Meld. St. 8 (2021–2022)

Noregs fiskeriavtalar for 2022 og fisket etter avtalane i 2020 og 2021

Til innhaldsliste

5 Fisket etter avtalane i 2020 og 2021

Dette kapittelet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde med andre land i 2020 og 2021. Hovudvekta er lagd på norsk utnytting av avtalane og i kva grad partane som får tildelt kvotar i havområda under norsk jurisdiksjon, faktisk nyttar desse kvotane, og verdien av fisket etter avtalane.

Det går generelt godt i den norske fiskerinæringa, trass koronapandemien som slo inn i 2020, og norske fiskarar nyttar generelt kvotane godt. For dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1. For mange fiskeartar er det innført kvotefleksibilitet over år, dette gjeld mellom anna torsk, hyse, sei, norsk vårgytande sild, kolmule, sild sør for 62° N og makrell. Samanlikningar mellom kvotar og fangst i dei enkelte åra vil difor vere misvisande. Fiskeslaga dette gjeld, er markert i fotnotane i tabellane i dette kapittelet. Innføring av kvotefleksibilitet over år har gjort at kvotane i dei fleste tilfella blir fullt utnytta av alle partar. Variasjon i kvoteutnytting kan til dømes reflektere fiskeflåten si tilpassing til prisvariasjon over år, prioritering av annan aktivitet eller dårlege fangstforhold.

Tabell 5.1 Norsk utnytting av nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2020 og 2021

Utnyttingsgrad1

2020

2021

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

96 %

89 %

Hyse

82 %

86 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

105 %

93 %

Sei

97 %

68 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild

104 %

102 %

Makrell

99 %

89 %

Kolmule

98 %

95 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

For dei bestandane som vi deler med Russland, nyttar Noreg kvotane stort sett godt. Som følgje av koronaviruspandemien og utfordringar med å nytte torskekvoten innanfor avtalen om 10 prosent kvotefleksibilitet bestemte partane som eit eingongstilfelle å opne opp for inntil 15 prosent kvotefleksibilitet når det gjeld overføring av torskekvote frå 2021 til 2022. Russland fiskar store delar av kvotane sine i norsk økonomisk sone og i fiskevernsona ved Svalbard.

Noreg nyttar kvotane på fellesbestandane i Nordsjøen godt med unntak av hyse og raudspette. Torskebestanden er i nedgang, og kvoten for 2020 vart halvert samanlikna med kvoten i 2019 og gjekk videre ned med 13 prosent frå 2020 til 2021. Når det gjeld seibestanden i Nordsjøen, minkar denne. Kvoten for 2021 er 26 prosent lågare enn kvoten for 2020, og kvoteutnyttinga fall frå 97 prosent i 2020 til 68 prosent i 2021.

Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU dei seinare åra hatt relativt god utnytting av dei fleste fellesbestandane i Nordsjøen, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62° N.

Med unntak av hyse og kviting har Sverige nytta kvotane sine, som dei får ut frå nabolandsavtalen i norsk økonomisk sone, godt.

I 2021 vart Storbritannia ein eigen part i forhandlingane om forvaltinga av fiskebestandar i Nordsjøen, og britisk sone ellers. Dette medførte at EUs andel i fellesbestandar vart redusert, og at tradisjonelle bytteartar vart på britiske hender. Noregs andel i fellesbestandane i Nordsjøen heldt seg uendra. Dermed er det store reduksjonar i EU-kvotane i 2021 samanlikna med 2020. Noreg og Storbritannia vart ikkje einige om byte- eller adgangsavtale for 2021, slik at norske fartøy ikkje fekk moglegheit til å fiske i britisk sone, og vice versa. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker, medan EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei fleste viktige bestandane godt nytta.

Hovudfiskeriet til Noreg i Færøysona er brosme og lange/blålange. Norske fartøy har for første gong på fleire år nytta kvotane av lange/blålange fullt ut i 2020, og det norske fisket vart stoppa tidleg på hausten. I 2021 var utnyttinga av kvotane i Færøysona lågare, noko som truleg skriv seg frå at lineflåten hadde utfordringar med å utnytte torske- og hysekvotar i Noregs økonomiske sone. Færøyane har fiska mesteparten av kvotane sine på torsk og sei i NØS begge åra. Hysekvoten vart dårleg nytta i 2020. Når det gjeld pelagiske fiskeri, har dei god tilgang i andre soner.

Noreg har hatt godt utbyte av kvotane i Grønland si sone i 2020 og 2021. Det same har Grønland i NØS nord for 62° N. Dei siste åra har det norske fisket ved Grønland vore regulert gjennom fleire rulleringsordningar. Grønland har fiska med to fartøy dei to siste åra.

Figur 5.1 Fiske er viktig for livet langs kysten

Figur 5.1 Fiske er viktig for livet langs kysten

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har meldt seg på til dette fisket. Island har tradisjonelt nytta torskekvoten som dei er tildelt i NØS nord for 62° N, godt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantumet som kan fiskast som bifangst.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Sett bort frå sesongane då det ikkje vart opna for fiske (2018–2019 og 2019–2020), har Noreg dei siste åra nytta heile loddekvoten sin ved Island, Grønland og Jan Mayen. Dette har mellom anna samanheng med at Noreg dei siste åra har hatt full sonetilgang til islandsk sone. Sesongen 2020–2021 vart det svært stor etterspurnad etter lodde, noko som førte til rekordhøge prisar for fiskeflåten. Sesongen 2021-2022 hadde Noreg ein svært høg kvote. Mykje dårleg vêr og strenge restriksjonar i islandsk sone gjorde at Noreg ikkje tok heile kvoten denne sesongen. Det har ikkje vore opna for loddefiske i Barentshavet i 2020 og 2021.

Tabell 5.2 gjev eit oversyn over verdien av dei viktigaste fiskeria i Noreg. Her ser vi på det einskilde fiskeri, og ikkje berre på verdien av den einskilde kvoteavtalen. Noreg får til dømes kolmule i kyststatsavtalen om kolmule, men òg i den bilaterale avtalen med EU. Vi ser at torsken i Barentshavet utgjer om lag halvparten av verdien av fiskeria i tabell 5.2, medan makrellen står for cirka 18 prosent av verdien. Dette vil variere som følgje av endringar i kor store både kvotane og prisane er.

Tabell 5.2 Verdi for nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2020 og 2021

Kvoteverdi i millionar kroner (2021-verdi)1

2020

2021

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

8 309

8 172

Hyse

1 674

1 796

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

746

650

Sei

408

327

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild

2 421

3 181

Makrell

2 898

3 149

Kolmule

1 194

624

1 Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning (2021-verdi).

