Meld. St. 8 (2021–2022)

Noregs fiskeriavtalar for 2022 og fisket etter avtalane i 2020 og 2021

Til innhaldsliste

3 Fiskeriavtalane for 2022

3.1 Oversikt over avtalane

Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltinga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltinga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonane der Noreg deltek.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltingsforum:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming;

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar;

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet

Figur 3.1 Måla for det internasjonale fiskerisamarbeidet

3.2 Rammeavtalar og overeinskomstar med andre statar

Noreg har ført forhandlingar og inngått avtalar for 2022 med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane og Grønland. Det er òg ført forhandlingar og inngått avtalar med EU, på vegne av Danmark og Sverige, om fiske i Skagerrak og Kattegat og med EU, på vegne av Sverige, om svensk fiske i den økonomiske sona til Noreg. Noreg har òg samarbeid med Island om kvotebyte og oppfølging av Smottholavtalen.

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige avtalane Noreg har med andre land

Figur 3.2 Oversikt over dei tosidige avtalane Noreg har med andre land

Figur 3.2 gjev ei oversikt over dei tosidige avtalane Noreg inngår.

Fleirparts kyststatsavtalar

Forhandlingane om kyststatsavtalane gjeld forvaltning og fordeling. Noreg har teke del i kyststatsforhandlingar om dei store vandrande bestandane makrell, norsk vårgytande sild og kolmule for 2022. Partane blei samde om totalkvote for dei tre bestandane, men nådde ikkje ein avtale om fordeling av andelar til statane. Noreg har også forhandla om og inngått ein avtale med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. I tillegg er det forhandla om fleirsidige avtalar om forvaltninga av snabeluer i Irmingerhavet med ulike partar. Figur 3.3 gjev ein oversikt over dessa avtalane.

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek

Figur 3.3 Oversikt over kyststatsavtalane der Noreg deltek

Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar

FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar på det opne havet, å delta i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. Noreg legg stor vekt på det internasjonale samarbeidet om fiskeriforvalting og deltek i fleire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar – dei såkalla RFMO-ane. I tillegg deltek vi aktivt i nokre globale organisasjonar. Ei oversikt over organisasjonane Noreg deltek i, finst i figur 3.4.

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar som Noreg deltek i

Figur 3.4 Oversikt over internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar som Noreg deltek i

Delegasjonane

Når Nærings- og fiskeridepartementet utnemner delegasjonar til dei ulike fiskeriforhandlingane, ligg det ei balansert vurdering til grunn. Det blir lagt vekt på at partane forhandlingane vedkjem, skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane hatt representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet. I tillegg deltek representantar frå dei ulike næringsorganisasjonane. Dei seinare åra har òg KS, Troms og Finnmark statsadvokatembete, Kystvakta og Sametinget vore medlemmer av delegasjonen til dei tosidige forhandlingane med Russland. Det blir vurdert frå år til år kven forhandlingane er relevante for.

3.2.1 Noreg – Russland

Fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland er formalisert gjennom avtalen av 11. april 1975 om samarbeid innan fiskerinæringa og avtalen av 15. oktober 1976 om gjensidig fiskerisamarbeid. Avtalane regulerer ei gjensidig plikt til samarbeid om praktiske spørsmål innanfor fiskeriforvaltinga og til å gjennomføre konsultasjonar om desse spørsmåla, med særleg vekt på tiltak for å ta vare på bestandane og koordinere fiskerivitskapleg forsking.

Med bakgrunn i avtalane har Noreg og Russland gjennom Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon ført årlege forhandlingar om totalkvotar og reguleringstiltak for bestandane vi deler i Barentshavet. Til fellesbestandane reknar vi nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde.

Partane fastset totalkvotar og fordeler kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Partane avtalar òg gjensidig rett til å delta i fisket i sonene til kvarandre og byter kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. I tillegg omfattar avtalane harmonisering av teknisk regelverk, og det blir utarbeidd felles fiskerivitskapleg forskingsprogram. Noreg og Russland har forvaltingsreglar for torsk, hyse og lodde som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. I 2016 vart reglane reviderte. Det vart vedteke ny forvaltingsregel på torsk, medan dei gjeldande reglane for hyse og lodde vart vidareførte. Alle forvaltingsreglane skal liggje fast i fem år. Partane vart i 2021 einige om å føre vidare forvaltingsreglane for torsk og hyse for fem nye år. Partane er einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner, men drøftar resultata frå felles forskingsinnsats om krabben på dei årlege sesjonane.

Partane er einige om at snøkrabben er ein sedentær art underlagd høvesvis norsk og russisk sokkeljurisdiksjon, og at eit uttrykkjeleg samtykke frå kyststaten er nødvendig for å kunne drive fiske på arten. Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk og nordaustarktisk hyse fordelte med 50 prosent til kvar av partane Russland og Noreg. Loddekvoten er fordelt med 60 prosent til Noreg og 40 prosent til Russland. Kvoten for blåkveite er fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til tredjeland for fiske i fiskevernsona ved Svalbard. I 2014 vart Noreg og Russland også einige om fordelinga av snabeluerbestanden. Etter dette er snabeluerkvoten fordelt med 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland og 10 prosent til tredjeland.

Dei siste åra er det lagt stor vekt på å utvikle felles tekniske reguleringstiltak for fisket i Barentshavet og Norskehavet. Tiltaka er baserte på vitskaplege analysar. Det er også utvikla ein felles metodikk for å analysere det totale uttaket av torsk og hyse i Barentshavet.

Figur 3.5 Delegasjonsleiarane Ilja Vasiljevitsj Sjestakov og Morten Berg ved underskrivinga av den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2022

Figur 3.5 Delegasjonsleiarane Ilja Vasiljevitsj Sjestakov og Morten Berg ved underskrivinga av den norsk-russiske fiskeriavtalen for 2022

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

2022-avtalen

Kvoteavtalen for 2022 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Oslo og Moskva 15. oktober 2021, på den 51. sesjon til Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon. På grunn av covid-19- pandemien vart kommisjonsmøtet halde som videokonferanse. Den avtalte totalkvoten for fellesbestandane og fordelinga mellom Noreg, Russland og tredjeland er ført opp i tabell 3.1. Tabellane 3.2 og 3.3 på neste side viser ei oversikt over norske kvotar i russisk økonomisk sone og russiske kvotar i norsk økonomisk sone.

Tabell 3.1 Fastsette kvotar1 for fellesbestandane i Barentshavet i 2022 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til Noreg

Kvotar til Russland

Kvotar til tredjeland

Nordaustarktisk torsk2

708 480

300 605

309 605

98 270

Nordaustarktisk hyse

178 532

88 130

79 130

11 272

Blåkveite

25 000

12 975

11 085

940

Lodde70 00041 95028 050

Snabeluer

67 210

46 391

14 098

6 721

1 Kvotar etter byte av kvotar, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.

2 Inklusive forskingsfangst, eksklusive norsk kysttorsk.

Tabell 3.2 Norske kvotar i russisk økonomisk sone i 2022 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

47 000

Blåkveite

12 225

Lodde41 700

Snabeluer

46 391

Reker

4 650

Grønlandssel

7 000 dyr

Steinbitar

2 500

Flyndrer

200

Andre artar

500

Tabell 3.3 Russiske kvotar i norske havområde i 2022 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Torsk

200 000

Hyse

47 000

Blåkveite

10 335

Lodde27 800

Sei

12 705

Steinbitar

5 000

Uer og snabeluer

16 298

Kolmule

13 102

Norsk vårgytande sild

76 739

Andre artar

2 500

Partane vart einige om ein totalkvote for nordaustarktisk torsk på 708 480 tonn i 2022. Dette inneber ei vidareføring av forsvarleg og berekraftig forvalting av bestanden. Totalkvoten er fordelt mellom Noreg, Russland og tredjeland etter same mønster som tidlegare år. Dette er ein nedgang på 177 120 tonn frå kvoten for i fjor. Den norske kvoten for 2022 er 397 635 tonn, inkludert 21 000 tonn kysttorsk og 7 000 tonn avsett til forsking. For nordaustarktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 178 532 tonn. Dette er ein nedgang på 54 005 frå 2021. Noreg og Russland vedtok også eit ekstra høve til overføring av ubrukt kvote av torsk frå 2021 til 2022. Vedtaket inneber at overføringsgraden som eit eingongstilfelle er auka frå 10 prosent til 15 prosent. Bakgrunnen for dette er dei utfordringane koronaviruspandemien har skapt for fiskerinæringa i 2021.

