Prop. 18 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Tryggingspolitisk situasjon

Vi står no i ein alvorleg tryggingspolitisk situasjon, den mest krevjande sidan andre verdskrig. Russland utgjer i dag den fremste trusselen mot europeisk tryggleik. Putin-regimet har klare totalitære trekk og imperialistiske ambisjonar. Vi må vera førebudde på ein langvarig konfrontasjon mellom Russland og Vesten. Krigen har skjerpa skiljet mellom eit liberalt og eit autoritært syn på kva som er ein ønskt verdsorden.

Vi står overfor ei grunnleggjande og alvorleg rivalisering om verdiar og verdssyn. Krigen i Ukraina er ein del av dette biletet. Regjeringa fordømmer Russland sin åtakskrig mot Ukraina på det sterkaste. Ukraina har ein soleklar rett til sjølvforsvar, og Noreg har rett til å støtta dei i dette sjølvforsvaret. Ukraina betalar ein høg pris for å stå imot den russiske aggresjonen, både materielt og menneskeleg. Så lenge Ukraina er villig til å kjempa for fridommen sin, må vi støtta dei.

Russland har hovudtyngda av dei strategiske kjernevåpena for ubåtane sine på Kolahalvøya. Når kjernevåpen vert viktigare, får vern av dei strategiske kjernevåpena på Kolahalvøya og trygging av seglingsruta ut i det nordlege Atlanterhavet auka betyding. Dette kan auka russisk nærvær og merksemd i nærområda våre i tida framover.

Russisk militær aktivitet i nordområda er ein del av normalbiletet, men aktiviteten skjer no mot eit alvorleg tryggingspolitisk bakteppe.

Alliert samhald og nærvær er viktigare enn på mange tiår. Norsk tryggleik vert ivaretatt gjennom eit sterkt nasjonalt forsvar, NATO-medlemskapet og eit tett bilateralt samarbeid med nære allierte. Det er i norsk interesse at allierte vise vilje og evne til å medverka til tryggleik også i våre nærområde. Alliert nærvær, trening og øving, også i fredstid, er vesentlege bidrag til norsk tryggleik.

Totalforsvaret si evne til å understøtta alliert nærvær i våre nærområde, samt verna om verdiar, kritisk infrastruktur og ressursar av betydning for våre allierte og partnarar, er viktig.

Finsk og svensk NATO-medlemskap vil gje auka stabilitet og tryggleik i nordområda og Austersjøen. Utvidinga vil bety ei vesentleg styrking av NATO si evne til avskrekking og kollektivt forsvar i vår del av Europa.

Noregs viktigaste målsettingar knytt til krigen i Ukraina er å støtta Ukrainas forsvarskamp, hindra at krigen eskalerer, og verna om eit vidareført sterkt vestleg samhald.

Auka beredskap

Forsvaret har heva beredskapen, og gått over til ein ny fase i planverket. Dette vart vedteke av regjeringa, etter faglege råd frå forsvarssjefen. Det inneber at Forsvarets aktivitet vert tilpassa den alvorlege tryggingssituasjonen Europa er i.

Samordning og samarbeid i ramma av totalforsvaret gir oss auka motstandskraft. Auka merksemd, felles situasjonsforståing og styrka beredskap medverkar til vern om vår handlefridom og evna til å nå våre målsettingar.

Forsvaret og andre norske styresmakter har, i samarbeid med sentrale allierte, god oversikt over aktiviteten i kyst- og havområda, irekna Nordsjøen, og følger dette nøye.

Noreg har den siste tida hatt fleire fartøy til stades på norsk sokkel. Kampfly og maritime patruljefly har også bidratt i overvaking.

Beredskapen er også auka i dei ulike medlemslanda i NATO. Dette sender eit sterkt signal til det russiske regimet om at vi står saman, og at eit åtak på ein av oss er eit åtak på alle.

1.2 Prioriteringar

I denne proposisjonen foreslår regjeringa naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2022 knytte til den tryggingspolitiske situasjonen i Europa, auka energi-, drivstoff-, og valutaprisar, betringar av butilhøva for vernepliktige og yngre befal, betring av kritisk infrastruktur på Andøya flystasjon, einskild tilskott til Det frivillige Skyttervesen og andre endringar som er omtala under dei einskilde budsjettkapitla.

Gjennom året har det vore store tilleggsløyvingar på Forsvarsdepartementet sitt budsjett knytte til krigsutbrotet i Ukraina. Endringane har knytte seg både til nasjonale tiltak og til militær støtte til Ukraina. Dei nasjonale tiltaka vart fremma i Prop. 78 S (2021–2022) og vedtekne av Stortinget i handsaminga av Innst. 270 S (2021–2022). Her vart det løyvd totalt tre mrd. kroner for å styrka Forsvarets nærvær i nord, styrke evna til alliert samtrening, auka beredskap, reaksjonsevne og uthald i krise og krig, og styrke situasjonsforståelsen og motstand mot digitale truslar. Regjeringa prioriterer framleis høg aktivitet for Forsvaret i 2022 som følgje av krigen i Ukraina og ein ny tryggingspolitisk situasjon. Det auka operative aktivitetsnivået som følgde av Prop. 78 S (2021–2022) vidareførast.

