir avslutta i 2018. Det blei brukt 6,8 mill. kroner til utvikling av det nye fagsystemet «Agros» som erstattar det gamle systemet «Saturn». Dette er noko mindre en budsjettert, og kjem av at ein del kostnader er overført til 2018 og 2019.

Budsjettframlegg 2019

Det er to store pågåande prosjekt for nye IKT-løysingar til forvaltninga. Utvikling av systemet «Agros» er til saman budsjettert til 24 mill. kroner og skal vere fullført i 2019. Det er sett av 3,8 mill. kroner i 2019. Det er òg starta opp eit arbeid med ei ny IKT-løysing for forvaltning av importvern og råvareprisordninga (RÅK-ordninga). Arbeidet blei starta opp i 2018, og i 2019 er det sett av 15,5 mill. kroner til dette. Det er også sett av til saman 1,2 mill. kroner til digitalisering knytt til erstatningsordningane og til overføring av oppgåver til fylkeskommunane.

Til arbeidsgrupper og utgreiingar for avtalepartane og Stortinget er det sett av 2,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 24,0 mill. kroner.

Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)

Formål med løyvinga

Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, medrekna mellom anna tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Auka verdiskaping er eitt av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla under LUF skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som blir forvalta av Innovasjon Noreg, står målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentralt.

Gjennom utforminga av dei regionale bygdeutviklingsprogramma, medrekna regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionale skog- og klimaprogram, blir det utforma regionalt tilpassa strategiar for verkemiddelbruken.

Rapportering 2017

Departementet viser til Prop. 94 S (2017–2018) for ein detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte over LUF. Ordningane det er gitt støtte til, kan grovt sett delast inn i sju område:

  • bedriftsretta midlar og støtte til Matmerk

  • tilrettelegging for næringsutvikling

  • rekruttering og kompetanse

  • forsking

  • skogbruk og fornybar energi

  • konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

  • verkemiddel retta mot miljø- og klimatiltak og økologisk landbruk

Budsjettframlegg 2019

Med bakgrunn i Prop. 94 S (2017–2018), og stortingshandsaminga av han, jf. Innst. 404 S (2017–2018), gjer departementet framlegg om ei løyving for budsjettåret 2019 på 1133,6 mill. kroner. Tabell 2.9 viser kapitalsituasjonen for LUF 2017–2019. Med ei eingongsoverføring av udisponerte midlar på 225 mill. kroner for 2018 blir eigenkapitalen og likviditeten til fondet moderat svekt for 2018. Prognosen for 2019 viser at eigenkapitalen og likviditeten blir ytterlegare svekt. Erfaringa tilseier at den faktiske utviklinga kan avvike noko frå prognosane, mellom anna som følgje av fråfall i ansvar og styrking av eigenkapitalen gjennom tilførsel av eingongsmidlar. Kapitalsituasjonen og likviditetsutviklinga for LUF må haldast under oppsikt.

Tabell 2.9 Framføring av kapitalsituasjonen for LUF 2017–2019 med prognosar over framtidige utbetalingar (mill. kroner)

Rekneskap 2017

Prognose 2018

Prognose 2019

Løyving1

1 148,1

1 123,6

1 133,6

Kompensasjon for auka CO2-avgift, jordbruk og skogbruk

55,0

Eingongsoverføring, udisponerte midlar

94,5

225,1

Renteinntekter

8,1

5,8

6,8

Andre inntekter

55,9

25,2

25,2

Sum tilførsel

1 361,5

1 379,7

1 165,6

Utbetalingar, jf. statusrapport LUF 10/2018

1 338,7

1 454,4

1 454,4

Endring i tilskottsramme2

111,0

Sum utbetalingar

1 338,7

1 454,4

1 565,4

Endring i eigenkapital

22,8

-74,8

-399,8

Inneståande i Norges Bank, inkl. a konto IN

1 658,9

1 643,4

1 294,6

Uteståande investeringslån

186,0

126,8

75,7

Sum eigenkapital i LUF

1 844,9

1 770,2

1 370,4

Likviditet

Tilført årsløyving, renteinntekter m.m.

1 361,5

1 379,7

1 165,6

Netto tilførsel av kapital ifm. investeringslån (avdrag)

64,5

59,2

51,1

Disponibel likviditet

1 426,0

1 438,9

1 216,7

Utbetalingar

1 338,7

1 454,4

1 565,4

Endring i likviditet

87,3

-15,5

-348,7

1 I tråd med føringar i Prop. 94 S (2017–2018) er det rammeoverført 10 mill. kroner frå underpost 77.15 til LUF. Det gjeld avsetjing til handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmiddel. Løyvinga til fondet og tilskottsramma frå fondet er difor 10 mill. kroner høgare enn i Prop. 94 S (2017–2018).

2 Auken i tilskotsramme som er lagt til grunn i 2019 vil trulig ikkje komme til full utbetaling i 2019.

Tabell 2.10 viser tilskottsramma for LUF i 2019 og endringar i tilskottsramme frå 2018 til 2019. Tilskottsramma for fondet for 2019 blir sett til i alt 1 610 mill. kroner, inkl. avsetjing til rentestøtteutbetalingar. Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF 2019 er avsett til ordningar som skal stimulere til investeringar og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk, og ordningar som gjeld klima- og miljøtiltak, utgjer ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet.

Samordna innsats for utvikling og bruk av miljø- og klimavennleg teknologi i landbruket

Landbruket må tilpasse seg endra klimaforhold og bidra til redusert påverknad på miljø og klima. Teknologi er ein sentral drivar for utvikling av berekraftige løysingar innan jordbruksproduksjon. Nye teknologiske løysingar kan bidra både til auka effektivitet og lønsemd og til meir miljø- og klimavennleg drift.

Med dette som utgangspunkt er partane samde om ein meir heilskapleg og samordna utviklingspakke for miljø- og klimavennleg teknologi i jordbruket. Målet er å stimulere til reduserte klimagassutslepp frå sektoren, bidra til meir miljøvennleg drift, og auke verdiskapinga og konkurransekrafta gjennom effektiv ressursutnytting. Dette blir gjort gjennom klarare vektlegging av og ein forsterka innsats på områda i eksisterande ordningar. Dei aktuelle ordningane femnar om tiltak frå FoU, via pilotering og investering til rådgiving og praktisk gjennomføring på det enkelte gardsbruk:

  • forsterka FoU-innsats gjennom forskingsmidlar og utgreiingsmidlar og gjennom klima- og miljøprogrammet

  • utviding av formål og forsterking av Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket, slik at det også omfattar utviklingsprosjekt knytt til teknologiutvikling i landbruket

  • prioritering av prosjekt med miljø-, klima- og energieffektive løysingar innanfor IBU-ordninga

  • rådgiving om presisjonsjordbruk i regi av Norsk Landbruksrådgiving

Det er behov for betre samordning på området mellom dei ulike aktørane som har ei sentral rolle i bruken av verkemidla som er nemnde over, for å sikre ein heilskapleg og effektiv verkemiddelbruk. Det skal etablerast ei koordineringsgruppe leia av Landbruks- og matdepartementet, og som består av Innovasjon Noreg, Norsk Landbruksrådgiving, Landbruksdirektoratet, Forskingsrådet, Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og organisasjonane i jordbruket. Aktuelle tema for drøfting i gruppa kan vere synleggjering av den samla aktiviteten på området, koordinering av aktivitetar på tvers av organisasjonane og felles prosjektutlysingar.

I arbeidet skal det særleg leggjast vekt på teknologiutvikling som bidreg til reduserte klimagassutslepp frå jordbruket, auka effektivitet gjennom automatisering og digitalisering, og løysingar som bidreg til effektiv og god ressursutnytting, til dømes i samband med teknologiutvikling i grøntsektoren, bruk av husdyrgjødsel, redusert matsvinn, energiforsyning og val av byggjemateriale.

Tabell 2.10 Tilskottsramme for LUF 2019 (mill. kroner)

20185

2019

Endring 2018–2019

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling

634,5

634,5

0,0

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar

48,0

48,0

0,0

Områderetta innsats

Arktisk landbruk

2,0

2,0

0,0

Fjellandbruket

0,0

2,0

2,0

Rekruttering og kompetanse i landbruket

Nasjonale kompetansetiltak (KIL-midlar)

6,0

4,0

-2,0

Regionale tilskott til rekruttering og kompetanseheving

14,0

14,0

0,0

Nasjonal modell for vaksenagronom 1

11,0

15,0

4,0

Mentorordning

0,0

2,0

2,0

Forsking og utvikling

55,0

65,0

10,0

Matmerk

55,0

63,0

8,0

Utviklingsprogrammet

102,5

106,0

3,5

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

67,0

77,0

10,0

Skogbruk2

222,0

242,0

20,0

Midlar til konfliktføreb. tiltak jordbruk/reindrift

1,5

2,0

0,5

Dyrevelferdsprogram mink

2,0

0,0

-2,0

Utsiktsrydding

8,0

0,0

-8,0

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

95,0

115,0

20,0

Drenering

58,0

58,0

0,0

Investeringsstøtte organisert beitebruk3

13,0

18,0

5,0

Handlingsplan for plantevernmiddel4

0,0

10,0

10,0

Klima- og miljøprogram

20,0

20,0

0,0

Klimasmart landbruk

0,0

20,0

20,0

Biogass

2,0

3,0

1,0

Støtte verdsarvområda og utvalde kulturlandskap

13,5

18,5

5,0

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

31,0

31,0

0,0

SUM tilskottsramme

1 461,0

1 570,0

109,0

Rentestøtte – utbetalingar

38,0

40,0

2,0

SUM tilskottsramme inkl. utbetalingar rentestøtte

1 499,0

1 610,0

111,0

1 Inkluderer 2 mill. kroner til implementering av felles digitale løysingar.

2 8 mill. kroner av løyvinga skal øyremerkast miljøtiltak i skogbruket.

3 Auken på 5 mill. kroner skal nyttast til investeringar innan teknologi.

4 Avsetjinga til handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmiddel er rammeoverført frå post 77.15 til LUF.

5 Partane er samde om at St. Olavs hospital etter søknad til Landbruksdirektoratet kan innvilgast inntil 2,5 mill. kroner i 2018 for etablering av «Nasjonalt Fagkompetansesenter for landbrukshelse».

Ein omtale av dei enkelte ordningane følgjer nedanfor. Departementet viser til Prop. 94 S (2017–2018) for ein meir utfyllande omtale av ordningane.

Investering og bedriftsutvikling i landbruket

Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket har eit todelt formål: å bidra til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommane, med mål om auka sysselsetjing, og å bidra til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, med eit særskild mål om effektivisering av produksjonen. Gjennom investeringar og moderniseringar i driftsapparatet og bruk av ny teknologi, oppnår ein effektivisering og auka produktivitet i landbruket. Ordninga er også eit målretta verkemiddel for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre gardbrukarar investerer i større grad enn eldre, og delvis fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket.

Forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket skal leggjast til grunn for forvaltninga av midlane. Innovasjon Noreg får høve til å fastsetje enkelte standardar for sakshandsaminga for ein meir einskapleg sakshandsamingspraksis. Dette gjeld t.d. å kunne definere omfang/kriterium for «mindre investeringar» ved generasjonsskifte.

Det blir utover dette gitt følgjande nasjonale føringar for forvaltninga av IBU-midlar i 2019:

  • Støtte til investeringsprosjekt som gir auka matproduksjon skal prioriterast i produksjonar med marknadspotensial.

  • Det skal særskild prioriterast støtte til frukt- og grøntnæringa, veksthusnæringa og kornproduksjon. I kornproduksjonen skal tilskott til tørke- og lageranlegg prioriterast.

  • Det skal ikkje løyvast tilskott til investeringar i sauefjøs i 2019, med unntak for støtte til økologiske saueprodusentar som må gjere større investeringar på grunn av endra krav til liggjeareal som følgje av implementeringa av EUs økologiregelverk frå mars 2017.

  • I vurderinga av lønsemd i investeringsprosjektet må det takast omsyn til det samla næringsgrunnlaget på bruket.

  • Ulike eigarformer skal sidestillast ved prioritering mellom søknader.

