Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meland kommune til kommuneplanens arealdel (2006-2018)

Miljøverndepartementet tek ikkje til følgje motsegn frå Meland kommune til kommuneplan for Askøy 2006-2018 (arealdelen) når det gjeld utviding av Mjølkevikvarden industriområde. Departementet legg vekt på at utviding av eksisterande masseuttak er betre enn å løyse behovet for masser ved å starte verksemd på ein ny plass. Departementet stadfestar Askøy kommune sitt vedtak av 25.10.2007.

Askøy kommune - kommuneplanens arealdel (2006 - 2018). Motsegn frå Meland kommune


Vi viser til oversendingsbrev frå Fylkesmannen i Hordaland datert 7. desember 2007. 

Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, etter motsegn frå Meland kommune. Motsegna er grunngjeve med at området rundt Herdlefjorden er eit regionalt/nasjonalt verdifullt rekreasjonsområde. Kommuneplanen er godkjend med rettsverknad i kommunen når det gjeld areala det ikkje er reist motsegn til, jf plan- og bygningslova § 20-5 fjerde ledd.

Miljøverndepartementet tek ikkje til følgje motsegn frå Meland kommune til kommuneplan for Askøy 2006-2018 (arealdelen) når det gjeld utviding av Mjølkevikvarden industriområde. Departementet legg vekt på at utviding av eksisterande masseuttak er betre enn å løyse behovet for masser ved å starte verksemd på ein ny plass. Departementet stadfestar Askøy kommune sitt vedtak av 25.10.2007.

Bakgrunn for saka
Askøy kommunestyre har ved rullering av arealdel til kommuneplanen vedteke utviding av Norstone sitt masseuttak med knuseverk og lager på Mjølkevikvarden. Mjølkevikvarden industriområde er lokalisert nordaust i Askøy kommune, mot sjøområdet mellom Askøy og Meland. Masseuttaket ligg ut mot Herdlafjorden, og det er utskipingskai i tilknyting til knuseverk og lager lengst nord på området som er regulert til pukkverk. Utvidinga gjeld eit ca. 140 dekar stort område sør for det som allereie er teke i bruk eller regulert til pukkverk. Utvidinga vil gje grunnlag for årleg produksjon av 1 million tonn i ca. 45 år framover. Nabokommunen Meland har fremja motsegn til utviding av masseuttaksområde på Mjølkevikvarden. Det vert vist til ulemper for fastbuande og hytteigarar på motsett side av fjorden og forringing av verdifulle friluftsområde. Herdlafjorden er og vurdert som seglingslei for større båtar. Området er landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i gjeldande arealplan.

Meland kommunestyre vedtok i møte 28.03.07 motsegn til utviding av masseuttaksområdet på Mjølkevikvarden, av omsyn til friluftsliv og andre brukarinteresser på areala mot Herdlafjorden. Kommunen framhevar Herdlefjorden som nasjonalt/regionalt verdifullt rekreasjonsområde, og at det i tillegg er fleire viktige rekreasjonsområde på land i Meland som blir negativt påverka av masseuttaket. Øya Øpso som ligg ca. 900 m frå steinuttaket vert spesielt belasta av støy og visuell forureining. Utvikling av eit naturbasert reiselivsprodukt som nyleg er sett i gang på øya – Ypsøy kystgard – kan verta skadelidande.

Meklingsmøte vart halde på Statens hus den 25.05.07 utan at meklinga førte fram.

Kommunestyret i Askøy behandla kommuneplanen på nytt i møte 25.10.07, og heldt fast ved vedtaket om utviding av Mjølkevikvarden industriområde. Området vart trekt ut og unnateke rettsverknad, medan resten av kommune¬planen sin arealdel vart eigengodkjend.

Fylkesmannen i Hordaland tilrår i oversendingsbrevet at motsegna ikkje vert teken til følgje. Det vert vist til at etablering av større steinbrot er generelt konfliktfylt, samstundes som det er stor etterspurnad etter masser. I eit regionalt perspektiv har fylkesmannen vektlagt at det samfunnsøkonomisk framstår som meir gunstig å utvide eksisterande område på Mjølkevikvarden enn å opne opp eit heilt nytt område. Avgrensing av støy og anna forureining må for framtidig drift ivaretakast gjennom relevante konsesjonsvilkår. Konsekvensar for miljøet må utgreiast nærare gjennom ein reguleringsplanprosess.

