Ot.prp. nr. 7 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 16. juli 1999 nr. 69 om ­offentlige anskaffelser

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Som nemnt i kapittel 2.2 er det vanskeleg å gi noko presist overslag over omfanget av problema med sosial dumping. Følgjeleg er det òg vanskeleg å berekne kva verknader forslaget om å gjennomføre ILO-konvensjon nr. 94 vil få.

Det kan likevel leggjast til grunn at forslaget vil ha avgrensa økonomiske konsekvensar når ein inngår kontraktar om utføring av byggje- og anleggsarbeid, fordi det her allereie er fastsett krav til lønns- og arbeidsvilkår gjennom Tariffnemndas vedtak om allmenngjering av tariffavtaler. På område der tariffavtalar ikkje er allmenngjorde, kan kravet til eit normalt lønnsnivå innebere ein kostnadsauke for utføringa av arbeidet, fordi lønnsnivået i enkelte prosjekt kan komme til å auke.

Det er elles vanskeleg å seie noko meir om omfanget av ressursbruken knytt til innføring av kontraktsklausular før forskrifta med dei detaljerte reglane er ferdig utforma. På bakgrunn av krava om tilsyn og sanksjon i ILO-konvensjon nr. 94, kan ein likevel rekne med noko ressursbruk knytt til administrativ oppfølging av klausulane. Omfanget av ressursbehovet vil avhengje av omfanget av pliktene til oppdragsgivaren.

For den enkelte leverandør kan forslaget innebere auka administrative kostnader, viss dei internt i bedrifta må ta omsyn til to lønnsregime, eitt for arbeid som blir utført i Noreg og eitt for arbeid som blir utført i opphavslandet.