5.1 Verdien av fisket

Det er fleire faktorar som påverkar verdien av det norske fisket, som kvotar, prisen på råstoff, valutasvingingar og handelspolitikk. Generelle utviklingstrekk i samfunnet har òg mykje å seie for fiskeria, som den teknologiske utviklinga, den generelle økonomiske utviklinga og demografiske trendar. Det går generelt godt i den norske fiskerinæringa, trass koronapandemien som slo inn i 2020. I 2021 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 35,1 milliardar kroner, som vart ny rekord.

Dette delkapittelet gjer greie for hovudtrekka i utviklinga av verdien på kvotane for dei viktigaste fiskeslaga over tid og med vekt på perioden 2019–2021. Hovudtrekka i utviklinga av lønnsemda i den norske fiskeflåten generelt, og for fartøygruppene i lønnsemdsgranskinga spesielt, blir også presenterte.

Innan botnfiskeria er det fiskeartane torsk, hyse, sei og reke som er dei kommersielt viktigaste, medan det innan pelagiske fiskeri er artane sild, makrell, kolmule og lodde som er kommersielt viktigast.

5.1.1 Verdien av kvotane for norske fiskarar

For å finne verdien av kvotane som norske fiskarar kan fiske på etter avtalane, har vi først funne oppnådd gjennomsnittspris for fiskar per kilo fisk rundvekt1 som er omsett. Denne bruker vi så som verdi per kilo kvote som er oppgjeven i dei enkelte reguleringsforskriftene. Det vi ser på her, er førstehandsverdi på fiskeslaga og ikkje den verdien fisken kan generere i form av vidaresal og ringverknader.

5.1.1.1 Torsk og hyse

For både torsk og hyse har kvoteverdien auka over heile perioden frå 2010 til 2021. Auken i kvoteverdien frå 2019 til 2021 er størst for hyse. Kvotane har auka relativt mykje for begge fiskeslaga i perioden 2019–2021, medan prisen er redusert og relativt mest for torsk. Frå 2020 til 2021 auka kvoteverdien for hyse, medan kvoteverdien for torsk vart redusert med 1,6 prosent.

Figur 5.2 Utvikling i kvote og kvoteverdi for torsk i Barentshavet

Figur 5.2 Utvikling i kvote og kvoteverdi for torsk i Barentshavet

Figur 5.3 Utvikling i kvote og kvoteverdi for hyse i Barentshavet

Figur 5.3 Utvikling i kvote og kvoteverdi for hyse i Barentshavet

5.1.1.2 Sild, makrell og kolmule

For makrell, sild og kolmule var både kvotar og kvoteverdiar høgare i 2021 enn i 2010. Medan det for norsk vårgytande sild (NVG-sild) så vidt var høgare kvoteverdi i 2010 enn i 2021.

For sild i Nordsjøen og Skagerrak har prisen vore varierande over heile perioden, og etter nokre år med stiging vart prisen igjen redusert frå 2020 til 2021. Kvoteverdien var i 2021 på same nivå som i 2019, sjølv om kvoten i 2019 var på eit høgare nivå enn i 2020.

Figur 5.4 Utvikling i kvote og kvoteverdi for sild i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 5.4 Utvikling i kvote og kvoteverdi for sild i Nordsjøen og Skagerrak

Målt i 2021-verdi var 2016 året med høgast gjennomsnittspris for NVG-sild, med kr 8,48. Lågast gjennomsnittspris var det i 2010 med kr 3,67. I 2021 var førebels gjennomsnittspris kr 6,42. Kvoteverdien har stige etter 2018. Auken frå 2019 til 2020 kom på grunn av auka pris, og auken frå 2020 til 2021 kom som ein kombinasjon av auka kvote og høgare pris.

Figur 5.5 Utvikling i kvote og kvoteverdi for norsk vårgytande sild

Figur 5.5 Utvikling i kvote og kvoteverdi for norsk vårgytande sild

Prisen for makrell har variert mykje i perioden. Prisen har blitt redusert frå 2019 til 2021 og var i 2021 på kr 10,34. På grunn av auka kvote gjekk kvoteverdien likevel opp.

Figur 5.6 Utvikling i kvote og kvoteverdi for makrell

Figur 5.6 Utvikling i kvote og kvoteverdi for makrell

Etter fleire år med stigande pris vart prisen på kolmule redusert frå 2020 til 2021. Kombinert med redusert kvote frå 2020 til 2021 vart kvoteverdien nærare halvert til 624 millionar kroner.

Figur 5.7 Utvikling i kvote og kvoteverdi for kolmule

Figur 5.7 Utvikling i kvote og kvoteverdi for kolmule

5.1.2 Lønnsemda i den norske fiskeflåten

Fiskeridirektoratet samlar kvart år inn opplysningar om lønnsemd og arbeidsinnsats frå den norske fiskeflåten. Alle registrerte fiskefartøy som har hatt ei fangstinntekt over ei minimumsgrense, som varierer etter storleiken på fartøya, inngår i lønnsemdsgranskinga. Desse fartøya står for rundt 90 prosent av den totale fangstinntekta i dei norske fiskeria.2 I Noreg har vi hatt lønnsemdsgranskingar sidan 1950, men den første tida berre for utvalde fartøygrupper og ikkje årleg. Sidan 1966 er lønnsemdsgranskingane gjennomførte årleg og etter kvart for heile fiskeflåten. I lønnsemdsgranskinga er det to ulike nøkkeltal som seier noko om lønnsemda – driftsmargin og totalkapitalrentabilitet. Nøkkeltalet driftsmargin viser kor mange kroner ein har tent per 100 kroner omsett, medan nøkkeltalet totalkapitalrentabilitet gjev uttrykk for avkastninga til den totale kapitalen. Desse to nøkkeltala viser same trend, men sidan totalkapitalen har auka over tid, har også betre lønnsemd ført til mindre utslag på totalkapitalrentabiliteten enn på driftsmarginen. I figurane under har vi valt å vise lønnsemda i form av nøkkeltalet driftsmargin.

Dei underliggjande årsakene til den positive lønnsemdsutviklinga i perioden sett under eitt er fleire. Fleire av dei viktigaste fiskebestandane våre har vore i langt betre tilstand på 2000-talet enn dei var i 1990-åra. Samstundes er talet på merkeregistrerte fiskefartøy redusert, noko som bidreg til reduserte kostnader og auka produktivitet.

