Meld. St. 8 (2018–2019)

Kulturens kraft — Kulturpolitikk for framtida

Til innhaldsliste

Del 2
Kulturpolitikken framover. Mål og særskilde satsingsområde

5 Kulturpolitikken framover

Figur 5.1 

Figur 5.1

Boks 5.1 Nasjonale kulturpolitiske mål

Samfunnsmål

Eit levande demokrati der alle er frie til å ytre seg, og der mangfald, skaparkraft og kreativitet er høgt verdsett. Eit inkluderande samfunn der kunst og kultur av ypparste kvalitet inspirerer, samlar og lærer oss om oss sjølv og omverda.

Overordna kulturpolitiske mål

Eit fritt og uavhengig kulturliv som

  • skaper kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet

  • fremjar danning og kritisk refleksjon

  • tek vare på og formidlar kulturarv

  • skaper og formidlar eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer befolkninga

  • er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivitetar

  • tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap

  • fornyar seg og viser evne til omstilling

  • har internasjonal gjennomslagskraft og fremjar interkulturell forståing

  • styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar

Regjeringa legg desse måla til grunn for den nasjonale kulturpolitikken framover.

Dei overordna kulturpolitiske måla blir nærmare utdjupa i 5.1 til 5.10.

5.1 Eit fritt og uavhengig kulturliv

Kulturlivet, frivilligheita og medieoffentlegheita er sjølvstendige byggjesteinar i samfunnet og skal kunne utvikle seg mest mogleg på eigne premissar utan overstyring frå offentlege styresmakter. Det offentlege skal leggje til rette for utvikling og eit mangfald av private og offentlege finansieringskjelder.

Denne meldinga legg til grunn ei brei forståing av omgrepet «kulturliv» som omfattar heile den offentlege og private kultursektoren – frå produksjon, utøving og frivillig kulturliv til formidling, bevaring og forsking.

Prinsippet om armlengds avstand er blitt omtalt som kulturpolitikkens grunnlov og peikar grunnleggjande sett på den oppfatninga at kunsten må vere fri. Armlengdsprinsippet representerer dermed idealet om kunstnarisk fridom. Prinsippet har samanheng med at demokratiske statar har behov for å hindre at staten som maktorgan utøver press, sensurerer eller skeivfordeler ressursar til kunstnarar. På denne måten dreier prinsippet seg òg om å sikre ytringsfridom og eit mangfald av kulturytringar. Armlengdsprinsippet handlar ikkje berre om å sikre ein nødvendig avstand til politiske interesser. Det handlar òg om å sørgje for at organiserte interesser ikkje påverkar utøving av det frie kunst- og kulturfaglege skjønnet.

Kunsten kan presentere alternative perspektiv og tenkjemåtar – han har eit anna blikk og kan utfordre det etablerte. Kulturlivet skal få vilkår til å utvikle seg på eigne premissar, ut frå lokalt engasjement og skaparglede hos enkeltmenneske. Derfor er det nødvendig å verne om den kunstnariske og faglege fridommen til aktørane i kulturlivet.

Samtidig må armlengdsprinsippet vegast opp mot andre legitime omsyn, for eksempel omsynet til at kunst- og kulturtilbodet skal nå flest mogleg. Når det blir formulert generelle politiske føringar overfor kulturverksemder som mottek offentleg støtte, anten det handlar om at dei skal arbeide for å nå ut til ulike publikumsgrupper eller oppfylle mål om kvalitet, understrekar det at kunsten og kulturen har reell innverknad i samfunnet. Det er viktig at det er ein prinsipiell og vedvarande debatt om spenningsforholdet mellom kunstnarisk og kulturfagleg fridom og andre legitime politiske mål. Debatten vil vere særleg aktuell for dei kulturinstitusjonane som ligg direkte under politisk styrte organ, som statlege etatar eller departement, fylkeskommunar og kommunar.

Ein annan føresetnad for fridom og sjølvstende, og for at flest mogleg skal kunne komme til orde og bli lytta til, er å spreie makt i kulturlivet, både geografisk, organisatorisk og økonomisk.

5.2 Mål: Kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet

Norsk kulturliv er mangfaldig og prega av høg aktivitet og vitalitet. Mange kunstnarar og kulturaktørar i Noreg held svært høg kvalitet i arbeidet sitt og er høgt akta på sitt område både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har ambisjonar på vegner av norsk kunst- og kulturliv og ønskjer å leggje til rette for at enkeltkunstnarar og kulturinstitusjonar held fram den gode kvalitative utviklinga dei er inne i.

Heider for framifrå arbeid på internasjonalt nivå er likevel ikkje den einaste grunnen til at kvalitet er eit mål for kulturpolitikken, og at kulturlivet heile tida må streve mot høgare kvalitet. I kva grad kunst og kultur får stor verdi for den enkelte og for fellesskapet, er heilt avhengig av kvaliteten på det som blir skapt og presentert. Derfor er det ikkje nok at kulturpolitikken sikrar at det finst produserande miljø og institusjonar i ulike delar av kulturfeltet. At det blir skrive og utgitt bøker, er ingen garanti for at det blir skapt god litteratur som gir innsikt og refleksjon. At det blir laga filmar, garanterer ikkje i seg sjølv for store filmopplevingar. Det er kvaliteten på verka som er avgjerande for den verdien kunsten kan ha i eit samfunn, og kva roller han skal spele i samfunnsutviklinga. Kvalitet er ikkje ein stabil storleik som alle er samde om, og det gir ofte meir meining å snakke om ulike kvalitetar som blir ulikt vektlagde i ulike kontekstar. Men for at kunsten og kulturen skal spele ei viktig rolle i samfunnsutviklinga også framover, må strev etter kvalitet i alle tydingar vere eit kulturpolitisk mål. Kulturpolitikken må leggje rammer der dette omsynet er sikra på best mogleg vis.

Kvalitet vil og bør alltid vere gjenstand for diskusjonar, om kontekst, formål og relevans. Grunnlaget for å vurdere kunst og kultur kvalitativt er nettopp den vedvarande samtalen om, og dei stadige brytningane mellom, ulike forståingar av kvalitet. Det er i den kritiske samtalen om ulike kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og perspektiv at ulike forståingar av kvalitet etablerer seg og tek form. Det må derfor leggjast til rette for og oppmuntrast til samtalar om kvalitet, relevans og aktualitet i kulturlivet. Ein føresetnad for slike samtalar er sterke fagmiljø som møter publikum. Kvalifisert kunstkritikk har òg mykje å seie for kvalitetsutviklinga.

5.3 Mål: Danning og kritisk refleksjon

Eit demokratisk samfunn med ein open og opplyst offentleg samtale føreset at menneska har kunnskap om og forståing for det samfunnet dei er del av. Dagens informasjonssamfunn stiller store krav til at menneska utviklar kritisk sans og utvidar forståingshorisonten, for å kunne vurdere kjelder, undersøkje kva som er sant og usant, og gjere sjølvstendige val.

Tilgang til og bruk av kunst- og kulturuttrykk kan hjelpe oss å handtere ulike typar informasjon og å sjå samanhengar. Kulturaktivitetar gir skolering til å delta i det fellesskapet som er ein føresetnad for eit fungerande demokrati. Dei hjelper oss å utvikle både ytringskompetanse innanfor dei kulturuttrykka vi føretrekkjer, og evne og vilje til å møte nye opplevingar og smaks- og uttrykkspreferansar hos andre grupper og enkeltmenneske.

Kulturlivet må vere med på å rettleie folk, fremje kritisk tenking og læring, og streve etter kvalitet og kunnskap i tilfanget av informasjon og kulturelt innhald. For eksempel kan kulturverksemder som arkiv, bibliotek og museum fremje tillit, autentisitet og relevans. Aktørar i kulturlivet kan utgjere ei positiv kraft, vere ei motvekt mot fragmentering av den offentlege samtalen og medverke til å utløyse teknologiens potensial for å gjere kulturtilbod tilgjengelege for fleire. Kultursektoren er i så måte avgjerande for å bringe menneske med ulik bakgrunn og ulike meiningar saman i ei felles offentlegheit, der meiningar står mot kvarandre og blir delte på tvers av interessemotsetningar. Kulturlivet skal vekkje engasjement blant folk og leggje til rette for meiningsbryting og eit mangfald av ytringar. Leseevne og leselyst er ein nøkkel til danning og refleksjon. Lesing gir innsikt og oversyn. Gjennom lesing aukar evna til forståing og innleving.

5.4 Mål: Ta vare på og formidle kulturarv

Materielle og immaterielle vitnemål om fortida gir referanserammer og orienteringspunkt for menneske og samfunn i notida. Det er lettare å forklare og forstå samtida når vi kan dokumentere, formidle og lære korleis samfunnet og kulturen har utvikla seg. Kunnskap om fortida gir eit tryggare blikk mot framtida. Arkivinstitusjonane, biblioteka og musea er kulturarvinstitusjonar som samlar inn, tek vare på, gjer tilgjengeleg og formidlar kulturarvmateriale. Samlingane omfattar både publiserte og upubliserte dokument, som brev, avtalar, register, bøker, tidsskrift, fotografi, levande bilete og lydopptak, i tillegg til gjenstandar og bygningar. Samlingane er kjelder til dokumentasjon av hendingar og handlingar, kjelder til forsking og kunnskapsutvikling og kjelder til forståing av nasjonale og lokale kulturar, historier og identitetar. Dette viser at det er behov for forsvarleg gjenstandsforvaltning, der kunnig vedlikehald og dei rette fysiske vilkåra hindrar at gjenstandar forfell og forvitrar. Kulturarvmaterialet utgjer saman med språk og annan immateriell kulturarv det kollektive samfunnsminnet vårt.

Det er ei viktig oppgåve å verne om den mangfaldige kulturarven vår, vekkje interesse for og formidle kunnskap om kulturarven blant folk og gjere han tilgjengeleg for framtidige generasjonar. Både immateriell og materiell kulturarv er kjelde til identitet og kunnskap med forankring i historia og utgjer mykje av grunnlaget for samfunnsutviklinga. Tradisjonar og gjenstandar er sårbare kjeldegrunnlag som må takast vare på og vernast. Tilgang på dokumenterbar informasjon og autentiske gjenstandar har innverknad på danninga til kvar enkelt, den offentlege samtalen og forståinga av kultur og samfunn. I eit globalt kulturmangfaldsperspektiv blir det tydeleg at styresmaktene har eit ansvar for å føre vidare og utvikle Noregs felles kulturarv som ein del av det globale kulturmangfaldet.

Samtidig som økonomi, politikk, kultur og den offentlege samtalen blir globalisert, ser vi òg ei stigande interesse for det lokale og det nasjonale. Mange søkjer mot røtene sine, anten det er å granske si eiga slektshistorie eller fellesskapets historie lokalt, regionalt eller nasjonalt. Det blir stadig viktigare å gjere tilgjengeleg og formidle kulturarven. I dette arbeidet er både dokumentasjon og vern gjennom bruk viktig. Her har bibliotek, arkiv og museum eit særleg viktig oppdrag. Fleire organisasjonar arbeider også for å dokumentere og føre vidare levande immateriell kulturarv. Kunnskapen blir praktisert og ført vidare gjennom kreative uttrykksmåtar som handverk, musikk, dans, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar. På nasjonalt nivå har Kulturrådet ansvar for å implementere UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Den immaterielle kulturarven til urfolk og nasjonale minoritetar i Noreg er eit prioritert område i dette arbeidet.

Ved hjelp av digital teknologi kan kulturarven formidlast og gjerast tilgjengeleg for fleire og gi betre føresetnader for å forstå samfunnet og korleis dagens samfunn blei til. Ikkje minst gir det kvar enkelt høve til sjølv å undersøkje sanningsgehalten i dei forteljingane om kultur og identitet som blir presenterte. Tilgang til historia og kulturarven er ein demokratisk rett. Alle skal derfor ha enkel tilgang til den felles kulturarven, og mest mogleg kulturarvmateriale må bevarast og gjerast allment tilgjengeleg for framtida.

5.5 Mål: Relevans og representativitet

Omgrepet mangfald rommar dimensjonar som sosial og kulturell bakgrunn, kjønn, funksjonsevne, religion, legning og alder. For å engasjere breiare lag av befolkninga er det nødvendig med representativitet i alle delar av kulturlivet og eit relevant og aktuelt kulturtilbod av høg kvalitet. Det skal leggjast til rette for skaparmangfald, innhaldsmangfald og brukarmangfald ved å sørgje for at eit spekter av ulike stemmer kjem til uttrykk. Dette kan gi høgare kvalitet, variasjon i innhald, og bidra til at alle publikumsgrupper får eit tilbod.

Det trengst eit mangfald av kulturelle ytringar, inkludert forteljingar og kunstnariske uttrykk, med variasjon i tematikk og sjanger. Det bør vere demografisk variasjon blant publikum og blant kulturaktørar på profesjonelt nivå og amatørnivå. Kulturlivet må medverke til å skape og halde oppe ei open og mangfaldig offentlegheit og gi enkeltpersonar og grupper høve til å ta del i denne offentlegheita.

Ønsket om å sikre lokal, regional og nasjonal kultur står ikkje i noko motsetningsforhold til eit ønske om å ta del i den globale kulturutvekslinga. Nasjonale og lokale kunst- og kulturuttrykksformer inngår i ein global samanheng, og slike samband er verdifulle kjelder til å utvikle det norske kulturlivet og samfunnet.

Ein kulturnasjon må ta vare på kulturarven sin, ikkje som ein einskapleg og konstant storleik, men som noko som alltid er i vekst i takt med at samfunnet og befolkninga endrar seg. Dette er ei oppbyggingsoppgåve som aldri kan ferdigstillast, ein dynamisk prosess med stadig utviding av mangfaldet av uttrykksformer i kulturlivet.

Alle skal kunne utøve og utvikle eigne kulturuttrykk og delta i og påverke kulturlivet. Menneske flyttar på seg og har med seg historier, tradisjonar og verdiar som speglar kven dei er. I tida framover vil det vere avgjerande å lykkast med inkludering. Uavhengig av kvifor menneske flyttar til Noreg, eller flyttar på seg i Noreg, må målet vere at dei kjenner seg heime i det samfunnet dei blir ein del av. Her speler kulturlivet ei sentral rolle, fordi kultur handlar om identitet, og fordi kultur er ein arena for felles opplevingar.

5.6 Mål: Tilgjenge og deltaking

Kulturlivet skal gi flest mogleg høve til å delta og utfalde seg. Alle skal få sjansen til å ta del i kulturaktivitetar og kunne oppleve for eksempel dans, musikk, litteratur, teater, filmar og seriar, biletkunst, litteratur og dataspel. Og alle skal ha enkel tilgang til kulturarven.

For å kunne realisere visjonen om at alle har rett til kultur, må kunst- og kulturuttrykk spreiast til fleire, og befolkninga må kunne ta del i kulturlivet på nye måtar. Kulturgoda skal vere tilgjengelege for alle grupper i befolkninga, uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn, alder, kjønn og funksjonsevne. Dette vil ikkje seie at alle typar grupper skal vere brukarar av alle typar kulturtilbod, men alle skal ha eit likeverdig kulturtilbod.

For å hindre kulturelt utanforskap er det nødvendig med aktivt arbeid for å få folk til å oppsøkje kunst og kultur. Kulturlivet må ta i bruk nye metodar for å realisere eit uforløyst potensial for kulturbruk og kulturdeltaking i befolkninga. Eitt aspekt ved dette er å utnytte teknologien til å spreie kunst og kultur på nye måtar. Eit anna er å byggje bru mellom analoge og digitale kulturuttrykk, slik at digital kulturbruk kan føre til auka bruk av all kultur.

Det vil vere viktig å stimulere til auka interesse for og deltaking i kulturtilbodet framover. Kulturlivet skal medverke til dette med strategiar for å auke eigenaktiviteten og kulturbruken. Det handlar dels om å vektleggje eigenaktivitet og publikumsretta aktivitetar, dels om tiltak for å inkludere grupper som elles i liten grad bruker tilboda.

Den kulturelle skulesekken er eksempel på ein god arena for å trene kulturbruk og understøtte refleksjon og identitetsbygging. Eit anna eksempel er det frivillige kulturlivet, som fremjar deltaking og eigenaktivitet.

Barn og unge er ei viktig målgruppe, både som publikum og som aktive deltakarar, men òg fordi dei kjem til å bli publikum, kulturprodusentar og kunstnarar i framtida. Barn og unge har rett til å delta i kunst- og kulturlivet og skal kunne oppleve og skape kultur på eigne premissar. Dei skal få møte det beste kunst- og kulturlivet har å tilby, dei skal ha tilgang til kunst og kultur som dei opplever som relevant, og som kan gi dei grunnleggjande kulturelle referansar, læring og glede.

Unge skal ha høve til å skape si eiga frivilligheit og organisere sin eigen ungdomskultur. Barn og unge må få sterkare eigarskap til dei kulturelle fellesskapsarenaene i samfunnet.

5.7 Mål: Møteplassar og fellesskap

Kulturlivet skal fremje møte mellom menneske ved å utvikle og forsterke kulturarenaene som inkluderingsarenaer. Det skal leggjast til rette for opplevingar som skaper felles referansar og byggjer solide fellesskap.

Det er nødvendig å tenkje nytt om framtidige møteplassar for å understøtte eller skape samhald. Potensialet i den eksisterande fysiske infrastrukturen i kulturlivet må utnyttast, blant anna ved å leggje til rette for fysiske arenaer og møteplassar som er inkluderande og gir rom for mangfald og demokratisk deltaking. Arenaer for kultur er ikkje berre dei store kulturbygga, det er øvingsrom, atelier, produksjonslokale, dansestudio, folkebibliotek, museum, små og store lokale scener, kulturskulelokale, skular, fritidsklubbar, samfunnshus, kyrkjer og mykje meir. Det er behov for ein god fysisk infrastruktur for kulturutøving og -formidling som er eigna til formålet med tanke på storleik, akustikk og tilgang.

Den teknologiske utviklinga har opna for ulike digitale møteplassar og kanalar for ytring og meiningsutveksling. Fysiske møteplassar er framleis viktige for å skape samhald og gode lokalsamfunn. Digitaliseringa kan forsterke behovet for relevante arenaer for deltaking og gi nytt innhald til dei fysiske møteplassane. Eit eksempel er utøvarar av dataspel, som òg kan ha behov for stader å møtast fysisk.

5.8 Mål: Fornying og omstilling

Kulturlivet skal fremje innovasjon og kunstnarisk risiko og utnytte moglegheiter som følgjer av teknologisk utvikling. Innovasjon og kreativitet på kulturfeltet handlar både om kunstnarisk nyskaping og om for eksempel uttesting av nye forretningsmodellar og distribusjonsformer.

Kunst og andre kulturytringar må stadig utviklast slik at dei er relevante for innbyggjarane og kan gjere tilværet rikare. Det er viktig å understøtte dei kunstmiljøa som tør å eksperimentere og ta i bruk ny teknologi i kunsten.

Personar som tek i bruk dei kunstnariske evnene sine, løyser komplekse problem lettare enn andre, og dei som opplever kunst i ung alder, er meir innovative i andre samanhengar seinare i livet. Kunnskapsdeling mellom kunstnarar og teknologar kan styrkje generell innovasjonsevne i samfunnet, der digitalisert materiale fungerer som «innovasjonsråvarer» for utvikling av nye forretningsidear og konsept.

Det skal leggjast til rette for forsking og kunnskapsutvikling for å bidra til god oppgåveløysing i sektoren, i forvaltninga og som grunnlag for politikkutvikling. Forskings- og kunnskapsproduksjon er eit sjølvstendig gode og ein føresetnad for å nå dei kulturpolitiske måla. Det er behov for kunnskapsutvikling og innovasjon i sektorane (jf. Forskingsrådets strategi for innovasjon i offentleg sektor1).

5.9 Mål: Internasjonal gjennomslagskraft og interkulturell forståing

Globalisering, digitalisering og auka mobilitet gjer at kunst- og kulturuttrykk ikkje er avgrensa av landegrenser på same måte som tidlegare. Kunst blir konsumert og produsert uavhengig av landegrenser, og kunstnarar inngår i større fagfellesskap som strekkjer seg over grensene. Jo meir kunsten blir delt, desto meir kan han bidra til rike opplevingar og samfunnsutvikling. Kultur kan bringe folk nærmare kvarandre og vere med på å styrkje internasjonale relasjonar.

Internasjonaliseringa på kunst- og kulturområdet har fleire formål. For det første gir kunstnarisk og kulturell utveksling høgare kompetanse i seg sjølv, det kan gjere norsk kulturliv meir profesjonelt og aktuelt og føre til læring og høgare kvalitet. Internasjonalisering kan òg auke eksport og import, medverke til økonomisk vekst, kulturutveksling og kreativ næring, og samtidig styrkje Noregs omdømme internasjonalt, gjere Noreg synleg utanrikspolitisk, og ha verknad for breie norske interesser og verdiar. Og kulturlivet kan vere ein inkluderande arena der kulturuttrykk blir utvikla i møte med impulsar utanfrå.

Det skal framleis leggjast til rette for naturleg mobilitet, nettverk og samarbeid ut over Noregs grenser på kunst- og kulturfeltet. Store institusjonar, verksemder og organ med eit nasjonalt mandat har eit særleg ansvar for kulturutveksling internasjonalt. Også i framtida må det vere høge ambisjonar om å vise fram det beste av kunst og kultur frå Noreg i utlandet, både for å betre kultursektorens posisjon på den internasjonale marknaden og for å leggje til rette for internasjonalt kultursamarbeid. Dette byggjer opp sjølvtillit, utvidar nettverk og gir til sjuande og sist også kunsten større verdi.

Det er nødvendig å leggje til rette for å auke eksporten av kunst og kultur frå Noreg, blant anna for å generere inntekter tilbake til norsk kulturliv og kunstproduksjon. Kultureksport og internasjonalt kultursamarbeid handlar om alle kulturuttrykk og alle typar kulturaktørar, og det gjeld både å løfte fram nye stemmer og å ta vare på dei etablerte.

Det er òg behov for at kunst- og kulturuttrykk frå heile verda når kulturlivet og publikum i Noreg, både for å utvide tilbodet, gi publikum rikare opplevingar, og for å utfordre og inspirere norske kunstnarar og kulturaktørar.

5.10 Mål: Språk som kulturberar

Alle språk formidlar, uttrykkjer og ber på kultur, historie og identitet. Det norske samfunnet har alltid vore fleirspråkleg, med både samisk, nasjonale minoritetsspråk, norsk teiknspråk, eit stort dialektmangfald og nyare minoritetsspråk. Det er òg ein rikdom å ha to norske skriftkulturar – bokmål og nynorsk.

Dei siste åra har fleirspråklegheit blitt eit meir gjennomgripande trekk ved det norske samfunnet, særleg på individnivå. Noreg har eit ansvar for å verne og styrkje samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka. Alle borgarar, utan omsyn til språkleg bakgrunn, har ein uomtvisteleg rett til å dyrke og bruke morsmålet sitt. Det gjeld både å medverke til språkmangfaldet i verda og å ta vare på den språklege kulturarven i vårt eige land. Fleirspråkleg kompetanse hos den enkelte er ein kognitiv fordel, og gir godt utdanna og kulturelt kompetente borgarar.

I dagens fleirkulturelle og fleirspråklege Noreg må det likevel somme gonger skiljast mellom det nasjonale fellesspråket og morsmåla. Fellesspråket er det språket lovene våre er skrivne på.

Det overordna målet for den norske språkpolitikken er å sikre posisjonen til norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Det inneber at vi skal kunne bruke norsk på alle samfunnsområde og i alle samanhengar. Som kulturnasjon har vi plikt til å ta vare på det norske språket. Norsk er hovudspråket i Noreg, og alle som bur i Noreg, vil i ein eller fleire samanhengar vere avhengige av å bruke norsk. På den måten er språket ein fellesarena for demokratiet og ein føresetnad for deltaking. For å fungere i samfunnet er det nødvendig å meistre norsk.