  • Det skal takast omsyn til nye krav til dyrevelferd, medrekna kravet om lausdriftsfjøs, og behov for fornying av driftsapparatet.

  • Små og mellomstore bruk skal prioriterast ved tildeling av støtte.

  • Innan mjølkeproduksjon er det særleg behov for å prioritere fornying av fjøs med 15–30 kyr.

  • Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal prioriterast, til dømes ved bruk av tre som byggemateriale og investering i andre miljø- og klimasmarte løysingar i samband med investering i ny driftsbygning.

  • Geitemjølkprodusentar som omstiller til annan produksjon, og som sel heile kvoten gjennom oppkjøpsordninga for geitemjølkkvotar, kan få ekstra investeringstilskott på inntil 500 000 kroner. Dette tilskottet kjem i tillegg til eventuell ordinær IBU-støtte. Lønsemdsvurderingar må liggje til grunn for tildeling av støtte til ny produksjon. Moglegheiter for å søkje om ekstra investeringstilskott gjeld til og med 2020. Søknader må fremjast i samband med dei ordinære søknadsrundane i fylka.

  • Det kan innvilgast investeringstilskott til bygging av gjødsellager med fast toppdekke eller 10–12 månaders lagringskapasitet, avgrensa til 20 pst. av godkjend kostnadsoverslag for tiltaket. Øvre grense for tilskott er sett til 100 000 kroner per prosjekt. Det kan ikkje innvilgast tilskott til bygging av gjødsellager på leigd areal.

  • Det kan bli gitt inntil 100 mill. kroner i risikolån. Tapsavsetjinga skjer innanfor ramma av IBU-midlane. Nivået på tapsfondavsetjinga skal reduserast.

  • Strategiske føringar frå den regionale partnarskapen er avgrensa til prioritering mellom ulike produksjonar i den enkelte regionen/fylket. Det er også høve til å prioritere mellom ulike område i regionen/fylket. Faglaga skal inngå i dei regionale partnarskapa.

  • Maksimal prosentsats for tilskott til investeringar blir ført vidare med inntil 35 pst. av godkjent kostnadsoverslag for investeringa. Den øvre grensa for tilskott på 2 mill. kroner per prosjekt, med unntak for Troms og Finnmark, blir også ført vidare.

Fylkesvise midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak

Dei fylkesvise midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak skal bidra til utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket og til å støtte opp under utvikling av andre landbruksbaserte næringar gjennom utviklings- og kompetansehevande tiltak og mobiliseringstiltak. Midlane skal støtte opp om innleiande fasar og arbeid knytt til landbruksbasert næringsutvikling regionalt, og kan løyvast til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan, hovudsakleg innanfor landbruket.

Partane er samde om at avsetjinga til utgreiings- og tilretteleggingstiltak blir sett til 48 mill. kroner i 2019. Den strategiske innretninga på bruken av utgreiings- og tilretteleggingsmidlane må vere godt samordna med den strategiske innretninga for dei bedriftsretta verkemidla regionalt. I samband med at ordninga frå 2020 skal forvaltast av fylkeskommunane, vil det bli utarbeidd ei forskrift for forvaltninga av midlane. Det overordna ansvaret for forvaltning av ordninga blir overført frå Landbruks- og matdepartementet til Landbruksdirektoratet frå 2019.

Områderetta innsats

I perioden 2012–2014 blei det løyvd 9 mill. kroner over jordbruksavtalen til arktisk landbruk, og i perioden 2014–2016 blei det løyvd 18 mill. kroner over jordbruksavtalen til fjellandbruket, under ordninga områderetta innsats. Erfaringane frå dette arbeidet har vist at særleg innsats for utvikling av landbruket i avgrensa område har positive effektar. Med basis i desse erfaringane er partane samde om å avsetje ytterlegare midlar over jordbruksavtalen til områderetta innsats.

Fylkesmannen skal ha ansvaret for å forvalte den områderetta innsatsen. Eitt fylkesmannsembete i kvart område får eit koordinerande ansvar for satsinga opp mot andre fylkesmenn, fylkeskommunar, næringsorganisasjonar og eventuelt andre aktørar i det enkelte området. Det er semje om å avsetje 4 mill. kroner til områderetta tiltak i 2019, med sikte på ei treårig satsing i desse områda.

Arktisk landbruk

Satsinga på arktisk landbruk omfattar Nordland, Troms og Finnmark. I jordbruksoppgjeret 2017 blei det sett av 2 mill. kroner til arktisk landbruk for 2018, som skal byggje på erfaringane frå satsinga i perioden 2012–2014. Avsetjinga blir ført vidare i 2019.

Fjellandbruket

Satsinga omfattar fjellandbruket i Trøndelag, Innlandet, Telemark og Vestfold, samt Viken. Satsinga skal byggje vidare på erfaringane med tilsvarande satsing i perioden 2014–2016, der det blei lagt vekt på rekruttering til næringa og utvikling av potensialet for auka verdiskaping i fjellandbruket. Det blir sett av 2 mill. kroner til satsinga i 2019.

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Agronomisk kompetanse og kunnskapsbasert driftsleiing er viktig for eit berekraftig landbruk, og for å nå målet om auka matproduksjon. Fleire ordningar over jordbruksavtalen bidreg til å styrkje kompetansen i næringa. Samspelet mellom formell landbruksutdanning, andre kompetansehevande tiltak og den landsomfattande rådgivingstenesta frå Norsk Landbruksrådgiving gir samla sett den enkelte næringsutøvar i landbruket eit omfattande tilbod innan kunnskaps- og kompetanseheving.

Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving

Fylkeskommunane forvaltar verkemidldel til styrking av innsatsen innanfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket.

Partane er samde om å setje av 14 mill. kroner til rekruttering og kompetanseheving for 2019. Prioriterte område for ordninga er støtte til etter- og vidareutdanning i landbruket og tiltak som rettar seg inn mot rekruttering, likestilling og omdømmebygging.

Nasjonal modell for vaksenagronom

Ei fleksibel landbruksutdanning er eit viktig tiltak for dei som ønskjer seg inn i næringa, men som ikkje har landbruksfagleg utdanning eller tilknyting til landbruket frå før. Avtalepartane er samde om å løyve 15 mill. kroner til ein nasjonal modell for vaksenagronomopplæring i 2019. Av beløpet skal 2 mill. kroner nyttast til implementering av felles digitale løysingar.

Gartnarutdanninga er ikkje omfatta av retningslinene for Vaksenagronomen og den tilhøyrande finansieringsordninga. Det er viktig også å leggje til rette for rekruttering til gartnarutdanning og bidra til rett kompetanse innanfor grøntsektoren. Partane er difor samde om at det kan vere formålstenleg at den nasjonale modellen også kan omfatte tilbod om gartnaropplæring for vaksne. Før ein kan innarbeide ei slik ordning i retningslinene må det gjerast ei vurdering i samarbeid med utdanningsstyresmaktene. Det er difor sett ned ei hurtigarbeidande gruppe med representantar frå partane og utdanningsstyresmaktene med sikte på å innarbeide retningsliner i den nasjonale modellen for vaksenagronomen som også omfattar gartnaropplæring tilsvarande Vg3 Gartnarfag. Partane ønskjer også å ha med Norsk Gartnerforbund i arbeidet. Tidspunktet for ei slik innføring vil vere avhengig av kva som kjem fram i dette arbeidet, men det er eit mål at det kan implementerast så raskt som råd, gjerne allereie frå hausten 2019.

Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket

Programmet skal bidra til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar innan primærlandbruket eller innanfor andre næringar som har tilknyting til landbruket, gjennom utvikling av nasjonale og regionale kompetansetilbod.

Landbruksdirektoratet vil frå 2019 overta forvaltninga av Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL) frå Matmerk. Faglaga i jordbruket vil framleis ha ei rolle når det gjeld bruken av midlane. Det blir lagt opp til ein nærare dialog om dette i løpet av 2018.

Partane er samde om å løyve 4 mill. kroner til KIL i 2019. Inntil 1 mill. kroner kan nyttast til kurs for avløysarar og landbruksvikarar.

Mentorordning i landbruket

I tråd med føringane frå jordbruksoppgjeret i 2016 er det frå 2017 prøvd ut ei lågterskel mentorordning i landbruket i regi av Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Prøveordninga vil gå ut 2018 og bli prøvd ut i regionane Trøndelag, Agder, Hedmark/Oppland og Sogn og Fjordane. Partane er samde om at ordninga skal førast vidare i si noverande form i 2019, og finansierast med 2 mill. kroner. Ordninga er i dag avgrensa til ei prioritering av unge bønder under 35 år. Dette blir endra til prioritering av nye bønder. Forsøket skal evaluerast til jordbruksoppgjeret 2019.

Forsking og utvikling

Partane er samde om at avsetjinga til forsking blir auka med 10 mill. kroner til 65 mill. kroner i 2019.

Midlar til forsking og utvikling over jordbruksavtalen har som formål å støtte utvikling av ny kunnskap og teknologi i landbruks- og matsektoren. Forsking av høg kvalitet og med relevans for næringsliv i sektoren skal bidra til auka matproduksjon og trygg mat og til berekraft og konkurranseevne i sektoren. Styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen skal ved utlysing og tildeling ta omsyn til behovet for kunnskap om reduserte utslepp av klimagassar frå jordbruket og auka lagring av karbon i jord og skog. Vidare skal prosjekt som bidreg til oppfølging av regjeringa sin strategi for bioøkonomi prioriterast. Det skal leggjast mindre vekt på internasjonal relevans for prosjekt som blir finansierte med JA-midlar. Vi viser vidare til kap. 7.2 i Prop. 94 S (2017–2018) og behovet for ein heilskapleg innsats for utvikling av miljø- og klimavennleg teknologi. Styret prioriterer nærare innanfor desse områda.

For å sikre tilstrekkeleg kunnskap om miljø, klima og dyrevelferd, må fullfinansiering av forskingsprosjekt innanfor desse områda vurderast i større grad. Vidare skal deltaking i det norsk-svenske samarbeidet innan hesteforsking førast vidare. Det skal avsetjast 3 mill. kroner årleg til eit femårig forskingsprosjekt for å styrkje kunnskapsgrunnlaget innan skog og klima.

Minst 5 mill. kroner av avsetjinga skal disponerast under posten til utgreiingar. Utgreiingar som er knytte til teknologiutvikling som kan gi reduserte klimautslepp og auka konkurransekraft skal prioriterast. Følgjande tema bør greiast ut til jordbruksoppgjeret 2019:

  • økonomiske og miljømessige gevinstar ved presisjonsjordbruk

  • moglegheiter for auka binding av karbon i jord

  • korleis tilbodet frå ulike husdyrproduksjonar varierer med endringar i prisar og tilskott, medrekna ulik vekting av produksjonsavhengige og produksjonsnøytrale tilskottsordningar

Utgreiingsmidlane skal lysast ut på ordinær måte.

Matmerk

Stiftinga Matmerk har som formål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferanse for norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetssikring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav overfor matprodusentar, handelsnæringa og forbrukarane. Stiftinga har som oppgåve å administrere og utvikle vidare Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet, generisk informasjon om økologisk mat, og å drifte databasen lokalmat.no. Stiftinga skal også bidra til profilering og marknadstilgang for norske matspesialitetar og drifte den nasjonale nettstaden for Inn på tunet. Frå 2019 blir oppgåva med å forvalte KIL-midlar overført frå Matmerk til Landbruksdirektoratet.

I samband med eit oppgradert KSL-system er det behov for eit nasjonalt opplæringsprogram for bønder, skolar og rådgivarar for å sikre god kunnskap og bruk av systemet. Matmerk har peika på eit stort behov for å auke revisjonsfrekvensen i KSL, særleg innanfor risikobaserte produksjonar.

Matmerk har ansvaret for godkjenningsordninga for Inn på tunet. For 2019 er det planlagt gjennomført om lag 300 ny-/regodkjenningar. Vidare er det behov for vidareutvikling av standardar. Som ei oppfølging av handlingsplanen for Inn på tunet skal også rettleiande materiell for Inn på tunet innanfor psykisk helse og rusomsorg ferdigstillast i 2019.

