Ot.prp. nr. 33 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm

Til innholdsfortegnelse

8 Organisatoriske retningsliner for eit ytre apparat

Som ledd i å utvikle det administrative apparatet blir det viktig å finne fram til ei optimal arbeidsdeling mellom nivåa i den samla fiskeriadministrasjonen. Det vil bli lagt vekt på auka delegasjon, og på at saker ikkje blir handsama i fleire ledd enn nødvendig.

I samband med omorganiseringa vil som nemnt også måten ytre etat er organisert inn i Fiskeridirektoratet på, bli tatt opp til vurdering. Målet er å kome fram til ein styringseining som skaper den nødvendige balanse i forhold til dei einskilde fagavdelingane, som fører til mest mogeleg samla styring av saksområde, som legg til rette for at den ytre forvaltninga blir ein aktiv medspelar i den samla utforminga av politikken, og som sikrar klare og enkle rutinar for kommunikasjon og rapportering.

Det er også aktuelt å vurdere justering av ressursane mellom regionane på grunnlag av ein del normtal; tal på fartøy og fiskarar, landa kvantum, tal på oppdrettsanlegg med vidare. Det må også takast omsyn til andre forhold, som til dømes geografiske avstandar innafor dei einskilde områda.

Sjølv om den geografiske inndelinga av regionkontora i hovudsak vil følgje fylkesgrensene, vil utvalde kontor kunne få tillagt oppgåver som det er naturleg å handsame innafor ei større geografisk ramme. Ei slik ordning har ein i dag for olje-/fisk-sakene, der tre av regionkontora i RIF har hovudansvaret for dette saksfeltet, samt Overvakingsprogrammet for Barentshavet.

Ut frå behovet for meir samla styring av organisasjonen, mellom anna på grunn av fleire kontrolloppgåver, blir det lagt til grunn at dei lokale kontora blir styrde frå regionkontora.