NOU 1996: 20

Ny lov om eiendomsskatt

Til innholdsfortegnelse

4 Lov av 6. juni 1975 nr 29 om eigedomsskatt til kommunane med forskrifter

Lov av 6. juni 1975 nr 29 om eigedomsskatt til kommunane

1. kapitlet – Kva lova gjeld

§ 1 Eigedomsskatt til kommunane vert utskriven etter reglane i denne lova.

Med skatteår er i lova meint det almanakkåret (budsjettåret) som eigedomsskatten vert utskriven for.

Med eigedomsskattekontoret er meint det kontoret som har med å skriva ut skatten.

§ 2 Kommunestyret avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen.

§ 3 Kommunestyret kan berre skriva ut eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang. Utan omsyn til om det i kommunen er område som nemnd i første punktum eller ikkje, kan kommunestyret velja å skrive ut eigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4 andre leden andre og tredje punktum. Vedtaket kan gjelda for heile kommunen når vilkåra etter første punktum er stetta.

2. kapitlet – Skattepliktige eigedomar

§ 4 Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1 januar i skatteåret i dei kommunane eller områda der det skal skrivast ut slik skatt etter §§ 2 eller 3.

Til faste eigedomar vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter, bryggjer og liknande og likeeins verk og bruk. Til verk og bruk vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, møllebruk, skipsvervar, industrielle verk, og likeeins gruver, steinbrot, fiskevær, saltehus, lenser, utbygde vassfall og vassfallstykke, demningsverk, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader. Bygningar og anlegg skal reknast saman med verket eller bruket når dei høyrer til eller trengst til verksdrifta. Arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt, skal derimot ikkje reknast med utan tingen er ein part av sjølve føretaket.

§ 5 Fri for eigedomsskatt er:

  1. Eigedom som staten eig, så langt

    • eigedomen vert nytta av Kongen eller kongehuset, Stortinget eller Regjeringa

    • eigedomen vert nytta til kulturelle føremål, slik som idrettsanlegg, musè, teater, skulpturar m.v.

    • eigedomen har historisk bygg eller anlegg

    • eigedomen vert nytta av Forsvaret til forsvarsanlegg eller avgrensa leirområde

    • eigedomen tilhøyrer staten sine samferdselsforetak så langt dei tener ålmennyttige føremål

    • eigedomen er vassfall, fabrikk eller anna føretak som staten eig og som tener ålmennyttige føremål

  2. Eigedom som høyrer til jernvegar til ålmenn bruk, så langt og så lenge eigedomen vert nytta i verksemda.

  3. Kyrkjer.

  4. Eigedomar som kommunen sjølv eig.

  5. Legasjons- og konsulateigedomar som ein annan stat eig, når den andre staten fritek norsk eigedom for tilsvarande skatt hjå seg.

Departementet kan gje nærare regler til utfylling og avgrensing av denne bestemmelsen.

§ 6 (Oppheva ved lov 15 mai 1992 nr. 45.)

§ 7 Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:

  1. Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.

  2. Bygning som har historisk verde.

  3. Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i lova om styret i kommunane § 25, kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

  4. Bygning og grunn i visse luter av kommunen.

  5. Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk. Det er høve til å fastsetja at eigedomsskatt berre skal svarast av ein del av takstverdet for eigedomar av dei sistnemnde slaga.

3. kapitlet – Skattegrunnlaget

§ 8 Eigedomsskatten skal reknast ut etter verdet (taksten) som eigedomen vert sett i ved likninga året før skatteåret.

Vert det med heimel i § 12, bokstav b, nytta ulike skattøyrar for bygningar og grunn, skal det fastsetjast særskilde skattegrunnlag for bygningar og for grunn i samband med den likninga som er nemnd i første leden.

Er det klaga til høgre likningsinstans på verdsetjinga, eller er verdsetjinga under prøving for domstolane, skal eigedomsskatten likevel reknast ut etter det verdet som vart sett ved likninga. Når spørsmålet er endeleg avgjort, skal skatten rettast i samsvar med den siste avgjerda.

§ 9 Vert ein eigedom riven eller øydelagd før 1 januar i skatteåret, skal det gjevast eit førebels frådrag i skatten etter skjøn. Seinare vert eigedomsskatten utrekna etter det verdet som eigedomen vert sett i ved likninga i skatteåret. Føresegnene i § 8, andre leden, gjeld på tilsvarande måte.

