Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla

3 Nærare om dei ulike landbruks- og matpolitiske måla

Ei overordna framstilling av måla i gjeldande målstruktur på det landbruks- og matpolitiske området går fram av proposisjonen si innleiing (Del I). I det følgjande er det ein meir grundig omtale av alle måla enkeltvis, med rapportering om tilstand og utviklinga over tid der dette er relevant.

Figur 3.1 Målstruktur for landbruks- og matpolitikken

Figur 3.1 Målstruktur for landbruks- og matpolitikken

3.1 Overordna mål: Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Infeksjon grunna næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar blant norske husdyr.

For å halde den gode statusen ved like, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god. Svært få av oss blir sjuke av vatnet som kjem ut av krana. Likevel er det mange stadar eit gammalt og dårleg leidningsnett som kan føre til at vatnet blir ureina.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Ei utfordring er det derimot med kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsette legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er òg ei utfordring knytt til produkt som blir omsette over internett og per postordre. Mattilsynet skal utvikle tilsynet og auke kompetansen for å følgje opp nye omsetnadsformer og auka netthandel.

Auka matvareberedskap

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon i produksjonar med marknadsmoglegheiter. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal difor innrettast slik at dei bidreg til dette. I fleire produksjonar er det nær full marknadsdekning av norske varer. Det gjeld til dømes sau/lam, egg, storfe og fjørfe. Jordbruksoppgjeret i 2018 prioriterte difor inntektsmoglegheiter for produksjon av korn, frukt, grønsaker, bær og poteter.

Sjølvforsyningsgraden beskriv heimemarknadsdelen rekna på energibasis. Det vil seie kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av til dømes fisk er ikkje med i berekninga av sjølvforsyningsgraden. Sjølvforsyningsgraden gir først og fremst eit bilete av den prosentdelen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg og kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket, blir særleg påverka av vêret, men òg av ulike kvalitetskrav, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og internasjonale handelsavtalar. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare for planteprodukt. Etter fleire år med reduksjon i sjølvforsyningsgraden frå 2008, auka han med 3 prosentpoeng frå 47 pst. til 50 pst. frå 2014 til 2015. Dette kom i stor grad av gode kornavlingar, og at mykje av kornet hadde matkornkvalitet. Frå 2015 til 2017 har sjølvforsyningsgraden gått ned 1 prosentpoeng, til 49 pst., som følgje av redusert matkorndel. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden er låg for energirike plantevekstar og høg for husdyrprodukt med større del proteininnhald.

Av det samla fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, er delen norskprodusert råvare særleg redusert for feitt- og proteinfraksjonen som følgje av forbodet mot kjøtt- og fiskebeinsmjøl. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at karbohydratdelen blir redusert. Delen av norskprodusert karbohydrat blir òg påverka av kva type proteinråvare som blir nytta – ei proteinråvare med låg karbohydratinnehald gjer rom for auka bruk av norsk karbohydrat i fôret. Delen av norskprodusert karbohydrat i kraftfôret har auka frå 61 pst. i 2014 til 78 pst. i 2017. Signal frå næringa viser at det er rom for meir norskprodusert kveite i kraftfôret fordi kveiten har eit høgare proteininnehald enn anna fôrkorn. Ein auke i produksjonen av norsk kveite er difor ein viktig faktor for å auke delen norskprodusert råvare i kraftfôret. Delen av norskprodusert feittråvare i kraftfôret har auka med 11 prosentpoeng frå 2014 til 2017, og ligg no på 56 pst.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir i dag ikkje utnytta på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auken i ferdsel over landegrensene er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Dyktige og ansvarsbevisste bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene, er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor eige sektoransvar. I denne planen er det mellom anna ei målsetjing at den antibiotikaresistente LA-MRSA bakterien ikkje skal etablerast i norsk svinehald. I 2017 blei det ikkje gjort funn av den bakteriestammen som internasjonalt blir rekna som LA-MRSA i norske svinebuskapar. Det er ein nedgang i forbruket av veterinære antibakterielle middel på 32 pst. til kjæledyr frå 2013. Nedgangen er på om lag 20 pst. når ein reknar med bruk av humane antibakterielle middel. Forbruket til dei viktigaste matproduserande landdyra er i same periode redusert med omlag 9 pst.

Bruken av antibiotika til behandling av slaktekylling er framleis svært låg. Narasin blei fasa ut som fôrtilsettingsmiddel til slaktekylling sommaren 2016. Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderte i 2015 risikoen for overføring av antibiotikaresistens frå mat og matproduserande dyr i Noreg. Dei konkluderte med at det er lite sannsynleg at vi blir utsette for antibiotikaresistente bakteriar frå norske matvarer.

Generelt er helsa god òg hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) påvist hos villrein og elg. Denne sjukdommen hos hjortedyr er smittsam og dødeleg. Sjukdommen er ikkje påvist i Europa tidlegare og aldri før hos reinsdyr. Mattilsynet starta raskt med kartlegjing og tiltak for å avgrense og helst utrydde sjukdommen. Det er etablert vernetiltak mot spreiing innanlands og mot utlandet. Den smitta villreinflokken i Nordfjella sone 1 er teken ut, og det blir gjennomført omfattande prøveuttak for å kartleggje om sjukdommen finst andre stadar. Dette arbeidet er òg viktig for å sikre at dei dyra som blir nytta til å byggje opp ein ny villreinstamme i Nordfjella, er friske.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, i tillegg til at det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd.

Regjeringa har styrkt arbeidet for god dyrevelferd, mellom anna gjennom prøveprosjekt med dyrepoliti i fem politidistrikt.

Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytt til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr. Mattilsynet gjennomførte i 2017 og 2018 ein tilsynskampanje som viste alvorlege avvik i mange slaktegrisbesetningar i Rogaland. Mattilsynet har, på grunnlag av funna i kampanjen, merksemd på risikobasert tilsyn med slaktegris i heile landet.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

For god utnytting av dei biologiske ressursane er langsiktig avlsarbeid viktig. Gjennom BIONÆR-progammet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet over fleire år bidrege med finansiering av viktige forskingsprosjekt innan husdyravl, der avlsorganisasjonane Geno og Norsvin er sentrale aktørar.

Både Geno og Norsvin har i avlsmåla gjennom mange tiår vektlagt fleire eigenskapar enn berre auka produksjon av mjølk og kjøtt. Det er vektlegginga av eigenskapar som helse, fruktbarheit, haldbarheit, beinkvalitet, gemytt og moreigenskapar som har bidrege til at den norske grisen og mjølkekua av rasen Norsk Raudt Fe (NRF) i dag er særs ettertrakta i mange land.

FNs mat- og landbruksorganisasjon, FAO, omtalar NRF som eit godt døme på moderne, god og berekraftig avl. Geno eksporterer NRF-sæd til over 30 land, og det er spesielt den gode dyrehelsa og fruktbarheita som har ført til auka interesse for NRF-kua i mange land.

Norsvin har òg lukkast godt i sitt internasjonale arbeid, og norske svinegen finst no i mange land. I tillegg aukar interessa. Norsvin har ved å kombinere interessene til produsentar, foredlingsindustri og forbrukar i avlsarbeidet utvikla ein gris med unike eigenskapar. Høg forskingsaktivitet har vore viktig for det ovannemnde avlsarbeidet, og i 2018 er forskings- og utviklingsbudsjettet til Norsvin på nærare 200 mill. kroner.

Det er fleire aktive forskingsprosjekt med mål om berekraftig, klimavennleg og auka utnytting av dei biologiske ressursane. Som døme kan nemnast prosjekt som studerer nye norske proteinråvarer, alternative fôrkjelder, auka fôrutnytting, betre fôringsrutinar, avl for auka fertilitet hos storfe, ultralydmåling på levande gris for sikker registrering av intramuskulært feitt, genomsekvensering og genomisk seleksjon av storfe, svin og sau, berekraftig sauehald, veksthusdyrking, karbonlagring i jord, auka produksjon og utnytting av skog og trevirke, plantevernmiddel i mat og miljø, miljøvennleg energi og utvikling av elektrisk traktorrobot.

For auka bruk av dei biologiske ressursane er rekruttering av fagpersonar viktig. Det har dei siste åra vore ein klar auke i talet på søkjarar til yrkesfaga innan «grøn» sektor, men det er relativt få som vel denne retninga samanlikna med andre programfag. Innan høgare utdanning har det også vore ein positiv trend dei siste åra når det gjeld talet på studentar innan landbruksfag og andre grøne utdanningar, men tala varierer. Fleire kandidatar innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga legg òg grunnlaget for rekruttering til forskarutdanning. Tiltak for å auke rekrutteringa er viktig, og det må stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane.

Boks 3.1

Presisjonslandbruk er viktig for å redusere bruken av plantevernmiddel (pesticider og herbicider). Fordi ugras som oftast veks flekkvis, kan bruken av ugrasmiddel (herbicider) reduserast ved å tilføre middelet berre der det er eit reelt behov. Tverrfagleg forsking i samarbeid med næringsaktørar, der NIBIO har bidrege med agronomi og plantevernfagleg kompetanse, har ført til at ugrasmiddel kan nyttast etter behov i korn og radkulturar. Ein ny metode er å montere ein DAT-sensor på åkersprøyta. Sensoren «ser» ved spesialutvikla maskinsyn kor det er behov for sprøyting. Den andre måten er ein sjølvgåande robot («Asterix») som ved spesialutvikla maskinsyn avset dråpar med ugrasmiddel berre på ugrasblad og ikkje på nytteplantane eller jorda. Det er tverrfagleg forsking som ligg til grunn for begge metodane, med kombinasjon av agronomi, maskinsyn og robotikk. Forskinga har bidrege til utvikling innanfor fleire bedrifter, og det er vist at det kan gi store reduksjonar i bruken av plantevernmiddel.

3.2 Overordna mål: Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane

For å nå målet om landbruk i heile landet må det leggjast til rette for bruk av beite- og jordressursane. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i jordbruket.

I perioden 1979–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. I perioden 1999–2018 er det estimert ein reduksjon i det samla jordbruksarealet på ca. 5 pst. Registrert totalareal var på sitt høgaste 1998.

Frå 2005 er eit nytt digitalt kartgrunnlag teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Overgangen er no fullført. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at innføringa av det nye kartverket i perioden 2005–2013 gav ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Effekten av det nye kartverket kan både komme av meir nøyaktige målingar og at endringar som har skjedd over tid først blir fanga opp når eit nytt kartverk blir teke i bruk. Arealnedgangen utanom nytt kartverk har vore på om lag 1,4 pst. i same periode. Arealavgangen er redusert frå 60 000 dekar per år i perioden med digitalisering, til om lag 10 000 dekar per år etter 2013. Sidan 2010 har nesten 150 000 dekar areal blitt godkjent til nydyrking. Både i 2016 og 2017 blei over 21 500 dekar areal godkjent til nydyrking.

I 2004 blei det sett eit nasjonalt mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skulle reduserast til under 6 000 dekar. Dette målet blei nådd i 2013. I 2016 fastsette Stortinget i Innst. 56 S (2015–2016) eit nytt jordvernmål på under 4 000 dekar per år innan 2020. For 2017 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 4 025 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Særleg har omdisponeringa til samferdselsformål gått ned frå 2016 til 2017.

Reduksjonen i jordbruksareal i drift frå 1999 til 2017 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg. I perioden frå 2010 til 2017 blei arealet av open åker på Austlandet redusert med om lag 150 000 dekar, mens arealet av eng og beite auka med om lag 60 000 dekar. Dette kjem delvis av auka hald av ammeku og sau. Enkelte stadar bidreg det òg til redusert avrenning til vassdrag gjennom auka grasdekke mellom dyrka mark og vassdrag. Tal frå Budsjettnemnda for jordbruket viser ein marginal auke i jordbruksarealet frå 2016 til 2017. På landsbasis har prosentdelen fulldyrka jord gått marginalt ned dei siste fire åra, mens prosentdelen anna eng og beite auka med 2,7 pst. frå 2014 til 2017. Kornarealet har auka med 0,1 pst. sidan 2014. Budsjettnemnda prognoserar ein marginal reduksjon i kornarealet frå 2017 til 2018 på grunn av dårlege dyrkingsforhold hausten 2017.

Tabell 3.1 Jordbruksareal i drift, 1989–2017

1989

1999

2014

2015

2016

2017

Endring 99–17

Endring 14–17

Korn og oljevekstar

3 345

2 879

2 862

2 892

2 883

-14 %

0,1 %

Åker og hage

4 402

3 995

3 326

3 303

3 332

3 314

-17 %

-0,4 %

Fulldyrka eng og beite

4 443

4 876

4 785

4 799

4 750

4 732

-3 %

-1,1 %

Sum fulldyrka jord

8 846

8 871

8 111

8 102

8 082

8 046

-9 %

-0,8 %

Anna eng og beite

1 096

1 511

1 756

1 759

1 755

1 804

19 %

2,7 %

Jordbruksareal i drift i alt

9 941

10 384

9 868

9 860

9 837

9 850

-5 %

-0,2 %

Areal daa/innbyggjar

2,35

2,34

1,93

1,90

1,90

1,90

-19 %

-1,6 %

Talet på dyr som gav grunnlag for beitetilskott/utmarksbeitetilskott var lågare i 2017 enn dei føregåande åra. Landbruksdirektoratet meiner det kan vere fleire grunnar til nedgangen. Eit nytt søknadssystem for produksjonstilskott blei teke i bruk i 2017, og misforståingar ved utfylling av søknaden kan ha gjort at ikkje alle føretak førte opp dyr på beite/utmarksbeite. Alle føretak fekk høve til å registrere dyr på beite/utmarksbeite etter fristen, utan at det førte til at talet blei særleg høgare. Ei anna mogleg forklaring på at talet er lågare, er at tidspunktet for søking blei endra i 2017. Tidlegare år blei det søkt om beitetilskott midt i beitesesongen, slik at føretaka ikkje visste om vilkåra for beitetilskott var oppfylte då dei leverte søknaden. I 2017 blei søknaden levert i oktober, og då visste dei fleste om vilkåra var oppfylte. Beitesesongen 2017 var òg prega av store nedbørsmengder fleire stader i landet, noko som kan ha gjort at færre dyr enn tidlegare år oppfylte vilkåra for beitetilskott/utmarksbeitetilskott.