Lokalmat.no har etter kvart utvikla seg til å bli ein viktig kanal for både kjøparar og seljarar av lokalmatprodukt. Det er behov for å vidareutvikle og forbetre databasen ytterlegare, spesielt med tanke på forenkling og auka nytteverdi for lokalmatprodusentane. Dette må skje med utgangspunkt i råd og føringar frå styringsgruppa som er etablert for arbeidet.

Det er eit mål å auke den samla omsetnaden av lokalmat frå alle salskanalar til 10 mrd. kroner innan 2025. Dagens salsmålingar omfattar sal via dagligvarehandelen. HoReCa-marknaden er ein viktig omsetnadskanal for lokalmatprodukt som det óg er viktig å inkludere i målingane for å få eit meir korrekt inntrykk av utviklinga på området.

Matmerk forvaltar fleire merkeordningar for norsk mat. Auka verdiskaping i landbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske matspesialitetar og merkebrukarar er mellom anna vektlagd i regjeringa sin strategi for landbruks- og reindriftsbasert reiseliv. Det er óg starta eit arbeid med å utvikle matnasjonen Noreg, der merkeordningane kan spele ei viktig rolle.

Basert på dette er partane samde om å auke den samla avsetjinga til Matmerk for 2019 med 8 mill. kroner til 63 mill. kroner.

Utviklingsprogrammet

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping skal skape vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, medrekna jakt- og fisketurisme, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og andre landbruksbaserte næringar som er baserte på landbruksressursar. Programmet blir forvalta av Innovasjon Noreg, og er eit sentralt verkemiddel for å nå målsetjingane i landbrukspolitikken og særleg Meld. St. 31 (2014–2015) om vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar. Regjeringa sin strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak og ambisjonen om 10 mrd. kroner i samla omsetnad av lokalmat og -drikke frå alle marknadskanalar innan 2025 gir også føringar for Utviklingsprogrammet. Tiltaka over programmet skal også bidra til å realisere matnasjonen Noreg.

Programmet tilbyr tilpassa kompetansetiltak til bedrifter, finansiering til bedrifter som ønskjer å vekse, og støtte til etablering av forpliktande produsentnettverk. Programmet gir også støtte til omdømmetiltak for å byggje stoltheit og auke kompetansen i næringa, i tillegg til å auke kunnskapen om dei ulike områda som programmet dekkjer, både hos forbrukarar, i marknaden og i samfunnet generelt. Fleire regionar er i gang med strategiar og handlingsplanar innan mat og reiseliv, noko som vil gjere det mogleg å bidra til ei vidare utvikling av sterke mat- og reiselivsregionar, i tråd med måla i reiselivsstrategien.

Auka verdiskaping basert på haustbare viltressursar

Ansvaret for forvaltning av haustbare viltressursar blei i 2018 overført frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet, jf. kgl. res av 27. april 2018. Noreg har lange og sterke tradisjonar for hausting av overskott frå naturen mellom anna ved jakt og fangst. Rekruttering av nye, kompetente jegerar er viktig for at grunneigarane skal kunne hente inntekter frå jakt og for kva omdømme jakta har i samfunnet. Det ligg eit vesentleg potensial for auka verdiskaping gjennom ei berekraftig og meir aktiv forvaltning av dei haustbare viltressursane. Dette kan vere tiltak og aktivitetar som omfattar mellom anna etablering og vidareutvikling av jaktprodukt med ulik tilretteleggingsgrad, i tillegg til foredling og omsetnad av viltkjøtt.

For å få til ei heilskapleg satsing på næringsutvikling basert på haustbare viltressursar, er det sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide ein handlingsplan. Arbeidsgruppa skal bestå av avtalepartane, samt representantar frå skogbruksorganisasjonane og Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Den samla avsetjinga til Utviklingsprogrammet aukar med 3,5 mill. kroner til 106 mill. kroner for 2019. Tiltak som bidreg til fleire vekstbedrifter og oppfølging av reiselivsstrategien skal prioriterast, medrekna tiltak som bidreg til næringsutvikling og verdiskaping basert på haustbare viltressursar og andre utmarksressursar.

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

Ein auke i produksjonen av biobrensel og leveransar av biovarme frå landbruket aukar verdiskapinga, og bidreg til å nå måla i klima- og energipolitikken.

Frå 2017 opna Innovasjon Noreg for å gi investeringsstøtte til anlegg som kombinerer biovarmeproduksjon med straumproduksjon frå solceller. Kombinerte el-/varmeanlegg basert på biobrensel, sokalla CHP-anlegg kan også få støtte. Her blir det stilt dei same krava til lønsemd som for reine bioenergianlegg. Slike løysingar gjer det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi. Bioenergi er framleis hovudprioriteringa i satsinga. Eit anna utviklingsområde er produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi. Dette kan vere spesielt interessant som eit klimatiltak, gjennom binding og lagring av karbon i jord. Utviklinga av gardsbaserte biogassanlegg er også eit prioritert område innanfor programmet og den nasjonale klimapolitikken.

Målområdet for programmet blir i 2019 utvida til å omfatte utviklings- og utprøvingsprosjekt innan klima, miljø og energi på gardsnivå. Formålet er å teste ut ny produksjonsteknologi og nye løysingar på gardsnivå som skal bidra til reduserte klimagassutslepp og auka konkurransekraft for næringa. Her vil det mellom anna vere viktig å kople leverandørindustrien og bøndene for utvikling av teknologi og løysingar som enno ikkje er «hyllevare».

Norsk Gartnerforbund (NGF) har gjennom tre prosjekt for energirådgiving, som er finansierte over jordbruksavtalen og delvis over dette programmet, oppnådd svært gode resultat. Det er framleis eit stort behov og potensial for energirådgiving for meir klimavennleg og energieffektiv produksjon av norske mat- og prydplanter i veksthus. Det er også eit vesentleg potensial for utvikling av moderne teknologi i veksthus og kjølelager som kan bidra til effektiv og stor produksjon med utvida sesong og moglegheiter for større volum av norske produkt i marknaden. Det er viktig at grøntproduksjonen framover får lågare klimagassutslepp, ein utvida norsk sesong og mindre svinn i produksjonen.

Med utvidinga av formålet for programmet til å omfatte teknologiutvikling i landbruket, endra programmet namn til Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Avsetjinga til programmet blir auka med 10 mill. kroner til 77 mill. kroner for 2019.

Skogbruk

Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst, og Stortingshandsaminga av ho, er retningsgivande for regjeringa sin politikk for skog- og trenæringa. Skogressursane er viktige for sysselsetjing og verdiskaping i Noreg, og som kjelde til fornybar energi og trematerialar som erstattar meir klimabelastande byggjemateriale. For å bidra til auka verdiskaping i heile verdikjeda, vil regjeringa leggje til rette for auka avverking innanfor berekraftige rammer, dersom det er etterspørsel etter det i marknadane. Samstundes stimulerer regjeringa til auka etterspørsel gjennom å arbeide for bruk av tre i ulike produkt og gjennom opptrappingsplanen for bruk av biodrivstoff. Regjeringa vil styrkje miljøomsyna i skogbruket ved å bruke verkemidla i naturmangfaldlova, og verkemidla i skogbruket, som miljøregistreringar, kunnskapsutvikling og Norsk PEFC Skogstandard, slik at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som det biologiske mangfaldet blir teke vare på. Med bakgrunn i at hogsten har auka dei siste åra, aukar også behovet for planting og ungskogpleie.

Eit godt fungerande skogsvegnett er avgjerande for eit lønsamt skogbruk. Det er framleis behov for å byggje nye skogsvegar og for å heve standarden på gamle vegar for å leggje til rette for ein rasjonell og kostnadseffektiv transport. Veginvesteringane bidreg også til å gjere skogsvegnettet meir robust med tanke på klimaendringar og klimarelaterte skadar.

Eit berekraftig skogbruk krev eit godt kunnskapsgrunnlag for mellom anna å sikre balanse mellom næringsverksemda og varetaking av viktige miljøverdiar. Viktige kjelder er Landsskogtakseringa, Kilden (Skogportalen), Askeladden (kulturminne) og Naturbase. Skogeigarane har ansvar for å følgje opp forynging og ta vare på nøkkelbiotopar, i tillegg til friluftsliv og kulturminneverdiar. Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar står sentralt i miljøarbeidet i skogbruket. Gjennom skogbruksplanen kan skogeigarane sjølve vurdere balansen mellom bruk og vern i sine prioriteringar. Ei langsiktig forvaltning av skogressursane krev god kunnskap om skogressursar og miljøverdiar for å gjere dei rette vurderingane både på kort og lang sikt, og avvegingar mellom bruk og vern. Fordi skogbruksplanprosjekta går over fleire år varierer både arealtal og utbetalingar frå år til år. Med bakgrunn i behovet for tilskottsmidlar som fylkesmennene melder inn, er det grunn til å tru at kartleggingsaktiviteten vil auke framover.

Tilskott til miljøtiltak i skogbruket skal sikre at miljøverdiar knytte til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tekne vare på og utvikla vidare. Til dømes kan midlane gå til skjøtsel av nøkkelbiotopar og til å fjerne framande artar. Tiltaka skal gjennomførast i tråd med forskrift om næringsutvikling og miljøtiltak i skogbruket. Kompetansehevande tiltak står sentralt i gjennomføringa av skogpolitikken. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein viktig aktør, som rettar seg mot både offentleg forvaltning og det private rettleiingsapparatet, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet. Jamleg kompetanseheving er ein føresetnad for at det skal vere mogleg for skogeigarane sjølve å leggje til rette for auka verdiskaping med basis i ressursane på eigedommen.

Avsetjinga til skogbruk aukar med 20 mill. kroner til 242 mill. kroner for 2019. Av dette skal 8 mill. kroner nyttast til miljøtiltak i skogbruket. Det er ein auke på 5 mill. kroner frå 2018. Fordelinga mellom dei ulike verkemidla vil bli gjord etter drøftingar mellom avtalepartane. Næringsorganisasjonane i skogbruket vil også bli inviterte til å delta.

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift blir forvalta av Fylkesmannen i Trøndelag og blir hovudsakleg nytta til gjerdebygging, men óg til ekstraordinære tiltak for gjeting, fôring og beiteundersøkingar. Partane er samde om å auke avsetjinga for 2019 med 0,5 mill. kroner til 2 mill. kroner. Auken skal øyremerkjast prosjektet «Fremtidsrettet reindrift og jordbruk i områder med arealkonflikter i Hedmark og Trøndelag», jf. avtale om dette i årets reindriftsforhandlingar. Prosjekteigaren for prosjektet blir Fylkesmannen i Hedmark. Den total avsetjinga er på nivå med den tilsvarande avsetjinga over reindriftsavtalen. Arbeidet med å gjere ordninga kjend i aktuelle område, må vidareførast.

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde kulturlandskapet ved like og til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket, som utslepp til luft og vatn. Fleire av miljøordningane bidreg òg til betre agronomi og vil ha positiv innverknad på jordbruksproduksjonen.

Miljø- og klimavennleg matproduksjon

Over jordbruksavtalen er det fleire økonomiske verkemiddel som skal stimulere til redusert avrenning til vassdrag og kyst, til dømes blir det gitt tilskott for at areal med korn og vassdragsnære areal ikkje blir jordarbeidde om hausten. Gjennom arbeidet med vassforvaltningsplanane i tråd med EUs rammedirektiv for vatn og vassforskrifta har internasjonale mål for vassmiljø i seinare tid blitt konkretiserte ned til dei enkelte vassområda og vassførekomstane. Dei første vassforvaltningsplanane blei godkjende av Klima- og miljødepartementet i juli 2016, og tiltak skal vere sette i gang innan utgangen av 2018. Gjennom dette arbeidet har det komme fram behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i dei utsette vassområda som er prega av jordbruk.

Stortinget var i handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) tydeleg på at sektoransvaret for miljøtiltak i jordbruket førast vidare gjennom miljøprogramsatsinga.