Som dei fleste andre nasjonale fellesspråk er også norsk under sterkt press på mange samfunnsområde. For dei fleste unge er engelsk ein del av kvardagen, noko som blant anna blir forsterka av teknologiutviklinga og nye, digitale kultur- og medievanar. Barn heilt ned i treårsalderen møter eit variert engelskspråkleg tilbod når dei ser filmklipp på internett, speler spel og så vidare. På universitet og høgskular og i arbeidslivet ser vi at engelsk blir stadig meir brukt som undervisnings- og arbeidsspråk. Vi må ikkje ta det norske språket for gitt. Det er ikkje fleirspråklegheit dersom eit av verdas største språk fortrengjer eit lite språk. Ettersom språk er berar av kultur, vil også fleire norske kulturuttrykk få dårlegare kår dersom norsk språk forvitrar.

Det er behov for eit rikt og lett tilgjengeleg norskspråkleg kultur- og medietilbod med gode språklege førebilete, slik at det norskspråklege tilbodet vil bli valt i konkurranse med det engelskspråklege. Det er ønskjeleg å stimulere til brei produksjon og bruk av blant anna litteratur, musikk og audiovisuelle produkt på norsk. Dette er med på å auke tilfanget av kultur- og medieinnhald på norsk og leggje til rette for norskspråkleg kulturinnhald av høg kvalitet. Den skriftfesta kulturarven blir forvalta av institusjonar som Nasjonalbiblioteket, Arkivverket og Språkrådet.

Språkdimensjonen ved kulturpolitikken styrkjer argumentasjonen om at kultur er ein sentral del av infrastrukturen i eit samfunn. Derfor er språkdimensjonen ikkje berre ein del av kulturpolitikken. For å sikre norsk som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg er språkpolitikken sektorovergripande. Det vil seie at alle departementa må ta språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører eigen sektorpolitikk. Ved å medverke til ei offentlegheit der fellesspråket er norsk, opnar ein for brei medverknad og deltaking.

Norsk er eit vitalt og ikkje-truga språk. Likevel er domenetapet for norsk godt dokumentert. I samfunnssektorar som er prega av internasjonalisering, for eksempel i universitets- og høgskulesektoren, skjer det ein sterk overgang til bruk av engelsk både i formidling, undervisning og forsking. Tap av funksjon eller tap av prestisje for eit språk er første steg mot eit mogleg språkskifte frå norsk til engelsk innanfor visse sektorar. Både bokmål og nynorsk er under press frå engelsk. I tillegg er nynorsk på ulike måtar under press frå bokmål.

Det er behov for ein overordna og aktiv språkpolitikk som balanserer maktforholda mellom ulike språklege hegemoni. I nokon grad kan ein overordna strategi gjelde alle språka generelt, i andre samanhengar er det viktig å målrette tiltak overfor kvart enkelt språk.

Noreg har eit særleg ansvar for samiske språk. Samisk er verna i Grunnlova og i samelova, men sjølv om den formelle statusen til samiske språk er på plass, er samiske språk i røynda trua. Minoritetsspråkpakta slår fast at vern om dei historiske region- eller minoritetsspråka i Europa er med på å halde oppe og utvikle kulturell rikdom og tradisjonar i Europa. I tillegg til samisk har Noreg ansvaret for dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes.

Kvensk er ein viktig del av den felles kulturarven vår. Språket er i dag i ein kritisk situasjon, og språkarbeidet må styrkjast. Regjeringa har lagt fram Målrettet plan for kvensk 2017–2021, som skal leggje til rette for at kvensk framleis skal vere eit levande språk.

Norsk teiknspråk er eit fullverdig språk. Det er eit genuint norsk språk, ein viktig kulturberar og ein del av det språklege mangfaldet i landet. Utan tilgang til teiknspråk blir mange teiknspråkbrukarar dessutan avskorne frå å delta aktivt i samfunnet, i kulturlivet og på mange fellesarenaer for livsutfalding.

Å verne og styrkje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk inngår som ein del av den heilskaplege språkpolitikken.

6 Kunstpolitikk

Figur 6.1 

Figur 6.1

6.1 Eit vitalt kunstliv i utvikling

Kunsten tilbyr menneska oppleving og erkjenning. Ulike uttrykk, sjangrar, kunstsyn og tradisjonar må få rom til å brytast mot kvarandre for å sikre kunstnarisk utvikling. Dette er sentralt for nyskaping og innovasjon og for at kunsten kan halde fram med å overraske og kritisere. Kunstpolitikken må derfor leggje til rette for både stabilitet, fleksibilitet og fornying på alle kunstfelt.

For å sikre kunstens plass som eit gode i samfunnet må det leggjast til rette for produksjon, formidling og tilgjenge over heile landet. For at samfunnet til kvar tid skal ha eit rikt, mangfaldig og vitalt kunstliv, trengst det verkemiddel som søkbare tilskotsordningar, føreseieleg forvaltning og ein stabil infrastruktur av institusjonar for produksjon og visning.

Stipend og produksjonsmidlar til kunstnarar er sentrale verkemiddel for at kunstnarar innanfor alle kunstfelt skal få høve til å utvikle kunsten og virket sitt. Søkbare midlar for kunstnarar er avgjerande for utvikling av nye uttrykk og stemmer og for vidareutvikling av dei meir erfarne kunstnarskapa. Det er eit grunnleggjande prinsipp at offentleg støtte til kunstnarskap må forvaltast på armlengds avstand frå politiske vurderingar og korporative interesser. Slike avgjerder må takast på bakgrunn av kunstfaglege vurderingar som er gjorde av kollegiale organ etter prinsippet om fagfellevurdering. For at kunsten skal møte publikum, trengst det òg verkemiddel for å bidra til formidling og distribusjon.

Stabile rammevilkår for profesjonelle arrangørar og visningsstader over heile landet sikrar eit breitt og mangfaldig tilbod uavhengig av kvar ein bur. Ein infrastruktur av profesjonelle institusjonar som både skaper og formidlar kunst, er med på å gi publikum tilgang til kunstopplevingar og profesjonelle kunstmiljø over heile landet.

Kunstfelta er ulike, og det er stor forskjell på kor tilgjengelege ulike uttrykk er. Det er ei utfordring at mykje av det kunstnarane skaper, blir vist for få gonger og når eit avgrensa publikum, utan at det kjem av den kunstnariske kvaliteten på produksjonane. Samla sett blir det laga mykje og mangfaldig kunst, men for lite av dette kjem publikum i heile landet til gode. Det er eit mål at meir av den kunsten som blir skapt på alle kunstområda, når eit større publikum.

Samspelet mellom det profesjonelle kunstlivet og det frivillige kulturlivet er mangfaldig. Det er ei rekkje aktørar i kulturlivets infrastruktur, det vere seg kunstnarar, instruktørar, dirigentar, lærarar, arrangørar, management, kulturjournalistar, publikum, kulturskular, øvingslokale, kulturhus og andre. Det er tett samspel og utstrekt samarbeid, og profesjonelle kunstnarar har mykje å seie for det frivillige kulturlivet. Det frivillige kulturlivet er på si side ein viktig arena for talentutvikling for det profesjonelle kunstlivet, og det utgjer òg eit viktig publikumsgrunnlag.

For å sikre ei vital utvikling av det norske kunstfeltet også i framtida må det leggjast til rette for både stabilitet, fleksibilitet og fornying på alle kunstfelt. Utviklinga av kunstuttrykk skjer i tråd med samfunnsutviklinga og i stadig større grad på tvers av sjangrar. Parallelt ser vi at det på nokre kunstområde har etablert seg eit forvaltningsmessig og retorisk skilje mellom institusjonar og det såkalla frie feltet. Mens institusjonar på dei ulike kunstområda, det vere seg kunstmuseum, orkester eller teater, tradisjonelt er blitt forvalta med løyvingar direkte frå eigen post på Kulturdepartementets budsjett, er det Norsk kulturråds tilskotsordningar som har vore den viktigaste finansielle føresetnaden for aktørane utan fast institusjonstilknyting. Det vil framover vere behov for å sjå nærmare på dynamikken mellom desse to forvaltningsstrukturane, og dei ulike kunstområda bør i større grad sjåast under eitt.

Det trengst meir kunnskap om samspelet mellom stabil infrastruktur og nye produksjonar, utvikling av nye kunstnarskap og nye grupperingar utanfor dei faste institusjonane, og korleis dei samla ressursane helst bør utnyttast til beste både for kunstlivet og for publikum.

6.2 Kunstnarpolitikken

Kunstnarar er innhaldsleverandørane i kulturlivet. Deira kunstpraksis, uttrykksmåtar og syn på verda er heilt avgjerande for kva retning kunst- og kulturlivet utviklar seg i. Når kunstnarar utviklar kunstnarskapet sitt og fornyar sjangrar, kan dette ha ein vitaliserande innverknad på samfunnet elles. Ein godt innretta kunstnarpolitikk er ei investering i den nyskapinga som er nødvendig for at vi skal etablere nye jobbar og finne nye løysingar framover.

I Noreg er det framleis svært stabile forhold når det gjeld tilknyting til arbeidslivet. Enkelte meiner at arbeidslivet i framtida vil gå i retning av fleire kortvarige tilsetjingar og oppdrag og fleire frilansarar og småskalabedrifter. I framtida vil arbeidslivet altså kunne bli meir likt den måten kunstnarar i dag arbeider på. Kunstnarane sine behov for enklare rammevilkår og betre sosiale rettar er med andre ord behov som vil kunne gjelde langt fleire i framtida.

Noreg har relativt mange kunstnarar som driv profesjonell skapande verksemd. Tilfanget av kunst- og kulturarbeidarar ser ut til å auke i takt med eit breiare utdanningstilbod. For dei fleste kunstnarar er det likevel vanskeleg å livnære seg av inntekter frå kunstnarisk virke. Kunstnerøkonomiutredningen 2015 viser at det har vore ein nedgang i inntektene frå kunstnarisk virke i perioden 2006 til 2013, men ein auke i inntektene frå kunstnarisk relatert arbeid. Statens verkemiddel for kunstnarøkonomien har tradisjonelt retta seg mest mot produksjon av kunst. Kulturutredningen 2014 peikar på at fleire kunstnarar må kunne fungere kommersielt, og departementet har dei siste åra sett i verk fleire tiltak for at kunstnarar skal kunne få meir inntekter frå det kunstnariske virket sitt.

6.3 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Forenkle og styrkje rammevilkåra og dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande kunstnarar

  • Leggje til rette for auka framsyning av kunst, blant anna gjennom å gjere ein strategisk gjennomgang av scenekunstfeltet

  • Vurdere verkemiddel som stimulerer til meir samspel mellom profesjonelle kunstnarar og det frivillige kulturlivet

  • Leggje fram ei kunstnarmelding som skal

    • sjå nærmare på forholdet mellom dagens kunstnarpraksis og statlege ordningar

    • undersøkje korleis kunstnarar kan auke dei kunstnariske inntektene sine

    • vurdere om statlege verkemiddel for kunstnarøkonomien treffer dagens kunstnarpraksis

    • bidra til at verkemidla fremjar kvalitet, fleksibilitet, mangfald og nye røyster og kunstuttrykk, samtidig som meir etablerte kunstnarar blir sikra eit godt grunnlag for å utvikle seg

    • leggje til rette for kunstuttrykk som går på tvers av sjangrar

    • undersøkje korleis kunstnarar kan medverke til samfunnsutviklinga og i næringslivet elles, og i kva grad dei gjer dette i dag

7 Digitale moglegheiter

Figur 7.1 

Figur 7.1

7.1 Teknologi, tilgang og deltaking

Teknologien gir oss høve til å spreie kunst og kultur til folk på stadig nye måtar. Dette er med på å opne ei ny verd for mange, og det ligg ei demokratisk kraft i dette dersom teknologien blir brukt rett. Då kan den digitale teknologien vere inkluderande og moderniserande. Bruk av ny teknologi og digitale tenester gir kultur- og medieaktørar nye, miljøvennlege moglegheiter for å produsere, distribuere, formidle og ta vare på informasjon og kulturelle uttrykk. Samtidig blir terskelen for ytring, deltaking og interaksjon lågare. Dette er demokrati i praksis.

Nordmenn ligg i forkant når det gjeld bruk av ny teknologi, og vi bruker stadig meir tid på digitale plattformer. Digitale plattformer fungerer som virtuelle møteplassar der vi uttrykkjer oss, utvekslar idear og erfaringar, og les, høyrer og engasjerer oss i ulike typar innhald. I den virtuelle røynda blir grensene mellom land og mellom produsent og konsument viska ut. Der produksjon tidlegare var berre for dei få, gjer teknologien no at dei aller fleste er i stand til å produsere innhald og spreie det på digitale plattformer. Kunstnariske og kulturelle uttrykksformer i grensesnittet mellom kultur og digitalisering er i vekst, og ny teknologi blir no nytta til å nå ut til publikum på nye måtar og leggje til rette for kreative initiativ og nye idear. Digitalisert materiale kan òg vere råvarer for utvikling av nye forretningsidear og konsept.

Nokre av dagens format og plattformer vil bli erstatta av nye, slik det alltid har vore opp gjennom historia. Då internett blei allemannseige, representerte det heilt nye måtar å skaffe seg og bruke musikk på – men det blei òg vanskelegare for rettshavarane å kontrollere spreiinga, og mange nytta derfor ulovlege tilbod. Utvikling av gode lovlege løysingar spelte ei nøkkelrolle for å snu dette, slik at ein igjen kunne sjå ei positiv utvikling i inntekter frå innspelt musikk.

Boks 7.1 KULMEDIA

Digitalisering er eit av hovudtemaa i Forskingsrådets program KULMEDIA i perioden 2014–2018. Formålet har vore å få fram ny forskingsbasert kunnskap av høg kvalitet om kulturlivet og media, med relevans for politikkutvikling og forvaltning og for aktørane på dei respektive felta. Forskingsprogrammet er fullfinansiert av Kulturdepartementet med om lag 83 mill. kroner. Forsking og bygging av fagmiljø er langsiktig arbeid. Departementet har derfor bede Forskingsrådet om å føre vidare satsinga i ein ny femårsperiode frå 2019. Digitalisering og kva følgjer det har for kultursektoren og mediesektoren, vil framleis vere eit prioritert tema i programmet.

7.2 Digital kunstproduksjon

Kunst og synet på kunst er i stadig utvikling. Kunstnarar eksperimenterer med nye plattformer for å utforske og utvikle dei komplekse samanhengane mellom kunst, teknologi og samfunn på nye måtar. Det er viktig å støtte opp om kunstnariske miljø som eksperimenterer med og tek i bruk ny teknologi i kunsten. Slik kan kunstnarane medverke til å føre teknologien vidare og identifisere nye moglegheiter.

Nye digitale kunst- og kulturuttrykk kan vere kostnadskrevjande og føresetje samarbeid med fagmiljø som forventar høg avkastning. For at kulturfeltet skal kunne vere ein innovatør i utviklinga av digitale kunst- og kulturopplevingar, trengst det nye verkemiddel som stimulerer til samarbeid mellom kompetansemiljø. Eit framståande kompetansemiljø for utvikling av nye digitale kunst- og kulturuttrykk føreset at det finst ein underskog av uetablerte kunst- og kulturarbeidarar, og dessutan små og mellomstore institusjonar som har tilgang til teknologi og produksjonsmoglegheiter. Etablering av tverrfaglege fagmiljø og skaparverkstader/folkeverkstader2 er såleis viktige initiativ for å fremje innovasjon. Tverrfagleg orienterte kunstlaboratorium som Notam og BEK har hatt ei viktig rolle som nasjonale ressurssenter for å tenkje og produsere nye kunstuttrykk.

Boks 7.2 Notam og Bergen senter for elektronisk kunst

Notam er eit nasjonalt ressurssenter for utvikling og nyskapande bruk av teknologi i musikk og kunst. Med brei kompetanse frå programmering og fysiske installasjonar til komposisjon og robotikk skreddarsyr Notam teknologiske løysingar til ulike og transdisiplinære kunstverk. Notam er òg ein internasjonal aktør innan forsking, utvikling og formidling av kunnskap knytt til kunst og ny teknologi. Notam held ulike kurs for kunstnarar og akademikarar, og byggjer kontinuerleg ut kompetansen sin og nettverket sitt for å vere eit transdisiplinært laboratorium for kunstnarar, forskarar, næringsliv, teknologar og publikum innan framtidige kunstuttrykk.

Bergen senter for elektronisk kunst (BEK) er eit ressurssenter og eit laboratorium for arbeid med kunst og teknologi. Gjennom arbeidet sitt fremjar og aukar BEK forståinga for kunst og digital teknologi. Senteret ser seg som eit bindeledd mellom kultur og publikum, men òg mellom kultur og næringsliv. BEK inngår partnarskap med kunstnarar for produksjon, og med galleri, festivalar og kulturdistributørar for visning. BEK arbeider lokalt, men har stort nedslagsfelt også nasjonalt og internasjonalt gjennom ei rekkje kunstnariske samarbeids- og utviklingsprosjekt.

Det er viktig å gi rom for og oppmuntre til å ta i bruk nye kunstnariske uttrykksformer. Kulturlivet må stadig vere i utvikling for å utnytte moglegheitene digitaliseringa gir når det gjeld å sleppe til nye stemmer.

7.3 Digital formidling

Digital distribusjon av kunst og kultur blir teke stadig meir i bruk, både i heimen og på fellesarenaer. Teknologi og digitale verktøy kan vere med på å forsterke opplevingar og spreie kunst og kultur til fleire. Mykje tyder på at kulturbruken aukar i takt med auka digital tilgjengeleggjering. Vi høyrer på meir musikk og ser fleire filmar og seriar i dag enn då innhaldet berre var tilgjengeleg som fysiske produkt. Eit meir tilgjengeleg kulturtilbod og auka bruk av tilbodet kan òg gjere det enklare å rekruttere nye målgrupper. Vi må utnytte moglegheitene som ligg i teknologien, slik at digitalt formidla kunst og kultur ikkje mistar viktige kvalitetar i prosessen, men heller får tilført nye kvalitetar.

Noreg og Norden har eit godt organisert kunst- og kulturliv og lang erfaring med ulike former for kollektivt forvalta rettar og vederlagsordningar. Det er avgjerande å utvikle avtaleverk og system slik at digital formidling av kunst- og kulturuttrykk sikrar omsynet til opphavsretten, sikrar vern mot misbruk og genererer inntekter for kunstnarar og andre rettshavarar.

Kultur- og medieaktørar møter i aukande grad publikum på virtuelle flater i tillegg til i fysiske format. I særleg grad gjeld dette formidling til barn og unge, fordi dei i stor grad orienterer seg og oppsøkjer kulturopplevingar i digitale medium. Det krev innovasjon og nytenking med omsyn til korleis aktørane når fram til publikum.

Digitalt kulturkonsum fører blant anna til at publikum i aukande grad blir rådgivarar for kvarandre i bruk av kunst og kultur. I digitale kanalar er det ikkje lenger berre redaktørar eller kinosjefar som styrer kva innhald publikum får tilgang på og vel å lese, sjå eller lytte til. Delvis blir publikums val påverka av algoritmar som er kalkulerte slik at dei foreslår innhald på bakgrunn av tidlegare bruk. Delvis lyttar ein til tips frå venner og familie. Denne utviklinga kan stimulere til auka interesse for kunst og kultur, men ho kan òg utfordre den rolla kunstnarar og kulturinstitusjonar har som kuratorar og publikumsrettleiarar basert på kunstnarisk og kulturfagleg skjønn. Vi treng kunst- og kulturinstitusjonar som rettleier og opplyser publikum i kraft av den kompetansen, kunnskapen og innsikta dei har bygd opp. Om institusjonane og personar med kunstkompetanse framleis skal ha ei slik rolle, blir det viktigare at dei er til stades der publikum er. Tilgang til kunnskap og kultur medfører ikkje nødvendigvis at folk tek i bruk kunnskapen. Å formidle og arbeide aktivt for at kulturlivet skal vere relevant, og å få folk til å oppsøkje kunst og kultur, vil vere ei særleg viktig oppgåve for kultursektoren framover. Eit eksempel er kuratering av innhald i digitale kanalar, for eksempel spelelister i strøymetenester for musikk. Det kan òg handle om å vere til stades med kulturkunnskap i sosiale medium. Digitalisering har medført nye moglegheiter for publikumsinnsikt. Der innsikta tidlegare var avgrensa til salstal for bøker og cd-ar, veit vi no meir om kva som faktisk blir lese og lytta til. Denne innsikta bør brukast systematisk og strategisk for å auke interessa og deltakinga.

Digital teknologi kan òg brukast som inngangar til «analoge» kunstopplevingar som teater og museum og vekkje interesse og nyfikne hos nye publikumsgrupper. Scenekunstproduksjonar som blir filma og lagde til rette for nye medium, kan distribuerast digitalt og dermed gjerast tilgjengelege for eit stort publikum over heile landet.

Boks 7.3 Applaus

Kulturdepartementet har gitt tilskot til det norske digitale teateret «Applaus – scenekunst på nett». Dette er eit pilotprosjekt for scenekunst på nett som vil tilby profesjonelle teaterframsyningar digitalt til barn og unge på skular og andre institusjonar. Applaus er inspirert av engelske Digitaltheatre og deira plattform for formidling av skuleframsyningar.

Selskapet eig i dag si eiga nettside for strøyming. Ein app er under utvikling, og den første produksjonen er klar. Den digitale plattforma er utvikla med midlar frå Sparebankstiftelsen, Stiftelsen Scheibler, Bergesenstiftelsen og Fritt Ord.

Riksteatret og Det Norske Teatret har medverka med om lag ti prosent av totalkostnadene ved den enkelte produksjonen.

Utviklinga av nye teknologiske løysingar må komme heile kulturfeltet til gode, også der målet er å nå fleire med kulturtilbodet og ikkje utvikling av nye forretningsmodellar. Ei utfordring ved utviklinga av digitale modellar for distribusjon og formidling av kunst er manglande samordning og koordinering. Utvikling av digitale formidlingsmodellar krev samarbeid på tvers av sektorar og kompetansemiljø. Det trengst verkemiddel som opnar for ambisiøse satsingar og innovative forsøk. For å utnytte moglegheitene som digitaliseringa gir, må det leggjast til rette for samarbeid og kompetansedeling, innovasjon og nyskaping.

7.4 Digitalisering og tilgjengeleggjering av kulturarv

Kulturarvmaterialet som blir forvalta av arkiv, bibliotek og museum, er eit viktig grunnlag for dagens samfunn, fordi desse institusjonane er berarar og forvaltarar av felles kultur og historie. Det er derfor ei prioritert oppgåve å sikre at mest mogleg av dette materialet blir bevart og gjort allment tilgjengeleg for framtida. På museumsområdet har eit større reformarbeid, den såkalla museumsreforma, medverka til å danne fagleg solide museumseiningar som er godt i stand til å ta i bruk digital teknologi i arbeidet med bevaring, formidling og forsking innanfor ansvarsområda til musea. Mykje arbeid er gjort for å digitalisere samlingar, og dette vil framleis vere eit satsingsområde for museumspolitikken i tida som kjem. Ved å ta i bruk digital teknologi kan ein gjere felles kulturarv og kunnskap om kulturarven tilgjengeleg for fleire. Potensialet for å spreie kulturarv er større i digitale format enn i fysiske, analoge format (gjenstandar, bøker osv.). Eit eksempel er Digitalarkivet, som er ein nettportal for digitaliserte arkiv i Arkivverket. I samarbeid med andre aktørar i arkivsektoren, vidareutviklar Arkivverket Digitalarkivet til å bli ein nasjonal, felles portal for publisering av arkiv. Målet med prosjektet er at alle brukarar skal kunne søkje og hente fram digitalt innhald i statlege, kommunale og private arkiv frå alle delar av landet.

