Meld. St. 11 (2012–2013)

Personvern – utsikter og utfordringar

Til innhaldsliste

8 Sosiale medium og personvern

8.1 Innleiing

I rapporten sin tek Personvernkommisjonen opp tilhøvet mellom personvernet og media og personvernet for barn og unge. Kommisjonen fremjar fleire forslag til tiltak på desse to områda, til dømes å vedta ei eiga medieansvarslov som blant anna skal regulere redaktøransvar for alle medium, å utvide ordninga med fritt rettsråd til å omfatte visse saker mot media, og å etablere eit organ for nettytringar, slettehjelp og styrking av personvernet ved bruk av digitale medium.

Etter at Personvernkommisjonen leverte rapporten sin i 2009, er sosiale medium og personvern drøfta av Medieansvarsutvalet (NOU 2011: 12 Ytringsfridom og ansvar i ein ny mediekvardag), medan personvernutfordringar for barn og unge ved bruk av sosiale medium er drøfta nærmare i NOU 2011: 20 Ungdom, makt og medverking, kapittel 8.

Eit kjenneteikn ved sosiale medium er at kvar einskild brukar fritt kan publisere informasjon som blir gjord tilgjengeleg for ein vid krins, utan at det som blir publisert, går gjennom nokon kvalifisert førehandskontroll av ein redaktør. Slik informasjonsspreiing kan skape personvernutfordringar, for eksempel ved publisering av bilete av personar som ikkje har gitt samtykke, eller når bilete og tekst blir sett inn i ein samanheng som er misvisande eller belastande. Sosiale medium som Facebook, Twitter og YouTube er i bruk over heile verda. Det inneber at spreiinga av informasjon via desse media potensielt er global. For å kunne ta del i sosiale medium gir brukarane frå seg personopplysningar. Det gjer at tilbydarane av sosiale medium får tilgang til store mengder av personopplysningar, og brukarane har liten eller ingen kontroll over korleis tilbydarane bruker opplysningane.

Stadig fleire opprettar profilar på ulike sosiale nettverk – både privatpersonar, offentlege personar, kommersielle aktørar og offentlege verksemder. Facebook er det største sosiale nettverket i verda, med om lag 800 millionar brukarar. Slik kan det enorme sosiale nettverket òg seiast å ha utvikla det største, og kanskje òg mest intrikate, lageret av personopplysningar – alt på den korte tida dei har eksistert sidan 2004. Facebook har fått omtale i kapittel 8.6, men det finst uendeleg mange andre sosiale nettverk som nordmenn bruker dagleg, både norske og utanlandske.

Barn og unge er hyppige brukarar av sosiale medium. Ei «trygg bruk»-undersøking frå Medietilsynet frå 20101 Fakta om barn og unges bruk og opplevelse av digitale medier viser at barn og unge startar tidlegare med digitale medium no enn dei gjorde i 2008. Medianalderen for debut på internett fell og var i 2010 mellom fem og seks år. Før fylte sju år hadde 37 prosent vore på internett, og hos barn mellom 9 og 16 år hadde 57 prosent besøkt eit nettsamfunn i løpet av ei veke. I ei undersøking frå 2012 Småbarn og medier2 kjem det fram at 10 prosent av barna frå fem til åtte år og 33 prosent av barna frå ni til tolv år bruker internett dagleg. Undersøkinga viser òg at foreldra til dei yngste barna (fem–åtte år) hovudsakleg uroar seg for at barnet skal dele personlege opplysningar på internett, medan foreldra til dei eldre barna (ni–tolv år) uroar seg mest for at nokon skal publisere uheldige/upassande bilete av barna på internett.

Barn har fått eit særskilt internasjonalt vern gjennom FNs barnekonvensjon artikkel 16. Barn og unge er avhengige av andre for å kunne ta hand om eigne rettar. Dei som forvaltar interessene til barn og unge, for eksempel gjennom å gi samtykke på deira vegner, skal handle til barna sitt beste og ikkje for å eksponere seg sjølve eller fremje sine eigne interesser.

8.2 Skiljet mellom redigerte massemedium og andre elektroniske tenester, medrekna sosiale medium

Dei redigerte media fyller ein særleg demokratisk funksjon som kjelder til nyhende og som plattform for den offentlege samfunnsdebatten. Sosiale medium, bloggar og andre brukargenererte elektroniske tenester kan innanfor avgrensa brukargrupper eller tema fylle noko av den same funksjonen, men vil normalt mangle den breidda i innhald og nedslagsfelt som gir dei redigerte massemedia ei særleg stilling. Dei vil òg mangle det bransjeetiske grunnlaget og dei journalistiske profesjonsnormene som ligg til grunn for verksemda til massemedia.

Skiljet mellom redigerte og ikkje-redigerte medium er relevant i diskusjonen av personvernspørsmål. Det er først og fremst utviklinga av brukargenererte, elektroniske «medium» som har skapt nye utfordringar for personvernet. Dette er stadfesta av utgreiinga frå Medieansvarsutvalet, som konkluderte med at pressa si sjølvdømmeordning fungerer godt, og at det derfor ikkje er grunnlag for å etablere eit medieombod eller liknande.