Klimagassutsleppa frå jordbruket utgjorde 8,4 pst. av dei samla utsleppa i 2016. Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa som blir krediterte jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen kjem frå metan frå naturlege prosessar i fordøyinga hos husdyr som storfe og sau og lystgass frå husdyrgjødsel. Dei biologiske prosessane i landbruket kan ikkje erstattast på same måte som prosessar som er baserte på ikkje-fornybare råstoff og produksjonssystem basert på fossile kjelder. Klimautfordringane i jordbruket blei grundig handsama både i rapporten Landbruk og klimaendringer, som blei levert til jordbruksoppgjeret 2016, og i Meld. St. 11 (2016–2017), med stortingshandsaminga i Innst. 251 S (2016–2017).

Noreg har ratifisert Parisavtalen og arbeider no for å innfri forpliktinga om å redusere dei nasjonale klimagassutsleppa gjennom ei felles gjennomføring med EU i perioden 2021–2030. Klimalova tredde i kraft 1.1.2018. I lys av 2030-forpliktinga skal jordbruket bidra med sin del for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket, og jordbrukspolitikken skal gå i ei meir klimavennleg retning, jf. Meld. St. 11 (2016–2017), og Meld. St. 41 (2016–2017) og handsaminga av desse meldingane i Stortinget.

Hovuddelen av metanutsleppa kjem frå fordøyingssystemet hos dyra, særleg drøvtyggjarane. Resten kjem frå lagring av husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av meir effektiv mjølkeproduksjon, og redusert bruk av gjødsel er hovudårsakene til nedgangen i utslepp frå jordbruket frå 1990. Ifølgje Geno har arbeid med avl bidrege til at klimagassutsleppa frå mjølkekyr er reduserte med 10 pst. per produsert eining frå 1980 til i dag. Trass i auka produksjon har endringar i jordbruket bidrege til at forbrenningsutsleppa i jordbruket er reduserte med 30 pst. sidan 1990, av det er 15 pst. frå bruk av traktorar og andre reiskapar. Ammoniakkutsleppa til luft ligg framleis over grensa som Noreg har forplikta seg til internasjonalt gjennom Gøteborgprotokollen og EØS-avtalen. Det er stor uvisse om berekningane av utsleppa frå jordbruket. Klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren blir berekna med metodikk etter råd frå FNs klimapanel (IPCC).

Teknisk berekningsutval for klimagassutslepp frå jordbruket som skal gi råd om korleis ein kan forbetre metodikken for jordbruket i utsleppsrekneskapen, er no sett i drift. Utvalet skal avslutte arbeidet sitt innan 1.7.2019.

Utvikling av kunnskapsgrunnlaget for å få betre kunnskap om verknader, kostnader og konsekvensar av eksisterande og moglege nye tiltak må prioriterast høgt framover. Det må òg gjennomførast tiltak i jordbruket som bokførast i andre sektorar enn jordbruk i den norske utsleppsrekneskapen, til dømes å redusere forbruket av energi innan transport og bygg. Det er òg viktig med meir kunnskap om korleis det norske jordbruket kan tilpasse seg eit klima i endring.

Klimasmart landbruk

Prosjektet Klimasmart Landbruk blei etablert i 2017 med formålet å redusere klimaavtrykket frå norsk landbruk ved å sikre betre informasjon om og gode verktøy for klimasmart drift på norske gardsbruk. Klimasmart Landbruk er eigd og blir drifta av Landbrukets Klimaselskap SA som er stifta av Norges Bondelag, Norsk Landbruksrådgiving, Tine, Nortura og Felleskjøpet Agri. Etter kvart har fleire andre sentrale bedrifter og aktørar innan landbruket gått inn i selskapet.

Klimasmart Landbruk skal utvikle eit nytt system og verktøy for å berekne klimaavtrykk og registrere klimakutt tilpassa kvart enkelt gardsbruk, med omsyn både til produksjon og storleik. Målet er òg at grunnlagsdata som blir fanga opp gjennom dette systemet, på sikt skal kunne bidra til betre berekningsmetodar for rapportering i følgje Paris-avtalen.

Arbeidet med innsamling av data for å utvikle ein klimakalkulator for landbruket er i gang. I første omgang er utviklingsarbeidet retta inn mot mjølkekuproduksjonen og jord/plantedata. Utviklingsperioden held fram ut 2019, då ein vil få på plass klimakalkulatorar og rådgiving om alle typar produksjonar i norsk landbruk.

Det er sett av 20 mill. kroner over statsbudsjettet til prosjektet for 2017 og 2018. Det er i tillegg gitt midlar til prosjektet over Klima- og miljøprogrammet (LUF) i 2018. Partane i jordbruksoppgjeret blei samde om å setje av 20 mill. kroner til Klimasmart Landbruk over LUF for 2019.

Utviklingsperioden for prosjektet går ut 2019. Det er ei føresetnad at Klimasmart Landbruk går over i ein driftsfase frå 2020. Partane blei samde om at Klimasmart Landbruk skal leggje frem ein plan for overgangen frå utviklingsfase til driftsfase, der òg planar for framtidig finansiering går fram. Planen skal sendast til avtalepartane innan 31.12.2018.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Formålet med SMIL-ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket. Tiltaka som bidreg til å redusere forureining under SMIL-ordninga, kan òg bidra til betre agronomisk driftspraksis og tilpassing til klimaendringar. I jordbruksoppgjeret 2018 blei det sett av 115 mill. kroner for 2019, noko som er ein auke på 20 mill. kroner. Hydrotekniske tiltak skal prioriterast der er stort behov.

Tilskott til drenering av jordbruksjord

Godt drenert jordbruksjord er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Avsetjinga på 95 mill. kroner blir ført vidare i 2019. Mellom anna av omsyn til vassmiljøutfordringar skal areala med korn, grønsaker og poteter framleis prioriterast ved fordeling av midlar.

Investeringsstøtte til tiltak i beiteområde (organisert beitebruk)

Ordninga stimulerer til effektivt samarbeid mellom dyreeigarar og til realisering av nødvendig infrastruktur for næringsutvikling i husdyrproduksjonar basert på utmarksbeiteressursene Avsetjinga aukar med 5 mill. kroner til 18 mill. kroner i 2019. Auken skal prioriterast til investeringar i teknologi. 3 mill. kroner av avsetjinga skal øyremerkjast tiltaka for beitenæringa som følgje av nedkjemping av skrantesjuke (CWD).

Klima- og miljøprogrammet

Avsetjinga til Klima- og miljøprogrammet er ført vidare med 20 mill. kroner for 2019. Prosjekt som bidreg til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om klimautfordringar og teknologisatsing i jordbruket skal prioriterast.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan

Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan er sektorovergripande satsingar som skal ta vare på verdifulle jordbrukslandskap i Noreg. Utvalde kulturlandskap i jordbruket består no av 41 område, som er eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap over heile landet. Aktiv landbruksdrift er nødvendig for å vareta kulturlandskapsverdiane i begge satsingane. Avsetjinga til ordningane blir auka med høvesvis 3 mill. kroner til Utvalde kulturlandskap i jordbruket for å følgje opp iverksetjinga av dei nye områda, og 2 mill. kroner til verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan i 2019. Samla avsetjing blir 18,5 mill. kroner i 2019. Midlane til verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap i jordbruket må sjåast i samanheng med midlar på budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Biogass

Forskrift om tilskudd for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blei sett i verk i desember 2014. Handsaming av husdyrgjødsel i biogassanlegg reduserer metanutsleppa. Interessa for ordninga aukar, og det er difor sett av 3 mill. kroner i 2019. Ordninga skal evaluerast til jordbruksoppgjeret 2019.

Tilskott til utsiktsrydding i kulturlandskap knytt til landbruket

Attgroing av kulturlandskapet og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Noreg. Attgroing er ei ulempe for landbruket, og vil svekkje grunnlaget for mellom anna reiselivet, som er ei næring i vekst. I jordbruksoppgjeret 2015 blei det vedteke å etablere ei ny tilskottsordning med formål å bidra til utsyn og fremje verdiar knytte til kulturlandskapet i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre- og Romsdal frå 2016. Ordninga skulle òg gi ein klimagevinst ved at rydningsvirket kan nyttast til bioenergiformål der dette er mogleg. Fordi iverksetjinga av ordninga var forseinka, er det ikkje nødvendig å setje av midlar til ordninga i 2019.

Utviklingstiltak for økologisk jordbruk

Avsetjinga til utviklingstiltak blir ført vidare med 31 mill. kroner i 2019. Føregangsfylkesatsinga blir ikkje ført vidare i ein ny prosjektperiode. Kunnskap og kompetanse frå denne satsinga skal vidareformidlast og byggjast vidare på i arbeidet med økologisk jordbruk framover. Stortinget har slutta seg til Nasjonal strategi for økologisk jordbruk, og strategien blir følgd opp i 2019.

Post 70 Marknadsregulering, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70.11

Avsetjingstiltak

24 400

24 400

27 400

70.12

Tilskott til råvareprisutjamningsordninga m.m.

246 058

255 409

236 662

70.13

Tilskott til potetsprit og potetstivelse

38 180

38 000

38 000

Sum post 70

308 638

317 809

302 062

Underpost 70.11 Avsetjingstiltak

Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetnad for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens dei blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar. Partane er samde om ei auka løyving på 3,0 mill. kroner som skal nyttast innan frukt- og grønt sektoren.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 27,4 mill. kroner i 2019.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningsordninga

Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksporterte. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.

Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje i løpet av kort tid. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar òg løyvingsbehovet. I 2017 var det relativt låge verdsmarknadsprisar, og det blei betalt ut 246,1 mill. kroner over ordningane.

Prognosane for 2019 viser stigande priser på verdsmarknaden, mens jordbruksoppgjeret aukar løyvingsbehovet noko. Den samla verknaden av endringar i prisar som følgje av jordbruksoppgjeret og utviklinga på verdsmarknaden, reduserer løyvingsbehovet med 18,7 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 236,7 mill. kroner i 2019.

Underpost 70.13 Tilskott til potetsprit og potetstivelse

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetjing av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 38,0 mill. kroner til ordninga i 2019.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som er forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Posten omfattar ordningane med erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon og erstatning ved svikt i honningproduksjon.

Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen, jf. kap. 1142, post 73.

Rapportering 2017

I både 2016 og 2017 var det relativt lite avlingsskadar som følgje av klimatiske faktorar. Dei samla utbetalingane over ordninga i 2017 var på 32,7 mill. kroner mot om lag 43 mill. kroner i eit normalår.

Budsjettframlegg 2019

I 2018 har det vore ein meir langvarig tørke- og varmeperiode enn på svært lenge. Dette har gitt omfattande avlingsskadar i fleire produksjonar, og særleg kritisk har det vore å skaffe nok grovfôr. Det har vore sett i verk ei rekkje tiltak for skaffe nok grovfôr til husdyra, men også i nabolanda våre har tørken gitt reduserte avlingar. Difor har mykje av løysinga blitt auka fôring med halm og meir bruk av kraftfôr. Det er anslått at det vil komme om lag 12 000 søknadar om erstatning for avlingsskade hausten 2018, og at dei samla erstatningane for 2018 kan bli om lag 1 100 mill. kroner.

Då mange bønder også har kome i en vanskeleg økonomisk situasjon som følgje av tørken og høge kostnader til innkjøp av grovfôr, har staten gjennomført tilleggsforhandlingar med jordbruket med ekstraordinære tiltak innanfor ei ramme på 525 mill. kroner. Det er lagt stor vekt på at dette er ein ekstraordinær situasjon der det er viktig at bøndene får den økonomiske støtta raskt. Det er difor lagt til grunn at både dei ordinære erstatningssakene og dei ekstraordinære tiltaka blir betalte ut i 2018. Departementet legg dirfor til grunn at utbetalingane over erstatningsordningane i 2019 blir i samsvar med eit normalt år.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 43 mill. kroner i 2019.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

73.11

Tilskott til norsk ull

132 489

140 000

134 000

73.13

Pristilskott mjølk

596 776

619 800

666 000

73.15

Pristilskott kjøtt

1 511 761

1 474 400

1 452 260

73.16

Distriktstilskott egg

3 670

3 508

3 335

73.17

Distriktstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet

95 804

103 800

123 500

73.18

Frakttilskott

362 643

362 096

361 450

73.19

Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

745 804

696 000

779 100

73.20

Tilskott matkorn

72 874

83 600

91 400

Sum post 73

3 521 820

3 483 204

3 611 045

Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull

Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til å betre kvaliteten på norsk ull og sikre avsetnad i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

I jordbruksoppgjeret blei ordninga vidareført med uendra satsar, men prognosane viser ein nedgang i volumet som gir grunnlag for ein reduksjon i løyvinga på 7,3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 134,0 mill. kroner for 2019.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitemjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet ved lag gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.