Hordaland fylkeskommune har i uttale datert 09.05.07 vist til at forslag til kommuneplan for Askøy 2006-2018 i hovudsak er i samsvar med mål og retningsliner i fylkesplanen. Utvidinga på Mjølkevikvarden er ikkje særskild kommentert. Behov for nye næringsareal er påpeika.

Synfaring skjedde 17. april 2008 med representantar for Askøy kommune, Mæland kommune, fylkesmannen,  Direktoratet for naturforvaltning, Nærings- og handelsdepartementet, Bergvesenet og Miljøvern¬departementet. Grunneigarar frå Meland var til stades. Ein representant for Norstone orienterte om verksemda.

Miljøverndepartementet har fått brev frå nabobedrifter og frå grunneigar i nabokommunen Meland som uttrykkjer sterk skepsis til utvidinga. Fiskeforedlingsbedrifta Sea Eagle AS har vendt seg til MD med klage på støvplager og støy frå pukkverket. Sea Eagle har saman med tre andre bedrifter også sendt klage til kommunen og fylkesmannen på saksbehandlinga ved tildelt konsesjon for steinknuseverket og på utvidingsvedtaket i arealplanen.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) tilrår i uttale datert 23.05.08 at motsegna frå Meland kommune ikkje blir teken til følgje. Sjølv om det er registrert betydelege negative konsekvensar av masseuttaket for både busetting, landskaps- og friluftsinteresser, kan det i detaljplanen fastsettast krav om avbøtande tiltak som gjer at tiltaket likevel ivaretek godt nok dei omsyna som byggeforbodet i strandsona skal ivareta. DN legg avgjerande vekt på at tiltaket er ei naturleg vidareføring av ei uttaksverksemd som alt er i gang.

Nærings- og handelsdepartementet (NHD) tilrår i brev av 02.06.08 å ikkje ta motsegna til følgje. Departementet har innhenta uttale frå Bergvesenet, og sluttar seg til konklusjonen om å stadfeste kommuneplanen for Askøy, med utviding av steinbrot på Mjølkevikvarden. NHD tilrår at det i oppfølginga vert utarbeidd  avbøtande tiltak for å redusere konsekvensane for nærmiljøet. Departementet tilrår at Meland kommune vert invitert til dialog i samband med konsekvensutgreingane for å koma fram til utforming og gjennomføring av avbøtande tiltak.

Bergvesenet har i brev av 02.05.08 til NHD gjeve fagleg vurdering av saka. Oppsummering:
- Ressursgrunnlag: Bergarten er ein mylonitt med gode mekaniske eigenskapar som gjer den godt eigna til dei fleste formål. Førekomsten er av NGU klassifisert som regionalt til nasjonalt viktig. Norstone har nyleg etablert ein steinterminal i Laksevåg utanfor Bergen, som gjer at pukk kan fraktast direkte frå knuseanlegget på Mjølkevikvarden og distribuerast til lokalmarknaden i vestre del av Bergen, utan tungtrafikk med pukk gjennom byområda.
- Historikk: Steinbrotet på Mjølkevikvarden vart etablert i 1986. I 1996 kom melding om utviding av steinbrotet etter reglar for konsekvensutgreiingar i medhald av plan- og bygningslova. Etter høyring av meldinga avgjorde Bergvesenet i samråd med MD at det ikkje var behov for konsekvensutgreiing av tiltaket, men det vart stilt krav om at tiltakshavar i vidare planprosess måtte utarbeide tiltak for skjerming mot innsyn frå Herdlefjorden. Reguleringsplan for steinbrotet med knuseanlegg og lager vart 28.09.99 stadfesta av Fylkesmannen i Hordaland.    
- Det nye uttaksområdet er ca. 140 dekar, med samla uttaksreserve på ca. 45 mill. tonn. Med årleg uttak på ca 1 mill. tonn – som i dag – vil dette gje driftsperioden på ca. 45 år. Dette kan synast som ein lang driftsperiode, men pga store grunnlagsinvesteringar og høge produksjonskostnader er det nødvendig for pukkverk å planleggje for fleire tiår fram i tid.
- Det er krav om reguleringsplan, og tiltaket er av slik storleik at det utløyser krav om konsekvensutgreiing. Gjennom den vidare prosessen må det klarleggjast korleis steinbrotet skal utformast og drivast for at nærområda skal bli minst mogleg påverka av pukkverksdrifta.