Den vidare omtala i dette kapitlet er derfor avgrensa til særlege problemstillingar knytte til utviklinga av sosiale medium.

8.3 Særtrekk ved sosiale medium

Eit særtrekk ved sosiale medium er at kvar einskild brukar kan publisere informasjon for ein vid krins utan å vere under kontroll av ein redaktør og utan å ha profesjonell erfaring eller etiske normer å rette seg etter. Dette kan medføre ei samanblanding mellom det private og det offentlege, der grensene blir utviska. Samstundes kan publisering av informasjon skape personvernutfordringar, for eksempel ved publisering av bilete av ein person som ikkje har gitt samtykke, eller når eit bilete og tekst blir sett inn i ein samanheng som er misvisande eller belastande.

Fleire ulike variantar av sosiale medium har fått fotfeste og er utbreidde over heile verda. Dei sosiale media, som Facebook, Twitter og YouTube, er ikkje lenger berre ungdomsfenomen, men blir brukte av stadig større delar av befolkninga. Likevel er mange av dei utfordringane som følgjer med det å eksponere seg på nett, særleg aktuelle for barn og unge, fordi barn ikkje har dei nødvendige føresetnadene for å forstå korleis personopplysningar blir behandla, og konsekvensane av det. Det er jamleg fokus på tilfelle der barn på ein aller annan måte har vorte krenkte som følgje av misbruk av personopplysningar. Det kan for eksempel vere sjikane i form av mobbing eller publisering av bilete eller ved at tilgjengeleg informasjon blir sett inn i feil kontekst. Samstundes er det ein aukande tendens til at vaksne legg ut informasjon og bilete av barna sine på nett utan å vurdere konsekvensane for barna eller spørje barna om dei synest slik eksponering er greitt. Ein generell konsekvens av den auka nettbruken er at brukarane oftare opplever å få personvernet sitt krenkt på nett. Dei fleste veit i realiteten lite om kva som blir lagt igjen av informasjon på nettet. Ein SINTEF-studie frå 20093 viser at 36 prosent meiner det er utrygt å dele personleg innhald i dei sosiale media dei bruker mest. Få veit sikkert kven dei deler informasjon med når dei deler innhaldet på Facebook. Vidare opplyser brukarane at dei har lite oversikt over kva som skjer med innhaldet i det dei deler, og at dei er usikre på kva delar av profilen deira som er synlege for kven. I tillegg er det klåre utfordringar knytte til omfanget av deling av det innhaldet som blir publisert. SINTEF-studien viser at korkje unge eller vaksne i særleg grad klarer å verne sin eigen personinformasjon i sosiale medium.

8.4 Utanlandske tilbydarar av sosiale medium

Då sosiale medium for alvor byrja å breie om seg på midten av 2000-talet, var norske tenester blant dei mest populære i Noreg. VGs Nettby og Dagbladets Blink hadde åleine hundre tusenvis av brukarar kvar månad. No er begge desse tenestene nedlagde. Den norske marknaden for sosiale medium er i dag dominert av utanlandske tenestetilbydarar.

For ein norsk nettbrukar treng ikkje nasjonaliteten til ei teneste ha noko å seie. Ønskjer ein å blogge, er det i valet mellom blogg.no og Blogger.com irrelevant at den første tenesta er norsk og den andre amerikansk. Så lenge tenesta er føremålstenleg for brukaren, er det underordna kvar i verda tenestetilbydaren held til, eller kvar sjølve databehandlinga går føre seg. Erfaringa har vist at det er først når brukaren ønskjer å kontakte tenestetilbydaren, at nasjonalitet kan spele inn. Sjølv om det kan vere like vanskeleg å kome i kontakt med ein norsk tilbydar som med ein utanlandsk, vil det alltid vere lettare å spore opp ansvarssubjekta bak eit norsk sosialt medium. Juridisk har nasjonaliteten til ein tilbydar derimot meir å seie. Jamvel om internett i seg sjølv er globalt, er lovgivinga som regulerer nettet, først og fremst nasjonal. Ein konsekvens av dette er at sosiale medium som rettar seg mot nordmenn, først og fremst held seg til lovverket i det landet der tenesta er etablert. Ein norsk brukar av Blogger.com vil i utgangspunktet ikkje nødvendigvis kunne få fjerna eit bilete som er publisert utan samtykke, slik norsk lovgiving gir han eller henne rett til. Dette kjem av at Blogger held seg til amerikansk og ikkje norsk rett.

8.5 Generelle personvernutfordringar ved bruk av sosiale medium

Internett har revolusjonert måten innbyggjarane kommuniserer på. Frå å vere ein stad der ein først og fremst tek imot informasjon, har nettet utvikla seg til å bli ein stad der ein òg aktivt deler og spreier informasjon. Denne utviklinga har utan tvil hatt ein demokratiserande effekt, men ho har òg gitt nye, store utfordringar for personvernet.