Auka kvotar av viktige kommersielle artar som torsk, hyse og sei innanfor botnfiskeria og sild, makrell og kolmule innanfor pelagiske fiskeri har vore vesentleg for at den norske fiskeflåten i dag har god lønnsemd. Samstundes er det ikkje kvotane aleine som gjev god lønnsemd. Noreg er ein betydeleg eksportør av fisk – over 90 prosent av det vi haustar, blir eksportert. Situasjonen i marknadene og prisendringar på kommersielt viktige fiskeslag har også stor verknad for korleis lønnsemda i den norske fiskeflåten endrar seg.

Figur 5.8 viser utviklinga i driftsmargin for den norske fiskeflåten frå 1980 til 2020. Driftsmarginane i 2019 og 2020 var saman med 2011 og 2016 dei høgaste som er målte. Førebelse tal for 2021 viser at fangstverdien for norske fartøy var på same nivå som i 2020.

Figur 5.8 Utvikling i driftsmargin1 for den norske fiskeflåten saman med trendline

Figur 5.8 Utvikling i driftsmargin1 for den norske fiskeflåten saman med trendline

1 Driftsmargin = (driftsresultat/driftsinntekter) * 100. Driftsmarginen gjev uttrykk for storleiken på inntening for kvar 100 kr seld.

Innan pelagisk sektor har fangstverdien vore rekordhøg i 2020 og 2021, medan fangstverdien innan torskesektoren var 6 prosent lågare i 2021 enn i 2020. Korleis dette vil slå ut på lønnsemda, er vanskeleg å seie, då det totale kostnadsbiletet for 2021 ikkje er klart på noverande tidspunkt.

Medan figur 5.8 viser utvikling i lønnsemd samla sett tilbake til 1980, viser figur 5.9 utviklinga i lønnsemd innan botnfiskeri og pelagiske fiskeri for perioden frå 2010 til 2020.

Figur 5.9 Utvikling i driftsmargin innan botnfiskeri og pelagiske fiskeri

Figur 5.9 Utvikling i driftsmargin innan botnfiskeri og pelagiske fiskeri

Innan botnfiskeria er torsk, hyse, sei og reke viktige kommersielle artar, medan innan dei pelagiske fiskeria er artane sild, makrell, kolmule og lodde som er kommersielt viktigast. Driftsmarginen innan dei pelagiske fiskeria har over tid vore høgare enn driftsmarginen innan botnfiskeria. Også i 2020 var driftsmarginen innan dei pelagiske fiskeria høgare enn for botnfiskeria, og avstanden auka.

Det er store variasjonar i lønnsemd mellom fartøy innan ei flåtegruppe og mellom flåtegrupper. Figur 5.10 og 5.11 viser utviklinga i driftsmargin for høvesvis utvalde kystfiskegrupper og havfiskegrupper for åra 2010 til 2020. Det har tradisjonelt vore ringnotsnurparar og torsketrålarar som har oppnådd høgast driftsmargin. Dei siste åra har også dei pelagiske trålarane hatt høg driftsmargin, og i 2019 og 2020 var det denne fartøygruppa som oppnådde den høgaste driftsmarginen. Kystfiskefartøya og den konvensjonelle havfiskeflåten ligg noko lågare i driftsmargin.

Figur 5.10 Utvikling i driftsmargin for kystfiskegrupper

Figur 5.10 Utvikling i driftsmargin for kystfiskegrupper

Figur 5.11 Utvikling i driftsmargin for havfiskegrupper

Figur 5.11 Utvikling i driftsmargin for havfiskegrupper

Boks 5.1 Utviklinga i dei norske fiskeria sidan etterkrigstida

Det årlege fangstkvantumet har variert naturleg med biologiske variasjonar og tilhøyrande kvotar. Enkelte periodar er sterkt påverka av kollaps i bestanden av norsk vårgytande sild og den sterke nedgangen i torskebestanden i 1980- og 1990-åra. Etter ein liten auke etter krigen har talet på fiskarar og fiskefartøy blitt redusert som følgje av auka effektivitet på grunn av teknologisk utvikling og ein styrt struktureringspolitikk. Dette har gjeve ein betydeleg produktivitetsvekst i fiskeria og syner at fangst per fiskar har auka frå under 10 tonn per fiskar i 1945 til over 220 tonn i 2021. Den største auken i fangst per fiskar finn stad dei siste 30 år, frå om lag 60 tonn i 1990 til vel 220 tonn per fiskar i 2021. Det utgjer ein produktivitetsvekst på meir enn 280 prosent i perioden, eller ein jamn årleg auke på 4,5 prosent.

Figur 5.12 Utvikling i fangstkvantum, fiskarar og fangst per fiskar

Figur 5.12 Utvikling i fangstkvantum, fiskarar og fangst per fiskar

5.2 Tosidige avtalar

5.2.1 Noreg – Russland

Noreg har i all hovudsak ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i den økonomiske sona til Russland. Justert for kvotefleksibilitet ligg utnyttingsgraden på 100 prosent for torsk og hyse, bortsett frå at utnyttingsgraden på hyse var på 80 prosent i 2021. Dette kjem i all hovudsak av høg torskekvote og at den kystnære flåten har utfordringar med tilgangen til hysebestanden. Fiskeridirektoratet har justert reguleringa i løpet av åra ved å innføre høg overregulering og fritt fiske for å leggje til rette for at norsk hysekvote kan nyttast fullt ut. Noreg utnytta kvotane på snabeluer og blåkveite godt i begge åra.

Tabell 5.3 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Torsk3

343 377

430 674

331 003

384 427

Hyse3

107 971

117 261

88 285

101 001

Blåkveite

13 755

13 755

13 790

13 978

Uer (Sebastes Mentella)

36 219

36 219

33 374

43 915

Lodde4

-

-

-

1 Etter tilbakeføring av uutnytta kvote avsett til tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 2. februar 2022, inklusive forskingsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Det vart ikkje opna opp for kommersielt fiske etter lodde i 2020 og 2021, berre tildelt forskingskvantum.