4. kapitlet – Skattesatser

§ 10 Kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande skatteåret.

§ 11 Eigedomsskatten skal vera minst kr 2 og ikkje meir enn kr 7 for kvar kr 1.000 av takstverdet. For gardsbruk og skogbruk skal skatten ikkje vera meir enn kr 4 for kvart kr 1.000.

Kommunestyret kan fastsetje botnfrådrag i eigedomsskatten for alle sjølvstendige bustaddelar i faste eigedomar som ikkje vert nytta i næringsverksemd.

§ 12 Kommunestyret kan fastsetja ulike skattøyre for:

  1. Bustaddelen i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar.

  2. Grunneigedomar som det står hus på, og huslause grunneigedomar.

  3. Bygningar og grunn.

  4. Avgrensa område som nemnde i § 3.

  5. Verk og bruk i område som ikkje er utbygd på byvis, jfr. § 4, andre leden, andre og tredje punktum.

§ 13 Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune eller ein lut av kommunen, må skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1.000 av takstverdet. Seinare kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn kr 2 for kvart kr 1.000. Skatten kan likevel aukast med kr 3 for kvart kr 1.000 for huslause grunneigedomar. Skatten kan aukast med kr 3 for kvart kr 1.000 for eigedomar som nemnde i § 12 bokstav a same år som kommunen innfører botnfrådrag i eigedomsskatten. For gardsbruk eller skogbruk som vert ilikna eigedomsskatt etter § 3, skal grensene etter første og andre punktum vera kr 1 for kvart kr 1.000 av takstverdet. Skattøyret kan ikkje aukast same år som botnfrådrag fell bort. Derimot kan eigedomsskatten setjast ned til dei nemnde minstegrensene frå eit år til det neste utan omsyn til kor høg skattesatsen er frå før.

Får ein kommune nye grenser, skal reglane i første leden ikkje vera til hinder for at det på eigedomar i område som kjem med i kommunen, vert skrive ut eigedomsskatt etter same satsar som før utvidinga.

5. kapitlet – Utskriving av skatten

§ 14 Eigedomsskattekontoret skriv ut eigedomsskatten.

Skatten skal så langt råd er, vera utskriven før 1 mars i skatteåret. Første året kommunen nyttar botnfrådrag i eigedomsskatten er det likevel tilstrekkeleg at skatten så langt råd er, vert utskriven før 1. april i skatteåret.

Kvar skattesum skal rundast av nedover til næraste heile krone.

Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr. 50, skal det ikkje skrivast ut skatt.

Samstundes med at skattelista vert utlagd (sjå § 15), skal det sendast skattesetel til eigaren (skattytaren).

§ 15 Eigedomsskattekontoret fører ei eigedomsskatteliste der alle faste eigedomar i kommunen vert førde opp og like eins verdet deira anten dei er skattskyldige eller ikkje. I lista skal og stå kva for skattesatsar som er nytta og kor stor den utskrivne skatten for kvar eigedom er. I ei tilleggsliste skal dei eigedomane førast opp som er fritekne for eigedomsskatt heilt eller i nokon mon.

Eigedomsskattelista skal liggja ute til offentleg gjennomsyn i minst 3 veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut.

Avskrift av skattelista vert sendt kommunekasseraren og kommuneettersynet.

§ 16 Eigedomsskattekontoret kan retta mistak i skatteutskrivinga så lenge skatteåret ikkje er ute. Innan same frist kan det og skriva ut skatt på eigedomar det av mistak ikkje er skrive ut skatt på.

Eigaren (skattytaren) skal ha melding om rettingar etter første leden.

§ 17 Er det i strid med føresegnene i denne lova ikkje skrive ut eigedomsskatt, eller er det skrive ut for liten skatt av andre grunnar enn dei som er nemnde i § 16, skal utskrivinga rettast i samsvar med dei skattesatsane og reglane som galdt for vedkomande år.

Når eigedomsskatt ikkje er skriven ut, eller er skriven ut med for låg sum av di verdet er sett for lågt ved likninga, skal utskrivinga rettast berre så langt likninga vert brigda etter kapittel 9 i likningslova.

