Meld. St. 11 (2012–2013)

Personvern – utsikter og utfordringar

Til innhaldsliste

11 Økonomiske og administrative konsekvensar

Personopplysningsregelverket skal gi rammer for rett bruk av personopplysningar for både dei registrerte og dei som skal behandle personopplysningar. Denne meldinga går gjennom og vurderer korleis handlingsrommet i personopplysningsregelverket kan nyttast til beste for både dei registrerte og dei behandlingsansvarlege. Det blir tilrådd ulike generelle løysingar og tiltak for så god ivaretaking av personvernet som råd. Eitt eksempel er ivaretaking av retten til anonymitet gjennom auka bruk av personvernfremjande teknologi, eit anna er ivaretaking av retten til informasjon gjennom elektroniske innsynsløysingar.

Personvernvenlege løysingar kan vere dyrare enn mindre gode løysingar. Innkjøpskostnadene kan dermed vere noko høgare ved val av løysingar som tek hand om personvernomsyn og prinsippa i denne meldinga på ein god måte, og som gjer at ein står betre rusta til å oppfylle personvernvilkåra i eksisterande regelverket. Det er likevel å vente at dersom ein legg til grunn dei prinsippa som meldinga held fram, kjem dei som behandlar personopplysningar, til å utvikle rutinar og system som på sikt effektiviserer behandlinga av personopplysningar og lettar regeletterlevinga. For eksempel kan system som opnar for trygg innlogging og elektronisk innsyn i personopplysningar minske behovet for manuell handtering av førespurnader frå dei registrerte. Det kan i sin tur gi reduserte administrative kostnader. Kor stor innsparinga kan bli, kan variere frå sektor til sektor, avhengig av mellom anna kva personopplysningar som blir behandla, og kva høve det er til effektivisering.

Både for dei registrerte og for dei som skal behandle personopplysningar, kan det ta noko tid å tilpasse seg tilrådingane som er gitt, og konsekvensane av dei. Effekten av tiltaka kan derfor liggje eit stykke fram i tid, utan at det er råd å seie nøyaktig når han kjem. Kostnader ved val av personvernvenlege løysingar er eitt av fleire moment som må ha vekt når ein skal velje. Desse kostnadene må i kvart einskilt tilfelle dekkjast av den verksemda som skal gjere innkjøpet.

Å endre eksisterande system så dei blir meir personvernvenlege, kan vere kostbart. Det blir ikkje lagt opp til at eksisterande system skal endrast for å oppfylle tilrådingane i denne meldinga. Meldinga inneheld heller ikkje framlegg om konkrete tiltak eller konkrete regelendringar der kostnadene beint lèt seg rekne ut. Det er derfor ikkje råd å rekne konkret ut dei økonomiske eller administrative konsekvensane av dei generelle tilrådingane i meldinga.

I meldinga blir det på fleire område lagt opp til å utarbeide rettleiingar og/eller informasjonsmateriell som skal leggje til rette for betre regeletterleving på personvernområdet. Kostnadene ved å utarbeide slikt materiell blir dekte innanfor dei vanlege budsjettrammene til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og Datatilsynet. Når slike rettleiingar ligg føre, er dei med og lettar regeletterlevinga, og det fører venteleg til både administrative og økonomiske fordelar for dei behandlingsansvarlege på sikt.

Kostnader ved deltaking i internasjonalt personvernarbeid blir dekte innanfor dei vanlege budsjettrammene til departementa og dei underliggjande etatane.

Til forsida av dokumentet