Om lag 85 pst. av sau og lam går på utmarksbeite. Prosentdelen sau på utmarksbeite aukar etter som besetningane blir større. I sauehaldet beitar 62 pst. av besetningane med under 20 sau i utmark, mot 87 pst. av besetningane med over 200 sau.

Prosentdelen storfe på beite har auka med 8 prosentpoeng dei siste ti åra. Prosentdelen som går på utmarksbeite har auka med 6 prosentpoeng i same periode. For storfe går prosentdelen dyr på beite ned når besetningane blir større.

På grunnlag av utvalsundersøkinga «Arealrekneskap i utmark» og statistikk frå Landbruksdirektoratet på søknadar om produksjonstilskott i 2016, har NIBIO gjort berekningar av kor stor del av det tilgjengelege utmarksbeitet i kvart fylke som blir nytta av husdyr. Oslofjordfylka, Telemark og heile området frå det tidlegare Nord-Trøndelag til Finnmark har ei utnyttingsgrad som er lågare enn landsgjennomsnittet. I Oppland og fylka langs kysten frå Agder til Møre og Romsdal er utnyttingsgraden for utmarksbeite høgare enn landsgjennomsnittet. Berekningane viser at det er store ressursar i utmarka som ikkje blir utnytta, og at det unytta potensialet er særleg stort i Nordland og Troms.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Jordbruket stod for i alt 1,8 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2017. I alt var det i underkant av 90 000 sysselsette personar i landbrukssektoren, ein liten auke frå 2016. Av dei var om lag 35 500 sysselsette i jordbruk og reindrift og 5 650 i skogbruk, jf. tabell 3.2. Samstundes var 32 900 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og over 15 750 i skogbruksbasert industri. Den regionvise fordelinga av sysselsetjinga i jordbruket over tid er relativt stabil. Rogaland skil seg ut med størst prosentdel i den jordbruksbaserte sysselsetjinga.

Tabell 3.2 Sysselsette personar i landbruket, 2017

Sysselsette i alt

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av total sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Østfold

118 320

1 780

5,0 %

329

5,8 %

2 966

9,0 %

1 445

9,2 %

6 520

7,3 %

Akershus

270 337

1 699

4,8 %

395

7,0 %

2 343

7,1 %

500

3,2 %

4 937

5,5 %

Oslo

468 375

161

0,5 %

131

2,3 %

3 472

10,5 %

215

1,4 %

3 979

4,4 %

Hedmark

86 628

3 012

8,5 %

1 080

19,1 %

2 040

6,2 %

1 965

12,5 %

8 097

9,0 %

Oppland

86 968

3 514

9,9 %

626

11,0 %

1 550

4,7 %

1 185

7,5 %

6 875

7,7 %

Buskerud

125 938

1 535

4,3 %

628

11,1 %

1 338

4,1 %

1 134

7,2 %

4 635

5,2 %

Vestfold

106 932

1 427

4,0 %

248

4,4 %

2 458

7,5 %

787

5,0 %

4 920

5,5 %

Telemark

74 749

992

2,8 %

410

7,2 %

514

1,6 %

360

2,3 %

2 276

2,5 %

Aust-Agder

47 867

551

1,6 %

311

5,5 %

421

1,3 %

825

5,2 %

2 108

2,3 %

Vest-Agder

86 998

872

2,5 %

223

3,9 %

968

2,9 %

1 202

7,6 %

3 265

3,6 %

Rogaland

233 986

4 856

13,7 %

94

1,7 %

3 963

12,0 %

1 325

8,4 %

10 238

11,4 %

Hordaland

254 288

1 955

5,5 %

144

2,5 %

2 187

6,6 %

607

3,9 %

4 893

5,4 %

Sogn og Fjordane

54 490

1 964

5,5 %

111

2,0 %

1 166

3,5 %

628

4,0 %

3 869

4,3 %

Møre og Romsdal

127 061

1 999

5,6 %

155

2,7 %

1 409

4,3 %

619

3,9 %

4 182

4,7 %

Sør-Trøndelag

166 480

2 683

7,6 %

188

3,3 %

2 794

8,5 %

1 078

6,8 %

6 743

7,5 %

Nord-Trøndelag

62 621

2 915

8,2 %

375

6,6 %

1 208

3,7 %

1 074

6,8 %

5 572

6,2 %

Nordland

116 018

2 033

5,7 %

152

2,7 %

732

2,2 %

634

4,0 %

3 551

4,0 %

Troms

84 538

949

2,7 %

58

1,0 %

1 039

3,2 %

155

1,0 %

2 201

2,4 %

Finnmark

37 143

631

1,8 %

10

0,2 %

342

1,0 %

27

0,2 %

1 010

1,1 %

Sum

2 609 737

35 528

100 %

5 668

100 %

32 909

100 %

15 765

100 %

89 870

100 %

Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsetjinga i område med spreidd busetnad og småsenterregionar enn i meir sentrale område av landet. Områda med spreidd busetnad og småsenterregionar har over fleire år hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsetjinga enn andre regionar.

Ressursane knytte til landbrukseigedommane speler ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet. Tal frå SSB viser at det var registrert 5 258 317 innbyggjarar i Noreg per 1.1.2017. Av dei var 372 656 fast busett på ein landbrukseigedom. Det er ein nedgang frå 423 412 personar i 2010. I 2017 var det registrert om lag 146 100 landbrukseigedommar med bustadhus i Noreg. I overkant av 115 600 landbrukseigedommar var registrerte med fast busetnad av eigaren eller andre. I snitt bur 3,2 personar på kvar landbrukseigedom, målt ut frå desse tala.

I 2017 budde 7,1 pst. av befolkninga på ein landbrukseigedom. I område med spreidd busetnad og i småsenterregionar bur ein større del av befolkninga på landbrukseigedommar. Her er det høvesvis om lag 23 pst. og 18 pst. av befolkninga som bur på slike eigedommar, mens tilsvarande tal for storbyregionar er om lag 3 pst.

Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Den geografiske fordelinga av produksjon i landbruket er viktig for å oppretthalde målet om landbruk over heile landet. Figur 3.2 viser endringa i produsert mengde fordelt på nokre produksjonar og på landsdel i denne regjeringsperioden. Produksjonen av mjølk er jamt fordelt over heile landet på grunn av kvotesystemet. Dei siste åra har den samla produksjonen gått noko ned i heile landet med unntak av Vestlandet, som har hatt ein liten auke. Produksjonen av storfekjøtt har auka i alle delar av landet med unntak av Nord-Norge. Særleg sterk har auken vore i Trøndelag. Produksjonen av sau har auka i heile landet, mest på Austlandet og i Trøndelag. Åkerarealet har auka i Rogaland og Nord-Noreg, målt i prosent frå eit lågt nivå.

Produksjonen av fjørfekjøtt har hatt ein sterk auke dei siste ti åra, trass i reduksjonen i 2015 og 2016 som følgje av marknadssvikt i samband med merksemda kring antibiotikaresistens. I dag blir fjørfekjøtt i hovudsak produsert på Austlandet, i Trøndelag og i Rogaland. Produksjonsauken frå 2016 til 2017 har komme i Rogaland. I Trøndelag har produksjonen av egg auka mykje dei siste åra, mens han har vore stabil i resten av landet. Veksten i produksjon av grønsaker har komme på Austlandet. I svinekjøttproduksjonen har veksten i størst grad komme i Rogaland, men òg i Agder/Telemark, på Vestlandet og i Nord-Noreg har produksjonen auka noko.

Figur 3.2 Endring i produsert mengde fordelt på produksjon og landsdel, 2014–2017

Figur 3.2 Endring i produsert mengde fordelt på produksjon og landsdel, 2014–2017

For å nå målet om eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte. Tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at over halvparten av jordbruksverksemdene (59 pst.) hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2016. Dette er ein nedgang frå 2006, då prosentdelen for desse jordbruksverksemdene var på 64 pst. I 2016 hadde 4 300 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift mot om lag 4 200 året før. Tala viser framleis ein auke i jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift – frå 2,5 pst. i 2000 til i underkant av 11 pst. i 2016.

Tala for jordbruksverksemdene analyserte på BA-sentralitet viser omtrent same strukturfordeling som året før. Om lag 69 pst. av jordbruksverksemdene ligg i ulike former for byregionar. Største delen ligg i småbyregionane (25 pst.), færrast i område for spreidd busetnad (9 pst.). Småbyregionane er òg i 2016 dei regionane som har flest dekar jordbruksareal i drift (2,6 mill. dekar) og mest leigd areal (i underkant av 1,2 mill. dekar). Tala frå åra 2012 og 2016 for desse regionane viser òg at det eigde jordbruksarealet i drift har gått ned frå 1 490 600 dekar til 1 430 800 dekar, mens leigd jordbruksareal i drift har auka frå 1 135 600 dekar til om lag 1 180 500 dekar.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord. Over halvparten av jordbruksverksemdene (60 pst.) driv landbruksproduksjon med både leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 30 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på eige jordbruksareal. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med leigd jordbruksareal, jf. figur 3.3, som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksareal i drift. Tala for 2015 og 2016 viser ein nedgang i jordbruksverksemder som driv landbruksproduksjon berre med eigd jordbruksareal, men òg ein nedgang i talet på jordbruksverksemder som driv produksjon med både eigd og leigd jordbruksareal.

Det eigde jordbruksarealet i drift på jordbruksverksemdene var på vel 5,4 mill. dekar i 2016. Det leigde jordbruksarealet var på 4,4 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2015 viser dette ein nedgang i det eigde jordbruksarealet i drift på 52 100 dekar og ein auke i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene, på 28 300 dekar. Gjennomsnittleg areal i drift per jordbruksverksemd var 239 dekar i 2016 (fordelt på 132 dekar eigd areal og 107 dekar leigd areal). Det er 4 dekar meir enn året før og 23 dekar meir enn i 2010. Av jordbruksarealet i drift var i alt 45 pst. leigejord i 2016 mot 44 pst. i åra 2015, 2014 og 2013.

Figur 3.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2016

Figur 3.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2016

Regjeringa vil leggje til rette for ein variert eigedomsstruktur der bonden har rett til å disponere over eigen eigedom i tråd med eigne val og prioriteringar. Statistikk frå SSB viser at det var om lag 184 400 registrerte landbrukseigedommar i 2016. Dette er landbrukseigedommar som er sette saman av minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på det eigde jordbruksarealet viser at mange eigedommar har eit lite jordbruksareal. Hovudtyngda (70 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal både i 2015 og 2016. Om lag 18 pst. hadde mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Under 1 pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar og meir. Utviklinga frå 2013 til 2016 viser ein auke i talet på landbrukseigedommar som har mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Endringa var størst for landbrukseigedommar mellom 200 og 300 dekar (om lag 250 eigedommar). Utviklinga viser òg ein liten auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden (om lag 100 eigedommar). Om lag 7 pst. av eigedommane var registrerte utan eigd jordbruksareal i 2016. Dette er på same nivå som i perioden 2013–2015.

Tal frå KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) i 2017 viser at om lag 17 pst. av dei som fekk samtykke til å dele ein landbrukseigedom, skulle selje jorda som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 627 eigedommar skulle overførast som tilleggsjord til ein eller fleire landbrukseigedommar i 2017. I perioden 2009–2014 var den tilsvarande prosentfordelinga på om lag 12 pst. Fordelinga i 2015 var 15 pst. og i 2016 14 pst.

Av dei 184 400 registrerte landbrukseigedommane i 2016 har om lag 163 000 eigedommar (88 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av dei har om lag 51 pst. av eigedommane jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 22 pst. av eigedommane blir drivne berre ved hjelp av eige jordbruksareal, jf. figur 3.4 som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2016. Tala for åra 2015 og 2016 viser ein auke for eigedommar som har areal som anten blir drive av eigaren sjølv eller av andre ved bortleige, ein nedgang i talet på eigedommar der eigaren sjølv òg er brukar av areala, og ein nedgang i talet på eigedommar som berre blir drivne ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet om lag 67 dekar.

Figur 3.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2016

Figur 3.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2016

Fordelinga av landbrukseigedommane på BA-sentralitet i 2016 viser om lag same prosentfordeling av eigedomsmassen for eigedommane med minst 5 dekar jordbruksareal mellom regionane som for åra 2013 til 2015. Om lag 65 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar. Største delen ligg i småbyregionar (28 pst.) og færrast i område med spreidd busetnad (11 pst.).

Tala for 2016 viser òg, til liks med tala for 2013 til 2015, at småbyregionar hadde flest landbrukseigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (14 pst.) og flest eigedommar der eigaren sjølv òg er brukar av areala (6 pst.). Av regionane var det òg småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2016.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen inneheld sentrale rammevilkår og gir grunnlag for auka lønnsemd i landbruket, og er slik det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioritert i delar av regelverket. I 2017 gjekk 27 pst. av tilskottsmidlane til personlege støttemottakarar under 35 år. Dette er ein markant auke sidan 2010/2011, då det tilsvarande talet var 19 pst.

For å sikre og utvikle norsk matproduksjon og andre landbruksbaserte næringar, har landbruksnæringa, som andre næringar, behov for kunnskap og kompetanse. Det er difor viktig å leggje til rette for eit godt utdanningssystem i landbruket. I vidaregåande opplæring er det tilbod om landbruksutdanning i alle fylke, og i høgare utdanning er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stadar i landet – ved Nord universitet, Høgskolen Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Ved mange av naturbruksskolane har det vore ulike tilbod om agronomutdanning for vaksne. Frå 2018 blir det etablert ein nasjonal modell for Vaksenagronomen i regi av dei fylkeskommunale naturbruksskolane.