Når eigedomsskatt ikkje er skriven ut eller er skriven ut med for låg sum av di lova er mistydd eller det er gjort mistak i rettsspørsmål, kan utskrivinga ikkje rettast i andre høve enn dei som er nemnde i førre leden så framt retting går ut over eigaren (skattytaren).

Retten til å retta utskrivinga slik at det går ut over eigaren (skattytaren), er spilt om retten ikkje vert nytta innan 2 år frå utgangen av det året skatten gjeld for.

Er det skrive ut eigedomsskatt i strid med føresegnene i denne lova, eller er det skrive ut for høg skatt, skal utskrivinga rettast så langt krav på attendebetaling ikkje er foraldra.

§ 18 Likningskontoret skal gjeva eigedomsskattekontoret alle opplysningar det ligg inne med og som trengst til utskriving av eigedomsskatten.

6. kapitlet – Administrativ og rettsleg prøving

§ 19 Eigaren (skattytaren) kan klaga på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan tre veker frå den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller skattesetelen vart send i samsvar med § 14.

Klaga kan ikkje gjelda det verdet som er sett på eigedomen ved likninga.

Er eigedomen bortleigd og skal leigaren svara eigedomsskatten, har leigaren likevel høve til å klaga over det verdet som ligg til grunn for eigedomsskatten. Klaga må vera sett fram for likningsnemnda i den kommunen der eigedomen ligg, innan fristen som er nemnd i første leden. Avgjerd i klagesaka får verknad også for formueslikninga åt eigaren.

§ 20 Klage etter § 19, første leden, på utskriven eigedomsskatt vert avgjord av ei nemnd som kommunestyret vel. Kommunestyret kan anten oppretta ei eiga nemnd til å ta seg av oppgåvene eller leggja oppgåvene til ei anna kommunal nemnd.

§ 21 Ingen kan vera med i klagenemnda og avgjera ei klage

  1. når han eig, har pant i, leiger eller bur til leige på den eigedomen klaga gjeld,

  2. når han er skyld eller verskyld i opp- eller nedstigande line eller i sideline så nær som sysken med nokon som er i eit slikt høve som nemnd under a,

  3. når han er eller har vore gift med eller trulova med eller er fosterfar eller fostermor eller fosterbarn til ein eigar,

  4. når han er verje for nokon som er i eit slikt høve som nemnd under a,

  5. når han styrer eller er med i styret for eit selskap, eit lag, ein sparebank, ei stifting eller ein offentleg skipnad som eig, har pant i, leiger eller bur til leige på eigedomen.

Ein nemndmedlem er like eins ugild når det er til stades andre særlege omstende som er skikka til å veikja tiltrua til at han står fritt.

Nemnda avgjer sjølv om ein nemndmedlem er ugild.

§ 22 Klagenemnda granskar, så langt det trengst, dei ting klaga gjeld.

Klaga vert avgjord i orskurd med ei stutt grunngjeving for avgjerda.

Når nemnda har føre ei klage, er sjefen for eigedomsskattekontoret med i drøftingane, men ikkje i avgjerda.

Klagenemnda kan ikkje avgjera ei klage utan minst to nemndmedlemar er med i avgjerda. Står røystene likt, gjer røysta til leiaren utslaget.

§ 23 Føresegnene i lov nr. 2 frå 21. november 1952 § 48, nr. 5, 6 og 7, gjeld på tilsvarande vis for søksmål og namsrettstvistar om eigedomsskatt. Kommunen er part i saker om eigedomsskatt.

7. kapitlet – Oppgjerd og innkrevjing

§ 24 Eigedomsskatten skal svarast til skatteinnkrevjaren i den kommunen der skatten er utskriven.

§ 25 Eigedomsskatten skal ytast i terminar så som kommunestyret fastset.

Skatteinnkrevjaren kan i særlege høve gjeva utsetjing.

Eigedomsskatten skal ytast til fastsett tid og med dei summane som først er fastsette, endå om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står under prøving for ein klageinstans eller domstolane.

§ 26 Av eigedomsskatt som ikkje er oppgjord seinast rette betalingsdagen, eller vert betalt attende, skal det svarast rente i samsvar med reglar som Kongen gjev.

§ 27 Forfalt eigedomsskatt er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Kravet er også tvangsgrunnlag for utlegg. Eigedomsskatten kan krevjast inn av kommunekasseraren etter reglane for innkrevjing av skatt.