Distriktstilskottet blir gitt med ni ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskottet varierer frå null og opp til 180 øre per liter.

Som ledd i tiltaka for å betre økonomien i område med driftsvanskar blei distriktstilskottet for mjølk auka med 6 øre/liter i sone D, E og F. I sone G-J blei satsen auka med 2 øre/liter. Dei auka satsane utgjer 56 mill. kroner, men volumprognosen gir noko reduksjon. Til saman aukar løyvingsbehovet i 2019 med 46,2 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 666,0 mill. kroner til pristilskott for mjølk i 2019. Løyvinga er fordelt med 70,0 mill. kroner til grunntilskott for geitemjølk og 596,0 mill. kroner i distriktstilskott for all mjølk.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for heile slakt av lam og kje.

Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling som bidreg til å oppretthalde busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet.

Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.

Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

I 2016 blei tilskott til slakt av lam og kje lagt om frå å bli forvalta saman med produksjonstilskotta til å bli utbetalt via slakteria saman med slakteoppgjera. I dette året blei halvparten av tilskottet framleis utbetalt med bakgrunn i søknad om produksjonstilskott basert på talet på slakt levert året før. Frå 2017 blir heile tilskottet utbetalt på grunnlag av talet på slakt levert same året. I samband med dette har denne løyvinga blitt flytta frå post 74 til post 73 fordelt på åra 2016 og 2017.

I jordbruksoppgjeret blei satsen for kvalitetstilskott til lammeslakt redusert frå 500 kroner til 450 kroner per slakt. For kvalitetstilskottet til storfekjøtt blei ikkje gjort satsendringar, men for å sikre at volumet ikkje går ut over forpliktinga Noreg har i WTO-regelverket, var partane samde om å trekkje slaktekategorien «okse» ut av tilskottsgrunnlaget.

Som ledd i den auka prioriteringa av produksjonsområde med driftsvanskar blei satsane i distriktstilskott for kjøtt av storfe, sau og geit auka i sone 2–5.

Volumprognosen viser framleis ein auke i produksjonen, men noko mindre enn dei seinaste åra. Verknaden på desse tilskotta frå 2018 til 2019 er berekna til 13,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 452,3 mill. kroner i 2019. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 95,0 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 247,7 mill. kroner, distriktstilskottet 654,4 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 455,2 mill. kroner.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet unnateke Rogaland. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret, mens det er prognosert ein volumnedgang tilsvarande 0,17 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,3 mill. kroner i 2019.

Underpost 73.17 Distriktstilskott frukt, bær, grønsaker og potet

Formålet med ordningane er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.

Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær. I tillegg blir det gitt eit tilskott for all pressfrukt og til produksjon av matpotet i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til veksthusproduksjonane tomat og slangeagurk og til salatproduksjon.

Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott til areal- og kulturlandskap.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskott for frukt og bær auka tilsvarande 12,1 mill. kroner. Den største auken blei gitt til sone 5 som mellom anna omfattar fylka på Vestlandet. For grønsaker blei satsane auka tilsvarande 1,8 mill. kroner og for potet i Nord-Noreg med 0,3 mill. kroner. Volumprognosen aukar løyvingsbehovet med 5,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 123,5 mill. kroner i 2019, som gir ein auke på 19 pst. samanlikna med året før.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Ordninga omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i tilskotta til frakt. Volumprognosen viser ein nedgang på om lag 0,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 361,5 mill. kroner i 2019, fordelt med 134,0 mill. kroner til kjøtt, 8,1 mill. kroner til egg og 220,0 mill. kroner til korn og kraftfôr.

Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn

Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetnad av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga, og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsetnaden av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar til økologisk produksjon.

I jordbruksoppgjeret blei målprisane auka med 10 øre/kg for matkorn og 8 øre/kg for fôrkorn. Prisnedskrivingstilskottet til norsk korn blei auka med 3,7 øre/kg. Referanseprisen på protein blei auka tilsvarande. Den regulerer tollsatsen ved import til kraftfôr og prisutjamningsbeløpet på norsk protein, som til dømes soya som er importert tollfritt til matproduksjon.

Det er lagt til grunn at verdsmarknadsprisane på protein vil halde seg så høge at auka referansepris på protein ikkje vil påverke råvarekostnaden til kraftfôr i 2019. Det er etter dette berekna ein auke i råvareprisane til kraftfôr på 3,0 øre/kg.

Satsauken i jordbruksoppgjeret krev ei auka løyving på 45,1 mill. kroner. Tørken i 2018 har gitt kornavlingar langt under det normale i 2018. Normalt blir om lag 30 prosent av kornavlinga lagra over til neste år. På dette tidspunkt er det usikkert kor mykje av avlinga i 2018 som blir levert i 2019. Departementet har valt å prognosere slik at dette ikkje verkar inn på levert kornvolum i 2019.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 779,1 mill. kroner for 2019.

Underpost 73.20 Tilskott matkorn

Formålet med ordninga er å gi grunnlag for ein rekningssvarande pris på norsk matkorn og samstundes halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer samanlikna med import. Tilskottet blir gitt til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av norskprodusert matkorn. Tollsatsen på import av matkorn blir administrert ned til det same nivået som prisen på norsk matkorn minus prisnedskriving.

I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 6,3 øre/kg, tilsvarande 7,8 mill. kroner. Dette vil isolert sett gi uendra råvarekostnad på korn for matmjølbransjen.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 91,4 mill. kroner i 2019.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

74.11

Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

1 374 664

1 569 200

1 601 600

74.14

Tilskott til husdyr

2 193 714

2 279 010

2 442 800

74.16

Beitetilskott

852 017

916 500

917 200

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 008 784

3 047 400

3 447 500

74.19

Regionale miljøprogram

419 716

435 537

493 159

74.20

Tilskott til økologisk landbruk

108 893

113 600

121 900

Sum post 74

7 957 788

8 361 247

9 024 159

Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon

Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å stimulere til produksjon av storfekjøtt av høg kvalitet.

Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har fem kyr eller meir. I jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 5 000 kroner per føretak i sone 5, 6 og 7, mens tilskottet til føretak med geitemjølk blei auka med 15 000 kroner per føretak.

For driftstilskottet til spesialisert ammekuproduksjon blei satsen auka med 400 kroner per ku opp til 16 000 kroner per føretak med meir enn 40 kyr i sone 5–7.

Satsaukingane gir ein auke i løyvinga på 29,0 mill. kroner til mjølkeproduksjon og 17,3 mill. kroner til spesialisert kjøttproduksjon. Ein reduksjon i talet på føretak med mjølkeproduksjon gir ei innsparing på posten med 18,2 mill. kroner, sjølv om talet på føretak med ammekyr aukar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 601,6 mill. kroner for 2019 fordelt med 315,3 mill. kroner til kjøttproduksjon og 1 286,3 mill. kroner til mjølkeproduksjon.

Underpost 74.14 Tilskott til husdyr

Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg støtte birøkt og genbevaring av gamle husdyrrasar.

Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir avtrappa med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei det også innført ei ny delordning med tilskott til «små og mellomstore» mjølkebruk med ein sats på 1 400 kroner per ku for bruk med 6–23 kyr. For føretak med meir enn 23 kyr blir det gjort eit frådrag på 1 150 kroner per ku slik at tilskottet blir null for bruk med meir enn 50 kyr. Partane har lagt til grunn ei løyving på 145,5 mill. kroner til denne delen av ordninga.

Partane endra også inndelinga på tilskott for mjølkekyr slik at satsintervalla no er ved 15, 30 og 50 kyr, og det blei gitt auka satsar for gruppa 15–30 kyr. Ut over dette ga partane ein auke i satsane for birøkt og hjort.

I jordbruksoppgjeret blei det også gitt ein auke i satsane for genbevaring tilsvarande 2,8 mill. kroner.

Den samla verknaden av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet, er ein auke i løyvinga på 163,8 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 442,8 mill. kroner i 2019.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå ei god utnytting av utmarksbeiteressursane.

Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til utmarksbeite auka med 50 kroner for kyr, storfe og hest, mens det blei auka med 10 kroner per dyr for sau, lam og kje. For det generelle tilskottet til alt beite blei satsen auka med 10 kroner per dyr for storfe m.m. mens den blei uendra for småfe. Satsendringane gir ei auka løyving tilsvarande 46,3 mill. kroner, mens prognosen for 2019 gir om lag same reduksjon i løyvinga.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 917,2 mill. kroner i 2019, som fordeler seg med 573,3 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 343,9 mill. kroner i generelt beitetilskott.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og må kunne dokumentere oppfølging av miljøkrav knytt til produksjonen for å oppnå maksimalt tilskott.

Ordninga er sett saman av eit kulturlandskapstilskott med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som oppfyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensierte ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, og mellom distrikta.

I jordbruksoppgjeret blei satsen i kulturlandskapstilskottet til alt dyrka areal auka med 7 kroner per dekar til 162 kroner. Det gir ei auka løyving på 137 mill. kroner.

I jordbruksoppgjeret blei dei områda av landet som har størst del areal med driftsvanskar prioritert. I samband med dette blei sone 5 for arealtilskott grovfôr delt opp i sone 5A og sone 5B. Sone 5B omfattar Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, og dei delane av Rogaland som har sone 5 i dag, mens 5A er resten av sone 5. Tilskottet blei auka med 63 kroner per dekar i sone 5A og om lag halvparten i sone 5A og i sone 6 og 7. Samla gav dette ei auka løyving på 170,6 mill. kroner.

For å stimulere norsk kornproduksjon og den geografiske produksjonsfordelinga blei arealtilskottet til kornproduksjon auka med 33 kroner per dekar i sone 1 til 4. Dette gir ein auke i arealtilskottet til kornproduksjon på 92,6 mill. kroner.

Arealtilskottet til potetproduksjon blei auka med 98 kroner/dekar, til grønsakproduksjon, med 200 kroner/dekar, til fruktproduksjon med 500 kroner/dekar og til bærproduksjon med 300 kroner per dekar.

Samla ga auka arealtilskott til potet og grønt ei auka løyving på 42,6 mill. kroner.

Tilpassing av løyvinga til den gjeldande arealfordelinga krev 10,0 mill. kroner, og samla gir endringane ei auka løyving på 400,1 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 447,5 mill. kroner i 2019. Dette fordeler seg med om lag 1 393,4 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 2 054,1 mill. kroner i arealtilskott.

Underpost 74.19 Regionale miljøprogram

Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn gjennom eit regionalt og lokalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte.

Ordninga opnar for at fylka kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i deira eige område, og vil bidra til å hindre attgroing og stimulere til beiting og betre opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tyder på stor aktivitet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke, og dei regionale miljøprogramma bidreg til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak.

I Meld. St. 11 (2016–2017) blei det signalisert at RMP skal forenklast, mellom anna gjennom å utarbeide ei felles nasjonal RMP-forskrift. Dette er også omtalt i Prop. 141 S (2016–2017) om jordbruksoppgjeret 2017. Gjennomgangen av dei fylkesvise regelverka med sikte på harmonisering har synleggjort at dersom ei tilfredsstillande målretting av tiltaka skal bli vareteke, vil det i tillegg til nasjonalt fastsett regelverk, også vere behov for fylkesspesifikke avgrensingar og vilkår. For å unngå eit fragmentert regelverk, der reglane både følger av nasjonalt og regionalt regelverk, vil ein behalde dagens modell med regionale forskrifter. Det er likevel nødvendig å gi sentrale føringar for utforminga av dei regionale forskriftene. Landbruks- og matdepartementet føreslår difor at det blir utarbeidd ein instruks, heller enn ei forskrift, som skal gjelde for fylkesmannens utforming av dei regionale forskriftene. Forslaget om nasjonal RMP-instruks er no sendt på høyring av Landbruksdirektoratet.

