Melding frå Kongen til stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 9. oktober 2009

 

Vi HARALD, Noregs Konge,

s t a d f e s t e r:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og sty­ring i tida etter siste melding.

Det siste året har verdsøkonomien opplevd det kraftigaste tilbakeslaget sidan andre verdskrigen. Mange land har opplevd kraftig aukande arbeids­løyse og fall i produksjonen. Fleire land har også opplevd store underskott på betalingsbalansen og vanskelegare tilgang på kreditt. Land i vår nærleik, som Island og dei baltiske landa, er blitt særleg hardt ramma.

Svekkinga av verdsøkonomien bidrog til klart lågare vekst også i den norske fastlandsøkonomien i fjor. Tilbakeslaget auka i styrke utover hausten og førte etter kvart til ein markert auke i talet på arbeidsledige.

For å bidra til å redusere utslaga i sysselsetjing og arbeidsløyse gjennomførte Regjeringa tidleg i år omfattande finanspolitiske tiltak. I tillegg blei det frå i fjor haust sett i verk ei rekke tiltak for å betre situasjonen i  penge- og kredittmarknadene.

I oktober i fjor blei det etablert ei byteordning der bankane får låne statspapir i byte mot obligasjo­nar med førerett. Ordninga, som har ei ramme på 350 mrd. kroner i 2008 og 2009, har gjort det lettare for bankane å gi finansiering og har medverka til at forholda i pengemarknadene no er vesentleg betra.

Regjeringa har vidare oppretta Statens finans­fond og Statens obligasjonsfond, kvart med ei ramme på 50 mrd. kroner.

For å avhjelpe situasjonen for eksportbedrift­ene har Regjeringa auka rammene til Garantiinsti­tuttet for eksportkreditt (GIEK) og Innovasjon Noreg. Vidare er det inngått avtale om statleg lån til Eksportfinans på 50 mrd. kroner.

For å sikre lån til kommunane er eigenkapi­talen til Kommunalbanken auka.

Noregs Bank har sidan i oktober i fjor redusert styringsrenta med 4,5 prosentpoeng, til 1,25 pro­sent. Styringsrenta har aldri tidlegare vore så låg.

Uroa i finansmarknadene, lågare rente og lågare oljepris bidrog til ein markert nedgang i kro­nekursen i fjor haust. Utover i 2009 har krona like­vel teke seg opp att.

Det er god grunn til å tru at dei finanspolitiske og pengepolitiske tiltaka har verka positivt for finansmarknadene og for norsk økonomi.

Auken i arbeidsløysa heldt fram i første halvår i 2009, men har deretter minka utover året.

Samanlikna med mange andre land har Noreg klart seg godt gjennom den globale økonomiske krisa. Regjeringa har i år auka bidraga til land som er blitt hardare ramma både i våre nærområde og i sør.

Gjennom Noregs Bank har Noreg stilt nye låne­middel til disposisjon for Det internasjonale valuta­fondet (IMF) tilsvarande om lag 30 mrd. kroner og inngått ei avtale med Island om eit langsiktig lån på om lag 4,2 mrd. kroner.

Regjeringa har også auka støtta til arbeidet mot fattigdom i verda. I 2009 blei målet om at bistanden skal utgjere éin prosent av BNI, nådd. Regjeringa la i vår også fram ei stortingsmelding om utviklings­politikken.

Vaksinasjon av barn i dei fattigaste landa er eitt av hovudsatsingsområda. Regjeringa har utvida dette engasjementet til også å omfatte mødrehelse. Noreg er i dag ein  pådrivar internasjonalt for å sikre at ein når FNs Tusenårsmål for mødre- og barnehelse.

Ei hovudprioritering for Noreg er arbeidet mot krig, fattigdom og klimaendringar. I tråd med dette la Regjeringen i vår fram stortingsmeldinga "Inter­esser, ansvar og muligheter. Hovedlinjer i norsk utenrikspolitikk".

Eit sterkt FN er i Noregs interesse. Regjeringa arbeider derfor for å gjere FN meir effektivt, både som arena for internasjonalt samarbeid og som aktør for fred og utvikling.

Noreg støttar aktivt opp om FNs arbeid for fred i Somalia, og vi  deltek med ein fregatt i EUs antipi­ratoperasjon utanfor kysten av Afrikas Horn. Noreg deltek også i FNs operasjon i Tsjad.

Afghanistan er framleis det viktigaste inn­satsområdet for norsk militær og sivil deltaking i internasjonale operasjonar. Den militære innsatsen er vidareført på eit høgt nivå, og er i aukande grad innretta mot å trene og støtte afghanske tryggings­styrkar. Den sivile innsatsen er blitt trappa opp betydeleg, i tråd med Noregs syn om at ikkje noko land kan stabiliserast med militære middel åleine.

Regjeringa legg stor vekt på at NATO skal vere det sentrale transatlantiske forum for tryggings- og forsvarsspørsmål.

Nordområdesatsinga har høg prioritet. Regje­ringa la i mars fram rapporten ”Nye byggesteiner i nord”, med perspektiv for framtidig satsing i nord.

Arbeidet med å modernisere Forsvaret er ført vidare i samsvar med langtidsplanen for perioden 2009–2012. Regjeringa har lagt vekt på å auke For­svarets operative evne og nærvær i nordområda.

I dei internasjonale forhandlingane om ei ny kli­maavtale spelar Noreg ei aktiv rolle. Den norske innsatsen mot avskoging har gitt Noreg ein leiande posisjon i arbeidet med å redusere slike utslepp.

Det norske kvotesystemet er no ein integrert del av kvotesystemet i EU, og det bidreg til at den europeiske kvotemarknaden blir strammare.

I perioden frå 2005 til 2009 er kommuneøkono­mien styrkt med om lag 32 mrd. kroner. Det har ført til sterkt vekst i kommunal tenesteyting. Vek­sten i kommunal sysselsetjing har vore på mellom 30 000 og 35 000 årsverk.

Regjeringa har medverka i arbeidet med å til­passe offentlege tenestepensjonar til pensjonsre­forma. Partane blei i lønnsoppgjeret einige om å vidareføre dagens reglar for offentleg tenestepen­sjon og AFP i offentleg sektor med nødvendige til­passingar. Løysinga byggjer på pensjonsforliket i Stortinget frå 2005.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposi­sjon om ny alderspensjon i folketrygda.

Det har skjedd ei betydeleg økonomisk satsing på helsetenesta det siste året. Behandlingsaktiviteten ved sjukehusa har auka, og gjennomføringa av Regje­ringa sin opptrappingsplan for rusfeltet er i rute.

Regjeringa har styrkt retten som fedrane har til foreldrepengar. Med verknad for fødslar frå og med 1. juli 2009 er fedrekvoten utvida frå 6 til 10 veker.