Bruk av digitale løysingar gjer det mogleg å sjå for seg at alle kan få tilgang til det same kunnskapsgrunnlaget, noko som støttar opp om eit viktig demokratisk prinsipp. Digitale løysingar vil i tillegg kunne gi betre tilgang på informasjon og kulturarv som grunnlag for forsking, undervisning, innovasjon og produktutvikling. Det er nødvendig at rettane til dei som har skapt materialet eller investert i produksjonen, bli sikra på ein god måte, jf. omtale under 8.3.

Boks 7.4 Kulturarvformidling i Den kulturelle skulesekken

I 2016 vann Borgarsyssel Museum Norges museumsforbunds pris for årets beste formidlingsidé, Borgcraft, der barn og unge får gjenskape den tapte mellomalderbyen Borg i dataspillet Minecraft. Saman med Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken har dei utvikla ein heilt ny måte å oppleve museum på. Gjennom ei AR-brille (augmented reality) kan dei gå inn i eit kulturminne slik det såg ut for 900 år sidan. Der inne kan dei interagere med for eksempel ei mellomalderkyrkje, høyre klokkene, korsang, utforske bygningsdetaljar og lese meir om denne viktige delen av kulturarven.

Arbeidet med digitalisering og tilgjengeleggjering av innhald frå samlingane har halde på sidan tidleg i 1990-åra. Analoge fotografi og papirbaserte dokument blir skanna og transkriberte. Mengda av foto og dokument gjer at dette er eit langsiktig arbeid. For å ta vare på audiovisuell kulturarv krevst det digitalisering av analoge lydopptak og film lagra på medium som ikkje er eigna for langtidslagring. Framveksten av digitale plattformer har medført ein enorm auke i tilgangen på informasjon innanfor alle felt av samfunnet. Samtidig må kulturarvmateriale som berre er analogt tilgjengeleg, sikrast for ettertida og gjerast tilgjengeleg for allmenta.

Kulturarvinstitusjonar prøver ut ny teknologi for å løyse oppgåvene med dokumentasjon, søk og formidling av kulturarv på ein betre og meir effektiv måte. Nasjonalbiblioteket har eit større utviklarmiljø knytt til den digitale verksemda si i Mo i Rana, som er blitt lagt merke til internasjonalt i utviklinga av standardar for digitalisering og deling av materiale på nett. Dette innovative miljøet ser i dag på utsiktene til å gjere seg nytte av maskinlæring og kunstig intelligens for å effektivisere og forbetre Nasjonalbibliotekets digitale tenester. Med bruk av slik teknologi er det mogleg å utføre oppgåver som før ville kravd store personressursar. Nasjonalbiblioteket eksperimenterer både med katalogisering av materiale og med utvikling av tenester for brukarar og forskarar basert på trening av ein eigen kunstig intelligens. Med maskinbasert tekstanalyse, tale til tekst og biletanalyse kan den digitale samlinga gjerast meir tilgjengeleg for brukarane. På sikt legg dette òg grunnlag for ny kunnskap og forståing. Nasjonalbiblioteket ønskjer å byggje eit miljø som kan vere ein ressurs for fleire innanfor arkiv-, bibliotek- og museumssektoren knytt til maskinlæring og kunstig intelligens.

Digitaliseringa har endra framgangsmåtane for produksjon, utveksling og lagring av dokument. Mykje av den digitale dokumentproduksjonen blir ikkje fanga opp av tradisjonelle arkivløysingar. Den sterke auken i mengda av digital informasjon stiller nye krav til val av kva for digitale dokument som skal takast vare på. Med bakgrunn i blant anna dette, og korleis bevaringsverdige dokument skal sikrast for framtida, har regjeringa sett ned eit utval som skal revidere arkivlova, Arkivlovutvalet. Som grunnlag for arbeidet med revisjonen skal Arkivlovutvalet gjere greie for dei viktigaste utfordringane og utviklingstrekka i og for arkiva. Utvalet skal sjå nærmare på oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom Arkivverket, statleg forvaltning, kommunesektoren og kulturinstitusjonar. Det skal blant anna gå gjennom alle føresegnene i arkivlova og vurdere behov for fornying og endringar. Arkivlovutvalet skal levere utgreiinga si innan 1. mars 2019. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga av utgreiinga.

7.5 Bevaring og formidling av digitalt skapt dokumentarv

Samanlikna med papirbaserte dokument har den digitale dokumentproduksjonen i arkiv ført til både nye utfordringar og nye moglegheiter. Mengda av digitalt skapt informasjon i form av tekstar, lydopptak, bilete, film og databasar har aldri vore større. Dette gjer det mogleg for media og kulturlivet å formidle stadig større mengder informasjon til publikum uavhengig av tid og geografisk lokalisering.

Men program og lagringsmedium for digitalt skapt informasjon er mindre varige enn dei mest brukte analoge lagringsmedia. Dei fleste analoge dokument blir bevarte med mindre dei er blitt utsette for skade. Ein kan derfor finne att gamle papirdokument utan at nokon har avgjort at dokumenta skulle bevarast. Det motsette er tilfellet for digitale dokument – dei kan gå tapt dersom dei blir liggjande urørte. Dokumenta kan ha vore produserte i program som hadde avgrensa levetid, eller for maskinvare som har gått ut av produksjon, eller dei kan vere lagra på lagringsmedium som ikkje held seg.

Digitalt skapt informasjon må derfor haldast ved like og overførast til nye system for langtidslagring. Det er òg lettare å manipulere digitalt skapt informasjon enn analogt skapt informasjon. Ein må følgje strenge krav til dokumentasjon når ein held ved like og overfører digital informasjon frå eitt produksjonssystem og lagringsmedium til eit nytt system og medium for langtidsbevaring og seinare vedlikehald.

7.6 Språkteknologi

Digitalisering og automatisering grip inn i kvardags- og arbeidslivet vårt i stadig større grad. Ulike programvarer, appar, robotar, kunstig intelligens og datamaskiner blir utvikla med engelsk som bruksspråk og med engelsk terminologi i botnen. Dermed blir engelsk arbeidsspråket for stadig fleire yrkesgrupper. Oljesektoren har for ein stor del engelsk som arbeidsspråk i dag, og i finanssektoren breier bruk av engelsk seg. Det same vil kunne skje i helsesektoren, i skulen og på ei rekkje andre område om vi ikkje gjer noko. Dette skjer samtidig som norsk òg er på vikande front som akademisk språk.

Teknologi som berre finst på eit framandspråk, vil verke ekskluderande på store delar av befolkninga. Det inneber at vi mistar sjansen til å ta i bruk innovative løysingar eller ta ut effektiviseringsgevinstane av digital teknologi i tenester retta mot allmenta, så lenge desse ikkje finst på norsk.

Å kunne bruke norsk språk er i dag ein føresetnad for å delta i arbeids- og samfunnslivet. Ei god samfunnsutvikling er avhengig av at det norske språket er velutvikla og fungerer som eit språk samfunnet har felles, same kva morsmålsbakgrunnen er. Teknologi på norsk er ein føresetnad for god læring, kunnskapsdeling og universell utforming på tvers av sektorar i Noreg. Eit eksempel på programvare det er nødvendig å utvikle på norsk, er talegjenkjenningsteknologi. Med slik teknologi kan ein styre datamaskiner og diktere tekst ved hjelp av tale, og teknologien vil blant anna kunne vere til stor nytte for mange menneske med funksjonsnedsetjing.

Fordi norsk er eit lite språkområde, nøler kommersielle leverandørar med å ta dei fulle utviklingskostnadene ved å lage produkta som trengst. Språkbanken er i dag ei teneste i Nasjonalbiblioteket. Dette er ei digital samling tale og tekst, finansiert av staten, som næringslivet og forskingsmiljø kan bruke til utvikling av norske språkteknologiske produkt.

Digital dokumentasjon av norsk språk, for eksempel i form av ordbøker, er ein svært konkret del av digitaliseringa av kulturarven. Det er nødvendig å sjå slik dokumentasjon i samanheng med ein samla arkitektur for digitalisering av kulturarv. Språk er i seg sjølv berar av kultur og kollektivt minne. Det ligg eit unytta potensial i å knyte språkbaserte kunnskapsbasar til formidlinga av digital kulturarv.

For at vi skal kunne ta i bruk innovative løysingar eller hauste effektiviseringsgevinstar av digital teknologi, må løysingane finnast på norsk, slik at dei kan takast i bruk i tenester retta mot allmenta. Teknologi som berre finst på engelsk, vil verke ekskluderande på store delar av befolkninga. Å satse på digitale språkressursar på norsk er derfor ei viktig kulturpolitisk oppgåve som alle sektorar vil dra nytte av.

Utvikling og innsamling av digitale språkressursar på norsk har også ein internasjonal dimensjon. Noreg deltek i EU-programmet Connecting Europe Facility (CEF) Telecom, der ein av byggjeklossane er ein automatisk omsetjingsmodul for norsk språk. Ved å delta i dette programmet kan Noreg søkje om midlar til å byggje opp norske digitale språkressursar. Det vil seie at det også blir mogleg å nytte norsk i utvikling og bruk av grensekryssande digitale tenester. Nasjonalbiblioteket (Språkbanken) har det nasjonale ansvaret for å følgje opp dette arbeidet. Det er ei utfordring å få offentlege verksemder til å levere inn digitale språkressursar, slik at tenestene kan fungere etter formålet. Materialet som blir samla inn, skal gjerast tilgjengeleg i Språkbanken og vil kunne brukast av bedrifter som utviklar språkteknologi på norsk.

NOU 2016: 18 Hjertespråket slår fast at språkteknologi er ein føresetnad for at samiske språk skal kunne overleve som bruksspråk i eit moderne samfunn. Dette handlar først og fremst om å kunne bruke samiske språk i all IKT-samanheng, at samiske namn og stadnamn kan skrivast korrekt i offentlege register, og at det blir utvikla programvarer som støttar samiske språk. I dag ligg den største satsinga på samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, senter for samisk språkteknologi, Giellatekno.

7.7 Opne kulturdata

Digitalisering medverkar til auka kunnskapsproduksjon til fordel for heile samfunnet. Digitaliseringa av forvaltningsprosessar representerer eit stort potensial for datainnsamling, strukturering, presentasjon og analyse. Museumsstatistikken og bibliotekstatistikken er eksempel på systematiserte forvaltningsdata som er mykje brukte. Det knyter seg tilsvarande forventningar til Kulturrådets SANK-prosjekt. Forvaltningsdata knytte til om lag 20 000 søknader frå kunst- og kulturverksemder, artistar og kunstnarar blir systematiserte og gjorde ope tilgjengelege for bruk. I dette ligg det òg eit potensial for å kombinere dataa med data frå andre kjelder for vidare statistikkutarbeiding og analysar som vil ha verdi for forsking, politikkutforming og verdiskaping.

Haldningane til deling, openheit og vidarebruk er endra gjennom dei siste 10–15 åra. Kunnskap om teknologi og lovverk har òg utvikla seg positivt gjennom digitaliserings- og tilgjengeleggjeringsarbeidet. Denne utviklinga representerer eit godt grunnlag for auka tilgjengeleggjering og bruk av kulturdata.

Boks 7.5 Bokhylla.no

Bokhylla-avtalen er ein avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor om rett til tilgjengeleggjering av opphavsrettsleg verna bøker i fulltekst på internett. Dette er ein avtalelisensavtale – ein kollektiv opphavsrettsleg avtale med heimel i åndsverklova, jf. omtalen av avtalelisens i punkt 8.3. Kopinor representerer i denne avtalen alle medlemmene sine, som forlag, forfattarar og rettshavarar til tekst og bilete, og fordi Kopinor oppfyller vilkåra for avtalelisens, blir avtalen òg bindande for opphavarar som ikkje er medlem (såkalla avtalelisensverknad). Avtalen gir Nasjonalbiblioteket rett til å gjere tilgjengeleg alle bøker som er publiserte på norsk fram til og med år 2000, digitalt på internett. Dette gjeld både norsk litteratur og bøker omsette til norsk. Bøkene er gratis tilgjengelege og kan lesast på nettet av alle med norsk IP-adresse. Bøker som ikkje lenger er opphavsrettsleg verna, kan i tillegg lastast ned og skrivast ut. Nasjonalbiblioteket betaler ein sum per side per år til Kopinor for dei verka som til kvar tid er tilgjengelege i tenesta. Rettshavarar som ikkje ønskjer at deira bøker skal vere del av Bokhylla, kan trekkje dei frå avtalen. Avtalen blei i 2018 utvida til å gjelde utvalde tidsskrift. Nasjonalbiblioteket har digitalisert alle bøker som er utgitt på norsk, og innleier vinteren 2018/2019 samtalar med Kopinor om å utvide Bokhylla-avtalen.

Departementet har nyleg laga ein strategi for opne data som slår fast at kultursektoren skal ha ein kultur for openheit og transparens der data som hovudregel aktivt skal gjerast ope tilgjengelege. Det er etablert eit samarbeidsforum for opne kulturdata samansett av Norsk kulturråd, Arkivverket, Nasjonalbiblioteket og Riksantikvaren. Forumet skal blant anna jobbe for å få til ei formålstenleg arbeidsdeling knytt til utvikling og drift av felles dataressursar, definere felles behov og foreslå løysingar.

Strategien føreset at også rettsverna kulturdata i større grad enn i dag enkelt kan brukast og delast gjennom ei effektiv klarerings- og vederlagsordning. Dette gjeld særleg materiale som i dag ikkje er omfatta av den kommersielle marknaden, men som har verdi som kulturarv og kjelder til forsking og dokumentasjon. Vi har viktige fortrinn i Noreg og Norden gjennom eit godt organisert kunst- og kulturliv og lang erfaring med ulike former for kollektivt forvalta rettar og vederlagsordningar.

For tilgjengeleggjering av større mengder opphavsrettsleg verna materiale kan det vere utfordrande for brukarane å inngå avtalar med alle rettshavarane. I slike tilfelle gjer reglane i åndsverklova om avtalelisens det praktisk mogleg for brukarane å få tilgang til ei stor mengd verk gjennom éin enkelt avtale. Avtalelisensordninga har vore nytta i dei nordiske landa med gode resultat, fordi slike avtalar kan innebere klare fordelar for både rettshavarane og den parten som ønskjer å klarere rettane. Det er ein føresetnad at begge partar ønskjer å forhandle om retten til tilgjengeleggjering av materialet, og at dei blir samde om betaling av vederlag for tilgjengeleggjeringa. Sjå elles omtale under 8.3.

Det er nødvendig å få på plass lisensiering for å leggje betre til rette for bruk av datasetta i kulturinstitusjonane. Samtidig må ulike brukargrupper involverast, slik at ein oppnår forbetringar av tilgang og brukargrensesnitt.

Boks 7.6 Filmbib

Om lag 400 norske kort- og dokumentarfilmar er gratis tilgjengelege for publikum gjennom strøymetenesta Filmbib. Samlinga inneheld både nye og eldre filmar for både barn og vaksne, og tilbodet blir stadig utvida. Tenesta er open for alle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek. Norsk filminstitutt administrerer strøymetenesta og kjøper inn filmar gjennom innkjøpsordninga for film til biblioteka. Eit uavhengig utval vurderer kva for filmar som skal inn i ordninga, på bakgrunn av faste kriterium og retningslinjer. Utvalet blir oppnemnt for to år om gongen, og er basert på nominasjon frå Norsk filmforbund, Virke Produsentforeningen, Norske Dramatikeres Forbund og Norske Filmregissører.

7.8 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Understøtte miljø som eksperimenterer og tek i bruk ny teknologi i kunsten sin

  • Målrette tilskotsmidlar for å understøtte innovasjon og digital forretningsutvikling på kulturfeltet

  • Medverke til ein kultur for openheit, transparens og deling i kultursektoren

  • Leggje til rette for forhandlingar mellom organisasjonar med sikte på å etablere nye avtalar om digital formidling – standardavtalar – på område der dette er formålstenleg

  • Leggje til rette for ordningar for klarering av rettar, slik at kunst- og kulturuttrykk kan gjerast tilgjengelege, delast og formidlast digitalt

  • Satse på kulturell innovasjon og tilrettelegging for overgang til nye plattformer og format

  • Ta vare på, gjere tilgjengeleg og formidle digitalt skapt kulturarvmateriale

  • Fornye og endre arkivlova i lys av utgreiinga frå Arkivlovutvalet

  • Intensivere og koordinere satsinga på ein norskspråkleg digital infrastruktur

  • Leggje fram ei museumsmelding som skal

    • gjennomgå situasjonen for museumssektoren, inkludert dei samiske musea, i lys av museumsreforma

    • drøfte framtidsutfordringar og -moglegheiter for musea

8 Økonomien i kultursektoren

Figur 8.1 

Figur 8.1

8.1 Utviklingstrekk

Offentlege finansar vil i tida framover vere under press på grunn av høge offentlege utgifter kombinert med reduserte inntekter. Dette vil kunne få følgjer også for overføringane til kultursektoren og kan tvinge fram krevjande økonomiske prioriteringar i åra som kjem.

Når det gjeld dei nye moglegheitene for kulturbruk som digitaliseringa har opna for, står vi overfor eit dilemma. Modellar for eit brukarvennleg konsum inneber å møte publikum der dei er. For eksempel har strøyming av musikk ført til at folk høyrer meir på musikk. På den andre sida kan desse nye forretningsmodellane true inntektene til eksisterande aktørar. Det same dilemmaet ser vi på filmområdet. Sidan det kostar så mykje å produsere film, får det endå større konsekvensar når publikumsåtferda blir endra og inntektsgrunnlaget svekt. Dette vil krevje evne til omstilling i kultursektoren framover.

Kunst og kultur kan ha ein økonomisk verdi i form av kompetanse, produkt og tenester som blir omsette på ein marknad. Åndsverklova gir kunstnarar og andre rettshavarar einerett til å rå over eigne verk og arbeid, ved å framstille eksemplar av dei og gjere dei tilgjengelege for allmenta. Bruk som fell inn under eineretten, krev i utgangspunktet samtykke frå rettshavaren, jf. 8.3.

Kunstnarøkonomien, kulturinstitusjonar, festivalar og anna verksemd knytt til det å skape, produsere, utøve, formidle, ta vare på og selje kulturelle uttrykk, er alle delar av kultursektorens økonomi. Over heile landet byggjer arrangørar og kunstnarar opp merkevarer som set Noreg på kartet og skaper store verdiar, også økonomiske, ofte i samspel med frivilligheita.

Noreg har talent, innhald og produksjonar som held eit høgt internasjonalt nivå. Men samanlikna med dei nordiske nabolanda våre har vi framleis eit potensial for å utnytte dette meir til inntektsgivande verksemd. Distribusjons- og salsleddet i fleire av dei kulturelle og kreative bransjane er lite utvikla, investeringsgraden er låg, og det kjem lite inntekter tilbake som kan medverke til investering i talentutvikling og ny produksjon. På dei digitale plattformene møter norsk språk og norske kulturelle uttrykk dessutan stadig sterkare konkurranse frå internasjonale aktørar.

Boks 8.1 Litteraturpolitiske verkemiddel

Dei litteraturpolitiske verkemidla har ei anna innretning enn verkemiddel på andre kunstfelt, på grunn av utstrekt bruk av marknadsregulering. Staten støttar norsk bokbransje med tilpassingar i avgifts- og konkurranselovgivinga, ved meirverdiavgiftsfritak for papirbøker og unntak frå delar av konkurranselovgivinga. Innkjøpsordningane under Norsk kulturråd er òg eit marknadsretta verkemiddel. Eit mål er å gi den norske litteraturen betre vilkår ved å bøte på marknadssvikt som følgjer av at Noreg er eit lite språkområde.

Norsk bokbransje omset årleg for over fem milliardar kroner, og det blir gitt ut og selt eit breitt spekter av litteratur av høg kvalitet. Norske forfattarar blir omsette og eksporterte i stadig større omfang. Litterære agentur som arbeider for å få forfattarar selde til utlandet, er ein relativt ung bransje i Noreg. I samband med at Noreg skal vere gjesteland på verdas største bokmesse i Frankfurt i 2019, har regjeringa teke grep for å styrkje og profesjonalisere norske agentur.

Private utanlandske aktørar dominerer den digitale marknaden og eig infrastrukturen for sosiale medium. Innanfor film, musikk og spel er det mange utanlandske aktørar som leverer tenester til norske brukarar. På dei internasjonale digitale plattformene konkurrerer norsk innhald i endå større grad med internasjonalt innhald, og norskandelen er relativt liten i dei fleste av desse tenestene. Sjølv om kulturkonsumet aukar, kjem lite av inntektene frå det auka konsumet tilbake til bransjeaktørane, og særleg lite til norsk bransje.

Eit eksempel på dette er musikkfeltet. Då musikk blei formidla som fysiske produkt (cd), var norskdelen høgare, og det var lagt avgifter på produkta som gjekk til ny produksjon av norsk innhald. Dette er ikkje tilfellet med dei digitale strøymetenestene.

Filmfeltet er eit anna eksempel der det er utfordrande å utvikle nye og framtidsretta finansieringsmåtar og forretningsmodellar. Konsumet av film har vakse kraftig, og hovudtyngda av denne veksten har skjedd digitalt, primært i strøymetenester. Men inntektene tilbake til bransjen står ikkje i forhold til konsumet. Inntektene frå dvd-sal, som for nokre år sidan var hovudinntektskjelda for filmindustrien og dermed avgjerande for produksjonen av nytt innhald, er på få år blitt kraftig redusert. Inntektene norske produsentar og distributørar får frå strøymetenester, er til samanlikning svært låge. Det har vore eit rådande prinsipp i filmpolitikken i dei fleste europeiske land, også i Noreg, at dei ulike ledda i verdikjeda som tener pengar på å formidle audiovisuelt innhald, skal medverke til å finansiere nytt audiovisuelt innhald eller andre tiltak som fremjar filminteressa. Om og korleis dei ulike ledda i verdikjeda skal medverke til å finansiere ny innhaldsproduksjon, er eit spørsmål som ein diskuterer både i Noreg og internasjonalt.

Gjeldande EU-direktiv om audiovisuelle medietenester (AMT-direktivet) artikkel 13 opnar for at medlemsstatane kan innføre medfinansieringsplikt for tilbydarar av audiovisuelle medietenester under deira jurisdiksjon, men stiller ikkje krav om det. Fleire land har innført medfinansieringstiltak. EU vedtok revidert AMT-direktiv i november 2018. Ei viktig endring i det reviderte direktivet er at medfinansiering ikkje lenger blir avgrensa til berre å gjelde tilbydarar som er etablerte innanfor den enkelte medlemsstaten, men også kan gjelde for tilbydarar av strøymetenester som er etablerte i ein annan medlemsstat, men som har eit innhaldstilbod som er retta mot den førstnemnde medlemsstaten. Det er god grunn til å vurdere medfinansieringstiltak også i Noreg, slik AMT-direktivet opnar for. Medfinansiering reiser likevel nokre kompliserte spørsmål. Kulturdepartementet undersøkjer konsekvensane av EU-regelverket og ser på kva rammer, utfordringar og moglegheiter det gir Noreg.

Eit direktiv om opphavsrett på den digitale indre marknaden (DSM-direktivet) er til behandling i EU-systemet (sjå boks 8.2). I direktivforslaget er det er særleg diskusjonen om det såkalla verdigapet (value-gap) og brukaropplasta innhald som har fått mykje merksemd. Verdigapet er det tapet rettshavarar blir påførte når store opne nettstader (for eksempel Facebook og YouTube) gjer verka til andre tilgjengelege utan å ha klarert rettane på førehand. Forslaget til direktiv inneheld regulering som skal sørgje for at plattformer som gjer brukaropplasta innhald tilgjengeleg, i større grad enn i dag må sikre seg at rettane blir klarerte. Det vil seie at rettshavarane skal få vederlag for bruken.