Fylkesmannen kan gjeva skatteinnkrevjaren fullmakt til å halda panting for skattekrav etter denne lova. På førehand skal saka leggjast fram for kommunestyret til fråsegn.

8. kapitlet – Ymse føresegner

§ 28 Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast.

I slik sak gjer formannskapet vedtak etter at det utvalet som er nemnt i lov nr. 2 fra 21 november 1952 § 42, har hatt høve til å seia meininga si.

§ 29 Reglane i likningslova § 3-13 om teiingsplikt gjeld på tilsvarande måte for tenestemenn og nemndmedlemar som er med på å skriva ut eigedomsskatt.

§ 30 Reglane i § 13 er ikkje til hinder for at det i eigedomsskatt vert utskrive minst det same som sist vart utskrive etter reglane i landskattelova.

For Det Kongelege Myntverket skal eigedomsskatten kvart år vera kr. 20.000.

§ 31 Forvaltningslova skal ikkje gjelda for førehaving av saker etter denne lova.

§ 32 Vedkomande departement kan gjeva reglar til utfylling og gjennomføring av lova og fastsetja skjema og liknande som departementet meiner trengst.

§ 33 Denne lova, bortsett frå §§ 8, 9, 17 andre leden, og 18-22 tek til å gjelda 1 januar 1976 og får verknad første gongen ved utlikning- og utrekning av eigedomsskatt for skatteåret 1976. Frå same tid held § 6 i lov frå 11 juli 1947 nr. 8 og lov frå 4 mars 1960 om tillegg til skattelovene for landet og byane frå 18 august 1911 opp å gjelda, sjå likevel andre leden.

§§ 8, 9, 17 andre leden, og 18-22 i denne lova tek til å gjelda frå den tid som vert fastsett av Kongen. Til dei sistnemnde reglane vert sette i kraft, skal føresegnene om fastsetjing av grunnlaget for eigedomsskatten og klage over dette i skattelov for byane frå 18 august 1911 §§ 4, 5 og 9, tredje til sjuande leden, jfr. § 10 i denne lova, og lova frå 4 mars 1960 I, § 2, jfr. § 3, andre leden, i denne lova, slik dei lyder 31 desember 1975, halda fram å gjelda. Det same gjeld for reglar som er eller vert gjevne med heimel i desse føresegnene.

Kommunestyret kan gjere vedtak om at den siste ålmenne verdsetjinga for utskriving av eigedomsskatt, skal gjelde fram til reglane i § 8 vert sette i kraft.

Skattelov for byane av 18 aug 1911 nr 9 §§ 4, 5 og 9

§ 4 Enhver eiendoms skatteverdi fastsettes ved taksering. Almindelig taksering foregår hvert 10de år, medmindre bystyret under særegne forhold beslutter, at ny taksering tidligere skal finne sted. Verdsettelsene skjer på kommunens bekostning ved dertil av bystyret særskilt oppnevnte takstmenn. Under særegne forhold kan bystyret også beslutte, at taksering først skal finne sted senere, dog ikke over 3 år fra den tid, da taksering ordinært skulde ha vært avholdt. Til sådan beslutning utkreves samtykke av vedkommende regjeringsdepartement. Overtakst ved det dobbelte antall på samme måte oppnevnte menn finner sted, når det forlanges av formannskapet eller vedkommende skattyder.

Når særlige grunner foreligger, kan vedkommende departement samtykke i at bystyret oppnevner – istedenfor takstmenn som nevnt i foregående ledd – en sakkyndig nemnd til å ansette skatteverdien på grunnlag av forslag fra ansatte besiktelsesmenn. Disse ansettelser regnes som takst ved anvendelse av reglene i dette kapittel. Klager over ansettelsene avgjøres av en sakkyndig ankenemnd etter forutgående besiktigelse. Departementet kan i disse tilfelle også samtykke i at alminnelig revisjon av ansettelsene foregår oftere enn hvert tiende år.

I tiden mellom de alminnelige eiendomstakseringer skal omverdsettelse skje når det er foregått deling av eiendommen, når de på eiendommen stående bygninger nedrives eller ødelegges av brann eller lignende, og når det på eiendommen er oppført nye bygninger som antas å ha en verdi av minst kr. 10.000.

