Meld. St. 8 (2018–2019)

Kulturens kraft — Kulturpolitikk for framtida

Meldinga viser den overordna politiske retninga for kulturpolitikken framover, gjer greie for prioriteringar og presenterer nye nasjonale kulturpolitiske mål. Måla skal vise at kulturpolitikken er ei nasjonal satsing, der verkemiddel og tiltak både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå høyrer med. Hovudbodskapen i meldinga er at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og at eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati. Det å ta del i kulturaktivitetar er verdifullt for den enkelte, og inneber òg at ein blir vand med å møte eit mangfald av meiningar og ytringsformer. Slik kan kulturlivet fremje toleranse og forståing for andre og skape refleksjon og innsikt om verdiar, identitet og samfunn. Kulturmeldinga foreslår prinsipp for oppgåve- og ansvarsfordeling mellom forvaltningsnivåa. Dette er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2018–2019) Oppgaver til nye regioner, som varslar at fylkeskommunane skal få eit større ansvar for kulturoppgåver.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no