Boks 8.2 Forslag til ny EU-regulering av opphavsrett og den digitale indre marknaden

I Europakommisjonens strategi for den digitale indre marknaden (DSM-strategien) frå 2015 blei det blant anna varsla ei reform av opphavsretten. I 2016 følgde Kommisjonen opp med eit forslag til direktiv om opphavsrett i den digitale indre marknaden (DSM-direktivet).

Direktivet er ikkje endeleg vedteke. Europaparlamentet vedtok 12. september 2018 eit mandat til å starte forhandlingar med Europakommisjonen og Det europeiske rådet om den endelege utforminga av direktivet, før saka går til formell avrøysting i Europaparlamentet og Det europeiske rådet. Det er venta at direktivet tidlegast kan bli vedteke i starten av 2019.

I direktivforslaget er det spesielt to artiklar som har fått mykje merksemd:

Artikkel 11 etablerer ein ny einerett for utgivarar av pressepublikasjonar. Denne retten skal sikre utgivarar av slike publikasjonar vederlag for digital bruk av plattformer, og forslaget har blant anna vore omdiskutert i samband med Googles tenester.

Artikkel 13 skal lukke det såkalla verdigapet ved å sørgje for at plattformer som gjer brukaropplasta innhald tilgjengeleg, i større grad enn i dag blir ansvarlege for at innhaldet er klarert.

8.2 Finansiering

Finansiering av kulturverksemd kan delast i to hovudkategoriar, privat og offentleg finansiering. Den offentlege finansieringa av kunst og kultur står sterkt i Noreg og omfattar alt frå produksjons- og formidlingsstøtte og stipend til bygg, drift og vedlikehald. Det er behov for at det offentlege held fram med å støtte opp om vekst og utvikling ved å medverke til gode rammevilkår for kulturlivet, der aktørane og bransjane sjølv er pådrivar for utviklinga.

Kulturdepartementet forvaltar òg overskotet frå speleverksemda i Norsk Tipping AS. Den største delen av spelemidlane går til norsk idrett, ein del går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, og ein del går til kulturformål. Spelemidlane er ein viktig del av den offentlege finansieringa av kunst og kultur.

Den private finansieringa står òg sterkt og omfattar brukarbetaling, investering, sponsing og folkefinansiering. I tillegg medverkar private aktørar og stiftingar gjennom innkjøp og utlån av kunst og utstyr, prosjektstøtte og gåver. Når vi no går inn i ein periode med venteleg svakare økonomisk vekst og auka offentlege utgifter, er det særleg viktig å stimulere den private finansieringa som eit supplement til offentlege overføringar og etablere langsiktige samarbeid med private aktørar. Regjeringa har etablert ei gåveforsterkingsordning for å utløyse meir privat finansiering i kulturlivet. Talent Norge AS er ei satsing med tilsvarande grunngiving. Det finst eit uforløyst potensial også i anna privat finansiering som det bør leggjast til rette for. Investering i immaterielle verdiar, folkefinansiering og auka publikums-/brukarbetaling er nokre eksempel på slike område.

Brukarbetaling og anna privat finansiering og investering vil bli viktigare for kultursektoren framover. Det er eit mangfald av aktørar i sektoren, og dette mangfaldet er verdifullt i seg sjølv. Mens auka inntekter eller investeringar frå private er lite relevant for somme, vil det kunne representere utsikter til vekst og vidareutvikling for andre. For dei sistnemnde vil auka eigeninntening eller investeringar kunne gi større handlingsrom til å ta større kunstnarisk risiko og leggje meir vekt på publikumsutvikling. Dette vil igjen kunne styrkje kultur som næring, skape arbeidsplassar, tryggje økonomien til kulturarbeidarar og skape ny næringsverksemd.

Boks 8.3 Gåveforsterkingsordninga

Gåveforsterkingsordninga, som blei innført i 2014, verkar som eit insentiv for kunst- og kulturinstitusjonar til sjølv å skaffe privat finansiering.

Gåveforsterkingsordninga omfattar gåver til musikk-, litteratur- og scenekunstfeltet, visuell kunst, kulturbygg og museum. Pengegåvene utløyser ei gåveforsterking til mottakaren på normalt 25 prosent av gåvesummen. Til saman er det utbetalt 237,5 mill. kroner frå ordninga blei innført i 2014 og fram til 2018. Dette vil seie at kulturlivet er tilført 950 mill. kroner frå private kjelder.

Boks 8.4 Talent Norge

Talent Norge AS blei stifta i januar 2015 av Sparebankstiftelsen DNB, Stiftelsen Cultiva og staten ved Kulturdepartementet. Det blei sett av 30 mill. kroner i statsbudsjettet for 2015 til etableringa av det ideelle aksjeselskapet. Overordna mål er å medverke til betre utvikling av kunstnarisk talent og eit endå rikare kulturliv.

Talent Norge hjelper unge menneske med unike kunstnariske evner på vegen mot ein profesjonell karriere. Selskapet samarbeider med private bidragsytarar, slik at statlege løyvingar utløyser privat investering. Dei tre første åra medverka Talent Norge til å byggje opp talentsatsingar verde meir enn 211 mill. kroner, og av dette var 131 mill. kroner private bidrag. Det er etablert meir enn 500 talentutviklingsplassar i sjangrane dans, film, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst. I tillegg er det sett i gang prosjekt på tvers av sjangrane med Talent Junior, Talent Norges Kvinneløft og ArtEx, som er retta mot kunstnarar på høgaste nivå. I tillegg til samarbeidet med private bidragsytarar og fleire høgskular har Talent Norge etablert eit nettverk for erfaringsutveksling og kunnskapsutvikling. Til saman er dette med på å tilføre unge kunstnariske talent spesialisert kompetanse og utvikle, støtte og gi dei nye moglegheiter.

Kulturbasert reiseliv er eit satsingsområde for regjeringa. Reiselivet er ei næring i vekst, både globalt og nasjonalt. Stadig fleire turistar oppsøkjer kulturelle opplevingar som ein del av reisa. Ifølgje Innovasjon Noregs turistundersøking frå 2016 har kulturturistane høgare døgnforbruk og lengre opphald enn gjennomsnittsturisten. Fleire kulturinteresserte tilreisande kan føre til eit større publikum og auka inntekter til kulturaktørar, samtidig som kultursektoren kan skape nye moglegheiter for reiselivsaktørar blant anna gjennom det breie tilbodet av kulturopplevingar. Mange kulturbaserte reiseopplevingar er òg tilgjengelege uavhengig av vêrforhold og årstid. Det styrkjer grunnlaget for heilårsturisme og heilårsarbeidsplassar lokalt. Framover vil kulturbasert reiseliv venteleg medverke stadig meir til verdiskapinga innanfor kultur og reiseliv og til å omstille norsk økonomi i meir berekraftig retning.

Stiftelsar medverkar som tilskotsytarar til kultur og frivillig arbeid. Basert på undersøkingar reknar Stiftelsestilsynet med at norske stiftelsar delte ut fire milliardar kroner til ulike formål i 2014. Kulturlivet blir i dag tilført mykje pengar gjennom utdelingar frå stiftelsar. I ei særstilling står sparebankstiftelsane, som årleg tilfører ulike delar av kulturlivet og frivillig sektor store summar. Ettersom ein stiftelse er sjølvstendig og sjølveigande, er det det vedtektsfesta formålet som er eigaren av stiftelsen. Dette gjer stiftelsane til ei organisasjonsform der privat og offentleg kapital kan møtast for å realisere formålet best mogleg.

Boks 8.5 Stiftelsar

Per 25. september 2018 var det registrert 6 747 stiftelsar i stiftelsesregisteret. Utviklinga går i retning av fleire store og færre små stiftelsar. I perioden 2005–2017 blei 4 462 stiftelsar sletta frå stiftelsesregisteret. Samtidig har talet på stiftelsar med eigenkapital på over 1 mill. kroner auka. I perioden har det også samla sett vore stor vekst i dei samla verdiane som er plasserte i stiftelsar. Frå 2005 til 2016 auka den bokførte eigenkapitalen i stiftelsane frå 43 mrd. kroner til 160 mrd. kroner. Den store auken i bokført eigenkapital kom i stor grad av enkelte nye store stiftelsar, eksempelvis finans- og sparebankstiftelsar, og ikkje ein generell vekst i andre stiftelsar.

Mens delar av sektoren har eit stort kommersielt potensial, er andre avhengige av offentleg finansiering. Offentleg støtte til smale og eksperimentelle kunstuttrykk representerer viktige investeringar i ny og annleis tenking som utviklar samfunnet og gjer det rikare. Det utgjer òg ei viktig grunnfinansiering i talent, innhald og produksjonar. Privat finansiering kan gi ny utvikling og hjelpe kunsten å nå ut til ein større marknad og eit større publikum.

Kulturutredningen 2014 peikar på at kultursektoren lenge har vore orientert mot offentlege midlar, og at det kommersielle potensialet i liten grad er blitt realisert. Fleire kunstnarar, bedrifter og institusjonar har lykkast med å utvikle verksemdene sine, nådd nye målgrupper, engasjert eit større publikum både nasjonalt og internasjonalt og skaffa seg nye inntektskjelder. Likevel tyder mykje på at utviklingspotensialet er langt større.

Ved at kunst og kulturproduksjonar når ut til fleire og til ein større marknad, kan eit større verdiskapingspotensial realiserast og institusjons- og kunstnarøkonomien forbetrast. Auka privat investering og sterkare norske kulturbransjar kan styrkje den totale økonomien i kulturlivet.

8.3 Åndsverklova – opphavsrett og klarering av rettar

Åndsverklova vernar skapande verksemd og gir rettar til dei som skaper, framfører eller investerer i åndsverk eller nærståande prestasjonar og arbeid. Opphavsretten skal blant anna sikre kunstnarar høve til å få økonomisk utbytte av verka sine. Ein grunntanke er at opphavsretten vil stimulere til kreativitet og framstilling av nye åndsverk. Åndsverklova vernar òg prestasjonar og arbeid som ikkje kan kallast åndsverk, men som har tilknyting til åndsverka og opphavsretten: dei såkalla nærståande rettane. Desse rettane tilkjem blant andre utøvande kunstnarar, produsentar av lydopptak og film og kringkastingsselskap.

Samtidig er åndsverklova ei lov som skal balansere fleire ulike interesser. Ho skal sikre ein rimeleg balanse mellom interessene til rettshavarane på den eine sida og interessene til brukarane og allmenta på den andre. Lova inneheld derfor ei rekkje reglar som avgrensar rettane.

Den som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til verket. Opphavsretten gir i utgangspunktet einerett til å framstille eksemplar av verket og gjere det tilgjengeleg for allmenta. Bruk som fell inn under eineretten, krev samtykke frå opphavaren, om ikkje bruken kan heimlast i andre reglar. Brukaren må klarere rettane til den bruken av verket det er tale om, for eksempel ved å inngå avtale med opphavaren eller ein organisasjon som forvaltar rettane til opphavaren.

Åndsverklova har ei rekkje reglar om avgrensing av opphavsretten og om forvaltning av rettar.

For det første gir lova reglar om fri bruk av verk ved at visse typar bruk kan skje utan samtykke frå opphavaren, og utan at det skal betalast vederlag. Eksempel på dette er at ein kan kopiere til privat bruk og ein kan sitere frå verk.

For det andre opnar såkalla tvangslisens for visse typar bruk utan samtykke frå opphavaren, men slik at opphavaren har krav på vederlag for bruken.

For det tredje forenklar avtalelisens klareringa av rettar på nærmare avgrensa område der individuell klarering er upraktisk eller umogleg. Ordninga inneber at ein avtale som er inngått med ein rettshavarorganisasjon, også får verknad for rettshavarar som ikkje er representerte av organisasjonen. Lova utvidar altså verknaden av avtalen til å omfatte dei såkalla utanforståande rettshavarane. For at denne verknaden skal tre i kraft, stiller lova visse krav til rettshavarorganisasjonen som inngår avtalen.

Lova har reglar om bruk av avtalelisens på ulike område, for eksempel når det gjeld undervisningsverksemd og eksemplarframstilling i verksemder. Lova har òg ein regel om generell avtalelisens, som kan gjere det mogleg å bruke avtalelisens på andre område og for andre typar bruk enn dei som er omfatta av dei særskilde føresegnene om avtalelisens i lova.

Avtalelisensordninga kan innebere klare fordelar for både rettshavarar og brukarar, og ho har vore nytta i dei nordiske landa med stort hell.

Det er mange eksempel på at ordningane som åndsverklova legg til rette for, også blir nytta i praksis. Avtalar mellom rettshavarar og brukarar gjer det mogleg å bruke materiale som er verna etter åndsverklova på ulike område. Når det gjeld avtalelisens, er det for eksempel gjort ein avtale mellom rettshavarorganisasjonen Norwaco og NRK om bruk av materiale i NRKs arkiv. Dette gir befolkninga betre tilgang til innhald i NRKs arkiv, som er ein viktig del av den norske kulturarven. Eit anna eksempel på avtalelisens er Kopinors avtalar om kopiering av materiale i skulen og offentleg forvaltning. Endå eit eksempel er Bokhylla-avtalen, som det er gjort greie for i boks 7.5. Det kan òg gjerast kollektive avtalar med organisasjonane til rettshavarane i tilfelle der det ikkje er nødvendig med avtalelisens. Slike avtalar vil byggje på den eineretten rettshavarane har etter åndsverklova, og at dei har overlate forvaltninga av rettane sine til organisasjonen.

8.4 Kulturell og kreativ næring

Kulturell og kreativ næring er ei samlenemning på næringsverksemd basert på framstilling av kulturelle uttrykk som primært kommuniserer gjennom estetiske verkemiddel som symbol, teikn, bilete, fargar, rørsler, former, lydar og forteljingar.

I nemninga kulturell og kreativ næring inngår visuell kunst, utøvande kunst, musikk, litteratur, film, spel, tv, radio, trykte medium, arkitektur, design, reklame og kulturarv. Omgrepet kulturell næring omfattar kunstnarisk næringsverksemd knytt til å skape, produsere og utøve kulturelle uttrykk, medan omgrepet kreativ næring omfattar næringsverksemd som nyttar kulturelle utrykk som innsatsfaktor i verksemda.

Norsk økonomi er i omstilling. Den framtidige velferda vår er avhengig av at vi klarer å utvikle nye forretningsområde og inkludere fleire i arbeidslivet. Den kulturelle og kreative næringa kan medverke til vekst, verdiskaping og sysselsetjing – og til nyskaping og innovasjon.

Kulturdepartementet er med på å styrkje den økonomiske berekrafta i kunst- og kultursektoren ved å synleggjere kva næringspotensial kulturen har. Om ein styrkjer kunnskapen om kultur som næring og medverkar til at kunst og kulturproduksjonar når eit vidare publikum og ein større marknad, kan eit større verdiskapingspotensial realiserast, og fleire kunst- og kulturarbeidarar kan livnære seg av det dei skaper. Kulturdepartementet støttar derfor opp om tiltak som fremjar kunnskap og kompetanseutvikling og medverkar til å styrkje verdikjeda og kompetansemiljø i alle delar av landet, og tiltak som legg til rette for investering i norsk innhald, kulturell innovasjon og eksport. Den internasjonale etterspørselen etter kunst og kultur aukar. Ein UNESCO-rapport frå mars 2016 viser at den globale handelen med kulturprodukt og -tenester blei dobla i perioden 2004–2013, trass i økonomisk nedgang. Rapporten viser òg eit markant skifte frå fysiske kulturprodukt, som cd, dvd og trykte publikasjonar, til digitale tenester.

Dei estimerte tala i UNESCO-rapporten viser at Sverige har meir enn tidobla eksporten av kulturelle tenester frå 2004 til 2012. Finland har ei femdobling i same periode. Sverige og Finland er i dag blant verdas største eksportørar av høvesvis musikk og spel.

Den kulturelle og kreative næringa i Noreg er blitt ein større del av den norske økonomien. I perioden 2000–2009 auka verdiskapinga i den kulturelle og kreative næringa i Noreg med 77 prosent, frå 24 til 42 mrd. kroner. Talet på sysselsette auka med 50 prosent, frå i underkant av 50 000 til rundt 75 000 i 2009.3 Veksten i verdiskaping har vore mindre dei seinare åra, og rekna i prosent av fastlandsøkonomien har næringa gått tilbake i perioden 2008–2014. Prosentdelen av sysselsette har auka i same periode. I 2014 hadde næringa ei samla verdiskaping på 47 mrd. kroner og nærmare 83 0004 sysselsette.

Samtidig ser vi at med unntak av arkitektur har verksemder innan kulturelle og kreative næringar mykje lågare lønnsemd enn norsk næringsliv elles. For eksempel var verdiskapinga innan visuell kunst berre 199 507 kroner per sysselsett i 2014. Til samanlikning var gjennomsnittleg verdiskaping per sysselsett i fastlandsøkonomien 939 000 kroner same år.

Boks 8.6 Dataspelindustrien

Den globale spelindustrien omsette for om lag 109 mrd. dollar (om lag 850 mrd. kroner) i 2017 og var dermed større enn dei globale marknadene for høvesvis film og innspelt musikk. Overslag viser at pengebruken på spel i hushalda er halvannan gong så stor som for film og fem gonger så stor som for musikk.

Det er ei positiv utvikling blant aktive norske spelselskap både i omsetning, sysselsetjing og eksport. I Noreg var omsetninga i spelbransjen på 313 mill. kroner i 2016. Svensk og finsk spelbransje har hatt svært stor vekst dei siste åra. I 2016 låg omsetninga av spel på 12,1 mrd. norske kroner i Sverige og 23,3 mrd. norske kroner i Finland (Oslo Economics 2018). Spel er ein av næringane som veks raskast i verda, så sjølv om spel er ei relativt ny næring i Noreg, er det eit stort potensial for vekst og for å skape arbeidsplassar også her i landet. For eksempel kan spelbransjen vere ein drivar innan innovasjon og teknologisk utvikling.

Det er viktig å fremje innovasjon og kunstnarisk risikovilje i kulturlivet. Det inneber både kunstnarisk nyskaping og utprøving av nye forretningsmodellar, nye distribusjonsformer og å fremje nyskaping og ringverknader for andre samfunnssektorar. Effektiv forvaltning av immaterielle rettar er vesentleg for å fremje innovasjon i kultursektoren, og standardavtalar kan vere eit godt utgangspunkt for å byggje nye digitale forretningsmodellar. Store internasjonale aktørar påverkar òg forvaltninga av rettar her heime.

Den aukande etterspørselen etter kulturelt innhald og opplevingar representerer eit stort verdiskapingspotensial, både nasjonalt og internasjonalt. Den kulturelle og kreative næringa kan medverke til vekst, sysselsetjing og verdiskaping, og til nyskaping og innovasjon i andre næringar.

8.5 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Gjennomgå rammevilkår og ordningar for gründerar og sjølvstendig næringsdrivande for å sikre dei sosiale rettane deira, redusere skjemaveldet og sørgje for kompetanse innan entreprenørskap og forretningsdrift

  • Stimulere til auka privat finansiering av kultur via samarbeid mellom offentlege og private aktørar, og alternative finansieringskjelder og forretningsmodellar

  • Vidareutvikle bransjen og støtteapparatet rundt utøvande og skapande kunstnarar og gjennom dette medverke til at kunst og kultur frå Noreg når eit større publikum, nasjonalt og internasjonalt

  • Medverke til auka kunnskap om kultur som næring og fleire vekstkraftige bedrifter, blant anna gjennom næringsklyngjer og bedriftsnettverk

  • Stimulere til innovasjon og utvikling av nye forretningsområde, blant anna gjennom å understøtte initiativ frå aktørar og bransje

  • Stimulere til auka investering i og omsetning av kunst og kulturproduksjonar, blant anna gjennom satsing på eksportprogram og låne- og garantiordningar

  • Evaluere igangsette tiltak for kulturell og kreativ næring, og vurdere nye verkemiddel

  • Gi tilskot til etablerte kulturinstitusjonar og prosjekt for å teste ut nye metodar og modellar med vekt på digital formidling

  • Målrette ordningar som gir fleire ein sjanse til å realisere det kunstnariske talentet sitt der dei bur, og samtidig medverke til auka verdiskaping og fleire arbeidsplassar i kunst- og kultursektoren regionalt

  • Vurdere alternative løysingar for medfinansiering av audiovisuelle produksjonar og andre åndsverk som blir formidla digitalt

  • Utarbeide ein strategi for immaterielle verdiar, med mål om å stimulere til auka investering i nye bedrifter og talent, og i bygging, sikring og utnytting av immaterielle verdiar og rettar

  • Omtale internasjonalisering og eksportutsikter i den nye strategien for små og mellomstore bedrifter

  • Leggje fram ein strategi for kultur og reiseliv

  • Utarbeide ein strategi for dataspel som blant anna skal sjå nærmare på rammevilkår for spelbransjen og setje mål for spelpolitikken

  • Vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg innanfor ramma av tippenøkkelen

9 Internasjonale moglegheiter

Figur 9.1 

Figur 9.1

9.1 Internasjonal kulturinnsats

Noregs deltaking i internasjonalt kunst- og kulturliv aukar. Stadig fleire kulturuttrykk har internasjonale referansar, er baserte på internasjonalt samarbeid eller har eit internasjonalt publikum. Samarbeid på tvers av landegrenser medverkar til å gjere kulturlivet meir aktivt og levande, styrkjer kvalitet og kompetanse i kulturlivet og gir tilgang til større og fleire marknader. Dette opnar òg for auka verdiskaping i norsk kulturell og kreativ næring. Samarbeid vil fremje eit globalt mangfald av kulturuttrykk, og det kan påverke vilkåra for frie kulturytringar.

Eit godt utvikla kulturliv medverkar til formidling og kommunikasjon over landegrenser og gir viktige bidrag til samarbeid og utvikling. Både Kulturdepartementet og Utanriksdepartementet arbeider med å styrkje kulturlivets moglegheiter internasjonalt.

Norwegian Arts Abroad er eit nettverk av organisasjonar og verksemder med eit internasjonalt mandat: Danse- og teatersentrum, Music Norway, Norwegian Crafts, Norwegian Literature Abroad, Office for Contemporary Art Norway, Design og arkitektur Norge og Norsk filminstitutt. Desse samarbeider tett med Utanriksdepartementet om å fremje kunst og kultur frå Noreg internasjonalt og å fordele tilskotsmidlar til internasjonale aktivitetar. Dei arbeider òg direkte med utanriksstasjonane som del av dette samarbeidet.

Mange kulturinstitusjonar driv òg utstrekt internasjonalt arbeid som ein naturleg del av verksemda og innanfor dei ordinære økonomiske rammene sine.

Kulturrådet har oppgåver og forvaltningsansvar knytte til fleire internasjonale ordningar og samarbeid. Dette gjeld blant anna EUs støtteprogram for kulturell og kreativ sektor, EØS-midlane, Austersjøsamarbeidet og UNESCO. Det er blant anna eit mål at norske kulturinstitusjonar skal dra nytte av dei ordningane som finst for utveksling på nordisk, europeisk og utanomeuropeisk nivå.

Tilskotsordningane i Norsk kulturfond går òg til å stimulere internasjonalt samarbeid. Eksempel på dette er tilskot til gjestespel frå utlandet i Noreg og tilskot til gjestespel med norske scenekunstgrupper i utlandet. Det er òg ein sterkt aukande tendens at prosjekta som får tilskot frå Kulturfondet, har element av internasjonalt samarbeid. Det kan dreie seg om dei basisfinansierte scenekunstgruppene, musikkensemble, arrangørar og musikarordningane.