8.5.1 Openheit og transparens

Å delta i sosiale medium involverer behandling av store mengder personopplysningar. Bruce Schneier, forfattar og tryggleiksekspert, skil mellom ulike kategoriar av opplysningar som sosiale medium registrerer og lagrar om brukarane sine.4 Sjølv om detaljane i kategoriseringa kan diskuterast og problematiserast, er lista i boks 8.1 meint som ein illustrasjon på breidda i opplysningar som blir involverte ved bruk av sosiale medium.

Boks 8.1 Kategoriar av opplysningar i sosiale medium

  • Tenesteopplysningar («service data»): Opplysningar som er obligatoriske for å ta i bruk tenesta (for eksempel e-postadresse og namn)

  • Publiserte opplysningar («disclosed data»): Opplysningar ein sjølv publiserer, og som ein har kontroll over (for eksempel innlegg og bilete)

  • Fortrulege opplysningar («entrusted data»): Opplysningar ein sjølv publiserer på sidene til andre brukarar, og som ein derfor ikkje har kontroll over (for eksempel kommentarar)

  • Uventa opplysningar («incidental data»): Opplysningar som andre publiserer om deg (for eksempel kommentar eller bilete)

  • Åtferdsopplysningar («behavioral data»): Opplysningar som tenesta samlar inn om kva du gjer og med kven (for eksempel tema du skriv om, eller lenkjer du trykkjer på)

  • Avleidde opplysningar («derived data»): Opplysningar som tenesta trekkjer ut av andre opplysningar (for eksempel kan opplysningar om kva nyhendeartiklar ein les, seie noko om politiske preferansar)

Ei overordna utfordring med mange sosiale medium er manglande openheit og transparens. Sjølv om dei fleste tenestetilbydarar krev samtykke til dei vilkåra tenesta har fastsett, gir innhaldet i desse vilkåra ofte ikkje svar på kva opplysningar som blir behandla, kva som er føremålet med behandlingane, korleis opplysningane blir brukte, og kor lenge opplysningane blir lagra. Følgjande utdrag frå personvernvilkåra til Twitter (5. mars 2012)5 er eit eksempel:

«Vi engasjerer visse pålitelige tredjepartsleverandører til å utføre funksjoner og tilby tjenester for oss. Vi kan dele din personlige informasjon med disse leverandørene, men bare det som er strengt tatt nødvendig for å utføre disse funksjonene og tjenestene, og kun i samsvar med beskyttelse beskrevet under personvern.»

Twitter opplyser om at dei deler informasjon med «tredjepartsleverandører», men opplyser ikkje nærmare kven desse er. Dette gjer det umogleg for brukarane å gjere seg kjende med personvernpolicyane til tredjepartane. Dei kan i praksis ha mykje å seie for ivaretakinga av personvernet til brukarane.

8.5.2 Standardinnstillingar

Det er vanleg at tilbydarar av sosiale medium lèt brukarane sjølve avgjere tilgangen til ein del av opplysningane dei genererer. Ei utfordring er likevel at standardinnstillingane ofte ikkje er sette til det mest personvernvenlege nivået, og at brukarane ikkje i tilstrekkeleg grad er merksame på standardinnstillingane, kva dei inneber, og korleis dei kan endrast.

Mange får seg derfor ei overrasking når dei oppdagar at bilete dei ville dele med nokre utvalde vener, også er tilgjengelege via Google, eller at e-postkontoen blir fylt med reklame fordi e-postadressa har vorte seld til tenesta sine samarbeidspartnarar. Problemet som oppstår når brukarane aktivt må reservere seg mot søkjemotorindeksering eller mot deling av personopplysningar med tredjepartar, er at mange lèt vere å endre innstillingane på grunn av manglande informasjon eller kunnskap.

8.5.3 Tredjepartars bruk av personopplysningar

Gjennom digitale spor får kommersielle nettenester store mengder opplysningar som dei kan nytte til marknadsføring. I sosiale medium legg brukarane igjen personopplysningar i byte mot tenester. Datatilsynet stilte i juni 2011 ei rekkje spørsmål til Facebook om innsamling og bruk av personopplysningar. Facebook stadfesta i svarbrevet til Datatilsynet at det innhaldet brukarane skriv på sida si, blir brukt til å målrette reklame. Auka omsetning av personopplysningar og digitale spor gjer at kommersielle aktørar i dag kan skreddarsy og målrette marknadsføring på personnivå med grunnlag i desse spora. Innsamling og kommersiell bruk av personopplysningar i digitale omgivnadar er i ferd med å bli ein forretningsmodell som i stor grad utfordrar personvernet. Det er ei viktig oppgåve å hindre at kommersielle nett-tenester registrerer, lagrar og utnyttar digitale personopplysningar på måtar som trugar integriteten og sjølvråderetten til den einskilde.

