Statsbudsjettet 2021:

Landbruket gir livskraftige lokalsamfunn i alle delar av landet

I statsbudsjettet 2021 er det gjort framlegg om å auke løyvingane på Landbruks- og matdepartementet sitt område med 3,2 prosent til 21.1 milliardar kroner. Det er framlegg om å auke løyvingane til jordbruksoppgjeret med 350 millionar kroner til gjennomføring av jordbruksavtalen 2020-2021. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane med 13,4 millionar kroner til gjennomføring av reindriftsavtalen 2020-2021.

Jordbruksavtalen 2020-2021: Gir faste rammer for bøndene og matproduksjonen

På grunn av koronapandemien vart det gjennomført forenkla jordbruksforhandlingar våren 2020. Det var semje om ein avtale som gir endringar i tilskott tilsvarande ein auke i løyvingane på 350 millionar kroner. Avtalen prioriterer kornproduksjon, frukt og grønt, samstundes som distriktsomsyn blir ivaretatt.

– Koronasituasjonen har sett matsystemet på prøve. Prøva er så langt bestått. Det har vore tett samarbeid mellom regjeringa og alle ledd i forsyningskjeda for mat, og matforsyninga har vore stabil. Matforsyning er ein samfunnskritisk funksjon. Formålet med den inngåtte jordbruksavtalen er å gi faste rammer for matproduksjonen, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Det ser ut til å bli ein vesentleg inntektsauke for jordbruket i 2020. Budsjettnemnda for jordbruket har på svært usikkert grunnlag estimert inntektsveksten i jordbruket til i overkant av 16 prosent i 2020.

Koronapandemien har ført til ein utfordrande situasjon for mange av verksemdene innan lokalmat og landbruksbasert reiseliv. Landbruks- og matdepartementet har derfor mellombels gjort endringar i verkemidla som blir forvalta av Innovasjon Norge.

Stor auke i reindriftsavtalen

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av reindriftsavtalen 2020-2021 med 13,4 millionar kroner. Det var ein tilsvarande auke i reindriftsavtalen i fjor, som med dette har fått den største auken i løyvingane på mange år.

Regjeringa vil auke reindriftsfrådraget til same nivå som jordbruksfrådraget, og gjere endringar slik at reindriftsanlegg får same unntak frå eigedomsskatt som jordbruk og skogbruk har i dag.

– Dei to siste åra har regjeringa og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) blitt samde om gode reindriftsavtalar. Reintalet er nå som fastsett, og undersøkingar av lavbeite på Finnmarksvidda syner ei positiv utvikling. Dette gir grunnlag for økologisk, økonomisk og kulturell berekraft i reindrifta, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.  

– Dei reduksjonane som nå blir gjennomført i skattar og avgifter for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd, vil leggje til rette for større produksjon og verdiskaping i næringa, seier Olaug Bollestad. 

Vinteren og våren 2020 vart det erklært beitekrise for reindrifta i store delar av Finnmark, Nordland og Troms. Stortinget har løyvd 30 millionar kroner til kriseberedskapsfondet, som har finansiert krisetiltak, i hovudsak innkjøp og transport av reinfôr. 

Skogen i det grøne skiftet – auka løyving til klimatiltak i skog

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 73 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier. I perioden 2012-2020 er det løyvd tilsaman 1,1 milliardar kroner til tiltak som er naudsynte for å få tømmeret ut av skogen og fram til marknaden.

Koronapandemien har også påverka skogbruket som eksporterer mykje råvarer og ferdige produkt.

– For å sikre skogplanting i ein vanskeleg arbeidskraftsituasjon vart det derfor våren 2020 omdisponert midlar til eit ekstraordinært plantetilskott. Det er også innført ei ekstraordinær tilskottsordning for å halde oppe hogstaktiviteten, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

I 2019 vart det avverka 11 millionar kubikkmeter tømmer for sal til industrien. Det har aldri før blitt hogd så mykje i Noreg. Skogplantinga auka med 14 prosent frå 2018 til 2019. Også for andre skogkulturtiltak er det auke.  

