Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til landbruksvikarverksemd

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 17.12.2018 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18.

I

I forskrift 22. oktober 2007 nr. 1167 om tilskot til landbruksvikarverksemd skal desse endringane gjerast:

§ 2 skal lyde:

§ 2. Bruk av landbruksvikar

Avløysarlag som mottek tilskot til landbruksvikarverksemd pliktar innanfor sitt geografiske ansvarsområde, fastsett av fylkesmannen etter samråd med avløysarlaga, å ha tilstrekkeleg landbruksvikarberedskap tilgjengeleg.

Avløysarlaga skal ved sjukdom og i krisesituasjonar yte hjelp til føretak med husdyr- og planteproduksjon, som har rett på tilskot til avløysing ved sjukdom mv., jf. forskrift 19. desember 2014 nr. 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Denne plikta er avgrensa til 14 dagar per tilfelle. Dersom landbruksvikaren ikkje nyttast i slik samanheng, kan vikaren nyttast til annan avløysing.

§ 3 skal lyde:

§ 3.Søknad og rapportering

Søknadsskjema og rapporteringsskjema vert fastsett av Landbruksdirektoratet.

Søknad om tilskot til landbruksvikarverksemd for inneverande år og rapport om landbruksvikarverksemda for føregåande år skal sendast fylkesmannen innan 1. februar.

§ 4. Tilskot

Tilskotet vert utrekna med grunnlag i føresegner fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

II

Endringane trer i kraft frå 1. januar 2019.

Tilhørende lov

Til toppen