8.5.4 Sletting

I 2011 fekk slettmeg.no (sjå meir om denne tenesta nedanfor) over 6000 personlege førespurnadar. 23 prosent av dei gjaldt ønske om å slette ein profil eller konto frå nettet. Det er ei utfordring i dag at mange tilbydarar av sosiale medium anten ikkje aksepterer sletting, eller at dei er så gode til å skjule informasjon om korleis ein kan slette personopplysningar eller melde seg ut av tenesta, at brukarane ikkje finn ut korleis dei skal gjere det.

I tillegg er det ei utfordring at sletting av ein konto ikkje alltid inneber sletting av opplysningar som er kopla til kontoen. For eksempel blir filer knytte til ein konto hos blogg.no lagra på eksterne bilettenarar (t.d. bloggfiler.no), noko som fører til at bileta overlever profilslettinga.

8.6 Særleg om Facebook

Facebook er eit viktig sosialt medium for mange. Ein reknar med at over 2,7 millionar nordmenn har brukarprofil på Facebook (tal frå Ipsos MMI oktober 2012). Tenesta gjer det enkelt å opprette og oppretthalde sosiale kontaktar. Samstundes finn mange glede i å dele historier, bilete og anna med andre via Facebook-sida si.

Facebook har fått mykje merksemd i samband med måten dei behandlar personopplysningar på. I mai 2010 skulda Forbrukarrådet selskapet for å ha brote den norske personopplysningslova ved at dei gav tredjepartsapplikasjonar på Facebook løyve til å hente inn personopplysningar om brukarar som hadde lasta ned desse applikasjonane, og om venene deira som ikkje hadde lasta ned applikasjonane. I ein rapport frå Datatilsynet er det sett spørsmålsteikn ved om samtykket frå brukarane til behandling av personopplysningar, i alle fall for enkelte tenester, er gitt med tilbakeverkande kraft, altså ikkje gitt på førehand. Datatilsynet konkluderer med at det er ein generell mangel på transparens overfor brukarane når det gjeld korleis Facebook handterer personopplysningar.

Ein tilsynsrapport frå det irske datatilsynet om Facebook Ireland Ltd. har òg fått mykje merksemd. I tillegg til personvernutfordringane som Datatilsynet trekte fram i sin rapport, er det irske datatilsynet særleg uroa over graden av personvern i Facebooks rutinar når det gjeld å slette og/eller gi brukarane tilgang til alle opplysningar som er lagra i tilknyting til kontoane deira. Vidare er det irske datatilsynet uroa over utviklinga av den såkalla «friend finder»-funksjonen. Den bruker teknologi for andletsattkjenning til å kjenne att tidlegare «tagga» andlet i fotoalbuma til brukarane, slik at dei kan føreslå nye «tags». Kvar einskild medlem kan reservere seg mot at namnet hans eller hennar blir føreslått som ein «tag», men dette er ikkje ein del av dei førehandsdefinerte innstillingane, som godtek slik «tagging». Det dreiar seg altså om ein reservasjonsrett snarare enn eit aktivt samtykke.

Mange av personvernbekymringane som har kome til uttrykk ved ulike revisjonar av Facebook, er òg aktuelle for andre sosiale nettverk. Kombinasjonen av lite informasjon til brukarane og til dels manglande høve for brukarane til å påverke korleis personopplysningane deira blir brukte, gjer at brukarane kan miste kontroll over eigne opplysningar. Dette kan tale for at ein burde stille strengare krav til samtykke til behandling av personopplysningar i sosiale nettverk. Det bør òg stillast strengare krav til utforminga av verktøy som gjer at brukarane kan kontrollere korleis personopplysningane knytte til dei, blir behandla. Ein kan for eksempel tenkje seg å gjennomføre dette ved å utarbeide meir detaljerte norske retningsliner for kva informasjon som bør liggje til grunn for samtykke, og kva tekniske val og funksjonar som skal vere tilgjengelege for brukarane av sosiale nettverk.

8.7 Ansvaret til den einskilde og det offentlege

Å delta i sosiale medium er frivillig. Det er kvar einskild som har ansvaret for å setje seg inn i gjeldande vilkår for den tenesta han eller ho er brukar av, og stå til ansvar for det ein sjølv har publisert. For vaksne kan dette verke nokså sjølvsagt. Likevel gjer kompliserte brukarvilkår det vanskeleg å setje seg inn i korleis personopplysningar blir behandla i mange sosiale medium. Sidan ein stor del av brukarane av sosiale medium er barn og unge, som ikkje har same føresetnadene som vaksne for å setje seg inn i brukarvilkåra, bør tenestetilbydarane ta omsyn til det når dei utformar vilkår og design for tenestene.

