Godkjenning av fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2002-2005 i Hordaland

Hordaland fylkeskommune
Postboks 7900
5020 BERGEN

Dykkar ref

Vår ref

Dato

199900453-165/712/GMAT

200301655-/KMS

13.10.03

Godkjenning av fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2002-2005 i Hordaland

Miljøverndepartementet har motteke fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Hordaland for sentral godkjenning. Departementet har handsama planen i samråd med Helsedepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.

Vedtak:

Med dei merknadene som er nemnde nedanfor, godkjenner Miljøverndepartmentet i medhald av § 19‑4 i plan- og bygningsloven og kongelig resolusjon av 16. mars 1990, fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Hordaland, vedteken i fylkestinget den 16. oktober 2002.

Merknader frå departementa

Departementa viser til at fylkesdelplanen blei utarbeidd i førekant av at den nye folkehelsemeldinga – St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge – folkehelsepolitikken som blei lagt fram våren 2003. Meldinga omhandlar sentrale nye strategiar i folkehelsearbeidet som dei neste ti åra. Målsettinga er eit sunnare Noreg gjennom ein politikk som fremjar fleire leveår i befolkningen, og reduserer helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. Fysisk aktivitet er som Hordaland sin fylkesdelplan riktig påpeiker, eit avgjerande verkemiddel i denne samanhengen.

Når det gjeld kap. 1.6 Rolla til fylkeskommunen, kap. 2.5 Regional utvikling og kap. 6 Fysisk aktivitet – Regional utvikling, kan det vere ein fordel med omtale av partnarskapsmodellen. Folkehelsemeldinga framhevar partnarskapsmodellen som strategi for folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet handlar ikkje minst om korleis ein kan utvikle gode og inkluderande lokalsamfunn, mellom anna korleis ein kan fremje fysisk aktivitet i dagleglivet.

Partnarskap tek utgangspunkt i likeverdigskap, klare avtalar, gjensidige forventingar og pliktar der fylkeskommunen er meint å ta ivare oppgåver av interkommunal karakter. Partnarskap med regionale nettverk inneber følgjande pliktar frå staten.

  • Stimuleringsmidlar vil bli stilte til rådigheit som eit motsvar til lokale ressursinnsatsar.
  • Lokale midlar knytte til tematiske, nasjonale satsingar blir formidla gjennom det regionale partnarskapet.
  • Regionalt folkehelsearbeid blir tilgodesett når det gjeld fagleg støtte og rådgjeving frå sentrale fagmiljø som Sosial- og helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Departementa gjer merksam på at det i ovennemnde melding (side 35) er utarbeida fleire konkrete tiltak som kan heve aktivitetsnivået i skulen, jfr. kap. 3.13 Strategiar, punkt 1. Tiltaka er mellom anna retta inn mot heving av aktivitetsnivået i skulen, evaluering av kvaliteten i kroppsøving, samt å frigjere skuleanlegg for aktivitet etter skuletid. Desse tiltaka kan òg vere viktige under tiltak 2, side 27, og under kap. 4.4, 4.5 og 4.6 der målgruppa er barn og ungdom.

Avslutning

Miljøverndepartementet vil streke under § 19-6 i plan- og bygningsloven, der det står at fylkesplanen, her òg fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd, og vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningsloven føreset at statlege organ som vil fråvike føresetnadene i godkjend fylkesplan, skal ta opp dette med fylkeskommunale planstyresmakter. Dersom fylkeskommunen og vedkomande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal saka takast opp med dei sentrale planstyresmaktene.

Med helsing
Børge Brende

Kopi:
Kommunane i Hordaland
Fylkesmannen i Hordaland
Direktoratet for naturforvaltning
Helsedepartementet
Kultur- og kyrkjedepartementet