Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

8 Styring av kommunale føretak i parlamentarisk styrte kommunar

8.1 Gjeldande rett

Det følgjer i dag av kommunelova § 62 nr. 2 at i kommunar og fylkeskommunar med parlamentarisk styreform kan kommunestyret eller fylkestinget fastsetje at kommune- eller fylkesrådet skal velje styre i eit kommunalt føretak. Dersom eit slikt delegeringsvedtak blir gjort, får rådet det overordningsforholdet til styret som høvesvis kommunestyret eller fylkestinget elles har. Rådet kan likevel aldri bli delegert det myndet som kommunestyret/fylkestinget har til å gjere endringar i vedtektene. Gjeldande rett opnar heller ikkje for at rådet kan delegere vidare myndet det eventuelt har fått etter § 62 nr. 2, til dei enkelte kommunerådane/fylkesrådane.

Med heimel i lov om forsøk i offentleg forvaltning har Oslo kommune sidan 2007 praktisert eit forsøk med føretaksmøte i kommunale føretak. Formålet med forsøket er å utvikle vidare styringsmodellen for kommunale føretak i ein parlamentarisk styrt kommune. Forsøksordninga til Oslo kommune går ut på at byrådet kan delegere til den einskilde byråden som føretaksmøte å velje styre, og kva tid som helst gjere nyval. I tillegg kan bystyret delegere til byrådet mynde til å gjere endringar i vedtektene innanfor ramma av lover, forskrifter, økonomiplanar, årsbudsjett og vedtak som bystyret har gjort. Dette myndet kan byrådet delegere vidare til den enkelte byråden.

8.2 Høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringsnotatet å endre føresegnene i kommunelova slik at forsøket i Oslo kommune kan bli ei permanent, valfri ordning for styring av kommunale føretak i kommunar med parlamentarisk styreform. Det vil seie at kommunestyret i parlamentarisk styrte kommunar kan delegere styringa av kommunale føretak til kommunerådet, med høve til å delegere vidare til dei einskilde kommunerådane. Det vil vere opp til det einskilde kommunestyret å bestemme om det vil nytte seg av eit høve til å delegere myndet. Om myndet blir delegert, er kommunerådet eller den einskilde kommuneråden framleis parlamentarisk ansvarleg overfor kommunestyret.

Departementet drøfta i notatet om det bør opnast for ei ordning med føretaksmøte, eller eit alminneleg høve til å delegere som ikkje i seg sjølv føreset eit føretaksmøte. Likeins drøfta departementet om der skal vere avgrensingar i høvet til å delegere styring, til dømes at kommunestyret ikkje skal kunne delegere mynde til å vedta vedtektsendringar. Departementet konkluderer med at kommunestyret bør ha eit alminneleg høve til å delegere styringa av kommunale føretak, og at det ikkje skal vere unntak frå dette.

8.3 Høyringa

Fleire høyringsinstansar uttaler at framlegget ikkje er relevant for dei, og vel å ikkje uttale seg. Alle som uttaler seg er positive til framlegget frå departementet, med unntak av KS, LO og Utdanningsforbundet. Desse instansane vil føre vidare reglane som gjeld i dag. Dei meiner framlegget inneber ein fare for at den politiske og demokratiske styringa av kommunale føretak blir svekt, og at myndet til å vedta vedtekter, velje styre og tilsetje dagleg leiar i kommunale føretak framleis bør liggje til kollegiale organ i kommunane.

8.4 Framlegget frå departementet

Departementet viser til at erfaringane frå forsøket i Oslo kommune har vore positive, og at både føretaka og eigarsida er fornøgde. Departementet er oppteke av å leggje til rette for ei formålstenleg styring av kommunale føretak i kommunane, og meiner at eit høve til å delegere bør gjelde generelt og ikkje stille krav til at det delegerte myndet er knytt til ei spesiel organisering som eit føretaksmøte. Kommunerådet og kommunerådane bør står fritt til å fordele ansvaret, ut frå si generelle ansvarsdeling.

Når det gjeld innspela om at styring av kommunale føretak bør liggje hos kollegiale organ, viser departementet til at framlegget berre inneber at kommunestyret har høve til å delegere mynde. Kommunestyret vil stå fritt til å trekkje tilbake dette myndet når som helst, eller eventuelt til å instruere kommunerådet eller kommuneråden. Kommunerådet og kommunerådane står dessutan parlamentarisk ansvarlege overfor kommunestyret.

Når kommunestyret framleis skal ha myndet til å opprette og leggje ned kommunale føretak, utan høve til å delegere, meiner departementet at omsynet til tilstrekkeleg openheit og demokratisk styring er teken vare på. Departementet fremjar framlegg i tråd med høyringsnotatet.

Til forsida