Gjennom informasjonsarbeid tek også det offentlege eit ansvar for å førebyggje krenkingar på nett. Blant anna tilbyr det offentlege hjelp av ulike slag til menneske som opplever å bli krenkte på nettet. Det er i dag mange aktørar som informerer barn og unge om nettvett med stønad frå det offentlege. Både Medietilsynet, Post- og teletilsynet, NorSiS, Teknologirådet, Senter for IKT i utdanninga og Datatilsynet er i dag involverte i ulike former for arbeid med nettvett.

8.7.1 Trygg bruk

Medietilsynet sitt Trygg bruk-prosjekt fungerer som det nasjonale koordineringsorganet for initiativ retta mot å fremje trygg og sikker bruk av digitale medium for barn og unge. Prosjektet medverkar med ressursar på nett og gir råd til kommunar, skular og privatpersonar om barn og medium. «Tiltaksplanen for barn, unge og nye medier» blir utarbeidd av Medietilsynet på oppdrag frå dei fem departementa som er representerte i den interdepartementale arbeidsgruppa for trygg bruk av internett. Kulturdepartementet samordnar dette arbeidet.

8.7.2 Nettstaden Nettvett.no

Nettvett.no er ein nettstad der brukarane finn informasjon, råd og rettleiing om trygg bruk av internett. Informasjonen er retta både mot forbrukarar og små og mellomstore bedrifter. På Nettvett.no får brukarane informasjon om blant anna bruk av e-post, chat og sosiale medium, spam, virus, deling av filer på internett, nettbank og vern mot angrep utanfrå. Tenesta femner vidare enn berre til bruk av sosiale medium og er meir teknisk innretta enn fleire av dei andre hjelpetenestene. Nettvett.no er laga av Post- og teletilsynet på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, i samarbeid med andre styremakter, IKT-bransjen og representantar for brukarane.

8.7.3 Du bestemmer

Undervisningsprogrammet Du bestemmer er eit samarbeidstiltak mellom Teknologirådet, Datatilsynet og Senter for IKT i utdanninga. Målet er å gi barn og unge betre kunnskap om personvern og gjere dei meir medvitne om val dei tek når dei bruker digitale medium som internett og mobiltelefon. Det er utarbeidd eitt undervisningsopplegg for ungdomssteget/vidaregåande (13–17-åringar) og eitt for dei eldste barna på barneskulen (9–13-åringar). Heile eller delar av undervisningsopplegget er teke i bruk i rundt 16 land i Europa og Nord-Amerika. Regjeringa har ytt betydelege midlar til utviklinga av undervisningsprogrammet.

8.7.4 Nødhjelp

På oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet laga Datatilsynet ei utgreiing om korleis ei slettehjelpsteneste kunne driftast, og leverte forslaget sitt til departementet den 30. januar 2009. Framlegget frå Datatilsynet førte til at det vart løyvd øyremerkte midlar frå budsjettet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet, slik at tilsynet kunne setje i gang arbeidet med å byggje opp tenesta. Slettmeg.no vart lansert i mars 2010. Føremålet med tenesta er å gi råd og rettleiing om korleis ein kan slette uønskt og personvernkrenkjande materiale som ligg på nett, men i særlege tilfelle kan ho òg yte praktisk bistand til å slette slikt materiale. Dette kan vere materiale den enkelte har lagt ut sjølv og seinare ønskjer å få fjerna, eller materiale som er lagt ut av andre.

Datatilsynet hadde ansvar for drift av slettmeg.no i 2010 og 2011. I denne toårsperioden handterte tenesta godt over 9000 personlege førespurnader frå folk i alle aldrar. Ansvaret for slettmeg.no vart frå og med januar 2012 overført frå Datatilsynet til Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS). Der blir tenesta no driven vidare på permanent basis. Etter overføringa har talet på førespurnader auka til mellom 500 og 600 i månaden. Likeins har talet på treff på heimesida auka.

Det er utarbeidd statistikk for dei to første driftsåra til slettmeg.no. Statistikken viser at ein stor del av førespurnadene kjem frå ungdom mellom 16 og 25 år (28 prosent). Det er òg mange foreldre som har kontakta tenesta på vegner av barna sine.

I 2011 gjaldt den vanlegaste typen førespurnader sletting av eigen profil på nettet. Mange nettbrukarar opplever at måten ein kan slette ein brukarprofil eller ein konto på, er godt skjult, eller dei får beskjed frå tenestetilbydaren om at sletting ikkje er mogleg. I andre tilfelle er det vanskeleg å kome i kontakt med tenestetilbydaren. Mange av dei som kontakta slettmeg.no med denne typen problem, fekk god hjelp.

Ein grunn til å ønskje sletting av brukarprofil kan òg vere at nettenesta er nedlagd. Eit eksempel på dette er VGs Nettby, som vart nedlagd i desember 2010, men som då ikkje sletta brukarprofilar og innhald.

