Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

9 Plikt til å kunngjere møte

9.1 Gjeldande rett

Plikta til å kunngjere møte i folkevalde organ er heimla i kommunelova § 32 nr. 3 andre punktum, og lyder: «Møte som skal holdes for åpne dører, skal gjøres kjent på hensiktsmessig måte.» Utgangspunktet er at alle møte i folkevalde organ er opne og skal kunngjerast. Prinsippet om møteoffentlegheit er slått fast i § 31 nr. 1. Det følgjer av dette punktet at alle som ønskjer det, har rett til å vere til stades på møta i folkevalde organ, så lenge det ikkje er gjort vedtak om noko anna som følgje av lukkingsgrunnlaga i § 31 nr. 2–5. At eit møte blir halde for opne dører, betyr at alle som ønskjer det, kan vere til stades i møtet, men utan talerett, framleggsrett og stemmerett.

Departementet legg til grunn at det er ein indirekte føresetnad at også møte som ein går ut frå at det er heimel for å lukke heilt eller delvis, skal gjerast kjende på førehand, slik at innbyggjarane kan vere til stades på den opne avstemminga om at møtet skal lukkast. Denne føresetnaden kjem likevel ikkje direkte fram av ordlyden i § 32 i dag.

Reglane om møteoffentlegheit i kommunelova tok til å gjelde for kommunale føretak i 2013. Det skjedde ved at kommunelova § 29 nr. 4 slo fast at «Bestemmelsene [i lovens kapittel 6] gjelder ikke for kommunale eller fylkeskommunale foretak, jf. kapittel 11. Bestemmelsene i §§ 30 nr. 4, 31 og 31 a og 36 til 38 a kommer likevel til anvendelse.»

Kravet til kunngjering av møte, som følgjer av § 32 nr. 3 andre punktum, gjeld etter ordlyden i lova dermed ikkje for kommunale føretak.

9.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å endre ordlyden i kommunelova § 32 nr. 3 for å unngå misforståingar om at kravet til å kunngjere møte også gjeld der det er grunn til å tru at møtet vil bli halde for lukka dører.

Likeins foreslo departementet å gjere plikta til å kunngjere møte gjeldande for kommunale føretak, ved å ta føresegnene med i lista over reglar som skal gjelde for kommunale føretak etter § 29 nr. 4. I samband med dette foreslo departementet òg å krevje at kunngjeringa inneheld ei sakliste for møtet, ved å endre ordlyden i § 68 nr. 2. Departementet viste her til at prinsippet om møteoffentlegheit tilseier at det også bør vere openheit om kva som skal behandlast under møtet.

9.3 Høyringa

Ingen høyringsinstansar har uttalt seg mot desse framlegga. KS, Oslo kommune, Norsk Presseforbund, Norsk Redaktørforening og Norsk Journalistlag er blant mange høyringsinstansar som støttar opp om framlegga.

9.4 Framlegget frå departementet

Departementet viser til at ingen høyringsinstansar har gått mot framlegga, og held fast ved framlegga i høyringsnotatet.

Til forsida