Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa vil styrkja forsvarsbudsjettet ytterlegare

I forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2023 vil regjeringa auke forsvarsbudsjettet med til saman 2,1 mrd. kroner, inkludert kompensasjon for økte valutapriser på store investeringar på 608 mill. kroner og ekstraordinær priskompensasjon på om lag 1,5 mrd. I tillegg vil regjeringa gi kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift på om lag 172 mill. kroner.

Illustrasjonsbilde: Ein F-35-pilot foran eit F-35 under øvinga Joint Viking 2023.
Illustrasjonsbilde: Ein F-35-pilot foran eit F-35 under øvinga Joint Viking 2023. Foto: Mariann Beausire / Forsvaret

Ut over disse tekniske endringane foreslår regjeringa å styrkja forsvarsbudsjettet med 327 millionar kroner.

- Me er i eit tidsskilje, og Noreg må byggja eit sterkare forsvar og ein betre beredskap i heile samfunnet. I tiår har me hausta ein fredsgevinst. No må me betala ein større forsikringspremie. Vi må auka evna til å verna oss og vera føre var. Alvoret krev eit sterkt nasjonalt forsvar som er til stades, er moderne og kan reagera raskt. Me må også tryggja samfunnet vårt og gjera det meir motstandsdyktig. Det gjorde me då me la fram dei to siste statsbudsjetta, og me held fram med dette forslaget til revidert nasjonalbudsjett, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Forsvarsministeren besøkte Andøya Space og flybasen på Andøya 10. mai 2023.
Forsvarsministeren besøkte Andøya Space og flybasen på Andøya 10. mai 2023. Foto: Philip Linder / Forsvaret

Forslaget inneber mellom anna om lag 167 millionar kroner til Andøya for å styrkja evna til alliert mottak, om lag 60 millionar kroner for å sikre nok teknikarar til F-35 og 25 millionar kroner for å styrkja evna til situasjonsforståing for Etterretningstenesta.

Regjeringa ønskjer òg å støtta flyfaglinja ved Fosen vidaregåande skule med 15 millionar kroner i tillegg til relevant undervisningsmateriell.

 

Pressemeldingar frå Forsvarsdepartementet