Regjeringa lagt opp til omfattande militær støtte til Ukraina, med løyvingar på om lag 3,4 mrd. kroner. Tiltaka har vore fremma gjennom Revidert nasjonalbudsjett for 2022 og Prop. 142 S (2021–2022). Som omtala i den siste proposisjonen, opna regjeringa for å kome tilbake i nysalderinga av 2022-budsjettet med endringar i fordelinga av desse midla mellom kapitla og postar. Knytt til donasjonar av materiell til Ukraina, innkjøp av materiell og støtte til trening av ukrainske soldatar i Storbritannia foreslår regjeringa å omdisponera midlar som er løyvde på tilskottsposten kap. 1700, post 79, til der utgiftene vert postert i 2022.

Regjeringa foreslår ei løyving til vedlikehald og rehabilitering av infrastruktur, for å styrke Noregs evne til mottak av allierte luftstyrkar og styrke Forsvaret i nord. Tiltaka på Andøya flystasjon skal styrke satsinga og Noregs nærvær i nord, i tråd med føresetnadene i Meld. St. 10 (2021–2022), som vart presentert for Stortinget tidlegare i år. Regjeringa følgjer videre opp tiltak frå saldert budsjett for 2022, kor regjeringa løyvde 40 mill. kroner til Forsvarsbygg for å forbetre butilhøva til vernepliktige og yngre befal på Skjold, Bardufoss og Setermoen. Regjeringa foreslår at prosjektet vert tilført ytterlegare 10 mill. kroner. Regjeringa foreslår samstundes eit einskild tilskott til Det frivillige Skyttervesen, ut over tilskottet organisasjonen får gjennom Forsvarsdepartementets etablerte tilskottsordning, for å støtta høg aktivitet i organisasjonen i ei tid med auka prisar på ammunisjon.

Endringa i valutaføresetnadene i budsjetterte utbetalingar i 2022 for store materiellprosjekt inneber forventa meirutgifter på til saman om lag 1484,0 mill. kroner i 2022. Regjeringa føreslår difor ei valutajustering i 2022 på om lag 799,2 mill. kroner i 2022. Forslag til valutajustering bygger vidare på tidlegare valutajusteringar i saldert budsjett for 2022 og RNB for 2022. Ut over den føreslegne valutajusteringa, tilleggsløyving, overføringar frå andre departement, og tekniske endringar er det også identifisert betydelege meirutgifter på om lag 1 449,8 mill. kroner. Meirutgiftene knytte til auka utgifter til energi-, drivstoff-, og valutaprisar utgjer til samen om lag 1 312,0 mill. kroner av dette.

Meirutgiftene vert foreslått dekka gjennom tverrprioriteringar innafor forsvarsbudsjettet. For at meirutgiftene ikkje skal få konsekvensar for den auka aktiviteten foreslår regjeringa at meirutgiftene primært vert dekka gjennom omprioritering frå investering til drift, då i hovudsak frå investeringar over kap. 1710, post 47 og kap. 1760, post 45. Mindreutgifter og ikkje planlagde meirinntekter er foreslått nytta til å balansera sektoren sine meirutgifter. Sjå utvida omtale under dei einskilde budsjettkapitla.

Reduksjonar i investeringsbudsjettet, i det omfanget som er naudsynt for å dekkja meirutgiftene, vil kunne handterast likviditetsmessig i 2022. Reduksjonane får handterbare konsekvensar for gjennomføringa av investeringane i 2022. På middels og lengre sikt kan reduksjonen omfatta konsekvensar som gjer det naudsynt, med omsyn til blant anna forskyvingar, ressursar, auka anskaffingstid og utgiftsauke (valuta og prisvekst), å justera langtidsplanambisjonane. Evna til å ta inn nye investeringar og møta behov for endringar i eksisterande prosjekter vil kunne reduserast.

1.3 Anslegen verdi av militær støtte til Ukraina

Noregs støtte til Ukraina er samansett av tilskott og donasjon av materiell som har vorte rekvirert frå eigne lagre. Donasjonane frå eigne lagre er anten materiell som inngår i Forsvarets operative struktur og dermed skal gjenanskaffast, eller overskotsmateriell som ikkje vert gjenanskaffa. Overskotsmateriellet er av stor bruksverdi for Ukraina, medan den reelle verdien for Noreg er lågare. Dette er til dømes materiell som ville vorte destruert eller forsøkt vidareselt avhengig av tilstanden på materiellet. For å anslå verdien av donert materiell må ein sjå på kva for ein verdi materiellet har for Ukraina når det vert donert. Under følgjer ei samanstilling av den anslegne verdien for Ukraina av donasjonane i 2022. Anslaga er basert på informasjon frå Forsvaret, Forsvarsmateriell, samt Forsvarsdepartementets eigne vurderingar av denne informasjonen.

