Ot.prp. nr. 33 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm

Til innholdsfortegnelse

9 Administrative og økonomiske konsekvensar

For næringa får framlegget om å avvikle fiskeristyret og fiskerinemnda som følgje at dei viktigaste næringsorganisasjonane mister den medverknaden systemet med rett til å gjere framlegg om medlemmar i desse regionale og lokale organa har gitt dei. Elles vil organisasjonsforslaget ha mindre konsekvensar for næringa. Forslaget til organisering får ikkje direkte konsekvensar for andre offentlege organ eller økonomien til kommunane.

I framlegget til ny organisasjonsmodell blir det lagt til grunn at personalressursane i den ytre fiskeriadministrasjonen blir førte vidare på om lag same nivå som i dag. Omorganiseringa vil gi grunnlag for auka effektivitet og reduserte kostnader i den ytre fiskeriforvaltninga over tid. Eventuelle endringar av stillingar og nye stillingskategoriar kan takast frå ledige heimlar innafor budsjettet til departementet. Lokalt vil det vere aktuelt med ei viss samordning av kontora, men utan at dette skal gå ut over kontakt- og servicefunksjonane for næringsutøverane i særleg grad.