Tabell 5.4 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandene i Barentshavet

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Torsk3

322 277

385 635

312 682

381 088

Hyse3

96 159

104 348

89 030

100 711

Blåkveite

12 225

12 225

12 141

Uer (Sebastes mentella) 4

13 055

14 908

11 765

Lodde5

-

-

19

-

1 Etter overføring til Noreg, men før eventuell tilbakeføring av uutnytta tredjelandskvote.

2 Fangsttala for 2020 og 2021 er rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Fangst av blåkveite og uer er ikkje med i dei rapportane.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

4 Av totalkvoten kunne 1 000 tonn berre takast som bifangst.

5 Det vart ikkje opna opp for kommersielt fiske etter lodde, berre tildelt forskingskvantum.

Tabell 5.5 Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Torsk

200 000

200 000

4 847

8 448

Hyse

47 000

47 000

4 042

3 372

Blåkveite

13 005

13 005

17

23

Uer (Sebastes Mentella)

38 219

38 219

-

Lodde

-

-

-

-

Reker

4 500

4 500

877

378

Grønlandssel2

7 000

7 000

-

5 061

Steinbit

2 500

2 500

200

800

Flyndre

200

200

-

Bifangstkvote

500

500

13

35

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektronisk fangst- og aktivitetsdata per 11. januar 2022.

2 Talet på dyr, ikkje tonn.

Tabell 5.6 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

NØS Nord for 62°N

Torsk

200 000

200 000

101 482

96 014

Hyse

47 000

47 000

10 698

7 662

Blåkveite

11 475

11 475

1 540

1 195

Lodde

-

-

-

-

Sei2

12 000

12 100

12 138

12 276

Steinbit

5 000

5 000

4 868

5 194

Uer3

2 000

2 200

1 688

1 183

Snabeluer3

12 055

13 908

5 858

6 365

Kolmule

20 219

16 173

376

271

Norsk vårgytande sild

67 381

83 462

15 577

74 476

Andre artar

2 500

2 500

700

722

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

67 381

83 462

-

-

Kolmule

20 219

16 173

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 25. januar 2022.

2 Sei kunne berre takast som bifangst i 2020 og 2021.

3 Russiske fartøy kunne fiske snabeluerkvoten i eit direktefiske i NØS nord for 62°N; resterande uer kunne berre takast som bifangst.

Russland utnyttar også kvotane sine godt. Dei fiskar betydelege delar av sine kvotar av torsk, sei, steinbit og uer i norsk økonomisk sone. Når det gjeld det russiske fisket av norsk vårgytande sild, fiska dei derimot ein svært liten del i norske farvatn. Årsaka til dette var dårleg tilgang på sild i norske farvatn og at silda oppheldt seg store delar av hausten i internasjonalt farvatn.

5.2.2 Noreg – EU – Storbritannia

I 2021 vart Storbritannia ein egen part i forhandlingane om forvaltinga av fiskebestandar i Nordsjøen, og øvrig britisk sone. Dette medførte at EUs andel i fellesbestandar vart redusert, og at tradisjonelle byteartar vart på britiske hender. Noregs andel i fellesbestandane i Nordsjøen heldt seg uendra. Dermed er det store reduksjonar i EU-kvotane i 2021 samanlikna med i 2020. Noreg og Storbritannia vart ikkje einige om byte- eller tilgangsavtale for 2021, slik at norske fartøy ikkje fekk moglegheit til å fiske i britisk sone, og vice versa. Tabell 5.9 viser Storbritannias fangstar av fellesartane i Nordsjøen i 2021.

Tabell 5.10 viser fangstmoglegheitene for norske fartøy i EU-sona. For fleire artar kan kvoten også fiskast i NØS eller i internasjonalt område. Det er til dømes tilfellet med kolmule, makrell og fellesbestandane i Nordsjøen. Avvik kan komme av at fisken er vanskeleg tilgjengeleg, eller av at det er lita interesse for å fiske arten. I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei fleste viktige bestandane godt nytta.

Tabell 5.7 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Torsk

2 120

1 870

2 253

1 659

Hyse

7 193

9 140

3 158

2 215

Sei4,6

40 823

30 216

39 759

20 442

Kviting

1 216

2 131

1 675

1 099

Raudspette

9 9805

10 039

34

24

Nordsjøsild3, 6

112 340

103 907

115 878

95 095

1 Etter overføringar til/frå EU og tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 13. januar 2022.

3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerak-kvoten som kan takast ut i Nordsjøen, før kvotefleksibilitet.

4 Seikvote i Skagerrak og Nordsjøen.

5 Etter at 300 tonn er overførte til Skagerrak.

6 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.

Tabell 5.8 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2020

2021

2020

20215

Torsk

12 216

5 170

13 427

3 000

Hyse

27 752

6 080

21 329

2 199

Sei4

38 110

22 048

28 732

13 119

Kviting

15 942

6 669

13 310

1 310

Raudspette

136 572

98 418

30 778

18 559

Nordsjøsild3,4

273 356

187 301

267 537

143 430

1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.

2 Fangsttala vart utleverte under forhandlingane mellom Noreg og EU 13. desember 2019. Fangsttala for 2021 vart utleverte under forhandlingane om ein avtale for 2022.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote for sild på 8 954 tonn i 2020 og 7 750 tonn i 2021. Av desse vart høvesvis 9 804 tonn og 8 403 tonn fiska (tal frå Fiskeristyrelsen i Danmark).

4 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.

5 1. januar 2021–30. september 2021.

Tabell 5.9 Storbritannias kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

20201

2021

20201

20212,3

Torsk

5 824

4 725

Hyse

26 865

13 357

Sei4

6 368

5 801

Kviting

12 507

9 503

Raudspette

37 963

4 102

Nordsjøsild

65 712

65 427

1 UK var medlem av EU i 2020.

2 Fangsttala for 2021 vart utleverte under forhandlingane om ein avtale for 2022.

3 1. januar 2021–30. september 2021.

4 Skagerrak og Nordsjøen.

Tabell 5.10 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar og fangstar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2020

2021

2020

2021

EU-farvatn

Makrell2,10

207 551

178 385

Sild3

60 000

3 000

49 092

Augepål

14 500

14 784

Kolmule

290 709

179 148

267 822

99 441

Havbrisling9

10 000

12 000

9 999

Hestmakrell

2 550

19

Torsk3

2 120

1 870

773

12

Hyse3

7 193

9 140

349

2

Sei3,4

41 7634

30 216

9 264

14

Blålange

250

278

Lange5

8 000

4 764

Brosme5

2 923

838

Kviting3

1 216

274

Raudspette3

10 280

10 039

4

Sjøtunge

10

10

-

Blåkveite6

1 250

691

Kombinert kvote

280

111

Andre artar8

6 750

1 000

2 142

2

Vest-Grønland

Blåkveite

575

550

575

545

Skolest/isgalt

40

40

-

6

Aust-Grønland7

Reker

1 200

1 000

-

-

Blåkveite

575

650

526

557

Uer7

561

561

561

Skolest/isgalt o.a.

