Ot.prp. nr. 1 (1996-97)

Skatteopplegget 1997 - Lovendringer

Til innholdsfortegnelse

7 Endringar i likningslova

7.1 Innleiing

Departementet gjer med dette framlegg om fleire endringar i likningslova. Endringane går blant anna ut på ei oppretting av § 4-2 nr 1 bokstav a slik at denne syner til selskapsskattelova § 3-5, fordi selskapsskattelova § 3-6 etter ei lovendring i 1995 vart ny § 3-5. Vidare er det framlegg om endring av likningslova § 6-2 nr 3 om opplysningar på lønns- og trekkoppgåve om sjømannsfrådrag, og opplysningar frå pendlarar. Framlegga er gjort fordi ein ønskjer å gi klarare heimel for kva frådrag likningsstyresmaktene kan krevje at arbeidsgivaren oppgir på lønns- og trekkoppgåve.

Departementet gjer også framlegg om endring i § 6-16 bokstav c slik at føresegna gir heimel for å krevje maskinell innberetning for EPES-premie mv. Vidare gjer departementet framlegg om endring i §§ 6-3 og 6-16 bokstav c slik at det vert gitt heimel for at årsoppgåver som viser omsetning med produsentane frå landbrukssamvirket og andre som handlar med landbruksprodukt, skal gis ukrevd og i maskinlesbar form.

Departementet gjer til slutt framlegg om at likningslova § 6-17 vert endra på bakgrunn av at «foretaksnummer» no er erstatta med «organisasjonsnummer» i enhetsregisterlova og foretaksregisterlova.

7.2 Oppretting av likningslova § 4-2 nr 1 bokstav a

Selskapsskattelova § 3-5 vart oppheva ved lovendring av 30. juni 1995 nr 46. Selskapsskattelova § 3-6 vart samstundes ny § 3-5. Likningslova § 4-2 nr 1 bokstav a syner til selskapsskattelova § 3-6, og vart ved ein inkurie ikkje endra i samband med lovendringa 30. juni 1995. Departementet gjer såleis framlegg om lovendring slik at likningslova § 4-2 nr 1 bokstav a no syner til selskapsskattelova § 3-5.

Departementet syner til vedlagte framlegg om endring av likningslova § 4-2 nr 1 bokstav a. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

7.3 Opplysningar på lønnsoppgåve etter likningslova § 6-2 nr 3

7.3.1 Opplysningar om sjømannsfrådrag

På bakgrunn av ordlyden i likningslova § 6-2 nr 3 kan det synast uklart om arbeidsgivar etter denne føresegna pliktar å gi opplysningar (krysse av) på lønns- og trekkoppgåva når han finn at skattytaren har rett til sjømannsfrådrag. Denne opplysninga er av stor tyding for å få ei rett likning av skattytaren.

Arbeidsgivaren må gjere denne vurderinga fortløpande for å kunne gjere den reduksjon i trekkgrunnlaget som følgjer av § 9 i reglar om gjennomføring av forskotstrekk av 14. september 1956. Departementet vil difor endre ordlyden slik at det vert presisert i likningslova § 6-2 nr 3 at lønnsoppgåva skal innehalde opplysningar om inntektsfrådrag som vert gitt ved likninga, så som sjømannsfrådrag mv.

7.3.2 Opplysningar frå pendlarar

Bakgrunnen for framlegget er at ein frå og med inntektsåret 1992 ønskte pendlarar sine faktiske utgifter til losji innberetta på lønns- og trekkoppgåva, jf Ot prp nr 21 (1991-92) pkt 2.6. Det vart laga ei eiga kode for dette i fjerde utgåve av kodeoversikta (f o m inntektsåret 1993).

Det er usikkert om likningslova § 6-2 nr 3 gir klar heimel for å krevje innberetning av betalte losjiutgifter i alle tilfelle. Det kan oppstå tvil om ordlyden «fradrag som er gjort ved lønnsbetalingene» dekker dei tilfella der arbeidstakar betaler losjiutgiftene direkte til utleigaren eller betaler arbeidsgivar i staden for å bli trekt i lønn. Departementet finn det difor føremålstenleg å gi ein lovtekst der det klarare går fram at det ikkje berre er arbeidsgivarfrådrag, men også opplysningar vedrørande andre frådrag som vert gitt ved likninga, som kan krevjast innberetta. Vidare ønskjer ein å presisere at det føreligg innberetningsplikt uavhengig av om frådraget er knytta til trekk i lønn.