Noreg har tradisjonelt gjeve Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i vår økonomiske sone. Dette er både fordi fisken er større lenger vest, og fordi ei vestleg fordeling av fisket gjer kontrollen enklare. Avtalen for 2022 gjev mellom anna partane rett til å fiske inntil 200 000 tonn torsk i kvarandre sine soner.

Det vart bestemt å opne for eit loddefiske i 2022 innanfor ein totalkvote på 70 000 tonn, i tråd med forvaltingsregelen. Den norske kvoten utgjer 41 950 tonn. Dette er første gong sidan 2018 at det blir opna for eit loddefiske.

Det vart òg fastsett ein totalkvote for blåkveite på 25 000 tonn i 2022, ein nedgang på 2000 tonn frå 2021.

For snabeluer er kvoten sett til 67 210 tonn for 2022. Det er ein auke på 1 052 tonn frå 2021.

Noreg og Russland vart òg samde om å starte arbeidet med ein forvaltingsplan for reker.

Marin forureining blir sett på som ei stadig større global utfordring, og det er òg eit veksande problem i Barentshavet. Partane er einige om å kjempe mot marin forureining som kjem frå fiskeriaktivitet, gjennom erfaringsutveksling.

Kontrollsamarbeid

Noreg og Russland har sidan starten av 1990-åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til å omfatte forvaltings- og kontrollspørsmål. I 1993 vart Det permanente utval for forvaltings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren (DPU) etablert under Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. DPU er eit samarbeid mellom dei utøvande fiskeristyresmaktene i begge land. I dag samarbeider kontrollstyresmaktene i dei to landa tett og utvekslar informasjon om fangst- og landingsdata. Dette inkluderer fast utveksling av informasjon om omlasting til havs og landingar i tredjelandshamner av fisk som høyrer til fellesbestandar i Barentshavet og Norskehavet.

Noreg og Russland er einige om å halde fram med samarbeidet om inspeksjonar av fiskefartøy både i NEAFC sitt reguleringsområde og i Barentshavet. Begge landa gjev difor inspektørar høve til å vere på den andre parten sine fartøy for å observere under inspeksjonane.

Noreg og Russland er òg einige om å føre vidare arbeidet i analysegruppa, som er samansett av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta, Det føderale fiskeribyrået si territoriale avdeling for Barentshavet og Kvitsjøen og Russlands sikkerheitsstyresmakt si grenseavdeling i Murmansk fylke. Analysegruppa samkøyrer informasjon på fartøynivå både for norske og russiske fartøy og har vore sentral i arbeidet mot ulovleg fiske i Barentshavet, som var eit stort problem fram til midten av 2000-talet. Det er i åra 2009–2020 ikkje avdekt ulovleg overfiske av torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet.

Ulike grupper i Fiskerikommisjonen har dei siste åra arbeidd med å harmonisere det tekniske regelverket for fisket i Barentshavet og Norskehavet og med spørsmål knytte til utkast av fisk.

3.2.2 Noreg – EU – Storbritannia

Fleire av bestandane i Nordsjøen vandrar mellom fiskerisoner i Noreg, EU og Storbritannia. Bestandar som tidlegare vart forvalta i fellesskap mellom EU og Noreg, må no forvaltast mellom Noreg, EU og Storbritannia. Dette samarbeidet bør, slik Noreg ser det, formaliserast i ein overordna rammeavtale mellom partane. Eit slikt rammeverk er førebels ikkje forhandla fram, men partane har, med grunnlag i den folkerettslege plikta om å samarbeide om forvalting av bestandar som vandrar mellom fleire fiskerisoner, møttest for å semjast om totalkvotar for nordsjøbestandane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild. I tillegg var andre forvaltingsspørsmål på agendaen. Det er avtalt at arbeidet med ein treparts rammeavtale skal starte i 2022.

Etter fleire rundar underteikna partane ein trepartsavtale 10. desember 2021 om kvotar for 2022.

Noreg og EU har tidlegare hatt forvaltingsplanar for fellesbestandane i Nordsjøen som skal ta seg av omsynet til ei forsvarleg forvalting og bidra til føreseielege rammer. Desse planane er eit viktig verktøy for forvaltarane, men dei seinare åra har Noreg og EU ikkje blitt einige om felles planar. Når forvaltinga no blir mellom tre partar, er forvaltingsplanar endå viktigare, og i avtalen for 2022 har partane avtalt å prioritere arbeidet med forvaltingsplanar for nordsjøsild, torsk og sei.

Partane er også einige om å arbeide for å forbetre fiskemønsteret i Nordsjøen. Det er mellom anna viktig å minske utkast gjennom bruk av tekniske reguleringar som stengde felt og stengde periodar, og å gjere selektiviteten i fiskereiskap betre.

Noreg, EU og Storbritannia skal også styrkje samarbeidet om kontroll og fører vidare arbeidsgruppe om kontroll for nordsjøbestandane.

Kvotane er ein del endra samanlikna med 2021. Seikvoten er sett ned med 24 prosent og er på 44 950 tonn. Kvoten på nordsjøsild vart på 427 628 tonn, noko som er opp 20 prosent.

Det står dårleg til med torsken i Nordsjøen og Skagerrak, og torskekvoten vart sett på same nivå som i fjor på 13 246 tonn, der den norske kvoten er 2 252 tonn før avsetningar. Torskekvoten er dermed på eit rekordlågt nivå også i 2022, og det blir eit nytt krevjande år for norske fiskarar, men det er dessverre også nødvendig.

Ein låg kvote aleine vil ikkje byggje opp igjen bestanden. Det blir difor satsa på fleire tiltak for å hindre utkast og betre vernet av småtorsk.

Tabell 3.4 Kvotar for felles forvalta bestandar i Nordsjøen i 2022 (tonn)

Fiskeslag

Totalkvote

Kvotar til Noreg

Kvotar til EU

Kvotar til

Storbritannia

Torsk

13 246

2 252

5 060

5 934

Hyse

44 924

10 333

6 159

28 432

Sei

44 950

23 373

16 564

5 012

Kviting

26 636

2 664

7 842

16 131

Raudspette

125 692

8 798

83 623

33 271

Nordsjøsild

427 628

124 012

222 281

81 335

3.2.3 Noreg – EU

Avtalen om byte og tilgang i Nordsjøen og andre område

Noreg og EU har sidan 1978 inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vestom Dei britiske øyane og EU sitt fiske i den økonomiske sona til Noreg i Barentshavet. Noreg blir òg tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Dei årlege kvoteavtalane har grunnlag i ein bilateral rammeavtale som tredde i kraft i 1980. Avtalen inneheld føresegner om forvalting av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis i mange år hatt eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, men dette ansvaret ligg no, som tidlegare nemnt, på alle tre partar, inklusive Storbritannia.

Eit viktig element i kvoteavtalen har vore byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vestom Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet har tradisjonelt sett vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået er òg avhengig av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dette har no endra seg, då mykje av dei kvotane Noreg bytte til seg frå EU, vart fiska i britisk farvatn. Når britane no ikkje lenger er ein del av EU, endrar byteforholdet seg noko.

Kontroll

Arbeidet for kontroll og overvaking av ressursuttaket er ei viktig oppgåve. Samarbeidet om kontroll mellom Noreg og EU omfattar til dømes utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeriaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar som kontrollerer og overvaker fartøy på sjøen, og satellittsporing av fiskefartøy. I tillegg til satellittsporing er elektronisk fangstrapportering viktig i samband med kontroll.

Noreg og EU har ein avtale om elektronisk utveksling av fangst- og aktivitetsdata ved fiske i kvarandre sine soner, og det blir lagt særleg vekt på kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

2022-avtalen

Då totalkvotane er avtalte i trepartsavtalen, vart byte av kvotar det som tok mest tid mellom Noreg og EU. EU har mindre fisk å byte frå seg når dei britiske farvatna ikkje lenger er ein del av EU sitt felles hav. Ein brukte mykje tid for å finne eit kompromiss, men 10. desember kunne Noreg og EU underteikne avtalen om byte og tilgang i Nordsjøen.