Det er lagt til rette for 11 500 nye heiltidsplas­sar i barnehage i 2009. Det betyr at 271 500 barn vil ha barnehageplass ved utgangen av 2009.

Stortinget har vedteke endringar i barnehage­lova som gir alle barn rett til plass i barnehage. Regjeringa la våren 2009 fram ei stortingsmelding om styrking av innhald og kvalitet i barnehagen.

Stortinget vedtok i juni 2009 endringar i barne­vernlova som går ut på å styrkje barnet si stilling i barnevernsaker.

Stortinget behandla i vår stortingsmeldinga med framlegg om blant anna å styrkje lærarutdan­ninga for grunnskolen.

Regjeringa har trappa opp den særlege innsat­sen for å førebyggje og avskaffe fattigdom. Tilbo­det om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstø­nad omfattar snart alle  kommunar i takt med eta­bleringa av NAV-kontor.

Av tiltak som er sette i verk mot fattigdom, er også bustøtta utvida til 50 000 nye husstandar og styrkt med 1 mrd. kroner. I tillegg har Husbanken fått midlar til å gi tilskott til 3000 nye utleigebusta­der for vanskelegstilte.

Stortinget vedtok i mai 2009 ny straffelov. Den nye straffelova sender tydelege signal til domsto­lane om at straffa for drap, grov vald, valdtekt og overgrep mot barn skal skjerpast.

Soningskøen for fengselsstraff utan vilkår er redusert ytterlegare sidan utgangen av 3. kvartal 2008 og kan no reknast som avvikla.

Regjeringa la i mars fram ei melding om Nasjo­nal transportplan 2010–2019. Her blir det lagt opp til det største løftet for utvikling av transportinfra­struktur i moderne tid.

Stortinget vedtok våren 2009 ny naturmangfald­lov. Lova innfører fleire nye verkemiddel for å bevare arter og naturtypar og er den mest omfat­tande som er lagt fram for å ta vare på natur i Noreg nokon gong.

Det er i år investert betydeleg i oljevernutstyr som blir plassert i depot langs norskekysten.

Stortinget behandla våren 2009 stortingsmeldinga om ei heilskapleg forvaltning av det marine miljøet i Norskehavet. Forvaltningsplanen legg til rette for ver­diskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar.

Arbeidet med å realisere CO2-handteringa på Mongstad er godt i gang. Ved første steg, teknolo­gisenteret for fangst av CO2, pågår no byggjearbei­det.

Høgnivåkonferansen som Regjeringa arran­gerte i Bergen i mai, samla politiske leiarar frå ulike land og sette karbonfangst og -lagring øvst på den internasjonale klimaagendaen.

Stortinget behandla i juni ei melding om for­sking. Meldinga varslar auka forskingsinnsats og legg vekt på den viktige rolla forskinga spelar når ein står overfor store samfunnsutfordringar.

I desember 2008 la Regjeringa fram den første norske stortingsmeldinga om innovasjon.

I september i år inngjekk Regjeringa ein over­einskomst med den svenske regjeringa om prin­sippa for det vidare arbeidet med å etablere ein fel­les marknad for elsertifikat.

Regjeringa gjennomfører Kulturløftet og er i rute når det gjeld målet om at 1 prosent av stats­budsjettet skal gå til kultur.

I samarbeid med Den norske kyrkja har Regje­ringa begynt på ei demokratireform i kyrkja. Reforma er i tråd med avtala om stat og kyrkje for perioden 2009–2013, som blei inngått mellom alle dei politiske partia på Stortinget.

*****

Regjeringa har styrkt Noregs innsats på ned­rustings- og ikkje-spreiingsområdet. Det er derfor oppmuntrande at USA og Russland har uttrykt vilje til å skjere ned på atomvåpenarsenala sine. Målet vårt er ei verd fri for atomvåpen.

Krigshandlingane i det austlege Kongo har det siste året blussa opp på nytt. Regjeringa har lagt spesiell vekt på kampen mot den fullstendig uak­septable bruken av seksualisert vald i dette områ­det.

Rundt årsskiftet blei vi igjen vitne til krigsher­jingar i Midtausten. Regjeringa erkjende at Israel har rett til å forsvare si eiga sivilbefolkning, men tok avstand frå den uproporsjonale maktbruken landet gjorde seg skuldig i i Gaza. Noreg har gjen­nom sitt formannskap i givarlandsgruppa for bistand til Det palestinske området (AHLC) spelt ei leiarrolle under givarlandskonferansen for Gaza i Sharm el-Sheikh og det seinare AHCL-møtet i Oslo.

Regjeringa har lagt vekt på å styrkje norsk sivil og militær deltaking i FN-leidde operasjonar, sær­leg i Afrika.

Noreg har gjennom mange år engasjert seg sterkt for fred i Sudan. Fredsavtala mellom Nord- og Sør-Sudan frå 2005 er inne i ei svært viktig, men skjør fase. Frå norsk side vil vi halde fram med vårt sterke engasjement. Hovudmåla vil vere å bidra til å gjennomføre alle delar av fredsavtala og bidra til ei vidare fredeleg utvikling.

Noreg støttar aktivt opp om FNs arbeid for fred i Somalia. Sjølv om det noverande sjømilitære nær­været i området, som Noreg tek del i, er til hjelp, er ei varig løysing berre å finne på land.

Noreg har ei aktiv rolle som støttespelar for reformkreftene i Zimbabwe. Vi ønskjer å auke sjan­sene for å sikre ei varig demokratisk utvikling.

Regjeringa vil bidra til utvikling av offentleg-pri­vat samarbeid mellom norske styresmakter og næringslivsaktørar med sikte på å mobilisere meir privat kapital til utvikling.

Island søkte om EU-medlemskap i juli, og Regjeringa legg til grunn at EØS-avtala blir vidare­ført også med ein eventuell islandsk medlemskap.

Gjennom EØS-finasieringsordninga har Noreg stått for omfattande bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Europa. Svært mange prosjekt, fond og program er støtta gjennom denne ordninga. For­handlingar med EU om ei ny EØS-finansieringsord­ning for den neste femårsperioden blei sette i gang i september 2008. Regjeringa og EU er no samde om rammene for EØS-midlane i perioden frå 2009 til 2014.

Regjeringa har vidareført arbeidet med å få til ei ny WTO-avtale. Målet er å få på plass ei avtale som tek omsyn til interessene til utviklingslanda, men som også sikrar nødvendige rammevilkår for norsk landbruk.