Boks 8.2 VGs Nettby

Ei av problemstillingane knytte til personvern som gjer seg gjeldande i sosiale nettsamfunn, er spørsmålet om kva som skjer med personopplysningar som brukarane aldri slettar. Sletting kan vere vanskeleg å få til, eller brukaren gløymer å slette fordi han eller ho sluttar å bruke tenesta, eller fordi nettsamfunnet blir nedlagd. Då Nettby vart nedlagd, ønskte dei ansvarlege bak nettsamfunnet å ta vare på innhaldet til framtidig forsking. Datatilsynet sette seg imot dette fordi brukarane aldri hadde samtykt til slik vidare bruk av opplysningar. Vidare lagring var heller ikkje ei pårekneleg følgje av å delta i nettsamfunnet. Saka vart avgjord av Personvernnemnda i oktober 2012, PVN 2012-03 Nettby1.

Personvernnemnda slo fast at både dei dokumenta i Nettby som var heilt opne, og dei som var tilgjengelege for alle Nettby-medlemene, er omfatta av pliktavleveringsreglane til Nasjonalbiblioteket. Når dokumenta er overførte, skal VG slette Nettby-materialet. I Nasjonalbiblioteket vil materialet ikkje vere allment tilgjengeleg, men skal berre nyttast til forsking og dokumentasjon.

1 http://personvernnemnda.no/vedtak/2012_03.htm

Uønskt biletpublisering på internett er eit stort problem i dag. 11 prosent av alle førespurnadene som kom til slettmeg.no i 2011, gjaldt bilete som nokon hadde lagt ut mot klagaren sin vilje. I nærmare halvparten av tilfella var den som hadde publisert det uønskte biletet, ein familiemedlem, ein ven/kjenning eller ein tidlegare partnar. Dette fortel at mange ikkje veit at det å publisere bilete på nettet som hovudregel krev eit frivillig, informert og uttrykkeleg samtykke frå den som er avbilda.

Som gjennomgangen over viser, blir det allereie gjort mykje godt førebyggjande arbeid. Arbeidet kan likevel verke noko fragmentert. Regjeringa er oppteken av å utnytte ressursane best mogleg for å få gode tenester som er lett tilgjengelege for publikum. Betre samordning av arbeidet kan vere eit alternativ for å nå dette målet. Regjeringa ønskjer derfor å vurdere om det er mogleg å samordne ulike haldningsskapande tiltak for å redusere talet på og omfanget av nettkrenkingar.

8.8 Personvern og ytringsfridom på nett

Personvern og ytringsfridom er godt forankra både i norsk og internasjonal lovgiving. I norsk lovgiving er tilhøvet mellom personvern og ytringsfridom regulert i personopplysningslova § 7, som gjennomfører personverndirektivet artikkel 9. Reglar om ytringsfridom og personvern finst òg fleire andre stader i norsk lovgiving. Ytringsfridomen har fått vern i Grunnlova § 100, som vernar retten til å formidle opplysningar, informasjon og meiningar. Ytringsfridomen er vidare verna av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 10. På den andre sida er privatlivet verna av EMK artikkel 8, som òg set skrankar for behandling av personopplysningar. Reglane er inkorporerte i norsk rett gjennom menneskerettslova 21. mai 1999 nr. 30. Fleire av reglane i straffelova, medrekna straffelova § 390 om krenking av freden i privatlivet, § 390 a om omsynslaus åtferd og reglane om ærekrenkingar i §§ 246 og 247 kan òg avgrense ytringsfridomen.

Ny teknologi gjer det enkelt å publisere informasjon på internett, og tilgangen på informasjon aukar. Dette aktualiserer spørsmål om korleis personvern og ytringsfridom skal balanserast mot kvarandre.

Det har i lengre tid vore ei utfordring at reglane i personopplysningslova ikkje har omfatta visse ytringar på nett, fordi ytringane har vore framsette med «opinionsdannande» føremål. Slike ytringar har ikkje vore omfatta av reglane i lova, jf. personopplysningslova § 7. Dette vart endra då Stortinget behandla og vedtok lovendringsframlegget i Prop. 47 L (2011–2012) i april 2012. Proposisjonen inneheld ei vurdering av personvern og ytringsfridom knytt til eit forslag om å fjerne unntaket for «opinionsdannande» føremål frå personopplysningslova § 7. I vurderinga framhevar Justisdepartementet blant anna følgjande:

