Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Til innhaldsliste

7 Ekstern kvalitetssikring (KS2)

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnadene for Bypakke Bergen. Det er semje mellom Statens vegvesen og den eksterne konsulenten om at forventa bompengeinntekter byggjer på nøkterne føresetnader. I følgje konsulenten er det god balanse mellom forventa inntekter og kostnader i pakka, men gjennomføringsplanen er for optimistisk dersom det blir føresett at låneopptak ikkje skal gå ut over dagens gjeldsnivå og at lånet skal vere nedbetalt innafor bompengeperioden. Konsulenten peiker også på at kostnadsoverslaga kan vere noko underestimert, og at ein må forvente kostnadsauke. Spesielt på lengre sikt er det høg uvisse knytt til føresetnadene. Det blir derfor tilrådd at prosjekta Kollektiv vest og Bymiljøtunnel førebels blir tatt ut av pakka. Vidare blir det konkludert med at det ikkje er rom for å starte utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen i 2018 som planlagt, utan auka låneopptak og/eller nedbetalingstid, auka bompengeinntekter eller utsett oppstart av Bybanen til Åsane.