Tabellane 3.5–3.7 viser byte av kvotar mellom Noreg og EU, kvotar til EU av norske bestandar nord for 62º N og kvotar til Noreg frå EU i sona til Grønland.

Tabell 3.5 Byte av kvote mellom Noreg og EU i Nordsjøen og andre område i 2022 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar til Noreg i EU-sona

Kvotar til EU i norsk sone

Sei

125

Lange

700

Brosme

50

Brisling

10 000

Reker

200

Lysing

2 000

Andre artar

500

2 500

Tunge

10

Breiflabb

1 000

Sjøkreps

200

Kolmule

31 500

Tabell 3.6 Kvotar til EU på eksklusive norske bestandar nord for 62º N i 2022 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar

Norsk-arktisk torsk

10 259

Norsk-arktisk hyse

450

Sei

700

Blåkveite (bifangst)

100

Anna (bifangst)

100

Tabell 3.7 Kvotar til Noreg frå EU i Grønland si sone i 2022 (tonn)

Fiskeslag

Kvotar til Noreg

Reker

1 701

Blåkveite

1 200

Skolest og isgalt

95

Lodde1

69 623

1 Loddekvoten kan fiskast på Island.

Tabell 3.8 Kvotar i Skagerrak og Kattegat i 2022 (tonn)

Fiskeslag

TAC

Kvotar til

Noreg

Kvotar

til EU

Torsk

1 893

61

1 832

Hyse

2 761

116

2 645

Kviting

929

17

912

Raudspette

16 816

336

16 480

Reker

3 888

1 812

2 076

Sild

25 021

3 337

21 684

Brisling

19 529

1 465

18 064

Avtalen om fiske i Skagerrak/Kattegat

EU forhandlar om fiske i Skagerrak på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 10. desember 2021 einige om ein avtale for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2022. Tabell 3.8 viser fordelinga av kvotane.

Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 6 659 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2022. Norske fiskarar kan i 2022 fiske inntil 100 prosent av den norske Skagerrak-kvoten på sild i Nordsjøen.

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat har tidlegare bygd på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. Ifølgje denne avtalen var farvatnet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som opne hav. I dag har landa territorialfarvatn på 12 nautiske mil og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje opne hav i Skagerrak. Med sikte på å endre rammeverket slik at det vart i tråd med moderne havrett, starta Noreg difor ein prosess som etter kvart resulterte i at Noreg sa opp Skagerrak-avtalen i 2009. Overeinskomsten tok slutt 7. august 2012. Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.

Tabell 3.9 Kvotar til Sverige i norske farvatn i Nordsjøen i 2022 (tonn)

Norsk økonomisk sone sør for 62ºN

Kvotar

Torsk

382

Hyse

707

Sei

880

Lyr og kviting

190

Reker

123

Sild

991

Makrell

283

Industrifisk (augepål, kolmule, tobis)

800

Sverige-avtalen

Utvidinga av norsk fiskerijurisdiksjon i 1977 fekk også noko å seie for svenske fiskarar som hadde hatt eit tradisjonelt fiske i Nordsjøen i område som etter 1977 inngjekk i Noregs økonomiske sone. Desse fiskarane hadde ikkje alternativt driftsgrunnlag langs svenskekysten. Dette var bakgrunnen for at Noreg tilbaud Sverige ein nabolandsavtale om fiskeri, som sikra svenske fiskarar retten til å halde fram med eit avgrensa fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje blitt opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2022 vart underskriven av Noreg og EU 10. desember 2021. Sjå tabell 3.9 for ei oversikt over kvotane. Kvotane er med nokre få små endringar ei vidareføring av nivået frå 2021.

3.2.4 Noreg – Storbritannia

Noreg og Storbritannia inngjekk i 2020 ei overordna rammeavtale om fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan inngå avtalar om sonetilgang og kvotebyte, og vidare inneheld rammeavtalen føresegner om berekraftig ressursutnytting, samarbeid om forsking, kontroll og lisensiering.

Forholdet mellom Noreg og Storbritannia på fiskeriområdet er godt. Vi har tidlegare samarbeidd om kontroll av norske og britiske fartøy som fiskar i statane sine respektive jurisdiksjonsområde. Langt på veg deler òg Noreg og Storbritannia synet på overordna prinsipp for fiskeriforvalting, som no kjem til uttrykk i den nye rammeavtalen.

Etter at Storbritannia tredde ut av EU og frå 1. januar 2021 og ikkje lenger var omfatta av EUs felles fiskeripolitikk (EU Common Fisheries Policy, CFP), har landet blitt ein viktig kyststat for bestandar som er delte mellom Noreg, Storbritannia og andre kyststatar i Nordaust-Atlanteren. Tradisjonelt har tilgang til å fiske i farvatn som no er britiske jurisdiksjonsområde, vore viktig for Noreg.

Noreg og Storbritannia lukkast ikkje med å komme i hamn med ein avtale om tilgang og kvotebyte for 2021. Etter fleire rundar hausten 2021 inngjekk Noreg og Storbritannia ein bilateral avtale for 2022. Det er den første bilaterale fiskeriavtalen med Storbritannia. For botnfisk vart det ein ny type avtale. I Nordsjøen som også dekkjer områda rundt Shetland, har vi avtalt tilgang til ein samlekvote på 30 000 tonn botnfisk i kvarandre sine farvatn. Vi har difor i den norske reguleringa delt denne på ulike fiskeartar som sei, lange, brosme, torsk, hyse, lysing mv. Målet er å føre vidare fisket slik det var tidlegare.

Lenger vest i britisk farvatn har Noreg bytt til seg 1 200 tonn lange og 650 tonn brosme, pluss nokre kvotar til å dekkje bifangst. I tillegg til dei 30 000 tonna har Storbritannia bytt til seg nokre mindre kvotar av breiflabb, lysing og kviting mv. I norsk økonomisk sone i Barentshavet har britane bytt til seg 500 tonn torsk.

Når det gjeld det pelagiske fisket, fekk Noreg ein avtale om tilgang til å fiske 17 000 tonn nordsjøsild i britisk farvatn, medan Storbritannia fekk tilgang til å fiske 17 000 tonn norsk vårgytande sild i norsk farvatn. Denne tilgangen vil Noreg søkje å betre framover når vi byggjer vidare på forholdet vårt til Storbritannia.

Hausten 2021 var det også ført samtalar med Storbritannia om ei forståing om fiske i dei nordlege farvatna.

Storbritannia har i denne forståinga stadfesta at dei ikkje vil drive fiske i dei nordlege farvatna (dei såkalla ICES-områda 1 og 2) ut over kvotar tildelte av kyststatane (Noreg og Russland) eller etter samarbeid og konsultasjonar med desse kyststatane, med unntak for fiske i internasjonalt farvatn i Norskehavet (Smutthavet) på bestandar som Storbritannia sjølv er kyststat til. Storbritannia har også stadfesta at dei anerkjenner Noreg sine suverene rettar og jurisdiksjon i fiskevernsona ved Svalbard. Dette er uavhengig av den ulike forståinga som Noreg og Storbritannia har av det geografiske verkeområdet for regelen om likehandsaming ved fiske i Svalbardtraktaten.

Noreg har stadfesta at vi til gjengjeld vil tildele ein viss kvote av torsk til britiske fartøy i fiskevernsona ved Svalbard, innanfor den avsetjinga som blir gjord for slikt fiske frå tredjelandsfartøy i denne sona i kvotefordelinga avtalt mellom Noreg og Russland, så lenge Storbritannia held seg til denne forståinga.

Dette vil byggje opp under den eksisterande forvaltingsmodellen i desse områda, gjennom samarbeidet mellom Noreg og Russland, og bidra til å sikre at totalkvotane for dei ulike bestandane ikkje blir overfiska. Storbritannia har i forståinga anerkjent at dette norsk-russiske samarbeidet har sikra berekraftige fiskeri.