Ei økologisk berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak, tilrettelegging av tilleggsnæringar og betre lønsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Tal frå totalkalkylen viser ein reduksjon i resultatmåla frå 2015 til 2016. Samla sett blir vederlag for arbeid og eigenkapital redusert frå 102,3 mill. kroner til 87,2 mill. kroner. Per årsverk blir vederlaget for arbeid og eigenkapital redusert frå 107 600 kroner til 95 200 kroner. Det er i hovudsak ein reduksjon av dei produksjonsbaserte inntektene. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte området. Førebelse tal for 2017 viser ein vesentleg reduksjon av resultatmåla. Dette kjem i hovudsak av reduksjon i slaktinga.

Vinteren og våren 2017 var utfordrande for store delar av reindrifta i Noreg, særleg i Aust-Finnmark, der store delar av beiteområda låste seg og gav ei omfattande beitekrise. Årsaka til krisa var sein vår med mykje snø og is. Krisa resulterte i redusert slakteuttak og reduserte slaktevekter. Innrapporterte tal viser at det blei slakta om lag 58 600 rein i kalenderåret 2017, av dei om lag 52 300 rein hausten 2017 ved dei registrerte slakteria. Det er ein reduksjon på heile 26 000 rein samanlikna med 2016. Slaktedata for 2017 viser ei gjennomsnittleg slaktevekt på 18,9 kg (19,3 kg i 2016) for kalv og 34 kg (32,1 kg i 2016) for vaksne dyr, og ein kalveandel på 77 pst. (78 pst. i 2016).

Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte området. Sidan driftsåret 2009/2010 er den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 5,2 kg per livrein i 2014/2015. Frå driftsåret 2014/2015 auka produksjonen per livrein til 8,5 kg i 2015/2016. Produksjonen per livrein var òg 8,5 kg i 2016/2017.

Det er mange årsaker til tap av rein, kor dei viktigaste er rovdyr, sjukdom, ernæringssvikt, reintjuveri eller trafikkulykker. Tamreinlaga har dei klart lågaste oppgitte kalvetapa, etterfølgt av Sør-Trøndelag/Hedmark og Polmak/Varanger. Generelt god kondisjon hos reinen og lågare dyretettleik på beiteareala, har vore viktige faktorar for å forklare dei lågare tapa heilt aust i Finnmark samanlikna med Karasjok og Vest-Finnmark. På grunn av store tap til rovdyr har Troms og Nordland over tid hatt dei største oppgitte tapa av kalvar og vaksne dyr. Samla tap i driftsåret 2016/2017 var 68 213 rein (68 606 for perioden 2015/2016). Av dei var 51 848 (2015/2016) tap av kalv.

3.3 Overordna mål: Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Sjølvforsyningsgraden, eller heimemarknadsandelen målt på energibasis, viser kor mykje av maten vi et som er produsert i Noreg. I fleire tiår har sjølvforsyningsgraden vore om lag 50 pst. Etter nokre år med reduksjon frå 2008 auka sjølvforsyningsgraden med 3 prosentpoeng frå 47 pst. til 50 pst. frå 2014 til 2015, i stor grad fordi kornavlingane var svært gode. Frå 2015 til 2016 gjekk sjølvforsyningsgraden ned med 1 prosentpoeng, til 49 pst., som følgje av at noko mindre av kornavlinga heldt matkornkvalitet. Dette var òg gjeldande for 2017. For husdyrprodukt er sjølvforsyningsgraden gjennomgåande høg, mens han er lågare for planteprodukt.

Importen av landbruksvarer til Noreg aukar i verdi, men har eit relativt stabilt volum. Importen er stort sett varer som ikkje blir produserte i Noreg, eller varer som blir importerte utanfor norsk sesong. Samla blei det i 2017 importert landbruksvarer og fiskefôr for 64 mrd. kroner. Det er ein auke på om lag 5 pst. frå 2016 til 2017. Auken i import av råvarer til fiskefôr stod for ein stor del av auken i den samla importen. Av den samla mengda importerte fôrråvarer var fiskefôr om lag to tredelar og råvarer til kraftfôr om lag éin tredel.

Økologisk mat representerer eit mangfald som forbrukarar i aukande grad etterspør. For alle produktgruppene samla auka omsetnaden i daglegvarehandelen med om lag 8 pst. frå 2016 til 2017. Det blei omsett økologiske matvarer for 2,6 mrd. kroner i 2017, noko som utgjer omlag 1,9 pst. av totalmarknaden. Marknaden for økologiske produkt er såleis framleis liten sjølv om etterspørselen er aukande.

I 2017 blei det arbeidd med å utarbeide ein ny strategi for økologisk jordbruk som blei ferdigstilt i 2018, som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon og Stortingets handsaming av denne meldinga 25. april 2017.

Lokalmat er definert som mat- og drikkevarer med ein lokal identitet, eit særskild opphav eller særskilde kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller råvarer. Omsetnaden av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka sterkt dei siste åra. Frå 2010 til 2017 er salet meir enn fordobla, frå 2,3 mrd. kroner til 4,9 mrd. kroner. Det siste året har det ikkje vore den same vekstutviklinga gjennom daglegvarehandelen som tidlegare. Salet av lokalmat gjennom denne kanalen utgjer no om lag 2,8 pst. av totalomsetnaden av matvarer. Tilsvarande tal for 2010 var om lag 1,7 pst. I tillegg kjem ein monaleg, men ikkje talfesta, omsetnad av lokalmat gjennom andre kanalar, som hotell, restaurant og catering, Bondens marknad, matfestivalar og direkte sal frå produsentane.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom ytterlegare forenkling av lover, reglar og støtteordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at samla lønsemd i næringa kan bli betre i åra som kjem.

Jordbruket stod i 2017 for om lag 44 100 årsverk ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket. Nærings- og nytingsmiddelindustrien, inklusiv fisk, drikkevarer og tobakk, er den nest største industribransjen i Noreg, og hadde i 2017 ein omsetnad på om lag 214,5 mrd. kroner. Nærings- og nytingsmiddelindustrien bidrog med 52 mrd. kroner i verdiskaping i 2017. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som han i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å oppretthalde norsk matproduksjon og sikre tilgangen på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 4,2 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 5 pst. mens produksjon av planteprodukt har auka med 2,2 pst. Det er særleg det kraftfôrbaserte husdyrhaldet som har auka, i tillegg til delar av det grovfôrbaserte. Desse produksjonane har dei siste åra hatt problem med marknadsbalansen, først i svineproduksjonen og så for sau/lam. Det er framleis noko import av storfekjøtt, men produksjonsauken har vore stor dei siste åra, og marknaden vil kunne dekkjast av norske varer i løpet av nokre få år.

Produksjonen av korn, potet og frukt har falle det siste tiåret. For korn har dette å gjere med både redusert areal og svak avlingsutvikling på grunn av dårleg vêr. 2014, 2015 og 2016 var gode avlingsår, men desse åra er ikkje nok til å snu den negative trenden. Produksjonen av poteter har gått ned med over 8 pst., og frukt har hatt ein reduksjon på 5,7 pst. Bær har hatt ein sterk produksjonsauke dei siste åra, etter ein periode med nedgang. Produksjonen av grønsaker har hatt ein auke på i overkant av 18 pst. Grøntsektoren har hatt utfordrande marknadsforhold dei siste åra, både som følgje av nasjonale forhold, som til dømes endringar i eigarskap og organisering i omsetnadskanalane, og konkurranse frå import. Årsaka til auken i grønsaksproduksjon er ein kombinasjon av fleire faktorar, mellom anna større grønsaksareal, betre dyrkingsmetodar og større preferanse for norskproduserte varer. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for ein auke i planteproduksjonen, særleg for grøntsektoren.

Figur 3.5 Endring i produksjonsvolum 2009–2018, ifølgje normalisert rekneskap

Figur 3.5 Endring i produksjonsvolum 2009–2018, ifølgje normalisert rekneskap

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Lønsemd er den viktigaste drivaren for avgjerdene den enkelte produsenten tek. Det inneber at dei økonomiske verkemidla mellom anna verkar inn på den geografiske produksjonsfordelinga.

Hovudbiletet for produksjonsutviklinga var tidlegare at vekst i produksjonar kom i dei meir sentrale områda, noko ein har sett ei endring på dei siste åra. Frå 2014 har Vestlandet og Trøndelag auka sine delar av mjølkeproduksjon, sau, eng og beite. Trøndelag har i tillegg auka marknadsdelane sine av produksjonen av storfekjøtt. Endringar i den geografiske fordelinga må sjåast i samanheng med produksjonsutviklinga generelt. Den sterke auken i produksjon av fjørfe, trass i reduksjonen i 2015 og 2016 som følgje av merksemda kring antibiotikaresistens, har først og fremst komme i Trøndelag, i dei to siste åra også i Rogaland. I Trøndelag har eggproduksjonen auka dei siste åra, mens han er stabil i andre område av landet. Auken i produksjon av grønsaker på friland har i stor grad komme på Austlandet. Austlandet har òg hatt ein auke i marknadsdelen på sau. Auken i svinekjøttproduksjon har vore størst i Rogaland.

For mjølkeproduksjon er produksjonsdelinga relativt stabil med produksjon over heile landet, som følgje av at ein kvote ikkje kan flyttast ut av produksjonsregionen. Innanfor produksjonsregionane er det ikkje noko systematisk flytting av kvotar til områda med dei beste produksjonsforholda, men det er ein aukande konsentrasjon av mjølkeproduksjon i dei områda som allereie har sterke produksjonsmiljø. Slike klynger av produsentar med eit sterkt fag- og produsentmiljø, ser ut til å ha større innverknad på lokaliseringa av mjølkeproduksjonen enn naturgitte produksjonsforhold. I handsaminga av jordbruksoppgjeret i 2017 blei det vedteke å redusere talet på produksjonsregionar for mjølkekvotar frå 18 til 14. Formålet med samanslåinga var å bidra til meir fleksibilitet og betre tilrettelegging av driftsomfanget til den enkelte produsenten. Dei nye produksjonsregionane blei gjeldande frå omsetnadsrunden hausten 2017, med verknad frå 2018.

I følgje nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 17,97 mrd. kroner i 2017. Dette inneber ein marginal auke frå 2016. Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Dei siste ti åra har jordbruket hatt ein gjennomsnittleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på om lag 4 pst. per år. Det er ingen tydelege teikn på at produktivitetsutviklinga blir svakare framover. Landbruket er dyktig til å ta i bruk ny teknologi, og graden av presisjonsjordbruk aukar.

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket har føreseielege rammevilkår som kan bidra til at samla lønsemd i næringa kan auke òg i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal ha moglegheit til ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendig næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av den samla produksjonen.

Frå 2016 til 2017 er bruttoinntektene i jordbruket (inkl. tilskott) redusert med 0,2 pst. Dei blir budsjettert til å auke med 1,1 pst. frå 2017 til 2018, som følgje av 5 pst. auke i direkte tilskott. Kostnadene auka med 1,6 pst. frå 2016 til 2017, og er venta å auke med 3,6 pst. i 2018. Denne auken kjem på store kostnadspostar som gjødsel, kraftfôr, energi og kapitalslit/leasing. Budsjettnemnda prognoserer at vederlag til arbeid og eigenkapital i 2018 vil bli redusert med 2,2 pst. frå 2017. Den svake inntektsutviklinga dei siste to åra kjem i stor grad av svikt i inntektene frå marknaden, særleg som følgje av overproduksjon av svin og sau/lam. Den ekstraordinære tørkesituasjonen i 2018 vil i stor grad verke inn på resultata i jordbruket.

Landbruksdirektoratet har lagt ned store ressursar på IKT-området dei siste åra. Dei nye IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag for både brukarar og forvaltning, og til ei effektiv og sikker forvaltning. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for fylkesmannsembeta og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet er no tilgjengelege digitalt. Dei siste åra er fleire store IKT-prosjekt finansierte over jordbruksavtalen, mellom anna eStil RMP, eStil PT og Agros.

Ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine samla ressursar

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer ambisjonane regjeringa har for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad som følgje av tildeling av midlar. Dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, og rekneskapstala deira er ikkje tilgjengelege på same måten som for aksjeselskap. Mangelen på rekneskapsdata gjer at det ikkje er mogleg å måle effekten av midlane til tradisjonelt landbruk med same metode som for midlar til andre tenester til næringslivet hos IN. For tenester innan INs landbruksoppdrag utanom tradisjonelt landbruk har SSB gjort berekningar av effekt.

I IN sin rapport til oppdragsgivarane for 2017 viser effektindikatorar for finansiering gitt til AS under landbruksoppdraget at bedrifter som har fått tilsegn frå INs tenester har ein større årleg vekst i salsinntekter, verdiskaping og produktivitet enn dei som ikkje har fått tilsegn frå IN. Sett opp mot tenester og verkemiddel frå andre departement har prosjekt som er finansiert av Landbruks- og matdepartementet ein betre produktivitetsvekst. Når det gjeld effekt på salsinntekter og verdiskaping ligg landbruksprosjekta på same nivå som prosjekt som er finansierte frå andre departement.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og til framtidig vekst og utvikling i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel. I overkant av 80 pst. av tilskottsmidlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, dvs. knytt til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er knytt til delmålet om fleire gründerar. Rapporten frå IN om bruk av IBU-midlar for 2017 legg til grunn ein sysselsetjingsvekst på om lag 449 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til innan tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar. INs kundeeffektundersøkingar viser at ordninga ligg på same nivå som snittet for INs tenester når det gjeld prosjekt som er viktige for betra lønsemd, overleving og auka omsetnad.

Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er eit breitt anlagt program, etablert i si noverande form i 2015, og med tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter og forpliktande produsentsamanslutningar. Målet med programmet er å skape auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og annan ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet i stor grad er utløysande for realisering av prosjekta. Undersøkingane viser vidare at ordningane bidreg positivt til kompetanseheving og samarbeid. Det er stadig behov for meir kunnskap om korleis programmet verkar og verknader av dei ulike tiltaka mellom anna for å utvikle programmet vidare og sikre best mogleg utnytting av midlane. Vekstordninga blei evaluert hausten 2016 av Oxford Research, mellom anna for å undersøkje den bedriftsøkonomiske verknaden av ordninga nærare. Evalueringa viser at vekstordninga i stor grad er avgjerande for realisering av vekstprosessen hos den enkelte, og at ho bidreg til betre evne til overleving, vekst og auka lønsemd for verksemdene. Ordninga for forpliktande produsentsamanslutningar (bedriftsnettverk) blei evaluert i 2017 som ledd i ei breiare evaluering av Innovasjon Noreg si generelle ordning for bedriftsnettverk. Denne evalueringa viser at ordninga for bedriftsnettverk bidreg til å gi verksemdene tilgang på, eller påfyll av, dei mest sentrale ressursane for å oppnå verdiskaping på sikt. Evalueringa viser òg at landbruks- og reiselivsnettverka som får finansiering over Utviklingsprogrammet, generelt oppgir større bidrag til utvikling og resultat enn dei andre bedriftsnettverka. I 2018 er det sett i gang ei evaluering av kompetansesatsinga innanfor Utviklingsprogrammet.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Av dei 920 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2016, hadde 81 pst. omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er på same nivå som i 2015. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang var størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 62 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner frå andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 239 700 kroner, ein auke på 11 pst. frå 2015. Gjennomsnittleg omsetnad auka i alle dei fem regionane. Auken var størst i Nord-Noreg, med 35 pst. auke frå 2015. Også Austlandet hadde ein stor auke i gjennomsnittleg omsetnad, med 15 pst.

Figur 3.6 Driftsoverskot frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2014–2016

Figur 3.6 Driftsoverskot frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2014–2016

Driftsoverskotet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 78 900 kroner per bruk i 2016. Det er ein auke på 11 100 frå 2015. Driftsoverskotet varierer mykje mellom dei ulike næringane jf. figur 3.6. Gruppa «Anna tenesteyting» (mellom anna Inn på tunet, klauvskjering og saueklipping) har hatt størst driftsoverskot per bruk av gruppene. For gruppene turisme og vareproduksjon er det stor variasjon mellom år og vesentleg lågare driftsoverskot enn innanfor det tradisjonelle jordbruket. Driftsgranskingane viser at bidraget frå desse næringane til familieøkonomien samla sett er lite, og har lege nokså stablit på mellom 6 og 7 pst. det siste tiåret.

Landbruks- og matdepartementet har i regi av NIBIO i 2015 og 2016 fått gjennomført landsdekkjande spørjeundersøkingar til bedrifter innanfor både Inn på tunet og landbruksbasert reiseliv. Undersøkingane viser teikn til både aukande profesjonalisering, god framtidstru og investeringslyst og aukande omsetnad, i følgje bedriftene sjølve. Matmerk rapporterer på talet godkjende Inn på tunet-bedrifter ved årsskiftet. Per 31. desember 2017 var det 398 godkjende bedrifter og 128 under godkjenning. Tala vil variere år for år i takt med godkjenningskapasitet og rekruttering av nye bedrifter. Når det gjeld landbruksbaserte reiselivsbedrifter, manglar ein oversikt. Ein indikator kan vere talet på medlemmar hos HANEN. Per 31. desember 2017 hadde HANEN 517 medlemmar, ein vesentleg auke frå 2016.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Regjeringa vil bidra til å utvikle Noreg som matnasjon og vil bruke omgrepet for å synleggjere den samla matproduksjonen og matmangfaldet i Noreg. Slik vil vi stimulere til næringsutvikling og verdiskaping med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat.

Stiftinga Matmerk har ei sentral rolle i utviklinga av Noreg som matnasjon. Stiftinga administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for generisk marknadsføring av økologisk mat. Utviklinga i merkeordningane kan gi nyttig informasjon om korleis matnasjonen Noreg utviklar seg.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. I 2017 leverte Matmerk 4170 revisjonar gjennomførte av til saman 60 KSL-revisorar. Samstundes har styret i Matmerk vedteke å starte eit stort utviklingsarbeid for datasystemet som ligg til grunn for KSL. Dei samla tekniske løysingane må oppgraderast for å svare på nye krav og utfordringar. Innan 2020 skal prosjektet STEM 2020 bidra til ei samla oppgradering, samordning og digitalisering av både KSL og drifta av heile stiftinga.

Ved utgangen av 2017 var 3 580 produkt frå til saman 81 ulike verksemder godkjende for Nyt Noreg-merket. Det utgjer ein netto auke på 580 produkt og 3 nye verksemder sidan 2016. Forbrukarmålingar viser at 88 pst. av forbrukarane som kjenner til merket, seier at det gjer at dei får lyst til å kjøpe norsk mat.

Per juni 2018 er Spesialitet-merket brukt på til saman 471 produkt frå 95 godkjente verksemder. Det representerer ein monaleg auke frå den spede starten i 2001, mellom anna på grunn av tekniske endringar i registreringa. Merket blir tildelt for tre år om gongen. Kvart år er det fleire produkt og verksemder som ikkje får fornya godkjenninga eller som sjølve vel ikkje å fornye godkjenninga.

2017 var eit merkeår for Beskytta nemningar. Fenalår frå Noreg blei godkjend i EU som det første norske landbruksproduktet. Nasjonalt blei Pinnekjøtt frå Noreg det 28. produktet med Beskytta nemning. Fleire nye produkt er til vurdering og kan bli godkjende i løpet av 2018.

Lokalmatdatabasen, lokalmat.no, blei etablert i 2016 og er ein viktig reiskap for å kople saman produsentar og innkjøparar. Databasen blir drifta i eit samarbeid mellom næringa (daglegvarehandel og hotell, restaurant og catering, HoReCa) og det offentlege. Produsentar som ønskjer å selje til daglegvarehandelen og til HoReCa, må gjennomføre ein eigenrevisjon for å kunne leggje inn produkt i basen. Per juni 2018 er 446 produsentar med til saman 1 601 produkt registrerte i basen. 270 innkjøparar er registrerte og 112 eksterne revisjonar er gjennomførte.

Leggje til rette for at bonden får inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Inntektsutviklinga i jordbruket

Frå 2014 til 2016 auka vederlag til arbeid og eigenkapital i jordbruksnæringa med om lag 20 pst. Årets berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket viser ein reduksjon i vederlag til arbeid og eigenkapital frå 2016 til 2017 på 1,5 pst, eller 5 000 kroner per årsverk. I berekningane er ikkje effekten av jordbruksfrådraget med. Det er fleire årsaker til reduksjonen, mellom anna svikt i inntektene frå marknaden som følgje av overproduksjon, ein sterk auke i både energi- og rentekostnaden og redusert verdi av jordbruksfrådraget som følgje av lågare skatt på alminneleg inntekt.

Utvikling i produktivitet

Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Dei siste ti åra har jordbrukssektoren hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på i gjennomsnitt 4 pst. per år. Dei siste åra har veksten vore noko mindre samanlikna med tidleg i perioden. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,6 pst. dei siste åra, ifølgje Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg var 0,7 pst. Den samla faktorproduktiviteten i jordbruket har auka med 2,9 pst. per år i same periode.

Investeringar i jordbruket

Det samla investeringsnivået i driftsbygningar innan jord- og hagebruk auka frå 3,5 mrd. til 4 mrd. kroner frå 2014 til 2016. Tabell 3.3 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2016 fordelt på regionar. Driftsgranskingane omfatta 920 bruk i 2016. Ettersom tala baserer seg på alle deltakarane i driftsgranskingane, vil det innanfor kvar region også vere bruk som ikkje investerte i 2016. Talet for investeringsnivå må difor sjåast i lys av det. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket vil mellom anna vere avhengig av produksjonstype og bruksstorleik.

Tabell 3.3 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket 2016 fordelt på regionar

(1 000 kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygdene

483,6

Andre bygder

381,7

Agder og Rogaland

Jæren

490,2

Andre bygder

634,2

Vestlandet

353,5

Trøndelag

Flatbygdene

510,6

Andre bygder

385,5

Nord-Noreg

268,3

Med utgangspunkt i desse tala finn ein dei største bruttoinvesteringane per bruk i Agder og Rogaland utanom Jæren og på flatbygdene i Trøndelag.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ei viktig verdikjede i Noreg. I 2017 var i overkant av 21 000 personar sysselsette i denne verdikjeda. 5 668 av desse var sysselsette i skogbruket med tilhøyrande tenester. I 2017 var bruttoverdien av tømmer selt til industrien på 3,3 mrd. kroner, og omsetnaden i skogindustrien var på 43,3 mrd. kroner.

Noreg eksporterte tømmer og trebaserte varer til ein verdi av 12,9 mrd. kroner i 2017, 60 pst. var eksport frå cellulose og papirindustrien. I 2017 blei det eksportert i underkant av 3,7 mill. kubikkmeter tømmer, ein oppgang på om lag 0,2 mill. kubikkmeter frå 2016. Eksportvolumet var fordelt på rundt 2 mill. kubikkmeter massevirke og 1,3 mill. kubikkmeter sagtømmer, og kategorien «anna tømmer» på 0,2 mill. kubikkmeter.

Det blei i alt avverka 10,4 mill. kubikkmeter tømmer for sal til industrien i 2017. Det er om lag på same nivå som året før. Hogsten er likevel under halvparten av den årlege nettotilveksten for all skog på om lag 25 mill. kubikkmeter.

I 2017 blei det i Noreg sett ut i overkant av 36 mill. skogplanter. Dette er det høgaste nivået for planting på meir enn ti år. Plantearealet auka med om lag 15 pst. frå året før, til 214 000 dekar. Areal der det var utført ungskogpleie, auka med under 2 pst. til 269 000 dekar. Det blei utført markbearbeiding på om lag 62 000 dekar, ein reduksjon på rundt 7 pst. samanlikna med 2016.

Det blei bygd og ferdigstilt 103 km med nye skogsbilvegar og ombygd 388 400 km med eksisterande skogsbilvegar i 2017. Dette er ein nedgang på 10,4 pst. for nybygging og 5,8 pst. for ombygging samanlikna med 2016. I tillegg blei det bygd om lag 172 km med nye traktorvegar, og om lag 51 km blei bygde om. Dette er ein auke for nybygging på rundt 10 pst. frå 2016. For ombygginga var det ein nedgang på 25 pst. frå 2016. I alt blei det investert 227 mill. kroner til skogsbilvegar og 40 mill. kroner til traktorvegar i 2017.

I 2017 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 5,5 mill. dekar skog. Fordi desse prosjekta går over fleire år, svingar både arealtala og utbetalingane frå år til år. Stortinget vedtok ved handsaminga av Dokument 8:89 S (2013–2014) at det er Natur i Norge (NiN) hos Artsdatabanken som skal nyttast ved offentleg kartlegging av natur. Dette sikrar mellom anna eit sams omgrepsapparat ved vurderingar av bruk og vern av natur. Landbruksdirektoratet starta i 2016 med å innpasse omgrepsapparatet til NiN i opplegget for Miljøregistrering i skog (MiS). I 2017 lanserte Landbruksdirektoratet ny rettleiar for MiS-kartlegging med bruk av NiN, og alle prosjekt med oppstart etter juni 2017 skal bruke den reviderte MiS-metodikken. Kartlegging i område som tidlegare ikkje er kartlagde og som er starta opp etter denne datoen, er no under planlegging, og feltarbeid kjem for fullt i 2019.

Med bakgrunn i behova for tilskottsmidlar som fylkesmennene melder inn, er det grunn til å tru at kartleggingsaktiviteten vil auke framover. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstrøka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av miljøregistreringar frå tidlegare. Før eksisterande data blir førte vidare i nye planar, blir dei kvalitetssikra, og nøkkelbiotopar som er øydelagde av hogst eller anna, blir erstatta av nye. På Vestlandet og nordover er det framleis store område som ikkje er dekte med skogbruksplanar med miljøregistreringar, og det er starta eit arbeid for å auke innsatsen i desse områda, med tanke på både omfang og regionale tilpassingar.

Med grunnlag i dette arbeidet tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane. Det er no sett til side eit samla areal med nøkkelbiotopar på omkring 900 000 dekar. Miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda, og bidreg mellom anna til å auke omfanget av frivillig vern.

3.4 Overordna mål: Berekraftig landbruk

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlag i landbruket. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, og leggje til rette for auka opptak av klimagassar og nødvendig tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Redusert forureining frå landbruket

Tiltak for å avgrense forureininga

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år på grunn av variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrift. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt ein dårleg tilstand, slik som i Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland. I 2017 blei det gitt om lag 215 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssoner, fangdammar og hydrotekniske anlegg over ordningane Regionalt miljøprogram og Spesielle miljøtiltak i landbruket. Det har gjennom fleire år vore lagt vekt på å målrette innsatsen mot dei areala der det er viktigast å gjennomføre tiltak, noko som kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal. Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Oppslutninga om ordninga har auka tydeleg etter at satsen blei dobla frå 1.7.2017.

Salet av plantevernmiddel varierer årleg mellom anna på grunn av klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. Dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnaden av plantevernmiddel er berekna helserisiko for 2017 redusert til 76 pst. av 1996/1997-nivå, mens berekna miljørisiko er redusert til 79 pst. av 1996/1997-nivået.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

Reduserte utslepp av klimagassar

Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2016 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,4 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppet frå jordbruket er redusert med 5,4 pst. frå 1990 til 2016. I same periode har det vore ein auke i dei nasjonale utsleppa på 3 pst. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er opphav til utslepp av klimagassar hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Klimagassutsleppa frå jordbruket utgjorde 8,4 pst. av dei samla utsleppa i 2016. Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen, er metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av auka produktivitet i mjølkeproduksjonen, og redusert bruk av gjødsel er hovudårsakene til nedgangen i utsleppet frå jordbruket. Avlsarbeid innan mjølkeproduksjon har bidrege til reduserte klimagassutslepp med 10 pst. per produsert eining frå 1980 til i dag. Trass i auka produksjon har endringar innan jordbruket bidrege til at forbrenningsutsleppa i jordbruket er redusert med 30 pst. sidan 1990, av det er 15 pst. frå bruk av traktorar og andre reiskapar. Det er stor uvisse knytt til utsleppstala for jordbruket. Ifølgje Miljødirektoratet er uvissa for berekna utslepp av metan og lystgass på høvesvis 14 og 59 pst. Det er behov for meir kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa, om potensialet til lagring av karbon i jord, og korleis ein kan tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig i det vidare arbeidet å leggje vekt på at produksjon av mat skal skje med lågast mogleg klimagassutslepp per produsert eining.