Formandskapet saavelsom den skattepliktige har adgang til at forlange særskilt værdsættelse avholdt i tiden mellem de almindelige eiendomstakseringer i tilfælde, hvor værdien av en eiendom ved indtraadte forandringer antages at være væsentlig forøket eller formindsket i forhold til andre eiendomme.

Naar begjæring om omværdsættelse fremsættes av den skattepligtige, har denne at tilsvare omkostningene ved samme. Begjæringen må i tilfelle være framsatt innen 1 nov i året forut for skatteåret.

§ 5 Ved takseringen ansættes eiendommens takstværdi til det beløp, som eiendommen efter sin beskaffenhet, anvendelighet og beliggenhet antages at kunne avhændes for under sedvanlige omsætningsforhold ved frit salg.

Ved værdsættelse av fabrikker og andre industrielle anlæg medtages maskiner og andet, som hører anlægget til og er nødvendige for anlæggets øiemed. Dog medtages ikke arbeidsmaskiner med tilbehør, eller hvad dermed kan sættes i klasse, som ikke utgjør en integrerende del av anlægget.

§ 9 På faste eiendommer som tilhører Kongsberg Våpenfabrikk og Den Kongelige Mynt utlignes eiendomsskatt til Kongsberg kommune uten hinder av bestemmelsene i § 7, b. Skatteplikten for våpenfabrikken bortfaller så lenge og i den utstrekning eiendommene disponeres til kommunale formål.

Verdien av de eiendommer som tilhører Våpenfabrikken fastsettes av en undertakstnemnd på 3 medlemmer. Overtakst kan kreves avholdt av en overtakstnemnd på 5 medlemmer. Medlemmene av de to nemnder oppnevnes av Riksskattestyret.

Takseringen foregår hvert femte år. I mellomtiden kan det kreves ny takst når forholdene i vesentlig grad har endret seg etter at siste takst ble holdt.

Riksskattestyret fastsetter nærmere regler om utførelsen av takseringen, derunder om protokollasjon av takstene.

Utgiftene ved takstene deles likt mellom kommunen og den skattepliktige. Ved overtakst bæres omkostningene i sin helhet av den som har krevd taksten når utfallet går ham imot eller taksten blir uforandret.

For øvrig gjelder de alminnelige bestemmelser om eiendomsskatt, derunder vedtekter som omhandlet i § 6.

Lov av 4 mars 1960 om tillegg til skattelover for landet og for byene av 18. august 1911

I

§ 1 Kommunestyret kan treffe vedtak om, at eiendomsskatt til herredet blir å utskrive etter reglene i skattelov for byene av 18 aug 1911. Vedtaket kan gjelde en klart avgrenset del eller flere klart avgrensede deler av herredet. Vedtaket kan også gjøres gjeldende for hele herredet når kommunestyret finner at forholdene tilsier det. Vedtak som nevnt kan dog ikke gjøres gjeldende for strøk som er skilt ut som bygningskommune (lov av 22 feb 1924 § 1).

Kommunestyret i en by kan på tilsvarende måte treffe vedtak om at eiendomsskatt blir å utskrive etter reglene i skattelov for landet av 18 aug 1911 på eiendommer som ikke faller inn under lovens § 8b.Vedtaket kan gjelde en klart avgrenset del eller flere klart avgrensede deler av byen. Eiendomsskatten skal i så fall utskrives på det grunnlag som gjaldt ved vedkommende bydels overgang fra herredskommune til bykommune. Ved senere deling av eiendommer fordeler oppmålingsmyndighetene skattegrunnlaget.

§ 2 Når vedtak som nevnt i § 1, første ledd, er truffet, må alminnelig taksering, herunder dog ikke mulige overtakster, være avsluttet innen utgangen av juni i det år skatt etter takstverdien første gang skal svares. For område hvor alminnelig eiendomstaksering etter byskatteloven er foretatt tidligere, behøver ny alminnelig taksering ikke å foretas for 10 år etter den eldre taksering.

Lov av 17. desember 1982 nr 82 om mellombels tillegg til lov av 6 juni 1975 nr 29 om eigedomsskatt til kommunane.

I

Kommunestyret kan gjere vedtak om auke av det verdet (taksten) som eigedomen vart sett i ved den siste ålmenne verdsetjinga for utskriving av eigedomsskatt. Kommunestyret kan dessutan gjere vedtak om at det skal gjerast eit tilsvarande tillegg for dei eigedomane som er verdsette særskilt før eit tidspunkt som kommunestyret fastset. Auken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje vere meir enn 10 prosent av det opphavelege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste ålmenne verdsetjinga, likevel slik at skatteåret 1983 vert rekna som første året for slikt tillegg.