3.2.5 Noreg – Færøyane

Noreg og Færøyane vart 7. desember 2021 einige om ein tosidig avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte for 2022. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1979 om gjensidige fiskerettar. Strukturen i bytet går grovt sett ut på at Færøyane får torsk, sei og hyse i Barentshavet, medan Noreg får botnfisk og makrell av Færøyane. I tillegg får Noreg fiske delar av sin kolmulekvote i færøysk fiskerisone mot at Færøyane får fiske noko torsk og hyse som dei har bytt til seg frå Russland i norske farvatn.

Norske fiskarar får ein kvote for 2022 på 3 000 tonn lange/blålange, 1 500 tonn brosme og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg får også 6 600 tonn makrell. Makrellkvoten kan også fiskast i den økonomiske sona til Noreg eller på det opne havet. I tillegg kan norske fartøy fiske 31 920 tonn kolmule av Noregs kolmulekvote i færøysk fiskerisone. Færøyane får ein kvote på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar i norsk økonomisk sone. Av kvotar som dei har fått gjennom byteavtalen med Russland, kan Færøyane i tillegg fiske opp til 3 790 tonn torsk og 200 tonn hyse i norske farvatn.

3.2.6 Noreg – Grønland

Noreg og Grønland vart 30. november 2021 einige om ein tosidig avtale om gjensidige fiskekvotar for 2022. Avtalen byggjer på ein rammeavtale frå 1992. Samarbeidet på fiskeriområdet med Grønland fungerer godt og omfattar også kontrollsamarbeid og forskingssamarbeid. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg tradisjonelt mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Grønlandske fiskarar får i 2022 ein kvote på 4 000 tonn nordaustarktisk torsk, 750 tonn arktisk hyse, 650 tonn arktisk sei og inntil 425 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite) i havområda under norsk jurisdiksjon. Som ein del av avtalen kan grønlandske fiskarar ta delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelte av Russland i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN, under føresetnad av at Russland godtek ei slik ordning.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noreg og Russland sine jurisdiksjonsområde.

I 2022 kan Noreg fiske følgjande kvantum i sona til Grønland:

  • Ved Vest-Grønland: 900 tonn blåkveite

  • Ved Aust-Grønland: 375 tonn blåkveite, 500 tonn uer fiska med botntrål/line, 540 tonn brosme, 150 tonn skolest, 30 tonn kveite og 325 tonn bifangst av andre artar

  • Ved Aust- og Vest-Grønland: 1 350 tonn torsk

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen er vidareført i 2022. Forskingssamarbeidet blir vidareført i tråd med rammeavtalen frå 1992.

3.2.7 Noreg – Island (Smottholavtalen)

Noreg, Island og Russland inngjekk i 1999 ein trepartsavtale om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholavtalen). Gjennom denne avtalen greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet. Ein protokoll til Smottholavtalen regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg. Etter denne protokollen får Island tildelt eit kvantum nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62ºN.

Island kan etter dette fiske 6 438 tonn nordaustarktisk torsk i Noreg si økonomiske sone nord for 62º N i 2022. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 prosent. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone. Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten blir justert i takt med totalkvoten for nordaustarktisk torsk. For 2022–2023-sesongane er den norske loddekvoten relatert til Smottholavtalen på 24 595 tonn etter det førebelse kvoterådet frå ICES. Departementet gjer merksam på at den samla norske loddekvoten av denne bestanden er større, idet Noreg også har ein del som kyststat gjennom fiskerisona ved Jan Mayen. Det er også slik at lodde kan inngå i kvotebytet med EU, ved at EU har fått lodde frå Grønland gjennom avtale dei har med Grønland.

Det endelege rådet, og dermed om det blir loddefiske i 2022–2023-sesongen, kjem seinare. Dersom det ikkje blir loddefiske, skal «partene innlede forhandlinger om alternativ kompensasjon», ifølgje avtalen. Dei siste gongane dette har vore aktuelt, har kompensasjonen vore at den islandske torskekvoten deretter har blitt redusert og dette kvantumet tilført den norske torskekvoten.

3.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

3.3.1 Forvaltinga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda.

Figur 3.6 Eit pelagisk ringnotfartøy haustar godt av silda

Figur 3.6 Eit pelagisk ringnotfartøy haustar godt av silda

Foto: Grethe Hillersøy, Norges sjømatråd

18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltinga av NVG-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 prosent av NVG-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltingsplanen partane vart einige om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.

Færøyane har dei siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane vart opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje greidd å bli einige om ein ny fempartsavtale.

I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017, 2018 og 2019 inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På bakgrunn av at Færøyane auka sin eigen part på kolmule, vedtok Noreg å auke sin part for NVG-sild frå 61 prosent til 67 prosent i 2017, til 70 prosent i 2018 og via 73 prosent til no 76 prosent, basert på sonetilhøyrsla NVG-silda har til norske farvatn.

For 2022 har partane blitt samde om ein totalkvote på NVG-sild på 598 588 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane blir fastsette unilateralt. Under kyststatsmøtet hausten 2021 vart partane einige om å møtast tidleg i 2022 for å ta opp spørsmålet om fordelinga.

Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om sonetilhøyrsla til NVG-silda har Noreg sett ein kvote for 2022 som inneber ein del på 76 prosent.

På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der denne rapporten om sonetilhøyrsla til silda blir oppdatert.

I rapporten går forskarane også gjennom metodikk for å berekne sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten vart oppdatert til kyststatsmøtet hausten 2021 og vil no bli oppdatert i åra framover.

Storbritannia deltok for første gong på kyststatsmøtet hausten 2020 og skreiv under avtalen på line med dei andre partane. Kyststatane vart i eit møte våren 2021 samde om at EU ikkje lenger er kyststat for NVG-sild, men at Storbritannia no har fått denne statusen.

3.3.2 Forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Trepartsavtalen om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart første gong underteikna 12. juni 1989. Etter dette har rammeavtalen om reguleringane i loddefisket vore forhandla på nytt tre gonger, seinast 2018. Dei mest sentrale elementa i denne avtalen omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong. Det er lodde i Jan Mayen-sona som gjer at Noreg blir rekna som kyststat til denne loddebestanden. Avtalen frå 2018 innebar ei endring i fordelinga mellom landa, basert på biologiske forhold og vandringsmønsteret til lodda dei seinare åra. Noreg sin eigardel er no redusert frå 8 prosent til 5 prosent. I tillegg til kyststatsandelen får Noreg overført lodde frå Island gjennom den såkalla Smuttholavtalen. Noreg byter også til seg lodde frå EU via Grønlands kyststatsandel. Denne kvoten kan også fiskast i Islands farvatn.

Den endelege samla kvoten for lodde for sesongen 2021–2022 vart 904 200 tonn. Noregs kyststatsandel vart 45 201 tonn. Noreg bytte også til seg 30 866 tonn lodde frå Island og 69 623 tonn lodde frå EU. Noreg fekk også eit fråtrekk i kvoten på 317 tonn grunna overskriding av kvoten året før. Til saman har Noreg difor ein loddekvote på 145 382 tonn i 2022.

Figur 3.7 Trønderbas går ofte som føringsfartøy i sildefisket. Eit føringsfartøy tek imot fangsten frå mindre fartøy som ikkje har kapasitet til å ta om bord silda sjølv

Figur 3.7 Trønderbas går ofte som føringsfartøy i sildefisket. Eit føringsfartøy tek imot fangsten frå mindre fartøy som ikkje har kapasitet til å ta om bord silda sjølv

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

3.3.3 Forvaltinga av kolmule

Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltinga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar. Fordelinga var slik at ein først avsette ei viss mengd til fiske i internasjonalt farvatn (Russland og Grønland), og så delte kyststatane det resterande kvantumet.

Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten har EU kravd ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgd opp og krev også ein høgare del. Kyststatane har forhandla i fleire rundar dei seinaste åra om ei ny deling av totalkvoten. Fram til no har dette ikkje lukkast. I forhandlingane for 2017 greidde partane likevel å bli samde både om storleiken på totalkvoten og ein ny forvaltingsplan for fisket. Dette sikrar at alle kyststatane har eit felles utgangspunkt når dei fastset sine respektive kvotar. Planen er evaluert av ICES og er rekna for å vere innanfor føre-var-rammer. Planen blir følgd også for 2022.