«Nye teknologiske muligheter for å behandle personopplysninger aktualiserer behovet for klare regler og en entydig praksis om forholdet mellom ytringsfriheten og personvernet. Det er forutsatt i forarbeidene til § 7 at rekkevidden av kjernebegrepene i bestemmelsen må fastsettes i Datatilsynets praksis, jf. punkt 4.2 over. I likhet med utrederne mener departementet at loven gir Datatilsynet tilstrekkelig kompetanse til å prøve grensene etter § 7 som ledd i tilsynsarbeidet, og at Datatilsynet både kan og bør benytte denne kompetansen til å pålegge opphør av behandlinger som foretas i strid med bestemmelsen, jf. personopplysningsloven § 46. Dette vil typisk kunne være behandlinger av personopplysninger som ikke kan anses omfattet av unntaket i bestemmelsen, men som like fullt gjennomføres uten at personopplysningslovens krav er oppfylt. Et eksempel kan være nettsteder hvor offentlige ansatte henges ut med navn, bilde, stilling eller lignende, og hvor det er nokså klart at nettstedet neppe «utelukkende» bedriver virksomhet med journalistiske formål.
Et illustrerende eksempel på de problemstillinger som § 7 ofte representerer er Personvernnemndas sak PVN-2010-11. Saken gjaldt en persons klage på Datatilsynets vedtak om sletting av informasjon om private beredskapshjem som var lagt ut på Internett. Den aktuelle nettsiden hadde blant annet et diskusjonsforum hvor konkrete barnevernssaker, herunder altså personopplysninger knyttet til et beredskapshjem, ble drøftet. Nemnda kom til at publiseringene var vernet av ytringsfriheten, slik at den som drev nettstedet altså ikke var omfattet av personopplysningsloven.
Departementets lovforslag representerer et ønske om en viss endring i praksis i forhold til den avveining som nemnda foretok i den angitte sak. I den grad det er forenelig med Grunnloven § 100 og Norges konvensjonsforpliktelser bør hensynet til ytringsfriheten således tillegges noe mindre vekt i tilsvarende, fremtidige saker.
Departementet understreker for ordens skyld at selv om loven med en slik kursendring skulle få anvendelse i noen flere situasjoner enn tidligere, vil likevel den enkelte bestemmelse i personopplysningsloven måtte tolkes i lys av ytringsfriheten.»

Sett i lys av dei mange moglege måtane som finst til å publisere personopplysningar på nett, tyder praksis og vurderingar om personvern og ytringsfridom på at dette er eit område der det òg i framtida vil vere utfordringar.

8.9 Råderettsalder på nett

Hovudregelen er at mindreårige som har fylt 15 år, sjølve kan samtykkje i innhenting og bruk av eigne personopplysningar. For barn under 15 år må eventuelt foreldre/føresette samtykkje i innhenting og bruk av opplysningar om barnet. For innhenting og behandling av sensitive personopplysningar, for eksempel helseopplysningar, opplysningar om livssyn og seksuelle forhold, krevst det uansett samtykke frå foreldra fram til barnet er myndig. Både den mindreårige og dei føresette kan når som helst trekkje tilbake eit samtykke. Opplysningane skal slettast når samtykket er trekt tilbake.

Det kan vere gode grunnar til å vere varsam med kva opplysningar som blir publiserte om barn og unge på internett. Opplysningar på internett er det mogleg for alle å søkje opp. Det er enkelt å hente inn informasjonen frå heile verda. Informasjonen kan brukast til marknadsføring, vidaresal eller til andre framstøytar mot mindreårige. Slik bruk er ofte uønskt og i mange tilfelle ulovleg.

Når barn og unge er målgruppa, må det leggjast til rette for at dei skal forstå konsekvensane av å samtykkje i at personleg informasjon kan leggjast på nettet. Informasjonen som blir gitt, må blant anna vere tilpassa barns kognitive evner. Informasjonen bør seie noko om kva som er føremålet med behandlinga/publiseringa, at det er frivillig å gi frå seg bilete/opplysningar, kor lenge opplysningane vil liggje på nettsida, kva konsekvensar og ulemper behandlinga/publiseringa kan ha, og eventuelt annan informasjon som er nødvendig for at dei føresette og den mindreårige skal kunne bruke rettane sine. Ivaretaking av barns rettar kan by på særlege utfordringar når personlege opplysningar blir publiserte på internasjonale nettsider der norske reglar om vern av barn ikkje gjeld.

8.10 Sletting av opplysningar på nett om avdøde personar

Personvernet gjeld for levande personar. Personopplysningslova vernar opplysningar om avdøde berre dersom opplysningane også seier noko om levande personar, for eksempel opplysningar om gen. Ein kan derfor sjeldan bruke reglane i personopplysningslova for å få uønskte opplysningar om avdøde personar fjerna frå nettet. I 2011 tok slettmeg.no imot 234 førespurnader frå personar som ønskte å få fjerna ein profil eller konto til ein familiemedlem eller ein ven som hadde gått bort.

Ei av dei som tok kontakt med slettmeg.no, var ei mor som nettopp hadde mista sonen sin i ei ulykke. Sjølv om Facebook-kontoen hans ikkje var i bruk etter ulykka, dukka profilen likevel opp med jamne mellomrom under faner som «folk som har gebursdag i dag», «folk du kanskje kjenner» og liknande. Etter tallause forsøk på å slette profilen sjølv fekk ho til slutt hjelp av slettmeg.no.

Ein annan førespurnad til slettmeg.no gjaldt bilete av døde personar på nettstaden Youtube. Etter massakren på Utøya den 22. juli 2010 dukka det opp fleire mobilvideoar av døde ungdomar ved sjøkanten. Fleire av foreldra fortalde slettmeg.no at dei kjende igjen sine eigne søner og døtrer, og at dei opplevde det som svært belastande at filmane låg ute på nettet. Google, som eig Youtube, nekta likevel å fjerne filmane fordi dei korkje braut norsk lov eller Youtube sine eigne retningsliner.

For dei attlevande kan det by på utfordringar å spore opp og få tilgang til brukarprofilane til avdøde i ulike nettsamfunn. Det same kan gjelde høvet til å ha kontroll med opplysningar som tredjemenn kan kome til å publisere om den avdøde på nettet. Eksempla over viser at det er legitime grunnar til at personopplysningar om avdøde personar skal ha same vernet som personopplysningar om levande personar. Frå ein norsk ståstad kan det diskuterast om det er praktisk og riktig at personopplysningslova ikkje gjeld avdøde personar.

8.11 Samandrag og tilrådingar

Sosiale medium er kjenneteikna ved at dei opnar for tovegskommunikasjon. Det som blir publisert, kan delast med kven som helst. Ein konsekvens av at ein fritt kan leggje ut informasjon på nettet, er mangel på førehandskontroll (kvalitetssikring). Når ein først har lagt ut informasjon, veit ein lite om kvar han blir lagra, og korleis han blir brukt i framtida. Tenestetilbydarane sikrar seg ofte høve til fri bruk av personinformasjonen som brukarane legg igjen på nettet, for eksempel til kommersielle føremål. Bruksmåtane som sosiale medium opnar for, inneber ei generell utfordring for ivaretakinga av personvernet til einskilde.

Sosiale medium opererer på ein internasjonal marknad. Brukarane er som regel lite opptekne av kva land tilbydaren tilbyr tenesta frå, men registrerer seg hos den tilbydaren som fyller det føremålet brukaren ønskjer. Dei dominerande aktørane, som Facebook og Twitter, er utanlandske. Dette set grenser for kva norske regelverktiltak ein kan setje i verk for å tryggje og styrkje personvernet for brukarane av sosiale medium.

Barn og unge er hyppige brukarar av sosiale medium, og medianalderen for debut på internett går stadig ned. Barn og unge har ikkje dei same føresetnadene som vaksne til å setje seg inn i brukarvilkår og filtrere informasjonen dei publiserer i nettmedia. Fordi dei er etablerte i utlandet, er det ei utfordring å kome i god dialog med dei sentrale tilbydarane av sosiale medium for å etablere brukarvilkår som er enklare å forstå, og som betre tek hand om personvernet til barn og unge.

Barn og unge treng særskilt vern på mange område. Dei som forvaltar barn og unge sine interesser, for eksempel gjennom å gi samtykke på deira vegner, skal handle ut frå barna sitt beste, ikkje for å eksponere seg sjølve eller fremje eigne interesser. Samstundes må det setjast av ressursar til å vidareføre og styrkje førebyggjande arbeid i form av opplysningsverksemd. Dette kan skje i regi av nasjonale koordineringsorgan, så som «Trygg Bruk»-prosjektet til Medietilsynet, eller i undervisningstilbodet på skulen. Ei rekkje norske aktørar tilbyr ulike former for hjelp i samband med publiserte opplysningar på nett eller sletting av profilar og så vidare. Fleire av desse aktørane har omfattande kontakt med barn og unge. Det kan reisast spørsmål om det bør etablerast eit eige kontaktpunkt for barn og unge, utan at det nødvendigvis reduserer mangfaldet av hjelpetilbod. Om eit slikt kontaktpunkt skal etablerast, må det gi ein vinst for brukarane ut over den ordninga ein har i dag, der brukarane sjølve må finne ut av kva aktør dei skal kontakte.

Boks 8.3 Hovudpunkt kapittel 8

  • Kommunikasjon i sosiale medium kan innebere ei utfordring for ivaretakinga av personvernet til brukarane.

  • Personvernutfordringane i sosiale medium er overnasjonale og gjer det nødvendig med internasjonalt samarbeid.

  • Personvernet til barn og unge er særleg utsett på nett. Det må setjast av ressursar til å vidareføre og styrkje førebyggjande arbeid i form av opplysningsverksemd.

  • Det bør vurderast ei betre samordning av dei ulike netthjelpstiltaka.

Fotnotar

1.

http://www.medietilsynet.no/Documents/Trygg%20bruk/Rapporter/Barn%20og%20digitale%20medier/100319_Del_1.pdf

2.

http://www.medietilsynet.no/PageFiles/11282/120917_Rapport_smabarn_web.pdf

3.

Petter Bae Brandtzæg og Marika Lüders (2009): Privat 2.0: Person- og forbrukarvern i den nye mediaverkelegheita. Oslo: Sintef IKT.

4.

http://www.schneier.com/blog/archives/2010/08/a_taxonomy_of_s_1.html (6.mars 2012)

5.

http://twitter.com/privacy (5.mars 2012)

Til forsida