Ot.prp. nr. 33 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 nr. 42 om rettledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm

Til innholdsfortegnelse

7 Manntalet over fiskarar og fangstfolk

Ved ei oppheving av lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen gjer departementet framlegg om å overføre lovregelen for manntalet for fiskarar og fangstfolk til lov av 16. juni 1972 nr. 57 om regulering av deltagelsen i fisket. Ansvaret for føringa av manntalet vil samstundes bli overført frå fiskerinemnda til Fiskeridirektoratet.

Oppheving av lov om rettledningstjenesten krev lovtekniske endringar i enkelte andre lover. Dette gjeld referanse til fiskarmanntalet i andre lover; lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) og lov av 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere.

Fiskeridepartementet gjer spesielt merksam på at endringer som er foreslått i folketrygdlova, er knytt til den nye folketrygdlova som trer i kraft frå 1. mai 1997. Departementet legg elles til grunn at lov om oppheving av lov om rettledningstjenesten i fiskerinæringen ikkje trer i kraft før 1. mai 1997, sjølv om lovsaka skulle vere handsama og sanksjonert tidlegare enn 1. mai 1997.