Regjeringa har arbeidd for å vidareutvikle det gode forholdet til Russland. Sidan 1. desember 2008 er det opna for å gi arbeidsløyve for opptil to år i alle næringar i dei tre nordlegaste fylka til ufag­lært russisk arbeidskraft frå Barentsregionen. Ei norsk-russisk visumavtale som tok til å gjelde sam­tidig, gjer det lettare å få multivisum for folk som reiser ofte. Samtidig blir dialogen og samarbeidet med Russland vidareført med sikte på å finne poli­tiske løysingar på uløyste spørsmål.

Dialogen med naboland, allierte og andre inter­esserte om nordområda og Arktis er styrkt. Som formannsnasjon i Arktisk Råd frå 2006 og fram til april 2009 arbeidde Noreg målretta for å styrkje organisasjonen. Rådet har fått stadig viktigare opp­gåver innanfor klimaendringar, miljø og berekraftig utvikling.

Regjeringa la i vår fram ei stortingsmelding om norsk humanitær politikk. Den 3. desember 2008 blei konvensjonen om klaseammunisjon underskri­ven i Oslo. Noreg leidde initiativet, og underskri­vinga inneber ei vesentleg styrking av internasjonal humanitær rett.

I vår vedtok Stortinget, etter framlegg frå Regjeringa, ei lovendring som inneber ei styrking av rettane til personellet i Forsvaret, her medrekna erstatningsvernet, og den helsemessige oppføl­ginga. I tillegg blei det lagt fram ei stortingsmel­ding om å ta vare på personell før, under og etter deltaking i utanlandsoperasjonar.

Regjeringa har sett i verk eit breitt spekter av tiltak for å styrkje rettane, betre tilbodet til og auke anerkjenninga av veteranane i Forsvaret.

Regjeringa har vedteke å gjeninnføre bruken av Krigskorset. Det er gjort for å anerkjenne særleg framståande innsats som enkeltpersonar gjorde under og etter 2. verdskrigen, så vel som i dagens operasjonar.

Regjeringa la 19. desember 2008 fram ein pro­posisjon om ”Nye kampfly til Forsvaret”. Stortinget behandla denne proposisjonen 8. juni i år, og det var brei støtte for framlegget frå Regjeringa om at ein skal innleie ein forhandlingsprosess for kjøp av F-35 Lightning II Joint Strike Fighter.

Regjeringa har vore pådrivar for eit forsterka nordisk tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid.

Som eit ledd i oppfølginga av langtidsplanen er det oppretta eit Fellesoperativt hovudkvarter i Bodø, og dei respektive generalinspektørane har flytta og er no lokaliserte i tilknyting til verksemda i forsvarsgreinene.

Eit markant løft for å følgje opp langtidsplanen for forsvarssektoren for perioden 2009–2012 er sett i verk. Regjeringa la 15. mai 2009 fram ein proposi­sjon om investeringar i Forsvaret, med framlegg til betydelege investeringar innanfor eigedom, bygg og anlegg og materiell.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om sesjonsplikt for kvinner. Det er ein viktig del av arbeidet til Regjeringa for å få fleire kvinner i Forsvaret.

Regjeringa la i vårsesjonen 2009 fram ei ny Per­spektivmelding. Perspektivmeldinga legg eit viktig grunnlag for Stortingets arbeid med langsiktige utfor­dringar for norsk økonomi og offentlege finansar.

Konsumprisindeksen steig med 3,8 prosent frå 2007 til 2008, medan veksten utanom energi og avgiftsendringar var på 2,6 prosent. I perioden januar – august 2009 auka konsumprisane med 2,5 prosent samanlikna med same perioden i fjor, medan stigninga justert for avgiftsendringar og utanom energiprisar var på 2,8 prosent. Frå 2007 til 2008 auka talet på sysselsette personar med om lag 76 000, som tilsvarer ein vekst på 3,1 prosent.

I 2007 var 2,5 prosent av arbeidsstyrken arbeids­ledige. I 2008 gjekk andelen ledige opp til 2,8 prosent.

I 2. kvartal 2009 hadde  andelen arbeidsledige stige til 3,1 prosent.

 

Sysselsetjinga har vakse sterkt i fleire år. Frå 2007 til 2008 auka sysselsetjinga med 76 000 per­sonar. Tal frå arbeidskraftundersøkinga til Statis­tisk sentralbyrå (AKU) viser at det var utflating i sysselsetjinga i andre halvår i fjor, og at hittil i år har sysselsetjinga halde seg stabil.

Arbeidsmarknadstiltak er eitt av dei viktigaste verkemidla for å fremje ein velfungerande arbeids­marknad. Det er lagt til grunn eit totalt tiltaksnivå på 75 000 plassar i gjennomsnitt i 2009 for arbeids­søkjarar med moderat bistandsbehov og nedsett arbeidsevne.

Reglane for lønnsplikt og dagpengar ved per­mittering er endra for å leggje til rette for meir flek­sibel bruk av permitteringar, og dermed unngå oppseiingar.

Regjeringa fremja i ein odelstingsproposisjon  lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvalt­ninga. Lova innfører tilsyn med forvaltninga av tenestene og ei plikt for kommunane til å føre internkontroll.

Sjukefråværet i første kvartal 2009 var på 7,7 prosent. Det er ein auke på over 3 prosent frå 1. kvartal 2008. Det er på om lag same nivå som i 2001. Det er satt i gang dialog med partane i arbeidslivet om videreutvikling om avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Staten er blitt einig med partane i trygdedrøf­tingane om regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2009.

For å handtere den store auken i talet på asylsø­kjarar, blei det i september 2008 vedteke å gjen­nomføre 13 innstrammingstiltak. Som ei oppfølging av dette blei det i juli 2009 vedteke å iverksetje åtte nye tiltak.

Samtidig gjer konfliktar rundt om i verda at fleire menneske får vern i Noreg. Bustad og arbeid er grunnlaget for starten på eit nytt liv. I 2009 vil kommunane ta imot 6000 nye innbyggjarar.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal gi meir kunnskap om korleis den norske velferdsmo­dellen fungerer i ei tid med auka inn- og utvandring.

I juni i år vedtok Stortinget endringar i arbeids­miljølova som blant anna likestiller arbeidstida for skift- og turnusarbeid.

I Arbeids- og velferdsetaten har store omstil­lingar, ei krevjande reformperiode og nye oppgåver hatt innverknad på driftssituasjonen i etaten. Etaten er derfor blitt styrkt med til saman over 926 mill. kroner det siste året.

Etter å ha vore oppe i nesten 750 kroner per fat i juli 2008 fall oljeprisen markert i fjor haust og var ved årsskiftet nede i om lag 275 kroner per fat. Olje­prisen har teke seg opp att noko i år og var mot slutten av august på om lag 440 kroner per fat.