Departementet syner til vedlagte framlegg til endring av likningslova § 6-2 nr 3. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

7.4 Likningsoppgåver for eigen pensjonsforsikring etter skattelova (EPES)

Skattedirektoratet har ei tid arbeidd for å tilpasse vilkåra for EPES-frådrag, slik at skattytarar som krev slikt frådrag kan levere forenkla sjølvmelding. Nødvendige tilpassingar er no gjort i skattelova § 44 andre ledd nr 1, jf Besl O nr 10 av 24. november 1995. Etter departementet sitt syn kan det oppstå tvil om det føreligg heimel for å krevje maskinell innberetning for EPES-premie mv, jf likningslova §§ 6-6 og 6-16 bokstav c. Departementet gjer difor framlegg om å endre likningslova § 6-16 bokstav c slik at denne gir klar heimel for maskinell innberetning for EPES-premie mv.

Departementet syner til vedlagte framlegg til endring av likningslova § 6-16 bokstav c. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

7.5 Kontrolloppgåver i primærnæringane

Skattedirektoratet har sett i gang eit arbeid for å samle inn årsoppgåver i maskinlesbar form frå landbrukssamvirket og andre som handlar med landbruksprodukt. Målet er at oppgåvene som viser omsetjing med produsentane, skal leverast ukrevd, dvs at oppgåvene skal sendast utan særskilt oppmoding frå likningsstyresmaktene. Desse skal saman med oppgåver over dei forskjellige tilskotsordningane i landbruket, administrert av Landbruksdepartementet og fylkesmennenes landbruksavdelingar, leverast på maskinlesbart medium. Slik kan oppgåvene på ein enkel måte bli tilgjengelege ved likninga av den enkelte jord- og skogbrukar.

Fordi oppgåvene skal gis ukrevd, må ein gi heimel for dette. Departementet gjer framlegg om å gi slik heimel ved eit nytt nr 5 i likningslova § 6-3. Noverande nr 5 og 6 blir nr 6 og 7. Vidare gjer departementet framlegg om endring i likningslova § 6-16 bokstav c slik at denne gir heimel for å krevje oppgåvene innlevert på maskinlesbart medium.

Departementet syner til vedlagte framlegg til endringar av likningslova §§ 6-3 og 6-16 bokstav c. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

7.6 Innføring av organisasjonsnummer i staden for foretaksnummer i likningslova § 6-17

For å fremme effektiv utnytting og samordning av offentlege opplysingar om juridiske personar, enkeltmannsføretak og andre registreringseiningar, vart det ved lov av 3. juni 1994 nr 15 om Enhetsregister gitt reglar for oppretting, organisering og drift av eit landsdekkande enhetsregister. Enhetsregisteret skal eintydig identifisere registreringseiningane ved tildeling og registrering av organisasjonsnummer. Heretter er organisasjonsnummernamnet på juridiske personar sitt identitetsnummer. Enhetsregisterlova tredde i kraft 1. mars 1995.

Ved lov av 22. desember 1995 nr 85 om europeiske økonomiske foretaksgrupper ved gjennomføring av EØS-avtalens vedlegg XXII nr 10 (rådsforordning (EØF) nr 2137/85 (EØFG-lova)) vart «foretaksnummer» erstatta med «organisasjonsnummer» i lov av 21. juni 1985 nr 78 om registrering av foretak (foretaksregisterlova).

EØFG-lova og endringane i foretaksregisterlova tredde i kraft straks.

Etter departementet sitt syn bør omgrepet foretaksnummer skiftast ut i lovgivinga generelt. På denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om at likningslova § 6-17 nr 1 og 2 vert endra, slik at omgrepet organisasjonsnummer vert innført i staden for foretaksnummer. Formålet med denne lovføresegna er å effektivisere skatteetaten sitt arbeid ved at innhenta opplysningar vert knytta til skattytar sitt fødselsnummer eller foretaksnummer (no organisasjonsnummer).

Departementet syner til vedlagte framlegg om endring av likningslova § 6-17 nr 1 og 2. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1996.

Til forsiden