Ot.prp. nr. 33 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm

Til innholdsfortegnelse

6 Lov om Rettledningstjenesten i fiskerinæringen

I høyringsnotatet er det gjort framlegg om å oppheve lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen. Dette er grunngitt med at det ikkje vil vere naturleg å la eit felles ytre forvaltningssystem under Fiskeridirektoratet vere regulert i ei eiga lov. Framlegget om å oppheve lova må sjåast i samanheng med at ansvaret og oppgåvene for RIF har endra seg sidan lova blei etablert, og at etaten er blitt ein integrert del av den samla fiskeri- og havbruksadministrasjonen.

Dei fleste høyringsinstansane sluttar seg til framlegget om å oppheve lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen, eller kommenterer ikkje særskilt dette spørsmålet.

Tre sentrale organisasjonar går mot å oppheve lova. Dette gjeld Norges Fiskarlag, Norske Fiskeoppdretteres Forening og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. Det same gjeld tre av fylkeskommunane. Også fiskeristyra og fiskerinemndene vil oppretthalde lova. Ønskje om å oppretthalde lova blir grunngitt med at ei avvikling av lova vil gjere det vanskelegare å ivareta dei fiskeripolitiske måla, og å sikre eit formelt samarbeid med andre organ på fylkes- og lokalnivået. Fiskarlaget meiner at deira medlemmer ikkje vil ha same høve til å vere med i regionale og lokale prosessar dersom lova blir oppheva.

Fiskeridepartementet held fast ved framlegget om å avvikle lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen. Det blir då lagt avgjerande vekt på Stortinget sitt signal for gjennomgangen av den statlege nemndsstrukturen om å gi lokale organ som fylkesting og kommunestyre meir å seie i regionale- og lokal politiske prosessar. Ein sentral del av formålet med lova fell bort som følgje av framlegget om å leggje ned fiskeristyra og fiskerinemndene. Departementet vil dessutan peike på at lova kan skape uklare ansvarsforhold mellom RIF og fiskeriforvaltninga elles.

Den ytre fiskeriforvaltninga vil framleis ha viktige oppgåver med å gi informasjon og rettleiing til næringsutøvarane, men dette må sjåast som ein naturleg del av ansvaret til fiskeriforvaltninga, som ikkje treng vere formalisert i ei eiga lov.