Ot.prp. nr. 7 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 16. juli 1999 nr. 69 om ­offentlige anskaffelser

Til innhaldsliste

3 Om ILO-konvensjon nr. 94, gjeldande rett og forholdet til allmenngjering

3.1 Om ILO-konvensjon nr. 94

ILO-konvensjon nr. 94 om arbeidarklausular i offentlege arbeidskontraktar blei vedteken på Arbeidskonferansen i Genève i 1949. Noreg ratifiserte konvensjonen i 1996.

Konvensjonen gjeld innhaldet i arbeidskontraktar når det offentlege set bort arbeid. Formålet med konvensjonen er å sikre at lønns- og arbeidsvilkår blir haldne på eit normalt nivå for samanliknbart arbeid. Når ein inngår teneste- og byggje- og anleggskontraktar, skal ein derfor kreve at kontraktane inneheld klausular som sikrar arbeidstakarane lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er mindre fordelaktige enn dei som gjeld for same type arbeid, i det same geografiske området. I praksis inneber dette at lønns- og arbeidsvilkåra ikkje skal vere dårlegare enn det som følgjer av gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som er normalt for vedkommande stad og yrke. Konvensjonen gjeld òg for arbeid som blir utført av underentreprenørar.

Konvensjonen slår fast at verksemder som leverer tilbod på entreprisar og tenester, må gjerast merksame på innhaldet i klausulane. Vidare krev konvensjonen at det må vere ordningar som sikrar ei effektiv oppfølging av klausulane, og at staten gjennomfører tilstrekkelege sanksjonstiltak dersom klausulane ikkje blir etterlevde.

Konvensjonen omfattar òg kjøp av tenester der utanlandske verksemder skal utføre arbeidet. Dersom arbeidet skal gjerast i eit anna land, er det lønns- og arbeidsvilkåra som er normale i det distriktet i det landet der arbeidet blir utført, som gjeld.

Konvensjonen er berre forpliktande for sentrale statlege styresmakter, men i følgje konvensjonen kan det bestemmast at den òg skal gjelde for andre delar av offentleg sektor.

3.2 Gjeldande rett – gjennomføringa for statlege styresmakter

I tråd med forpliktingane i ILO-konvensjon nr. 94, er krav om klausular om lønns- og arbeidsvilkår gjort gjeldande for kontraktar som sentrale statlege styresmakter inngår, jf. Moderniseringsdepartementet sitt rundskriv nr. 2/2005 av 16. juni 2005. Med sentrale statlege styresmakter meiner ein i denne samanheng dei statlege styresmaktene som regjeringa har direkte instruksjonsmyndigheit over. Dette omfattar departementa og underliggjande forvaltningsorgan, men ikkje statsføretak, selskap i statleg eige eller statlege stiftingar.

Rundskrivet gjeld når sentrale statlege styresmakter inngår kontraktar om tenester og byggje- og anleggsarbeid som nemnt i lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser og forskrift 7. april 2006 nr. 402 om offentlige anskaffelser.

Rundskrivet gjeld for kontraktar om alle tenester og byggje- og anleggsarbeid som overstig EØS-terskelverdiane, som frå januar 2007 er på 1 100 000 kroner for tenester og 43 500 000 kroner for byggje- og anleggskontraktar, jf. forskrift om offentlige anskaffelser § 2-2.

Det følgjer av rundskrivet at oppdragsgivarane skal stille krav i kontrakten om at leverandøren skal kunne dokumentere arbeidstid og lønnsutbetalingar til arbeidstakarane som utfører oppdraget.

Som nemnt under kapittel 3.1 krev konvensjonen at det skal førast tilsyn for å sikre at klausulen blir effektivt overhalden. I følgje rundskrivet er det tilfredsstillande at det blir lagt fram dokumentasjon på dei lønns- og arbeidsvilkåra som blir nytta hos leverandøren, for å få stadfest om klausulen er overhalden.

Dersom leverandøren ikkje betaler arbeidarane det dei har krav på, skal oppdragsgivaren kunne halde tilbake vederlaget, eller på annan måte sikre at arbeidstakarane får lønna si.

Rundskrivet krev òg at oppdragsgivarane skal ta inn informasjon om kontraktsklausulane i konkurransegrunnlaget, eventuelt òg i kunngjeringa.

Det er i dag ingen tilsvarande regulering for kommunar. Mange kommunar har likevel frivillig teke inn lønnsklausular i sine kontraktar.

3.3 Forholdet mellom ILO-konvensjon nr. 94 og allmenngjeringsloven

Lov 4. juni 1993 nr. 58 om allmenngjøring av tariffavtaler m.v. (allmenngjeringsloven) har som formål å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkår norske arbeidstakarar har. Dette er for å hindre at arbeidstakarar utfører arbeid på vilkår som samla sett er påviseleg dårlegare enn det som er fastsett i gjeldande landsomfattande tariffavtalar for vedkommande fag eller bransje, eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke.

Med heimel i § 3 i loven kan Tariffnemnda treffe vedtak om at ein landsomfattande tariffavtale heilt eller delvis skal gjelde for alle arbeidstakarar som utfører arbeid av den arten avtalen omfattar, i ein bransje eller ein del av ein bransje. Tariffnemnda sine vedtak vil i praksis vere forskrifter og gjelde som minstevilkår for alle som utfører arbeid innanfor vedtaket sitt verkeområde, både for norske og utanlandske arbeidstakarar.

Den 21. november 2006 fatta Tariffnemnda vedtak om allmenngjering av tariffavtale for byggjeplassar i Noreg. Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2007.