25

25

-

25

1 Etter overføringar til EU og tredjeland. Inkluderer ikkje Skagerrak bortsett frå sei.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 13. januar 2022.

3 For desse fellesbestandane avtaler EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten i både EU-sona og i NØS. Berre fangstar frå EU-sona blir rapporterte.

4 Inkludert kvote og fangst i ICES-område 6a.

5 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn). Inntil 2 000 tonn kan førast mellom brosme- og langekvotane.

6 Kvoten på blåkveite gjeld for ICES-underområde 2a og 6, i område 6 berre med line.

7 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg bli fiska i internasjonalt farvatn.

8 Område 4 og 2a.

9 Havbrisling i EU-sona tildelt i 2020 og 2021 kan bli fiska i perioden 1. juli–31. mars. Dette er reflektert i fangsttala. Totalkvoten i Nordsjøen i 2021 vart lågare enn 100 000 tonn, som medførte at Noreg ikkje fekk fiske kvoten.

10 Noreg kunne fiske heile sin kyststatsdel av makrell på 207 551 tonn i EU-farvatn i 2020. Av dette kunne Noreg fiske 41 510 tonn i EU-farvatn i ICES’ statistikkområde 6a (nord for 56º30’ N). Av dette kunne Noreg fiske 16 492 tonn i EU-farvatn i ICES’ statistikkområde 2a, og 7d, e, f og h. Vidare kunne Noreg fiske 3 000 tonn av totalkvoten i ICES’ statistikkområde 3a (Skagerrak).

Tabell 5.11 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1(tonn)

2020

2021

2020

2021

NØS, Nord for 62° N

Torsk4

21 518

10 274

21 457

5 931

Hyse

1 100

500

711

343

Sei

22 550

770

2 506

655

Blåkveite

20

50

83

87

Uer

1 500

1 500

1 088

1 330

Kolmule

190 809

141 648

33

20

Makrell

16 492

-

-

Norsk vårgytande sild

30 794

29 667

23 176

33 191

Andre artar

350

100

254

105

NØS, Nordsjøen

Torsk2

10 618

4 494

4 046

2 194

Hyse2

20 644

4 523

3 783

620

Sei2

38 110

22 198

10 471

5 308

Kviting2

10 801

4 518

783

99

Lange

1 350

900

717

461

Brosme

170

75

49

26

Breiflabb

1 700

1 000

1 133

918

Raudspette2

56 041

39 153

5 322

3 679

Makrell3

30

-

Nordsjøsild2

50 000

3000

656

-

Kolmule

190 809

141 648

-

-

Reker

200

200

101

121

Sjøkreps

600

200

90

127

Andre artar

11 000

2 600

6 906

3 553

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

30 794

29 667

-

-

Kolmule

190 809

141 648

-

-

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 19. januar 2022. Tala er baserte på fartøya sine rapporterte soner ved fiske.

2 For desse fellesbestandane avtaler EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 EU har full sonetilgang på sin kyststatsdel i 4a, ytterlegare avgrensa av kva EU sjølv fastset sonetilgangen til å vere.

4 EU-fartøy har fiska 22 776 tonn torsk i fiskevernsona ved Svalbard. Ettersom kvoten i fiskevernsona ved Svalbard er på 17 885 tonn, inneber dette at 4 891 tonn er avrekna på kvoten for EU-fartøy i Noregs økonomiske sone i samsvar med forskrift om regulering av fisket etter torsk i fiskevernsonen ved Svalbard i 2021.

Noreg får også kvotar i grønlandsk farvatn gjennom forhandlingane med EU, jf. tabell 5.10. Tradisjonelt har blåkveitekvoten på Vest-Grønland vore best nytta, men dei siste åra har også blåkveitekvoten på Aust-Grønland vore nytta. Dei siste åra har det vore lita interesse for å fiske reker, dette på grunn av at det har vore vanskeleg å finne denne arten.

Tabell 5.11 viser EU sine kvotar og fangstar i norske havområde. I NØS i Nordsjøen er kvotar både i 2020 og 2021 sette saman av fleire kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg, «kolmuleavtalen», «makrellavtalen» og den bilaterale sonetilgangsavtalen mellom EU og Noreg.

Fisket i Skagerrak og Kattegat

I Skagerrak og Kattegat har EU dei siste åra nytta best kvotane på torsk, sild og reker. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men andre EU-land har mindre kvotar for enkelte artar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.12 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Torsk2

2 035

1 832

1 486

1 455

Hyse

2 100

2 519

264

1 520

Kviting

1 630

912

60

82

Raudspette2

19 254

18 804

6 586

5 617

Sild3

21 257

18 723

22 633

15 247

Brisling

35 177

35 177

546

581

Reker2

2 366

1 702

2 499

1 647

1 Fangsttala for 2020 og 2021 utleverte under forhandlingane mellom Noreg og EU under forhandlingar.

2 Torsk, raudspette og reker kan berre bli fiska i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote på sild på 6 659 tonn i 2020 og 2021. Av desse er høvesvis 904 tonn og 138 tonn fiska (tal frå Fiskeristyrelsen i Danmark).

Det norske fisket i Skagerrak har i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. Noreg har til dømes ein ganske stor kvote på kystbrisling som blir lite nytta. Dette fiskeriet har vore eit kombinasjonsfiskeri av brisling og sild som har funne stad på dei tradisjonelle felta i Oslofjorden. Tabellane 5.12 og 5.13 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2020 og 2021.

Tabell 5.13 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Torsk4

68

61

32

24

Hyse

92

111

15

8

Kviting

30

17

4

6

Raudspette3

693

684

7

9

Sild2,6

1 635

1 440

2 113

1 115

Brisling

998

2 852

444

541

Reker5,6

2 850

2 334

3 165

2 342

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 19. januar 2022.

2 Tabellen viser skagerrakkvoten eksklusive den delen av kvoten som kan takast ut i Nordsjøen.

3 Av dette 300 tonn overførte frå Nordsjøen.

4 Utanfor grunnlinene.

5 Den delen av rekekvoten som i utgangspunktet kunne bli fiska i Skagerrak, utgjorde i 2020 og 2021 høvesvis 2 850 og 2 334 tonn. Rekene i Nordsjøen og Skagerrak høyrer likevel til den same bestanden, og rekekvotane i Nordsjøen og Skagerrak blir difor forvalta som ein. Av den grunn inneheld kvote- og fangsttala også områdekvoten i Nordsjøen og fangstane på denne. I 2020 fiska norske fartøy 3 165 tonn i Skagerrak og 1 856 tonn i Nordsjøen. I 2021 vart det av norske fartøy fiska 2 342 tonn i Skagerrak og 1 895 tonn i Nordsjøen.