I forhandlingane for 2022 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) på 752 736 tonn. TAC er basert på rådgjeving frå ICES og forvaltingsplanen som er evaluert av ICES. På same måten som for norsk vårgytande sild deltok Storbritannia også på forhandlingane om kolmule hausten 2020 for første gong. Her er det ikkje lagt opp til ein eigen prosess om framtidig status som kyststat for EU og Storbritannia, idet ingen av partane har reist spørsmål om dette. Som tidlegare har Noreg og EU også i 2022 inngått avtale oss imellom om gjensidig tilgang til å fiske høvesvis kolmule og NVG-sild i kvarandre sine farvatn.

3.3.4 Forvaltinga av makrell

Makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei siste åra. Kyststatane vart hausten 2021 samde om at samla kvote for 2022 bør vere på 794 920 tonn. Dette er i samsvar med rådet frå ICES og inneber ein liten reduksjon frå kvoten for 2020.

Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvalting av makrell, som i 2018 vart forlengd ut 2020. Noreg hadde primært ønskt å føre vidare denne avtalen med fire partar etter at Storbritannia vart ein sjølvstendig kyststat i 2021. Men Storbritannia var ikkje villig til å føre vidare elementet om gjensidig løyve til å fiske i sonene til kvarandre, som var eitt av to hovudelement i det gamle avtaleverket og svært viktig for Noregs flåte. Det var difor ikkje grunnlag for å inngå nokon ny avtale. Noreg, som dei andre partane, sette difor ein eigen einsidig kvote på 35 prosent av samla makrellkvote, som svarer til 298 299 tonn. Storleiken på denne kvoten var basert på at makrellen har sonetilhøyrsle i farvatn under norsk jurisdiksjon. Så å seie heile denne kvoten vart fiska i norsk økonomisk sone gjennom hausten 2021.

3.3.5 Forvaltinga av uer

Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter snabeluer på det opne havet i Norskehavet. Bestanden som det blir fiska på, er hovudsakleg i norsk sone, men delar av bestanden dreg på næringsvandring i område utanfor norsk fiskerijurisdiksjon i om lag tre månader om hausten.

NEAFC sette i 2008 i gang ei uavhengig utgreiing med tanke på å etablere eit vitskapleg fundament for ein fordelingsnøkkel. Rapporten konkluderte med at sonetilhøyrsla til Noreg ligg på rundt 74 prosent. Russland er også kyststat til snabelueren, og Noreg og Russland vart i oktober 2014 einige om ei fordeling av bestanden: 72 prosent til Noreg, 18 prosent til Russland, 5,9 prosent til det opne havet i Norskehavet og 4,1 prosent til tredjeland sin bifangst i fiskevernsona rundt Svalbard.

Fleire møte har blitt haldne i NEAFC med sikte på å bli einige med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne havet i Norskehavet. Island støtta det norske og russiske synet, medan EU og Danmark på vegne av Færøyane og Grønland stod framleis langt frå kyststatane sin posisjon. Storbritannia avstod frå å røyste. Følgjeleg vart partane heller ikkje einige om ei regulering for det opne havet under årsmøtet i NEAFC (sjå nærare omtale av årsmøtet i kapittel 3.4.1). Arbeidet med å få aksept i NEAFC for den avsetjinga Noreg og Russland er einige om til fiske på det opne havet, og såleis ei betre forvalting av ueren, vil halde fram. Noreg og Russland vart einige om ein totalkvote på 67 210 tonn snabeluer i 2022, i tråd med tilrådinga frå ICES. Dette gjev ein kvote på 44 291 tonn til Noreg.

Snabeluer i Irmingerhavet

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og observatørane EU, Noreg, Storbritannia og Russland. Under årsmøtet i NEAFC i 2021 fremja Island og Danmark på vegner av Færøyane og Grønland forslag om å ikkje hauste snabeluer i Irmingerhavet i 2022. EU, Noreg og Storbritannia røysta for forslaget, medan Russland røysta imot. Forslaget vart som følgje vedteke. Noreg har 3,85 prosent av den samla kvoten.

Det samla uttaket har i lang tid vore altfor høgt. Uttaket var også i 2021 vesentleg høgare enn tilrådinga frå ICES fordi Russland, som ikkje godtek fordelingsnøkkelen og ICES si rådgjeving, har gjeve seg sjølv ein svært høg kvote. Heller ikkje for 2022 er Russland part i fordelingsavtalen.

3.4 Internasjonale fiskeriforvaltingsorganisasjonar

3.4.1 Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)

NEAFC skal sørgje for ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Kommisjonen skal leggje til rette for ei samfunnsøkonomisk optimal og miljøvennleg utnytting av fiskebestandane. Partane til NEAFC er Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg, Russland og Storbritannia. Sekretariatet ligg i London.

Den viktigaste oppgåva til NEAFC er å vere med og utvikle ei meir økosystembasert forvalting av havområda og gode regionale kontrollregime. Myndigheitsområda til NEAFC (vanlegvis kalla reguleringsområdet) er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor dei økonomiske sonene til partane. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor dei økonomiske sonene til partane, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkommande part ønskjer det og støttar at det blir sett i verk eit reguleringstiltak. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet. Unntaket er sjøpattedyr og langtmigrerande artar dersom dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (til dømes tunfisk).

Figur 3.8 NEAFC sitt konvensjonsområde ligg innanfor dei stipla linene, myndigheitsområde er merkte i oransje

Figur 3.8 NEAFC sitt konvensjonsområde ligg innanfor dei stipla linene, myndigheitsområde er merkte i oransje

Fiskerireguleringar for 2022

NEAFC har i første rekkje ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partar og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Det blir vanlegvis inngått kyststatsavtalar for desse bestandane. Desse er omtalte i kapitla ovanfor.

Gjennom kyststatsavtalen for kolmule blir det sett av ein del til fiske i NEAFC sitt reguleringsområde for ikkje-kyststatar. Dette blir regulert av NEAFC. I tillegg til dette kan kyststatane fiske sine delar av totalkvotane av dei enkelte artane i internasjonalt farvatn. Basert på forslag frå kyststatane vedtek kommisjonen regulering av fisket etter dei enkelte artane i internasjonalt farvatn.

I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2022 vedtok årsmøtet ein kvote for fisket i internasjonalt farvatn på 59 910 tonn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske sine nasjonale kvotar i internasjonalt farvatn. Årsmøtet vedtok også ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 598 588 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske sine nasjonale kvotar i internasjonalt farvatn. Når det gjeld makrell, vedtok årsmøtet ei regulering basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 794 920 tonn for 2022. Alle reguleringane er i tråd med tilrådingane frå ICES.

Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 einige om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld også ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå ICES og kvoten som er sett av i avtalen, la difor Noreg og Russland fram forslag om ei NEAFC-regulering for 2022. Forslaget fekk ikkje fleirtal fordi dei andre NEAFC-partane ikkje er einige i kvoten som Noreg og Russland har avsett til fiske i internasjonalt farvatn. Resultatet av dette er at det ikkje er fastsett noka regulering av snabeluer i den internasjonale delen av Norskehavet for 2022.

Partane i prosessen om fordeling og regulering av snabeluer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg, Russland og no også Storbritannia. Island har, i tråd med ICES-rådgjevinga, ønskt eit forbod mot direktefiske i fleire år, noko Noreg har støtta. Forslaget har tidlegare ikkje fått tilstrekkeleg fleirtal, men dette endra seg på årsmøtet i 2020 og vart igjen vedteke under årsmøtet i 2021. NEAFC har dermed for andre gong vedteke eit forbod mot direktefiske etter uer i Irmingerhavet i tråd med forskarane si tilråding.

På årsmøtet i 2020 vart NEAFC sine forbod mot direktefiske etter blålange med botnreiskap i gyteperioden og forbodet mot direktefiske etter pigghå vidareført. Det vart også for første gong, mot éi røyst, vedteke eit forbod mot direktefiske etter raud keisarfisk. Desse forboda gjeld også for 2022. Kontraktspartane vart også einige om regulering av fisket etter hyse ved Rockall under årsmøtet i 2021.