II

Reglane under I gjeld frå og med skatteåret 1985 og så lenge § 8 i lov om eigedomsskatt til kommunane ikkje er sett i kraft.

Forskrift av 18. desember 1987 nr 977 om rentegodtgjersle når eigedomsskatt vert innbetalt for seint eller betalt attende

Fastsett ved kgl.res. av 18. desember 1987 med heimel i lov av 6 juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26. Fremja av Finans- og tolldepartementet. Endret 16. februar 1990 nr. 115, 21. desember 1990 nr. 1024, 10. januar 1992 nr. 11, 15. juli 1994 nr. 680.

I

§ 1 Av eigedomsskatt til kommunane som ikkje er oppgjord seinast rette betalingsdagen, skal det svarast rente med 12 prosent for kvart år, rekna frå rette innbetalingsdagen og til skatten vert betalt.

§ 2 Av eigedomsskatt til kommunane som vert betalt attende, skal det svarast rente med 6 prosent for kvart år, rekna frå betalingsdagen og til skatten vert betalt attende.

§ 3 Skyldnaden til å svara rente gjeld berre for eigedomsskatt som er på kr 200 eller meir. Renta skal utreknast etter at skatten er avrunda nedetter til næraste 100 kr. Samla rente på under kr 10 skal ikkje innkrevast eller betalast attende.

II

Reglane under I tek til å gjelda 1. januar 1988 og får verknad første gongen for oppgjerd av eigedomsskatt som vert innkravd eller betalt attende etter 31. desember 1987. Frå same tid held kgl.res. 28. mai 1978 med føresegner om renteplikt ved for sein innbetaling av eigedomsskatt, opp å gjelda.

Endringane av 15 juli 1994 nr. 680 tek til å gjelda for rente som påløpar frå og med 1. september 1994.

For krav kor rente svarast for kvar månad etter tidlegare reglar, gjeld følgjande:

  1. På beløp som ikkje er betalt til rett tid, vert renter for påbyrja og ikkje utløpt månad innan 1. september å frafalle.

  2. På beløp som ikkje er betalt attende til rett tid, skal det svarast rente for heil månad av månad som er påbyrja og ikkje utløpt innan 1. september 1994.

    Deretter regnes renter etter dei nye reglane.

Forskrift av 18. november 1992 nr 850 om avgrensning av eiendomsskatt på statlige eiendommer

Fastsatt av Finans- og tolldepartementet 18. november 1992 med hjemmel i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 5 annet ledd.

§ 1 Kommunalt vedtak om å utskrive eiendomsskatt omfatter også statlig eiendom som kan benyttes til bolig, kontorvirksomhet eller annen forretningsmessig virksomhet, uten at et må foretas grunnleggende endringer i eiendommen.

Er vilkårene for utskriving av eiendomsskatt etter denne forskrift oppfylt for en del av en statlig eiendom, gjelder skatteplikten denne del. Kommunen kan la være å utskrive eiendomsskatt på slik del når den er uvesentlig.

Er vilkårene for utskrivning av eiendomsskatt etter denne forskrift oppfylt for en del av en bygning, takseres en andel av tomtearealet svarende til forholdstallet mellom bygningens totalareal og arealet av den del som er eiendomsskattepliktig. Dersom det er mulig å skille ut en særskilt del av tomtegrunnen som eiendomsskattepliktig, skal denne delen likevel takseres direkte.

§ 2 Unntatt fra skatteplikten for statlig eiendom etter § 1 er blant annet eiendom eller den del av en eiendom som

  • benyttes av Kongen eller Kongehuset, Stortinget, domstolene, Regjeringen eller departementene. Skatteplikten gjelder likevel eiendommer som stilles til disposisjon for privat bruk for stortingsrepresentanter, regjeringsmedlemmer, ansatte i Stortinget, ansatte ved domstolene eller ansatte i departementene.

  • benyttes til kulturformål som eksempelvis museums-, utstillings-, eller teatervirksomhet, forsamlingslokaler, idrettsanlegg m.v. Unntaket omfatter også kontorlokaler m.v. som benyttes i forbindelse med utøvelsen av kulturformålet.