Noregs bruttonasjonalinntekt (BNI) var i 2008 på 2 572 mrd. kroner. Nominelt er det 12 prosent høgare enn året før.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit over­skott på 498 mrd. kroner i 2008. Det er 134 mrd. kroner høgare enn i 2007.

I første halvår i år var eksport- og importver­dien av tradisjonelle varer 18 og 14 prosent lågare enn i same perioden i fjor.

Revisjonen i mai av statsbudsjettet for 2009 innebar ein bruk av petroleumsinntekter på 129,9 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorri­gerte underskottet. Det er 38,7 mrd. kroner over den forventa avkastninga på fondet.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for perioden 2009–2013 for universell utforming og auka tilgjengelegheit, ”Norge universelt utformet 2025”.

Stortinget har vedteke lovframlegget frå Regje­ringa om å opprette ein barnesakkunnig kommi­sjon. Ordninga skal tre i kraft 1. januar 2010.

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utgreiings­utval som skal gå igjennom heile adopsjonsfeltet.

Regjeringa arbeider for å gjere tiltaka i barne­vernet betre tilpassa dei behov barn og familiar har, og for å styrkje kompetansen i barnevernet.

Regjeringa la våren 2009 fram stortingsmel­dinga ”Ei forvaltning for demokrati og felles­skap”. Ho inneheld blant anna prinsipp for organi­sering av forvaltninga, med vekt på politisk sty­ring, god arbeidsdeling og ryddige organisasjons­former.

Breibandssatsinga til Regjeringa har gitt gode resultat. Per 30. juni 2009 hadde om lag 99,9 pro­sent av husstandane tilbod om breiband.

 

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding for å profesjonalisere og betre den offentlege inn­kjøpsverksemda.

Regjeringa har lag fram ei stortingsmelding om menn, mannsroller og likestilling. Dei siste åra har det skjedd positive endringar i mannsrolla, særleg når det gjeld utviklinga i heimen og den auka kon­takten mellom far og barn.

Regjeringa har gjort framlegg om endringar i barnelova med omsyn til foreldreansvar, bustad og samvær. Målet med lovendringane er å leggje til rette for at barnet, trass i samlivsbrott mellom forel­dra, kan halde oppe og utvikle god kontakt med begge foreldra.

Regjeringa har gjennom den nye lova om kom­munale krisesentertilbod, som Stortinget vedtok våren 2009, gjort det tydeleg at det er eit kommu­nalt ansvar å sørgje for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppføl­ging.

Stortinget har vedteke lovframlegget frå Regje­ringa om å inkorporere FNs kvinnediskrimine­ringskonvensjon i menneskerettslova.

Regjeringa har gjort framlegg til lovendringar som inneber krav om at forskjellsbehandling på grunn av kjønn eller seksuell orientering i trussam­funn skal vere sakleg grunngitt. Det er også gjort framlegg om å styrkje graviditetsvernet gjennom å lovfeste forbod mot å spørje om graviditet, adop­sjon og familieplanlegging i ein tilsetjingsprosess.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for perioden 2009–2012 for å fremje likestilling og hin­dre etnisk diskriminering. Målgruppene for tiltaka er innvandrarar og barna deira, samar og nasjonale minoritetar.

Uroa i finansmarknadene har også ramma fiske­rinæringa. Svikten i kredittmarknadene har, saman med den generelle konjunkturnedgangen i viktige importland, ført til problem både for den tradisjo­nelle kvitfisknæringa og for torskeoppdrettsnæ­ringa. Eksporten av laks, aure, sild, makrell og lodde går bra, men det har vore nedgang i ekspor­ten av torsk og hyse. I tillegg til generelle tiltak for heile næringslivet og kredittmarknadene har Regje­ringa sett i verk ei rekkje særskilde tiltak for fiskeri- og havbruksnæringa. Det er blant anna etablert ei eiga garantiordning for førstehandsomsetninga av fisk, og det er løyvt midlar til ekstraordinære mar­knadsføringstiltak for torsk og til transport av fisk.

Norsk sjømatnæring eksporterte sjømat for 38,5 mrd. kroner i 2008, ein auke på fem prosent samanlikna med 2007. Havbruksnæringa stod for meir enn 50 prosent av eksportverdien. Det blei produsert 740 000 tonn laks, 75 000 tonn aure og 18 000 tonn torsk i 2008.

Miljøverknader av havbruk har stått sentralt i arbeidet til Regjeringa, og ein strategi for ei miljø­messig berekraftig havbruksnæring er lagt fram. Vidare er konkurransestrategien for havbruksnæ­ringa, som blei lagd fram i 2007, følgd opp, og det er tildelt 65 nye løyve til oppdrett av laksefisk.

Noreg har gjennom FNs mat- og jordbruksor­ganisasjon (FAO) gjort framlegg om å lage interna­sjonale retningslinjer for å redusere utkast av fisk og omfanget av uønskt bifangst. Framlegget fekk brei støtte i fiskerikomiteen i FAO, og det er no sett i gang ein prosess med sikte på å utforme globale retningslinjer.

Regjeringa har gitt høg prioritet til tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Det ulov­lege fisket i Barentshavet er redusert med 84 pro­sent frå 2005 til 2009.

Aktivt tosidig samarbeid og det nye regimet for hamnestatskontroll i Den nordaustatlantiske fiske­rikommisjonen har vore avgjerande for å redusere overfisket i vår region. Noreg har også følgt opp initiativet i FAO for å få på plass eit globalt regime for hamnestatskontroll i fiskeria.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å betre rekrutteringa til fiskeflåten, blant anna er fiskarfrå­draget blitt heva. Vidare er det sett i verk eit treårig prosjekt for å auke rekrutteringa til marin sektor og sikre at fleire i fiskeri- og havbruksnæringa har formell fagkompetanse.

For å stimulere til at unge og motiverte fiskarar kan etablere seg med eige fartøy, har Regjeringa etablert ei ordning med tildeling av 30 etablerings­stipend à 250 000 kroner til kjøp av fiskefartøy i 2009. Vidare er det etablert ei ordning med tilde­ling av 10 deltakarløyve årleg i tre år.

 

Den 14. mai la Regjeringa fram sin strategi for marin sektor – alfa og omega. I strategien legg Regjeringa auka vekt på miljøsatsing, klima og berekraft i forvaltninga av havområda våre.

I 2009 er det løyvd midlar til å fjerne vraket av kryssaren ”Murmansk” i Hasvik kommune. Det førebuande arbeidet med å få heva krigsvraket av u-båten ”U-864” utanfor Fedje har begynt.

Stortinget vedtok 10. februar 2009 ny hamne- og farvatnlov som legg til rette for gode framkomst­forhold, trygg ferdsel og forsvarleg forvaltning av farvatnet.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om sam­handling i helse- og omsorgstenesta, eit framlegg til folkehelselov for fylkeskommunane i landet og ein ny nasjonal hivstrategi.

