Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Til innhaldsliste

4 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Bypakke Bergen er mellom anna forankra i KVU/KS1 for transportsystemet i Bergensområdet og Samferdselsdepartementet sine føringar etter drøftingar i regjeringa i 2013, utgreiing om framtidig bybanenett i Bergensområdet, utgreiing om Ringveg øst og E39 nord i Åsane samt Nasjonal transportplan for periodane 2014–2023 og 2018–2029. Basert på desse utgreiingane er det identifisert ein mogeleg prosjektportefølje for Bypakke Bergen, jf. tabell 4.1 og figur 4.1. Tabellen viser dei økonomiske rammene som var lagt til grunn ved den lokalpolitiske behandlinga av bompengeopplegget.

Hovudelementa er vidare utbygging av Bybanen, bymiljøtunnel/trafikkløysing i Bergen sentrum, Ringveg aust og høgkvalitets kollektivløysing mot vest. Fleire av prosjekta er på eit tidleg planstadium, og det er knytt stor uvisse til kostnadsoverslag og framdrift. Det er derfor ikkje tatt endeleg stilling til innretting, gjennomføring av og føreliggjande kostnadsvurderingar for prosjekt og tiltak i bypakka. Prosjektporteføljen må tilpassast dei samla økonomiske rammene for bypakka.

Mill. 2016-kr

Tiltak

Aktuell økonomisk ramme

Bybanen etappe 4

6 200

Bybanen etappe 5

8 000

Kollektiv vest

1 000

Bymiljøtunnel

2 200

Ringveg aust

1 500

Programområdetiltak riksveg

4 860

Programområdetiltak fylkesveg

4 960

Bindingar Bergensprogrammet

550

Nye bomstasjonar

150

Sum

29 420

Figur 4.1 Aktuelle prosjekt innafor byvekstavtalen inkludert Bypakke Bergen

Figur 4.1 Aktuelle prosjekt innafor byvekstavtalen inkludert Bypakke Bergen

Bybanen – etappe 4 til Fyllingsdalen

Bybanens linje 2 frå sentrum til Fyllingsdalen omfattar bygging av 10 km ny linje frå eksisterande linje i sentrum, via Haukeland Universitetssjukehus og vidare gjennom byutviklingsområdet på Mindemyren, gjennom fjellet Løvstakken til endepunktet på Spelhaugen i Fyllingsdalen. Traseen har åtte nye haldeplassar, og vil i tillegg ha to felles haldeplassar med linje 1 i Kaigaten og på Nonneseter, samt overgang mellom linjene til Flesland og Fyllingsdalen på Kronstad. Det er lagt til rette for samanhengande sykkelveg langs store delar av traseen.

Den planlagde linja bind saman Fyllingsdalen som bydel med Bergen sentrum via område med tunge arbeidsplasskonsentrasjonar (Haukeland Universitetssjukehus, helseklynga på Årstad og Høgskolen på Kronstad) og Mindemyren med planar for storstilt byutvikling i åra som kjem.

Prosjektet har godkjent reguleringsplan frå 2017, og det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2). Ekstern kvalitetssikrar tilrår ei styringsramme på 7 600 mill. 2017-kr og ei kostnadsramme på 8 600 mill. 2017-kr. Det er ein kostnadsauke i prosjektet som først og fremst er skulda auka omfang av mellom anna gang- og sykkelvegar. Desse endringane blei gjort i arbeidet med reguleringsplanen. Byggherrekostnadene og kostnadene for grunnerverv har også auka.

Etter kvalitetssikrar si vurdering utgjer den delen av prosjektet som staten skal dekke 50 pst. av kostnadene for innafor kap. 1330 post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt, 6 400 mill. kr. I tråd med byvekstavtalen vil det bli utarbeidd endeleg finansieringsplan for prosjektet på grunnlag av gjennomført KS2. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med forslag til finansieringsplan for Bybanen til Fyllingsdalen, inkludert endeleg statleg bidrag til prosjektet, så snart nødvendige avklaringar ligg føre.

Bybanen – etappe 5 til Åsane

Det blei gjennomført trasévurderingar med konsekvensutreiingar for bybanelinje til Åsane i 2013 og 2014. Det ligg føre vedtak om trasé for to av tre delstrekningar; delstrekning Sentrum med dagtrasé over Bryggen og Torget og delstrekning Åsane. For delstrekning Sandviken har bystyret bedt om ei tilleggsutgreiing før det blir tatt endeleg stilling til traséval.

Kollektiv vest

Dette er namnet på ei framtidig løysing for kollektivsystemet mellom Bergen sentrum og Bergen vest. Dersom det blir valt eit konsept som inkluderer forlenging av Bybanen, kan det vere aktuelt med byggjestart etter at bybanen til Åsane er ferdigstilt.

Bymiljøtunnel/trafikkløysing i Bergen sentrum

Det er stor lokalpolitisk semje om målet om sterk reduksjon av biltrafikken i Bergen sentrum, men det er så langt ikkje semje om val av løysing. Realiseringstidspunkt og kostnad vil vere avhengig av val av endeleg løysing.

Ringveg aust

Ringveg aust omfattar tre store riksvegprosjekt: E39 Rådal – Arna, E16 Arna – Vågsbotn og E39 Vågsbotn – Klauvaneset. I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er prosjekta E16 Arna – Vågsbotn og E39 Vågsbotn – Klauvaneset prioriterte i siste seksårsperiode. Prosjektet E39 Rådal – Arna er ikkje prioritert. Ein framtidig Ringveg aust vil kunne vere eit viktig bidrag til å styre gjennomgangstrafikk utanom sentrale delar av Bergen sentrum, og leggje til rette for endå sterkare satsing på kollektivtrafikk, sykkel og gåing i desse områda. For at delar av trafikken skal velje å køyre rundt byen, er det nødvendig å sjå bomtakstane for ringvegen og bypakka i samanheng. Med eit bidrag frå bomringen i Bergen vil bomtakstane på Ringveg aust bli lågare, og på den måten kan det sikrast at mest mogleg trafikk blir leia utanom sentrum. Storleiken på bidraget må vurderast nærare når det ligg føre meir detaljerte opplysningar.

Programområdetiltak og planlegging

Det er aktuelt å gjennomføre programområdetiltak både på riksvegar og fylkesvegar. Det er aktuelt å gjennomføre tiltak i alle bydelar, noko som vil bidra til at busette i alle delar av byen får nytte av utbygginga. Programområda omfattar mellom anna kollektivtrafikktiltak og tiltak for gåande og syklande. I tillegg er det føresett midlar til planlegging.