Statens forurensningstilsyn (SFT) kunne ikkje delta på synfaringa, men har fått tilsendt saksdokumenta. SFT konstaterer at tiltaket vil bli konsekvensutgreidd i samband med den vidare reguleringsprosessen, og viser til forslag til forskriftsregulering av seks industribransjar, der produksjon av pukk, grus, sand og singel er ein av bransjane. SFT meiner at det som del av konsekvensutgreiinga bør avklarast i kva grad verksemda vil oppfylle krava i forskriftsforslaget, og sjå behov og moglegheiter for avbøtande tiltak i lys av dette.

Miljøverndepartementet si vurdering
Steinførekomsten er av god kvalitet med eit breitt bruksområde. Det er nær uråd å finne område for masseuttak / pukkverksdrift utan negative konsekvensar for omgjevnadene i større eller mindre grad. Det er i dette tilfellet negative konsekvensar for interesser i nærområdet: Nabobedrifter på Askøy, hytter og ein bustad på øya Øpso i Meland, og friluftslivsinteressene rundt Herdlafjorden. Transport sjøvegen reduserer miljøbelastninga knytt til transport.

Det vert peika på støy frå sprengingane og frå knuseverket, samt store støvplager. Talet på dei som er sterkt påverka av verksemda er relativt få. Utsprenging skjer ca. ein gong i veka, etter forskriftsmessig varsling. Det er såleis den daglege støyen ved knusing og opplasting som synest å vera den største støybelastninga, medan støvplagene særleg påverkar nabobedriftene i nord. Støvplager og støy frå knuseverket kan reduserast ved avbøtande tiltak, som vatning og innebygging av knuseverk. Også støy i samband med lasting av båtar ved utskipingskaia bør vurderast i samband med konsekvensutgreiing knytt til reguleringsplan for området.
Krav til vatning er sett som avbøtande tiltak også for dagens drift, og det er viktig at dette vert fylgd opp kontinuerleg. Avbøtande tiltak kan fastsetjast gjennom reguleringsføresegner og vilkår knytt til utsleppsløyve i medhald av forureiningslova. Forslaget til forskriftsregulering av seks industribransjar, som SFT viser til, har fastsette grenseverdiar for støvutslepp og støy, samt klare reglar for måling og dokumentasjon som skal inngå i verksemda sin internkontroll.

Departementet viser til dei innhenta uttalene og vurderingane over, og finn etter dette ikkje grunnlag for å overprøve kommunestyret sitt vedtak om utviding av masseuttaksområde i kommuneplanens arealdel. Saka må følgjast opp gjennom reguleringsplan, der krav til konsekvensutgreiing i medhald av Plan- og bygningslovas forskrift av 1. april 2005 vil synleggjera behov for avbøtande tiltak.  Meland kommune og berørte nabobedrifter bør inviterast til dialog for å finne fram til eit driftsopplegg som tek best mogleg omsyn til omgjevnadene i framtida.


Vedtak
I medhald av § 20-5, femte ledd, i plan- og bygningslova stadfestar Miljøverndepartementet vedtak i Askøy kommunestyre den 25.10.07 om utviding av Mjølkevikvarden masseuttaksområde i kommuneplanens arealdel 2006-2018.
Motsegn frå Meland kommune er dermed ikkje teken til følgje.

Departementet legg til grunn at kommunen endrar plankartet i tråd med vedtaket over.

Kommunen kunngjer planen, jf. plan- og bygningslova § 20 5 åttande ledd.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

 


Med helsing


Erik Solheim

 


Kopi:
Askøy kommune
Hordaland fylkeskommune
Meland kommune
Direktoratet for naturforvaltning
Nærings- og handelsdepartementet
Bergvesenet
SFT