Det er innført vaksine mot livmorhalskreft i barnevaksineprogrammet for jenter, og det er inn­gått ei avtale om å kjøpe vaksine mot influensa A (H1N1).

Regjeringa har gjort framlegg om lovendring for å følgje opp barn av foreldre som er psykisk sjuke, rusmiddelavhengige, alvorleg somatisk sjuke eller skadde.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om ei samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barse­lomsorg.

Det er vedteke forbod mot synleg oppstilling av tobakksvarer.

Regjeringa har lagt fram ein overordna strategi for førebygging på ulike samfunnsområde. Grunn­tanken i strategien er å førebyggje meir for å repa­rere mindre.

Den 29. justisministerkonferansen i Europarå­det blei halden i Tromsø i juni 2009. Over 200 delta­karar frå dei 47 medlemslanda i Europarådet deltok på konferansen ”Breaking the silence”, som hadde ”Vald i nære relasjonar” som tema.

Evalueringa som metodekontrollutvalet har gjort av lovgivinga om bruk av skjulte tvangsmiddel i poli­tiet ”Skjult informasjon – åpen kontroll” (NOU 2009: 15) blei overlevert Justisdepartementet i juni 2009.

Regjeringa fremja i august 2009 framlegg til ny lov om behandling av opplysningar i politiet og påtalemaktene (politiregisterlova).

Det er i juni 2009 vedteke lov om endringar i vaktverksemdlova med vekt på skjerpa vandelskrav til vektarar, betre grunnutdanning og strengare kontroll av selskap som tilbyr vakttenester.

Forbodet mot kjøp av seksuelle tenester i Noreg og i utlandet tok til å gjelde 1. januar 2009.

Regjeringa la i august 2009 fram ein ny hand­lingsplan, “Gode krefter”, om kriminalitetsførebyg­ging for å styrkje og samordne den samla kriminali­tetsførebyggjande verksemda.

Det rekordhøge studentopptaket til Politihøg­skolen i 2008 på 432 studentar er auka ytterlegare til 552 studentar.

Politi- og lensmannsetaten blei i tiltakspakka til Regjeringa i februar 2009, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009), styrkt med 460 sivile årsverk.

Regjeringa har inngått ny avtale om arbeidstids­reglar i politi- og lensmannsetaten. Den nye avtala inneber at politiet arbeider éin time meir i veka. Det blir rekna til 230 nye årsverk.

Regjeringa har forhandla fram eit avtaleutkast med EU om tilslutning til Prüm-regelverket.

Regjeringa har etablert barnehus som eit lands­dekkjande tilbod for å skape eit betre hjelpetilbod til barn som har vore utsette for overgrep.

Regjeringa er i gang med å etablere eit lands­dekkjande behandlingstilbod til valdsutøvarar (ATV).

Regjeringa har begynt oppfølginga av framleg­get frå valdtektsutvalet, “Frå ord til handling” (NOU 2008: 4), ved å etablere eit fagmiljø som består av fire etterforskarar ved Kripos med sikte på å etablere ei ny landsdekkjande spesialeining i politiet med ansvar for seksualisert vald, SEPOL.

Det blei i februar 2009 sett i gang ein driftsana­lyse i politi- og lensmannsetaten for å få meir kunn­skap om ressursfordeling og -disponering i etaten.

Stortinget behandla våren 2009 ei stortingsmel­ding om Svalbard. Svalbard er ein viktig del av nordområdesatsinga til Regjeringa. Vi vil styrkje nærværet vårt og leggje opp til ei stabil og føresei­eleg maktutøving i tråd med måla i norsk svalbard­politikk.

Stortinget vedtok våren 2009 lov om nye reglar om kommunal beredskapsplikt.

 

Regjeringa har lagt fram stortingsmelding om branntryggleik. Målet er å styrkje den førebyg­gjande innsatsen mot brann. Regjeringa vil redu­sere talet på omkomne i brann, unngå tap av uer­stattelege kulturhistoriske verdiar og brannar som lammar kritiske samfunnsfunksjonar, og i tillegg styrkje den generelle beredskapen og handterings­evna.

Regjeringa har vedteke at ordninga med Red­ningsinnsats til sjøs (RITS) skal utvidast frå fire til sju brannvesen i kommunar langs norskekysten.

Regjeringa har fått på plass døgnkontinuerleg vakt ved alle redningshelikopterbasane på fastlan­det. Ein ny redningshelikopterbase i Florø blir opna i september 2009.

Stortinget har slutta seg til ei ny stortingsmel­ding om offentleg rettshjelp. Det er brei politisk semje om hovudlinjene for den framtidige retts­hjelpsordninga. Målsetjinga er å gi rask og effektiv avklaring av juridiske problem slik at fleire kon­fliktar blir løyste tidleg og effektivt.

Bygging av nye lokale for Gulating lagmanns­rett er sett i gang i 2009.

Som ledd i strukturendringane i førsteinstans­domstolane er det i 2009 sett i gang ombyggingsar­beid i samband med etableringa av nye Inntrønde­lag tingrett.

Eit utval som er oppnemnt av Regjeringa, har evaluert kontrollmekanismane for politiet. Utvalet leverte sin rapport i mai 2009.

Regjeringa har auka inntektsgrensene for fri rettshjelp med verknad frå 1.7.2009. Dette er ein viktig del av arbeidet til Regjeringa for å redusere fattigdom.

Regjeringa har auka maksimumsbeløpet for utbetaling av valdsoffererstatning frå 20 G (grunn­beløpet i folketrygda) til 40 G med verknad frå 1.7.2009.

Våren 2009 vedtok Stortinget endringar i opp­læringslova og privatskolelova med blant anna krav til tidleg innsats gjennom å auke talet på lærarar i norsk/samisk og matematikk for elevar på 1.– 4. trinn og meir tid til fysisk aktivitet for elevar på 5.– 7. trinn.

I tiltakspakka Regjeringa la fram for 2009, blei tilskottet auka til bedrifter som har lærlingar og lærekandidatar. Rentekompensasjonsordninga for skole- og symjeanlegg blei styrkt.

Stortinget har vedteke ny vaksenopplæringslov. Lova regulerer opplæringstiltak som er spesielt organiserte for vaksne og omfattar studieforbund, frittståande fjernundervisningsinstitusjonar og enkelte av dei skolane som i dag er regulerte i pri­vatskolelova, og nye skolar som blir godkjende etter ny lov.

Det er underskrive eit nytt manifest mot mob­bing i skolen, samtidig som løyvingane til innsats mot mobbing er auka.

Eit offentleg oppnemnt utval har lagt fram NOU 2009: 18 Rett til læring, om opplæring for barn, ung­dom og vaksne med særskilde behov. Utvalet har blant anna vurdert korleis det spesialpedagogiske støttesystemet kan styrkjast.

Strategien Kompetanse for kvalitet, strategi for vidareutdanning for lærarar, er sett ut i livet. Det same er ny skoleleiarutdanning for nytilsette rek­torar i grunnopplæringa.

I stortingsmeldinga om kompetansepolitikk, Utdanningslinja, blir det fremja fleire tiltak for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring, blant anna forsøk med eit nytt arbeidslivsfag på ungdomstrinnet, gjennomgang av kompetansemåla i læreplanane og støtte til fylkeskommunane for tettare oppfølging av elevane.

Eit offentleg utval er oppnemnt for å sjå på opp­læringa for minoritetsspråklege barn, unge og vaksne.

Det er vedteke å etablere eit nasjonalt senter for IKT i opplæringa i Tromsø. Senteret vil vere operativt frå 1. januar 2010.

Frå og med skoleåret 2009/2010 har alle elevar i den vidaregåande skolen rett til gratis læremiddel i vidaregåande skole. Den trinnvise opptrappinga er dermed fullført.

Totalt søkte 104 238 om opptak til høgare utdanning hausten 2009, ein auke på 7 prosent frå i fjor. Det er derfor løyvt midlar til 3 800 nye studie­plassar og til om lag 400 nye plassar ved fagsko­lane. I tillegg har institusjonane auka talet på mas­tergradstilbod, og vidareutdanningstilbod og nett­

 

baserte tilbod er auka slik at alle er sikra eit utdan­ningstilbod uavhengig av kor dei bur i landet.

Lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompe­tanse er den viktigaste føresetnaden for god kvali­tet i skolen. Regjeringa har derfor oppretta GNIST-partnarskapen, som er ei brei satsing for å styrkje kvaliteten i lærarutdanninga og vidareutvikle lærar­profesjonen.

I 2009 har det vore rekordstor satsing på byg­ging av studentbustader med midlar frå det ordi­nære budsjettet og frå tiltakspakka. Til saman er det blitt gitt tilsegn om tilskott til 1 285 hybeleinin­gar i 2009.

Føresegnene i universitets- og høgskolelova om godkjenning og godskriving av utanlandske utdanningar er endra, blant anna for å gjere det lettare for innvandrarar å kunne bruke utdanninga si i Noreg.

Talet på avlagde doktorgradar ved norske uni­versitet og høgskolar i 2008 var rekordhøgt. 1 244 avlagde doktorgradar er ein auke på 60 prosent sidan 2004.

Det er gitt startløyving til fire bygg i universi­tets- og høgskolesektoren, bygg for Institutt for kli­nisk odontologi ved Universitetet i Bergen, bygg for sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Oslo, sentralbygg ved Høgskolen i Sogn og Fjordane i Sogndal og bygg for samlokalisering av Høgskolen i Bergen.

Regjeringa legg særleg vekt på klima- og miljø­forsking. Forskingsdelen av klimaforliket er følgd opp, blant anna ved at det er oppretta åtte senter for miljøvennleg energi og at det nye strategiorganet Klima 21 er etablert.

I 2009 er dei offentlege forskingsløyvingane auka med om lag 1,8 mrd. kroner. Dei offentlege for­skingsløyvingane inkludert skattefunn utgjer no 0,94 prosent av BNP, og Noreg nærmar seg målet om ein offentleg forskingsinnsats på 1 prosent av BNP.

Fondet for forsking og nyskaping er styrkt med 6 mrd. kroner, og to tredelar av dette er øyremerkt vitskapleg utstyr. Regjeringa har i tillegg oppretta sju regionale forskingsfond med ytterlegare 6 mrd. i fondsmiddel. Dei regionale fonda skal styrkje for­sking og innovasjon i regionane.

Regjeringa har vedteke å setje i verk ei ny ord­ning med momskompensasjon for frivillige organisa­sjonar. Ordninga trer i kraft 1. januar 2010 og skal trappast opp med ein milliard kroner fram til 2014.

Regjeringa har begynt arbeidet med ei pile­grimssatsing.

Det er oppnemnt nye medlemmer til Norsk kul­turråd med verknad frå 1. juli 2009 i samsvar med nye reglar der talet på rådsmedlemmer er redusert til ti, og der alle medlemmene blir oppnemnde av Kongen.

Nordnorsk Opera og Symfoniorkester AS er etablert.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om bibliotek som kunnskapsallmenning, læringsa­rena og møtestad i ei digital tid.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om ein nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv.

I august 2009 blei det lagt fram ei stortingsmel­ding om museumsreforma.

Det er utlyst og gjennomført ein arkitektkon­kurranse for bygging av nytt Nasjonalmuseum for kunst og arkitektur på Vestbanen i Oslo.

I august i år vart det også lagt fram eit arkitek­turpolitisk dokument.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om ansvaret NRK har ved dekning av val, ”NRK-plakaten – dekning av valg”. Stortinget slutta seg til framlegga i meldinga.

Regjeringa har vedteke ein ny treårig hand­lingsplan mot speleproblem, med tiltak for å føre­byggje og behandle slike problem i befolkninga, inkludert problem knytt til elektroniske spel.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke å forby betalingsformidling for pengespel utan norsk løyve.

Regjeringa har innført grasrotdelen, som gjer det mogleg for spelarane hos Norsk Tipping å gi ein del av speleinnsatsen direkte til lokal frivillig verksemd.

I 2009 sette Regjeringa i verk den nye forde­lingsnøkkelen for overskottet i Norsk Tipping.

Det er i 2009 gitt tilskott til etableringa av 26 nye frivilligsentralar.

 

I 2009 er det som ledd i tiltakspakka frå Regje­ringa fordelt 250 mill. kroner til idrettsanlegg i kommunane over statsbudsjettet. Vidare er det for­delt 78 mill. kroner til ymse tiltak på kulturområdet.

I tiltakspakka frå Regjeringa var 6,4 mrd. kro­ner retta inn mot kommunesektoren, blant anna ved at det blei oppretta eit øyremerkt tilskott på 4 mrd. kroner til vedlikehald, oppgradering og reha­bilitering av kommunale bygg, anlegg og vegar.

Det nye inntektssystemet for kommunane blei gjort gjeldande frå 1. januar i år, og det vil gi ei jamnare fordeling og eit betre grunnlag for lang­tidsplanlegging i kommunane.

Det er fremja to odelstingsproposisjonar med framlegg om lovendringar som skal leggje forholda til rette for ei tillitsskapande forvaltning framover og ein styrkt etisk praksis i kommunesektoren.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposi­sjon med endringar i vallova og kommunelova for å sikre at alle kan delta ved val. Retten for kommunar og fylkeskommunar til å halde lokale, rådgivande folkeavrøystingar er no lovfesta.