6 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.

Noreg – Sverige

Noreg har ein nabolandsavtale med Sverige om fiskeri som gjev svenske fiskarar rett til å fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2020 og 2021 er viste i tabell 5.14. Med unntak av hyse og kviting nyttar Sverige desse kvotane godt.

Tabell 5.14 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

NØS, Nordsjøen

Torsk

382

382

336

381

Hyse

707

707

87

78

Sei

880

880

836

747

Kviting/lyr

190

190

79

84

Industrifiske2

800

800

752

789

Makrell

271

251

271

245

Sild

948

878

908

866

Reker

123

123

108

96

Andre artar3

-

-

220

259

1 Fangsttala er baserte på innrapporterte tal frå Det svenske fiskeriverket per 13. januar 2022.

2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kan maksimalt 400 tonn vere hestmakrell.

3 Det blir ikkje tildelt ein fast kvote av andre artar, men fangstane skal vere på tradisjonelt nivå.

5.2.3 Noreg – Færøyane

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk i færøysk sone i større grad dei siste åra, og fisket til dei norske fartøya etter botnfisk i færøysk sone vart stoppa tidleg på hausten i 2020.

Færøyane har nytta botnfiskkvotane i norske jurisdiksjonsområde godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska noko særleg makrell i NØS nord for 62° N eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Færøyane har ikkje hatt tilgang til å fiske kolmule i norske havområde dei siste åra.

Tabell 5.15 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Lange/blålange

2 500

2 500

2 560

1 720

Brosme

2 000

2 000

1 078

1 121

Sei

-

-

-

-

Makrell 2

6 600

6 600

-

23

Kolmule3

-

-

570

971

Andre artar

800

800

321

168

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 31. desember 2021. Fangst justert som følgje av fiske i det sørlege området der fartøy har lisens både hos Færøyane og EU.

2 Makrellkvoten er fiska i anna farvatn.

3 Noreg byter til seg sonetilgang i den bilaterale avtalen: 30 000 tonn i 2020 og 34 800 i 2021.

Tabell 5.16 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

NØS, Nord for 62° N

Torsk2

8 395

8 945

8 072

8 926

Hyse2

1 400

1 450

669

881

Sei

500

500

398

500

Makrell

40 666

83 524

60

27 126

Andre artar3

400

400

257

431

NØS, Nordsjøen

Makrell

40 666

83 524

-

27

Fiskerisona ved Jan Mayen

Makrell

40 666

83 524

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 31. januar 2022.

2 Inkluderer kvotar overførte frå russisk økonomisk sone.

3 Inkluderer uer, sei og blåkveite.

5.2.4 Noreg – Grønland

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2020 og 2021 går fram av tabell 5.17. I tillegg kunne norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU, sjå tabell 5.10.

Kvotane på torsk og blåkveite vart godt nytta. Dei siste åra har fisket vore regulert gjennom fleire rulleringsordningar. Kvoten på uer har tradisjonelt vore delt i botnlevande og pelagisk uer, men i 2021 vart Noreg ikkje tildelt kvote på pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kunne òg bli fiska i internasjonalt farvatn. Uerkvotane blir godt nytta.

Grønland sine kvotar i NØS blir som regel godt utnytta, jf. tabell 5.18. I 2020 og 2021 var det to fartøy som fiska dei grønlandske kvotane i norske havområde.

Tabell 5.17 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

829

895

Aust-Grønland:

Blåkveite

275

275

205

182

Kveite

30

30

3

19

Uer

1 000

1 000

1 057

1 002

Brosme

340

340

119

410

Skolest

100

100

16

125

Bifangst av andre artar

150

150

86

122

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

1 350

1 350

1 332

1 330

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 24. januar 2022.

Tabell 5.18 Grønlandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2020

2021

2020

2021

NØS, Nord for 62°N

Torsk

8 166

8 142

8 261

8 238

Hyse

1 330

1 229

944

1 100

Sei

450

450

451

451

Andre artar

250

250

225

212

1 Grønland overførte 4 166 torsk og 430 tonn hyse frå Russland til NØS i 2020. I 2021 vart 4 142 tonn torsk og 329 tonn hyse overførte frå Russland.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 25. januar 2022.

5.2.5 Noreg – Island

Norske fartøy har nytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra, jf. tabell 5.19 som viser norske kvotar og fangstar i islandsk sone. Dei siste åra har dette fisket vore regulert gjennom ei rulleringsordning basert på loddtrekking blant fartøy som har meldt seg på til dette fisket. To nye fartøy får vere med i dette fisket kvart år.

Tabell 5.19 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Brosme, lange, blålange

500

500

495

488

Uer2

-

-

19

40

Anna2

-

-

62

76

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. januar 2022.

2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy òg høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.

Tabell 5.20 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

NØS, Nord for 62°N

Torsk

3 184

4 040

3 075

4 002

Hyse2

-

-

32

219

Sei2

-

-

298

130

Andre artar2

955

1 212

33

86

1 Fiskeridirektoratet sitt register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 25. januar 2022.

2 Bifangst inntil 30 prosent. Fangst av hyse og sei blir belasta kvoten for andre artar.

5.3 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

5.3.1 Norsk vårgytande sild

I 2007 vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Som følgje av at Færøyane hausten 2012 fremja krav om ein høgare del norsk vårgytande sild, vart det i åra 2013 og 2014 inngått firepartsavtalar mellom EU, Island, Noreg og Russland om fordeling av norsk vårgytande sild. I avtalane vart det sett av eit kvantum til færøysk fiske, i samsvar med delen deira frå 2007. Det vart ikkje semje om ein kyststatsavtale for 2015, men partane vart likevel samde om ein totalkvote i tråd med tilrådinga frå ICES. I 2016 vart det heller ikkje semje om ein avtale, men 15. januar 2016 la Noreg fram eit forslag til forvaltingstiltak i NEAFC sitt konvensjonsområde for 2016. I forslaget var det mellom anna lagt opp til ein TAC ut frå forvaltingsplanen. Tre partar røysta for, ein imot, og ein part valde å ikkje røyste. Noreg sitt forslag vart difor vedteke. For åra 2017 til og med 2021 har partane blitt samde om ein totalkvote for NVG-sild. Hausten 2020 kom Storbritannia med i forhandlingane, frå 2021 har dei fastsett eigen kvote. Det er semje mellom partane om at Storbritannia er kyststat til sild, medan EU ikkje lenger er dette.

