Historisk arkiv

Mjølkeproduksjon står sterkt i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I Sogn og Fjordane blir 98 prosent av jordbruksareala brukte til enten innmarksbeite eller grasproduksjon, og gir grunnlag for eit jordbruk med stor husdyrproduksjon. Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi.

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal.
Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

Mykje innmarksbeite og fulldyrka jord

Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Det er 532 500 dekar og utgjer fem prosent av jordbruksarealet i Noreg. Mykje av jordbruksarealet i Sogn og Fjordane er fulldyrka jord som er godt eigna til åkervekster og eng. Fylket har og mykje innmarksbeite. Det er kultivert areal, veleigna til beite, men jorda kan ikkje haustast maskinelt.

Sogn og Fjordane har mykje innmarksbeite. Det er kultivert areal, veleigna til beite, men jorda kan ikkje haustast maskinelt.
Sogn og Fjordane har mykje innmarksbeite. Det er kultivert areal, veleigna til beite, men jorda kan ikkje haustast maskinelt. Foto: Geir Harald Strand, NIBIO

Lange tradisjonar med mjølk

Jordbruket i Sogn og Fjordane har lang tradisjon for mjølkeproduksjon. Til tross for over 40 prosent nedgang i talet på mjølkebønder dei siste tiåra, og at talet på mjølkekyr er redusert med nesten 20 prosent, viser det seg at mjølkeproduksjonen held seg ganske stabil mellom 100 – 106 millioner liter. Landbruksdirektøren i Sogn og Fjordane legg til at det har skjedd ein merkbar auke i mjølkeproduksjonen per ku.

Mjølkeproduksjonen held seg stabil i Sogn og Fjordane.
Mjølkeproduksjonen held seg stabil i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

Stor utvikling i bærproduksjonen

Sogn og Fjordane er blant dei fire største bærfylka i landet, og har hatt ein stor utvikling dei siste 15 åra. No har Sogn og Fjordane to tredelar av bringebærproduksjonen i Noreg. Morellproduksjonen i Lærdal representerer enkelte år også det største volumet i landet. Bærprodusentane i fylket har satsa på å byggje opp merkevarer knytt til dei ulike bærproduksjonane. Bringebær og moreller frå Lærdal er døme på dette.

Sogn og Fjordane har rundt 2/3 av all bringbærproduksjon i Noreg.
Sogn og Fjordane har rundt 2/3 av all bringbærproduksjon i Noreg. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Jordvern

Sogn og Fjordane har mykje areal per innbyggjar. Likevel er det ofte stort press på å bruke matjord til andre føremål når nye vegar skal førast fram og næringsareal tilretteleggjast. Dei beste jordbruksareala i fylket ligg der flest folk bur. Typiske døme er Førde, Nordfjordeid, Stryn og Lærdal.

Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Det er 532 500 dekar, eller omtrent storleiken på Gulen kommune, og utgjer fem prosent av jordbruksarealet i Noreg.
Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Det er 532 500 dekar, eller omtrent storleiken på Gulen kommune, og utgjer fem prosent av jordbruksarealet i Noreg. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO.