Historisk arkiv

Oppdatert kunnskap om arealressursane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Arealbarometeret frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) viser status for jord- og skogbruksareal i kvart fylke. Den gir ei oversikt over landbruksressursane, endringar i arealbruken, kva areala er eigna for og kva dei blir brukte til. I år er ogso nedbygd jordbruksareal dokumentert.

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Kunnskapen vil og vere nyttig knytt til endringar som kjem gjennom kommune- og regionreformene, meiner Dale. – Her vil det bli auka behov for å dele informasjon om regionale og lokale ressursgrunnlag, seier han.

– Den oversikta vi får gjennom ressurskartlegginga til NIBIO er viktig for langsiktig ressursutnytting og verdiskaping, både nasjonalt og lokalt, legg Dale til.

Kornåker m/treske Follo Akershus
Sammen med resten av Follo er Ås, Ski og Frogn av Norges beste områder for matkornproduksjon. Foto: ©Oskar Puschmann/NIBIO

Data som blir presenterte gjennom Arealbarometera blir brukt i konsekvensutgreiingar, arealplanlegging og i søknadar om ulike tilskot innan landbruket. Det er Landbruks- og matdepartementet som har tildelt NIBIO oppgåva med å kartleggje landbruksressursane i Noreg, og formidle kunnskapen. Arealbarometera er viktige verktøy i formidlinga.