Også Norsk filminstitutt har oppgåver og forvaltningsansvar på fleire internasjonale arenaer, blant dei er å støtte opp om satsinga på den internasjonale verksemda til norske kunstnarar. Fleire av tilskotsordningane under filmfondet går òg til å stimulere til internasjonalt samarbeid. Norsk filminstitutt gir for eksempel tilskot til samproduksjonar med utanlandske produsentar og til lansering av filmar og spel i utlandet. Filminstituttet støttar norske aktørar i å fremje filmar og spel på relevante internasjonale arenaer.

Kulturdepartementet legg særskild til rette for internasjonal kulturverksemd også gjennom multilateralt samarbeid i Nordisk ministerråd, Europarådet, EU og UNESCO. Gjennom Nordisk ministerråds politiske initiativ, ulike støtteprogram og institusjonar blir det arbeidd for eit dynamisk og mangfaldig kunst- og kulturliv i Norden. Støtteprogramma er viktige finansieringskjelder, og norske kunstnarar og kulturaktørar har fått god utteljing i desse programma.

Noreg deltek i EUs støtteprogram for kulturell og kreativ sektor, Kreativt Europa 2014–2020. Programmet gir kultur- og medieaktørar frå Noreg tilgang til finansiering og høve til utvikling. Formålet med Kreativt Europa er todelt: å fremje europeisk kulturelt og språkleg mangfald og kulturarv, og å styrkje konkurranseevna i dei kulturelle og kreative sektorane. I 2018 la EU-kommisjonen fram forslag om eit nytt program for perioden 2021–2027, som i stor grad fører vidare og utviklar ordningane frå i dag. Innan 2020 må Noreg sjå på breidda av erfaringar så langt og vurdere om ein vil delta i programmet også i neste periode.

EØS-midlane er Noregs bidrag til utjamning av sosiale og økonomiske skilnader i Europa. Innanfor desse ordningane deltek kulturaktørar frå Noreg i prosjektsamarbeid med land i Sør- og Sentral-Europa.

Nordområdepolitikken er eit sentralt utanrikspolitisk interesseområde for regjeringa. Ein godt utvikla kultursektor i nord medverkar til formidling og kommunikasjon over grensene og gir viktige bidrag til samarbeid og utvikling i regionen. Både Kulturdepartementet og Utanriksdepartementet medverkar til kultursamarbeid over grensene i nord.

Samarbeidet mellom sametinga i Noreg, Sverige og Finland og samhandling mellom samane på tvers av landegrensene, som òg har lange tradisjonar, medverkar på si side til å utvikle det nordiske kultursamarbeidet.

9.2 Eit grenselaust kulturliv

I dag konsumerer vi kultur nærmast uavhengig av landegrenser. Verda verkar mindre på grunn av ny teknologi, og fordi vi reiser meir. Publikum blir òg meir aktive som kulturprodusentar. Konkurransen om merksemda til kulturbrukarane aukar fordi moglegheitene er så mange. Norsk språk og kultur møter sterkare konkurranse frå store internasjonale aktørar. Plattformselskapa blir meir dominerande og går inn på stadig fleire sektorar. For eksempel har Google Arts & Culture avtale med museum og kulturinstitusjonar i 70 land om å gi digital tilgang til kulturgjenstandane deira. Facebook og Google kontrollerer halvparten av den digitale reklamemarknaden i verda og 40 prosent av det samla digitale innhaldskonsumet i USA.

Samtidig er det ein trend at opplevingar blir meir etterspurde, og kreative næringar vil kunne representere eit økonomisk vekstpotensial. I Storbritannia kjem for eksempel rundt ein tredel av dei internasjonale tilreisande på grunn av kunst og kultur. Det er ei klar kopling mellom kultur og reiseliv. Kultur- og matopplevingar er hovuddrivarane for val av reisemål globalt sett. Folk reiser for å oppleve, og kultur er opplevingar.

Etterspørselen etter norsk, nordisk og samisk kunst og kultur i utlandet er stor og aukande, og fleire kunstnarar og kulturaktørar frå Noreg nyt stor internasjonal suksess. Den aukande internasjonale interessa gir oss moglegheiter som vi må utnytte. Eksport av kunst og kultur medverkar til stor verdiskaping og til at stadig nye marknader og publikumsgrupper får kjennskap til kunstnarar og kulturaktørar frå Noreg. Ikkje berre er dette viktig frå ein næringspolitisk ståstad, det er òg med på å skape nyfikne og spreie kunnskap om den nordiske samfunnsmodellen og verdiar som demokrati, likestilling og berekraft. Når for eksempel norsk litteratur og musikk eller eit norsk kunstnarskap får gjennomslag i utlandet, skaper dette også nyfikne og syner fram Noreg som turistdestinasjon. Norsk kulturliv medverkar på denne måten til stadutvikling og livskvalitet, set Noreg på kartet og trekkjer turistar til landet. For å styrkje verdiskapinga er det heilt nødvendig at kunstnarar, kulturaktørar og bransjane arbeider internasjonalt for å utnytte eit større marknadspotensial.

Norsk innhaldsproduksjon har potensial for meir internasjonalisering. Når nye kultursuksessar veks fram i Noreg, trengst det mekanismar for å understøtte internasjonalisering dersom eit slikt potensial skal realiserast. Når det gjeld eksport av kulturelle gode, ligg vi bak nabolanda våre. For eksempel utgjorde eksport av kulturelle gode i Danmark 0,5 prosent av den totale eksporten i 2014, mens tilsvarande del for Noreg var 0,1 prosent. Det vil seie at Noreg kan ha eit uforløyst potensial her.

Openheit og nyfikne står sentralt i kulturlivet. Samtidig som kultursektoren i Noreg skal stå på trygge bein, skal han utvikle seg vidare ved å hente impulsar utanfrå og brynast mot kunst og kultur frå andre land. Gjennom samarbeid, samproduksjonar og kompetansebygging tek norsk kulturliv del i ein verdsomspennande samtale.

Kulturlivet i Noreg bør bli eksponert for og få kjennskap til kunstnarar, artistar og kulturaktørar frå alle delar av verda. Internasjonalt kultursamarbeid er kompetansebyggjande for dei som deltek i prosjekta, og medverkar til at norske kunst- og kulturaktørar byggjer nettverk, deler kompetanse og hentar inspirasjon. Slikt samarbeid er derfor ein naturleg og integrert del av den kunstnariske og kulturfaglege verksemda for mange kulturaktørar i Noreg. Dette utvidar tilbodet til publikum og medverkar til å styrkje, utfordre og inspirere kunstnarar og kulturlivet i Noreg.

I fleire år er det gjort eit systematisk arbeid med å byggje opp norsk kultureksport, og det har vore vellykka ved å skape auka etterspørsel etter norsk kultur i utlandet, særleg innanfor det langsiktige og strategiske samarbeidet Utanriksdepartementet har hatt med dei sju organisasjonane i Norwegian Arts Abroad. Det kan no vere nødvendig også å utvikle infrastruktur og program for å leggje betre til rette for internasjonale aktørar i Noreg.

Samiske kunstnarar har lang erfaring med kultursamarbeid over landegrensene og med andre urfolk. Erfaringsutveksling og kunnskapsoverføring mellom norske og samiske kunstnarar og kulturaktørar kan medverke positivt i arbeidet for å utnytte dei moglegheitene som internasjonaliseringa gir.

Ved å fremje kunst og kultur frå Noreg i utlandet og ved å leggje til rette for samarbeid mellom kunst- og kulturaktørar på tvers av landegrenser, fremjar vi òg demokrati og ytringskultur. Gjennom kunst og kultur kan vi påverke andre og etablere nye kontaktar, byggje nye tillitsforhold og etablere ny dialog – også om vanskelege tema. På denne måten kan kunst og kultur verke ufarleggjerande og opne dører inn til diskusjonar om verdiar og menneskerettar – og byggje kapasitet og kompetanse i andre land.

Boks 9.1 Satsing i Tyskland i 2019

I 2019 er Noreg gjesteland på bokmessa i Frankfurt og fokusland på filmfestivalen i Berlin og Jazzahead i Bremen. Dette inneber ein unik sjanse til å fremje norsk kultur nasjonalt og internasjonalt, styrkje merkevarer og Noregs omdømme, og vere ein møteplass for viktige relasjonar. Gjennom heile 2019 vil vi få høve til ikkje berre å styrkje norsk språk og litteratur, men òg å løfte fram mangfaldet av kulturuttrykka og tankesetta våre i det som er den største enkeltsatsinga på norsk kultur internasjonalt nokosinne. Noreg har mange talentfulle forfattarar, musikarar og filmskaparar, og legg til rette for å fremje kvalitet, breidd og mangfald i norsk litteratur, musikk og film. Gjennom eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykk vil norske perspektiv og tankesett bli fremja for eit internasjonalt publikum.

Bokmessa set eit viktig søkjelys på Europa som humanistisk prosjekt, der ytringsfridom, kulturelle rettar og demokrati er sentrale tema. Det gir ein sjanse til å vise fram korleis satsing på kultur kan medverke til forståing og toleranse i samfunnsdebatten, og fremje våre perspektiv og tankesett for eit internasjonalt publikum.

Kulturpolitikken har ei ibuande kraft til å byggje alliansar mellom land og til å kunne nå ut og påverke andre. Ved å stimulere til eksport og utveksling av kunst og kultur, fortelje og utveksle historier og skape felles opplevingar, byggjer vi bruer mellom språk, kulturar og menneske. Gjennom dette finn vi som menneske kjelder til inntrykk, inspirasjon og læring. Det skal stimulerast til dialog og fellesskap ikkje berre mellom folk og kulturaktørar, men òg mellom nasjonar. På denne måten kan Noreg som eit lite land vere ei viktig stemme i verda.

Boks 9.2 Arctic Arts Summit

Nordområda har ulik historikk, befolkningssamansetjing, busetjingsmønster, utdanningsnivå og vidt forskjellig næringsstruktur. Arktisk kunst og kultur har særpreg og er samansett, og ofte er uttrykka prega av sterk kulturell identitet og sjølvmedvit.

I 2017 samarbeida Kulturdepartementet med Festspillene i Nord-Norge om arrangementet Arctic Arts Summit. Arrangementet var ein del av det norske formannskapsprogrammet i Nordisk ministerråd. Her var alle dei åtte arktiske statane representerte for å diskutere kulturpolitikk i Arktis. Samtidig var meir enn 100 organisasjonar og institusjonar frå det sirkumpolare kunstfeltet samla for å snakke om felles moglegheiter og operasjonalisering av internasjonale nettverk og samarbeid i nord. Prosjektet hadde som mål å skape ein biennal møteplass for kunstfagleg samarbeid og kulturpolitiske samtalar på tvers av Arktis og vere ein katalysator for nye perspektiv og debattar om arktisk samfunnsutvikling.

I 2019 arrangerer Finland Arctic Arts Summit i Rovaniemi.

For å kunne lykkast med kultureksport og internasjonalt kultursamarbeid er det nødvendig med eit godt og heilskapleg verkemiddelapparat. For dei fleste kulturaktørar er det heilt naturleg og nødvendig å jobbe både nasjonalt og internasjonalt. Ein må ta høgd for at kulturlivet i aukande grad er grenselaust. Det er potensial for betre samhandling i verkemiddelapparatet og felles strategiar for å utnytte moglegheitene internasjonalt. Dette gjeld både evne til å ta imot impulsar utanfrå, i overnasjonalt samarbeid, kultureksport og i arbeidet for å fremje Noreg.

Kultur er eit vesentleg element i Norges internasjonale omdømme. Eit kvalitativt godt kultursamarbeid byggjer opp under eit godt omdømme for Noreg og støttar opp om sambandet med viktige samarbeidsland. Å fremje kultur har derfor langsiktig og strategisk verknad også for andre politiske og økonomiske mål og breie norske interesser. I tillegg er kunst og kultur ein del av forteljinga om Noreg og kven vi er. Når vi fremjar kunst og kulturuttrykk frå Noreg, må vi klare å ta kulturpolitiske omsyn, og samtidig evne å ta ut gevinstar i arbeidet med å fremje breiare norske interesser og verdiar. Dette gjeld både med tanke på å styrkje forholdet til samarbeidslanda våre, politiske satsingar og i arbeidet med å fremje norsk næringsliv.

9.2.1 Ulovleg handel med kulturgjenstandar

Kulturarven, både i materiell og immateriell form, representerer viktige verdiar som skal vidareførast til nye generasjonar. Dersom desse verdiane går tapt som følgje av kriminelle handlingar, har det konsekvensar langt utover dei økonomiske. Tryggingsrådet i FN har i resolusjon UNSR 2199 (2015) stadfesta dette. I resolusjon 2347 (2017) har Tryggingsrådet gjort det klart at ei forankring i eigen kulturarv og kulturell tilhørsle er ein sentral føresetnad for ein trygg og fredeleg sameksistens mellom verdas folk og land.

Med utgangspunkt i UNESCOs 1970-konvensjon om ulovleg handel med kulturgjenstandar og 1995-UNIDROIT-konvensjonen om tilbakeføring av stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar, deltek Noreg aktivt i det internasjonale samarbeidet for å redusere kulturkriminalitet. Noreg er òg ein av de største bidragsytarane i UNODC (FN-programmet for narkotika og kriminalitet), som også arbeider for å hindre kulturkriminalitet.

I 2017 kom Europarådet med ein ny strafferettsleg konvensjon som er eit viktig supplement til dei eksisterande UNESCO-konvensjonane. Denne konvensjonen er open for tilslutning frå land utanfor Europa.

Boks 9.3 Tilbakeføring av kulturgjenstandar

Merksemda kring tilbakeføring av viktig kulturarv til opphavsland aukar internasjonalt. Dette er eit arbeid som engasjerer organisasjonar som UNESCO, INTERPOL, UNODC, WCO, ICCROM, urfolkorganisasjonar m.fl. Det er behov for eit godt samarbeid mellom land for å kunne etterleve internasjonale plikter og stanse ulovleg verksemd.

Buddha-statuen som ble returnert til opphavslandet Myanmar i 2017, etter å ha blitt ulovleg innført til Noreg via Thailand i 2011, er referert til i fleire internasjonale samanhengar. Mellom anna i UNESCO-publikasjonen «Culture for the 2030 Agenda» om UNESCOs oppfølging av berekraftmåla for dei kommande tolv åra.

9.2.2 Kultur i utviklingspolitikken

Målsetjinga for regjeringa sin kulturinnsats i utviklingspolitikken er ein sterk og fri kultursektor i utviklingsland. Innsatsen er særleg retta mot å fremje kulturelle rettar og å verne kulturarv. Kampen mot ulovleg handel med kulturgjenstandar er del av dette. Kulturstøtta til utviklingsland utgjer ein liten del av det totale bistandsbudsjettet.

Utfordringane for kunstnarisk virke og publikums høve til å oppleve kunst og kultur varierer mellom utviklingsland, og innanfor kvart land. Nokre fellestrekk for svake rammevilkår går likevel igjen: institusjonar, kulturpolitikk, utdanningstilbod og støtteordningar er fråverande eller mangelfulle. Kulturelle rettar er under press. Folk blir hindra i å ta del i kulturlivet, anten med politisk grunngiving eller med tilvising til tradisjon og religion. Kunstnarar blir sensurerte og forfølgde, særleg kvinnelege utøvarar blir utsette for avgrensingar og kontroll. Kulturarv blir medvite utsett for øydelegging i krigs- og konfliktområde. Kunst- og kulturgjenstandar blir omsette ulovleg i kriminelle nettverk. Inntekt frå slik ulovleg handel blir òg brukt i terrorfinansiering.

På den andre sida er det eit aukande driv i kunst- og kulturmiljøa i sivilsamfunnet i nokre av desse landa. Kreativitet, engasjement og initiativ for å gi kunstuttrykk betre vilkår, fremje kvalitet og utvikle kulturnæringar aukar både lokalt og nasjonalt. Organisasjonar veks fram, sterke nettverk og samarbeid også på tvers av landegrenser medverkar til auka kapasitet.

Regjeringa sitt arbeid med kultur i utviklingspolitikken er forankra i UNESCOs kulturkonvensjonar og FNs berekraftmål og støttar opp under den internasjonale agendaen på feltet gjennom blant anna FNs spesialrapportør for kulturelle rettar og UNODCs (FN-programmet for narkotika og kriminalitet) kamp mot kulturkriminalitet. Innsatsen støttar opp om ytringsfridomsstrategien til regjeringa med særleg vektlegging av kunstnarisk ytringsfridom.

UNESCOs 2005-konvensjon for å fremje eit mangfald av kulturuttrykk forpliktar Noreg nasjonalt og internasjonalt til å styrkje rammevilkåra for eit fritt kulturliv og leggje til rette for at kunst- og kulturuttrykk blir skapt og formidla. Dette arbeidet er òg relevant i kampen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

UNESCOs verdsarvkonvensjon og konvensjonen av 2003 om vern og fremjing av den immaterielle kulturarven gir rammene for Noregs bidrag til vern av verdas kultur- og naturarv i utviklingsland. Noreg er medlem av verdsarvkomiteen for perioden 2017–2021. I perioden arbeider Noreg blant anna for å sikre verdsarvens framifrå universelle verdiar og for ei meir representativ verdsarvliste.

9.3 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Utarbeide ein internasjonal strategi for kulturpolitikken, saman med Utanriksdepartementet, der målet er å utnytte ressursar og kompetanse på best mogleg måte

  • Leggje til rette for auka eksport av kunst og kultur frå Noreg, blant anna gjennom målretta eksportprogram

  • Vurdere verkemiddel som kan føre til auka import av kunst og kultur frå heile verda til Noreg

  • Medverke til å få fleire utanlandske aktørar til å bruke Noreg som utgangspunkt for kulturproduksjonane sine, blant anna gjennom å målrette tilskotsordningar

10 Relevans og representativitet i kulturlivet

Figur 10.1 

Figur 10.1

10.1 Like moglegheiter for alle

Kulturlivet må opplevast som relevant og vere representativt for heile befolkninga. Det må fremje fridom og høve til å uttrykkje seg for den enkelte. Kulturlivet kan tilby viktige arenaer for å få til betre kvardagsintegrering og leggje til rette for fellesskap basert på mangfald, likestilling, ytringsfridom og toleranse. Vegen til deltaking i utdanning og arbeidsliv kan gå gjennom deltaking i frivillig verksemd og opplevingar av felles kulturaktivitetar i lokalmiljøet.

I kulturpolitikken har mangfaldsomgrepet vore brukt både for å markere behov for kunstnarisk mangfald og som eit uttrykk for variasjonen i befolkninga, det vil seie tilfanget av forskjellige stemmer, meiningar og tema. På mediefeltet blir omgrepet brukt om eit mangfald av frie og uavhengige medium med kritisk og undersøkjande journalistikk og med nyhendeformidling frå ulike samfunnsområde. Kulturdepartementet legg til grunn ei brei forståing av mangfaldsomgrepet som rommar fleire dimensjonar, slik som sosial og kulturell bakgrunn, kjønn, funksjonsevne, religion, seksuell orientering og alder.

Ei undersøking frå november 2018 viser at kvar tredje tilsette i kulturfeltet opplever seksuell trakassering i løpet av karrieren. Det er eit altfor høgt tal, og skeive maktforhold og hierarkiske relasjonar kan bidra til å auke sårbarheit og risiko for seksuell trakassering. Både kvinner og menn som arbeider i kulturfeltet, skal vere trygge på at saker som gjeld seksuell trakassering, blir tekne på alvor og følgde opp. Kulturdepartementet stiller derfor krav om at institusjonar som mottek tilskot frå departementet, arbeider for å hindre trakassering og annan utilbørleg oppførsel, i tråd med krava i arbeidsmiljølova. Institusjonane skal ha rutinar for intern varsling om kritikkverdige forhold. Det er viktig at sektoren sjølv er drivkrafta i dei endringane som er nødvendige for å bøte på desse problema. Kulturdepartementet gir derfor også tilskot til Balansekunst for å støtte arbeidet som sektoren sjølv gjer med likestilling og diskriminering.

Kulturlivet må arbeide aktivt for å vere relevant og representativt. Kulturlivet må rekruttere frå heile befolkninga for å nå målet om å skape kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet. Det må rettast særleg merksemd mot å inkludere samfunnsgrupper som er underrepresenterte i kulturlivet, både som utøvarar og kulturarbeidarar og som brukarar av kulturtilbod.

Innspel frå sektoren sjølv underbyggjer at det vil vere behov for at det fleirkulturelle er eit særskilt innsatsområde i kulturpolitikken framover. I vidare oppfølging vil den breie forståinga av mangfaldsomgrepet liggje til grunn for dei politiske prioriteringane for å sikre relevans og representativitet i kulturlivet.

10.2 Fleirkulturelle moglegheiter

Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er kvar sjette person som bur i Noreg, anten fødd i Noreg av utanlandske foreldre eller sjølv innvandra til landet. Dette blir ikkje spegla i kulturlivet i dag. At det offentleg finansierte kulturlivet ikkje speglar heile befolkninga, og at ikkje alle grupper opplever tilbodet som relevant, er ei demokratisk utfordring. Det avgrensar ytringsmangfaldet og er til hinder for utvikling og auka relevans på kulturfeltet. Utanforskap er eit demokratisk problem når kulturen medverkar til å forsterke avstanden mellom menneske.

Innvandring er ei kjelde til nye impulsar og kulturell utveksling. Variasjon medverkar til nytenking, innovasjon og kreativitet. Sivilsamfunnet må mobiliserast for å oppnå betre kvardagsintegrering. Ein god integreringsprosess og eit velfungerande samfunn føreset ei felles forståing for norsk samfunn og kultur. Frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i integreringsarbeidet.

Kulturelt mangfald og inkludering er i aukande grad blitt sett på den kulturpolitiske dagsordenen sidan 1990-åra. Strategien har i hovudsak vore å byggje opp kulturinstitusjonar og -arenaer for minoritetane, og samtidig prøve å gjere dei store kulturinstitusjonane meir inkluderande.

Denne todelte strategien famnar ikkje i tilstrekkeleg grad dei problemstillingane som samfunnet står overfor i dag. Erfaringane er at mangfald blir utvikla på tvers av tradisjonelle oppdelingar i kulturlivet, det kunstnariske, det kommersielle og det frivillige. Mange er urolege for at det blir snakka mykje om mangfald i kulturlivet, men lite praktisert. Det bør vere ei felles bekymring for heile kulturlivet at mange grupper opplever kulturen som lite relevant. Det å programmere tiltak frå eller for eit fleirkulturelt publikum kan verke meir som eit instrumentelt enn som eit kunstnarisk val.

Kunst og kultur kan verke samlande på tvers av ulike tilhøyrsler. Innvandring stimulerer oss sosialt, kulturelt og økonomisk og gjer samfunnet sterkare, rikare og meir mangfaldig. Lokale kunst- og kulturinstitusjonar som kinoar, museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar er viktige møteplassar som kan gi nykomne innvandrarar sjansen til å delta som publikum eller utøvarar. Folkebiblioteka er ein viktig møteplass og kunnskapsarena i lokalsamfunnet som medverkar til integrering og til å byggje ned barrierar, blant anna fordi tilbodet er gratis og ope for alle. Det er viktig med god og tilrettelagd informasjon om kva som finst av kulturtilbod både for deltaking og for oppleving.

Boks 10.1 Hva vil folk si

Regissør og manusforfattar Iram Haq skildrar i den dels sjølvbiografiske spelefilmen Hva vil folk si oppveksten i Noreg for barn og unge med føtene i to ulike kulturar. Filmen handlar om norsk-pakistanske Nisha, som er 16 år og lever eit dobbeltliv. Ho balanserer mellom eit norsk ungdomsliv med venner og gutar ute og eit meir tradisjonelt pakistansk familieliv heime. Når faren oppdagar henne saman med ein norsk kjærast, blir Nisha kidnappa og send til Pakistan av foreldra. Her, åleine i eit land ho aldri har vore i før, oppdagar Nisha kulturen til foreldra på ein ny måte.

Hva vil folk si fekk Amanda-pris for beste manus, beste regi, beste mannlege skodespelar og beste norske kinofilm. Filmen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto i 2017 og blei sett opp på kino i USA.

Menneske med bakgrunn frå land utanfor Europa, USA og Australia er underrepresenterte som arbeidstakarar og i leiande posisjonar i kulturlivet. Deltaking i det frivillige kulturlivet er med på å byggje tillit, danning og engasjement. Det er ei utfordring at nokre grupper fell systematisk utanfor frivilligheita. Dei frivillige kulturorganisasjonane har eit særskilt ansvar for å sikre mangfald i sine rekkjer ved å gjere det lett for barn og unge å delta og engasjere seg. Styresmaktene skal på si side leggje til rette for at vi har eit levande frivillig kulturliv gjennom breie støtteordningar, slik det er formulert i stortingsmeldinga om den statlege frivilligheitspolitikken.

Mange frivillige organisasjonar arbeider systematisk og godt med dette allereie, men det er framleis potensial for eit meir representativt frivillig kulturliv. Om vi lykkast betre med det, vil det gi positive inkluderingsresultat på kort sikt i form av breiare fellesskap og sterkare tilhøyrsle. Og det kan gi positive integreringsresultat på lang sikt fordi det er i det frivillige kulturlivet talentutviklinga og rekrutteringa til høgare utdanning og det profesjonelle kulturlivet tek til.

Deltaking i frivillige organisasjonar er viktig i samfunnet vårt, og i lokalsamfunn er kulturlivet og foreinings- og organisasjonslivet den viktigaste møteplassen utanom jobb og skule. Det er viktig for å kunne delta i arbeidslivet og bli inkludert i lokalmiljøet.

Fleire studiar viser at menneske med fleirkulturell bakgrunn i stor grad tek del i kulturlivet, men at det ofte skjer på andre arenaer enn dei offentleg finansierte kulturinstitusjonane. Felles arenaer for kulturdeltaking medverkar til at den enkelte blir del av sosiale nettverk som kan gi trivsel og skape tilhøyrsle, samtidig som det opnar for å lære språk og bli kjend med og delta i samfunnet.

Boks 10.2 Ungdom i organiserte fritidsaktivitetar

Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor gav i 2017 ut rapporten Levende drabantbyer. Ungdoms deltakelse i organiserte fritidsaktiviteter i flerkulturelle lokalsamfunn. Om ein skal oppnå auka deltaking, må aktivitetane koste lite eller ingenting og informasjonen må leggjast til rette, går det fram av rapporten. Vidare må også minoritetsforeldre inkluderast for at barna – særleg jenter – skal rekrutterast. For det tredje er det auka medvit om kor viktig nettverksbygging er, særleg innanfor tradisjonelle organisasjonar, fritidsklubbar, idrett og bibliotek. Det er mindre grad av nettverksbygging mellom tradisjonelle organisasjonar og innvandrarorganisasjonar. Ifølgje rapporten viser studiar av fleirkulturelle lokalsamfunn at vellykka resultat har samanheng med at lokale styresmakter legg til rette for og koordinerer samarbeid på tvers av ulike aktørar – både frivillige, offentlege og private.

Dei aller fleste som arbeider i kulturlivet, som utøvar, kunstnar, kulturarbeidar eller med administrasjon og leiing, har delteke i det frivillige kulturlivet. Det er viktig at introduksjonsarenaene i det frivillige kulturlivet famnar flest mogleg, for at vi skal kunne utnytte den ressursen som den mangfaldige befolkninga vår er.

Representasjonen må aukast i alle ledd for å skape rom for fleire historier basert på mangfaldet i befolkninga. Aspirantordninga under Kulturrådet er eit eksempel på tiltak for å stimulere ei slik utvikling. Aspirantordninga blei oppretta i 2012 for å bidra til ei meir mangfaldig rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke. Profesjonelle kunst- og kulturverksemder kan søkje om tilskot frå denne ordninga for å tilsetje kunstnarar eller kulturarbeidarar med etnisk minoritetsbakgrunn. Institusjonane som tek imot aspirantar, må forplikte seg til å gi aspiranten oppgåver som sikrar fagleg og kunstnarisk utvikling. Aspirantopphaldet skal gjere det lettare for aspiranten å få arbeid i sektoren i framtida.

Evalueringa Foten innanfor? Evaluering av aspirantordninga i Kulturrådet (2018) konkluderer med at aspirantordninga er vellykka både for aspirantane og for kunst- og kulturverksemdene. Evalueringa kjem med ei klar tilråding om å føre vidare og styrkje ordninga, slik at ho i større grad kan medverke til strukturelle og varige endringar på kulturfeltet når det gjeld kulturelt mangfald og integrering.

Boks 10.3 Det Norske Teatret

Hausten 2012 starta Det Norske Teatret ei eiga utdanning for studentar med familiebakgrunn utanfor Europa. Utdanninga skal bidra til at norske teaterscener skal kunne spegle Noreg av i dag på ein betre måte. Utdanninga er treårig og fører til bachelorgrad. Elevane må kunne bruke norsk i daglegtale. Dei som fullfører studiet, får tilbod om ein praksisperiode med lønn på Det Norske Teatret. Dette studiet er viktig for den framtidige rekrutteringa til scenekunsten i landet vårt.

Det Norske Teatret, Bondeungdomslaget i Oslo og Norges Ungdomslag stifta Den mangfaldige scenen i 2013. Den mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater for dei mellom 6 og 26 år. Dette er eit scenekunsttilbod der unge får ta i bruk og utvikle dei skapande evnene sine i samarbeid med profesjonelle kunstnarar. Om lag 150 barn og unge frå ulike kulturelle og sosiale miljø i Oslo får årleg eit tilbod gjennom Den mangfaldige scenen.

10.3 Urfolk og nasjonale minoritetar

Samane som urfolk og nasjonale minoritetar er ein del av Noregs historie og samtid med kunst og kulturuttrykk av stor verdi for samfunnet. Kunst og kultur er det beste utgangspunktet for å etablere og føre vidare kommunikasjon mellom menneske og folkegrupper.

10.3.1 Samisk kunst og kultur

Det samiske folket har status som urfolk og lever i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Samane som urfolk er viktige i det nasjonale fellesskapet vårt, og ulike røyster, uttrykk og historier gjer kulturlivet rikare. Kunst og kultur, og særleg den samiske kulturarven, har ein viktig identitetsskapande funksjon i den samiske befolkninga, ikkje minst for barn og unge – som i mange urfolksgrupper i verda. Samiske språk er offisielle språk i Noreg, ein føresetnad for eit levande samisk kulturliv og den fremste formidlaren av samisk kultur, historie og identitet. Den samiske kunsten representerer røyster og erfaringar som utgjer ein del av forteljinga om Noreg, og er derfor ein ressurs for kulturlivet. Departementa vurderer forslaga i NOU 2016: 18 Hjertespråket i samarbeid med Sametinget med sikte på eventuelt å kunne leggje fram ei sak for Stortinget. Dei ulike departementa har ansvar for å vurdere forslaga på sine område, medan Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet. Departementa vurderer både spørsmål om lovendringar og andre tiltak.

Statens plikter overfor det samiske urfolket følgjer av både nasjonale lover og internasjonale konvensjonar. I samsvar med Grunnlova § 108 og samelova har regjeringa som mål å leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan sikre og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. Vidare har staten plikter overfor samane etter FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og erklæring om urfolksrettar etter artikkel 27 og ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar. Noreg ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar i 1999 og UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv i 2007. FN-konvensjonen om barnerettar gir òg plikter. FN-erklæringa om urfolksrettar er ikkje rettsleg bindande, men gir likevel rettleiing om dei folkerettslege pliktene overfor urfolk.

For å vareta det statlege ansvaret for samisk kulturpolitikk må det leggjast til rette for at Sametinget kan drive ein aktiv kulturpolitikk. Sametinget fekk overført forvaltningsansvaret for dei samiske kulturinstitusjonane i 2002. Staten overfører i dag midlar til Sametinget utan konkrete føringar, og Sametinget disponerer desse midlane til kulturformål etter eigne prioriteringar. Samiske språk og samisk kultur inngår også som ein del av mangfaldet i den nasjonale kulturpolitikken.

Frå 2019 blir det innført ei ny budsjettordning som inneber at overføringar til Sametinget over statsbudsjettet blir samla på éin budsjettpost under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Formålet er å gi Sametinget større handlingsrom til sjølv å prioritere samepolitiske tiltak, og slik styrkje Sametingets autonomi som folkevalt organ. Kulturdepartementet skal likevel framleis ha sektoransvar for samisk kunst og kultur.

For å følgje opp statens ansvar for samisk kulturpolitikk vil regjeringa leggje til rette for at Sametinget kan drive ein aktiv og sjølvstendig kulturpolitikk. Samtidig er det slik at Sametinget ikkje kan ha ansvaret åleine for å utvikle samisk kunst og kultur. Dette er eit ansvar som ligg på det offentlege på alle forvaltningsnivå og på aktørane i kulturlivet.

Boks 10.4 Konsultasjonsordninga med Sametinget

Som urfolk har samane rett til å bli konsulterte i saker som kan få direkte følgjer for dei, og konsultasjonsordninga skal sikre at samane får ta del i avgjerdsprosesser i slike saker. Konsultasjonar skal gjennomførast med målsetjing om å oppnå semje om tiltaka som er foreslåtte. Regjeringa har foreslått å lovfeste overordna reglar om konsultasjonar i eit eige kapittel i samelova.

Samanlikna med Sverige og Finland har Noreg flest samiske kunst- og kulturinstitusjonar og det best utbygde nettverket innanfor samisk kulturliv. Dei samiske institusjonane dannar infrastruktur for produksjon, formidling, dokumentasjon, bevaring og framsyning av samisk kunst og kultur og kulturarv, og byggjer nettverk med miljø nasjonalt og internasjonalt. Som møtestader medverkar samiske institusjonar til kunnskapsutvikling og kunnskapsutveksling mellom samiske aktørar og kulturfeltet i Noreg og Norden og internasjonalt.

Samiske kunstnarar og artistar har i lengre tid opplevd etterspørsel og delteke i samarbeidsprosjekt internasjonalt. Samiske kunstnarorganisasjonar opererer òg på tvers av landegrensene og har medlemmer frå Noreg, Sverige, Finland og Russland. I dag er det aukande merksemd rundt og eksponering av samisk kunst i heile kulturlivet i Noreg. Ved hundreårsmarkeringa av jubileet for det første samiske landsmøtet i Trondheim i 2017 var det mange større arrangement som framheva samisk kunst og kultur. Samisk kunst fekk tilgang til ei rekkje kulturarenaer og blei meir synleg i det offentlege nasjonale rommet.

Boks 10.5 Auka merksemd om samisk kunst

Office for Contemporary Art in Norway (OCA) fokuserte i 2017 særleg på urfolks kunst og tankegods og skal ha mykje av æra for at fleire samiske kunstnarar var representerte under den internasjonale kunstmønstringa Documenta 14 i Kassel og Aten i 2017. Same år følgde den prislønte utstillinga «There is no», som understreka behovet for eit eige samisk kunstmuseum. Utstillinga var eit samarbeidsprosjekt mellom Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø og RiddoDuottarMuseat i Karasjok. Kulturrådet vigde årskonferansen 2017 til samisk kunst og kultur under tittelen Samisk vrede. Samiske kunstnarar har medverka til ei ny kritisk offentlegheit som legg vekt på samiske rettar, med protestprosjektet Pile o’Sápmi av Marét Anne Sara som det fremste eksempelet.

Dagens verkemiddel i den statlege kulturpolitikken er i stor grad baserte på økonomiske insentiv. I tillegg til løyvinga Sametinget får og fordeler vidare til samiske kulturformål, gir Kulturdepartementet tilskot til fleire samiske tiltak på kulturområdet, og medverkar i oppstarts- og byggjeprosessar som gjeld samiske kulturbygg. Kulturdepartementet har sidan 1990-åra gjort store statlege investeringar for bygginga av samiske kulturarenaer, både gjennom investeringstilskot og statlege byggjeprosjekt. Sametinget fremjar dei prosjekta Sametinget vil prioritere til Kulturdepartementet. Staten vil byggje eit nybygg for det sørsamiske museet Saemien Sijte i Snåsa, jf. budsjettforslaget for 2019. Staten har òg sett i gang prosjektavklaring for eit prosjekt om samlokalisering av nybygg for det samiske nasjonalteateret Beaivváš med Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino.

Samiske institusjonar, kunstnarar og kulturutøvarar kan òg søkje om og få tilskot frå nasjonale ordningar, for eksempel stipend frå Statens kunstnarstipend, prosjektstøtte frå Norsk kulturfond og tilskot frå Norsk filminstitutt.

I statsbudsjettet for 2019 har regjeringa foreslått å etablere ei ny ordning under Norsk kulturfond, for omsetjing av samisk litteratur til norsk og for å auke formidlinga av samisk litteratur. Sametinget har ansvaret for den samiske litteraturen og for at bøker på samisk blir spreidde. Målet med den ny ordninga er at Kulturrådet skal ta eit større ansvar for at samisk litteratur blir meir synleg og tilgjengeleg for alle. Ved omsetjing av samisk litteratur til norsk kan desse titlane òg bli vurderte for Kulturrådet sine innkjøpsordningar og dra nytte av støtteordningane til NORLA, på like fot med den norskspråklege litteraturen.

Ei kartlegging departementet har utført5, viser at alle verksemdene som ligg under departementet, tek hand om samisk kunst og kultur i større eller mindre grad. Fleire peikar likevel på potensial for auka samarbeid og kompetansedeling mellom samiske og norske kulturaktørar og institusjonar. Kulturinstitusjonane rapporterer om svært varierande grad av samarbeid med samiske kulturaktørar. Kartlegginga peikar òg på forhold som kan medverke til ekskludering av samisk kunst og kultur. Det er for eksempel ei vanleg oppfatning at samisk kunst og kultur berre er av interesse for eit samisk publikum, og at alle initiativ til samarbeid bør komme frå samisk hald. I fleire innspel til kartlegginga blir det vist til at manglande kompetanse innan samisk kultur, kunst og språk skaper utfordringar for kunst- og kulturinstitusjonane i møte med samiske kunstprosjekt, og det kan føre til at samiske kunstprosjekt ikkje når opp når prosjektstøtte skal fordelast.

Eit sterkare søkjelys på samisk kunst dei seinare åra vitnar om aukande medvit i kunstfeltet, både nasjonalt og internasjonalt. Samtidskunst med røter i urfolks tradisjon og historie er av stor verdi og ein styrke for kulturlivet i Noreg. Dette føreset at kultursektoren har kunnskap om og kompetanse på det samiske kunst- og kulturfeltet.

10.3.2 Nasjonale minoritetar

Personar som høyrer til nasjonale minoritetar, skal kunne uttrykkje, halde på og vidareutvikle identiteten, språket og kulturen sin, og dei skal få høve til å delta i offentlege saker som vedkjem dei sjølv. Rammekonvensjonen for vern av nasjonale minoritetar seier at partane skal skape dei føresetnadene som trengst for å sikre dette. Til nasjonale minoritetar reknar ein etniske, religiøse og/eller språklege minoritetar med langvarig tilknyting til eit land. Jødar, kvenar/norskfinnar, rom (sigøynarar), romanifolk/taterar og skogfinnar er godtekne som nasjonale minoritetar i Noreg.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvaret for å samordne statleg politikk som vedkjem nasjonale minoritetar, og skal arbeide for heilskap og samanheng i politikken på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Kvart departement har ansvaret for å følgje opp den statlege politikken innanfor sin sektor.

Kulturdepartementet gir faste årlege tilskot til Kainun institutti – Kvensk institutt og den kvenske avisa Ruijan Kaiku, og fleire museum som får årlege tilskot frå Kulturdepartementet, arbeider kontinuerleg med dokumentasjon, formidling og forsking knytt til nasjonale minoritetar, som Jødisk museum i Oslo og Norsk Skogfinsk Museum i Hedmark. Enkelte av musea i det nasjonale museumsnettverket har avdelingar som arbeider med kulturen og historia til høvesvis kvenar/norskfinnar og romanifolket/taterane. Kulturdepartementet har dei siste tiåra gjort store investeringar for å setje i gang og gjennomføre bygginga av kulturarenaer og annan infrastruktur, for eksempel bygningen til Kvensk institutt i Børselv i Porsanger og bygningen for romaniavdelinga på Glomdalsmuseet på Elverum. Staten vil òg medverke til å byggje eit kvenmuseum ved Varanger museum i Vadsø, jf. budsjettforslaget for 2019.

Norsk kulturråd forvaltar og fordeler midlar til kunst- og kulturprosjekt frå Norsk kulturfond. Det kan søkjast om midlar til prosjekt som handlar om språket og kulturen til minoritetar. Frå og med 2019 vil Kulturrådet også forvalte tilskotsordninga til nasjonale minoritetar og den kollektive oppreisingsordninga for romanifolket/taterane, som tidlegare blei forvalta i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. omtale i Prop. 1 S (2018–2019). Romano Kher – romsk kultur- og ressurssenter blei opna i 2018. Senteret er eit resultat av den kollektive oppreisinga frå staten til norske romar. Kirkens Bymisjon får tilskot frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til drift av senteret.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har begynt arbeidet med ei ny stortingsmelding om nasjonale minoritetar. Formålet er å beskrive utviklinga dei siste 20 åra og foreslå korleis regjeringa kan medverke til å styrkje språket, kulturen og situasjonen til dei nasjonale minoritetane i det norske samfunnet framover. Meldingsarbeidet vil involvere fleire fagdepartement, blant dei Kulturdepartementet.

10.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Auke representasjonen i alle ledd og sikre ei meir mangfaldig rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke, blant anna gjennom aspirantordninga under Norsk kulturråd

  • Støtte opp under institusjonar og aktørar som gjer ein særskild innsats for integrering, og som ønskjer å gjennomføre tiltak for å auke det kulturelle mangfaldet og nå ut til nye grupper

  • Arbeide for at alle barn og unge får delta på kulturaktivitetar

  • Målrette tilskotsmidlar og mobilisere det frivillige kulturlivet for å stimulere til auka kulturell deltaking

  • Oppfordre tilskotsmottakarar til å utvikle eigne strategiar for å medverke til auka relevans og representativitet

  • Leggje til rette for at kunnskap om samane og nasjonale minoritetar blir formidla over heile landet

  • Sørgje for at relevante problemstillingar knytte til samar og nasjonale minoritetar alltid blir vurderte under utarbeidinga av kulturpolitiske dokument til Stortinget

  • Medverke til at kunsten og kulturen til samane og nasjonale minoritetar i større grad blir ein del av kulturlivet i heile Noreg som alle skal ha høve til å oppleve

  • Oppfordre kulturinstitusjonar til å vurdere sitt eige handlingsrom for formidling av samiske uttrykk, samarbeid med samiske aktørar og tilhøyrande behov for kompetanse- og kunnskapsbygging

  • I samarbeid med Sametinget kartleggje behovet for å heve kompetansen om det samiske hos verksemder og aktørar som forvaltar nasjonale ordningar

  • Medverke til å styrkje språket og kulturen og betre situasjonen til dei nasjonale minoritetane i Noreg framover – dette vil regjeringa leggje fram ei eiga stortingsmelding om

11 Danning og demokratibygging

Figur 11.1 

Figur 11.1

11.1 Kulturlivet som arena for danning

Eit demokratisk samfunn føreset at menneska har kunnskap om og forstår samfunnet dei er ein del av, og at dei har høve og evne til å uttrykkje seg og ta aktivt del i samfunnet. Kulturlivet er ein arena for ytringar som er med på å myndiggjere enkeltmenneske som aktive borgarar. Kunnskap om kunst og kultur kan lære oss å sjå at ytringar kan vere forskjellige, både når det gjeld form og innhald, og at den enkelte kan oppfatte og tolke ytringar ulikt. Slik kan kulturlivet medverke til å byggje menneske som er trygge og opplever meistring, gjennom å ytre seg og delta aktivt i samfunnet.

Danning handlar mellom anna om å gjere enkeltmenneske myndige til å gjere sjølvstendige val ut frå kunnskap om og forståing av samfunnet som eit ytringsfellesskap. Alle skal ha nok basiskunnskap til å gjere dei vala som gjeld livet deira. Kunst og kultur bidrar til den enkeltes danningsprosess og må derfor vere tilgjengeleg for alle. Den enkelte må ha nok kunnskap til å kunne vurdere ulike ytringar og forklare kvifor dei liker det eine og ikkje det andre. Danning handlar om å setje enkeltmenneske i stand til å vere aktive borgarar i samfunnet, uttrykkje seg og ta sjølvstendige val som byggjer på forståing og respekt for andre. Dette er med på å byggje demokrati.

Også mediekompetanse og digital dømmekraft er viktig for danning og demokratibygging. Mediekompetanse handlar om kunnskap om korleis media fungerer, og evne til å vurdere kvalitet, relevans og sanning i den informasjonen ein finn. Digital dømmekraft dreier seg om evne til kritisk refleksjon, blant anna knytt til personvern, nettvett og opphavsrett. Nettvett vil seie kunnskap om internett, å kunne bruke nettmedium på ein trygg og sikker måte og å vite kva ein sjølv kan publisere på internett.

I denne samanhengen er barn og unge særleg viktige, både som publikum og som aktive deltakarar. Kunst og kultur kan gi barn og unge opplevingar og eit rom for ytring som har identitetsbyggjande kraft i livet til den enkelte. Barn og unge skal også bli publikum, kulturprodusentar og kunstnarar i framtida. Dei kulturelle dugleikane, vanane og forventningane dei har, vil påverke morgondagens kulturtilbod. Kultursektoren har eit ansvar for å inkludere barn og unge og leggje til rette for at dei kan delta i samfunnet.

Boks 11.1 FNs barnekonvensjon

FN-konvensjonen om barnerettane (barnekonvensjonen) er ein internasjonal avtale som gir barn og unge under 18 år eit særskilt menneskerettsvern. Artikkel 12–15 i konvensjonen seier at barn har rett til å seie si meining og bli høyrde, at barn har rett til å søkje, ta imot og spreie ytringar, at barn skal ha tanke-, samvits- og religionsfridom og organisasjonsfridom. Artikkel 28–29 seier at barn har rett til utdanning. Artikkel 31 seier at barn har rett til kvile, fritid og leik og til å delta i kunst- og kulturliv.

Frå 2003 gjeld barnekonvensjonen som norsk lov. Konvensjonen har ein spesiell status ved at han går framfor andre norske lover dersom dei står mot kvarandre.

Barn og unge bør møte kunst- og kulturuttrykk som representerer eit mangfald av erfaringar, mellom anna for å motverke kulturelt utanforskap. Alle barn og unge skal ha tilgang til eit kulturtilbod med høg kvalitet, aktualitet og relevans, og få høve til å delta og utfalde seg i eit fritt og uavhengig kulturliv.

Framtidsanalysen viser at unge er ei målgruppe det er spesielt vanskeleg å nå med dei tradisjonelle offentleg finansierte kulturtilboda. Dermed ser det ut til at det trengst nye verkemiddel og auka innsats for å føre vidare den gode utviklinga norsk kulturliv har hatt gjennom fleire tiår. Barn og unge har ein omfattande kulturbruk på digitale plattformer. Spel, strøymetenester og deling av tekst, foto og video på sosiale medium inngår i kvardagen til mange. Kunst og kultur som ytringar gjennom digitale plattformer er noko den oppveksande generasjonen er fortruleg med og naturleg oppsøkjer. Barn og unge er ei målgruppe som bør prioriterast. Kulturlivet må møte dei behova og interessene barn og unge har, og dra veksel på kunnskapane og erfaringane deira for å vere tilgjengeleg og relevant no og i framtida.

Boks 11.2 Mobilbruk blant barn og unge

Allereie ved tiårsalderen har så å seie alle norske barn eigen smarttelefon. Medietilsynet opplyser at barn og unge mellom 9 og 18 år bruker smarttelefon kvar dag, og at halvparten bruker han i over to timar dagleg. Fire av fem bruker smarttelefonen til å kommunisere på sosiale medium med. Dei bruker langt meir tid på YouTube og strøymetenester enn på tv. 80 prosent av barn og unge ser på YouTube kvar dag. Mobilbruken er likt fordelt på kjønn, bortsett frå når det gjeld digitale spel. Fire av fem gutar og halvparten av jentene opplyser at dei speler dagleg (Medietilsynet 2018).

Kulturlivet kan fremje engasjementet for norsk kultur blant unge ved å gi dei tilbod om kulturelle opplevingar der dei er. Det inneber at kulturfeltet både må løfte fram tematikk som opptek barn og unge, og utfordre dei på ukjend tematikk på ein måte som fangar interessa deira. Det må skapast nye produksjonar retta særleg mot ungdom som målgruppe, og ein må bruke dei kanalane som dei unge føretrekkjer. Det same vil gjelde for andre målgrupper som det av ulike årsaker er krevjande å nå.

Både kultursektoren og kunnskapssektoren medverkar kvar for seg og i fellesskap til danning og demokratibygging. Samarbeid på tvers kan være ein styrke for å byggje sterkare medvit om kunst og kultur som ytringar og kor mykje kulturen betyr for danning, tilhøyrsle og kunnskapsutvikling. God koordinering er viktig for å setje kulturfeltet i stand til å medverke i danningsprosessane til barn og unge.

Som møteplass og kunnskapsarena i lokalsamfunnet er folkebiblioteket med på å byggje ned barrierar og medverke til integrering, ikkje minst fordi det er gratis og ope for alle. Regjeringa satsar på folkebiblioteka og har både gjennomført strategiske statlege tiltak og auka dei statlege økonomiske verkemidla. Det er behov for ein offensiv bibliotekpolitikk for å utvikle folkebiblioteka vidare som relevante og viktige institusjonar i framtida. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein ny nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2020–2023. Strategien skal byggje på dei grepa som blei tekne i nasjonal bibliotekstrategi for 2015–2018, og vil leggje ein plan for korleis staten best kan medverke til ei god utvikling av folkebiblioteka og inspirere kommunane til eiga satsing. Det er potensial for eit styrkt samarbeid mellom skulebibliotek og folkebibliotek.

At folkebiblioteka har vore og framleis blir opplevd som viktige kulturinstitusjonar i Noreg, heng saman med den sterke stillinga som litteratur og lesing har i befolkninga. Lesing kan opne for innsikt og innleving, identitets- og meiningsdanning. Prosentdelen av befolkninga som les bøker, held seg på eit høgt nivå trass i at konkurransen om tidsbruken til folk aukar. Lesarundersøkingar viser likevel ein nedgang i talet på leste bøker. Aldersgruppa 15 til 24 år har den største delen ikkje-lesarar. Derfor trengst det fornya innsats for å fremje leseevne og leselyst, ikkje minst blant unge.

Regjeringa satsar på litteratur og bibliotek for barn og unge, blant anna ved å styrkje barne- og ungdomsbokforskinga og støtte etableringa av eit norsk masterprogram i barne- og ungdomslitterær skrivekunst i regi av Norsk barnebokinstitutt, jf. omtale i Prop. 1 S (2018–2019).

Ei oppgåve framover er å styrkje befolkninga sitt eigarskap til samfunnets fellesarenaer. Dette er særleg viktig for den yngre delen av befolkninga. Det må leggjast til rette for at alle barn og unge har høve til å delta og uttrykkje seg i kulturlivet. Målet må vere at ingen barn og unge skal stå utanfor.

Kulturell og sosial bakgrunn, som økonomi og utdanningsnivået til foreldra, påverkar i kva grad barn og unge deltek i kulturlivet. Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst som gir moglegheiter for alle. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar, skal ha dei same sjansane og den same fridommen til å skape si eiga framtid som alle andre.

Kultursektoren og kunnskapssektoren bidrar både saman og kvar for seg til å motverke forskjellar, gi felles kulturelle referansar, høve til å utvikle skapande evner, språkopplæring og opplæring i demokratiske verdiar.

11.2 Kunst og kultur i utdanninga

Vi må ruste opp barn og unge si evne til kritisk refleksjon over ytringar som blir delte i det offentlege ordskiftet, og styrkje deira eiga utøving av ytringsfridom.

Opplevingar med kunst og kultur i barnehagen kan leggje grunnlag for tilhøyrsle, deltaking og eige skapande arbeid. I rammeplanen for barnehagen som blei innført i 2017, er det presisert at barnehagen skal leggje til rette for kulturmøte, gi rom for at barna sjølv kan drive kulturskaping, og medverke til at alle barn kan få oppleve glede og meistring i sosiale og kulturelle fellesskap. Barnehagen skal by på varierte impulsar, opplevingar og erfaringar og omfatte lokale, nasjonale og internasjonale perspektiv. Barnehagen skal synleggjere samisk kultur og medverke til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle for det samiske mangfaldet.

Alle faga i grunnskulen, også praktiske og estetiske fag, og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal no fornyast. Nye læreplanar skal takast i bruk hausten 2020. Det overordna målet med fagfornyinga er å få læreplanar med tydelegare progresjon, betre samanheng mellom faga og relevant innhald som legg til rette for djuplæring. Fagfornyinga skal medverke til eit verdiløft i skulen.

Den 1. september 2017 blei Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen fastsett. Den overordna delen av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen i opplæringslova og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa, og gjer greie for grunnsynet som skal prege pedagogisk praksis i heile grunnopplæringa. Det tydeleggjer blant anna at djupare innsikt blir utvikla når elevane ser samanhengar mellom kunnskapsområde, og når dei meistrar eit mangfald av strategiar for å tileigne seg, dele og stille seg kritisk til kunnskap. Den overordna delen av læreplanverket understrekar at kreative og skapande evner er med på å gjere samfunnet rikare, og at kunst- og kulturuttrykk har innverknad på den personlege utviklinga til kvar enkelt. Elevane skal lære og utvikle seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformer og praktiske aktivitetar.

Som ein del av fagfornyinga vil det òg bli innført tre tverrfaglege tema: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Dei tverrfaglege temaa skal integrerast i ulike fag, på faga sine eigne premissar. Dei tverrfaglege temaa skal medverke til å danne og utdanne reflekterte og kreative, aktive og ansvarlege samfunnsdeltakarar. Kulturpolitikken må ta dei same utfordringane på alvor og medverke til danning gjennom å utvikle kulturelle referansar og felles språk.

Boks 11.3 Overordna del av læreplanverket for grunnopplæringa

Sitat frå Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen:

Gjennom alle tider har det norske samfunnet blitt påvirket av ulike strømninger og kulturtradisjoner. I en tid der befolkningen er mer sammensatt enn noen gang, og der verden knyttes tettere sammen, blir språkkunnskaper og kulturforståelse stadig viktigere. Skolen skal støtte utviklingen av den enkeltes identitet, gjøre elevene trygge på eget ståsted, samtidig som den skal formidle felles verdier som trengs for å møte og delta i mangfoldet, og åpne dører mot verden og fremtiden.

Barn og unge treng øving i å kommunisere eigne tankar til eit fellesskap som tek tankane deira på alvor, utfordrar dei og hjelper dei å utvikle tenkinga vidare slik at dei er del av ei felles forståing. Men tankane oppstår ikkje i eit vakuum, dei oppstår på bakgrunn av erfaring som bringar inn noko nytt, eller som utfordrar allereie eksisterande tankemønster. Slik kan kunstnariske og kulturelle opplevingar inspirere barns tenking og vere utgangspunkt for gode samtalar i barnehagen og skulen. Barn og unge kommuniserer og tenkjer ikkje berre gjennom språk, men fysisk gjennom handling, for eksempel gjennom leik og eiga kreativ verksemd.

Kunst og kultur kan gi verktøy som barn kan bruke for å reflektere over opplevingar, utvikle eigne tankar og ytre seg i fellesskapet. Opplevingar av ulike kunst- og kulturuttrykk styrkjer kreativiteten og evnene til problemløysing og kritisk refleksjon hos den enkelte. Kulturelle opplevingar kan bidra til å nå måla i rammeplanen for barnehagane og læreplanverket i skulen. I den overordna delen av læreplanen står det for eksempel at elevane skal få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk gjennom dei åra dei går på skulen. Kulturskulen er eit sentralt og viktig kulturtilbod til barn og unge der dei kan lære seg å meistre eit kunst- og kulturuttrykk og få kunnskap og erfaring som utøvarar. Stortinget har bede regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om ein styrkt kulturskule for framtida. Dette arbeidet vil vere ein del av barne- og ungdomskulturmeldinga som Kulturdepartementet har ansvaret for i samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Ved å la kulturskulen vere ein del av denne stortingsmeldinga, vil regjeringa leggje til rette for god og grundig behandling av kulturskulen. Samtidig vil dette gi ein betre samanheng mellom dei ulike satsingane innanfor kulturskule og barne- og ungdomskultur.

11.3 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Medverke til å gi barn og ungdom kulturell ballast, opplæring og glede i møte med ulike kunstuttrykk

  • Gi fleire barn og unge sjansen til å delta på eit kulturskuletilbod gjennom å leggje til rette for samarbeid mellom kulturskule, skulefritidsordning og frivilligheit, samtidig som ein tek vare på eigenarten til kulturskulen

  • Sikre kommunane fridom til sjølv å finne dei løysingane som gir best kulturskule- og fritidstilbod lokalt, men leggje til rette for tilgjenge, mangfald og kvalitet i det tilbodet som blir gitt

  • Styrkje kulturskulane si rolle som regionale talentaktørar

  • Vurdere korleis kulturtilbodet for barnehagebarn kan forbetrast nasjonalt

  • Sikre ei framleis god Frifond-ordning for barne- og ungdomsorganisasjonar og eigenorganisert frivillig aktivitet

  • Utarbeide ein ny nasjonal bibliotekstrategi for perioden 2020–2023

  • Leggje fram ei språklov og språkmelding som grunnlag for å sikre at norsk språk held på posisjonen som eit fullverdig samfunnsberande språk i Noreg, og definere ansvaret for å verne og styrkje samisk, dei nasjonale minoritetsspråka og teiknspråk

  • Leggje fram ei barne- og ungdomskulturmelding som skal

    • løfte fram barn og unge som målgruppe og aktive deltakarar

    • medverke til å heve statusen og kvaliteten på kultur som blir skapt og formidla til barn og unge

    • sjå dei ulike satsingane innanfor kulturskule og barne- og ungdomskultur i samanheng

    • sjå på kulturskulane si rolle i eit integreringsperspektiv

    • vurdere korleis ressursar og kompetanse kan spele saman for å komme barn og unge til gode i endå større grad

    • styrkje samarbeidet mellom kultursektoren og kunnskapssektoren

12 Ein kunnskapsbasert kulturpolitikk

Figur 12.1 

Figur 12.1

12.1 Kunnskap og forsking i utvikling av kultursektoren

Kulturpolitikk og forvaltning må byggje på solid kunnskap om kultursektoren, kva som særmerkjer sektoren, kva utviklingstrekk og utfordringar han står overfor, og korleis tiltak og verkemiddel fungerer. Kunnskap medverkar dessutan til å utvikle sektoren og er eit gode i seg sjølv for samfunnet og den offentlege debatten. Forsking, kunnskap og innovasjon må derfor vere grunnleggjande element i den vidare utviklinga av kultursektoren.

Norsk forskingspolitikk er organisert etter sektorprinsippet. Det vil seie at Kunnskapsdepartementet har eit overordna ansvar for koordinering og heilskapleg implementering, mens kvart enkelt fagdepartement har ansvar for forsking og kunnskapsutvikling innanfor sitt ansvarsområde. Sektoransvaret inneber blant anna ansvar for finansiering av forsking, både for å sikre eit kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og forvaltning og for å medverke til utvikling og måloppnåing i sektorane.

Kulturdepartementet legg til rette for forsking og kunnskapsutvikling gjennom løyvingar til langsiktig forsking i regi av Noregs forskingsråd, gjennom løyvingar og tilskot til institusjonar som driv forsking, og gjennom bestilling av utgreiingar, statistikk, følgjeforsking og mindre forskingsprosjekt.

Tilfanget av forsking og forskingsmiljø med relevans for kulturfeltet varierer med omsyn til formål og tematisk innretning. Universitets- og høgskulesektoren produserer både forsking og kandidatar som har mykje å seie for den faglege utviklinga og oppgåveløysinga på kunst- og kulturfeltet. Kunstutdanningane har òg markert seg som forskingsinstitusjonar. Eit relativt nytt tilbod er ph.d. i kunstnarisk utvikling, ei utdanning som kombinerer estetisk utviklingsarbeid med akademisk refleksjon. Nasjonalbiblioteket, Arkivverket og musea må nemnast både som infrastruktur for forsking og som sjølvstendige forskingsinstitusjonar. I tillegg har Norsk kulturråds FoU-arbeid i mange år medverka til å produsere relevant forsking. Utgreiingar har peika på at mykje av forskinga på feltet har retta seg mot estetiske og kulturelle prosessar i kunsten og kulturen sjølv, og at det har vore svakare tradisjon for forsking på kulturpolitiske problemstillingar. Det har òg vore ein svakare tradisjon for forsking som premiss i politikkutviklinga. Dette har endra seg, og både sektoren og departementet sjølv etterspør forsking i større grad.

12.2 Behov for kunnskap framover

Ambisjonen i dei kommande åra er å gjennomføre ei forskings- og kunnskapssatsing der elementa til saman byggjer opp om eit mest mogleg heilskapleg kunnskapssystem som er relevant for sektoren, politikkutviklinga og forvaltninga. Innsatsen vil for det første innebere finansiering også i framtida for å sørgje for eit godt tilfang av forsking. Eit parallelt siktemål er å byggje opp og mobilisere fagmiljø som kan utføre både langsiktig forsking og oppdragsforsking av høg kvalitet og relevans. Det er behov for å vidareutvikle statistikk om kulturfeltet som verktøy i både politikkutforming, forvaltning og forsking. I ein situasjon med auka press på offentlege budsjett vil arbeidet med forsking og kunnskapsutvikling ikkje minst handle om å utnytte dei kunnskapsressursane som finst. Kulturdepartementet vil understreke at statlege verksemder er viktige for kunnskapsutvikling og formidling.

Kulturdepartementet har i mange år finansiert forsking gjennom Forskingsrådet, men i hovudsak innretta som breie kulturforskingsprogram. Som svar på tilrådinga frå Grundutvalet om å leggje til rette for meir kulturpolitisk relevant forsking blei programmet KULMEDIA etablert i Forskingsrådet i 2014. Formålet med programmet er å skaffe fram ny forskingsbasert kunnskap om kulturlivet og media med relevans for politisk avgjerdstaking, forvaltning og aktørar på feltet. I tillegg er det eit mål å styrkje fagmiljøa på området gjennom mobilisering og rekruttering. Ved å stimulere langsiktig oppbygging av forskingsmiljø med solid kunnskap om kunst-, kultur- og mediesektoren legg ein samtidig til rette for miljø som har føresetnader for å levere gode avgrensa utgreiings- og evalueringsarbeid med kortare tidshorisont. Det er vedteke å føre vidare programmet i ein ny femårsperiode frå 2019. Som i den første fasen av programsatsinga vil digitalisering og kva konsekvensar det har for kulturlivet og media, bli eit hovudtema også i neste periode.

Kva rolle Kulturdepartementets verksemder speler i kunnskapsproduksjon, forsking og utvikling, varierer både når det gjeld omfang og formål. Felles for alle verksemdene er at dei må sørgje for eit godt kunnskapsgrunnlag for å vareta legitimitet og kvalitet i eigne tenester og oppgåveløysing. Vidare medverkar dei til produksjon og formidling av kulturpolitisk relevant kunnskap om eigne sektorar. Departementets verksemder skal ha tilgjengelege planar for forsking og kunnskapsutvikling for å systematisere arbeidet med kunnskapsutvikling. Verksemdene bør òg ha ei overordna oversikt over kunnskapsstatus og kunnskapsbehov på eigne ansvarsområde, slik at dei kan gi departementet råd om tiltak som gir god kunnskapsutvikling.

Norsk kulturråd har ei sentral rolle i utviklinga av kunst- og kulturpolitisk relevant forsking, både gjennom rolla som bestillar, formidlar og pådrivar og gjennom rolla som rådgivar og samarbeidspartnar for Kulturdepartementet i FoU-spørsmål. Departementet ønskjer at Norsk kulturråd framover tek eit større ansvar for utvikling og produksjon av statistikk, utgreiingar og analysar på kunst- og kulturområda.

Det blir viktigare å fremje innovasjon i kulturfeltet. Nye samfunnsutfordringar og moglegheiter stiller nye krav til oppgåveløysing. «Offentleg sektor-ph.d.» er ei ordning i Forskingsrådet som skal medverke til at det offentlege utviklar relevant kunnskap for å møte nye utfordringar. Offentlege verksemder kan søkje støtte frå Forskingsrådet for at ein tilsett skal kunne gjennomføre ein doktorgrad som er relevant for ansvarsområdet til verksemda. I tillegg til å utvikle kunnskap og kompetanse i verksemda medverkar ordninga òg til å etablere samarbeid mellom det offentlege og akademia. Fleire institusjonar på kulturfeltet har allereie nytta ordninga. Kulturdepartementet forventar at aktørar på kulturfeltet orienterer seg om korleis dei kan få finansiert forsking og innovasjon, blant anna i Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.

Eit godt tilfang av statistikk har stor verdi for både politikkutvikling, forvaltning og forsking. Det er ei utfordring å passe på at det heile tida finst relevant statistikk av god kvalitet om dei ulike områda på kulturfeltet. SSB-undersøkingar gir oss for eksempel data om utviklinga i nordmenns kultur- og mediebruk nær 30 år tilbake. Samtidig bør statistikken utviklast for å vere tilpassa nye tilbod og måtar å oppleve kunst og kultur på. Arkivverket, Nasjonalbiblioteket og Kulturrådet har ansvar for å utvikle statistikk om høvesvis arkiv, bibliotek og museum. Kulturrådets publikasjon Kunst i tall 2016 gir oversikt over omsetning av musikk, litteratur, scenekunst og visuell kunst i Noreg. Kunstnarane, kulturnæringane og scenekunstområdet og frivillig kulturliv er område med særleg behov for statistikkutvikling. Samfunnsutfordringar og forsking som kan medverke til å løyse dei, følgjer ikkje institusjons- og sektorgrenser. I tråd med dette spør regjeringa i langtidsplanen for forsking6 etter kulturelle perspektiv i forskinga på samfunnsutfordringar i vår tid. Sameleis har kunnskap om andre samfunnsområde relevans for utviklinga av kunnskap om kulturfeltet. Samarbeid og koordinering av innsats på FoU-området blir dermed viktigare i åra som kjem.

Forskingsrådet er den fremste forskingspolitiske rådgivaren regjeringa har, og skal implementere forskingspolitikken til regjeringa. Forskingsrådet vil vere ein viktig rådgivar for departementet i det vidare arbeidet med å følgje opp sektoransvaret for forsking.

12.3 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Leggje til rette for forsking og kompetanseutvikling på kulturfeltet og sikre tilfanget av relevant statistikk av høg kvalitet

  • Stimulere til langsiktig oppbygging av forskingsmiljø med solid kunnskap om kunst-, kultur- og mediesektoren, blant anna gjennom å føre vidare KULMEDIA-programmet

  • Arbeide systematisk med å integrere forsking og kunnskapsinnhenting i Kulturdepartementets verksemder

  • Finansiere langsiktig forsking av høg kvalitet, og sørgje for at det blir gjennomført evalueringar, utgreiingar og forskingsprosjekt av meir avgrensa karakter

  • Sørgje for at Kulturdepartementets underliggjande verksemder har planar for utvikling og bruk av kunnskap, statistikk og analysar som er tilpassa eigenarten og samfunnsoppdraget til verksemdene

  • Gi Norsk kulturråd i oppdrag å ta større ansvar for utvikling og produksjon av statistikk, utgreiing og analyse på kunst- og kulturområda

  • Samarbeide med andre departement, Noregs forskingsråd og underliggjande etatar om identifisering av kunnskapsbehov, gjennomføring av tiltak og formidling

13 Organisering og ansvarsdeling

Figur 13.1 

Figur 13.1

13.1 Felles nasjonalt ansvar

Dei nasjonale kulturpolitiske måla som blir presenterte i denne meldinga, skal i større grad vise at kulturpolitikken er ei nasjonal satsing der verkemiddel og tiltak på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå inngår.

Stortinget vedtok 8. juni 2017 at vi skal ha eit sterkt folkevalt nivå mellom stat og kommune. Eit ekspertutval oppnemnt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Hagenutvalet) la 1. februar 2018 fram sine råd om kva oppgåver dei nye fylkeskommunane bør ha. Utvalet foreslår omfattande overføringar av tilskotsmidlar frå Kulturdepartementets budsjett til fylkeskommunane. I Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner har regjeringa gitt ei vurdering av forslaga frå Hagenutvalet om overføringar av oppgåver til dei nye fylkeskommunane. I tråd med stortingsbehandlinga av forslaga på kulturområdet i Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå og Prop. 128 S (2016–2017) Kommuneproposisjonen 2018 er det lagt opp til at fylkeskommunane skal få eit større ansvar for kulturoppgåver, og at endringar skal gjerast i lys av kulturmeldinga, jf. Innst. 422 S (2016–2017).

I tilknyting til arbeidet med kulturmeldinga og som oppfølging av forslaget frå regjeringa i Prop. 84 S (2016–2017) har departementet gjennomført ei utgreiing av oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa på kulturområdet.7 I utgreiinga er forslaga til oppgåveoverføring frå Hagenutvalet vurdert saman med høyringssvar og innspel frå både kommunesektoren og kultursektoren. Dagens verkemiddel i den statlege kulturpolitikken er i stor grad baserte på økonomiske insentiv gjennom forvaltning av tilskot. Ei endra rollefordeling mellom forvaltningsnivåa, med overføring av oppgåver til fylkeskommunen og nedskalering av økonomiske bidrag frå staten, gjer det nødvendig å vurdere om det finst andre formålstenlege statlege styringsverktøy. Nasjonale omsyn i kulturpolitikken må vegast opp mot det fylkeskommunale og kommunale sjølvstyret. I utgreiinga er både økonomiske og juridiske verkemiddel vurderte, i tillegg til verkemiddel som regionalt planarbeid, fagleg dialog og samhandling. Prinsippa for oppgåve- og ansvarsdeling mellom forvaltningsnivåa som er foreslått i denne meldinga, byggjer på utgreiinga.

Oppgåveoverføringar frå staten til fylkeskommunane skal ha kulturpolitisk grunngiving og vere bidrag til å nå nasjonale kulturpolitiske mål. Departementet har teke utgangspunkt i den nye fylkesstrukturen som blei vedteken 8. juni 2017, i vurderinga av kva oppgåver som eignar seg for overføring til fylkeskommunane.

