Prop. 18 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Romertalsvedtak

4.1 Kap. 1700, post 22, Program felles IKT-tenester i departementsfellesskapet

Program felles IKT-tenester i departementsfelleskapet, heretter omtalt som Programmet, skal gi departementa, Statsministerens kontor og utanriksstasjonane ei felles effektiv og moderne IKT-plattform, med mål om at departementsfelleskapet kan drive effektiv sakshandsaming og informasjonshandtering med eit naudsynt tryggingsnivå.

Programmet er eigd av Forsvarsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet i fellesskap, og det er etablert eit programstyre med representantar frå verksemder som er omfatta og som i dag har eigne IKT-organisasjonar. Programmet er organisert med ein programleiar, underliggjande prosjekt og andre programaktivitetar. Programmet i si noverande form blei etablert som eit forprosjekt i 2021. Forprosjektet utarbeidde den styrande dokumentasjonen for programmet som blei eksternt kvalitetssikra (KS2) vinteren 2022.

Det er i dag fire ulike IKT-løysningar i departementsfellesskapet, med tilhøyrande IKT-organisasjonar. Dette understøttar ikkje effektiv samhandling mellom departementa. Programmet skal leggje til rette for at det vert etablert eit nytt forvaltingsorgan underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet, som skal ha det samla ansvaret for IKT-tenester til departementa. Verksemda vert etablert ved overføring av personell og ressursar frå dagens IKT-miljø i Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS), Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Forsvarsdepartementet skal vera ein forplikta underleverandør av plattformtenester til den nye verksemda.

I 2022 er det løyvd 135 mill. 2022-kroner til tiltaket under programmet.

Programmet er planlagt gjennomført i tre endringstrinn, i tillegg til programavslutning, i perioden 2022 til 2025.

Programmet legg til rette for ei felles løysing som handterer ugradert, ugradert skjermingsverdig og begrensa informasjon. Begrensa informasjon vil bli levert frå Forsvarsdepartementet si plattform. Ugradert og skjermingsverdig ugradert vil bli levert frå den nye verksemda sin plattform. Den nye plattforma vil bli basert på sky-teknologi, i hovudsak som ei privat, lukka løysning. Ein såkalla to-nivåklient for sikker og effektiv behandling av gradert og ugradert informasjon er under utvikling.

Programmet sin metodikk for gjennomføring er smidig og fleksibel fordi uvissa tilseier at nye utfordringar vil dukke opp og må handterast gjennom så vel planlegging som gjennomføring. Det er innlagt kontrollpunkt i gjennomføringa for å kvalitetssikre overgangen mellom fasar og viktige vedtakspunkt. Programmet arbeider aktivt med tiltak for å redusere den uvissa som er peikt på frå kvalitetssikrar og samstundes holde kostnadane under kontroll.

Tilrådd kostnads- og styringsramme er skissert i tabellen under og omfattar Programmets endringstrinn 1 og 2, som er perioden omfatta av gjennomført kvalitetssikring av styringsunderlag samt kostnadsoverslag (KS2).

Tabell 4.1 Tilrådd kostnads- og styringsramme for endringstrinn 1 og 2

Tall i mill. 2023-kroner

Eks. mva.

Inkl. mva.

Styringsramme (P50)

960

1 167

Kostnadsramme (P85)1

1 141

1 392

1 Fratrekt kuttliste

Inkludert i tilrådd rammer er naudsynt basis infrastruktur, oppgraderingar, utvikling, eingongsutgifter knytt til omstilling, innføring og opplæring, meirkostnader som følgje av naudsynt utskifting av PC-ar før levetidsslutt samt utgifter til drift av både eksisterande og ny plattform i ein overgangsperiode.

Det er ikkje utarbeida ein fullverdig samfunnsøkonomisk analyse for programmet, men eit konseptgunnlag med samfunnsøkonomiske vurderingar. I konseptgrunnlaget er det anslått at programmet vil ha ei positiv netto nytte på 1 048 mill. kroner. Tiltaket si anslått prissette nytteverknad kjem i hovudsak som følgje av auka samhandling og produktivitet for sluttbrukarane på om lag 2 mrd. kroner og effektivisering av drift og forvalting av IKT-tenester på om lag 1,5 mrd. kroner.

