Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Til innhaldsliste

5 Trafikkgrunnlag

Trafikkgrunnlaget for byvekstavtalen i Bergen er rekna ut ved hjelp av Regional transportmodell (RTM). Det er sett på korleis trafikantane reagerer på nye bomstasjonar og endra takstar. Modellsystemet taklar ikkje fullt ut eit system med miljødifferensierte takstar, timesregel og ulike takstar i ulike bomstasjonar. Det er derfor gjort fleire modellkøyringar med ulike takstar.

Årsdøgntrafikken (ÅDT) gjennom eksisterande bomstasjonar var i 2016 på til saman om lag 133 000 køyretøy. Statens vegvesen sine teljepunkt viser at ÅDT på vegar som får nye bomstasjonar, var på til saman om lag 130 000 køyretøy i 2016. Følgjeleg er samla ÅDT gjennom eksisterande og nye bomstasjonar rekna til om lag 263 000 køyretøy før trafikkavvising.

Modellkøyringane viser ei trafikkavvising på 2–4 pst. i eksisterande bomstasjonar og 10–15 pst. i dei nye bomstasjonane. Basert på dette er låg prognose for ÅDT gjennom bomstasjonane 241 200 køyretøy, medan høg prognose er 254 900 køyretøy. Erfaringsmessig viser RTM for sterk trafikkavvising som følgje av innføring av bompengar. I finansieringsvurderingane er det derfor lagt til grunn eit trafikknivå som ligg nærast den høge prognosen. Dette inneber at ÅDT gjennom det nye bompengesystemet er rekna til 250 000 køyretøy.

I dag utgjer elbilar og andre nullutsleppskøyretøy om lag 14 pst. av biltrafikken. I trafikktala er det lagt til grunn at talet vil auke i løpet av bompengeperioden. Som grunnlag for vurdering av bompengeinntektene er det føresett at slike køyretøy vil utgjere 20 pst. av passeringane i bomringen i heile bompengeperioden.

Som grunnlag for vurdering av bompengeinntektene er det vidare føresett at det ikkje blir vekst i biltrafikken i løpet av bompengeperioden, heller ikkje for næringslivstransportar. Sidan målet om nullvekst berre gjeld for persontransport med bil, er det grunn til å rekne med at det likevel vil bli noko trafikkvekst i bompengeperioden.