Andelsfordelinga er det ikkje semje om, og partane set seg unilaterale kvotar. Fordelinga av kvotar for 2020 og 2021, før og etter overføringar mellom partane og overføringar over år, er gjeven att i tabell 5.21 og 5.22.

Figur 5.13 Lite snurrevadfartøy på skreifiske i Lofoten

Figur 5.13 Lite snurrevadfartøy på skreifiske i Lofoten

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

Tabell 5.21 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20201

Stat

Kvote

Balanse 2019

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2020

EU

34 216

3 039

-

37 255

32 690

3 422

Færøyane

115 893

7 881

−11 755

112 019

103 027

8 992

Island

91 243

1 411

92 654

96 209

−3 555

Noreg

399 451

−4 734

394 717

409 437

−14 720

Russland

67 381

8 555

75 936

74 936

1 000

Totalt kyststatar

708 184

7 597

−3 200

712 581

716 299

−4 861

Grønland

25 000

0

3 200

28 200

2 801

Totalt

733 184

7 597

-

740 781

719 100

−4 861

1 Tala er innrapporterte frå deltakande land under kyststatsforhandlingane i oktober 2021.

Vandringsmønsteret til silda endrar seg stadig. Det ser ein spesielt i 2017, 2018 og 2019 då den store silda oppheldt seg i ein lengre periode i internasjonalt farvatn. Dette gjorde at kyststatane, med unntak av Noreg og Island, fiska den største delen av kvoten sin her. Island og Noreg hadde hovudfisket i eigne farvatn. I 2020 og 2021 ser ein eit anna fangstmønster: Færøyane fiska i 2020 mesteparten av kvoten sin i islandsk sone, medan dei i 2021 fiska mest i internasjonalt farvatn, Island fiska hovudsakleg i eiga sone, medan EU og UK (frå 2021) fiska mest i NØS. Russland fiska i 2021 i hovudsak i internasjonalt farvatn, medan dei i 2021 har fiska størstedelen av kvoten sin i NØS. Grønlandske fartøy oppheld seg mest i færøyske farvatn. Noreg har dei to siste åra fiska nesten berre i eige farvatn.

Tabell 5.22 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 20211

Stat

Kvote

Balanse 2020

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Færøyane

143 533

8 993

16 500

136 046

22 552

Island

117 707

−3 555

114 152

112 014

Noreg

495 035

−14 720

480 315

489 558

Russland

83 462

623

10 000

94 085

73 520

Storbritannia

12 715

262

−5 294

7 683

Totalt kyststatar

852 472

−8 937

−11 794

832 281

697 644

EU

29 667

3 422

5 294

38 383

21 628

Grønland

25 000

0

6 500

31 500

1 574

Totalt

907 139

−4 975

0

902 164

720 846

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapporterte frå deltakande land under kyststatsforhandlingane i oktober 2021. Norske fangstar er frå landings- og slutsetelregisteret hos Fiskeridirektoratet per 28. januar 2022. Andre fangsttal er førebelse tal frå NEAFC sin fangststatistikk per november 2021.

5.3.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Etter mange forhandlingsrundar sidan 2015 inngjekk kyststatane ein ny trepartsavtale juni 2018.

Målingar hausten 2019 på umoden lodde førte til at ICES fann grunnlag for å fastsetje ein førebels TAC på 169 520 tonn for sesongen 2020–2021. Hausten 2020 vart det gjennomført fleire loddetokt som førte til at TAC den 16. oktober vart nedjustert til 0 for så å bli auka til 21 800 tonn 16. desember 2020.

Januar 2021 gjennomførte Island nye tokt, noko som gjorde at det vart funne grunnlag for å auke TAC til 54 200 tonn den 22. januar. Islands havforskingsinstitutt fann ein feil i bestandsestimeringen som gjorde at TAC vart oppjustert til 61 000 tonn 24. januar. Norsk kvote vart berekna til 33 388 tonn lodde, og fisket vart opna 28. januar.

Island gjennomførte eit nytt tokt i byrjinga av februar, det vart då funne grunnlag for å auka TAC ytterlegare den 4. februar, då til 127 300 tonn. Basert på denne auken og dei andre kvotekomponentane vart norsk kvote difor auka til 41 808 tonn lodde. Det var stor etterspurnad i marknaden grunna manglande loddefiske dei siste to sesongane, og det førte til svært gode prisar for fiskeflåten. Heile den norske kvoten vart utnytta, og alt vart omsett til konsum.

Når det gjeld sesongen 2020–2021, fann ICES hausten 2020 grunnlag for å fastsetje ein førebels TAC på 400 000 tonn lodda. Dette rådet vart revidert hausten 2021 etter at Island hadde gjennomført loddetokt i tre veker i september. Basert på dette toktet kom det islandske havforskingsinstituttet med eit nytt kvoteråd 1. oktober der TAC vart auka til 904 200 tonn. På bakgrunn av nye tokt i januar og byrjinga av februar 2022 vart endeleg TAC sett til 869 600 tonn lodde. Norsk kvote på slutten av sesongen vart derfor 140 989 tonn lodde. Sesongen har vore prega av mykje uvêr. Med dei avgrensingane den norske flåten har i islandsk sone når det gjeld sørleg grense, avgrensingar på maksimalt tal fartøy i sona samtidig, reiskap og siste fiskedato klarte ikkje Noreg å utnytta den store kvoten. Per 1. mars står det igjen 52 050 tonn lodde.

Loddefisket er avgrensa til fartøy med ringnotløyve, og det er veldig stor interesse for å delta.

Tabell 5.23 Norske kvotar og fangstar av lodde i sesongane 2020–2021 og 2021–2022

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020–20212

2021–20223

2020–2021

2021–2022

Totalt

41 808

140 989

42 358

88 939

Derav Grønland

16 167

110 122

0

0

Derav Jan Mayen

41 808

140 989

0

0

Derav Island

41 808

140 989

42 358

88 939

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 28. januar 2022, Norges Sildesalgslag per 1. mars 2022.

2 Kvoten vart samansett av 6 365 tonn frå trepartsavtalen, 25 641 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet og 9 802 tonn frå årleg kvoteavtale mellom EU og Noreg.

3 Kvoten vart samansett av 45 210 tonn frå trepartsavtalen, 30 866 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet og 69 623 tonn frå årleg kvoteavtale mellom EU og Noreg.

5.3.3 Kolmule

Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule.

I tillegg til Noregs kyststatsdel av kolmule byter også Noreg tradisjonelt til seg kolmule frå EU – samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland.