Dei siste åra har tilflyttinga til distrikta auka. Talet på distriktskommunar med vekst i folketalet er no på sitt høgaste sidan 1980-talet.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. For å støtte opp under hovudmåla om reell fridom til busetjing og vekstkraft nedanfrå er hovudlinja til Regjeringa å utvide det lokale handlingsrommet.

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for å sikre at burettslagsmodellen er ein trygg og god eigar­modell.

Stortinget har vedteke ny byggjesaksdel i plan- og bygningslova. Lova skal saman med nye byggje­forskrifter redusere omfanget av byggfeil, gi fleire miljøvennlege og energieffektive byggverk og leg­gje til rette for universell utforming av bygningar og uteområde.

Det er forhandla fram jordbruksavtale og rein­driftsavtale mellom staten og næringsorganisasjo­nane, som Stortinget slutta seg til i juni. Ramma for jordbruksavtala er auka med 1,2 mrd. kroner, og av dette er 200 mill. kroner ei ekstraordinær investe­ringspakke i 2009. Avtala gir grunnlag for ein inn­tektsvekst på vel 13 prosent, eller om lag 28 000 kroner per årsverk i 2010.

Investeringsordningane er særleg styrkte i 2009, med den ekstraordinære investeringspakka for landbruket og ved at låneramma for rentestøtte er auka med 300 mill. kroner til 1 mrd. kroner. Jordbruksavtala vidarefører ei kursendring i land­brukspolitikken blant anna ved å leggje til rette for ei nivåheving av inntektene og styrkje struktur- og distriktsprofilen i verkemidla. Reindriftsavtala inne­ber økonomiske tiltak i reindriftsnæringa på 101 mill. kroner.

Med verknad frå 1. juli 2009 er det gjort ei rekkje endringar i odelslova, jordlova og konse­sjonslova. Endringane inneber betydelege forenk­lingar i lovverket, og odelslova blir modernisert.

Ny lov om dyrevelferd er vedteken i Stortinget og vil tre i kraft frå januar 2010. Lova legg grunnla­get for god dyrevelferd og respekt for dyr i Noreg og vil vere eit viktig verkemiddel i departementet sitt arbeid med å betre dyrevelferda og førebyggje dyretragediar.

Regjeringa har i ei ny stortingsmelding teke ein grundig gjennomgang av landbruket sett i høve til klimaendringane.

Utsleppa av klimagassar i Noreg gjekk ned med 2,2 prosent i 2008, og det var til dels betydeleg reduksjon i utslepp av NOX og andre gassar som er regulerte av Göteborg-protokollen.

Som eit ledd i klimapolitikken blei det forbode å deponere nedbrytbart avfall frå 1. juli 2009.

Noreg har vedteke eit nytt og omfattande regel­verk på kjemikalieområdet – REACH – som vil gi betre vern av helse og miljø.

Noreg har vore pådrivar for å få til semje om at det skal lagast ei global avtale som regulerer bruk og utslepp av kvikksølv.

Regjeringa arbeider aktivt med miljøspørsmål i dei maritime næringane og har bidrege til auka internasjonalt fokus på å redusere utslepp frå skips­farten gjennom heile levetida til skipet.

Noreg er med det på god veg mot å etterleve forpliktingane i Göteborg-protokollen.

Regjeringa inngjekk i 2008 ei avtale med 14 næringsorganisasjonar om reduksjon av utslepp av

 

nitrogenoksid (NOX). Organisasjonane har også lagt fram planar for kva tiltak som skal gjennom­førast i avtaleperioden.

Ny lov om plandel av plan- og bygningslova tok til å gjelde 1. juli 2009. Framlegg til statlege planret­ningslinjer om ei differensiert strandsoneforvalt­ning og framlegg til statlege planretningslinjer om klima- og energiplanlegging i kommunane er no sendt på høyring.

Regjeringa har no verna til saman om lag 10 274 km2 etter naturvernlova/naturmangfaldlova. Per 7. august 2009 er om lag 15,7 prosent eller om lag 50 800 km2 av Fastlands-Noreg verna. Reinhei­men, Varangerhalvøya, Seiland, Hallingskarvet, Lomsdal-Visten, Ytre Hvaler og Breheimen er nye nasjonalparkar.

Regjeringa har følgt opp maritim strategi for ein miljøvennleg skipsfart ved å styrkje maritim kom­petanse, maritim forsking og innovasjon og miljø­prosjekt.

Regjeringa har styrkt handelen med tenester i EØS ved å gjennomføre EUs tenestedirektiv i norsk rett ved lov om tenesteverksemd. Lova trer i kraft 28. desember 2009. Regjeringa deltek også i arbeidet med å forbetre reglane for varehandel i EØS-området.

Handelsavtala mellom EFTA og Canada tok til å gjelde 1. juli 2009. Noreg har gjennom EFTA inn­gått ei handelsavtale med Gulf Cooperation Council (Saudi-Arabia, Kuwait, Oman, Dei sameinte ara­biske emirata, Qatar og Bahrain). Handelsavtaler med Albania og Serbia er ferdigforhandla. Det er sett i gang arbeid for inngå EFTA-handelsavtaler med Ukraina, India og Russland og ei tosidig han­delsavtale mellom Noreg og Kina.

I samband med vernet av Vefsnavassdraget i Nordland er det oppretta eit næringsfond for kvar av dei fire kommunane Vefsn, Hemnes, Hattfjelldal og Grane på i alt 150 mill. kroner.

Rammene for Innovasjon Noreg er auka bety­deleg for å betre tilgangen til kapital for bedriftene, i tillegg til å stimulere bedriftene til å halde fram med å prioritere nyskaping og innovasjon.

Det er etablert ei ny støtteordning for kraftinte­nsiv industri under Innovasjon Noreg. Ramma er på 40 mill. kroner, og støtte innanfor reglane for bagatellmessig støtte kan bli tildelt bedrifter som deltek i innkjøpskonsortium for kjøp av kraft.

Regjeringa fremja i desember 2008 framlegg om at staten skulle tilby Eksportfinans marknads­lån på visse vilkår. Med samtykke frå Stortinget blei det inngått ei avtale der den norske staten v/ Nærings- og handelsdepartementet forplikar seg til å yte lån til Eksportfinans fram til 31. desember 2010.

Rammene for Alminneleg ordning, Byggjelåns­garantiordninga for skip og U-landsordninga under Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) blei utvida for 2008 og 2009.

Regjeringa har lagt fram ein ny handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga med vekt på høgare utdanning for utvikle ein god kultur for entreprenørskap i Noreg.