  • har historisk bygg eller anlegg. Ved vurderingen av om et bygg eller anlegg er historisk, skal det blant annet legges vekt på om bygget eller anlegget har særlig kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi.

  • benyttes av Forsvaret til forsvarsanlegg eller avgrenset leirområde, så langt eiendommen ligger innenfor ytre avsperring av vedkommende forsvarsanlegg eller leirområde.

  • tilhøre statens samferdselsforetak og som tjener allmennyttige formål. Unntaket omfatter samferdselsforetakenes tekniske infrastruktur og andre deler av eiendommen som er nødvendige for drift av virksomheten. Unntatt er således blant annet skinneganger, den del av stasjonsbygning eller terminalbygg for reisende eller gods som benyttes i direkte forbindelse med befordring av personer eller gods, verksteder, vaskehaller, hangarer, rullebaner, oppstillingsplasser for fly og andre tekniske anlegg på flyplasser, ekspedisjonslokaler for post, postterminaler og teletekniske anlegg. Unntatt er også kontorlokaler som benyttes i forbindelse med administrasjon av samferdselsvirksomheten.

  • er vannfall, fabrikk eller annen virksomhet som tjener allmennyttig formål.

  • er fengsel. Unntaket omfatter ikke lokaler som benyttes til administrasjon eller til boligformål for andre enn innsatte.

  • er sykehus. Unntaket omfatter ikke lokaler som benyttes til administrasjon, boligformål for andre enn pasienter eller pårørende, forretningsvirksomhet eller som kan benyttes til ervervsmessig laboratorievirksomhet.

  • er undervisningsinstitusjon. Unntaket omfatter ikke lokaler som benyttes til administrasjon, boligformål, forretningsvirksomhet eller som kan benyttes til ervervsmessig laboratorievirksomhet.

§ 3 Denne forskrift trer i kraft fra og med skatteåret 1992.

Forskrift av 11. februar 1993 nr 107 om innhenting av opplysninger ved fastsettelse av bunnfradrag

Fastsatt av Finans- og tolldepartementet 11. februar 1993 med hjemmel i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 32.

I

§ 1 Kommunen kan innhente opplysninger om antall selvstendige boenheter i faste eiendommer i kommunen og om noen av disse boenhetene benyttes i forbindelse med næringsvirksomhet.

Innhenting av opplysninger etter denne forskrift forutsetter at kommunestyret har truffet vedtak om bruk av bunnfradrag i eiendomsskattetakstene for vedkommende skatteår, jf. lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 11.

§ 2 Plikten til å avgi opplysninger etter denne forskrift påhviler eiendommens eier. I boligselskaper og boligsameier som har eget styre påhviler plikten likevel dette organ.

§ 3 Opplysninger etter denne forskrift kan innhentes ved skjema som fastsettes av kommunen.

Skjemaet skal inneholde

  • kommunens retningslinjer for avgrensning av selvstendige boenheter,

  • felt for angivelse av antall selvstendige boenheter i eiendommen i henhold til kommunens retningslinjer,

  • felt for angivelse av hvilke selvstendige boenheter i eiendommen som benyttes i forbindelse med næringsvirksomhet,

  • opplysning om hvor skjemaet skal leveres.

Skjemaet skal også tydelig gi opplysning om forhold som nevnt i § 4 vedrørende tilfredsstillende utfylling og innsendelsesfrist.

Skjemaet kan inneholde felt hvor den som er opplysningspliktig etter eget ønske kan gi særskilte opplysninger av betydning for fastsettelse av bunnfradrag.

§ 4 Frist for innsendelse av skjema kan ikke settes kortere enn 4 uker etter at skjemaene ble utsendt.

Kommunen kan vedta at det ikke skal fastsettes bunnfradrag i eiendomsskattetakstene for eiendommer hvor tilfredsstillende utfylt skjema ikke er innsendt innen gjeldende frist.

Godtgjør noen innen fristens utløp at det av særlige grunner vil skape betydelige vanskeligheter å levere korrekt utfylt skjema innen fristen, skal kommunen etter skriftlig søknad gi utsetting.

Forsinket skjema godtas når fristoversittelsen må anses som særlig unnskyldelig på grunn av årsak som ikke kan legges vedkommende til last.

II

Denne forskrift trer i kraft straks.

Til forsiden