Allmenngjeringsloven har to sett av verkemiddel for å sikre etterleving av allmenngjeringsforskrifter. Partane i den allmenngjorde avtalen har etter loven eit særskilt høve til å setje i verk boikott dersom eit allmenngjeringsvedtak ikkje blir etterlevd. I tillegg er brot på loven straffesanksjonert. Eventuelle overtredingar kan meldast til politiet som kan gi bøter. Både forsettleg og aktlaus overtreding er omfatta, og den som leier verksemda i arbeidsgivar sin stad kan òg bli straffa etter føresegna. Som eit alternativ til offentleg påtale, kan arbeidstakarar som overtredinga får følgjer for, eller deira fagforeining, reise privat straffesak.

Etter lovendringar i 2004 og 2006 skal Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet føre tilsyn med at lønns- og arbeidsvilkår i allmenngjorde tariffavtalar blir etterlevde, jf. allmenngjeringsloven § 8. Alle som er underlagde tilsyn etter føresegna har plikt til å leggje fram opplysningar som blir rekna som nødvendige for å utøve tilsynet. Tilsynsetatane kan gi pålegg til arbeidsgivar om at det skal leggjast fram dokumentasjon som viser at forpliktingane blir etterlevde. I tillegg kan dei bruke tvangsmulkt og stansing for å sikre at pålegget blir oppfylt. Brot på regelverket skal meldast til politiet.

På område der det er fastsett allmenngjeringsforskrifter, vil det i praksis vere det lønnsnivået som følgjer av desse forskriftene, som blir avgjerande òg i forhold til kva lønnsnivå som skal krevjast for tilsette hos leverandørar som inngår kontraktar med offentlege oppdragsgivarar. Det ligg då nær å stille spørsmål om kva betydning ei gjennomføring av ILO-konvensjon nr. 94 vil ha innanfor byggjesektoren.

Pliktsubjektet etter ILO-konvensjon nr. 94 er oppdragsgivarane. Etter konvensjonen skal oppdragsgivarar i kvart tilfelle gjere leverandørar merksam på innhaldet i kontraktsklausulane. Vidare er det krav om at det må vere ordningar som sikrar ei effektiv oppfølging av klausulane og at oppdragsgivar gjennomfører tilstrekkelege straffetiltak dersom klausulane ikkje blir etterlevde.

Pliktsubjektet etter allmenngjeringsloven er arbeidsgivaren. Det vil seie at det er arbeidsgivaren som har ansvar for at lønns- og arbeidsvilkår etter allmenngjeringsvedtak blir oppfylte i forhold til eigne arbeidstakarar. Allmenngjeringsloven § 9 gir likevel departementet heimel til ved forskrift å påleggje oppdragsgivaren å informere oppdragstakaren om plikter etter gjeldande forskrifter om allmenngjering av tariffavtalar. Med heimel i denne føresegna har Arbeids- og inkluderingsdepartementet, gjennom byggherreforskrifta § 10A, pålagt byggherrar å informere om at oppdragstakaranes arbeidstakarar minst skal ha dei lønns- og arbeidsvilkår som følgjer av allmenngjeringsforskrifta. Den same informasjonsplikta gjeld for oppdragstakaren når denne inngår avtalar med andre oppdragstakarar. Vidare har Stortinget vedteke å utvide forskriftsheimelen slik at departementet òg kan påleggje oppdragsgivarar å sjå til at oppdragstakaren etterlever sine plikter, jf. Ot.prp. nr. 56 (2006-2007) og Innst. O. nr. 92 (2006-2007). Det følgjer av forarbeida at sjå-til-ansvaret inneber at oppdragsgivarar pliktar å ta nødvendige skritt for å undersøkje og følgje opp at oppdragstakarar/underentreprenørar nedover i ei kontraktskjede lønner i samsvar med allmenngjeringsvedtak. Etter Stortingets vedtak om å utvide oppdragsgivaren sitt ansvar etter allmenngjeringsloven § 9, vil ei gjennomføring av ILO-konvensjon nr. 94 neppe få noka større sjølvstendig betydning for oppdragsgivaren sine plikter innanfor byggjesektoren. Gjennomføringa av konvensjonen vil heller ikkje få innverknad på lønnsnivået i denne sektoren, då dette allereie er etablert gjennom allmenngjeringa.

Ein forskjell mellom allmenngjeringsforskrifter og gjennomføringa av ILO-konvensjon nr. 94 er at forskriftene er tidsavgrensa. Allmenngjeringsforskrifter sluttar å gjelde saman med dei underliggjande tariffavtalane, dersom det ikkje blir fatta nytt vedtak om allmenngjering.

Ei gjennomføring av konvensjonen vil etter dette først og fremst få sjølvstendig betydning innanfor tenestesektoren, då tariffavtalar her ikkje er allmenngjorde. Både allmenngjeringsloven og ILO-konvensjon nr. 94 gjeld for tenestekontraktar generelt. Tariffnemnda har likevel per i dag berre allmenngjort tariffavtalar for byggjeplassar og for visse petroleumsanlegg på land. ILO-konvensjon nr. 94 dekkjer både teneste- og byggje- og anleggssektoren, og har derfor per i dag eit vidare verkeområde enn allmenngjeringa. Gjennomføringa inneber då at tilsette hos leverandørar og underleverandørar, ved kjøp av tenester òg utanfor verkeområdet til allmenngjeringsforskriftene, skal sikrast eit normalt lønnsnivå for det arbeidet som skal utførast etter ein kontrakt med ein offentleg oppdragsgivar.