I jordbruksoppgjeret var partane samde om å prioritere areal med driftsvanskar for å førebyggje attgroing gjennom å auke løyvinga med 50 pst. for dei fylka som har hatt ei slik ordning. Det blei også sett av midlar til dei andre fylka med unntak for Akershus, Vestfold og Østfold. Den samla auken i løyvinga til bratt areal i 2019 er på 30 mill. kroner.

Partane var også samde om å styrkje satsinga på seterdrift. Alle fylkesmannsembeta skal leggje til rette for tilskott på minst 50 000 kroner per seter, under føresetnad av produksjon av ku- eller geitemjølk for eiga foredling, eller levert til meieri. Produksjon på seter i 4–6 veker kan utløyse eit lågare tilskott. Dette gir ei auka avsetjing på 8,3 mill. kroner i 2019.

Det er ein føresetnad at tiltaket miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel med bruk av nedlegging eller nedfelling blir innlemma i alle dei regionale miljøprogramma. Tilskott til inga/utsett jordarbeiding gir rett til tilskott for areal i erosjonsrisikoklasse 1 og 2 i alle område. Den fylkesvise RMP-ramma for Trøndelag og Nordland blir auka med 0,5 mill. kroner, til saman 1 mill. kroner. Dette skal prioriterast til beiteareal for kortnebbgås og kvitkinngås. Samla auke i løyvinga for desse satsingane er 19 mill. kroner i 2019.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 493,1 mill. kroner i 2019.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk

Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen er økologisk produksjon. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for det ekstra arealtilskottet til økologisk produksjon av poteter, grønsaker, frukt og bær auka med 100 kroner per dekar, og til korn med 50 kroner per dekar. I tillegg blei det lagt opp til ei ordning med 150 kroner per dekar i tilskott for areal i første karensår.

På dei ekstra tilskotta til økologisk husdyrproduksjon blei satsen for mjølkeku auka med 200 kroner. Endringa i satsane til økologisk produksjon aukar løyvinga med 10,9 mill. kroner, mens volumtilpassinga reduserer løyvinga med 2,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 121,9 mill. kroner i 2019. Summen fordeler seg med 68,6 mill. kroner i husdyrtilskott og 53,3 mill. kroner i arealtilskott.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

80 344

82 300

88 700

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

18 126

15 720

18 720

77.13

Tilskott til rådgiving

84 500

88 500

93 500

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

49 922

56 360

49 360

77.17

Tilskott til fruktlager

13 000

14 000

14 000

Sum post 77

245 892

256 880

264 280

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.

Løyvinga skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

I jordbruksoppgjeret blei satsane til veterinærreiser auka tilsvarande 5,3 mill. kroner og til semintenester med 1,0 mill. kroner. For 2019 er det prognosert 25,6 mill. kroner i tilskott til semintenester, 48,8 mill. kroner til veterinærreiser og 14,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 88,7 mill. kroner for 2019.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det er tre typar tilskott under ordninga: pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.

Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sortar.

I jordbruksoppgjeret blei avsetjinga auka frå 12,0 til 15,0 mill. kroner knytt til auka volum. Avsetjinga til lagring av såkorn blei vidareført med 3,7 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 18,72 mill. kroner for 2019.

Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving

Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.

Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. NLR har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak, klimatiltak og HMS.

Prosjektet Klimarådgiving på gardsnivå er eit nytt, viktig arbeid som NLR er involvert i. I jordbruksoppgjeret var partane samde om å auke løyvinga til NLR med 5 mill. kroner. Av den samla løyvinga skal minst 14 mill. kroner nyttast til HMS-rådgiving og HMS-relaterte tiltak, og minst 5,5 mill. kroner skal gå til byggeteknisk rådgiving. Partane var også samde om at NLR får ei utvida rolle innan økologisk produksjon med å utvikle og koordinere faglege nettverk.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 93,5 mill. kroner for 2019.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for særskilde skadegjerarar, og med definerte eigenskapar som er tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet.

I jordbruksoppgjeret var partane samde om å auke avsetninga til handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmidlar frå 9,0 til 10,0 mill. kroner og at ordninga i budsjettet blir flytta til post 50 LUF.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 49,36 mill. kroner i 2019 som er fordelt på desse tilskottsordningane:

Framlegg for kap. 1150, underpost 77.15

Utvikling av plantemateriale, nordisk

2,4 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale, oppformering

12,5 mill. kroner

Utvikling av plantemateriale, Graminor

24,96 mill. kroner

Kvalitetstiltak settepotetavl

9,5 mill. kroner

Sum underpost 77.15

49,36 mill. kroner
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager

Formålet med tilskottet er å fremje samarbeid om lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,0 mill. kroner til ordninga i 2019.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

78.11

Tilskott til avløysing for ferie/fritid

1 133 744

1 147 000

1 176 600

78.12

Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

138 409

153 300

153 200

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

73 000

69 300

50 200

78.15

Tilskott til landbruksvikarordninga

60 893

63 000

65 891

78.16

Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

73 145

72 200

72 500

Sum post 78

1 479 191

1 504 800

1 518 391

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av leige av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak. Dei som søkjer om tilskottet skal kunne dokumentere faktiske kostnader til avløysing.

I jordbruksoppgjeret blei både maksimalt tilskott per føretak og satsane per dyr auka med 6 pst. Det nye taket er etter dette 78 700 kroner per føretak. Dette gir ei auka løyving på 66,6 mill. kroner, mens nedgangen i talet på føretak med husdyr gir ei innsparing på 37 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 176,6 mill. kroner for 2019.

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Finansieringa skal skje når brukaren på grunn av sjukdom eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå eit berekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats per bruk.

I jordbruksoppgjeret blei dagsatsen auka med 7,4 pst., frå 1 555 kroner til 1 670 kroner, tilsvarande 10,2 mill. kroner. Samstundes gir redusert bruk av ordninga ei innsparing på om lag det same.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 153,2 mill. kroner for 2019.

Underpost 78.11 Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket

Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til Nav for å dekkje differansen i sjukepengar for næringsdrivande og jordbrukarar som får 100 pst. av sjukepengegrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av Nav til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå utbetalingane frå Nav Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.

Frå 1.10.2017 blei sjukepengane frå NAV heva frå 65 til 75 pst. av sjukepengegrunnlaget for sjølvstendig næringsdrivande. Dette reduserer løyvinga over jordbruksavtalen for å sikre jordbrukarar 100 pst. av sjukepengegrunnlaget med 19,1 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 50,2 mill. kroner til ordninga for 2019.

Underpost 78.11 Tilskott til landbruksvikarordninga

Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å auke maksimal støtte per årsverk med 4,5 pst til 282 400 kroner, tilsvarande 2,9 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 65,9 mill. kroner for 2019.

Underpost 78.11 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar

Formålet med ordninga er å bidra til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. I jordbruksoppgjeret var partane samde om at dei som får tidlegpensjon også kan motta avtalefesta pensjon og arbeidsavklaringspengar, uførepensjon og etterlattepensjon frå NAV. Endringa gir ei auka løyving på 1,0 mill. kroner, mens reduksjon i talet på dei som får tilskott over ordninga gir ei innsparing på 0,7 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 72,5 mill. kroner for 2019.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

85

Marknadsordninga for korn

1 278

50

Sum kap. 4150

1 278

50

Formål med løyvinga

Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.

Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut referanseprisar for protein og feitt som gir om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som soyabønner blir ikkje pålagt toll når dei blir importerte til Noreg som mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr blir då pålagt ei prisutjamning.

Rapportering 2017

Verdsmarknadsprisane på soya og proteinråvarer har i lengre tid vore så høge samanlikna med prisen på norskprodusert korn at det berre i nokre månader har blitt avrekna eit mindre prisutjamningsbeløp tilsvarande 1,3 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2019

I jordbruksoppgjeret gav prisendringane på norsk korn og justert prisnedskriving grunnlag for ein auka referansepris på soya på 6,4 øre per kg til 4 082 kroner per tonn.

Prognosen for verdsmarknadsprisane på protein inneber at det likevel ikkje vil bli rekna prisutjamningsbeløp på protein til kraftfôr i 2019.

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

19 500

32 800

33 900

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

6 100

6 500

7 500

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

88 793

76 700

79 100

79

Velferdsordningar, kan overførast

2 392

2 600

2 600

Sum kap. 1151

116 785

118 600

123 100

Formål med løyvinga

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til kvar tid står overfor.

For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, sjå omtale under kat. 15.30, Prop. 92 S (2017–2018) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2018/2019 m.m.) og Innst. 403 S (2017–2018). Sjå nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapittelet i budsjettframlegget for 2019.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150, er det behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa er supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane er direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142. For å kunne ha nødvendig fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg (IN). I samband med dette har departementet klargjort ansvar og oppgåver for IN. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.

Rapportering 2017

Reindriftslova av 2007 skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Dei siste åra har arbeidet til styresmaktene vore prega av bistand og tett oppfølging av næringa sitt arbeid med å utarbeide bruksreglar og oppfølging av vedtak om øvre reintal. Sjå kap. 1142 for nærare omtale.

Utfordringane i reindrifta er mange og samansette. Den viktigaste føresetnaden for å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft er at reintalet er i samsvar med beitegrunnlaget, at reindrifta sine areal for auka produksjon og lønsemd blir tekne vare på, og at tapet av rein blir redusert. Tal frå totalkalkylen viser ein reduksjon i resultatmåla frå 2015 til 2016. Samla sett blir vederlag for arbeid og eigenkapital redusert frå 102,3 mill. kroner til 87,2 mill. kroner. Per årsverk blir vederlaget for arbeid og eigenkapital redusert frå 107 600 kroner til 95 200 kroner. Hovudårsaka er ein reduksjon av dei produksjonsbaserte inntektene. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte området. Førebelse tal for 2017 viser ein vesentleg reduksjon av resultatmåla. Årsaka er ein reduksjon i slaktinga.

Vinteren og våren 2017 var utfordrande for store delar av reindrifta i Noreg, særleg i Aust-Finnmark der store delar av beiteområda låste seg og gav ei omfattande beitekrise. Årsaka til krisa var sein vår med mykje snø og is. Ser ein på slaktetala for 2017, er slakteutaket redusert med om lag 26 000 rein samanlikna med 2016. Dette utgjer ein reduksjon på 31 pst. Samstundes har dei vanskelege beiteforholda resultert i at slaktevektene òg er blitt reduserte.

Budsjettframlegg 2019

Den 27.2.2018 kom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ein avtale for 2018/2019. Reindriftsavtalen for 2018/2019 har ei ordinær ramme på 123,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 4,5 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen for 2017/2018.

Hovudmålet med reindriftsavtalen 2018/2019 er å leggje til rette for å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I tråd med regjeringsplattforma er tiltak som støttar opp om økologisk berekraft prioriterte. Ved inngåinga av dei siste reindriftsavtalane er det sett i verk ei rekkje tiltak med mål om å forenkle avtalen. I tillegg er tiltak som støttar opp om dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd, og tiltak som bidreg til økologisk bærekraft, blitt prioriterte. Reindriftsavtalen 2018/2019 har òg stor merksemd retta mot desse områda. Med bakgrunn i reduksjonen i produksjonsinntektene og at prosessen med tilpassing av reintal nyleg er gjennomført, har det vore viktig å føre vidare hovudlinene i tilskottssystemet. Det gir stabilitet i ordningane over reindriftsavtalen. Ei vidareføring støttar òg opp om dei reindriftsutøvarane som har følgt opp gitte reduksjonsvedtak. Siidaeiningar som ikkje følgjer gitte reduksjonskrav, har heller ikkje rett til tilskott over avtalen.

Reindriftsavtalen 2018/2019 er den femte avtalen der regjeringa har komme fram til semje med NRL. Semje i avtaleforhandlingane er viktig for å støtte opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og NRL. Ved Stortingets handsaming av dei siste fem reindriftsavtalane har ein samla næringskomité støtta opp om reindriftspolitikken til regjeringa. Gjennom innstillingane har komiteen vist at det er brei politisk semje om endringane i virkemiddelbruken dei siste åra, med vektlegging av næringsretting og tilrettelegging for dei som har reindrift som hovudverksemd.

Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2019 i samsvar med Stortingets handsaming av reindriftsavtalen for 2018/2019, jf. Innst. 403 S (2017–2018). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 92 S (2017–2018) Endringer i statsbudsjettet 2018 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2018/2019 m.m.) og i Innst. 403 S (2017–2018).

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Reindriftas Utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei desse avsetjingane gjorde:

  • 1,45 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak

  • 8,20 mill. kroner til Utviklingsprogrammet

  • 2,00 mill. kroner til fagbrevordninga

  • 5,00 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak

  • 4,50 mill. kroner til pramming av rein

  • 1,27 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester

  • 0,75 mill. kroner til drift av nytt klassifiseringssystem

  • 1,00 mill. kroner til fjerning av gammalt gjerdemateriell m.m.

  • 0,30 mill. kroner til videreutvikling av reindrifta sine arealbrukskart

  • 2,00 mill. kroner til beredskapsfond

  • 0,50 mill. kroner til prosjektet «Fremtidsrettet rein- og jordbruksdrift i Hedmark og Trøndelag», jfr omtale under kapittel 1150.

  • 0,20 mill. kroner til støtte til reindriftsfaglege møte med fylkesmannen

  • 0,20 mill. kroner til prosjekt for gjennomgang av tidligare utgreiingar knytte til tiltak for å styrkje kvinner si stilling i reindrifta

  • 2,00 mill. kroner til frakttilskott

  • 0,30 mill. kroner til rapportering av rein

Avsetjingane over midlane til RUF utgjer i alt 33,9 mill. kroner. Det er ein auke på 1,1 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen 2017/2018. Samstundes er ordningane frakttilskott og tilskott til rapportering av rein flytta frå post 75 til post 51.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor, krev aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til NRL er sett til 7,5 mill. kroner. Av dette utgjer 200 000 kroner HMS-tiltak i reindrifta.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

Kostnadssenkande og direkte tilskott skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Regjeringa gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 79,1 mill. kroner for 2019. Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta er sette saman av fleire ulike tilskottsordningar, jf. omtalen under.

Produksjonspremie

Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane er berekna med 34 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare er det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det er ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,6 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien er utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 33,0 mill. kroner til produksjonspremie.

Etableringstilskott

Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel er vidareført med ein sats på 80 000 kroner det første året, for så å bli sett til 65 000 kroner dei to påfølgjande åra. Det er sett av 2,6 mill. kroner til etableringstilskott.

Særskild driftstilskott til ungdom

For å støtte opp om leiarar av siidaandelar som er under 30 år, er tilskottet auka frå 25 000 kroner til 40 000 kroner. Tilskottet er gitt til leiarar av siidaandelar som er under 30 år per 1.1.2019. Det er sett av 2,0 mill. kroner til ordninga med særskild driftstilskott til ungdom.

Kalveslaktetilskott

Formålet med kalveslaktetilskottet er å stimulere til at ein større del av produksjonen av kjøtt er basert på kalv, noko som er ressursøkonomisk gunstig. Uttak av kalv reduserer presset på vinterbeita, og reduserer tapa i løpet av vinteren. Eit større uttak av kalv medverka òg til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr. Satsen for tilskottet er auka frå 475 kroner til 500 kroner per kalv. Det er sett av 24,0 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.

Ektefelletillegg

Formålet med ektefelletillegget er å støtte opp om den familiebaserte reindrifta. Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane utøver aktiv reindrift, er fastsett med ein sats på 30 000 kroner. Det er sett av 1,4 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.

Distriktstilskott

Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta større ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Det inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av areala til reindrifta, større lønsemd og tilrettelegging for kriseberedskap. For å styrkje HMS-arbeidet i reindrifta og dermed førebyggje skadar og ulykker, er det lagt til rette for at distriktstilskottet kan brukast til kjøp av relevante hjelpemiddel. For å leggje til rette for at distrikta i større grad set av midlar til kriseberedskap og bruker desse midlane i samsvar med formålet, er det fastsett ein ny regel om at distrikta skal setje av midlar til kriseberedskap for å kunne motta distriktstilskott.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 11,6 mill. kroner.

Post 79 Velferdsordningar, kan overførast

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner per år, og for tobrukarpensjon 160 000 kroner. Posten omfattar medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir førte vidare.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskild tilskott til leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje kvinners stilling i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane er førte vidare.

Det er sett av 0,6 mill. kroner til sjukepengeordninga. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen dekkjer tilleggspremien for ein auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 2,6 mill. kroner.

Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

14 173

14 265

14 194

75

Tilskott til oppsyn i statsalmenningar

10 126

10 192

10 141

Sum kap. 1161

24 299

24 457

24 335

Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

Formål med løyvinga

Posten omfattar tilskott til dei kostnadene Statskog SF har med delegerte styresmaktoppgåver og sektorpolitiske oppgåver, slik dei går fram av avtalen mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet.

Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene (statsallmenningslova), og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til bruksrettshavarar. I tillegg skal tilskottet dekkje driftskostnader der det blir selt virke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare utfører Statskog SF oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og statsallmenningslova. Kostnadene Statskog SF har med forvaltninga av tilskottet til oppsyn, jf. post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar blir òg dekte over denne posten.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarane av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevare biologisk mangfald. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom anna Statens naturoppsyn (SNO), og tek også del i redningsaksjonar etter oppmoding frå politiet. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med SNO om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.

Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkjer stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmaktene og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Rapportering 2017

På post 70 er det i 2017 rekneskapsført 14,2 mill. kroner, i samsvar med løyvinga det året. Rekneskapen viser at det er brukt 2,2 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane. Dette er noko høgare enn året før. Om lag 3 752 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda i statsallmenningar med virkesrett. Dette er ein nedgang frå 2016, då talet var på 8 421 m3. Utvist virke er på om lag same nivå som i 2016, men utvist virke til ved har auka noko. Nedgangen har i hovudsak vore i sal til inntekt for allmenningsfondet. Til samanlikning er det avverka 14 728 m3 i statsallmenningar utan virkesrett, slik at den samla avverkinga i statsallmenningane i 2017 var på 18 482 m3. Det er utført skogkultur for over 500 000 kroner i 2017. Det er planta på 344 dekar, mens det er utført ungskogpleie på 561 dekar og markbereding på 754 dekar.

Det blei brukt om lag 0,2 mill. kroner til oppgåver i statsallmenningar der føretaket har handla som offentleg styresmakt.

Vidare viser rekneskapen at det blei brukt 5 mill. kroner til oppsyn. Det er ein liten reduksjon frå året før. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. I 2017 har det vore ein auke i brukarkontakt i felt når det gjeld talet på informerte, og talet på kontrollerte og i reaksjonar som er gitt.

Til arbeidet med friluftsliv blei det brukt om lag 5 mill. kroner. Det er om lag 0,3 mill. kroner mindre enn i 2016.

I 2017 blei det brukt om lag 0,4 mill. kroner på Statens kulturhistoriske eigedommar og Noreg digitalt, det same nivået som i 2016. Dette arbeidet er knytt til utarbeiding av ein landsverneplan for eigedommane til Statskog SF og til ein prosess for å frede enkelte av eigedommane. I 2017 gav Riksantikvaren ei forskrift om freda eigedommar i landsverneplanen for Statskog SF.

Statskog SF deltek i Noreg digitalt for å sikre tilgang til kartdata som er nødvendige for at dei skal kunne utføre oppgåvene sine.

Grunneigarfondet

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av eit fond for grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane. I tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til å dekkje utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane, med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Slike tiltak skal tildelast i samråd med Noregs fjellstyresamband.

Inntektene i grunneigarfondet var i 2017 på 42,2 mill. kroner. Dette var ein sterk auke frå 2016, då det tilsvarande talet var 23 mill. kroner. Årsaka til den store auken er eingongsinntekter frå eigedomsutvikling, som ei følgje av arbeid med eigedomsutvikling over fleire år.

Kostnadene i 2017 var på 25,9 mill. kroner. Tilskottet til Noregs fjellstyresamband var på 3,1 mill. kroner i 2017, og det blei gitt 2,6 mill. kroner i tilskott til tiltak i statsallmenningane. Resultatet for 2017 var 16,4 mill. kroner. Behaldninga i Grunneigarfondet var per 31.12.2017 28,7 mill. kroner. Det tilsvarande talet i 2016 var 10,1 mill. kroner.

Økonomien i grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SF sine oppgåver i statsallmenningane og for moglegheita til å bruke midlar til tiltak i statsallmenningane. Fondet er no på eit nivå som gjer det mogleg å nytte meir av midlane til tiltak enn tidlegare.

Allmenningsfond

Allmenningsfond i statsallmenningar med virkesrett blir forvalta av Statskog SF og det enkelte allmenningsstyret i fellesskap. Allmenningsfondet er delt i tre delar; éin del som skal dekkje investeringar i skogen i allmenningen og dekkje virkesretten der den blir utøvd ved fellesdrift, éin del som er skogfond etter skogbrukslova, og éin del som er erstatningar for vern. Allmenningsfonda var per 31.12.2017 på 138 mill. kroner. Av det utgjer erstatning for vern av skog 121,8 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,2 mill. kroner.

Oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei som har bruksrett, utarbeiding av skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar m.v. I 2019 skal Statskog SF prioritere takseringar av skogen i statsallmenningane.

Statskog Fjelltenesta skal halde fram med å føre tilsyn på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt.

Statskog SF skal i 2019 halde fram med å leggje til rette for bruk av og tilgang til areala for allmenta. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar tryggleik for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse husværa blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturberarar som bør haldast i stand så langt det er mogleg. Statskog SF skal halde fram samarbeidet med andre aktørar for å rette merksemd mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på annan statsgrunn.

Statskog SF skal i 2019 halde fram arbeidet med forvaltningsplanar for dei eigedommane i landsverneplanen som det blei gjort fredingsvedtak for i 2017.

Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar

Formål med løyvinga

Posten dekkjer tilskott til refusjon av kostnader ved oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Etter § 36 kan fjellstyra tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene frå denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å vareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særleg ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har som formål å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Fjelloppsynet skal vareta føresegner gitt i eller i medhald av fjellova, og utføre sakshandsaming for fjellstyra. Dette omfattar tilsyn med utøvinga av bruksrettane og jakt og fiske. Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningane på vegner av staten som grunneigar etter nærare prioriteringar gitt av Statskog SF. Fjelloppsynet skal også føre kontroll med at lovene som er nemnde i naturoppsynslova § 2 blir følgde. Fjelloppsynet skal i slike tilfelle følgje instruks frå SNO. Fjelloppsynet sel også tenester til SNO, og kostnader med desse tenestene blir dekte av SNO, ikkje frå løyvinga på denne posten. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.

Rapportering 2017

I 2017 blei det løyvd vel 10,1 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av budsjett, rekneskap og rapportering frå fjellstyra, og etter ein nøkkel som mellom anna kjem små fjellstyre til gode. 66 av 94 fjellstyre har fått tilskott i 2017. Fjelloppsynet hadde 66 årsverk i 2017. Av dei er 48 årsverk brukte på oppgåver som gir rett til tilskott. Av dei oppgåvene som gir rett til tilskott, er 43 pst. arbeid i felt.

Noko under halvparten av tilskottet er brukt på arbeid i felt knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2017 er talet på kontrollar på om lag same nivå som i 2017, mellom 6 000 og 7 000. Det er rapportert om 105 ulovlege forhold. Dette er ein auke frå 2016, men det er på eit lågare nivå enn det var tidleg på 2000-talet.

Budsjettframlegg 2019

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,1 mill. kroner. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Oppsyn i statsallmenningar skjer gjennom både fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO fører. Den lokale forankringa og kunnskapen fjelloppsynet har er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er nødvendig med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

90

Avdrag på lån

75 000

25 000

Sum kap. 4162

75 000

25 000

Post 90 Avdrag på lån

Under posten er det ført inntekter frå avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Lånet blei innfridd i 2018.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

70

Forskingsavgift på landbruksprodukt

173 130

159 700

158 901

71

Totalisatoravgift

144 349

72

Jeger- og fellingsavgifter

95 000

Sum kap. 5576

317 479

159 700

253 901

Post 70 Forskningsavgift på landbruksprodukt

Formål med løyvinga

Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt blei oppretta i medhald av lov av 26.6.1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og på fôrkorn til husdyr. Inntektsposten har ein motsvarande utgiftspost under kap. 1137, post 54. Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.

