Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Til innhaldsliste

10 Fylkeskommunal garanti

Hordaland fylkeskommune har tidlegare fatta vedtak om garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt bompengelån på inntil 5,8 mrd. kr. Det er ikkje lagt opp til å utvide garantiramma, men Hordaland fylkeskommune vedtok i møte i fylkestinget 13. juni 2017 å utvide garantiperioden til 2037, jf. kapittel 3.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er maksimal lånegjeld rekna til om lag 6,1 mrd. 2017-kr. For å oppnå best mogeleg lånevilkår oppmodar derfor Samferdselsdepartementet fylkeskommunen til også å utvide garantiramma.

Utviding av garantiperioden er førehandsgodkjent av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som vil ta endeleg stilling til godkjenning av garantivedtaket etter at Stortinget har gjort vedtak i saka. Også ein eventuell auke av garantiramma må godkjennast av departementet.

Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.