Av tiltakets ikkje-prissette verknader er styrka informasjonstrygging vurdert til å ha den største samfunnsøkonomiske nytten. Dette inkluderer auka evne til samhandling mellom departementa som ein del av totalforsvaret, auka evne til å vareta nasjonale tryggingsinteresser og samfunnskritiske funksjonar, redusert risiko for skade på demokratiet og redusert risiko for skade på internasjonalt omdømme. Programmet har gjennomført ei analyse for å prissette delar av verknaden av styrka informasjonstryggleik. Analysen vurderer ein prissett nytteverknad på om lag 4,4 mrd. kroner. Inkludert desse prissette verknadene har gjennomføring av Programmet ein anslått positiv netto noverdi på om lag 5,4 mrd. kroner. Det er knytt stor uvisse til prissettinga av informasjonstrygging, men verknaden er vurdert å ha ei nedre grense på om lag 0,5 mrd. kroner. Det vert gjort merksam på at kroneverdien i dette og førre avsnitt er oppgitt i 2021-kroner og basert på utrekningar utført før KS2. KS2-rapporten omtaler ikkje disse berekningane. Det kjem fram i KS2-rapporten at ekstern kvalitetssikrar vurderer at programmet sannsynlegvis vil kunne levera nytte som overstiga kostnadane, men det peikes på at dette forutset at endringstrinn 3 også vert tatt med i vurderinga. Kostnadsramma som vert fremma no inkluderer kun endringstrinn 1 og 2.

Det er foreslått ei løyving til tiltak under Programmet på 173 mill. kroner i 2023.

Regjeringa foreslår at Program Felles IKT-tenester i departementsfellesskapet gjennomfører endringstrinn 1 og 2 med ei kostnadsramme på 1 392 mill. 2023-kroner (inkl. mva.). Sjå forslag til nytt vedtak.

4.2 Kap. 1720, post 01, Forsvaret, Lokalisering av sjef Luftforsvaret til Reitan

I den gjeldande langtidsplanen for forsvarssektoren (jf, Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) er det lagt til grunn at leiinga av Luftforsvarets operative verksemd skal utviklast vidare rundt Luftforsvarets taktiske operasjonssenter (Norwegian Air Operations Centre – NAOC) på Reitan, medan Luftforsvarets leiing og dei taktiske transporthelikoptera vert ført vidare på Rygge. Sjefen for Luftforsvaret er i dag samlokalisert med Luftforsvarsstaben og Luftoperativt inspektorat. NAOC er samlokalisert med Forsvarets operative hovudkvarter i fjellanlegget på Reitan.

Forsvarssjefen har i lys av ein fornya vurdering fremja ei anbefaling om framtidig lokalisering av sjefen for Luftforsvaret. Forsvarssjefen anbefaler å lokalisere sjefen for Luftforsvaret, støtta av eit mindre og tilpassa stabselement, til Forsvarets operative hovudkvarter ved Reitan utanfor Bodø. Forsvarssjefen har vektlagt tre tilhøve i si anbefaling om å flytte sjefen for Luftforsvaret. Det første er at Forsvarets styrkesjefar bør vere nær der planlegging og leiing av dei operative styrkane skjer. Det andre er at Forsvarets organisasjon i størst mogleg grad bør vere likt organisert i fred, krise og krig, for å være forberedt på å løyse oppgåvene sine. Eit tredje tilhøve som forsvarssjefen legg vekt på er at ei etablering av ytterlegare ein styrkesjef i nord vil underbygge at Nord-Noreg er Forsvarets viktigaste strategiske innsatsområde.

Regjeringa legger til grunn forsvarssjefens faglege vurderingar knytte til den operative nytten av å samlokalisera sjefen for Luftforsvaret med det taktiske operasjonssenteret på Reitan, og at tiltaket inneber ei ytterlegare styrking av Forsvarets profil i nord. Forslaget følgjer videre opp eit tidlegare vedtak i Stortinget (jf, Innst. 87 S 2020–2021) der regjeringa er beden om å kome tilbake med eventuelle forslag om å flytte element av leiinga i Forsvaret til Nord-Noreg. Sjå forslag til vedtak.

Til forsida