Post 71 Totalisatoravgift

Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel. I 2017 var den samla omsetnaden på totalisatorspel 3 893 mill. kroner. Dette var på nivå med året før. Av omsetnaden blei det betalt 3,7 pst. totalisatoravgift, i alt 144 mill. kroner

Totalisatoravgifta har ingen sektorpolitiske formål. Avgifta blei frå 2018 budsjettert på kap. 5562, post 70 under Finansdepartementet, sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2018–2019) frå Finansdepartementet.

Post 72 Jeger- og fellingsavgifter

Formål med løyvinga

Posten er ny. Jeger- og fellingsavgiftene som blir betalte inn til Viltfondet, blir inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Kapittelet dekkjer utgifter under kap. 1140. I tillegg dekkjer kap. 5576, post 72 òg nokre av utgiftene til viltforsking under kap. 1410 post 50 og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01.

Rapportering 2017

Midlane er rammeoverførte frå Klima- og miljødepartementet i samband med endringar i ansvarsdelinga mellom departementa per 1. mai 2018. Rapporteringa for 2017 går fram av budsjettproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Budsjettframlegg 2019

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 95,0 mill. kroner i 2019. Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til Viltfondet i 2018 og 2019, jf. omtale av fondet under. Løyvinga er auka med 4 mill. kroner frå til 2018. Auken blir finansiert ved ein auke i avgiftene, basert på endring i konsumprisindeksen (mars 2016–mars 2018), og ved bruk av oppspart kapital i fondet.

Nærare om Viltfondet

Mål

§ 40 i viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget desse retningslinene for bruken av midlane i Viltfondet:

«Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.»

Det er ein føresetnad for den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde overat om lag halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta, og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.

Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar frå innbetalte avgifter frå føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.

Jeger- og fellingsavgiftene blei sist endra i 2017, og departementet gjer framlegg om å justere avgiftene i 2019. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabellen under.

For oversikta sin del er inntektene for kommunane i 2019 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 2.11 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2019

(tal i heile kroner)

Type avgift

Storleiken på avgifta i 2019

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt

349

196 900

68 718 100

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt

93

134 600

12 517 800

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk1

215

12 600

2 709 000

Viltfondet

Gebyr ekstra jegeravgiftskort

70

20 200

1 414 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein

308

5 100

1 570 800

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv

180

2 000

360 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter

87 289 700

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg

562

23 700

13 319 400

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv

331

11 200

3 707 200

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort

430

27 100

11 653 000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv

261

9 000

2 349 000

Kommunane

Sum kommunale avgifter

31 028 600

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskottsvis i 2019 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2017/2018.

Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabellen under.

Tabell 2.12 Berekning av kapital i Viltfondet i 2019

(i 1000 kr)

Saldo per 31.12.171

19 036

Budsjettert innbetalt i 20182

83 727

Budsjettert refusjon i 2018 (utbetalingar frå fondet)

- 91 000

Budsjettert saldo per 31.12.18

11 763

Budsjettert innbetalt i 20193

87 290

Budsjettert refusjon i 2019 (utbetalingar frå fondet)

- 95 000

Budsjettert saldo per 31.12.19

4 053

1 Saldo per 31.12.2017 er i denne oversikta redusert for refusjonsbeløpet på 9,763 mill. kroner som ved en feil ikkje blei utbetalt i 2017, men korrigert ved RNB i 2018.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

3 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Viltfondet blir forvalta av Landbruks- og matdepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet det same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5576, post 72 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1140 postane 01, 21 og 71, kap. 1420, post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410, post 50. I budsjettet for 2019 er det lagt inn at 6 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistera for drifta av Jegerregisteret. Planlagd bruk av inntektene går fram av tabellen under.

Tabell 2.13 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2019

(i 1000 kr)

Formål

Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap.1140.01):

16 000

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

1 591

Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.v. (kap. 1140.21):

22 000

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

2 852

Hjortevilttiltak (kap. 1140.71.1):

3 250

Villreintiltak (kap. 1140.71.2):

2 850

Lokale vilttiltak (kap. 1140.71.3):

33 678

Viltovervaking (kap. 1140.71.4):

6 500

Sum under kap. 1140:

88 721

Viltforsking, NINA (kap.1410.50):

2 998

Tilskottsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420 post 01):

3 281

Totalsum:

95 000

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Det er kommunane som har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt. Det er likevel òg nasjonale oppgåver innanfor desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom eit tillegg til jegeravgifta for hjorteviltjegerar. På denne måten medverkar hjorteviltjegerane til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.

Det er behov for at Miljødirektoratet gjennomfører sentrale analysar av individ som blir funne som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartane. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er difor budsjetterte under kap. 1140 post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artane der fallviltet har ein salsverdi etter at nødvendige analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

204

5652

Statskog SF – renter og utbytte

55 166

26 630

24 750

-7,1

Sum kategori 15.40

55 370

26 630

24 750

-7,1

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.

Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2017 ein omsetnad på 72,3 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 0,8 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2017.

Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda, som er lagd til grunn for selskapet si drift for 2019. I strategien blir verksemda skissert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegner av staten. I strategien til verksemda er det lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet, og på at ein stor del av det årlege overskotet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2019.

Staten kategoriserer dei direkte eigde selskapa basert på formålet med eigarskapen. Statens eigarpost i Graminor er plassert i kategori 4, der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen. Målet med statens eigarskap i selskapet er å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter for frøkvalitet og frøanalysar. Kimen er òg nasjonalt referanselaboratorium for desse analysane. Selskapet har bygd opp kunnskapen gjennom vel 130 år. Staten eig no 51 pst. av aksjane, og dei to andre eigarane Felleskjøpet Agri SA og Strand Unikorn AS, eig 34 og 15 pst. kvar. Staten har ikkje eigarinteresser i selskapet av forretningsmessige grunnar, og Kimen er plassert i ein kategori der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen (kategori 4). Målet med eigarskapen i Kimen er å sikre at norske såvareverksemder får utført nødvendige analysar, jf. forskrifter for såvare, floghavre, plantehelse og planteproduksjonsområdet.

Kimen hadde i 2017 ein omsetnad på om lag 12 mill. kroner og ein eigenkapitaldel på om lag 80 pst. Kimen blei i 2016 revidert av International Seed Testing Association (ISTA) og akkreditert for tre nye år. Styret for Kimen har vedteke ein handlingsplan til strategisk plan for perioden 2015–2020.

Noko av utfordringa for Kimen framover er svingingar i etterspørselen etter analysetenester. Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere nødvendig for kommande år.

Staur gård AS

Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eigd av staten ved Landbruks- og matdepartementet, og forholdet mellom staten som eigar og selskapet som leigetakar av eigedommen er regulert i eigen leigeavtale. Staur gård AS har eit sektorpolitisk ansvar for å leggje til rette for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket og for å drive eigedommen på best mogleg måte. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv også gjestegard og annan utleigeverksemd. Eigedommen som Staur gård AS driv er spesiell og eigenarta, og hagen, parkanlegget og fleire bygningar er freda av Riksantikvaren. Selskapet har til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna. Selskapet er heileigd av staten og har dei seinare åra vore i ein utfordrande situasjon økonomisk.

Selskapet hadde i 2017 ein omsetnad på 9,1 mill. kroner, og eit overskot på om lag 0,7 mill. kroner. Etter oppmoding frå Stortinget gjorde Landbruks- og matdepartementet i 2017 eit kapitalinnskott for å gjere selskapet i stand til å innfri forpliktingane sine og få ein tilfredsstillande eigenkapital jf. vedtak nr. 290 av 16. desember 2016. Selskapet har i 2017 innfridd dei langsiktige forpliktingane sine, og sum eigenkapital utgjorde ved utgangen av 2017 7,5 mill. kroner. Det blir no vurdert strategi og moglegheiter for kva aktivitet selskapet skal ha i framtida, og som kan vere økonomisk berekraftig over tid. Marknaden Staur gård AS opererer i i dag er krevjande, og selskapet har utfordringar med å nå fram i konkurransen med dagens forretningsmodell. Det blir ikkje budsjettert med utbytte i 2019.

Staten kategoriserer dei direkte eigde selskapa basert på formålet med eigarskapen. Eigarposten i Staur gård AS er plassert i kategori 4, der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen.

Instrumenttjenesten AS

Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar som òg var eigarar. Statens formål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens NMBU forvaltar dei resterande 40 pst.

Instrumenttjenesten AS hadde i 2017 ein omsetnad på 12,5 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 7 849 kroner. For 2019 blir det fremja forslag om at Stortinget samtykkjer i at NIBIO og Veterinærinstituttet kan avvikle eigarskapen sin i Instrumenttjenesten AS. Bakgrunnen er at eigarskapen ikkje lenger er fagleg viktig for institutta.

ITAS Eierdrift AS

ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009. Aktiviteten i 2017 har vore å drifte sentrale IKT-system og Landbruksmeteorologisk tjeneste for NIBIO. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 76 pst. av aksjane, mens NMBU forvaltar dei resterande 24 pst.

ITAS Eierdrift AS hadde i 2017 ein omsetnad på 6,4 mill. kroner og eit årsresultat etter skatt på 56 397 kroner.

Frå og med 2017 har ikkje selskapet kundar sidan NMBU og NIBIO har avslutta kundeforholdet. I den samanhengen blei det i Prop. 25 S (2017–2018) bedt om fullmakt frå Stortinget om avvikling av selskapet. Ei slik fullmakt blei gitt gjennom handsaminga av Innst. 63 S (2017–2018) frå næringskomiteen. Etter planen vil avviklinga sluttførast i løpet av 2018.

Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

80

Renter

1 766

630

85

Utbytte

53 400

26 000

24 750

Sum kap. 5652

55 166

26 630

24 750

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der eigedommar med allmenningsrett har rett til å få vist ut tømmer og ved, beite og seter.

Statskog SF er, med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet, ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette, og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF. Etter kjøpet av skogeigedommane frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF, auka den samla hogsten til Statskog SF frå om lag 150 000 m3 til 400 000 m3 per år. I 2017 var den samla hogsten på 332 000 m3. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk.

Departementets styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF

Departementets styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte ved behov.

Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handterte gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.

Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF ommellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.

Landbruks- og matdepartementets forventningar til Statskog SF går fram av Prop. 1 S (2015–2016).

Vidareføring og utviding av arronderingssalet frå Statskog SF

Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SFs skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011 og omfatta frå starten spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010. I eit ekstraordinært føretaksmøte i januar 2016 blei det opna for at Statskog SF kan utvide arronderingssalet med opp til 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket. Føretaket har innarbeidd ei slik utviding i planane sine, der det er lagt opp til at salet vil halde fram til 2021.

Arronderingssalet vil betre eigedomsstrukturen i føretaket og samstundes bidra til å styrkje det private skogbruket.

Fram til hausten 2018 er det selt 205 eigedommar som til saman utgjer 451 241 dekar der kjøparen har fått konsesjon. Eigedommane er fordelte på 81 kommunar i 17 fylke. 68 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 19 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Dei resterande 13 pst. er i hovudsak seld til jord- og skogeigarar i nabokommunar.

Rapportering 2017

Resultatet etter skatt var på 80,1 mill. kroner i 2017. Det er 53,6 mill. kroner lågare enn i 2016, noko som i hovudsak kjem av lågare eingongsinntekter frå skogvern og sal av eigedom.

I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010–2011). I 2017 blei det innbetalt 75 mill. kroner. Saldo på lånet var 25 mill. kroner per 31.12.2017. Lånet blei nedbetalt i 2018.

Post 85 Utbytte

Utbetalt utbytte til staten frå Statskog SF i 2017 var på 53,4 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2019

Utbyttet frå føretaket for 2018 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2018 på 24,75 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2018 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2019.

Til forsida av dokumentet