Områdeforvalting

NEAFC vedtok for første gong i 2004 å stengje enkelte område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne sårbare marine økosystem. I dei følgjande åra har kommisjonen med jamne mellomrom gjort justeringar i områda og stengt nye område i tråd med tilrådingar frå ICES. Det er no i alt 13 område innanfor reguleringsområde til NEAFC som er stengde for botnfiske.

Alle tiltaka som er vedtekne om stengde område og botnfiske, er element i oppfølginga NEAFC gjer av fire relevante resolusjonar i perioden mellom 2006 og 2016 og FAO sine retningsliner om botnfiske frå 2008. NEAFC vedtok i 2014 eit nytt og betre regelverk for botnfiske og vern av sårbare marine økosystem.

Regelverket inneber at NEAFC sitt reguleringsområde er delt inn i tre kategoriar: stengde område, eksisterande botnfiskeområde og avgrensa botnfiskeområde. Dei stengde områda er område der sårbare marine økosystem er påviste og ICES har tilrådd stenging. I tillegg til å liste opp dei stengde områda definerer regelverket kva for område som per i dag er rekna for å vere eksisterande fiskeområde og dermed opne for fiske. Område som verken er stengde for botnfiske eller omfatta av eksisterande fiskeområde, utgjer dei avgrensa botnfiskeområda. Desse er ikkje opne for ordinært botnfiske, men NEAFC kan gje løyve til forsøksfiske i områda. Regelverket stiller strenge krav til slikt prøvefiske. Mellom anna skal det gjennomførast konsekvensutgreiingar før det er aktuelt å vurdere eit forsøksfiske, og sjølve forsøksfisket er underlagt eigne rapporteringsreglar. Fartøya må også ha observatørar om bord. I etterkant av eit forsøksfiske skal det gjennomførast ei evaluering for å vurdere om eit botnfiske vil kunne ha betydeleg negativ påverknad på dei sårbare marine økosystema i området, og om det dermed bør stengjast, eller om området kan bli opna som eit eksisterande botnfiskeområde. Dersom fartøy i ordinært fiske eller i forsøksfiske støyter bort i sårbare marine økosystem (korallar og svamp), pliktar dei å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare økosystem.

I tråd med krava i NEAFC-regelverket gjennomførte NEAFC i 2019 ei evaluering av om reguleringa har vore effektiv når det gjeld vern av sårbare marine økosystem. Evalueringa konkluderte med at reguleringa fungerer etter sitt formål, men foreslo likevel enkelte forbetringspunkt. Desse har blitt diskuterte i NEAFC sine permanente arbeidsgrupper i 2020 og 2021, og oppfølgingsarbeidet held fram i 2022.

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske har vore høgt prioritert i NEAFC i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll og svartelisting. Etter at kommisjonen på årsmøtet i 2014 vedtok å utvide verkeområdet for NEAFC sitt system for hamnestatskontroll, er dette no fullt på line med den internasjonale hamnestatsavtalen forhandla fram under FAO.

På årsmøtet i 2018 vedtok partane omfattande endringar i kontroll- og handhevingsregelverket. Hensikta var å leggje til rette for implementering av eit nytt og heilelektronisk rapporteringssystem. Dette vart i 2019, 2020 og 2021 følgt opp med utvikling av fleire tekniske løysingar for implementering av det nye systemet. Arbeidet held fram i 2022.

3.4.2 Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)

Det overordna målet til NAFO er å bidra til langsiktig bevaring, berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet og samstundes bevare dei marine økosystema der desse ressursane finst.

NAFO har 13 medlemsland frå Nord-Amerika, Europa, Asia og Karibia, inkludert EU på vegne av dei 27 medlemslanda. Fire av medlemslanda er kyststatar i konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av Saint-Pierre og Miquelon) og Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Halifax i Canada.

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen og har innført nødvendige endringar av NAFO-konvensjonen. Den nye konvensjonen frå 2008 tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvalting, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Noreg ratifiserte den reviderte konvensjonen i 2009, og konvensjonen tredde i kraft 18. mai 2017.

Figur 3.9 NAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.9 NAFO sitt konvensjonsområde

Fastsette kvotar for 2022

Den viktigaste bestanden for Noreg i NAFO er torsk i reguleringsområde 3M (sjå kart i figur 3.9), der vi har ein kvoteandel på 9,25 prosent. Etter ti år med fiskeforbod (moratorium) vart direktefisket etter torsk i 3M opna igjen i 2010. Partane vedtok ein totalkvote for fisket i 2022 på 4 000 tonn, som er ein auke frå kvoten frå i fjor på 1 500 tonn. Bestanden har over tid hatt ei svak rekruttering, og eit lågt kvoteråd var dermed venta. Denne kvoten er likevel høgare enn rådet, etter at fleire medlemsland ønskte ein høgare kvote enn rådet. Det var særleg Noreg og Storbritannia som argumenterte mot dette.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Kapp. Det har gått føre seg to separate rekefiskeri i dette området, eitt i reguleringsområde 3M og eitt i reguleringsområde 3L. På grunn av den dårlege bestandssituasjonen vedtok NAFO, i tråd med tilrådinga frå havforskarane, å stoppe rekefisket i område 3M i 2011. Bestandssituasjonen for reker i 3M har dei siste åra blitt stadig betre, og i tråd med tilrådinga frå forskarane vart fisket opna med verknad frå 1. januar 2020. Fisket er regulert med fiskedøgn, som er eit lite tilfredsstillande reguleringsregime. Partane skulle difor etter planen møtast i 2020 og 2021 for å sjå på moglegheitene for å gjere om reguleringa til eit kvoteregime, men på grunn av den rådande koronasituasjonen er dette utsett til 2022. Partane vedtok difor ei vidareføring av innsatsreguleringa for 2022, i tillegg til tiltak som tidsavgrensing av fiske, bruk av sorteringsrist og hamnelandsinspeksjon, for å støtte opp under innsatsreguleringa.

I åra før 2011 låg totalkvoten for reker i reguleringsområde 3L på 30 000 tonn. For 2011 tilrådde vitskapskomiteen i NAFO å redusere den totale fangsten. Partane var i åra etter einige om behovet for ein reduksjon, men vart ikkje einige om å redusere den totalt tillatne fangsten like mykje som forskarane tilrådde. Noreg og fleire land røysta imot å fastsetje høgare rekekvotar enn det tilrådinga frå forskarane sa. Då bestanden vart ytterlegare redusert, vart partane på årsmøtet i 2014 einige om å innføre fiskeforbod også for denne bestanden. Rådgjevinga for 2022 stadfesta den sviktande bestandssituasjonen, og årsmøtet vedtok ei vidareføring av moratoriet for 2022.

Noreg har kvoterettar i NAFO på 30 prosent av totalkvoten for lodde i reguleringsområde 3NO. Som følgje av den dårlege bestandssituasjonen har det lenge vore forbode å drive direktefiske på denne arten, og forbodet vart vidareført for 2022.

Ein ny forvaltingsplan for blåkveite vart vedteken under årsmøtet 2017. For 2022 vart det i tråd med den nye forvaltingsplanen fastsett ein totalt tillaten fangst på 15 864 tonn. Noreg har ingen del i denne bestanden, men når totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir, har Noreg rett til å fiske på ein eigen kvote som blir sett av til land utan fast kvotedel.

Regulering av fiske med botnreiskapar

I tråd med fire relevante resolusjonar i perioden mellom 2006 og 2016, har NAFO lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. NAFO har òg arbeidd med å setje i verk FAOs retningsliner for djuphavsfiske på det opne havet.

Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO har formelt vedteke eit kart som viser dei noverande fiskeområda. Det blir stilt særleg strenge krav til fisket i nye område, men også i noverande fiskeområde er det strenge miljøkrav. Det gjeld særleg dersom ein ønskjer å nytte nye reiskapstypar, eller dersom ny vitskapleg informasjon seier at dagens fiskepraksis bør endrast.

NAFO sitt område 14 vart i 2016 stengt for fiske med botnreiskapar for å beskytte sjøfjør, med ein solnedgangsklausul til 31. desember 2018. Partane vart på årsmøtet i 2018 ikkje einige om ei ny stenging av området, som dermed vart opna for fiske med botnreiskapar 1. januar 2019. NAFO har etter dette 20 område som er stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell.