Noreg fiska både i 2020 og 2021 på forskot på kvoten for neste år – som i føregåande år. I 2020 fiska norske fartøy den største delen av kvoten sin i EU-sona vest av og nord for Irland, medan norske fartøy i 2021 fiska dei største delane av kvoten sin i både EU – sona vest av og nord for Irland og i internasjonalt farvatn. Trass i kyststatsavtalar utan fordeling av totalkvoten og unilateral kvotefastsetjing dei siste åra har Noreg gjennom bilaterale avtalar med EU og Færøyane tilgang til å fiske delar av kvoten i sonene til EU og Færøyane. Sonetilgang i EU-sona vart, som normalt, godt nytta i 2020. I 2021 vart han derimot utnytta i mindre grad. Dette kan forklarast med at sonetilgangen i EU-sona vart tildelt i mars, seinare enn normalt. Tilgangen til Færøy-sona vart nytta i liten grad i 2020 og 2021.

Tabell 5.24 og 5.25 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Dei fleste partane nyttar kvotane godt.

EU-fartøy og færøyske fartøy har dei siste åra fiska den største delen av kvotane sine i eigne farvatn, medan islandske fartøy i størst grad har fiska i færøysk sone. Russland og Grønland fiskar i hovudsak i færøysk sone og i internasjonalt farvatn.

Tabell 5.24 Kvotar og fangstar av kolmule i 20201

Stat

Kvote

Balanse 2019

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2020

EU

481 141

47 369

−107 400

421 110

350 112

70 998

Færøyane

412 697

43 758

−98 000

358 455

346 305

12 150

Island

245 101

−757

−2 000

242 344

238 851

3 493

Noreg

280 602

−38 457

79 681

321 826

350 974

−32 207

Totalt

1 419 541

51 913

−127 719

1 343 735

1 289 301

54 434

Russland

86 162

4 808

104 219

195 189

181 496

13 693

Grønland

6 273

252

13 500

20 025

19 550

475

1 Tala er innrapporterte frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2021.

Tabell 5.25 Kvotar og fangst av kolmule i 20211

Stat

Kvote

Balanse 2020

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

313 232

48 114

−37 500

323 846

222 208

Færøyane

330 158

12 150

−96 700

245 608

194 671

Island

196 081

3 493

−2 000

197 574

177 966

Noreg

224 482

−32 207

21 325

213 600

232 366

Storbritannia

71 670

760

-

72 430

72 103

Totalt

1 135 623

32 310

−114 875

1 053 058

827 211

Russland

68 929

7 350

100 175

176 454

159 752

Grønland

5 032

475

14 700

20 207

19 385

1 Tal for kvotar og overføringar er innrapporterte frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2021. I fangsttal er førebelse tal frå NEAFC sin fangststatistikk per november 2021, men fangsttal for Storbritannia er frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2021.

5.3.4 Makrell

Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.26 og 5.27 viser kvotane før og etter overføringane mellom partane, og overføringane over år. Noreg fiska i 2020 på forskot på kvoten for neste år, medan dei andre partane tok med seg unytta kvantum til neste år. I 2021 tok også Noreg med seg unytta kvantum til neste år. I 2021 var det behov for justeringar undervegs i fisket for alle gruppene.

Figur 5.14 Det har vore ein betydeleg produktivitetsvekst i fiskeria, og fangst per fiskar har auka frå under 10 tonn per fiskar i 1945 til over 220 tonn i 2021

Figur 5.14 Det har vore ein betydeleg produktivitetsvekst i fiskeria, og fangst per fiskar har auka frå under 10 tonn per fiskar i 1945 til over 220 tonn i 2021

Foto: Johan Wildhagen, Norges sjømatråd

Tabell 5.26 Kvotar og fangstar av makrell i 20201

Stat

Kvote

Balanse 2019

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2020

EU

454 482

32 208

271

486 961

447 838

39 123

Færøyane

116 188

6 918

−20 400

102 706

68 910

33 796

Island

152 141

21 036

−700

172 477

148 503

23 974

Noreg

207 551

−12 544

6 329

201 336

211 546

−10 210

Grønland

59 934

0

0

59 934

26 613

0

Totalt for kyststatane

990 296

47 618

14 500

1 023 414

903 410

86 683

Russland

130 282

14 383

144 665

128 816

15 849

1 Tala er innrapporterte frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2021.

Tabell 5.27 Kvotar og fangstar av makrell i 20211

Stat

Kvote

Balanse 2020

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

EU

198 063

39 123

453

237 639

177 910

Færøyane

167 048

33 796

−22 400

178 444

105 547

Island

140 627

22 368

−700

162 295

129 589

Noreg

298 299

−10 210

6 349

294 438

270 578

Grønland

60 000

0

0

60 000

33 360

Storbritannia

222 288

−4 630

−453

217 205

207 024

Totalt for kyststatane

1 086 325

80 447

−16 751

1 150 021

924 008

Russland

120 423

−16 500

136 923

136 203

1 Tala for kvotar og overføringar er innrapporterte frå deltakande partar under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2021.

2 Fangsttala er baserte på førebelse innrapporterte tal til NEAFC per november 2021.

5.3.5 Norsk fiske i Irmingerhavet

Den norske kvoten av uer i Irmingerhavet har tradisjonelt vore samansett av tre komponentar: eit kvantum frå forvaltingsavtalen om snabeluer i Irmingerhavet og kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU. Noreg bytte ikkje til seg kvotar i 2021. I 2020 deltok eitt norsk fartøy i fisket, og kvoten har blitt godt utnytta, jf. tabell 5.28.

Tabell 5.28 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1,2 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Snabeluer

773

-

748

-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25. januar 2022.

2 Oversikta tek ikkje omsyn til kvotefleksibilitet.

5.3.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Sidan 2010 har det vore stor interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. Rekrutteringa har likevel vore på eit lågt nivå sidan 2011, og bestanden, og dermed kvotane, er blitt kraftig reduserte sidan 2017. I 2020 deltok to norske fartøy, men eitt i 2021. Kvoten vart godt utnytta i begge åra. I 2020 og 2021 hadde deltakande norske fartøy moglegheit til å fiske reker i til saman 471 døgn kvart år. Ingen fartøy deltok.

Tabell 5.29 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2020

2021

2020

2021

Torsk

789

139

786

138

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 25. januar 2022.

Fotnotar

1.

Rundvekt i kilo også omtalt som fisken si levande vekt.

2.

Funna i lønnsemdsgranskinga blir publiserte på nettsidene til Fiskeridirektoratet i november/desember året etter endt referanseår.

Til forsida av dokumentet