Kategori

Verdi i 1 000 kr.

Løyving i Innst. 450 S (2021–2022) til Prop. 115 S (2021–2022)

400 000

Løyving i Innst. 34 S (2022–2023) til Prop. 142 S (2021–2022)

3 000 000

Verdi for Ukraina av materiell som ikkje skal gjenanskaffast

990 641

Verdi av materiell som skal gjenanskaffast seinare1

700 474

Total anslegen verdi av donasjonar til Ukraina i 2022

5 091 115

1 Vert handtert gjennom løyvingar seinare år. I Prop. 1 S (2022–2023) er det foreslått 428 mill. kroner til gjenanskaffingar.

Utgiftene til gjenanskaffing av donert militært materiell kjem fyrst seinare år, grunna leveringstida på dette materiellet. Regjeringa legg opp til at desse utgiftene vert finansiert gjennom den foreslegne løyvinga til militær støtte til Ukraina i 2023 på totalt 1 mrd. kroner, jf. Prop. 1 S (2022–2023). I forslag til statsbudsjett for 2023 er 141,5 mill. kroner foreslått løyva over kap. 1720, post 01 og 286,5 mill. kroner over kap. 1760, post 45, til å anskaffe donert militært materiell. Regjeringa legg opp til å komma tilbake med forslag til løyving knytte til dei resterande 272,5 mill. kronane til anskaffingar av donert militært materiell i revidert nasjonalbudsjett for 2023.

I handsaminga av Innst. 34 S (2022–2023) til Prop. 142 S (2021–2022) ga Stortinget regjeringa løyve til å donere militært materiell frå Forsvaret. Fullmakta er gyldig til og med 31. desember 2023 og er beløpsmessig avgrensa inntil 3 mrd. kroner. Det er så langt donert materiell for om lag 700 mill. kroner som vil bli gjenanskaffa. Donert materiell som ikkje vil bli gjenanskaffa har ein berekna verdi på om lag 990 mill. kroner, men verdien for Noreg er noko lågare. Samla nytting av fullmakta er difor på opp til 1,7 mrd. kroner.

1.4 Føremål

For å skapa best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet vart vedtatt, legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingane til forsvarsbudsjettet for 2022.

Regjeringa er opptatt av å halda omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering vert varetatt.

Totalt utgjer omgrupperinga for 2022 ein foreslått auke i løyvinga til utgifter for Forsvarsdepartementet på 1 955,4 mill. kroner.

1.5 Grunnlaget for omgrupperinga

1.5.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2022, midlar overførte frå 2021 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2022.

Saldert budsjett for 2022

69 505 571

Innst. 270 S (2021–2022) til Prop. 78 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 under KD, KUD, JD, KDD, AID, HOD, BFD, NFD, FIN og FD (økonomiske tiltak som følge av krigen i Ukraina)

3 000 000

Innst. 450 S (2021–2022) til Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2022 (RNB)

2 086 712

Innst. 34 S (2022–2023) til Prop. 142 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 (økonomiske tiltak i møte med krigen i Ukraina og ekstraordinære strømutgifter mv.)

3 000 000

Budsjettmessige verknader av lønnsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2022

469 423

= Løyvingar før omgrupperinga

77 606 706

+ Midlar overførte frå 2021

1 356 107

= Disponible midlar i 2022 før omgrupperinga

78 962 813

Saldert budsjett for 2022

6 375 677

Innst. 450 S (2021–2022) til Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2022 (RNB)

1 329 388

= Løyvingar før omgrupperinga

7 705 015

1.5.2 Inntekter 2022

I høve til saldert budsjett for 2022, med endringane gjort av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett for 2022, er det ei meirinntekt på 1 134,2 mill. kroner. Meirinntektane inneber ein tilsvarande auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2021–2022) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og forklart i detalj under kapittel 2 nedanfor.

1.5.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor viser løyvingsbehov knytt til omgrupperinga for 2022.

Auke knytte til meirinntekter

1 134 241

Valutajustering

799 190

Tilleggsløyving

20 000

Overføring frå andre departement

2 000

= Sum behov ved omgrupperinga

1 955 431

+ Løyvingar før omgrupperinga

77 606 706

= Løyvingar etter omgrupperinga

79 562 137

+ Midlar overførte frå 2021

1 356 107

= Samla disponible midlar i 2022 etter omgrupperinga

80 918 244

Meirinntekter i omgrupperinga

1 134 241

+ Løyvingar før omgrupperinga

7 705 015

= Løyvingar etter omgrupperinga

8 839 256

På bakgrunn av dette foreslår regjeringa at utgiftsramma vert auka med 1 955,4 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 1 134,2 mill. kroner.

Til forsida