NAFO har i tillegg vedteke regelverk for kva fartøya skal gjere dersom reiskapar kjem i kontakt med sårbare økosystem under fiske. Fartøy pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst to nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem. I utgangspunktet er fiske med botnreiskapar ikkje tillate i dei nye områda. Det er likevel høve til eit forsøksfiske, men dette er strengt regulert. Mellom anna er det plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord. På grunnlag av rapportar frå forsøksfiske og vitskapleg rådgjeving kan NAFO opne for generelt fiske i avgrensa område.

Evalueringa av NAFOs regelverk for vern av sårbare marine økosystem, inkludert dei 20 stengde områda, vart ferdigstilt i 2021. På bakgrunn av denne vedtok årsmøtet å utvide talet på stengde område til 25 område fram til 2026.

Kontrollsamarbeid

Kampen mot urapportert, uregulert og ulovleg fiske (UUU-fiske) har hatt høg prioritet i NAFO i fleire år. Arbeidet har resultert i eit omfattande kontroll- og handhevingsregelverk, som mellom anna inneheld krav til satellittsporing, rapporteringsplikter, reglar om inspeksjon til sjøs, hamnestatskontroll, svartelisting og eit observatørprogram.

NAFO vedtok på årsmøtet i 2016 endringar i reglane om hamnestatskontroll som innebar implementering av FAOs hamnestatsavtale mot UUU-fiske.

3.4.3 Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)

Noreg er ein av dei opphavlege partane til konvensjonen om regulering av kvalfangst av 1946, som regulerer fangst og bevaring av større kvalartar. Konvensjonen har i dag 89 partar. Den internasjonale kvalfangstkommisjonen er overvakingsorganet til konvensjonen. IWC har som hovudoppgåve å sikre ei berekraftig forvalting og bevaring av dei større kvalartane. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot forbodet og er difor ikkje bunde av det. Frå 1994 til 2006 forsøkte IWC å få på plass eit revidert forvaltingsregime for å opne for kommersiell kvalfangst utan å lukkast. Japan la i 2018 fram eit forslag til reform av organisasjonen utan å lukkast. Forslaget tok sikte på mellom anna å opne for alminneleg berekraftig kvalfangst. Som ei følgje av nederlaget og lang tid med frustrasjon over IWCs dysfunksjon melde Japan seg ut av IWC 26. desember 2018. Japans utmelding har tredd i kraft 30. juni 2019.

Forskarane i IWC har etablert prosedyrar for å vurdere dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellane er konservative for å sikre ei føre-var-tilnærming. Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. 2022-kvoten er sett til 917 vågekval. Det er 361 færre enn i 2021. Dette er det første året i ein ny forvaltningsperiode, noko som inneber at totalkvoten blir sett ned til grunnkvoten. For 2023 vil det vera mogleg å overføra eventuell ubrukt kvote frå 2022, som vil potensielt auka totalkvoten. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det også kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

Figur 3.10 Underområde i forvaltinga av vågekval

Figur 3.10 Underområde i forvaltinga av vågekval

I tråd med kvoteberekningsmodellen skal vågekvalbestanden vurderast på nytt i vitskapskomiteen til IWC kvart sjette år på grunnlag av teljingar som er gjennomførte dei siste seks åra. Samstundes skal oppdelinga av havområdet i underområde vurderast på nytt. Vitskapskomiteen starta ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget i 2014. Oppdelinga i småområde vart grundig diskutert under møtet i vitskapskomiteen i Slovenia i mai 2014. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet (EB), Svalbardområdet (ES) og Norskehavet (EW). Komiteen ønskte derimot at Nordsjøen (EN) framleis skal vere eit eige underområde. Endelege bestandstal med usikkerheit for teljeperioden 2008–2013 vart godkjende av vitskapskomiteen ved årsmøtet i 2015. Tilpassingar av simuleringsmodellane til fangstar, bestandstal og biologiske data for å teste forvaltingsstrategiar har teke mykje tid og vart fullførte ved årsmøtet i 2017. Med utgangspunkt i den reviderte forvaltingsprosedyren vil ein ha ei gjennomgåande trygg forvalting av vågekvalen. Det er no ein prosess i gang der estimatet skal vurderast intersesjonelt i vitskapskomiteen og handsamast på årsmøtet i komiteen i 2022.

3.4.4 Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen vart etablert i 1992. Hovudgrunnane for å etablere organisasjonen var å leggje til rette for internasjonalt samarbeid på dei områda der IWC ikkje har kompetanse (småkval, sel og kvalross), og sikre ein internasjonal samarbeidsstruktur i tilfelle IWC skulle bryte saman.

Hovudoppgåva til NAMMCO er å arbeide for vern og forvalting av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men omfattar dei store kvalartane òg. Noreg, Færøyane, Grønland og Island er medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidsgruppene.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre fangstmetodar – eit arbeid som er av interesse langt utover medlemslanda i organisasjonen. Representantar frå alle dei nordiske landa, og Japan, USA og Canada, deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre fangstmetodane og setje standardar for fangst på sjøpattedyr, og Noreg har no utarbeidd ein standard for bruk av våpen i vågekvalfangsten. Vitskapskomiteen i NAMMCO gjev råd og deltek i forskinga på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Komiteen deltek dessutan i arbeidet med å lage ein plan for å organisere og gjennomføre teljetokt for kval som omfattar heile Nord-Atlanteren.

3.4.5 Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis forvaltar konvensjonen med same namn. CCAMLR-konvensjonen vart vedteken i 1980 med Noreg som ein av grunnleggjarane. Konvensjonen er ein del av Antarktistraktaten og vart gjeldande frå 1982. Sekretariatet og hovudkvarteret til kommisjonen ligg i Hobart på Tasmania i Australia. Hittil er 36 land partar i CCAMLR-konvensjonen, medan EU og 24 land er medlem i CCAMLR-kommisjonen.

CCAMLRs mandat om å forvalte dei marine ressursane på ein balansert måte ligg i formålsparagrafen. Det inneber at prinsippa om vern og rasjonell bruk av ressursane er sidestilte. Føresegna viser at ein ønskjer å leggje til rette for berekraftig fiske i konvensjonsområdet.

CCAMLR har heilt frå starten vore ein viktig aktør i utviklinga av internasjonal havressursforvalting og har hatt stor suksess i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske etter tannfisk.

Figur 3.11 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda

Figur 3.11 CCAMLR sitt konvensjonsområde og dei ulike underområda

Fiskeri

Interessa for å fiske i Antarktis gjeld i hovudsak bestandane av kril og tannfisk. CCAMLR vedtek årleg totalkvotar for dei ulike artane, basert på tilrådingar frå vitskapskomiteen til kommisjonen. Kommisjonen kan også på vitskapleg grunnlag fastsetje forbod mot å fiske på enkelte fiskeslag innan eitt eller fleire underområde. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. Det er såleis opent for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket blir stoppa når totalkvotane er tekne.

Det er store krilressursar i Sørishavet. Anslag for opphavleg biomasse er 60 millionar tonn i det havområdet der det blir fiska i dag, som i hovudsak er dei vestlege delane av Atlantisk sektor og langs Antarktishalvøya. I dette området har CCAMLR vedteke ein totalkvote på 5,61 millionar tonn. Likevel er fangsten etter råd frå vitskapskomiteen avgrensa til maksimalt 620 000 tonn. Og for å hindre for stort fiskepress i enkeltområde der kril er viktig mat for fugl og pattedyr, er denne totalfangsten fordelt på fire av underområda viste i figur 3.11. Dei siste åra har totalfangsten av kril vore mellom 100 000 og 270 000 tonn, eller om lag 0,3 prosent av anslag for opphavleg biomasse.

Den norske flåten fiskar årleg om lag 50–60 prosent av den samla fangsten av kril i havområda rundt Antarktis. Dei norske krilfartøya har alltid med seg ein internasjonal observatør som tek prøvar av fangstane og rapporterer til CCAMLR om gjennomføringa av fisket, bifangst av fisk, eventuelle tilfelle av skadar på fugl og pattedyr.

