Revidert nasjonalbudsjett:

Regjeringa tar grep for å sikre teknikarar til F-35

Regjeringa foreslår å løyva nær 60 millionar kroner for å sikre nok teknikarar til F-35 og 15 millionar kroner til flyfaglinja på Fosen vidaregåande skole.

F-35-teknikere på Evenes flystasjon under øvelse Joint Viking 2023.
F-35-teknikarar på Evenes flystasjon under øvinga Joint Viking 2023. Foto: Mariann Beausire / Forsvaret

- I dagens tryggingssituasjon er kampflya våre avgjerande  for tryggleiken vår. Vi kan ikkje setje oss i ein situasjon der flya blir ståande på bakken på grunn av manglande teknisk personell. Det er nødvendig å setje i verk tiltak på både kort og lang sikt, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

For å sikra tilstrekkeleg talet på teknikarar til F-35-systemet blir det planlagt med innleige av teknisk personell frå Lockheed Martin for 20,5 millionar kroner ut 2023 og med innleige av teknikarar frå Kongsberg Aviation Maintenance Services for 18 millionar kroner til og med august 2023.

Regjeringa foreslår å bruka 18,3 millionar kroner på å styrkja bemanninga i Forsvarets logistikkorganisasjon på Ørlandet. Desse skal støtta opp under F-35-systemet.

Regjeringa styrkar også utdanninga av nye flyteknikar gjennom ei løyving til Trøndelag fylkeskommune. Løyvinga er eit enkeltståande tilskot til kjøp av ein avionikklab. 

- Etableringa av ei landsdekkjande flyfaglinje på Fosen vidaregåande skole er viktig for tilgangen til forsvarssektoren på teknisk personell ved Luftforsvarets kampflybase på Ørland. Denne linja utdannar det personellet Forsvaret treng i framtida. Derfor vil me støtte ho med 15 millionar kroner, seier forsvarsministeren.

Regjeringa vil sikre Noreg nok flyingeniørar
Regjeringa føreslår å bruke 5 millionar kroner på å etablere ei flyingeniørutdanning ved NTNU, og vil løyve pengar til 25 studieplassar i året. I dag finst det ingen slike utdanningar i Noreg.  Utdanninga er etterspurd av både sivil og militær luftfart og studietilbodet skal vere oppe og gå frå og med studieåret 2024/2025.

Regjeringa vil sikre Noreg nok flyingeniørar - regjeringen.no