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til klimatiltak i skog med 4,5 millionar kroner med hovudvekt på skoggjødsling og skogplanting. Samla løyving til klimatiltak i skog blir med dette om lag 35 millionar kroner.  

– Vi kan auke CO2 opptaket i skogane våre ved foredling av frø og skogplanter, gjødsling og planting. Desse tiltaka er blant dei rimelegaste og mest effektive klimatiltaka Noreg kan gjennomføre. På sikt kan det auke CO2 opptak i skogane med 3,7 millioner tonn årleg. Dette tilsvarer nesten dagens utslepp frå norske privatbilar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. 

Regjeringa vil også vidareføre ordninga på Samferdsledepartementet sitt budsjett for utbetring av flaskehalsar som hindrar effektiv tømmertransport på fylkesvegnettet med ei løyving på 20 millionar kroner.

Landbruksdirektoratet med nytt kontor på Steinkjer

Som del av regjeringa sin plan om utflytting av statlege arbeidsplassar har Landbruksdirektoratet etablert nytt kontor på Steinkjer med 30 årsverk. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Landbruksdirektoratet med 6 millionar kroner for å styrke det faglege grunnlaget for landbruket sin arealbruk.

– Vi må forsterke arbeidet og kunnskapen om korleis vi nyttar areala i eit næringsperspektiv. Dette handlar både om skogbruk, rovviltpolitikken, jordvern og korleis vi nyttar jordbruksareala våre. Denne ekstra løyvinga skal vere med å styrke Landbruksdirektoratet sitt kontor i Steinkjer, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Teknologi-utvikling og grøn omstilling

Regjeringa gjer framlegg om å løyve over 1 milliard kroner over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet til forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling. Forskingsinnsatsen på landbruks- og matområdet følgjer med dette opp viktige område i regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

– Forsking og ny kunnskap er avgjerande for å ta ut potensialet i bioøkonomien og for landbruket sitt bidrag til grøn omstilling. I 2021 blir det særleg lagt vekt på forskingsaktivitet som kan medverke til å fremje teknologiutvikling, grøn omstilling i næringslivet og utvikling av nye arbeidsplassar med vekt på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Avvikling av pelsdyrhald

Regjeringa følgjer opp Stortingets vedtak frå juni 2019 om forbod mot hald av pelsdyr. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald med 185 millionar kroner.

Stortinget gjorde i februar 2020 fleire oppmodingsvedtak knytt til kompensasjonsordninga. Departementet arbeider med å følgje opp dette, mellom anna slik at det vil bli gitt kompensasjon som om det dreier seg om eit ekspropriasjonsarta inngrep.

Inntil endringane trer i kraft, kan pelsdyroppdrettarar som har avvikla søke kompensasjon etter gjeldande ordning. Desse vil kunne søke på nytt og få utbetalt eventuell tilleggskompensasjon når den nye ordninga er på plass.

Ekstraordinært oppkjøp av mjølkekvoter

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 188,5 millionar kroner til ekstraordinært oppkjøp av mjølkekvote for 2021.

Bakgrunnen for oppkjøpsordninga var at ein rekna med at det ville bli trong for å redusere norsk mjølkeproduksjon når det frå 1. juli 2020 ikkje lenger er høve til å gi eksportsubsidiar.

Norsk Rikstoto blir fritatt for totalisatoravgift

Regjeringa gjer framlegg om å frita Norsk Rikstoto for totalisatoravgift for 2021. Dette vil gi ein kostnadsreduksjon for Norsk Rikstoto på om lag 100 millionar kroner. Overskottet frå Norsk Rikstoto går til hestehald, hesteavl og hestesport. Frå 1. januar 2021 vil det bli innført ei grense for kor mykje den einskilde spelaren kan tape på pengespel.