Auka opptak av CO2 og karbonlagring i skog og jord

I 2016 stod norske skogar for eit nettoopptak på 28,8 mill. tonn CO2. Når anna areal blir teke med, blir nettoopptaket 24,4 mill. tonn, noko som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Sidan tømmerhogsten i Noreg har vore på eit temmeleg stabilt nivå på rundt 10 mill. kubikkmeter årleg, har omfanget av forynging av skog mykje å seie for tilveksten og med det karbonopptaket. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. Den positive utviklinga har halde fram i 2017. I 2017 blei det planta 36,4 mill. skogplanter, ein auke på 1,5 mill. planter frå 2016. Noko av auken kan komme av at det i 2016 blei innført eit målretta tilskott til tettare planting for å betre produksjonen og dermed CO2-opptaket i skogen.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Tre som bygningsmateriale har klare miljøfortrinn, og Noreg har store uutnytta skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næringsaktivitet.

Tresatsinga til regjeringa blei frå 2017 ein del av bioøkonomiordninga som blir forvalta av Innovasjon Noreg. Eitt av måla er auka bruk av tre og styrkt konkurransekraft i næringa. Bioøkonomiordninga byggjer på arbeidet som blei gjort i Trebasert innovasjonsprogram, som gjennom fleire år har hatt høg aktivitet. Trebasert innovasjonsprogram har gjennom mobilisering og finansiell støtte bidrege til realisering av alt frå arkitektoniske konsept til byggprodukt og konstruksjonsmetodar. Programmet har bidrege til å utvikle det moderne trebyggeriet slik at tre blir vurdert som eit aktuelt materiale av arkitektar, utbyggjarar, eigedomsutviklarar og entreprenørar.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og til intern bruk i næringa. Landbruks- og matdepartementet gir tilskott over jordbruksavtalen til investering i produksjon av småskala bioenergi. Dei seinare åra er det opna for å kombinere bioenergi med solvarme. Frå 2019 får ordninga namnet Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Programmet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi, både kraft og varme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil framover gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi. I 2017 blei det gitt støtte til 148 prosjekt over programmet, 16 fleire enn i 2016. I programmet si levetid er det i alt etablert over 1 705 gardsvarmeanlegg, 34 anlegg i veksthus og 214 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 413 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk har òg vore eit prioritert område innanfor programmet. Denne satsinga blir koordinert med biogasstrategien til regjeringa, som ligg under ansvarsområdet til Klima- og miljødepartementet. I ein tidleg fase vil det bli etablert pilotanlegg for kombinert behandling av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Eit anna utviklingsområde for programmet er produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi. Dersom denne produksjonen blir vellykka vil det kunne gi ein ny klimagevinst for jordbruket i tillegg til utsleppsreduksjonen knytt til energiproduksjonen.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal- og ressursgrunnlag

Omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa i desember 2015 og vedtok innstillinga frå næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140, 8. desember 2015, fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2017 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 4 025 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, og at ein difor er nær ved å nå målet.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark gjekk opp med 5 pst. frå 21 612 dekar i 2016 til 22 702 dekar i 2017, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med 2000-talet. I alt blei 958 søknadar handsama i 2017. Frå og med 2007 har i gjennomsnitt 17 000 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Det økologiske arealet utgjorde 436 804 dekar i 2017, om lag 4,4 pst. av det samla jordbruksarealet. Medrekna karensareal, det vil seie areal under omlegging, er delen 4,8 pst. Dette er ein liten nedgang samanlikna med 2016. For dei enkelte produksjonane var det ein auke av det økologisk drivne arealet til frukt- og bærproduksjon, grønsaker og poteter. Areala til økologisk korn og oljevekstar har vore relativt stabile det siste året. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det samla talet på husdyr i Noreg. Frå 2016 til 2017 var det ein auke i talet på dyr som slaktekyllingar, verpehøner, storfe og gris, mens talet på økologisk sau gjekk ned. Talet på økologisk storfe utgjer 3,5 pst. av storfehaldet, mens sau og lam utgjer 4,6 pst. Det var ein auke i produksjonen av økologiske egg og økologisk kjøtt, mens produksjonen av økologisk mjølk gjekk litt ned.

Genressursane i landbruket

Genmangfaldet i landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplanter og skogtre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt.

Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 20 i kategorien «kritisk truga» i 2017. Ytterlegare ni rasar blir rekna som «truga». Den samla summen av bevaringsverdige husdyr aukar jamt for kvart år. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Også innanfor dei husdyrrasane som ikkje er truga, blir det lagt vekt på berekraftig avl som sikrar det genetiske mangfaldet i populasjonane.

I 2017 var det i alt elleve bevarings- og tradisjonssortar på den norske plantesortslista. Det er òg oppretta bruksgenbankar for gamle sortar innan korn og potet, der interesserte bønder kan få materiale for utprøving. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for bevaring av norske sortar av grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Gjennom drifta av Nordisk genressurssenter (NordGen), under Nordisk ministerråd, samarbeider Noreg med dei andre nordiske landa om bevaring av nordiske plantesortar som kan frøformerast.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg klima og andre vekstvilkår. Dette har resultert i stor genetisk variasjon i viktige eigenskapar. I 2015 var det i alt 584 slike in situ bevaringslokalitetar med genressursar i kulturlandskap som blir haldne ved like etter skjøtselsplan og avtalar. Handlingsplan for slåttemark under Miljødirektoratet og øvrige fylkesvise initiativ bidreg til å halda ved like lokalitetane gjennom tradisjonell skjøtsel og drift.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Per 31.12.2017 var 3 373 individ utprøvde i skogplanteforedlinga på gran. Desse individa dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. For å bevare genetiske ressursar in situ er det oppretta bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar i nokre verneområde. Desse områda bidreg til å sikre den potensielle tilgangen på genetisk materiale frå ulike klima og veksestader. Det er oppretta 23 genressursreservat for skog, som omfattar 10 ulike treslag, mellom anna alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran.

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar, og er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2017 har i alt 73 institusjonar til saman deponert meir enn 900 000 frøprøvar i kvelvet. Meir enn ein tredel av alt mangfald av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi kan bidra både til større husdyrproduksjon og avlingar og til betre kvalitet i produksjonen. For å nå måla regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat er det nødvendig med meir kunnskap om agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn både hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon. Denne kunnskapen vil òg kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen frå den veksande befolkninga. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med større kunnskap om korleis klimagassutslepp som følgje av matproduksjon kan haldast på eit så lågt nivå som mogleg.

Forsking på matområdet har hatt høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som kjem fram i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd viser at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på det same høge nivået dei siste åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukaren. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar, med fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar, vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

På området agronomi er det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står overfor, forventningane om auka matproduksjon, vidareføring av norsk sjølvbergingsgrad og landbruk i heile landet. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har leidd det tverrvitskaplege forskingsprosjektet AGROPRO – Agronomi for auka matproduksjon, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet har undersøkt samanhengen mellom agronomi og matproduksjon i Noreg. Døme på tema som er representerte i prosjektet, er betre jordstruktur (jordpakking), miljøeffektar av lystgassutslepp frå ulike driftssystem og verdien av fysiske og kjemiske forhold i jorda for næringsopptaket til planter.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Det er eit mål å vareta og utvikle kulturlandskapet.

Midlane som var sette av til kulturlandskapsformål, blei i 2017 nytta til å hindre attgroing, halde ved like eit variert og levande kulturlandskap i heile landet, og ta vare på spesielle og verdifulle landskap og kulturmiljø. Ein del areal med særskilde landskapsverdiar kan takast vare på gjennom tradisjonell slått. Det blei mellom anna gitt tilskott til slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap og til skjøtsel av bratte jordbruksareal. Det blei òg gitt tilskott til skjøtsel av særeigne landskapselement som åkerholmar, gardsdammar og store tre. Til saman blei det gjennom Regionale miljøprogram og SMIL-ordninga innvilga støtte på over 300 mill. kroner til tiltak i kulturlandskapet i 2017. I tillegg kjem dei generelle ordningane med tilskott til dyr på beite og areal- og kulturlandskapstilskott.

Ny forskrift for Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap blei gjord gjeldande frå 2017. Det var i 2017 sett av til saman 24,5 mill. kroner til ordninga, som er finansiert over Jordbruksavtalen og budsjettet til Klima- og miljødepartementet. Midlane har gått til skjøtsel av landskap med viktige miljøverdiar knytte til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. I 2016 bad Stortinget om at ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket blei vidareutvikla med sikte på å auke talet på område fram mot 2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet peika våren 2017 ut ti nye område basert på forslag frå Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Riksantikvaren og ytterlegare ni område sommaren 2018. Det er planlagt å utvide ordninga med ytterlegare nokre område fram til og med 2020 ut over dei 41 som til saman no er valde ut.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2016 utgjorde vel 9,8 mill. dekar. Samanlikna med 2015 viser tala ein liten nedgang på om lag 15 000 dekar.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet og til å halde utmarka open og har samstundes ein positiv innverknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Verdsarvområda og Utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, det er difor behov for storfe, geit og sau på beite. I 2016 blei det gitt tilskott til i alt 2,4 mill. husdyr på utmarksbeite. I perioden frå 2000 til 2016 auka talet på beitande dyr med 4 pst. Samanlikna med 2014 auka talet med 7,3 pst.

3.5 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga har ansvar for samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere tilgjengeleg for folk, organisasjonar og næringsliv i tillegg til å leggje til rette for auka verdiskaping. Organiseringa av forvaltninga skal vere enkel og tilgjengelege ressursar skal nyttast effektivt. Brukarane skal oppfatte forvaltninga og kommunikasjonen med forvaltinga som god, open og tilgjengeleg, gjennom mellom anna brukarretta digitale tenester.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet, og ei oppgåveløysing som er delt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Departementet har fire underliggjande verksemder. Direktorats-og tilsynsoppgåver er lagde til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Dei to underliggjande forskingsinstitutta, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), er sentrale kunnskapsleverandørar for departementet, sektoren og næringslivet. For nærare omtale av dei underliggjande verksemdene, sjå omtale under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

I tillegg til departementet og underliggjande verksemder har både fylkesmannsembeta, fylkeskommunane, kommunane og Innovasjon Noreg sentrale roller og oppgåver i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken regionalt og lokalt.

Fylkesmannsembeta er statleg styresmakt på landbruks- og matområdet regionalt, og har ansvar for å følgje opp nasjonale vedtak, mål og retningsliner innanfor landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannsembeta er eit viktig bindeledd mellom staten og kommunane i gjennomføringa av den nasjonale landbruks- og matpolitikken. Fylkesmannsembeta er administrativt underlagde Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for oppfølging av embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regional nærings- og samfunnsutviklar ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og skal bidra til gode koplingar mellom landbruket og det regionale plan- og utviklingsarbeidet.

Kommunane er førsteline for forvaltninga av dei fleste økonomiske og juridiske verkemidla i landbruket, og er saksførebuande organ for Innovasjon Noreg på landbruks- og matområdet. Oppgåvene blir finansierte gjennom det kommunale inntektssystemet.

Innovasjon Noreg forvaltar midlar til investering og utvikling av verksemder, i tillegg til anna programstøtte til landbruket og andre landbruksbaserte næringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører oppgåver for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i årlege oppdragsbrev frå departementet.

Ei moderne, effektiv og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet

For å sikre eit berekraftig velferdssamfunn òg i framtida blir det stadig viktigare å gjennomgå offentleg bruk av økonomiske ressursar, slik at dei blir brukte effektivt. Det inneber klare prioriteringar av utgiftene i statsbudsjettet og at offentleg sektor må vise vilje og evne til å omstille, effektivisere og avbyråkratisere. Effektiv bruk av ressursar inneber både å utføre oppgåvene rett og å prioritere dei rette formåla. Regjeringa vil gjennomføre strukturtiltak som bidreg til ein meir effektiv bruk av dei samla ressursane i samfunnet. Dette kan gi gevinstar i form av reduserte utgifter over statsbudsjettet, men ein annan effekt kan vere betre kvalitet og betre resultat utan at utgiftene blir endra. Det er også viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir forenkla og målretta, slik at dei samla bidreg til å auke produksjonen og verdiskapinga.

Ei landbruks- og matforvaltning som er effektivt organisert og styrt

Dei seinare åra har organisasjonsstrukturen i landbruks- og matforvaltninga blitt forenkla ved at talet på verksemder under Landbruks- og matdepartementet er redusert frå sju til fire. Talet på nivå og regionar i Mattilsynet er òg redusert.

Landbruks- og matdepartementet er i styringsdialogen oppteke av at verksemdene skal bruke dei tildelte ressursane på ein effektiv måte og at forvaltninga skal ha god kvalitet. Utgiftsramma til departementet er i åra 2015–2018 redusert med totalt 48,9 mill. kroner som følgje av ein generell reduksjon i løyvingar med utgangspunkt i ABE-reforma. I tillegg er løyvingane til enkelte verksemder reduserte ut over ABE-reduksjonar med ytterlegare krav til effektivisering. I styringa av Landbruksdirektoratet og Mattilsynet har departementet hatt merksemd på at utgiftene til administrasjon skal reduserast, og at verksemdene set i verk tiltak for å bli meir effektive. Landbruks- og matdepartementet legg også vekt på at vi skal ha ein effektiv og robust instituttsektor.

Departementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikken til underliggjande verksemder. For å oppnå ei mest mogleg effektiv styring og leiing av dei underliggjande verksemdene, ønskjer departementet klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen samstundes som verksemdene skal stå tilstrekkeleg fritt til å utøve oppgåvene sine på ein formålstenleg og effektiv måte. På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal utvikle den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga etterlever lov- og regelverk. Departementet er oppteke av at underliggjande verksemder har tilstrekkeleg internkontroll og ei tilfredsstillande risikostyring. Institutta og Mattilsynet har etablert internrevisjon som skal bidra til å forbetre drifta av verksemdene.