Regjeringa har i 2009 starta prosessen med å evaluere Innovasjon Noreg og SIVA.

Den negative utviklinga i verdsøkonomien i siste halvdel av 2008 gav seg store utslag for sel­skap der staten er deleigar. Verdien av statens aksjar på Oslo Børs fall med 238 mrd. kroner i 2008 til ein total verdi på 333 mrd. kroner ved utgangen av året.

I november 2008 selde staten eigardelen sin på 50 prosent som han hadde att i BaneTele AS. Aksje­salet blei gjennomført i februar 2009 etter at Stor­tinget hadde gitt samtykke.

Med samtykke frå Stortinget deltok staten med sin del av ein eigenkapitalauke i SAS AB i mars 2009.

Regjeringa har arbeidd for at Noreg skal delta i bygginga av det felleseuropeiske satellittnaviga­sjonssystemet Galileo, og Stortinget slutta seg til deltakinga 11. juni 2009.

Den samla elektrisitetsproduksjonen var på om lag 143 TWh i 2008, medan forbruket var på om lag 129 TWh.

Olje- og energidepartementet og Noregs vass­drags- og energidirektorat gav i 2008 til saman kon­sesjon og fritak frå konsesjonsplikt til 81 vasskraft­prosjekt, her medrekna småkraft, opprusting/utvi­dingar og større kraftverk, som vil kunne gi ein årleg samla produksjon på om lag 825 GWh. I 2008 blei det utbygd 66 vasskraftprosjekt, som vil gi ein årleg samla produksjon på om lag 1,1 TWh. Olje- og energidepartementet og Noregs vassdrags- og energidirektorat har i 2008 gitt konsesjonar til vind­kraft som årleg vil kunne produsere om lag 730 GWh. I 2008 blei det sett i drift 40 vindturbinar, som årleg vil produsere om lag 245 GWh.

Regjeringa styrkte Enova med over 1 mrd. kro­ner i tiltakspakka som blei lagd fram i vinter. Det har gitt ein kraftig auke i arbeidet med energieffek­tivisering og utbygging av fornybar energiproduk­sjon.

Regjeringa har styrkt retten til bruk av nettet for kraftprodusentar og forbrukarar ved å innføre ei tilknytingsplikt for nettselskapa. Regjeringa har fått tilslutnad frå Stortinget til ein strategi for kor­leis ein skal ta meir omsyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn når forsterkningar i kraftnettet blir planlagde.

Regjeringa har samla og styrkt den statlege organiseringa av førebygging av skredulykker. Frå 1. januar 2009 er det statlege ansvaret for å førebyg­gje alle typar skred lagt under Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Då Stortinget behandla St.prp. nr. 53 (2008-2009) Verneplan for vassdrag – avsluttande supple­ring, blei Vefsna, Langvella og dei nedre delane av Tovdalsvassdraget tekne inn i Verneplan for vass­drag.

Regjeringa kom våren 2009 med framlegg til ny lov om fornybar energi til havs og ein nasjonal stra­tegi for havbasert fornybar energi. Lovframlegget gir offentleg styring og kontroll med disponeringa av fornybare energiressursar til havs.

Lovframlegget frå Regjeringa om utleige av vasskraftproduksjon blei vedteke av Stortinget i juni 2009.

I 2008 rapporterte Enova om at føretaket har inngått avtaler om fornybar energiproduksjon og energisparing på 2,15 TWh.

Den totale petroleumsproduksjonen på norsk sokkel var på 242 mill. Sm3 oljeekvivalentar i 2008. Det er 22 mill. Sm3 mindre enn produksjonen i 2004, som historisk sett er den høgaste. Nedgan­gen, som blir dempa av auka gassproduksjon, skul­dast i hovudsak fall i oljeproduksjonen. Olje, NGL og kondensat utgjorde 59 prosent av den samla petroleumsproduksjonen.

Gassproduksjonen var i 2008 på 99 mrd. Sm3. Verdien av olje- og gasseksporten var i 2008 på 600 mrd. kroner. Det er ein auke i eksportverdien på 18 prosent frå året før. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsaktiviteten var på 470 mrd. kroner i 2008.

Små og mellomstore felt som Alvheim, Vilje og Volve blei sette i produksjon i 2008.

I samband med samanslåinga av Statoil og petroleumsverksemda i Norsk Hydro slutta Stortin­get seg til framlegget frå Regjeringa om at staten ved OED skulle auke eigardelen sin frå 62,5 pro­sent til 67,5 prosent i det samanslåtte selskapet. Dette blei gjennomført frå sommaren 2008 til våren 2009.

Auka internasjonalisering av energinæringa er viktig av fleire grunnar, her medrekna klima og næringsutvikling. Regjeringa har derfor i samar­beid med energinæringa oppretta eit samarbeids­prosjekt for å auke internasjonaliseringa av den norskbaserte energinæringa. INTPOW – Norwe­gian Renewable Energi Partners – blei starta opp i mars 2009 og har no om lag 15 partnarar.

Også i 2009 er nivået på løyvingane til investe­ringar, drift og vedlikehald til jernbane og veg høgt. Regjeringa har blant anna prioritert trafikktrygg­leik høgt. Etter fire år ligg løyvingane over ram­mene i stortingsvedtaket om Nasjonal transport­plan 2006–2015.

Det er vedteke reglar som skal styrkje rettane til dei tilsette i kollektivtransportsektoren. Ved alle anbodsoverdragingar skal dei tilsette ha dei same rettane som ved overdraging av verksemder.

Løyvinga til Belønningsordninga for betre kol­lektivtrafikk og redusert bilbruk blei dobla i 2009. I 2009 har Samferdselsdepartementet inngått fireå­rige avtaler med byregionane Kristiansand og Trondheim, som har vist vilje til å forplikte seg til ei ytterlegare styrking av verkemiddelbruken retta mot biltrafikk.

Regjeringa la i juni fram ei melding om verk­semda i Avinor AS. I samband med det la Regje­ringa fram ei tiltakspakke på om lag 900 mill. kro­ner som skal bidra til at Avinor kan gjennomføre nødvendige tryggleiksinvesteringar på flyplassane sine.

Regjeringa har fatta eit prinsippvedtak om å betre rammevilkåra for Moss lufthamn, Rygge.

For å sikre at leveringspliktige post- og bankte­nester av god kvalitet kan bli levert til alle i heile landet, er det i 2009 løyvt 518 mill. kroner til statleg kjøp av post- og banktenester.

Regjeringa la i 2009 fram ”Handlingsplan for samiske språk”, slik det blei varsla i melding om samepolitikken 2008.

 

 

Gitt på Oslo Slott 9. oktober 2009

Under vår hand og riksseglet

Til toppen