Desentralisering av oppgåver og delegering av ansvar for oppgåveløysing frå stat til kommunar og fylkeskommunar har vore eit sentralt element i kulturpolitikken frå midten av 70-åra. Mykje makt og mynde er derfor allereie desentralisert på kulturområdet. At avgjerder som har stor innverknad på lokalt og regionalt kulturliv, blir tekne einsidig på statleg nivå, kan vere eit demokratisk problem, fordi dette avgrensar det lokale og regionale handlingsrommet. Den nasjonale kulturpolitikken skal vere med på å fornye politikken på alle forvaltningsnivå og finne verkemiddel tilpassa lokale og regionale rammevilkår. Departementet ser det derfor som eit sjølvstendig kulturpolitisk mål å medverke til å spreie makt i kultursektoren.

13.1.1 Større ansvar til fylkeskommunane

Oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom dei ulike forvaltningsnivåa på kulturområdet er utvikla over tid og er i liten grad lovfesta.

Eit av måla med regionreforma er å styrkje samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane. Fylkeskommunen skal ha ein bindeleddsfunksjon i fleirnivåsystemet mellom staten og kommunane. Fylkeskommunane skal setje i verk eigen politikk, men òg nasjonal politikk i sin region. Det vil seie at fylkeskommunane må kunne påverke utviklinga i eige fylke gjennom eigne verkemiddel og tiltak, og gjennom mobilisering og samordning av aktørar med ressursar i fylket, jf. Meld. St. 22 (2015–2016) og Prop. 84 S (2016–2017). Eit større ansvar for kulturoppgåver hos fylkeskommunane vil gi rom for regionale vurderingar og prioriteringar. Samtidig kan måloppnåinga i kulturpolitikken bli betre, ved å sjå verkemiddel og tiltak både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå i samanheng.

Fylkeskommunane er i kontakt med fleire departement i arbeidet sitt, og gir uttrykk for at det er mangelfull koordinering og samhandling mellom ulike departement. Det er viktig at det er god samhandling mellom departement og ulike verksemder på nasjonalt nivå. Fylkeskommunane kan i kraft av samfunnsutviklarrolla si leggje til rette for prosessar som involverer eit breitt mangfald av aktørar.

Eit viktig kriterium for å fastsetje kva for oppgåver som bør overførast frå stat til fylkeskommune på kulturområdet, er den lokale og regionale forankringa til institusjonen, organisasjonen, aktiviteten eller arrangementet, jf. statlege retningslinjer for oppgåvefordeling. Dette gjeld ikkje berre i kva grad hovuddelen av publikummet er rekruttert regionalt eller lokalt, men òg kva som er hovudformålet og hovudaktivitetane til verksemda. Oppgåver som blir overførte til fylkeskommunen, vil framleis vere ein viktig del av den nasjonale kulturpolitikken, og kan vere viktig og relevant både på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Ved å overføre eit større ansvar for kulturoppgåver til fylkeskommunane ønskjer departementet å skape større politisk engasjement for dette politikkområdet på alle forvaltningsnivå.

13.1.2 Delt finansiering mellom stat og region

Stat, fylkeskommune og kommune finansierer i utstrekt grad dei same verksemdene og aktivitetane. Praksisen med delt finansiering er utvikla over tid. Ei slik ordning er likevel ikkje i tråd med prinsippa for oppgåvefordeling og statleg styring av kommunar og fylkeskommunar, som legg vekt på at ansvaret for ei oppgåve skal samlast på eitt forvaltningsnivå (totalansvarsprinsippet). Staten løyver driftstilskot til institusjonar i regionane etter faste fordelingsnøklar, og gir tilskot til andre tiltak og prosjekt der ein òg forventar regional medfinansiering, men der dette ikkje er avtalefesta. Det kan vere eit dilemma at statlege løyvingar kombinert med krav om eit regionalt eller lokalt bidrag set premissar for budsjetteringa i fylkeskommunane og kommunane. Dette blir forsterka dersom det skjer utan ein dialog i forkant.

Dagens ordning med låsemekanismar i statsbudsjettet som bind opp og avgrensar det kommunale sjølvstyret, er uheldig. Samtidig er det gode grunnar til å føre vidare ordninga med delt finansiering for verksemder med eit nasjonalt mandat. Dette gjer det mogleg for staten å oppretthalde økonomisk støtte til desse verksemdene, samtidig som fylkeskommunane får eit større ansvar. Delt finansiering er eit viktig verkemiddel i ein heilskapleg nasjonal kulturpolitikk som skal medverke til eit landsdekkjande profesjonelt kulturtilbod av ypparste kvalitet. Det gir blant anna institusjonane ei breiare forankring ved at dei står overfor fleire forvaltningsnivå. Blant aktørane i kultursektoren er det brei semje om at delt finansiering er viktig for å sikre dei profesjonelle kulturinstitusjonane og musea kunstnarisk og forskingsmessig fridom. Også i andre nordiske land praktiserer dei delt finansiering mellom stat og region for enkelte verksemder på kulturområdet, og dette synest å vere eit særtrekk ved den nordiske kulturpolitiske modellen. Delt finansiering mellom stat og region vil likevel vere unntaket, og må i kvart tilfelle vurderast opp i mot målet om at fylkeskommunane skal få eit større ansvar for kulturoppgåver.

Innanfor ordninga med delt finansiering kan ein endre den finansielle ansvarsdelinga mellom staten og fylkeskommunen, ved at staten overfører tilskotsmidlar til fylkeskommunane. Dette opnar opp for at fylkeskommunen kan få eit større ansvar for oppgåvene. Departementet vil vurdere ordningar med delt finansiering i samarbeid med den enkelte fylkeskommunen og opne for innspel frå kultursektoren. Når det gjeld samiske kulturinstitusjonar og museum med finansiering frå Sametinget, må fylkeskommunane involvere Sametinget i samarbeidet og dialogen, jf. samarbeidsavtalane mellom Sametinget og ulike fylkeskommunar.

13.1.3 Fagleg dialog og samhandling

Mangel på dialog og samhandling mellom forvaltningsnivåa på kulturområdet gjer at det i dag finst få gode arenaer for å drøfte problemstillingar og diskutere strategiske val og prioriteringar i den nasjonale kulturpolitikken. Dette er ei særleg utfordring på område der stat og region deler finansieringsansvaret.

Staten vil framleis vere med på å sikre og vidareutvikle eit godt og mest mogleg likeverdig kulturtilbod over heile landet. Eit større regionalt ansvar vil gi betre høve til å gjere lokale og regionale prioriteringar og dermed styrkje den lokale og regionale forankringa. Dette vil leggje til rette for vidare vekst og utvikling i kulturlivet som kjem innbyggjarane til gode.

Dagens situasjon med statleg tilskot til ei rekkje lokale og regionale tiltak utan at det er nokon etablerte strukturar for samhandling og dialog mellom forvaltningsnivåa, kan vere til hinder for god måloppnåing. Det er ønskjeleg å styrkje fylkeskommunane si rolle i den nasjonale kulturpolitikken, og leggje til rette for vidare vekst og utvikling med lokal og regional forankring. Systematisert dialog og samhandling vil vere eit viktig verktøy for å følgje opp nasjonale kulturpolitiske mål ved overføring av oppgåver og ansvar til fylkeskommunane. I desse prosessane er det òg viktig å leggje til rette for involvering og deltaking frå kultursektoren. I fylke i det samiske språkområdet og i saker som får følgjer for samiske institusjonar, er det òg viktig at Sametinget blir involvert i samarbeidet.

For å fremje ei berekraftig utvikling skal regjeringa kvart fjerde år utarbeide eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, jf. plan- og bygningslova § 6-1. Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging kan bidra til å støtte opp under nasjonale kulturpolitiske mål. Konsultasjonsordninga mellom regjeringa og kommunesektoren ved KS, er sentral i den formaliserte dialogen om statlege rammer og måloppnåing i kommunane og fylkeskommunane. Staten og KS kan gjennom konsultasjonsordninga etablere bilaterale avtalar for å medverke til måloppnåing på område som kommunane har ansvar for. KS har vedteke at dei vil styrkje organisasjonen som interessepolitisk aktør og utviklingspartnar for kommunar og fylkeskommunar på kulturfeltet. KS’ målsetjingar for arbeidet byggjer opp under regjeringa sitt mål om å styrkje den faglege dialogen og samhandlinga mellom forvaltningsnivåa på ein god måte.

13.1.4 Kulturlova

Lov 29. juni 2007 nr. 89 om ansvaret offentlege styresmakter har for kulturverksemd (kulturlova), slår fast at både staten, fylkeskommunane og kommunane har eit ansvar for «å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk», jf. § 1. Dette inkluderer eit ansvar for både «økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak» som kan medverke til å oppnå formålet, jf. §§ 3 og 4. Staten har ansvar for heile landet, mens fylkeskommunen og kommunen har ansvaret regionalt og lokalt. Samtidig blir det understreka i lova at forvaltningsnivåa har eit felles ansvar for «at kulturlivet har føreseielege utviklingskår», og for «å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar», jf. § 5.

Kulturlova er ei rammelov som understrekar det overordna ansvaret som offentlege styresmakter har for kulturverksemd lokalt, regionalt og nasjonalt. Då Stortinget vedtok lova, blei det lagt vekt på at ho ikkje måtte gi føringar som hindra nødvendige tilpassingar til lokale behov og endringar i kultursektoren. Lova gir handlingsrom til å utforme og gjennomføre ein kulturpolitikk som tek omsyn til regionale og lokale føresetnader. Ulempa er at lova i liten grad fungerer som eit styringsverktøy og derfor har liten innverknad på politikkutforminga lokalt og regionalt.

Departementet har gjort ein heilskapleg gjennomgang av kulturlovene. Det er ønskjeleg å halde på særlover med føresegner for enkeltområde som arkiv og bibliotek. Ny åndsverklov er vedteken. Det er sett i gang ei revidering av arkivlova og eit arbeid med ei språklov.

Departementet vil gjennomgå kulturlova med sikte på at ho skal vere eit styringsverktøy for oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa og reflektere nasjonale mål for kulturpolitikken. Det kan blant anna vere aktuelt å styrkje dei føresegnene i kulturlova som pålegg kommunar og fylkeskommunar eit ansvar for å fremje og leggje til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd gjennom økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak. Eitt alternativ kan vere å utvide kulturlova med planføresegner etter mønster frå folkehelselova. Intensjonen vil vere å styrkje og samordne planlegginga for kulturverksemd regionalt og lokalt og gi dette arbeidet ei tydeleg forankring på nasjonalt nivå, der staten òg er forplikta til å delta.

Departementet vil òg vurdere ei ny føresegn om armlengdsprinsippet i kulturlova. Det er alminneleg politisk semje om å leggje prinsippet om armlengds avstand til grunn på kulturområdet på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Likevel er det fleire aktørar som i høyringssvar og innspel har uttrykt uro for oppfølginga av dette prinsippet ved overføring av oppgåver frå staten til fylkeskommunane. Ei lovfesting kan medverke til å stadfeste at armlengdsprinsippet blir lagt til grunn av offentlege styresmakter. På den andre sida kan ei for streng regulering av armlengdsprinsippet gi nokre avgrensingar som kan vere uheldige for sektoren. Dette er omsyn som må vegast opp mot kvarandre. I tillegg til lovfesting kan det vere aktuelt at staten i samarbeid med kommunesektoren utarbeider ein felles strategi og plan for forankring av armlengdsprinsippet. Departementet vil følgje opp dette i bilaterale konsultasjonsmøte med KS, som er kommunesektorens organisasjon.

13.1.5 Rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar

Kommunar og fylkeskommunar har allereie ansvar for ei rekkje oppgåver på kulturområdet der dei står fritt til å prioritere midlar innanfor rammetilskotet. Det overordna målet med inntektssystemet er å medverke til at kommunane og fylkeskommunane kan gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane. Ved fordeling av rammetilskotet blir det tatt omsyn til variasjonar i utgiftene til kommunane og fylkeskommunane (utgiftsutjamning) og variasjonar i skatteinntektene (skatteutjamning). Fordeling av midlar gjennom rammetilskotet har klare fordelar med tanke på eit fungerande lokaldemokrati, som tilseier at oppgåver bør løysast ut frå lokale føresetnader og behov. Vidare følgjer finansiering gjennom inntektssystemet det finansielle ansvarsprinsippet om at det forvaltningsnivået som er tillagt ansvar og avgjerdsrett for ei oppgåve, også har ansvaret for å finansiere utgiftene til oppgåveløysninga. Ei utfordring med fordeling av midlar på kulturområdet er at eksisterande kulturinstitusjonar og -tiltak er ulikt fordelte i landet, ofte konsentrerte om dei større byområda. Den geografiske spreiinga av institusjonane har utvikla seg over lang tid, i eit samspel mellom offentlege styresmakter og kulturaktørane. Det overordna målet har vore å sikre innbyggjarane tilgang til eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod i ulike delar av landet. Det er viktig å gi fylkeskommunane høve til å føre vidare støtta til institusjonar som har stor nasjonal verdi og relevans, samtidig som det blir lagt til rette for ei vidare utvikling forankra i lokale og regionale føresetnader og behov. Ei generell overføring av tilskotsmidlar frå statens kulturbudsjett til fylkeskommunale rammetilskot, med ei fordeling som i hovudsak er baserte på innbyggjartal, vil gi ei kraftig omfordeling til folkerike regionar. Dette vil ikkje vere i tråd med overordna kulturpolitiske mål og føringar. Overføring av budsjettmidlar vil i hovudsak følgje rammestyringsprinsippet. I arbeidet med å overføre midlar til fylkeskommunane vil kriteria for fordeling mellom fylkeskommunane vurderast, inkludert dei samla omfordelingsverknadene og behovet for ei særskild fordeling av midlar til kulturoppgåver. Kulturdepartementet meiner det er nødvendig å vurdere løysingar som over lengre tid gjer det mogleg å halde oppe fordelinga av midlar ut frå den geografiske plasseringa av institusjonar og tiltak.

13.1.6 Institusjonar med eit nasjonalt mandat

Kunst og kultur med nasjonal relevans blir skapt i ulike delar av landet. Det finst ei rekkje kulturinstitusjonar i ulike delar av landet med eit profesjonelt kulturtilbod av høg kvalitet som forvaltar kulturarv og kunnskap og/eller som driv ei særskild verksemd av stor nasjonal verdi og relevans.

Departementet meiner at fleire verksemder av nasjonal verdi kan forvaltast godt i den lokale og regionale konteksten og av folkevalde organ nærmare der aktiviteten går føre seg. Departementet meiner samtidig at det er ei statleg oppgåve å medverke til at det finst sentrale kulturinstitusjonar i ulike delar av landet. Institusjonane utgjer ein sterk nasjonal infrastruktur for fri ytring og er viktige aktørar i arbeidet for å nå dei nasjonale kulturpolitiske måla.

Det skal gjerast faglege og skjønnsmessige vurderingar av kva for kulturverksemder som har ein slik posisjon av nasjonal verdi. Desse vurderingane skal gjerast saman med fylkeskommunar, kommunar og dei aktuelle institusjonane. I saker som vedkjem samiske institusjonar, er det òg viktig at Sametinget blir involvert. I vurderingane vil det blant anna bli lagt vekt på geografisk plassering og kva verksemd, historie og rolle institusjonane har i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Det vil òg bli lagt vekt på om verksemda i institusjonen krev sentrale avgjerder for å sikre vidare drift og utvikling, og om det er nødvendig med eit nasjonalt heilskapsgrep for å oppnå god oppgåveløysing, jf. statlege retningslinjer for oppgåvefordeling.

13.2 Vurderingar

Sterke faglege miljø på nasjonalt nivå med stimulerings- og utviklingsmidlar opnar for nasjonale satsingar og fagleg utvikling på tvers av fylkesgrensene. Departementet meiner at viktige nasjonale fagmiljø som medverkar til å sikre kulturarv, kvalitet og utvikling i sektoren, som hovudregel bør vere statlege. Departementet meiner det er særskilt behov for einskapleg styring og sentrale avgjerder for å få ei god oppgåveløysing med tanke på nasjonale fellestenester og digitale løysingar.

Staten vil ta ansvar for ordningar der tilskot blir fordelte ut frå vedtak som er gjorde på grunnlag av kunst- og kulturfagleg skjønn, basert på ein brei og samansett søkjarmasse frå heile landet. Med bakgrunn i dette meiner departementet at flesteparten av dagens ordningar under Norsk kulturråd bør førast vidare.

Tilskot til verksemder som er spesialiserte og/eller unike i nasjonal samanheng, bør etter departementets vurdering i hovudsak vere eit statleg ansvar. Kva for tiltak dette skal omfatte, vil vere ei fagleg og skjønnsmessig vurdering, der det blant anna må leggjast vekt på nyskaping og kulturtilbod som er retta mot særskilde grupper. Andre oppgåver som føreset eit nasjonalt overblikk, er stimulerings- og utviklingsmidlar som blir fordelte av faglege organ på nasjonalt nivå, og landsomfattande ordningar og nasjonale satsingar som blir forvalta av andre nasjonale aktørar.

Noko av det som er særeige med verkemiddelbruken på kulturfeltet, er at departementet fordeler tilskot til ei rekkje namngitte mottakarar på grunnlag av stortingsbehandlinga av statsbudsjettet. Dette kan vere ei formålstenleg og effektiv forvaltning så lenge gruppa av moglege tilskotsmottakarar er klart avgrensa og det er kjent kva vurderingar som ligg til grunn. Ei ulempe ved ordninga er at ho kan ha konserverande verknad ved at det i liten grad blir opna for nye aktørar, og at tiltak i ulike delar av landet ikkje kontinuerleg blir vurderte opp mot kvarandre ut frå fastsette mål og kriterium. Departementet vil i større grad leggje opp til prosessar der midlar blir fordelte på bakgrunn av eit regelverk med føresegner som byggjer på overordna mål og føringar som blir lagde fram for Stortinget. Dette vil vareta krav om offentlegheit og likebehandling i forvaltninga av tilskot.

Departementet meiner det vil vere rett å overføre meir av ansvaret for tilskotsforvaltninga til underliggjande verksemder. For å vareta eit nasjonalt overblikk på tvers av ulike område vil departementet særleg vurdere overføring av fleire oppgåver til Norsk kulturråd. Ei sentral oppgåve for Norsk kulturråd er å sørgje for god og formålstenleg forvaltning av offentlege tilskot. Dette gir unik innsikt i kva som rører seg i norsk kulturliv, og Kulturrådet arbeider aktivt med å gjere dette tilgjengeleg for vidare kunnskapsproduksjon, statistikk og analysar.

13.3 Prioriteringar og vidare oppfølging

Regjeringa vil arbeide vidare med organisering og ansvarsdeling etter denne innretninga:

  • Gi fylkeskommunane større ansvar for kulturoppgåver på regionalt nivå:

    • Overføre dagens tilskotsmidlar til tiltak og arrangement som har sterk lokal og regional forankring, og som ikkje har ein etablert posisjon på nasjonalt nivå

    • Sikre ei fordeling av midlar som blir overførte til fylkeskommunane der ein unngår uheldige omfordelingskonsekvensar

  • Føre vidare prinsippet om delt finansiering mellom stat og region for eit nasjonalt nettverk av profesjonelle musikk- og scenekunstinstitusjonar med minst éin institusjon i kvart fylke, i tillegg til musea i det nasjonale museumsnettverket

    • Avslutte ordninga med faste fordelingsnøklar knytte til statens budsjettvedtak

    • Auke den fylkeskommunale prosentdelen, slik at den regionale prosentdelen normalt utgjer hovuddelen av tilskotet til kulturinstitusjonar med delt finansiering. Departementet vil gå i dialog med kvar enkelt fylkeskommune, med sikte på å komme til semje om prosentfordelinga av statleg versus regional finansiering

    • Vurdere om den statlege finansieringa av kulturverksemder som fylkeskommunane heretter får hovudansvaret for, skal innrettast med forskriftsfesta tilskotsordningar

  • Initiere systematisert dialog mellom Kulturdepartementet og fylkeskommunane, inkludert årlege kontaktmøte med brei deltaking frå kultursektoren og offentlege styresmakter på ulike forvaltningsnivå

  • Bruke konsultasjonsordninga mellom kommunesektoren (KS) og regjeringa som eit verktøy for å sikre dialog om måloppnåing

  • Gjennomgå kulturlova med sikte på å styrkje kulturområdet som del av kommunal og regional planlegging, styrkje samhandlinga mellom forvaltningsnivåa og sikre armlengdsprinsippet

  • Vurdere å tydeleggjere nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging i tråd med dei nasjonale kulturpolitiske måla, jf. plan- og bygningslova § 6-1

  • Staten skal framleis ha ansvar for oppgåver som krev eit nasjonalt overblikk for å bli løyste på ein god måte:

    • Føre vidare tilskotsordningar der vedtak blir gjorde på grunnlag av kunst- og kulturfagleg skjønn ut frå ein brei søkjarmasse frå heile landet. Dette omfattar flesteparten av dagens ordningar under Norsk kulturråd

    • Halde oppe nasjonale fagmiljø, fellestenester og stimulerings- og utviklingsmidlar som gir høve til nasjonale og internasjonale satsingar

    • Føre vidare tilskot til verksemder som er spesialiserte og/eller unike i nasjonal samanheng, og tilskot til det arbeidet landsomfattande frivillige organisasjonar gjer for å styrkje og byggje opp under lokal og regional aktivitet

14 Økonomiske og administrative konsekvensar

Oppfølginga av denne meldinga vil kunne skje ved omprioritering av tilgjengelege ressursar til kulturformål. Alle tiltak, strategiar og prioriteringar som blir omtalte i meldinga, kan gjennomførast innanfor dei gjeldande ressursrammene.

Økonomiske og administrative konsekvensar av endra oppgåvefordeling må handterast i ordinære budsjettprosessar. Ei overføring av oppgåver mellom forvaltningsnivåa vil bli følgd opp av rammeoverføringar innanfor ei samla uendra utgiftsside på statsbudsjettet. Flytting av oppgåver mellom forvaltningsnivåa vil følgje det finansielle ansvarsprinsippet. Det inneber at overføring av oppgåver skal følgjast av tilsvarande overføring av budsjettmidlar. Ei innlemming av tilskotsmidlar frå statens kulturbudsjettet til fylkeskommunale rammetilskot, med ei fordeling som i hovudsak er basert på innbyggjartal, vil i utgangspunktet gi ei omfordeling til folkerike regionar som ikkje kan forsvarast. I arbeidet med å overføre midlar til fylkeskommunane vil kriteria for fordeling mellom fylkeskommunane vurderast, inkludert dei samla omfordelingsverknadene og behovet for ei særskild fordeling av midlar til kulturoppgåver. Det er blant anna nødvendig å vurdere løysingar som over lengre tid gjer det mogleg å halde oppe fordelinga av midlar ut frå den geografiske plasseringa av institusjonar og tiltak.

Fotnotar

1.

Noregs forskingsråd (2018). Innovasjon i offentlig sektor. Forskningsrådets strategi 2018–2023.

2.

Skaparverkstader/folkeverkstader blir oftast omtalte som «makerspaces». Det er møteplassar der kunstnarar, gründerar, teknologar og andre møtest for å skape, dele erfaringar og kunnskap og utveksle idear. Skaparverkstader/folkeverkstader er dynamiske og blir forma og forandra etter dei personane som deltek, og behova som finst og oppstår. Ofte fokuserer slike verkstader i stor grad på teknologi.

3.

Jf. Espelien, Anne (2011). Kulturnæringens betydning for norsk økonomi: Status og utvikling 2000–2009.

4.

Jf. Gran, Anne-Britt, Øyvind Torp og Marcus Gjems Theie (2015). Kreativ næring i Norge 2008–2014. BI Centre for Creative Industries.

5.

Kulturdepartementet (2018). Utredning om samisk kunst og kultur på arenaer i Norge.

6.

Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028.

7.

Kulturdepartementet (2018) Utredning av oppgave- og ansvarsfordelingen mellom forvaltningsnivåene på kulturområdet.

Til forsida