Landbruks- og matforvaltninga er representert over heile landet og i alle fylke. Tabell 3.4 viser at det samla talet på årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga har blitt redusert med 7,2 pst. (147 årsverk i perioden 2013–2018). Veterinærinstituttet og Norsk institutt for bioøkonomi er ikkje med i årsverkoversikta fordi institutta og talet på årsverk for dei ikkje er samanliknbare med dei andre verksemdene som hovudsakleg er finansierte av statlege løyvingar. Institutta hentar omkring halvparten av inntektene sine frå andre kjelder enn direkte statlege løyvingar. Talet på tilsette vil difor kunne variere med etterspørsel i marknaden og tilslag på midlar til forsking. Institutta er likevel omfatta av krav til avbyråkratisering og effektivisering.

Tabell 3.4 Årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Endring i pst. 2013–2018

Landbruks- og matdepartementet

144

148

145

138

139

135

-6,3

Mattilsynet

1 329

1 319

1 281

1 257

1255

1224

-7,9

Landbruksdirektoratet

243

2171

218

214

216

204

-16,0

Fylkesmannen

322

3461

343

332

328

328

1,9

Sum

2 038

2 030

1 987

1 941

1938

1891

-7,2

1 Det regionale nivået i reindriftsforvaltninga blei 1.1.2014 flytta frå Statens reindriftsforvaltning (SRF) til fylkesmannsembeta. I tabellen gir det ein reduksjon hos Landbruksdirektoratet og ein auke på 32 årsverk hos Fylkesmannen i 2014.

Kjelde: Årsrapportar for Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og Fylkesmannen.

Landbruks- og matdepartementet har i perioden 2013–2018 redusert talet på tilsette med 6,3 pst., reduksjonen har hovudsakleg vore blant administrativt tilsette. Departementet har vore oppteke av reduksjon av administrative stillingar og effektivisering av drifta i tråd med strategien frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for betre og meir effektive administrative tenester i departementa. Hausten 2017 blei også departementet omorganisert og redusert med éi avdeling. Løyvingane til drift av departementet har i åra 2015–2018 blitt redusert med 3 mill. kroner som følgje av krav om effektivisering og avbyråkratisering (ABE-reforma).

Mattilsynet står for den største nedgangen i talet på tilsette, med ein reduksjon på 105 tilsette i perioden 2013–2018. Mattilsynet har i perioden 2015–2018 fått redusert løyvingane med til saman om lag 31 mill. kroner med utgangspunkt i ABE-reforma og fått redusert budsjettet ytterlegare med om lag 68 mill. kroner. Summen av krava til effektivisering utgjer dermed nær 100 mill. kroner i denne perioden. På same tid har budsjettet til Mattilsynet auka med 66 mill. kr som følgje av særskilde prioriteringar i statsbudsjettet. Mattilsynet arbeider i 2018 med utgreiingar og analysar for å vurdere og identifisere område med potensial for effektivisering og reduksjon i kostnadene. Departementet legg til grunn at Mattilsynet framleis skal prioritere det utøvande arbeidet med tilsyn. I 2017 brukte Mattilsynet mindre tid på administrasjon og leiing, og meir ressursar på kjerneaktivitetar og utvikling.

Landbruksdirektoratet har hatt høg stabilitet i talet på tilsette etter 2014. Frå 2017 til 2018 gjekk talet på tilsette ned. Ei viktig årsak til dette er høg turnover på grunn av omstilling i direktoratet, og at direktoratet i 2017 har halde ledige stillingar vakante. Direktoratet har i ettertid tilsett personar i ledige stillingar som ikkje kjem til syne av tala i tabell 3.4. Landbruksdirektoratet har likevel vedteke at prosessen med omstilling også skal innebere effektivisering og reduksjon av tilsette i administrasjonen. Omstillinga av direktoratet er i prosess og ikkje sluttført. Departementet har dei seinare åra skjerpa krava til effektivisering av drifta av direktoratet. I tillegg til den årlege generelle reduksjonen i løyvingane i tråd med ABE-reforma, fekk direktoratet ein reduksjon i løyvinga til drift for 2018 på 4,3 mill. kroner i tråd med forventningane om effektivisering som låg til grunn då direktoratet blei oppretta i 2014.

Sjølv om talet på tilsette og budsjetta til verksemdene i landbruks- og matforvaltninga går ned, legg departementet til grunn at kvaliteten på forvaltninga og dei faglege leveransane skal vere gode og ikkje reduserte som følgje av krav til effektivisering og reduksjon i løyvingane. Det heile handlar om å finne smartare og betre måtar å jobbe på, prioritere tida betre og innrette verksemda på meir tenleg vis. Gjennom god drift, formålstenleg organisering, modernisering og digitalisering av forvaltninga og tenestene til verksemdene, vil ein over tid kunne oppnå innsparingar og auka tilgjengelegheit og meir brukarvennlege tenester for brukarane.

Samarbeid i sektoren og med andre sektorar

Dei underliggjande verksemdene til departementet har eit omfattande samarbeid. Det gjeld òg samarbeid med dei andre aktørane i landbruks- og matforvaltninga. Det er utforma formaliserte avtalar om samarbeid mellom fleire av verksemdene, og samarbeidet inneber mellom anna levering av tenester mellom verksemdene, og utveksling av data, kunnskap og kompetanse, i tillegg til regelmessige direktørmøte.

Landbruksdirektoratet arrangerer fagsamlingar for tilsette hos Fylkesmannen, og det er dialog mellom direktoratet og Fylkesmannen i forvaltninga av dei juridiske og økonomiske verkemidla. Det er også nødvendig å ha eit godt samarbeid og ein dialog med relevante aktørar innan andre forvaltningsområde. Eit døme på samarbeid med andre forvaltningsområde er det utstrekte samarbeidet mellom Landbruksdirektoratet og miljøforvaltninga, der talet på saker på tvers av forvaltningsområda er aukande. Landbruksdirektoratet har også eit godt samarbeid med tolletaten og skatteetaten når det er nødvendig. Landbruksdirektoratet og skateetaten fekk i 2017 på plass ein avtale som gjer det enklare for direktoratet å hente opplysningar frå databasane til Skatteetaten. Det gir eit betre grunnlag for kontroll, og dokumentasjonskrava til søkjerane kan reduserast.

Mattilsynet samarbeider aktivt med andre etatar i kampen mot matsvindel, mellom anna politiet, tolletaten, Nav, Arbeidstilsynet og ulike avdelingar i kommunane. I kampen mot skrantesjuke (CWD) har Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Miljødirektoratet, Statens naturoppsyn og Norsk institutt for naturforsking hatt eit godt samarbeid for å nå målet om å utrydde sjukdommen frå norsk natur.

Kommunikasjon

Klar, målretta og god kommunikasjon med omverda er nødvendig i ei brukarvennleg forvaltning. Arbeidet med kommunikasjon i landbruks- og matforvaltninga skal vere i tråd med dei statlege prinsippa om ein open og heilskapleg kommunikasjon og ta vare på omsynet til medverknad. Landbruks- og matdepartementet arbeider for offentleg merksemd om landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast tilgjengeleg, mellom anna på nettsidene til departementet – www.regjeringen.no/lmd – og i tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene. Departementet er aktivt på sosiale medium og arbeider kontinuerleg med å utvikle vidare ulike kanalar for kommunikasjon. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skaper interesse, er truverdig, tek omsyn til behovet for brukarmedverknad og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken.

Modernisering og digitalisering

Digitalisering av tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Tenester som ikkje krev nærleik til brukarane skal normalt vere tilgjengelege digitalt, og verksemdene skal vurdere om manuelle tenester kan fasast ut der digitale tenester gir eit tilstrekkeleg godt tilbod til brukarane. Digitale tenester bidreg til å gi innbyggjarar og næringsdrivande ein enklare kvardag, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Vidare skal digitale tenester bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester, demokratisk deltaking og inkludering. Kommunikasjonen mellom forvaltninga og brukarane skal normalt skje gjennom digitale, nettbaserte tenester. Digitalisering av interne arbeidsprosessar kan gi innsparingar og betre utnytting av ressursane, i tillegg til å auke kvaliteten på interne prosessar.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har dei siste åra gjennomført eit omfattande IKT-utviklingsarbeid. Mellom anna har søknadsprosessen for naturskadeerstatning på papir blitt erstatta av ein ny elektronisk søknadsprosess, og allereie det første driftsåret blei om lag 90 pst. av søknadane leverte elektronisk. Éin av gevinstane ved endringa er redusert sakshandsamingstid, og ein meir effektiv søknadsprosess for både brukarane og forvaltninga.

Ei IKT-løysing for produksjonstilskott har vore under utvikling sidan 2015, og blei teken i bruk i 2017. Parallelt blei det gjennomført ei omlegging av forvaltningsmodellen for produksjonstilskotta. I den nye løysinga skjer all kommunikasjonen digitalt, alle søknadane blir leverte digitalt, og alle tilskottsbreva blir sende ut digitalt.

Mattilsynet

Digitalisering skal bidra til at Mattilsynet forbetrar måten dei løyser samfunnsoppdraget sitt på. Mattilsynet har gjennom 2017 mellom anna forbetra utnyttinga av eigne data frå kjøttkontroll. Det inneber ei utprøving av dataterminalar i sju slakteri. Bruken av terminalane gjer kjøttkontrollarbeidet meir effektivt, og dataa som blir samla inn, blir meir pålitelege. Formålet med prosjektet er å hente inn matkjedeinformasjon om slaktedyra, og bruke slike data til mellom anna å risikoklassifisere besetningane. Løysinga gir Mattilsynet betre oversikt, slik at dei kan prioritere prøveuttak og kjøttkontroll.

NIBIO

Fleire av NIBIO sine digitaliserte tenester er verksemdkritiske for næringsdrivande særleg innan jord- og skogbruk, reindrift, og for sentral, regional og lokal forvaltning.

NIBIOs teneste Gardskart på internett gir detaljert innsikt i arealressursar og arealtal for den enkelte landbrukseigedommen sett saman av informasjon frå fleire kjelder. Tenesta er gratis for brukarane, og har dei seinare åra hatt ein stor auke i talet på oppslag. I 2017 hadde tenesta 3,1 mill. oppslag, mot 2,2 mill. i 2016.

AR5 er eit heildekkjande nasjonalt kart som beskriv tilstanden for arealressursane ut frå produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Det er ein viktig reiskap både for verkemiddelforvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiingar og næringsutvikling. NIBIO har i 2017 oppdatert data for 54 kommunar i arealressurskartet AR5.

NIBIO har vidare arbeidd med utvikling og drift av ei nasjonal forvaltningsløysing for ortofoto, «Norge i bilder», der ortofoto etablert gjennom Geovekst-samarbeidet og omløpsfotograferinga blir forvalta. Nasjonal omløpsfotografering sikrar tilgang til nasjonale ortofoto for heile Fastlands-Noreg med tidsseriar på fem til sju år. Det blei fotografert 35.348 km² i 2017.

NIBIO har vidare også ei viktig oppgåve innan laserskanning av areala i landet. I 2017 skanna verksemda 58 000 km2. I revidert nasjonalbudsjett 2017 blei det løyvd ekstra midlar til arbeidet, slik at heile landet kan bli skanna etter planen, dvs. innan 2022.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet har gjennom 2017 vore oppteke av å modernisere verksemdsprosessar som dannar grunnlaget for digitalisering av tenester ved instituttet. Målsetjinga for digitaliseringa er å leggje til rette for auka verdiskaping og innovasjon, og bidra til å auke produktiviteten internt og eksternt.

Veterinærinstituttet har arbeidd med å utvikle eigne heimesider, inkludert arbeid med presentasjon av statistikk, bilete og arkivstoff. Av arbeid som enno pågår, er digitalisering av faglege rapportar og betre prislister.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og matsikkerheit, sjå omtale under kat. 15.10 og kap. 1115.

Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å gi bistand til andre departement ved eventuelle sektorovergripande kriser. Viktige element i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur, og å redusere risikoen for at det inntreffer uønskte hendingar. Departementet og underliggjande verksemder skal i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av eventuelle uønskte hendingar og kriser. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i eige planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd i styringa av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna analyse av risiko- og sårbarheit inngår i arbeidet med tryggleik og beredskap. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, verksemdsinstruksane og i den ordinære styringsdialogen.

Departementet øver regelmessig på eige ansvarsområde og deltek òg i tverrsektorielle øvingar. I 2017 gjennomførte eller deltok departementet i fem øvingar.

Mattilsynet arrangerte saman med Veterinærinstituttet i 2017 den landsomfattande øvinga Pegasus, som hadde den alvorlege dyresjukdommen Afrikansk hestepest som tema. Avdelingane har i tillegg arrangert beredskapsøvingar på ulike problemstillingar som sporing av produkt, miltbrann, fugleinfluensa, sabotasje av drikkevatn og funn av ulike dyre- og plantesjukdommar. Mattilsynet har òg arbeidd med opplæring innan beredskap i samarbeid med andre. Mattilsynet har teke i bruk verktøyet MatCIM som skal sikre betre loggføring, kommunikasjonsflyt og situasjonsforståing i alle ledd når hendingar inntreffer.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å halde oppe funksjonane sine i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området. Direktoratet gjennomførte i 2017 ei øving om alvorleg marknadsforstyrring før kjøtt, mjølk og korn.

3.6 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruks- og matpolitikken blir nådde

Forsking og forskingsbasert innovasjon er viktig for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa legg difor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalde område bli omtalte innanfor dei tre forskingspolitiske delmåla for landbruks- og matforskinga:

  • målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

  • kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

  • ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Løyvingane til forsking og innovasjon skal nyttast mest mogleg målretta for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Gjennom løyvingar til forsking og innovasjon har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og lagt eit viktig grunnlag for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa.

Sikre forbrukarane trygg mat og auke matvareberedskapen

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Prosjekt på område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens er ein god basis for å halde ved like den gode posisjonen Noreg har når det gjeld matryggleik. For å sikre forbrukarane trygg mat er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt.