Den samla fangsten i det kvoteregulerte fisket etter tannfisk i Antarktis har dei siste åra lege kring 15 000 tonn årleg av dei to artane som blir fiska. Dette er eit svært lågt fangstnivå sett i forhold til det svære geografiske området fiskeriet nyttar. Tannfisken blir fiska på djupt vatn, mellom 500 og 2 000 meter. Dette er eit lite, men nokså lønnsamt fiskeri. Noreg har ikkje notifisert fartøy for dette fisket i 2022.

Miljø og forsking

Vitskapskomiteen i CCAMLR er sentral i utviklinga av forskingsplanar i havområda rundt Antarktis, og dette gjeld også forskinga på kril. Noreg gjev viktige bidrag til dette arbeidet. Havforskingsinstituttet starta mellom anna i 2011 eit overvakingsprogram av kril ved Sør-Orknøyane. Ved hjelp av fartøy frå krilindustrien gjennomfører dei eit tokt ei knapp veke i året etter eit fast mønster og med vitskapleg akustisk instrumentering for å vurdere mengda og samansetjinga av krilbestanden i dette fiskeriområdet.

CCAMLRs samla vurdering av krilbestanden byggjer på data frå ei stor basisundersøking så langt attende som i år 2000. Seinare er kunnskapen supplert med ei rekkje enkeltstudiar. Dei viktigaste blir gjennomførte årleg i dei tre beste fiskeområda. Ein av desse studiane er det norske toktet med fiskefartøy. Desse undersøkingane dekkjer berre avgrensa delar av utbreiingsområdet til krilen. CCAMLR er likevel trygg på at uttaket av kril er berekraftig i høve til storleiken på bestanden, då fisket er avgrensa samanlikna med både kvotane og bestandsvurderinga. Det viktigaste elementet i reguleringa av krilfisket i dag er omsynet til sjøfugl og pattedyr fordi dei beitar på kril i nokre av dei same områda som krilfisket går føre seg. Dersom uttaket av krilressursen i Antarktis skal aukast, må vedtak om dette byggje på vitskaplege undersøkingar og råd som viser at auka fangst er forsvarleg ut frå produksjons- og bestandstilhøva for kril og næringstilhøva for fugl og pattedyr.

I 2017 fremja Noreg forslag om å gjennomføre omfattande undersøkingar av kril i 2019 og annonserte planar om ekspedisjon med det nye polare forskingsfartøyet Kronprins Haakon vinteren 2018–2019. Det norske initiativet vart helst velkommen av CCAMLR, og vitskapskomiteen og kommisjonen har slutta seg til og bidrege til planane.

Undersøkinga med seks–sju fartøy koordinert av norske forskarar vart gjennomført i januar–februar 2019. Det norske forskingsfartøyet opererte saman med fartøy og landstasjonar frå andre CCAMLR-medlemmer. I tillegg bidrog krilindustrisamskipnaden ARK med eit eige leigefartøy og omfattande innsats under norsk forskarleiing. Til saman sikra forskings- og leigefartøy god dekning i alle viktige fiskeriområde og heile det same området som vart undersøkt i år 2000. I tillegg til det store kriltoktet vart det gjennomført undersøkingar i underområde for å granske tilhøva for pingvinar og sel som et kril. Frå landstasjonar vart satellittmerkte pingvinar og sel overvakte under beitevandringar i krilområda. Under kriltoktet vart det samla svære datamengder om fysisk-kjemiske tilhøve og plante- og dyreplankton. Langsmed kurslinene vart det registrert observasjonar av fugl og kval. Utbytet av toktet strekkjer seg dermed langt utanom den auka kunnskapen om krilressursane. Dette har relevans for mellom anna klimaforsking og generell økosystemforståing.

Under årsmøtet i 2011 vedtok CCAMLR forvaltingstiltak CM 91/04 som legg fast eit rammeverk for etableringa av eit sett med representative marine beskytta område i Antarktis.

Etter fleire års arbeid vart det under årsmøtet i 2016 gjort vedtak om å etablere eit marint beskytta område i Rosshavet. Området dekkjer eit areal på 1,55 millionar kvadratkilometer. Av dette er 1,12 millionar kvadratkilometer (72 prosent) underlagde strenge restriksjonar, som betyr at berre eit visst forskingsfiske er lov.

Området beskyttar sårbare naturområde og dyregrupper, inkludert landbaserte toppredatorar som sel og pingvinar, som er avhengige av tilgang til mat i nærleiken av områda dei forplantar seg i. Sårbare botnhabitat og oppvekstområde for yngel og ungfisk blir også tekne vare på.

Området er utvikla i tråd med den beste tilgjengelege kunnskapen og i tråd med norske prinsipp.

Forslag til marine beskytta områder er òg under arbeid for områda i Aust-Antarktis, i Weddellhavet og langs Antarktishalvøya.

3.4.6 Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)

ICCAT vart etablert i 1966. Noreg har vore medlem sidan 2004. Denne regionale organisasjonen har ansvar for å bevare og forvalte tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. Kommisjonen har 53 avtalepartar, inkludert EU på vegner av medlemslanda. Ansvarsområdet til organisasjonen omfattar kring 30 artar, mellom anna makrellstørje, som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvantum langs norskekysten. Overfiske førte til ein kraftig reduksjon i bestanden, og førekomstane i våre farvatn var i fleire tiår nærast ikkje-eksisterande. Dei seinare åra har bestanden teke seg opp att, og det er igjen makrellstørje i norske farvatn.

På bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd, hadde Noreg forbod mot fiske og landing av makrellstørje i perioden 2007–2013. Den negative trenden er no snudd, og tilstanden til bestanden er mykje betre.

ICCAT vedtok på årsmøtet i 2017 ein ny forvaltingsplan for makrellstørje for perioden 2018–2020. Noreg var aktivt med i forhandlingane av planen og fekk mellom anna forhandla fram betre reglar for bifangst og reglar som tek i vare land med ilandføringsplikt. I tillegg fekk Noreg, som kyststat, forhandla fram ein gradvis auke av den norske eigarparten av makrellstørjebestanden i løpet av perioden forvaltingsplanen gjeld for. I 2018 fekk Noreg fiske 104 tonn, i 2019 239 tonn og i 2020 300 tonn. Totalkvotane for 2019, 2020 og 2021 har vore på 300 tonn. På grunn av situasjonen med covid-19 vart årsmøtet i 2020 gjennomført på e-post og gjeldande forvaltingsplan for makrellstørje vidareført til å gjelde i 2021 òg. I 2021 vart årsmøtet i ICCAT gjennomført på digital plattform, og det vart gjort eit intersesjonelt arbeid med ein oppdatert forvaltingsplan for makrellstørje som særleg inkluderte betre kontrollreglar for farmingaktivitet i Middelhavet.

I 2021 vart tre linefartøy og åtte ringnotfartøy gjevne løyve til å delta i direktefisket etter makrellstørje. Alle linefartøya var under 15 meter, medan sju av notfartøya var under 40 meter, og eitt var over 40 meter. I tillegg deltok 41 fiskelag i sports- og rekreasjonsfiske og merk- og sleppfiske etter makrellstørje i 2021. Notfartøya fekk tildelt ein gruppekvote på 254 tonn, og kvart fartøy fekk tildelt ein fartøykvote på 31,75 tonn. Dei tre linefartøya fekk ein kvote på 6 tonn kvar. Det vart avsett 6 tonn øyremerkte til sports- og rekreasjonsfiske og 4 tonn til død eller døyande størje i samband med merk- og sleppfiske. 15 tonn vart sette av til bifangst av makrellstørje i fisket etter andre artar, og det blei gjort ei avsetning på 18 tonn til forskning.

Av den norske kvoten på 300 tonn vart det totalt fiska 153 tonn makrellstørje i 2021. I 2022 har Noreg ein totalkvote på 300 tonn. I tillegg har vi moglegheit til å overføre 5 prosent ufiska kvantum frå 2021, noko som vil gje oss ein totalkvote i 2022 på 315 tonn.

ICCAT har òg vedteke reglar for bifangst av pelagiske haiartar i fisket etter tunfisk og tunfiskliknande artar i heile konvensjonsområdet. Reguleringane omfattar påbod om utkast, men i dei seinaste vedtaka finst det unntak for partar som har påbod om ilandføring som ein del av den generelle fiskerilovgjevinga.

Til forsida av dokumentet