St.meld. nr. 9 (2000-2001)

Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark

Til innhaldsliste

2 Omlegging av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark

Bruk av kablane mellom Noreg og Danmark er i dag regulert gjennom Statkraft SF sine fysiske kraftutvekslingsavtaler med danske ELSAM A/S og tidlegare PreussenElektra AG. PreussenElektra er no fusjonert med Bayernwerk AG til selskapet E.ON Energie AG. Avtalene omfattar faste fysiske leveransar til kontinentet og plikt til kortsiktig kraftutveksling i samsvar med norsk børspris og utanlandske kostnader eller børspris.

Statkraft har gjort avtaler med ELSAM og E.ON Energie om å gjere dei fysiske kraftutvekslingsavtalene om til finansielle avtaler. Endringane fører til at dei kommersielle partane i avtalene gjev frå seg dei eksklusive avtalefesta rettane knytt til fysisk kraftutveksling over kablane i nær 20 år framover. Statkraft vil etter omlegginga ikkje lenger leige kablane av Statnett SF.

Statnett eig i dag 100 prosent av kablane mellom Noreg og Danmark. Statnett og Eltra eig landanlegga i høvesvis Noreg og Danmark. Omlegginga av kraftutvekslinga kan på eit seinare tidspunkt føre til at den norske delen av eigarskapet i kablane blir mindre.

Som ein del av omlegginga ser departementet det som naturleg at sentralnettselskapa i Noreg og på Jylland/Fyn (Statnett og Eltra amba) tek over ansvaret for å organisere den fysiske kraftutvekslinga over Skagerrakkablane. Frå departementet si side føreset ein at organiseringa legg til rette for ei mest mogleg sikker og effektiv kraftutveksling mellom landa.

Overføringskapasiteten på 1 000 MW over Skagerrakkablane, som ein har i dag, vil bli stilt til rådvelde for aktørane i marknaden gjennom Nord Pool. Tidlegare har i periodar berre delar av kapasiteten vore tilgjengeleg for marknaden. Nord Pool sin fysiske marknad (elspot) vil dermed utgjere grunnlaget for utvekslinga mellom landa. Utvekslinga vil basere seg på Nord Pool sine områdeprisar i høvesvis Sør-Noreg og Jylland/Fyn og dermed vere avhengig av marknadsforholda i dei to områda. I dag må differansen mellom børsprisane vere større enn 1 øre/kWh før kortsiktig utveksling kan finne stad. Dette punktet vil no falle bort. I tillegg tek ein sikte på å etablere eit forpliktande systemsamarbeid mellom dei systemansvarlege i dei to landa. Tilsvarande prinsipp gjeld i dag for utvekslinga og samarbeidet mellom Noreg, Sverige og Finland.

Grensetariffen vil bli sett lik null for all kraftutveksling mellom Noreg og Danmark, med føresetnad om at tilsvarande endring vert gjennomførd på dansk side. Å fjerne grensetariffane ser ein på som viktig i høve til å vidareutvikle kraftutvekslinga i Norden.

Omlegginga vil, i tillegg til pågåande marknadsreformer på Jylland og Fyn, medverke til ein meir open og integrert nordisk kraftmarknad. I tillegg arbeider ein for å endre prinsippa for utveksling mellom Jylland og Sverige, og mellom Jylland og Tyskland. Samla sett vil tiltaka ovanfor bidra positivt i høve til å sikre ei effektiv kraftutveksling mellom landa. Departementet legg i samband med dette vekt på arbeidet som skjer i regi av EU-kommisjonen og dei europeiske sentralnettselskapa med sikte på å utvikle krafthandelen mellom landa vidare.

Plikta om fast fysisk levering til kontinentet som ein har på norsk side fell bort. Dette vil betre forsyningstryggleiken i det norske kraftsystemet.

Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark er til nytte for begge land. Departementet legg til grunn at alle kostnadene knytt til sjøkablane skal delast mellom Noreg og Danmark, og at tilsvarande prinsipp skal gjelde ved reinvestering eller utviding av kapasiteten. Den norske delen av kostnadene for kablane og det norske landanlegget vil bli dekka innanfor sentralnettsordninga. Inntektene til sentralnettet frå grensetariffen vil falle bort som følgje av omlegginga. Dette vil innebere ei omfordeling mellom brukarane av sentralnettet samanlikna med i dag. Den samla auken av tariffane i sentralnettet vil i følgje Statnett vere opp til 11 prosent. Flaskehalsinntekter vil kunne medverke til å redusere auken i tariffen.

Partane i omlegginga tek sikte på at den nye organiseringa av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark skal tre i kraft frå 1. januar 2001. Departementet legg til grunn at før ein kan gi ny konsesjon må det liggje føre eit tilstrekkeleg avtaleverk mellom partane. Departementet føreset at partane tek utgangspunkt i prinsippet om likeverd i samarbeidet.

Norges vassdrags- og energidirektorat vil kontrollere at vilkåra i den nye konsesjonen for kraftutveksling mellom Noreg og Danmark blir følgde opp etter intensjonen om å sikre ei effektiv kraftutveksling.

Departementet legg til grunn at framtidige forhold som kan gjere det naudsynt med omlegging av kraftutvekslinga med utlandet, skal avgjerast av departementet. Føresetnaden er at endringane er i tråd med prinsippa som er vedtekne for kraftutveksling med utlandet. Ein viser i samband med dette til fleirtalet sin merknad i Innst. S. nr. 229 (1995-96) om at det er opp til departementet å gje nærare konsesjonsvilkår innanfor gjeldande hovudprinsipp for kraftutvekslinga med utlandet.

Forslaget til ny organisering av kraftutveksling mellom Noreg og Danmark får ingen konsekvensar for dei to planlagde kablane til Tyskland og Nederland.

Til forsida