Løyvingar frå departementet finansierer store nasjonale forskarprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk. Mellom anna skal det undersøkast korleis moglegheiter og utfordringar knytte til forbetra agronomisk praksis kan bidra til meir berekraftig matproduksjon i Noreg. Det blir òg forska på integrert plantevern, og i 2016 starta NIBIO forskingsprosjektet BioFresh, som skal skaffe forskingsbasert kunnskap om berekraftige, lukka produksjonssystem for grønsaker i veksthus.

Midlar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen blir òg nytta til forsking innanfor både matsikkerheit og mattryggleik.

Boks 3.2

FoodProFuture

NMBU og NIBIO har med prosjektet FoodProFuture som mål å utvikle ei kunnskapsplattform for optimal produksjon og utnytting av norske proteinrike vekstar til gode, helseriktige og attraktive plantebaserte matvarer med høgt proteininnhald. Slike produkt står sentralt i overgangen til eit meir berekraftig kosthald med redusert miljøavtrykk og betre helse for store folkegrupper.

Aktuelle sortar av erter og åkerbønner er prøvde ut i feltforsøk ved tre lokalitetar (Apelsvoll, Vollebekk og Landvik). Plantematerialet skal brukast vidare i prosesseringsforsøk og i analysar av kvalitet. Ein metodikk for avskaling og prosessering av erter og åkerbønner er identifisert og prøvd ut. Proteinrike fraksjonar av erter er brukte for å utvikle prototypar av pasta med ulik mengde erter saman med durumkveite.

Forskingsprosjektet omfattar heile verdikjeda frå primærproduksjon til forbrukar, og skal studere berekraft, klimagassutslepp, planteprotein frå eigen primærproduksjon, prosessteknologi og utvikling av innovative produkt, kvalitet på råstoff, prosessert plantemateriale og modellprodukt, i tillegg til forbrukarpreferansar, innovasjon og moglegheiter i marknaden.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

Forsking på dyre- og plantehelse kan ha stor innverknad på og grenseflater mot mattryggleik, og begge fagfelta er viktige for berekraftig og klimavennleg matproduksjon. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse og dyrevelferd. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vintertoleranse blir utvikla i plantane.

Boks 3.3

Mjølkefôring av kalvar

Det har i mange tiår blitt anbefalt at kalvar på mjølkefôring ikkje må få meir enn to-tre liter mjølk per måltid. Større volum kan føre til at mjølk flyt over til vomma og blir årsak til fordøyingsproblem, diaré og redusert vekst. Med fôring to gonger i døgnet vil ei så låg mjølkefôring føre til underfôring av kalvar i mjølkeproduksjonen. I eit dyrevelferdsprosjekt på Veterinærinstituttet fekk kalvane fri tilførsel av kroppsvarm heilmjølk. Undersøkingane viste at løypen har stor kapasitet for utviding, og det blei ikkje observert mjølk i vomma eller teikn på magesmerter hos kalvane. Funna tyder på at bønder kan meir enn doble porsjonane til kalvane dersom det blir gitt varm heilmjølk gjennom ein smokk med relativt lita opning.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å utvikle vidare ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet ved å stimulere næringane til å forske meir og nytte seg av forskinga til andre både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har innretta forskingsmidlane slik at dei støttar opp under innovasjonsaktivitetar i næringane gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med aktørar som kan finansiere forskinga.

Mange av verdikjedene på matområdet har liten tradisjon for eiga forsking. Éi årsak er strukturen i primærnæringane med mange mindre føretak og stor geografisk spreiing. Offentleg finansiering av forsking er difor svært viktig, og næringsretta forskingsinnsats innan landbruksnæringa blir finansiert gjennom mellom anna Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL). Det er òg lagt vekt på å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. Nofima AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet. Stor forskingsaktivitet er ein føresetnad for å halde oppe og styrkje konkurranseevna mellom anna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), tematisk innretta program som BIONÆR og store program som ENERGIX er viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU.

Boks 3.4

Matlyst – Tilpassa matprodukt som dekkjer måltidsdøgnet for heimebuande seniorar

Prosjektet Matlyst (2017–2020) skal bidra til å dekkje måltidsdøgnet for eldre som bur heime med gode, sunne og berekraftige løysingar som er lette å velje, lette å bruke og baserte på norske råvarer. Saman skal Tine, Nortura, Fjordland og Norgesmøllene utvikle treffsikre innovasjonar som vender seg til denne marknaden. Nofima, NMBU og SESAM er forskingspartnarane i prosjektet og skal samle kunnskap om kva for faktorar som styrer matval til aktive eldre, effekten av nyutvikla produkt med tanke på kosthald med rett ernæring, og korleis informasjon og kommunikasjon kan fremje helse og trivsel hos eldre.

Prosjektet er finansiert med forskingsmidlar frå BIONÆR.

Resultat frå forskingsprosjektet blir lagt ut på nettstaden www.matlyst.org.

Bruken av ressursar på forsking i næringsmiddelindustrien har auka dei siste åra. Mange nye innovasjonsprosjekt er sette i gang, og mykje av forskings- og utviklingsinnsatsen går til å betre mattryggleiken gjennom auka kompetanse og kunnskap, produktivitetsauke gjennom betre lagring, kvalitetsheving og betre produkt gjennom prosessoptimalisering og hygieniske tiltak. Betre utnytting av råstoff og utnytting av restråstoff er òg tema som blir undersøkte. Næringsmiddelindustrien har blitt involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er såleis styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som har komme fram av samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien.

Boks 3.5

Miljøvennleg trebeskyttelse med elektropuls

For å oppretthalde og helst auke bruken av tre i konstruksjonar og bygg er det viktig å finne løysingar for å verne trevirket som ikkje gir negative miljøkonsekvensar som høgt energiforbruk ved produksjon, utleking av kjemikaliar og avfallsproblematikk.

Undersøkingar ved NIBIO har vist at svake, pulserande, elektriske felt vernar ulike treslag mot soppangrep og termittar (ei gruppe insekt). Metoden inneber ingen bruk av kjemikaliar, har ingen negativ miljøpåverknad og er ufarleg for menneske og dyr. Dersom teknologien viser seg å fungere i praksis, kan metoden erstatte bruk av fungicid (soppgifter), som i dag blir nytta for å auke haldbarheita til treverk.

Typiske innsatsområde for impregnert tre er konstruksjonsvirke, kledning, leikeapparat, terrassar, støyskjermar, autovern, telefonmaster og kaianlegg. I tillegg har teknologien potensial til å brukast til vern av vindauge og dører av tre.

Teknologien er installert i eit postbygg i Telemark og i små forsøkshus, og det er vist at angrep av råtesopp kunne stoppast i ulike treslag. Veksten av nokre overflatesoppartar blei også redusert. NIBIO har søkt patent på teknologien.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer opp overordna politiske føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Det blir arbeidd målretta med å etablere store, tverrfaglege prosjekt som analyserer kva rolle skogen har i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livsløpet, frå etablering, skjøtsel og avverking, til livsløpsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruk av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning heilt nødvendig. Ei utfordring for forskinga er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkastning i skogbruket, og omsyn til miljø og biologisk mangfald.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Samstundes er omsynet til miljø og klima viktig. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi rår over, blir utnytta på best mogleg måte. Avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr og sortsutvikling som sikrar eit plantemateriale som er tilpassa klimaforholda, vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og mange av prosjekta har brei medverknad frå brukarar. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, som kunnskap om betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

Boks 3.6

Lavutslipp 2030 er Forskingsrådets satsing på forsking og innovasjon som skal bidra til at Noreg når klimamåla for 2030 og 2050, først og fremst i ikkje-kvotepliktige sektorar. Det blir lyst ut midlar innanfor Lavutslipp 2030 i fleire av Forskingsrådet sine program, mellom anna i BIONÆR, der det i 2017 blei løyvd midlar til tre prosjekt leia av NIBIO:

  • Climate smart use of Norwegian organic soils

  • Implementing biochar-fertilizer solution in Norway for climate and food production benefits

  • Exploring solar on-farm energy production combined with fleet of electrical vehicles and precision agriculture for reduced GHG-emissions

Boks 3.7

Biokol som berekraftig klimatiltak for nullutsleppssamfunnet

Biokol gjer det mogleg å fange ei vesentleg mengde CO2 frå atmosfæren og lagre han som stabilt karbon i jorda. For at biokol skal bli eit velfungerande klimatiltak i Noreg, må teknologien bli meir effektiv og lønsam, og fordelane og avgrensingane ved biokol må bli betre kjende. Målet med prosjektet CAPTURE+ har vore å utvikle biokolsystem som eit verktøy for å realisere nullutsleppssamfunnet. Dette ville prosjektet gjere gjennom ei tverrfagleg tilnærming for å utvikle, analysere og implementere biokol i norsk landbruk. Utgangspunktet var at biokol har potensial til å bidra til utsleppsreduksjonar i norsk landbruk, men at det er ei rekkje hinder i vegen. Mellom anna er det mangel på sertifiseringsordningar, teknologien er umoden og kostbar, det er uvisse når det gjeld effektar på jorda, og det er lågt kunnskapsnivå blant potensielle brukarar. For å spreie kunnskap om biokol har prosjektet i samarbeid med Skjærgaarden Gartneri i Vestfold etablert eit demonstrasjonsanlegg for gardsskala produksjon og bruk av biokol. Anlegget har bidrege til læring, bevisstgjering og kunnskapsspreiing til jordbrukarar, politikarar og allmenta, og vil fungere som ein viktig kunnskapsbase for vidare spreiing av biokol i Noreg. For å fremje biokol som klimatiltak i norsk landbruk blir det gitt råd om å innrette verkemiddelbruken særleg mot informasjons- og kommunikasjonsarbeid, sertifiseringsordningar og demonstrasjons- og pilotprosjekt og ved å skape nisjemarknadar til dømes gjennom offentlege anbod.

Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX, som er Noregs forskingsråds store program innanfor miljøvennleg energi. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall vore sentralt for departementet.

Deltaking frå næringslivet i forskingsprosjekt på departementet sitt område

Landbruks- og matforskinga skal bidra til å stimulere forskingsinnsatsen i næringslivet og til at næringslivet i større grad gjer seg nytte av forskingsbasert kunnskap. Midlane til forsking frå Landbruks- og matdepartementet går i stor grad til næringsretta prosjekt med krav til medverknad frå næringa. Ein stor del av prosjekta krev òg medfinansiering frå næringslivet. Krav om medverknad frå næringa bidreg til meir relevant og løysingsorientert forsking når det gjeld problemstillingar i landbruks- og matnæringa.

I ein gjennomgang av resultata av forskinga i BIONÆR og forløparane dei siste ti åra viser Oxford Research AS at programmet må betraktast som samfunnsøkonomisk lønsamt. Gjennomgangen viser at prosjekta fører til innovasjon, særleg blant industripartnarane. Fleire bedrifter oppgir at dei kjem styrkt ut av prosjekta, gjennom betre konkurranseevne, auka lønsemd, nye marknadar eller auka marknadsdelar. Vidare viser gjennomgangen at BIONÆR gir eit solid bidrag til å auke kompetansen i næringslivet og i forskingsmiljøa, og har styrkt profilen til forskingsmiljøa nasjonalt og internasjonalt. Støtta frå BIONÆR har ført til oppbygging av nye innovasjons- og kompetansemiljø, og ei styrking av eksisterande miljø.

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning og har ingen direkte løyvingar frå departementa. Ordninga er likevel eit viktig verkemiddel for innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Aktiviteten ligg på eit høgt nivå, særleg på områda jordbruk og mat, og har auka dei siste åra. I 2017 blei det registrert 67 aktive prosjekt innan skog- og tresektoren, og 521 prosjekt innan jordbruk og mat. Begge områda har ein auke frå året før. Aktiviteten indikerer at dette er eit treffande verkemiddel for innovasjon i landbruks- og matsektoren.

Internasjonal forskingsaktivitet

Dei norske forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Norsk landbruks- og matforsking er mellom anna godt representert i internasjonalt samarbeid gjennom ulike European Research Area-nett (ERA-NET) og fellesprogram (JPI, Joint Programming Initiatives).

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er ei viktig finansieringskjelde for norske landbruks- og matforskingsmiljø. Mellom anna er spørsmål knytte til matsikkerheit og klima særdeles aktuelle forskingsområde i Horisont 2020. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er viktig for å løyse globale utfordringar, heve kvaliteten og fornye norsk forsking og kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Samarbeid er i tillegg nødvendig for at Noreg skal kunne ta sin del av ansvaret for den internasjonale kunnskapsoppbygginga på sentrale område. Det er viktig å leggje til rette for best mogleg utnytting av samarbeidet.

Horisont 2020 har ei sterk kopling til dei ulike fellesprogramma (JPI, Joint Programming Initiatives). På landbruks- og matområdet er det sett i gang to JPI-ar. Den eine er knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (JPI FACCE, Agriculture, Food security and Climate change), og den andre til området mat og helse (JPI HDHL, A healthy diet for a healthy life). Det internasjonale samarbeidet gjennom JPI FACCE og ANIHWA (Animal Health and Welfare) har trygg og nok mat, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens, som sentrale tema.

Norske forskarar hevdar seg godt i konkurransen med andre land. Noreg har størst gjennomslag og suksessrate i Matprogrammet (FOOD), som er eit av dei 17 programma i H2020. I Matprogrammet har Noreg per juni 2017 henta heim opp under 30 mill. euro, noko som utgjer meir enn 5 pst. av dei samla økonomiske midlane i H2020. Norske forskarar har hittil delteke i kvart fjerde prosjekt som er finansiert innanfor landbruk, mat og grøn bioøkonomi i Horisont 2020.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Som grunnlag for innovasjon og utvikling er det viktig å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universitet og institutt. For å få dette til må det leggjast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formuleringa av kunnskapsbehov og finansiering.

Effektiv kommunikasjon og formidling av forskingsbasert kunnskap på landbruks- og matområdet er ei viktig oppgåve for institutta. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Ruralis og Veterinærinstituttet (VI) publiserer og formidlar mykje av forskinga si òg utanfor dei vitskaplege kanalane.

Det samla talet på publikasjonspoeng per forskarårsverk auka frå 2016 til 2017 for NIBIO og Ruralis, men gjekk noko ned for Veterinærinstituttet. Den populærvitskaplege formidlinga var stor for alle institutta òg i 2017, med mange aviskronikkar, intervju og foredrag. Forskarane har eit høgt fagleg nivå, men prosentdelen tilsette med doktorgrad per forskarårsverk gjekk noko ned frå 2016 til 2017. Primærnæringsinstitutta oppnår høge tal på publikasjonspoeng per forskarårsverk samanlikna med mange andre institutt i Noreg.

NIBIO og Veterinærinstituttet har mange forskarar under doktorgradsutdanning, og i 2016 og 2017 blei det til saman avlagt 22 doktorgradar ved institutta. Doktorgradsutdanning er viktig for rekrutteringa til institutta, men òg for næringsliv og forvaltning som har behov for høg kompetanse på viktige fagområde.

Søking til yrkesfag og høgare utdanning i landbruks- og matfaga

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit sterkt landbruk og ein sterk matindustri.

Søkjartalet til yrkesfag i naturbruk i vidaregåande skolar er lågt samanlikna med andre programfag, men dei siste åra har det vore ei aukande interesse både for naturbruk Vg1 og programfag landbruk og gartnar Vg2. For fjerde år på rad har søkjartalet auka, og når ein ser dei to siste åra (2016–2018) under eitt, er auken på 14 pst. for Vg1 naturbruk og 21 pst. for Vg2 landbruk og gartnar.

Det er samla sett få søkjarar til utdanningsprogrammet restaurant- og matfag, og fråfallet er blant det høgaste i vidaregåande skole. Både styresmaktene og industrien sjølv er tydelege på at rekruttering til matfagleg utdanning til industrien er ei utfordring. Etter Vg1 restaurant- og matfag er det få som går vidare til Vg2 matfag og fagarbeidarutdanninga som matindustrien treng. Dei fleste innan restaurant- og matfag søkjer vidare på Vg2 kokk og servitør, der det også trengst fleire fagfolk. Regjeringa arbeider med å utvikle Noreg som matnasjon. Både reiselivssektoren og helse- og omsorgssektoren er viktige og relevante i arbeidet med å synliggjere behovet for å rekruttere fleire til kokkeyrket.

Søkjartala til universitet og høgskolar innan landbruksfag, veterinærstudium og andre grøne utdanningar viser til saman ein auke på i overkant av 8 pst. frå 2017 til 2018, mens auken i det samla søkjartalet til høgare utdanning samla i same periode er på under 5 pst. Når det gjeld produksjonsretta landbruksfag, ligg talet på førstevalssøkjarar på same nivå i 2018 som i 2017 når ein ser på søkjartala for Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) under eitt. Det er framleis behov for auka rekruttering til fleire av landbruksstudia.

Overgangen til eit grønt samfunn med ein effektiv bioøkonomi fordrar eit breitt spekter av fagkompetanse, både innanfor og utanfor det som kan definerast som biobaserte fag. For at landbrukssektoren skal vere ein del av løysinga på klimautfordringane er det difor nødvendig å sikre kompetanse innanfor andre relevante fag. Talet på førstegangssøkjarar til matvitskap, biologi, bioteknologi, fornybar energi og økologi og naturforvaltning auka med til saman 5 pst. frå 2017 til 2018.

Søking til etter- og vidareutdanning

Rapportane frå fylkeskommunane om bruken av midlar over jordbruksavtalen til rekruttering, likestilling og kompetanse viser at desse midlane utløyser stor aktivitet i etter- og vidareutdanning som gir kompetanse dei næringsdrivande i landbruket treng. Etterspørselen er særleg knytt til praktisk retta kompetansetiltak for dei som er på veg inn i landbruksnæringa.

Rekruttering til næringsliv og forsking

Rekruttering, både til næringa og til forskingsmiljøa, representerer ei stor utfordring for å sikre forskingskvaliteten i framtida.

For å auke rekrutteringa må det stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane. Studenttala innanfor landbruksfag og andre grøne utdanningar har auka dei seinaste åra, noko som er viktig for å sikre rekruttering òg til forskarutdanning.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Ein økonomisk solid instituttsektor er ein viktig føresetnad for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken. Dei tre landbruksfaglege forskingsinstitutta – NIBIO, Veterinærinstituttet og Ruralis – omsette i 2017 for 1 134,5 mill. kroner og utførte 972 årsverk. Av dei var 491 forskarårsverk, og 388 hadde doktorgrad. Sjå òg omtale under kap. 1137, post 51.

Institutta må vere økonomisk solide

I 2017 hadde NIBIO driftsunderskot, mens Ruralis og Veterinærinstituttet hadde driftsoverskot. Departementet følgjer nøye med på den økonomiske utviklinga i institutta. Dei tre institutta oppnådde gode resultat innan forsking og innovasjon i 2017.

Om lag ein tredjedel av driftsinntekta til dei tre institutta er knytt til forvaltningsoppgåver som blir finansierte av mellom anna Landbruks- og matdepartementet. Hovuddelen (om lag fire femdelar) av forvaltningsoppgåvene er kunnskapsutviklingsmidlar som departementet prioriterer direkte gjennom tildelingsbreva til institutta for å sikre kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling, statistikk, analyse, politisk avgjerdsstøtte og beredskap for landbruks- og matsektoren.

Basisløyvinga i 2017 utgjer mellom 7 og 19 pst. av driftsinntektene, og blir tildelt frå Forskingsrådet, som både fastset og utbetalar basisløyvingar til institutta på primærnæringsarenaen. Forskingsrådet lyser òg ut midlar gjennom forskingsprogramma. Desse midlane konkurrerer institutta om når det gjeld både kvalitet og relevans. NIBIO og Ruralis har ein stor del av inntektene sine frå internasjonale prosjekt, mens Veterinærinstituttet har ein mindre del internasjonale inntekter. Det er eit klart mål for Veterinærinstituttet å auke denne delen.

Institutta konkurrerer òg om oppdragsinntekter i marknaden. Nasjonale oppdragsinntekter utgjer 27 pst. av driftsinntektene for Ruralis og Veterinærinstituttet og 6 pst. av driftsinntektene for NIBIO. Nivået på den nasjonale etterspørselen er eit hinder for å utvikle denne delen av aktiviteten, og institutta vurderer kontinuerleg om det er mogleg å etablere aktivitet innanfor nye marknadar.

For å sikre kompetanse i institutta, høg forskingskvalitet og økonomi, må publiseringa og talet på doktorgradar innanfor sektoren aukast framover.

Samspel nasjonalt og internasjonalt

Samspel med andre aktørar er nødvendig for fagleg utvikling, for å byggje nettverk og for å vere i stand til å innhente og ta i bruk kunnskap som er utvikla internasjonalt. Difor er internasjonalisering av forskinga svært viktig for å byggje opp instituttsektoren. Både innanfor europeiske fellesprogram (JPI-ar og EJP-ar) og i europeisk program-til-program-samarbeid (ERA-nett) i matsektoren, blir det i aukande grad stilt krav om god nasjonal samordning og effektivt samspel med dei europeiske satsingane. Bilateralt samarbeid er viktig for å heve kvaliteten på og relevansen for norsk utdanning og forsking. Den internasjonale innsatsen til dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta er òg omtalt over.

Forsking gjennom programaktivitet skal dekkje bidraget frå landbruks- og matområdet til relevant forsking for sektoren. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet. Dette er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Basisløyvingane til instituttsektoren og sentersatsingane er òg viktige reiskapar for å sikre forsking med høg kvalitet og relevans.

Forskingsrådet peikar på at fleire aktørar frå næringslivet og instituttsektoren samarbeider godt innanfor denne typen prosjekt. Viktige aktørar i sektoren har òg godt gjennomslag på dei opne arenaene som ikkje har finansiering frå Landbruks- og matdepartementet. Nokre av dei største aktørane i næringslivet har i ein femårsperiode vore Borregaard AS, Norske Skogindustrier ASA, Nortura SA, Tine SA, Graminor AS, Geno SA og Norsvin SA.

Dei tre forskingsinstitutta på Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde har mest samarbeid med NMBU og Nofima AS. Det er òg eit vesentleg samarbeid med fleire universitet, høgskolar og andre forskingsinstitutt.

Boks 3.8

Chronic Wasting Disease (CWD)

Veterinærinstituttet påviste i mars 2016 prionsjukdommen skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD), for første gong i Europa og for første gong i verda på eit reinsdyr. Veterinærinstituttet har etter dette bidrege med kunnskapsråd til regjeringa som har gjort at flokken på om lag 2 200 villrein i Nordfjella Sone 1 no er teken ut og området brakklagt. Formålet er å stoppe utbrotet, slik at Noreg også i framtida kan ha friske hjortedyrpopulasjonar. Etter testing av 40 000 hjortedyr ved Veterinærinstituttet etter 2016, er 23 dyr påviste positive. CWD-forskinga ved instituttet har studert forskjellar mellom ulike typar CWD (klassisk vs. atypisk) som er sett i Noreg, det er utvikla meir sensitive diagnostiske testar, og den genetiske variasjonen hos norske hjortedyr er kartlagd. Forskinga omfattar òg moglegheit for etablering av ein metode for testing for CWD på levande dyr før reetableringa av reinstammen i Nordfjella. Dei norske erfaringane med å påvise sjukdommen på hjortedyr blir viktig for dei seks EU-landa som no skal teste hjortedyr.

3.7 Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere løysingar som er tilpassa naturgitte forhold (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som trengst for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtala skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtala skal likevel vere til fordel for begge partar og innanfor rammene av landbrukspolitikken til dei enkelte partane. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har tidlegare inngått to slike avtalar, og i april 2017 blei regjeringa og EU-kommisjonen samde om ein ny artikkel 19-avtale. Denne avtala blei sett i verk 1. oktober 2018, og inneber større kvotar for EU inn til den norske marknaden av mellom anna ost, kjøtt og blømande planter. For Noreg inneheld avtalen større eksportkvotar for kjøttvarer, mjølkeprodukt og blomar.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia, Vietnam og Mercosur. Mercosur, som er ein økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, har store offensive interesser innan handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar òg bilateralt om ein handelsavtale med Kina. Forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at Noregs primære handelspolitiske interesse er bevaring og styrking av det multilaterale handelssystemet. Dei siste åra har det vore lite framgang i WTO-forhandlingane. Ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017 gav ikkje resultat på landbruksområdet.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av forpliktingar som Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretting av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av støtte. Forpliktingane inneber òg ei omfattande årleg rapportering til WTO. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane. Landbruk var òg eit sentralt tema under den handelspolitiske gjennomgangen av Noreg i WTO i juni 2018.

Importvernet er eitt av fleire verkemiddel som påverkar konkurransesituasjonen for norske jordbruksprodukt. Meld. St. 29 (2014–2015) viser til at framtidige handelsforhandlingar framleis skal «vektlegge norsk landbruks beskyttelsesbehov», og vidare at «[d]efensive interesser på landbruksområdet avveies mot våre generelle handelspolitiske interesser og offensive interesser på andre områder». Det blir òg vist til at regjeringa vil «arbeide for en friere handel med landbruksvarer for å bidra til global velferdsutvikling og matsikkerhet, samt av hensyn til norske forbrukere og mangfoldet i det norske matmarkedet». På sikt vil endringane i landbrukspolitikken gi eit meir effektivt landbruk og styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt. Styrkt konkurransekraft vil kunne gjere det mogeleg å senke importvernet, noko som vere til fordel for forbrukarane ved at det blir lagt til rette for eit breiare produktutval i butikkane.

Matsikkerheit

Ein omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krava frå forbrukarane og for å kunne fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er ifølgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som òg legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eit av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling dei neste 15 åra. Dei nye måla, og tiltaka som følgjer av desse måla, vil gjelde alle land. Innsatsen for å nå måla er ei krevjande oppgåve nasjonalt og internasjonalt.

Folketalet i verda vil auke til 9 milliardar menneske i 2050. Matproduksjonen må difor aukast med 60 pst. innan same tid. Dette er ei stor utfordring fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følgje av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) arbeider med verdas matvareutfordringar. Mandatet til organisasjonen er breitt og omfattar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, vatn, luft og genetiske ressursar.

Noreg er eit aktivt medlem i komiteen for matsikkerheit, CFS, og legg vekt på arbeidet med globale retningsliner og rammeverket for matsikkerheit.

Innsatsen for bevaring, berekraftig bruk og rettferdig godedeling av genetiske ressursar er viktig for departementet. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg er medlem av arbeidsgruppa som skal presentere framlegg for å betre funksjonen til den globale fordelingsmekanismen som sikrar foredlarar, forskarar og bønder tilgang til viktige plantegen for mat og landbruk. Noreg er òg attvalt som byråmedlem i Plantetraktaten på vegner av den europeiske regionen for perioden 2017–2019. Vidare skal Noreg leie ekspertgruppa på bønder rettar saman med India.

Internasjonalt samarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Frå 2015 til 2020 er det Slovakia som leier prosessen. Noreg sit ikkje lenger i styrande organ i samarbeidet, men deltek aktivt.

FNs skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I 2017 og 2018 er det arbeidd med å implementere den strategiske planen for arbeidet med skog i FN som blei vedteken i 2017. Den strategiske planen er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til skogforvaltning i FN.

FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) er ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning og har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om rolla skogen har når det gjeld matsikkerheit. FAO leier og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidarosdeklarasjonen blei vedteken på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp måla om samarbeid for berekraftig og konkurransedyktig produksjon innan sektorane. Under ministermøtet i Haparanda i Sverige sommaren 2018 vedtok dei nordiske landa ein bioøkonomistrategi som skal vere retningsgivande for det nordiske ministersamarbeidet på dette området. I dette samarbeidet er både skogbruk og jordbruk sentrale element for å sikre utviklinga mot det grøne skiftet. Ministerrådet vedtok også at det nordiske samarbeidet, og landa som inngår i det, må finne gode løysingar for å sikre det nordiske genressursarbeidet gjennom NordGen på ein betre måte enn til no.

Til forsida